Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Noregs hovudinnlegg i FNs 65. generalforsamling, New York, 29. september 2010

Tine Mørch Smith, ambassadør, Fungerande fast representant

President, eksellensar,

I førre veke stadfesta vi at vi framleis forpliktar oss til tusenårsmåla. Vi vart samde om å styrkje innsatsen. Utviklingslanda sjølve har hovudansvaret for å nå tusenårsmåla, og verdssamfunnet har eit ansvar for å hjelpe dei gjennom bistand og eventuelt gjeldslette. Noreg er og vil halde fram å vere ein solid og påliteleg samarbeidspartnar for utvikling. Vi skal halde bistanden vår på det høge nivået han er i dag, mellom anna med den omfattande støtta vi gjev gjennom FN-fonda og FN-programma.

I år er vi særleg glade for å sjå at det er sterk støtte for å forbetre mødrehelsa og redusere dødstala blant barn, måla der vi har att mest arbeid. Noreg vil samarbeide med generalsekretæren for å sikre at den globale strategien hans for kvinne- og barnehelse vert omsett i handling i felten.

Dei mange vellukka og inspirerande møta i førre veke syner òg at utfordringane verda står overfor, som er av ein stadig meir internasjonal karakter, må løysast i inkluderande globale fora. Det inneber at vi må gå i dialog med andre, ofte med dei som har andre synspunkt. FN er ikkje oppretta for å støtte ulike leiarar i meiningane deira – det er ein stad der skilnader skal fram i lyset og overvinnast. Det er difor særs upassande når dette podiet vert misbrukt til å fremje ekstreme synspunkt eller ugrunna påstandar. Utfordringane som ligg framfor oss, er for store til at vi kan tillate at vi vert avspora av forsøk på å skape konflikt. Vi må aldri gløyme at vi er eit verdssamfunn i kraft av dei felles farane som står framfor oss, dei felles truslane som utfordrar oss, og dei felles verdiane som knyter oss saman.

President,

Klimaendringane truar alt vi ønskjer oss, både sosialt og økonomisk. La meg få peike på to viktige og dynamiske prosessar som er blant dei mest lovande i arbeidet for å kome fram til resultat i Cancun: reduserte utslepp frå avskoging og finansiering.

Den rådgjevande gruppa til generalsekretæren om finansiering av klimatiltak, som den norske statsministeren leier saman med den etiopiske statsministeren, arbeider intenst for å kartleggje finansieringskjelder slik at vi kan skaffe midlane vi forplikta oss til i København. Vi må definere tenlege og akseptable kjelder, både private og offentlege, og medverke til å bane veg for ein ny internasjonal klimaavtale. Vi oppmodar dykk alle om å lese rapporten som kjem i haust, med eit ope sinn og byggje på det viktige arbeidet som vert gjort på initiativ frå generalsekretæren, når vi førebur oss på Cancun og tida etter.

Noreg leier støtteordningar for å redusere utslepp frå avskoging. På Bali i 2007 lovde Noreg å gje opptil USD 500 millionar kvart år for å stanse avskoginga. Vi samarbeider med sentrale partnarar som Brasil, Indonesia og Guyana for å utvikle konkrete måtar å gjennomføre dette på i praksis. Slike tiltak er effektive for å avgrense skaden og gjev sterke insentiv for ny og ytterlegare finansiering for utviklingsland. Dei trer i kraft med det same. Eg oppmodar andre land om å verte med på denne store innsatsen.

President,

For ti år sidan stadfesta vi koplinga mellom dei tre søylene i FN: utvikling, tryggleik og menneskerettar. Menneskerettar er ein integrert del av FNs visjon og FN-pakta, og dette perspektivet bør takast med i arbeidet FN gjer på alle område, slik denne forsamlinga tidlegare har oppmoda om. Noreg vil halde fram med å vere aktiv i Menneskerettsrådet, og vi vil fremje ei menneskerettsbasert tilnærming i utviklingsarbeidet FN gjer. Vi vil halde fram å samarbeide med partnarland frå nord og sør for å nå dette målet, slik vi gjorde det i førre veke med Trygve Lie-symposiet om grunnleggjande rettar og fridomar, som fokuserte på næringsliv og menneskerettar.

I år feirar vi òg tiårsjubileet for ein annan viktig byggjestein i FN: tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Når vi styrkjer stillinga til kvinner, er det ikkje berre ein sentral faktor i berekraftig utvikling, men òg i berekraftig fred. Det er på tide å innfri forpliktingane vi har påteke oss, og følgje opp lovnader som vil gjere det mogeleg for kvinner å spele ei aktiv rolle i situasjonar som gjeld liv og død, ikkje berre for dei sjølve, men for familiane, lokalsamfunna og til og med nasjonane deira. Når vi gjer opp status i oktober, må vi fokusere på tiltaka som er sette i verk, og framfor alt på tiltaka som må setjast i verk.

President,

Noreg vil få gjenta visjonen som president Obama uttrykte her i denne forsamlinga – håpet om at vi i nær framtid vil få ein avtale som vil føre til at FN får ein ny medlem: ein uavhengig, sjølvstendig palestinsk stat.

Gjevarlandsgruppa AHLC, som vert leidd av Noreg, har bedt om hjelp til dei palestinske styresmaktene med å gjennomføre programmet til den trettande regjeringa for å få fullført oppbygginga av ein palestinsk stat, med omsyn til både institusjonsbygging og utvikling av ein berekraftig palestinsk økonomi. Gjevarlanda ser positivt på rapportane den siste tida om at gjennomføringa av reformene auka farten i det første halvåret av 2010. Verdsbanken har fastslått at viss dei palestinske styresmaktene held tempoet oppe, ligg dei godt an til å få oppretta ein stat i nær framtid.

Det er avgjerande at denne framgangen vert spegla av framgang i fredsforhandlingane. Noreg ser positivt på at det tidlegare denne månaden vart sett i gang nye direkte bilaterale forhandlingar for å få slutt på konflikten mellom Israel og Palestina. Vi seier oss leie for at Israel ikkje har forlenga stansen i bygging av busetjingar. Noreg stadfestar det sterke engasjementet sitt for tostatsløysinga, og vi vil halde fram å støtte forhandlingane ved å sikre fullt samsvar med pliktene i vegkartet og gje hjelp til den palestinske statsbyggingsprosessen.

La meg få framheve ein annan prosess som er svært viktig for regional fred, tryggleik og utvikling. Vi må prioritere å støtte partane slik at fredsavtalen for Sudan vert gjennomført fullt ut og til rett tid. Vi har ikkje råd til å ende opp i ein situasjon der vi alle angrar på at vi lét freden gleppe i Sudan.

President,

I over 60 år har FN-systemet, inkludert Bretton Woods-institusjonane, vore den globale mellomstatlege ramma for samarbeid om felles utfordringar. Det kan sjå ut som om dei noverande trendane i globalt samarbeid peiker mot ein lausare, meir fragmentert struktur for global styring. Det er ein hårfin skilnad mellom slike strategiske alliansar som vert brukte til å utfylle den tradisjonelle multilateralismen, og alliansar som vert brukte som alternativ til global multilateralisme der alle statar er direkte eller indirekte representerte. Dette er årsaka til at Noreg legg stor vekt på debatten som no finn stad om korleis ein best kan leggje til rette for konstruktivt samarbeid mellom G20 og FN.

President,

Mange har teke opp FN-reform i innlegga sine i denne debatten. Dersom FN framleis skal vere relevant, må organisasjonen heile tida endre seg og tilpasse seg til ei omverd i endring og nye utfordringar. Som medlemsstatar har vi ansvar for å sikre at organisasjonen har dei verktøya han treng for å gjere oppgåvene han får. Difor må vi halde fram med å arbeide for FN-reform, men med sikte på å forbetre og styrkje FN. Vi må byggje på prosessane som allereie er i gang, og som ser ut til å gje resultat. I samband med Delivering as One-reforma vert det gjort framsteg i dei enkelte landa, men dette må no følgjast opp i hovudkvartera. Opprettinga av den nye FN-organisasjonen for kvinner og likestilling, UN Women, har vore svært vellykka med omsyn til samordninga i systemet. Vi gratulerer Michelle Bachelet og lovar å støtte henne vidare i arbeidet med å oppfylle løfta ho har gjeve til UN Women. I staden for nye panel og prosessar treng vi no å fullføre arbeidet med framlegga som allereie ligg på bordet.

Når Noreg forpliktar seg overfor FN, forpliktar vi oss òg til reformarbeidet – til å arbeide for eit FN som er effektivt og i stand til å leve opp til forventningane som medlemsstatane har til organisasjonen. Vi skuldar kvarandre og framtidige generasjonar å oppretthalde og styrkje FN som ein unik, inkluderande, global møtestad der vi, verdas folk, kjem saman for å løyse dei globale utfordringane i vår tid.

Dette er vårt felles ansvar.

Takk.

Til forsida