Meld. St. 26 (2010–2011)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2011 og fisket etter avtalane i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2011, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2009 og 2010, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2011 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringa.no/fkd

1.2 Kvoteavtalane for 2011, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2011 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 703 000 tonn, som er ein auke frå 2010. Partane justerte i 2009 den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tek høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 97 494 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, og ein kysttorskkvote på 21 000 tonn, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62˚N på 312 253 tonn.

Hysebestanden er óg i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 243 000 tonn for 2010 til 303 000 tonn for 2011 Den norske kvoten er på 148 000 tonn etter overføring frå Russland, det vil seie 30 000 tonn meir enn i 2010. Loddekvoten vart sett til 380 000 tonn.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2010 har, som i 2009, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. Ein er i samarbeidet einige om at det ikkje er registrert overfiske eller ulovleg fiske av torsk i 2009 og 2010. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2011 vart partane einige om å halde fram arbeidet for å oppretthalde denne situasjonen, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. Partane vart også samde om harmoniserte tekniske reglar for fisket etter torsk og hyse i heile Barentshavet. I 2009 avtalte partane felles maskevidde, og i 2010 kom partane fram til felles minstemål og felles prosedyrar og kriterier for stenging og opning av fiskefelt. Torskebestanden i nord er i svært god forfatning.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2011 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 26 842 tonn. Det er ein nedgang frå 2010. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må også sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret for i praksis å redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse noko redusert til 34 057 tonn og seikvoten til 93 318 tonn. Kvitingkvoten på 14 832 tonn er ein auke frå 2010. Kvoten for raudspette er auka frå 2010 til 2011. Noreg har for 2011 også inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen.

Noreg har vidare inngått ein tosidig kvoteavtale for 2011 med Grønland. Det er for 2011 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan også trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Det vart ikkje inngått ein bilateral avtale med Færøyane for 2011 grunna usemje om makrellspørsmålet.

Det vart også i 2010 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og ein firepartsavtale for kolmule vart også underteikna for 2011.

Partane vart ikkje einige om ein makrellavtale for 2011. Noreg og EU har ein bilateral avtale og har forhandla om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2011, og har forplikta seg til ikkje å fastsetje større kvotar enn tidlegare år.

Noreg har også i 2010 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltnings- og verneorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraust atlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har også i 2010 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACOM, som gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar. Desse planane er av ICES bekrefta å vere i tråd med ei føre-var-basert forvaltning. ICES gjev råd i tråd med desse planane.

Noreg har i ei årrekkje hatt kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Frå 1. mai 2007 vart reglane om hamnestatskontroll i NEAFC sette i kraft. Desse reglane inneber at når fryst fisk skal landast i land som er omfatta av NEAFC, må det stadfestast at fartøyet har kvote for denne fangsten. I 2009 vart tilsvarande reglar innførte i NAFO.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk, hyse og lodde nord om 62ºN godt i 2009 og 2010. Kvoten på blåkveite vart også godt utnytta i 2010.

I Nordsjøen vart den norske kvoten av fellesbestanden sild hausta i 2009 og 2010, medan ubrukt norsk kvote av fellesbestanden makrell i 2009 vart overført til 2010. Seikvoten vart ikkje oppfiska i 2009, men vart betre utnytta i 2010.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten nytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2009 og 2010. I færøyske farvatn fiska norske fartøy 35 prosent av botnfiskkvoten i 2009, medan utnyttingsgraden var høgare i 2010 (40 prosent).

I 2010 vart loddefisket igjen opna ved Island, og den norske kvoten vart utnytta godt i begge sesongane 2009/2010 og 2010/2011. I Barentshavet vart det i 2009 opna for loddefiske for første gongen på fem år, og kvotane vart godt nytta i både 2009 og 2010.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2009 og 2010.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet til 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 prosent av ubrukt kvote til neste år. Det vart også gitt tilgang til å forskottere inntil 10 prosent på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Alle landa, med unntak av Russland, fiska på forskot på 2010-kvoten. I følgje førebelse fangsttal for 2010 har Russland og Færøyene ikkje utnytta kvoten sin for 2010.

Russland utnytta 41 prosent av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2009, i 2010 utnytta dei 45 prosent. Russland fiska heile hysekvoten sin i NØS i 2009, medan dei utnytta 69 prosent av kvoten i 2010. Dei fiska om lag 112 900 tonn og 117 400 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2009 og 2010.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kviting, raudspette og tobis. Kvotar og fangst av augepål har lege lågt i 2009 og 2010. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I 2009 fiska færøyske fartøy 911 tonn sei i Nordsjøen, medan dei i 2010 fiska 140 tonn. Færøyane utnytta sildekvotane i NØS i Nordsjøen fullt ut i 2009 og 2010. Fangstane på makrell i Nordsjøen har gått ned frå 2009 til 2010. Dei fiska om lag 90 prosent og 99,6 prosent av sildekvoten nord om 62°N i 2009 og 2010.

Grønland har utnytta torskekvotane godt i 2009 og 2010. Grønlandske fartøy fiska 697 tonn sei i 2009, og 956 tonn sei i 2010.

Island utnytta torskekvoten i NØS nord for 62°N godt i 2009. Dei overfiska kvoten med 6 prosent i 2010. Fisket etter sild nord for 62°N har falle frå 87 prosent kvoteutnytting i 2009 til 65 prosent i 2010. Island har dei siste åra fiska ein større andel sild i si eiga sone.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida