Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Generelt

Noreg heldt eigne innlegg under opninga av 2. komité, under dagsordenspunktet finansiering for utvikling og på miljøfeltet, der m.a. kampen mot ulovleg kapitalflyt og ei finanstransaksjonsavgift til inntekt for utvikling vart framheva. Noreg var tilslutta eit felles innlegg frå G7-gruppa om operasjonelle aktivitetar og FN-reform. G7 er ei uformell gruppe som er sett saman av Tanzania, Rwanda, Mosambik, Malawi, Noreg, Nederland og Storbritannia. Gruppa arbeider for FN-reform. Noreg leidde forhandlingane om ein resolusjon om innovativ finansiering. Det var heile 40 resolusjonar som vart behandla i 2. komité i år.

Det var avstemming over fire av resolusjonane. Noreg stemde for dei to resolusjonane om Midtausten, vi stemde mot resolusjonen om handel og utvikling fordi teksten var ubalansert, og delegasjonen avstod frå å stemme om resolusjonen om ny økonomisk verdsorden fordi han ikkje reflekterte den faktiske økonomiske situasjonen i dag. Vi følgde dermed stemmemønstret til EU og andre vestlege land, på linje med tidlegare år.

Det har vore ein prosess for å gjere komiteen meir effektiv, men utan dei heilt store gjennombrota. Det er ein tendens til at nokre land fremjar resolusjonar som nasjonale merkesaker, noko som aukar arbeidsbyrda. Blant dei vestlege landa er det først og fremst EU og USA som har oversikta over alle resolusjonar og potensielle problemområde. I mange saker vil delegasjonen liggje svært nær EU, ikkje minst på miljøområdet. JUSCANZ (Japan, USA, Canada, Australia og New Zealand) er ikkje alltid ein naturleg partnar i 2. komité, ettersom gruppa er oppteken av nullvekst og har ein del haldningar som Noreg ikkje deler.

5.2 Makroøkonomiske spørsmål

Arbeidet i 2. komité har i år, som i fjor, vore prega av ei aukande motsetning mellom G77 og vestlege land. Dette kjem til uttrykk m.a. ved at vestlege land – mellom dei Noreg – stemmer mot resolusjonen om handel og utvikling, og at vi avstår under avstemminga om ny økonomisk verdsorden. Dette skal likevel ikkje tolkast som at nokre land i sør i aukande grad er på kollisjonskurs med vestlege land. Situasjonen er heller slik at enkelte land har stor innverknad på G77. G20-medlemer blant G77-landa ser seg ikkje tente med å fronte motstand mot ein del haldningar som desse landa målber med styrke. Problemet med ein del tradisjonelle resolusjonar på det økonomiske området er at kartet G77 bruker, stemmer mindre og mindre med terrenget. Ein del G77-land har no avgjerande innverknad på verdsøkonomien. Gjeldsproblemet er som følgje av betre økonomisk styring og gjeldsslette i dei fleste fattige land under kontroll, mens det i aukande grad er vestlege land som treng bistand frå IMF. Likevel er resolusjonstekstar utforma i 80-talets ånd, m.a. teksten om ny økonomisk verdsorden.

Delegasjonen sette seg og nådde to mål for behandlinga i 2. komité av makroøkonomiske spørsmål. Det første innfridde målet var eit avsnitt om ulovleg kapitalflukt i resolusjonen om finansiering for utvikling. Dette avsnittet gjer det mogeleg for Noreg å innleie eit samarbeid med FN-sekretariatet om å kjempe mot ulovleg kapitalflukt. Det andre innfridde målet var å bidra til sterkare legitimitet for innovative mekanismar for finansiering av utvikling. Delegasjonen bidrog til å sikre semje om den første resolusjonen om innovative finansieringsmekanismar i Generalforsamlinga som tilretteleggjar for forhandlingane, trass i motstand frå mellom andre USA. USA ønskjer ikkje å gje legitimitet til mekanismen som opnar for å leggje på nokre euro på ein flybillett til eit utviklingsfond, då tiltaket etter amerikansk oppfatning kan sjåast på som internasjonal skattlegging.

Noreg var medforslagsstillar for to nye makroøkonomiske resolusjonar. Den eine resolusjonen følgde opp ein av hovudbodskapane frå toppmøtet om tusenårsmåla i september, nemleg at godane må delast for at økonomisk vekst skal monne i kampen mot fattigdom. Den andre resolusjonen tok til orde for å drøfte FNs rolle i globalt styresett under neste generalforsamling. Føremålet frå initiativtakarane er å vurdere forholdet mellom FN og G20. Som grunnlag for diskusjonen vil generalsekretæren leggje fram ein rapport om globalt økonomisk styresett og utvikling.

5.3 Miljøspørsmål

Komiteen behandla fleire resolusjonar på miljøområdet. Den viktigaste saka var etableringa av naturmangfaldspanelet (IPBES). Det var skuffande at dette ikkje vart omhandla i ein eigen resolusjon, særleg sett i lys av at dette panelet forhåpentlegvis skal verte like viktig som klimapanelet. Det var òg skuffande å sjå kor stor innverknad enkelte G77-land hadde i arbeidet med å svekkje teksten. Sluttresultatet, som er akseptabelt, vart ein indirekte referanse til etableringa i UNEP-resolusjonen. Ein ny resolusjon på miljøområdet, der Noreg var medforslagsstillar, bygde på ønsket frå Litauen om å rette søkjelyset mot tidlegare dumping av kjemiske våpen / ammunisjon.

Resolusjonen om kriseførebygging (m.a. finansiering av ISDR FNs paraplyenhet for katastrofeforebygging) vart i år prioritert i tråd med stortingsmeldinga om same temaet. Noreg var blant dei landa som bidrog til at generalsekretæren no har fleire vegar å gå for å finne midlar til ISDR.

5.4 Andre spørsmål

Resolusjonen om operasjonelle aktivitetar var i år på «kvileskjer» og gjekk smertefritt, òg fordi vestlege land ikkje ville presse for reformagendaen under Generalforsamlinga i år.

Til forsida