Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 Generelt

Dette var eit «mellomår» for FN budsjettmessig, med berre justeringar i FNs toårige programbudsjett. Det var difor andre administrative spørsmål, og særleg personalforvaltingsreforma, som prega debatten. Trass i finanskrisetider og tilhøyrande motstand mot budsjettvekst blant fleire land vart det gjort framgang og gjennomført omfattande reformgrep under haustsesjonen (5. komité møter på nytt til sesjon i mars og mai for å behandle uteståande saker). Komiteen vedtok særleg to viktige resolusjonar – om høvesvis personalforvaltingsreform og harmonisering av feltvilkår.

8.2 Personalforvaltingsreform

For tre år sidan vedtok Generalforsamlinga ei omfattande harmonisering av kontrakttypar innanfor FN som omfatta sekretariatet, fonda, programma og særorganisasjonane(den såkalla «FN-familien»). Oppfølging og vidareføring av vedtaket frå 2008 var på agendaen i haust og vert sett på som ein viktig del av moderniseringa og effektiviseringa av personalforvaltinga i FN. I vedtaket fekk ein m.a. gjennomslag for ein ny kontraktmodell med meir opne og føreseielege retningslinjer for utferding av langsiktige kontraktar (såkalla «continuing contracts»). Her var det viktig å finne det rette skjeringspunktet mellom å vareta interessene til dei tilsette og behovet for ein føreseieleg tilsetjingssituasjon, samtidig som organisasjonen fekk nok fleksibilitet. Andre viktige element som vart vedtekne, inkluderer nytt rekrutteringsprogram (Young Professionals Programme erstattar noverande National Competitive Recruitment Exams) og støtte til den pågåande utrullinga av rekrutteringsverktøyet Inspira, som er venta å gjere rekrutteringsprosessane i FN langt meir effektive. Etterslep i rekrutteringa og mange ledige stillingar i feltoperasjonar er ei stor utfordring for FN sin effektivitet på landnivå.

8.3 Harmoniserte feltvilkår for FN-tilsette

Tilsette i ulike FN-organisasjonar i dei enkelte landa har lenge hatt ulike vilkår og godtgjersler. Det har lenge vore ønskeleg å få på plass ei harmonisert tilnærming, mellom anna med tanke på å betre rekrutteringa og mobiliteten mellom FN-organisasjonane. Men det har vært vanskeleg å finne ei løysing, sidan ein ikkje har ønskt for store kutt i ordningane til fond og program, som fram til no har hatt langt betre kompensasjonsordningar enn tilsette i FN-sekretariatet. Samtidig var det budsjettmessig urealistisk å få til ei løysing som heva alle tilsette til «øvste» nivå. Resolusjonen om FN-familien har i hovudsak handla om korleis ein skulle få til eit felles system for feltgodtgjersler og ordningar for tilsette i heile FN, inkludert fond og program.

Løysinga ein no har fått, er eit kompromiss. Tilsette i FN-fond og -program vil miste nokre av godane dei no har, under det nye systemet, samtidig som tilsette i sekretariatet vil få betre vilkår. Endringane skal tre i kraft over ein femårsperiode. Hovudelementa i den nye, harmoniserte tilnærminga er felles retningslinjer for 1) felles klassifisering av utestasjonar som høvesvis familie- og ikkje-familieutestasjon, 2) godtgjersler for å oppretthalde bustad/hushald i eit anna land ved utestasjonering på ikkje-familiestasjonar, 3) felles kompensasjonsordningar for velferdsreiser frå hardshipstasjonar («rest and recuperation»). For sistnemnde er det framleis nokre uteståande spørsmål som ikkje vert avklarte før den 67. generalforsamlinga, men det var semje om å få på plass harmoniserte retningslinjer.

Frå norsk side deltok vi aktivt i forhandlingsprosessen. For oss var det viktig å sikre at den operative evna til organisasjonen vert styrkt – og ikkje svekt – når det vert gjennomført tunge, nødvendige reformgrep. FNs fond og program har uttrykt uro over at kutt i feltvilkåra for deira tilsette til sjuande og sist vil gå ut over evna til å levere resultat, sidan dei fryktar at det vil verte vanskelegare å rekruttere og behalde personell. Frå norsk side har vi synleggjort denne uroa og bidrege til at det vart opna for justeringar undervegs i gjennomføringa, i tillegg til at vi har sikra overvaking av gjennomføringa. Debatten i komiteen synte at det var lite handlingsrom for omfattande justeringar av forslaget som låg på bordet, og fleire land ønskte av omsyn til budsjettet å utsetje behandlinga med to år. Dette handterte FN-sekretariatet ved å kome fram til ei kostnadsnøytral løysing.

Begge desse vedtaka skal no forankrast i den internasjonale tenestemannskommisjonen (ICSC), ein uavhengig ekspertkommisjon som er oppretta av Generalforsamlinga, og som m.a. regulerer og sikrar at det er samsvar i vilkår for tilsette i FN og tilhøyrande organisasjonar (FN-familien).

8.4 Ettersyn og internkontroll

I spørsmålet om ettersyn vart det frå norsk side lagt vekt på å sikre at FNs avdeling for internt tilsyn (OIOS) og den uavhengige revisjonskomiteen (IAAC) får best mogeleg handlingsrom. OIOS er det interne ettersynsorganet i FN, medan IAAC er ein uavhengig ekspertkomité med rådgjevande funksjonar.

Sett med norske auge hadde det ideelt sett vore ønskeleg at resolusjonen gjekk lenger i tilrådingane sine, med tanke på å styrkje OIOS og IAAC. Noreg arbeidde òg aktivt for dette, i samarbeid med likesinna land. Det lukkast likevel ikkje i det rådande forhandlingsklimaet, der G77 var svært tilbakehaldne og trekte debatten ut ved å problematisere spørsmålet om geografisk representasjon sidan etterfølgjaren til Ahlenius som leiar av OIOS er ein canadiar – altså ikkje frå sør slik det var venta.

8.5 FNs programbudsjett

I tillegg til harmoniseringsspørsmålet var det òg stor avstand mellom partane i viktige spørsmål som kva føringar FNs generalsekretær skal få i utarbeidinga av utkast til programbudsjett for 2012–2013, og finansiering av FNs politiske operasjonar. Desse to spørsmåla grip inn i kvarandre, sidan iveren frå EU si side etter å gjennomføre innsparingar på det regulære FN-budsjettet gjer at utviklingslanda (G77) vert meir tilbakehaldne med å løyve nødvendige midlar til politiske operasjonar. G77 fryktar at det er nettopp FNs utviklingsarbeid som vil verte skadelidande.

Den nyoppretta kvinneeininga UN Women skal i hovudsak finansierast gjennom frivillige bidrag, men òg i nokon grad over FNs kjernebudsjett (under 5 %). Komiteen vart samd i diskusjonane om kjernebudsjettet. Ei sentral problemstilling som vart drøfta, var kva stillingar i eininga som skal finansierast over høvesvis kjernebudsjett og frivillig budsjett. G77-landa tok aktivt til orde for at fleire leiarstillingar / «strategiske» stillingar enn det så langt er lagt opp til, bør finansierast over kjernebudsjettet, noko som vil gje Generalforsamlinga større kontroll. Denne diskusjonen var prematur før eininga hadde utarbeidd det strategiske rammeverket sitt, og det vil venteleg kome fleire diskusjonar i tida som kjem. Det vert viktig å sikre samsvar mellom diskusjonane som finn stad i styret til UN Women, og dei som finn stad i komiteen.

Generalsekretærens spesialrepresentant for seksuell vald i konflikt, Margot Wallstrøm, fekk etter lange diskusjonar støtte frå komiteen til dei ni stillingane ho hadde bedt om til kontoret sitt. Noreg var blant dei aktive pådrivarane for å sikre dette, etter at fleire budsjettkonservative land ønskte å godkjenne berre sju stillingar.

Eit anna vanskeleg punkt var knytt til finansieringa av FNs spesielle politiske oppdrag (Special Political Missions / SPM), mellom anna operasjonane i Afghanistan og Somalia. Slike oppdrag får mandat frå Tryggingsrådet, men vert finansierte over FNs kjernebudsjett. Slik skil dei seg frå fredsbevarande operasjonar som vert finansierte separat. Dette inneber at finansiering til SPM konkurrerer med finansieringa av dei andre aktivitetane til FN, og det er fleire land som ønskjer kutt snarare enn vekst i budsjetta for desse oppdraga, sjølv om behova for dei politiske oppdraga aukar. Dette skuldast at slike oppdrag er av mindre militær karakter og rimelegare enn ordinære fredsoperasjonar. Det var viktig å slå ring om finansieringa av desse operasjonane, noko som i hovudsak lét seg gjere etter lange forhandlingar. På sikt må ein likevel spørje seg om det er føremålstenleg med eit så klart skilje mellom finansieringa av fredsoperasjonar og politiske oppdrag. UNMIN, FNs operasjon i Nepal, er eit eksempel på ein SPM der FN har spelt ei sentral fredsbyggjande rolle – utan at det er utplassert militært personell.

Inneverande sesjon vedtok òg ein resolusjon som ber FNs generalsekretær om å utarbeide utkast til skisse for neste toårige budsjett (perioden 2012–2013). Forhandlingane om denne resolusjonen viste i klartekst kva som er i vente til neste sesjon av Generalforsamlinga. Etter mykje dragkamp vart det til slutt semje om forholdsvis nøytrale formuleringar, men det er klart at mange tunge land vil motsetje seg budsjettauke.

Til forsida