Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Generelt

Djup usemje om vern av religionar og godkjenning av seksuell orientering som diskrimineringsgrunnlag kjenneteikna haustens 3. komité. På nytt stadfesta skiljet mellom vestlege og i aukande grad latinamerikanske land på den eine sida og muslimske og afrikanske land på den andre sida trendar frå tidlegare sesjonar i Generalforsamlinga og Menneskerettsrådet.

Resolusjonane om krenkjande omtale av religionar som vart fremja av Organisasjonen av islamske statar (OIC), og om utanomrettslege avrettingar som vart fremja av Finland, som mellom anna omhandla seksuell orientering, illustrerer korleis Vesten og muslimske land kvar for seg fremjar problemstillingar som den andre gruppa har grunnleggjande problem med å diskutere som menneskerettsspørsmål.

Dei same skiljelinjene var tydelege i EU-resolusjonen om diskriminering på bakgrunn av religion eller tru, der hovudforslagsstillarane ønskte sterkare referansar til retten den enkelte har til å skifte eller forlate religionar eller trusretningar, men måtte gje opp dette i bytte mot konsensusvedtak.

Eit interessant utviklingstrekk er at det er EU – og ikkje USA – som i større grad tek kontroversielle resolusjonar til votering i komiteen. EU bad i år om votering på tre resolusjonar, medan USA vidareførte trenden under president Obama med å slutte seg til konsensus i fleire tilfelle enn før. USA braut òg ein ny barriere som medforslagsstillar til barneresolusjonen.

6.2 Rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT)

Sterkare koordinering mellom dei muslimske landa og konservative krefter i Afrika-gruppa har dei siste to åra ført til at debatt om og referansar til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar har vorte knebla eller fjerna. Denne trenden såg ut til å vedvare då referansen til seksuell orientering i den finske resolusjonen om utanomrettslege avrettingar vart votert ut då teksten vart behandla i 3. komité. Den amerikanske avgjerda om å opne resolusjonen på nytt i plenum syner forskjellen dei kan utgjere i enkeltsaker. Verken EU eller framtredande NGO-ar hadde før dette tru på at referansen til seksuell orientering kunne verte stemd inn att i plenum. Heile 47 land endra stemminga si i positiv retning. Det er særleg gledeleg å sjå at Sør-Afrika endra ståstad i spørsmålet.

I lys av dette var det særs positivt at Ban Ki-moon som første generalsekretær heldt eit innlegg mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og annonserte at FN ville styrkje innsatsen for avkriminalisering av homofili på verdsbasis. Noreg og dei andre medlemene av kjernegruppa for LHBT-rettar hadde invitert generalsekretæren til arrangementet i høve den internasjonale menneskerettsdagen. Det er gledeleg at generalsekretæren synleg støttar det som framleis er ein svært kontroversiell agenda i FN-samanheng.

6.3 Dødsstraff

Dødsstraffresolusjonen var hovudprioriteringa for Noreg under Generalforsamlinga i haust. Med styrkt oppslutning samanlikna med resolusjonen frå to år tilbake og heile ti færre land som stemde imot, stadfestar dette den globale trenden i retning av avskaffing (2010: 107 ja – 38 nei – 36 avståande mot 2008: 105 – 48 – 31). Dei toneangjevande landa i forhandlingane tok i år første steget i retning av ein mindre konfronterande prosess og har endra teksten på ein måte som ser ut til å vere heilt nødvendig for å kunne utvide talet på ja-stemmer i åra som kjem. Singapore og Malaysia – to land som har vore særleg krasse i kritikken av resolusjonen – hadde i haust ei meir forsonleg holdning. Når det gjeld Malaysia, speglar dette endringar i innanrikspolitiske posisjonar og auka debatt heime.

6.4 Menneskerettssituasjonen i enkeltland

Generalforsamlinga vedtok resolusjonar om menneskerettssituasjonen i Burma, Iran og Nord-Korea – alle ved votering og med større stemmefleirtal enn på mange år. Utviklinga i stemmetalet har vore særleg positiv for Iran-resolusjonen (2010: 80 ja – 44 nei – 57 avståande mot 2009: 74 – 48 – 59). Forsøket frå den iranske delegasjonen på å få fleirtal for ikkje å realitetsbehandle resolusjonen – eit såkalla ikkje-behandlingsforslag – vart nedstemt med 40 stemmers overvekt. Eit liknande forslag for to år sidan vart nedkjempa med ein margin på berre éi stemme. Evna Iran har til å mobilisere støtte blant medlemslanda, er tydeleg svekt. Resolusjonen bidreg til å oppretthalde fokuset på dei omfattande og alvorlege menneskerettsbrota i Iran.

Valet i Burma og den påfølgjande lauslatinga av Aung San Suu Kyi fann stad undervegs i forhandlingane om landresolusjonen. Teksten vart difor i stor grad endra, men med stort sett positivt resultat. Stemmetalet var særleg positivt i lys av dei klare formuleringane om at valet verken var fritt, rettferdig, ope eller inkluderande (2010: 96 ja – 28 nei – 60 avståande mot 2009: 92 – 26 – 65). Resolusjonen understreka at styresmaktene har ansvar for å etterforske og straffeforfølgje alvorlege overgrep.

Resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Nord-Korea vart òg vedteken med høgare stemmetal (2010: 100 ja – 18 nei – 60 avståande mot 2009: 97 – 19 – 65), noko som styrkjer praksisen i Generalforsamlinga med å behandle landspesifikke resolusjonar.

6.5 Rasisme

I den afrikanske resolusjonen om kamp mot rasisme var særleg spørsmålet om markering av tiårsjubileum for Durban-konferansen i 2001 kontroversielt. Alle vestlege land valde anten å stemme mot eller å avstå då resolusjonen vart vedteken i komiteen, hovudsakleg på grunn av sørafrikansk uvilje mot å kome synspunkta til dei vestlege landa i møte. Frå vestleg side var særleg EU, Sveits og Noreg var aktive i forhandlingane. Noreg, Sveits og New Zealand var blant dei landa som avstod i voteringa. I ei felles stemmeforklaring vart det vist til at delar av teksten ikkje var i samsvar med menneskerettane, og at vi ikkje såg nokon meirverdi i å utarbeide ei ny politisk erklæring i samband med tiårsjubileet berre to år etter slutterklæringa frå tilsynskonferansen i Genève.

6.6 Urfolk

Den bolivianske resolusjonen om rettane til urfolk vart til slutt vedteken ved konsensus. Sentralt i resolusjonen er vedtaket om å halde ein verdskonferanse om rettane til urfolk i 2014 som skal kaste lys over gjennomføringa av urfolkserklæringa frå 2007. Noreg stod sentralt i å sikre at representantar for urfolk vil verte involverte i førebuingane til konferansen.

6.7 Vern om menneskerettane i kampen mot terrorisme

I Mexicos resolusjon om vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme var òg sluttresultatet ein styrkt tekst, mellom anna når det gjeld å sikre privatlivets fred og at nødvendige innskrenkingar i denne retten skal vere underlagde effektiv kontroll. Resolusjonen oppfordrar òg FNs tryggingsråd til å leggje inn eit menneskerettsperspektiv i gjennomføringsmekanismane på antiterrortiltak.

6.8 Vald mot kvinner

Steile regionale frontar kjenneteikna forhandlingane om resolusjonen om vald mot kvinner. Sett med norske auge var sluttresultatet nedslåande, for eksempel ein svakare referanse til den internasjonale straffedomstolen.

6.9 Barns rettar

Barneresolusjonen fokuserte i år særleg på barns rettar i tidleg barndom, og diskusjonen dreidde seg i stor grad om å finne ein balanse mellom rettane og pliktene staten og familien har overfor dei yngste barna. Gruppa av latinamerikanske land og EU leidde resolusjonsforhandlingane på ein svært open og inkluderande måte. Resolusjonen vart vedteken ved konsensus og med fleire medforslagsstillarar, mellom dei USA, som for første gong gjekk med i denne gruppa.

6.10 Rettane til personar med funksjonsnedsettingar

Noreg var medforslagsstillar til resolusjonen om gjennomføring av tusenårsmåla for rettane til personar med funksjonsnedsettingar. Medlemslanda vert oppfordra til å inkludere personar med funksjonsnedsettingar i alle planar og verktøy som skal bidra til å oppnå tusenårsmåla. FN-systemet vert bedt om å gjere ein felles innsats for å sørgje for at all politikk, alle prosessar og mekanismar og alle utviklingsplanar inkluderer og er tilgjengelege for personar med funksjonsnedsettingar. Statane vert oppfordra til å sikre inkludering av personar med funksjonsnedsettingar i alle internasjonale utviklingsprogram og utvikling av statistikk som vert vidareformidla til FN. FN vert bedt om å gje teknisk assistanse til dette arbeidet. Statistikken skal brukast til å analysere og publisere kor langt ein er komen til å oppfylle tusenårsmåla for personar med funksjonsnedsettingar. Status for gjennomføring av resolusjonen skal leggjast frem for FNs 66. sesjon med sikte på å innkalle til eit toppmøte i samband med FNs 67. sesjon.

Til forsida