Meld. St. 26 (2010–2011)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2011 og fisket etter avtalane i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

Del 1
Bakgrunn

2 Overordna hovudliner i fiskerisambarbeidet med omverda

2.1 Noreg som havnasjon

Som betydeleg havnasjon har Noreg eit stort ansvar for, og viktige interesser i, korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruk og vern av havet utviklar seg. Dei viktigaste utfordringane er å få gjennomslag for føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig bruk og økosystembasert forvaltning. Det er derfor eit hovudmål for Noreg å ha ei internasjonal rolle som ivaretek våre interesser og vårt ansvar som havnasjon og kyststat på ein heilskapleg måte. Noreg har store og produktive havområde og betydeleg kunnskap om forvaltning av havmiljø og fiskeressursar. Derfor er det viktig å ha ein heilskapleg norsk havpolitikk og å få gjennomslag for norsk politikk internasjonalt. I botn for dette ligg at Noreg må bidra til berekraftig forvaltning av fiskeressursane internasjonalt.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora.

  • Å fremme norske prinsipp for forvaltning av levande marine resursar, i første rekkje prinsippet om berekraftig forvaltning basert på best tilgjengeleg vitskapleg kunnskap og prinsippet om økosystembasert forvaltning.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar, i første rekkje basert på sonetilhøyrselprinsippet.

  • Å sikre ein tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregime som Noreg deltek i.

Det er særleg tre saksfelt som har fått mykje merksemd dei seinare åra. For det første vil vi i denne meldinga gjere greie for kampen mot ulovleg, urapportert og uregistrert fiske. Dette er ei sak regjeringa har arbeidd med i fleire år, og dette arbeidet vil halde fram. For det andre har Noreg dei seinare åra særleg sett utkast av fisk på dagsorden. Eit tredje område det er naturleg å omtale særskilt er internasjonale havmiljøprosessar der Noreg etter kvart har fått ei sentral rolle.

2.2 Det havrettslege rammeverket

Ei erklæring frå regjeringa, dagsett 26. september 1974, presenterte hovudlinene i fiskeripolitikken framover. Ved opprettinga av dei økonomiske sonene i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt med og ved forhandlingar med dei landa som vart påverka av dei norske utvidingstiltaka.

Regjeringa prøvde såleis å kome fram til ordningar med desse landa som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid og ordningar som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande del av norsk fiske skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at regjeringa forhandla fram rammeavtalar som gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til økonomiske soner på 200 nautiske mil fekk verknad for, frå 1. januar 1977. Rammeavtalane tok også vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av 1970-talet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC til forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland, som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken vert utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200 nautiske mil-sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde. Noreg har mellom anna inngått avtalar om forvaltning av felles fiskebestandar og kvotebyte på eksklusive bestandar med Russland og EU og avtalar om gjensidige fangstrettar med Færøyane, Grønland og Island (for meir informasjon om rammeavtalane, sjå St.meld. nr. 49 (1994-95)).

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FN sin havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad teke del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 vart Noreg si økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Vidare vart det ved kgl. res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl. res. av 23. mai 1980 vart ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda Smottholet i Barentshavet og Smotthavet i Norskehavet

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009, og Noreg skreiv under avtalen same dagen. Avtalen trer i kraft når 25 statar har slutta seg til. Forslag til vedtak om samtykke til ratifikasjon av avtalen vart fremma for Stortinget i Prop 54 S (2010–2011), og vedteke 26. april 2011.

2.3 Norsk arbeid for å redusere utkast av fisk

I mange år har den største utfordringa i forvaltningssamarbeidet mellom Noreg og EU vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Noreg har eit utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten allereie er oppfiska.

Undersøkingar viser at fisk som vert kasta ut berre unntaksvis overlever. Utkast av fisk er derfor å sjå på som ei sløsing med ressursar. I tillegg vil ikkje fisken som vert kasta ut verte registrert i fangststatistikken, noko som gjev havforskarane eit mangelfullt talgrunnlag å basere bestandsestimata sine på.

Noreg innførte eit utkastforbod allereie i 1987. I starten omfatta forbodet torsk, men det har sidan blitt utvida til å gjelde alle kommersielt viktige bestandar. Årsaka til utkastforbodet var bestandssituasjonen for torsk i Barentshavet. Etter fleire svake årsklassar fekk ein i 1983 ei sterk årsklasse. Erfaring frå tidlegare viste at sterke årsklassar vart kraftig reduserte på grunn av utkast, noko ein ville unngå ein gong til. Første steg var etablering av eit program for midlertidig stenging av felt. Dermed lukkast det i åra 1984-1986 å få den sterke 1983-årsklassa gjennom den sårbare yngel- og ungfiskperioden. Då fisken nådde minstemålet oppstod eit anna problem, nemleg utsortering (high-grading). Ved store fangstratar vart fiskarane freista til å behalde berre den største fisken medan dei kasta småfisken på havet. Dette var tillete under dåverande lovgjeving. Alle, inkludert fiskarane, såg på dette både som ressurssløsing og som moralsk gale. Forbodet verka med ein gong inn på fiskarane si åtferd. Styresmaktene innsåg likevel at utkast av fisk ikkje opphøyrer på grunn av eit forbod. Det har difor i åra etter vorte utvikla ei rekkje tiltak for å unngå utkast.

Utkastforbodet vart vidareført i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), som gjev heimel for eit pålegg om at all fangst av fisk skal førast i land. Ilandføringsplikta går fram av forskrift om utøving av fiske i sjøen av 22. desember 2004.

Dette inneber at all fangst av fisk skal førast i land, med unntak av levedyktig fisk som er fanga i strid med føresegner gitt i eller med heimel i havressurslova. Slik fangst skal straks sleppast på sjøen.

I dag omfattar forbodet mot utkast ei lang rekkje artar. Lista vart seinast utvida i samband med at havressurslova tok til å gjelde. Forbodet har dei siste 20 åra medverka til å sikre eit berekraftig fiske, og har påverka fiskarane sine haldningar til utkast og skadeverknader.

Det er utfordrande å handheve utkastforbodet. Fiskeriforvaltninga arbeider difor ut i frå ei heilskapleg tilnærming om å regulere fiskeria, slik at potensiell utkastfisk ikkje kjem med i fangstane. Dette kan vere fisk under minstemål, bifangst som overstig tilleten innblanding, eller fisk som fiskarane ikkje har kvote på, eller som det er forbode å fiske. Reguleringane som medverkar til å redusere risikoen for utkast, kan klassifiserast i fire kategoriar:

  • Kvotegrunnlag

    Forvaltninga må vurdere dei enkelte fiskeria etter det kvotegrunnlaget som er nødvendig og etter venta fangstsamansetning. Dette inneber at dei ulike fartøygruppene må tildelast kvotar på artar som ein ventar vil inngå i fangsten.

  • Bifangst

    • bifangstkvotar

    • bifangstprosent

    • selektive reiskapar

  • Skifte av fiskefelt

    Om fangstsamansetninga ikkje er i samsvar med det kvotegrunnlaget eller det høvet til bifangst som er fastsett, pliktar fartøyet å skifte fiskefelt.

  • Stengde område

    Hovudårsaka til stengde område er vern av yngel og småfisk. Norsk fiskeriforvaltning opererer med ulike former for stenging.

Det er eit viktig element i det norske utkastregimet at det ikkje er ulovleg å lande ulovleg fanga fisk, men forvaltninga reagerer mot ulovleg fanga fisk med administrativ inndraging av fangst. Om forholda er meir alvorlege, det vil seie om fiskarane har vore aktlause eller fiska ulovleg med forsett, vert det reagert med vanlege straffereaksjonar som lovbrotsgebyr, førelegg eller fengselsstraff.

Dei siste åra har Noreg meir enn før retta merksemda mot utkast i andre land, særleg utkast frå EU-fartøy. Målet har vore å redusere risikoen for utkast og bidra internasjonalt med våre erfaringar i samband med eit utkastforbod. Gjennom forvaltningssamarbeidet med EU har vi blitt einige om tiltak for å redusere utkast, mellom anna har EU innført forbod mot utsortering (high-grading). Partane var også einige om eit system for stenging og lukking av fiskefelt, såkalla «real time closure». Her ønskjer ein å stengje fiskefelt for å verne yngel og småfisk. Systemet vart evaluert i 2010 og frå norsk side såg ein ikkje systemet som effektivt nok, det gav ikkje stengte felt i norske farvatn og vi vart ikkje einige om eit nytt felles system. Noreg planlegg for tida eit forbetra system i norske farvatn.

Innsatsen mot utkast vil truleg prege det allereie tette forvaltningssamarbeidet mellom partane i åra framover, sidan EU er i gong med å revidere sin felles fiskeripolitikk (Common Fisheries Policy). I denne samanhengen vil EU vurdere å innføre eit utkastforbod i eigne farvatn. Det er derfor viktig at Noreg opprettheld presset for å innføre utkastforbod dei neste åra.

Samtidig har Noreg teke initiativ for å få denne saka på dagsorden globalt. Det første initiativet var under forhandlingane om fiskeriresolusjonen i generalforsamlinga i FN hausten 2008. Etter eit norsk forslag vart det her semje om ein paragraf om ein handlingsplan mot utkast. Generalforsamlinga til FN bad FAO sin fiskerikomité (COFI) i 2009 om å vurdere ein handlingsplan mot utkast. Dette la grunnlaget for at FAO på fiskerimøtet sitt (COFI) i februar 2011, vedtok internasjonale retningsliner mot utkast av fisk.

2.4 Internasjonale havmiljøprosessar

Havmiljøprosessar generelt

Noreg er ein framståande havnasjon, og den internasjonale utviklinga har mykje å seie for oss. Samtidig har vi også eit ansvar for å ta vare på interessene våre på internasjonalt nivå. Utfordringane består mellom anna i å få gjennomslag for grunnleggjande prinsipp, til dømes slike prinsipp som vart vedtekne på utviklingstoppmøtet i 1992. Dei omfattar mellom anna innarbeiding av føre-var-prinsippet, prinsippa om berekraftig bruk og ei økosystembasert forvaltning. Det å bruke marine nettverk av verneområde som eit verkemiddel for å verne marine ressursar, er no i utvikling i dei to næraste fiskeri- og havmiljøorganisasjonane våre (NEAFC, OSPAR).

Rammeverket for internasjonalt samarbeid om havspørsmål ligg til FN sin havrettskonvensjon frå 1982. Konvensjonen gjev kyststatane suverene rettar over naturressursane innanfor ei økonomisk sone, og etablerer og vidareutviklar globale rettslege rammeverk for ei rekkje saksfelt, medrekna levande marine ressursar, kontinentalsokkelen, djuphavsbotnen, forsking og havmiljøet.

Hovudtrekka i fiskeriregimet er at kyststaten får kontroll over ressursane innanfor den økonomiske sona og at desse rettane er balanserte av plikter til å bruke og forvalte ressursane på optimalt vis. I tillegg skal statane søkje å samarbeide om forvaltninga av bestandar som er delt mellom fleire lands soner. Eit veksande fiske på det opne havet på 1980-talet viste at regimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor 200 nautiske mil-sonene.

Dette førde til at FN-konferansen for miljø og utvikling i 1992 (UNCED) oppmoda om å forhandle fram ei presisering av det globale regimet om fisket utanfor dei økonomiske sonene. Under generalforsamlinga vart det i 1993-1995 framforhandla ein FN-avtale om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement). Forvaltningsprinsippa i avtalen gjeld også innanfor dei økonomiske sonene. Avtalen pålegg statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltninga og viser til omsynet til bevaring av biodiversitet og økosystembasert forvaltning. Føre-var-tilnærminga skal skje ved å innføre referansepunkt i form av mål for bestandsstorleik for ulike bestandar. I det nordaustatlantiske området har ICES leia dette arbeidet. Forvaltninga av dei viktigaste kommersielle bestandane skjer i dag ut frå referansemål på bestandsstorleik og beskatningsgrad. FN-avtalen pålegg vidare statane å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar.

Generalforsamlinga i FN vedtek årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål som mellom anna gjev overordna retningslinjer for korleis statar og regionale organisasjonar bør forvalte det marine miljøet. Eit tema som har blitt diskutert i mange fora internasjonalt sidan hundreårsskiftet, er fiske ved og øydelegging av sårbare økosystem (f.eks. korallar). Generalforsamlinga vedtok i 2006 og 2009 resolusjonar som bad partane ta auka omsyn til sårbare botnhabitat. Dette resulterte i retningslinjer frå FAO for fiske ved sårbare djuphavshabitat, som dei regionale fiskeriorganisasjonane og statane innarbeider i sine regelverk. Hausten 2011 skal generalforsamlinga revidere implementeringa av FN-resolusjonen. Noreg bidrog aktivt i utforminga av både FN-vedtaket og i FAO sitt utviklingsarbeid.

Marine spørsmål vert diskuterte i aukande grad i globale miljøavtalar. Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), avtalen om handel med trua dyreartar (CITES) og konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som kan gjere vedtak knytt til forvaltninga av kommersielle fiskarartar.

Det vert lagt føringar for norske fiskeri gjennom vedtak og reguleringar i dei regionale organisasjonane for fiskeriforvaltning, mellom anna i den nærmaste organisasjonen i Nordaust-Atlanteren, NEAFC. I tillegg har Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet (OSPAR) eit generelt havmiljøansvar. Både NEAFC og OSPAR arbeider med oppretting av marint verna område i internasjonalt farvatn. Ein nyleg inngått avtale mellom dei to organisasjonane skal hjelpe til å konkretisere oppfølgingsansvaret der NEAFC har ansvar for fiskeriregulerande aktivitetar. Dette følgjer opp FN sin regjeringssjefkonferanse i 2002, der det vart vedteke å opprette eit nettverk av marine verneområde både innanfor og utanfor statane sine økonomiske soner innan 2012. CBD har vedteke å forlenge målet med beskyttelse av 10 prosent av alle marine områder til 2020 og å kartlegge alle sårbare botnhabitat.

2.5 Arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske

Kunnskap, heilskap og handling

Ulovleg, urapportert og uregulert (UUU) fiskeriaktivitet er ei global, regional, nasjonal og lokal utfordring for ei forsvarleg utnytting av fiskebestandane og for marine økosystem. UUU-fiske skjer ikkje berre på bestandar som Noreg som kyststat har eit forvaltningsansvar for. Den overnasjonale karakteren som UUU-aktiviteten ofte har, gjer at vi må ha ei brei tilnærming til desse spørsmåla. Økonomisk kriminalitet i form av svarte landingar, svart omsetning, feilføring av fangstdagbok og landings- eller sluttsetlar, utkast, ulovleg bifangst og feil på opphavssertifikat ved eksport er vel kjent. Konsekvensane for økonomi og miljø er reelle og svært alvorlege i mange område. Dette ser vi tydeleg både i direkte ulovleg fiske og i større uregulerte fiskeri. Samtidig kan urapportert fiske og meir eller mindre systematisk underrapportering, sjølv i mindre kystfiskeri, vere ei betydeleg utfordring som kan få alvorlege konsekvensar. Med andre ord er UUU-verksemd ein fellesnemnar for aktivitetar som spenner frå «storhundre» ved levering frå mindre fartøy til eit industrielt fiske langt utover kvote eller direkte utanfor kvote. Sidan operatørane medvete prøver å skjule slik verksemd, og fordi verksemda omfattar mange ulike former og grader av regelbrot, er det utfordrande å innrette kontroll og sanksjonar på ein passande måte.

Det er difor avgjerande i arbeidet mot UUU-aktiviteten å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere kva tiltak som skal setjast i verk. Det er mellom anna difor departementet gjev økonomisk støtte til uavhengige analysar av konkrete problemstillingar, stør oppretting av analysegrupper og samarbeider med russiske styresmakter for å kartleggje det urapporterte fisket i Barentshavet. God og tidsrett kunnskap er grunnlaget for den heilskaplege vurderinga til styresmaktene av aktuelle handlingsalternativ. På denne måten kan styresmaktene velje dei målretta tiltaka som ein meiner har størst effekt. Målet er å stoppe UUU-fisket.

Vi kan sjå på UUU-fiske som ein operasjon langs ei tidslinje med fleire, til dels overlappande fasar som omfattar meir enn sjølve fangstinga. For å gjennomføre eit fiske trengst det finansiering og andre ressursar for å utstyre fartøyet for fiske. Vidare vert fangst ofte omlasta til havs eller i hamner, og deretter vert råstoff bearbeidd og omsett i fleire ledd gjennom verdikjeda. Det er karakteristisk at tradisjonell fiskerikontroll hovudsakleg har lagt vekt på sjølve fangstinga og landinga av fisk, og i mindre grad hatt ressursar til å etterprøve eigarskap, omsetning og bearbeiding.

Tiltak eller handlingar må veljast etter ei heilskapleg vurdering, og ofte i samarbeid på tvers av faglege linjer og styresmakter. Vi må til dømes ta med i vurderinga at enkelte av UUU-aktørane er ein del av eit større nettverk, og at dette i røynda kan dreie seg om organisert kriminalitet. Desse nettverka omfattar fartøy med fordelsflagg (bekvemmelighetsflagg), selskap oppretta i skatteparadis, kjende og ukjende eigarar og andre skjulte bakmenn. All erfaring med slike kriminelle nettverk tilseier at dei er omstillingsdyktige. Vi endra til dømes spelereglane i NEAFC-området gjennom hamnestatskontrollen og innføringa av svartelisting. I ettertid har vi sett teikn til at aktørane omstiller seg og finn andre ruter. Nye stengsler er komne på plass. Systemet med svartelister vert no nytta av storparten av dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane. I tillegg har FAO vedteke ei global hanmestatsavtale som skal hindre at fartøy som driv UUU-fiske får tilgang til hamn. Kjernen i arbeidet er å tenkje heilskapleg – også utanfor eigen organisasjon og nasjonale grenser. Det er på den måten vi finn dei beste og mest verknadsfulle verkemidla. Dynamikken mellom UUU-verksemd og mottiltak inneber ein prosess der aktørane bak den ulovlege verksemda heile tida vil søkje å omgå eller tilpasse seg styresmaktene sine tiltak for å setje opp barrierar mot UUU-verksemd. Erfaring frå dette og frå andre område vi kan samanlikne med, viser at eit avgjerande kriterium for suksess er at offentlege styresmakter opptrer koordinert, handlekraftig, proaktivt og hurtig.

I ressurskontrollen både nasjonalt og internasjonalt, vert det no lagt større vekt på fleire ledd i verdikjeda, særleg gjeld det omsetningsledd. Det gjer det nødvendig å intensivere arbeidet på tvers av ulike etatar, og det vert stadig meir aktuelt å samarbeide med politiet, skattestyresmaktene og toll- og avgiftsdirektoratet. Slikt samarbeid vert i dag gjort mellom anna gjennom samarbeidsnettverket mellom tollvesenet, skattestyresmaktene og fiskeristyresmaktene og gjennom Fiskeriforvaltningas analysenettverk.

Det gjeld å ha klart for seg dei ulike etatane sine myndigheitsområde. Til dømes skal ikkje fiskeristyresmaktene drive straffeprosessuell etterforsking, men hente inn opplysningar og kartleggje sakstilhøve i konkrete saker på ein slik måte at dette materialet kan nyttast av politiet under ei eventuell etterforsking. Den konkrete grensa mellom etterforsking og fiskeristyresmaktene si sakshandsaming vil variere frå sak til sak og kan utviklast i dialog mellom etatane. Samtidig er det viktig å understreke at usikkerheit om ansvarsområda ikkje må verte eit hinder for initiativ og proaktiv åtferd, og initiativ må ikkje ta former som gjer at slikt samarbeid vert skadelidande.

Sjølv om det grovt sett vert sett skilje mellom nasjonalt og internasjonalt arbeid så er det ei kjensgjerning at ein del av desse problema er grenseoverskridande, og difor må vi i stor grad samarbeide med styresmaktene i andre land. Kontrollavtalene vi har med andre statar er til dømes komne på plass først og fremst for å støtte det nasjonale kontrollarbeidet vårt.

Noreg er den største havnasjonen i Europa og har store interesser i at havressursane i verda vert forvalta på ein berekraftig måte. Ved å delta i ei rekkje regionale fiskeriorganisasjonar, og i andre regionale og globale fora, får Noreg høve til å markere seg internasjonalt i desse spørsmåla.

Fiskeri- og kystdepartementet sitt arbeid mot UUU-fiske har ei rekkje tiltak som er gruppert ut frå om dei hovudsakleg er retta nasjonalt, bilateralt, regionalt eller globalt.

Nasjonalt arbeid

Havressurslova

Den nye havressurslova tredde i kraft 1. januar 2009. Det er eit sentralt mål og eit viktig tiltak å få innarbeidd denne lova i fiskeriforvaltninga gjennom forskriftsarbeid. Utfordringar som skal løysast er mellom anna å sikre at internasjonale avtalar er tilstrekkeleg innarbeidde i den nasjonale lovgjevinga. Særleg gjeld dette pliktene våre gjennom fiskeriforvaltningsorganisasjonane NEAFC, CCAMLR, NAFO, ICCAT, SEAFO, dei bilaterale avtalane med Russland og EU og den globale hamnestatsavtalen som er inngådd under FAO.

Eit viktig element er å lage eit forskriftsverk som tek i bruk dei nye og utvida heimlane mot UUU-verksemd som finst i havressurslova. Lova opnar for å kunne straffe eigne borgarar og juridiske personar sine handlingar også i andre land sine jurisdiksjonsområde.

Vidare innfører lova tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som er ei ny sanksjonsform for bruk i fiskeriforvaltninga. Forslag til ny forskrift om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt har vore på høyring og er til behandling i departementet.

Påbod om ilandføring

Forbodet mot utkast av fisk har vore høgt prioritert, og skal følgjast opp nasjonalt gjennom utøvingsforskrifta. Temaet er nærare omtala under kapittel 2.3.

Forsterke nasjonal inspeksjonsverksemd

Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag utarbeider nasjonale strategiske risikovurderingar for kontrollstyresmaktene. Slik sikrar vi at kontrollressursane vert sette inn der det er mest sannsynleg at det skjer lovbrot og der følgjene av lovbrot er størst. Risikovurderingane er også eit viktig hjelpemiddel for å samordne innsatsen til dei tre sentrale aktørane i ressurskontrollen i fiskeria; Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga.

Den nasjonale inspeksjonen skal forsterkast mellom anna ved hjelp av eit elektronisk system for risikovurdering, ELORV, som er under utvikling. Når systemet er ferdig oppbygd vil det kontinuerleg risikovurdere aktørane i fiskerinæringa og sikre at dei rette objekta, på havet så vel som på land, vert kontrollerte. Dette vil gjere ressurskontrollen meir målretta og vil effktivisere kontrollinnsatsen både på kaikanten og i etterføljande kontrollar (omsetningskontrollar).

Det er nødvendig å halde fram med kontrollen med hummarfiske og fritidsfiske langs Skagerrakkysten. Fiskeristyresmaktene skal styrkje bruken av mobile inspeksjonsgrupper. Dette kan gjennomførast med leigefartøy eller mindre hurtiggåande båtar som er knytte til nye kystvaktfartøy. Mobile inspeksjonsgrupper kan flytte seg raskt, setjast inn på kort varsel der det er fare for lovbrot og komme overraskande både under fangst og landing.

Salslaga

Det skal leggjast til rette for at kontrollane til salslaga vert gjennomførde og dokumenterte på ein slik måte at materialet kan brukast i kontrollstatistikk og inspeksjonsdatabasar.

Som ei følgje av at det er innførd krav om fangstsertifikat ved import til EU av villfanga fisk, har salgslaga i samarbeid med Fiskeridirekatoratet utvikla og implementert eit system for utskriving av fangstsertifikat, www.catchcertificate.no. Det er viktig at salslaga sikrar at systemet fungerer i tråd med intensjonane og at eventuelle nye løysingar vert implementerte på ein god måte. Dette gjer det nødvendig med eit nært og fortruleg samarbeid mellom salslaga og Fiskeridirektoratet. Målet er å styrkje samarbeidet med salslaga, og å arbeide mot meir framtidsretta verktøy for å sikre korrekt informasjon og effektiv ressurskontroll.

Støttesystem i ressurskontrollen

I 2010 vart det innførd krav om elektronisk rapportering (ERS) for fartøy over 21 meter og krav om posisjonsrapportering for fartøy over 15 meter. Fartøy mellom 15 og 21 meter vart pålagd elektronisk rapportering frå og med 1. januar 2011. Elektronisk rapportering erstattar føring av fangstdagbok i papirform.

Å overvake aktiviteten i Barentshavet er høgt prioritert og det vert difor laga ei løysing som kan koordinere risikovurderingar i sann tid i dette området. Dette skjer i samarbeid mellom Kystvakta, Forsvaret, Fiskeridirektoratet og Russland.

Frå 1. januar 2009 har Fiskeridirektoratet igjen hatt i drift ein tips- og beredskapstelefon. Dette tiltaket skal gjere det mogleg å melde frå om mistenkjelege aktivitetar og rapportere direkte til fiskeristyresmaktene om eventuelle lovbrot.

Kontroll- og overvakingssenteret til Fiskeridirektoratet (FMC Norway) vart sett i drift 29. mai 2009. Her er det bemanning heile døgnet. Senteret samordnar ei rekkje kontroll- og overvakingsoppgåver, som å overvake og handsame straumen av meldingar frå norske og utanlandske fartøy og å fungere som ein nasjonal koordinerings- og kommunikasjonssentral retta mot eigne og utanlandske kontrollstyresmakter.

Sporings- og rapporteringssystem

Noreg rår over ei rekkje maritime sporings- og rapporteringssystem under ulike etatar. Desse systema må vi sjå i samanheng, og dei må utnyttast for å oppnå maksimal verknad. Det er eit klart mål å få så godt oversyn over UUU-fisket som mogleg. Difor skal vi utvikle spesialkompetanse i bruk av VMS, AIS, AIssat, LRIT, SafeSeaNet og andre webbaserte informasjonskjelder. Slik kan vi nytte dei ulike systema fult ut og og sjå samanhengen mellom dei. Satellittsporing av fiskefartøy er svært viktig, og det vert arbeidd for å få på plass ein avtale om fullstendig utveksling av sporingsdata med Russland for å oppnå best mogleg innsyn i den samla fiskeriverksemda.

Sporing av fisk og fiskevarer

EU vedtok ei rådsregulering den 29. september 2008 om å etablere eit system for å nedkjempe UUU-fiske. Reguleringa tredde i kraft 1. januar 2010, og inneber mellom anna at det må skrivast ut fangstsertifikat for villfanga fisk som skal eksporterast til EU. Dette kan eksportørar no gjere gjennom nettportalen www.catchcertificate.no, som er oppretta og vert driven av salslaga.

Fangstsertifikata skal følgje produkta heilt til dei vert omsette i marknaden. Det nasjonale systemet for å sikre krava til fangstsertifikat gjev òg grunnlag for betre sporing gjennom fleire ledd i verdikjeda. Fiskeridirektoratet har etablert ein database for mottak, handsaming og bruk av alle sertifikata som vert skrivne ut av www.catchcertificate.no. Det vert no arbeidd med å etablere system og rutinar for bruk av opplysningar frå sertifikata i ressurskontrollen.

Følgje pengestraumar og transportruter for UUU-fisk

Fisk representerer økonomiske verdiar for UUU-aktørane. For å nedkjempe UUU-fisket er det viktig å følgje pengestraumen. I dette arbeidet er gode rutinar og godt samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Økokrim, Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet viktig.

Fisken vert transportert frå fiskefeltet til ei bedrift og så ut i marknaden. Å få kunnskap om kva for ruter og på kva måte UUU-fisken vert transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilde av UUU-aktørane.

UUU-fartøy med uklare eigartilhøve

Ved å kombinere fordelsflagg og fiktive firma oppretta i skatteparadis greier dei reelle eigarane bak UUU-aktivitetar å skaffe seg bortimot full anonymitet. Den nasjonale kampen mot skatteparadis og økonomisk kriminalitet bør også gjelde problema som knyter seg til bruk av fordelsflagg. Vi vil prøve å vidareutvikle samarbeidet med andre nasjonale styresmakter for å nedkjempe anonymitet i UUU-verksemda slik at vi får avdekka dei reelle eigarane bak operasjonane. Verksemder som er involverte i slike aktivitetar bør kartleggast grundig.

Den strategiske analysegruppa

Kystvakta og Fiskeridirektoratet har i ei årrekkje samarbeidd i ei eiga analysegruppe om å kartleggje fiskerikriminalitet i Barentshavet. Dette arbeidet skal halde fram, og politiet og tollstyresmaktene skal inviterast til å delta. Arbeidet omfattar systematisk innhenting av informasjon knytt til mogleg grenseoverskridande fiskerikriminalitet der aktørar med ulik nasjonalitet, også norske, er involverte. Fiskeri- og kystdepartementet meiner at det etter kvart kan få store positive verknader at fleire etatar vert direkte med i prosjektet.

Bilateralt arbeid

Russland

Det bør vere eit mål å styrkje den reelle dialogen og samarbeidet med Russland. Arbeidet med å få ein varig, utvida satellittsporingsavtale for fiskerifartøy i Barentshavet er høgt prioritert. Dersom det ikkje lukkast å få på plass ein bilateral avtale skal FKD vurdere å ta spørsmålet opp i eit breiare forum, til dømes i NEAFC. Det er også viktig å vidareføre samarbeidet om inspeksjon av fiskefartøy i NEAFC sitt reguleringsområde.

Arbeidet i analysegruppa under Den blanda norsk-russiske fiskerikommissjon for å kunne vurdere omfanget av overfisket i Barentshavet må vidareførast. Dette er viktig både for å kunne bli samde om tal for overfiske og for å følgje opp enkeltsaker og fartøy.

Arbeidet i underutvalet under det permanente utvalet (DPU) skal prioriterast for å få fleire kontrollstyresmakter og påtalemakter i begge land med i arbeidet mot UUU-fiske i Barentshavet. Det kan mellom anna skje ved at desse etatane får meir kunnskap om kontrollverksemd og straffeprosessuelle krav i begge land. Det er også ønskjeleg å utveksle inspektørar som observatørar i samband med landingskontroll av eigne fartøy.

Det er eit mål å ha direkte kontakt mellom norske og russiske kontrollstyresmakter i andre russiske hamner enn Murmansk og hamner i andre NEAFC-land. Det er også eit behov for å følgje det russiske landingsmønsteret etter at det nye russiske tollklareringsregelverket er komme på plass. Riksrevisjonens parallellrevisjonsprosjekt i samarbeid med russisk riksrevisjon er viktig og har gitt positive resultat.

EU

For å lukkast i arbeidet mot urapportert fiske er det viktig at EU endrar utkastpraksisen sin, som inneber stor uregistrert fiskedød. Dette er eit sentralt punkt i samband med fiskeriforhandlingane og politiske diskusjonar og eit viktig norsk innspel til reforma av EUs felles fiskeripolitikk, som føregår no.

I samband med innarbeidinga av EU si forordning om UUU-fiske er det inngått ein avtale med EU om fangstsertifikat. Denne avtalen er meint som ei plattform for vidare utvikling av kontrollsamarbeid med kommisjonen og aktuelle medlemsland. Elektronisk rapportering vart innarbeidd i regelverket i store deler av Europa i 2010.

Vi vil prioritere å vedlikehalde og utvikle det gode kontrollsamarbeidet på operativt nivå mellom EU-kommisjonen og norske kontrollstyresmakter. Dette arbeidet skal styrkast gjennom regelmessig kontakt og dialog på politisk nivå. Det er eit mål å få i stand eit samarbeid med EU-organet Community Fisheries Control Agency (FCA) i Vigo, og det skal oppmuntrast til utplassering av nasjonale ekspertar i FCA.

Vidare er det viktig å oppretthalde eit godt samarbeid med særskilde EU-land som Nederland, Storbritannia, Danmark, Spania og Portugal.

Enkelte statar har ikkje tilfredsstillande sporing av fartøy som er med i fiske. For norske styresmakter er det viktig å finne praktiske løysingar slik at desse fartøya kan sporast. Sjølv om sporing er eit flaggstatsansvar så vil innføringa av LRIT (langtrekkande havovervaking av skip) kunne vere med å dekkje delar av norske kontrollstyresmakter sine behov.

Andre statar

Kontrollavtaler er nyttige verktøy i kampen mot UUU-fiske, og Noreg ønskjer å inngå nye avtaler med blant andre Senegal og Kina.

Avtalen med Irland vart fornya i 2010 og vart då utvida til å omfatte utveksling av informasjon knytt til landingar frå fartøy frå tredjeland. Ein planlegg òg eit felles kontrollseminar i 2011. Vidare foregår ein prosess med Frankrike, og det er gjort kjent for Tyskland og Polen at Noreg ønskjer dialog om revisjon av eksisterande avtalar. Avtalane med Island og Færøyane vart begge fornya i 2006 og har i seg ei rekkje element knytt til kampen mot UUU-fiske. Det er også ønskjeleg å følgje opp den eksisterande avtalen med Grønland. Særleg viktig er det å utveksle kompetanse og utvikle gode rutinar for handtering av risikoobjekt knytt til UUU-fiske.

Det finst også generelle fiskeripolitiske avtalar (MoUar) med Canada, USA, Sør-Korea, Kina og Japan, og det bør vurderast om kontrollsamarbeid med desse statane kan utviklast under dei eksisterande avtalane.

Regionalt arbeid

Regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar

Gjennom NEAFC ønskjer vi å styrkje regelverket om landingskontroll og sporing av fisk og fiskeprodukt. Det er no sett i gang ei arbeidsgruppe som vurderer endringar av NEAFC sin hamnestatskontroll som følgje av den globale hamnestatsavtalen. Fiskeridirektoratet deltek i gruppa. Eit anna viktig spørsmål som må drøftast i NEAFC er svartelistingssystemet for NEAFC-medlemsstatar.

Det er ønskjeleg å få oppslutning i Den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen (NAFMC) om opne nasjonale databasar om kvotar, fangst og landingar. Sett i lys av dei gode erfaringane vi har med forsøksprosjektet for utvida satellittsporingsutveksling med Russland, bør vi også vurdere liknande ordningar i ei slik regional ramme. Dette er særleg aktuelt dersom det viser seg vanskeleg å få til ein permanent avtale med Russland.

Fartøy som driv med UUU-fiske opererer ofte i område forvalta av fleire regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og UUU-fangst vert gjerne landa utanfor det området der fangsten vart tatt. Av den grunn har Noreg arbeidd for å oppnå gjensidig anerkjenning av svartelister over UUU-fartøy mellom dei ulike regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane. NEAFC fører i dag fartøy på UUU-lista dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske og fartøyet ikkje fører flagget til eit NEAFC-medlem. I NAFO fører ein fartøy på svartelista dersom flaggstaten ikkje er NAFO-medlem. Tilsvarande ordning finnest mellom dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar tunfisk og tunfiskliknande artar. Vidare etablerer den globale hamnestatsavtalen på indirekte vis ei global liste ettersom det følgjer av avtalen at fartøy som er ført på UUU-lista til ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon skal nektast tilgang til hamn.

På regionalt nivå er det også viktig å arbeide for eit utkastforbod. Og også som medlem av ICCAT, SEAFO, NAFO og CCAMLR ønskjer Noreg å leggje særleg vekt på UUU-spørsmål i desse organisasjonane.

Det nordatlantiske kystvaktforumet (NACGF)

Fiskeriforvaltninga tek del i forumet sine ekspertmøte om fiskerihandheving. Målet med å delta er å medverke til betre og meir effektiv overvakning og kontroll av fiskeressursane i det nordlege Atlanterhavet.

Globalt arbeid

Nedkjemping av grenseoverskridande fiskerikriminalitet

Å nedkjempe kriminalitet er komplisert og involverer både politiet, påtalemakta og kontrollstyresmaktene. Systematiske UUU-aktivitetar i stor skala er prega av enkelte store internasjonale kriminelle aktørar. I arbeidet mot desse nettverka må det leggjast til rette for samarbeid mellom politiet i seljar- og kjøparland for å etterforske eventuelle kriminelle tilhøve. I generalforsamlinga i FN sin fiskeriresolusjon frå 2008 vert det peika på at det kan vere sambandslinjer mellom UUU-verksemd og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet. For å ha ei heilskapleg tilnærming til UUU-spørsmåla må vi ta dette poenget med i vurderinga av framtidige tiltak.

Følgje pengestraumar og transportruter for UUU-fisk

Fiskerikiminalitet kan vere grov, organisert, grenseoverskridande økonomisk kriminalitet. For å nedkjempe UUU-fisket er det viktig å følgje pengestraumen. Internasjonalt er det viktig å etablere eit godt samarbeid med utanlandske kontroll-, politi- og påtalestyresmakter.

Fisk frå område under norsk jurisdiksjon kan til dømes verte omlasta ute på havet for så å verte transportert til andre stader i verda. Kunnskap om generelle transportruter for fisk gjev òg grunnlag for å peike ut ruter der UUU-fisk vert transportert. Å få kunnskap om kva for ruter og på kva måte UUU-fisken vert transportert, vil gje oss eit meir heilskapleg bilete av UUU-aktørane.

FAO-avtale om hamnestatskontroll

Forhandlingane om ein bindande avtale om hamnestatskontroll i fiskeria starta etter at Noreg fremma forslag om ein slik avtale under revisjonskonferansen for FN-avtalen om fiske på det opne hav i FN i New York 22- 26. mai 2006. Revisjonskonferansen sa seg samd i at det var behov for eit slikt arbeid, og hausten 2006 bad FN i Generalforsamlingsresolusjon 61/105 om at FAO skulle setje i gang arbeidet.

Den 28. august 2009 vart det semje om ein tekst for ein global bindande avtale om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Generalforsamlinga i FAO vedtok avtalen 22. november 2009.

Den nye avtalen rettar seg mot all fisk og i tillegg mot fiskerelatert verksemd. Avtaleteksten kombinerer viktige element som stenging av hamner for svartelista fartøy, mekanismar for å ansvarleggjere flaggstaten ved kontroll i andre land sine hamner og spesifikke minimumsstandardar om informasjonsutveksling, gjennomføring av kontroll, førebyggjande tiltak, opplæring/assistanse og samarbeid. Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst vert send hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske eller ulovleg fiskerirelatert aktivitet.

Under vegs i forhandlingane har det vore brei geografisk oppslutning om avtalen og verdien av å få dette på plass. Noreg har, i tillegg til å vere initiativtakar og pådrivar, finansiert til saman ca. 2/3 av forhandlingane.

FAO-konsultasjon om flaggstatansvar

Fleire land, ofte U-land, driv ikkje flaggstatkontroll i tilstrekkeleg grad. Mot ei rimeleg avgift kan fiskefartøy bli ført i deira register utan at det vert stilt spørsmål om kva aktivitet dei vil utøve. Dette er ofte land som ikkje har ratifisert internasjonale avtalar for å ta vare på ressursane i havet, og som heller ikkje er medlem av relevante regionale fiskeriorganisasjonar. Aktørar vil ofte nytte slike flagg nettopp for å unngå å vere bundne av internasjonale avtalar og forvaltingstiltak iverksette av regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar. Å ansvarleggjere flaggstatar er difor sentralt i arbeidet mot UUU-fiske.

FAO har vedteke at det skal utarbeidast kriteria for kva ein ansvarleg flaggstat er. Eit av måla er å kunne identifisere konkret kva flaggstatar som oppfyller pliktene sine etter folkeretten, og kva statar som ikkje gjer det. Det vart gjennomført konsultasjonar om dette i FAO i mai 2011.

Marknadstiltak

Sporing av fisk og fiskeprodukt er òg viktige handelstiltak i kampen mot UUU-fiske. Førebels er tiltak i dei regionale forvaltningsorganisasjonane som har med handel å gjere retta mot fiskeslag med særskild høg verdi, som tunfiskartar og patagonisk tannfisk. ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. Dokumenta skal vere godkjent av særskild autoristerte styresmakter, skal stadfeste at fisken er lovleg fanga og det vert krevd at dokumenta følgjer fisken ved seinare import og eksport. CCAMLR har eit liknande system for fangst og handel med patagonisk tannfisk.

EU har som tidlegare omtala innført krav om fangstsertifikat for import av villfanga fisk til EU. Vidare arbeider EU no med eit forslag om å innføre fangstsertifikat i NEAFC.

Under møtet i COFI i januar 2011 vart det diskutert å setje i gang ein prosess om moglege globale retningslinjer for fangstsertifikat. Noreg tok til orde for at ein må arbeide for å få på plass enklare og meir effektive modellar, og komiteen slutta seg til at marknadsrelaterte tiltak skulle vere klare, enkle, rettferdige og transparente. Slike tiltak må ikkje verte tekniske hinder for handel.

Utkast og FAO

Det har vore viktig for Noreg å få sett utkastsaka på dagsorden internasjonalt, både bilateralt, regionalt og globalt. Her har vi kome langt, både i høve til EU, NEAFC og FAO. Sjå nærare omtale ovanfor under kapittel 2.3.

Global registrering av fiskefartøy

Fleire land har teke til orde for at eit globalt register av fiskefartøy kan bli eit nyttig verktøy i kampen mot UUU-verksemda. Dette vart diskutert under møtet i COFI i januar 2011. Ein del land uttrykte skepsis til kven som skal betale rekninga for dette, og meinte at eit slikt register, så langt som mogleg, må byggje på eksisterande system.

Den internasjonale koden for sikring av skip og hamneterminalar (ISPS-koden)

Omlasting av fisk mellom eit fiskefartøy og eit lasteskip kan vere brot på ISPS-koden. At enkelte UUU-aktørar har samband med annan organisert kriminalitet gjer at sikkerheitsbrotet i ISPS-koden er meir alvorleg. Det er ønskjeleg både for kampen mot UUU-fiske og for hamnesikkerheita, at det vert erkjent internasjonalt at fartøy som har vore eller er involvert i UUU-fiske kan vere ein fare for hamnesikkerheita og at det difor må innførast krav om dokumentasjon ved omlastingsoperasjonar.

IMCS Network

IMCS (International Monitoring, Control and Surveillance) Network arrangerte i august 2008 ein «fisheries enforcement workshop» i Trondheim, der ei rekkje land deltok. Formålet med IMCS Network er å lette kontrollarbeidet i kampen mot UUU-fiske. Både formelle og uformelle kontaktar vi får i dette nettverket må nyttast.

Workshopen i 2008 vart følgd opp med ein ny workshop i Mosambik i mars 2011. Hovudtema for denne samlinga var utfordringar knytte til kampen mot UUU-fiske rundt Afrika, på alle nivå frå «nærfiske» til havgåande fiske, inkludert omlasting av fisk og fiskevarer. Norske fiskeristyresmakter skal vurdere den norske innsatsen i IMCS-nettverket. Målet er å bli meir operativ ved at det vert enklare å utveksle informasjon på operativt nivå med samarbeidande statar. Slik informasjonsutveksling er eit godt eksempel på at vi kan få nyttig informasjon om aktørar som driv fiske i våre farvatn, og at vi på tilsvarande måte kan gje nyttig informasjon tilbake til samarbeidspartnarar.

Det er vedteke at den fjerde globale workshopen for fiskerihandheving (The fourth Global Fisheries Enforcement Training Workshop) skal arrangerast i Karibien, i Sentral-Amerika, i 2013.

Sjølve drifta av IMCS Network har ikkje vore tilfredsstillande. På medlemsmøtet i mars 2011 vart det frå fleire hald uttrykt misnøye med administrasjon og drift så langt. Det er sett ned ein komité som har som mandat å utarbeide nytt rammeverk for IMCS Network, inkludert framtidig finansiering.

Fiskeriforvaltningas analysenettverk

Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og er eit konkret tiltak mot organisert kriminaIitet knytt til ulovleg fiske (Meld. St. 7 2010-2011 «Kampen mot organisert kriminalitet«). FFA er også identifisert som eit av fleire tiltak mot fiskerirelatert kriminalitet i Regjeringas handlingsplan mot økonomisk kriminalitet frå 2011. FFA skal sikre eit tettare samarbeid mellom ulike etatar og bidra med oppdaterte, tverrsektorielle analysar innanfor saksområdet. I tillegg til å produsere analysar om ulovleg uttak av fisk frå havet, legg prosjektet også vekt på annan fiskerirelatert kriminalitet som til dømes ulovIeg kapitalflyt som stammar frå omsetning av ulovleg fanga fisk. Prosjektet er samansett av fagpersonar frå Politidirektoratet, ØKOKRIM, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Toll- og avgiftsdirektoratet og Skattedirektoratet. Analysenettverket er etablert som eit prosjekt som skal vare i tre til fire år, og det skal evaluerast undervegs. Styringsgruppa til prosjektet har medlemmer frå Justis- og politidepartementet, Forsvarsdepartementet, Finansdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet og Riksadvokaten.

Det er ein viktig del av oppdraget til FFA å analysere dei generelle utviklingstrekka i fiskerinæringa både nasjonalt og internasjonalt. I den samanhengen er det sett saman faggrupper som arbeider meir konsentrert på ulike fagområde.

FNs kontor mot narkotika og kriminalitet (United Nations Office on Drugs and Crime (UNODC)) i Wien er den globale arenaen for å førebygge og nedkjempe kriminalitet. Etter initiativ frå FFA har Fiskeri- og kystdepartementet, Justis- og politidepartementet og Utanriksdepartementet finansiert ein FN-studie av grenseoverskridande organisert kriminalitet i fiskerinæringa. Ein liknande studie er også finansiert av Fiskeri- og kystdepartementet på nasjonalt nivå. Begge desse studiane er eit bidrag til å forstå denne kriminalitetsforma og vil vere viktige faglege bidrag til korleis ein skal arbeide mot fiskerirelatert kriminalitet i framtida.

2.6 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalane som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 «om utlendingars fiske og fangst i Noregs økonomiske sone» er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fisket. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter i samsvar med særskild forskrift.

I forskrift av 23. desember 1980 «om utlendingars fiske og fangst i fiskerisona ved Jan Mayen» er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noreg si økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskapar, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernsona for fiske etter norsk-arktisk torsk. Frå og med 1995 har ein av omsyn til bestandssituasjonen fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild, lodde, og frå 1997 vart det også innført eit forbod mot fiske etter uer.

I forskrifter av 19. juli 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert gjennom fastsetting av grenser for innsats i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal for tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

2.7 Kontroll av fiske i norske jurisdiksjonsområde

I Prop. 1 S (2010 – 2011) heiter det: «Norge jobber for at forvaltning av marine ressurser skjer i tråd med anerkjente prinsipper som blant annet bærekraftig bruk, føre-var-prinsippet og økosystembasert forvaltning og havressurslova. Disse prinsippene er forankret i folkerettslige konvensjoner og er derfor sentrale for Norge. Dette gjelder i våre egne fiskerisoner, på det åpne hav og i andre nasjoners fiskerisoner». For å kunne nå dette målet for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Fysisk kontroll med all fiskeaktivitet er ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetning av fiskefangstar.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Kontrollverksemda til fiskeristyresmaktene vert gjennomførd av Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet og den ytre etaten til direktoratet med sju regionkontor, inklusiv eit inspektørkorps langs kysten.

Kystvakta er underlagt Forsvarsdepartementet. Kystvakta har ansvaret for ressurskontrollen på havet. Frå 1996 vart Kystvakta utvida med ei indre kystvakt som skal gjennomføre fiskerioppsynet innanfor grensa for sjøterritoriet på 12 nautiske mil. Fiskerioppsynstenesta til den indre kystvakta vert kombinert med ei rekkje andre oppgåver, bl.a. for politi-, toll- og miljøstyresmaktene.

EU vedtok den 29. september 2008 ei forordning som skal førebyggje, avverje og stanse ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Dette betyr at all import og alle landingar av fisk i EU frå tredjeland måtte ha eit fangstsertifikat etter 1. januar 2010. Avtalen betyr òg at Noreg skal skrive ut eit norsk fangstsertifikat som skal leggjast med alle norske landingar/eksportsendingar til EU. Dei norske fiskesalslaga skriv ut og godkjenner norske fangstsertifikat. Salslaga har i tillegg hovudansvar for all førstehandsomsetning av fisk i Noreg, og salslaga utfører ein viktig del av kontrollarbeidet.

I internasjonale samanhengar vert det norske systemet med nært samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga ofte framheva som ein vellukka modell for god ressurskontroll.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og utfører også ein viss kontroll på sjøen i særlege område og i spesielle fiskeri. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetning og eksport av fisk. Utanlandske styresmakter har kontrollansvaret når norske fartøy leverer fangst i utanlandske hamner og når norske fartøy fiskar i jurisdiksjonsområda til desse landa. Hamnestatskontrollen som vart innført i NEAFC frå 1. mai 2007 og i NAFO i 2009, gjev norske styresmakter eit kontrollansvar når det gjeld å verifisere fangst ved landingar frå norske fartøy i NEAFC- og NAFO-landa sine hamner. Noreg skal også hente inn slik verifisering ved landingar frå utanlandske fartøy i norske hamner.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under utøvinga av fisket. Det vert kontrollert at fisket skjer med rette reiskapar, til rett tid og på rett område. Også samansetjinga av fangsten vert kontrollert, likeeins at det ikkje går føre seg dumping eller neddreping av fisk. Under kvalfangsten var det frå 1993 til og med 2003 inspektørar på alle fartøy under heile fangstperioden. Med verknad frå 2004 vart inspektørordninga på kvalfangstfartøya halvert, og frå 2006 har ein hatt elektronisk overvaking av kvalfangsten. Inspektørbasert kontroll vert no gjennomført på stikkprøvebasis på kvalfangstfartøya.

For å få løyve til å delta på selfangst er det eit krav at fartøyet har inspektør om bord under heile fangsten. Det er ein viktig del av kontrolloppgåva å sjå til at avlivinga skjer i samsvar med regelverket.

I andre fiskeri har Fiskeridirektoratet sett i verk ei ordning med inspektørar om bord på enkelte norske og utanlandske fartøy i kortare eller lengre periodar.

På enkelte artar går det føre seg eit omfattande fiske i indre norske farvatn. Det er derfor ei ordning der inspeksjonsfartøy frå Fiskeridirektoratet er til stades på desse fiskefelta. Ved landing vert fangstsamansetjinga kontrollert, og oppfiska kvantum vert belasta kvoterekneskapen.

Frå 1. juli 2010 vart alle norske fiske- og fangstfartøy over 21 meter pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk til Fiskeridirektoratet. Frå 1. januar 2011 vart plikta utvida til også å gjelde fartøy over 15 meter. Kravet om elektronisk rapportering inneber at opplysningane som tidlegare vart ført i papirfangstdagboka no skal rapporterast elektronisk.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i NØS etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som inneber at utanlandske fiskefartøy må sende ei rekkje ulike rapportar i samband med fiske i norske farvatn. På grunnlag av desse rapportane held Fiskeridirektoratet ved like databasen som mellom anna inneheld opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy. Denne databasen er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Utanlandske fartøy som får løyve til å fiske i norske jurisdiksjonsområde er pålagde å rapportere fangstane til Fiskeridirektoratet. Denne rapporteringsplikta inneber at når fartøya kjem inn i norsk sone skal dei melde frå om kor mykje fangst fartøyet har om bord (melding om fiskestart). Fangstane skal meldast i kilo rund vekt og i dei enkelte fiskeslag. I tillegg må fartøyet kvar veke rapportere kor mykje som er fanga i sona av dei ulike fiskeslaga (fangstmelding). På grunnlag av avtale mellom Noreg og EU om elektronisk rapportering sender fartøy frå EU-land fangstmeldingar dagleg. Når fartøyet avsluttar fisket i NØS, må det før det seglar ut sende melding om dette til Fiskeridirektoratet og opplyse om kor mykje fisk som er teken etter den siste fangstmeldinga (melding om avslutting av fiske). Alle desse meldingstypane vert kontinuerleg lagde inn i kvotekontrollsystemet og gjev dermed Fiskeridirektoratet ei oppdatert oversikt over det utanlandske fisket i norske jurisdiksjonsområde. Det gjeld kor mange fartøy som deltek i fisket, kvar dei fiskar og opplysningar om fangst per fartøy og per nasjon. Systemet inneheld såleis også dei opplysningane som er kravde for å stanse utanlandsk fiske når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Frå 2000 har Fiskeridirektoratet gjennom posisjonsrapportering (satellittsporing) også kunnskap om kvar fartøya oppheld seg i norsk jurisdiksjonsområde og kan derfor setje i verk meir målretta kontroll.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra i databasane i Fiskeridirektoratet. Opplysningane vert under kontroll på feltet haldne opp mot opplysningane som går fram av fangstdagboka til fartøyet, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Når desse opplysningane ikkje er i samsvar med kvarandre kan Kystvakta reagere med åtvaring, fartøyet kan haldast tilbake, eller saka kan meldast til politiet, alt etter kor grov krenkinga er. Kvotekontrollsystemet og posisjonsopplysningane er såleis særs viktige reiskapar i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Utanlandske fartøy skal når fisket vert avslutta i NØS nord om 62°N, melde seg til Kystvakta for kontroll på eitt av sju kontrollpunkt. Som ein del av rapporteringsordninga i dette området skal fartøya sende melding om framstilling for kontroll (kontrollpunktmelding) tolv timar før dei kjem til kontrollpunktet. For ringnotfartøy er fristen fire timar. Ordninga vart innførd for å sikre generelt betre kontroll med fangstuttaket i NØS nord om 62ºN, og fordi norske styresmakter visste at det gjekk føre seg kvoteunndragingar frå utanlandske fartøy som fiska i NØS nord om 62ºN.

På grunn av behovet for betre kontroll med makrellfisket i NØS sør om 62ºN, vart ei tilsvarande ordning sett i verk 19. juli 1995 for makrellfisket i Nordsjøen. Av omsyn til råstoffet må eit kontrollregime i Nordsjøen utformast noko annleis enn ordninga nord om 62ºN. Etter regelverket skal utanlandske fartøy med makrellisens melde seg for kontroll i eitt av tre nærare definerte område, med ei varslingstid på fire timar før fartøya kjem til kontrollområdet, eller før fartøyet kjem til landingsstad i Noreg. Ordninga gjeld også når eit fartøy med makrellisens fiskar annan pelagisk fisk, så som nordsjøsild. I 2005 vart ordninga utvida til å også gjelde for utanlandske fartøy som er lisensierte for fiske etter sild sør for 62ºN i den perioden makrellfisket er ope.

Erfaringane syner at ordningane med kontrollområde og kontrollpunkt har medverka positivt til å redusere kvoteunndragingane frå utanlandske fartøy.

2.8 Kontrollsamarbeid

Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre nasjonar. Noreg har kontrollavtalar med Irland, Danmark, Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Portugal, Litauen, Russland, Færøyane, Island, Grønland, Canada og Marokko.

Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike avtalar, og er den første avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter dette tidspunktet er eksisterande avtalar reviderte etter tur for å få med tredjelands fartøy. Dette er frå norsk side eit viktig bidrag i kampen mot det ulovlege fisket i Barentshavet og med landingar av fisk til europeiske hamner. Den nye generasjonen av kontrollavtalar inneber òg at partane skal samarbeide om å kjempe mot ulovleg fiske. Bilateralt samarbeid har vore viktig for den nedgangen i urapportert fiske som har skjedd i 2009 og 2010.

Satellittsporing av fiskefartøy var eit viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter. Plikta vart utvida til å gjelde alle fartøy over 21 meter frå 1. oktober 2008, og frå 1. juli 2010 vart dette gjeldande for alle fartøy over 15 meter. Desse fartøya er underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uansett storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. Det er også krav om satellittsporing av alle fartøy i NEAFC-området og i NAFO-området. I NAFO-området er det vidare eit krav om observatør.

Utvida sporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i samband med kontroll generelt og i kampen mot ulovleg fiske. Noreg og EU signerte 23. februar 2010 ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner. Med bakgrunn i denne avtalen vart alle fartøy over 15. meter pålagt å rapportere fangst- og aktivitetsdata elektronisk ved fiske i kvarandre sine soner frå og med 1. januar 2011. Formålet med avtalen er også å harmonisere rapporteringspliktene i norske farvatn og EU-farvatn så langt som mogleg.

Til forsida