Meld. St. 28 (2012-2013)

Unike idear, store verdiar – om immaterielle verdiar og rettar

Til innhaldsliste

4 Regjeringa sin politikk for immaterielle verdiar og rettar

Figur 4.1 

Figur 4.1

Foto: iStockphoto

4.1 Ein heilskapleg næringspolitikk

Det overordna målet for næringspolitikken er å leggje til rette for størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi. Verdiane som blir skapte, skal leggje grunnlaget for trygge arbeidsplassar, gode offentlege tenester og ei berekraftig utvikling.

Regjeringa fører ein aktiv og heilskapleg næringspolitikk med målretta satsing på å utvikle vidare dei fortrinna vi har, og medverke til eit næringsliv som er berekraftig, nyskapande, kunnskapsbasert og omstillingsdyktig. Ein aktiv næringspolitikk legg til rette for gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønnsame tiltak, reguleringar, prosjekt og investeringar som ikkje vil bli realiserte ut frå reint privatøkonomiske interesser.

Innovasjon og omstilling er dei viktigaste kjeldene til auka verdiskaping i Noreg og andre industriland, og dermed eit sentralt middel for å oppnå det overordna målet for næringspolitikken. Innovasjonsevna i norsk økonomi blir påverka av ei rekkje faktorar og er avhengig av politikkområde som mellom anna konkurranse-, skatte-, infrastruktur-, utdannings- og forskingspolitikken, regional-, handels- og arbeidsmarknadspolitikken og den offentlege innkjøpspolitikken. I tillegg er sektorpolitikk på område som mellom anna olje og energi, maritime og marine næringar, landbruk og kultur viktig.

Verda og den internasjonale økonomien er i konstant endring. Internasjonale økonomiske tilhøve og rammevilkår endrar seg raskt, og det endrar også føresetnadene for handteringa av immaterielle verdiar og rettar. Som det er beskrive i kapittel 3, aukar talet på rettar som blir registrerte internasjonalt, og i framveksande økonomiar sikrar verksemdene i stadig større grad dei immaterielle rettane sine. Internasjonal handel og samarbeid involverer også ofte handtering av immaterielle rettar.

Når immaterielle verdiar får meir å seie økonomisk, får også immaterielle rettar meir å seie næringspolitisk. Utviklinga aukar behovet for kompetanse og bevisstheit om handtering av immaterielle rettar som eit strategisk verktøy i utviklinga av norsk næringsliv. Ho aukar òg behovet for eit oppdatert regelverk som er tilpassa den nye økonomiske verkelegheita bedriftene våre handterer sine immaterielle verdiar i. Noregs framtidige konkurranseevne er avhengig av omstillingsdyktige verksemder og arbeidstakarar som tek i bruk og byggjer meir kunnskap, teknologi og utvikling inn i produkta sine. Dette inneber mellom anna ei god handtering av immaterielle verdiar. Politikken for immaterielle verdiar og rettar må difor vere ein integrert del av den norske næringspolitikken.

Regjeringa meiner at alle verksemder må vere bevisste på korleis dei handterer dei immaterielle verdiane sine, og vere like bevisste på immaterielle rettar som tilhøyrer andre.

Verksemdene har sjølve ansvaret for å innovere og for å handtere dei immaterielle verdiane sine på ein god måte. Offentlege styresmakter skal leggje til rette med gode rammevilkår for næringsutvikling og innovasjon og ein politikk som støttar opp om ei god handtering av immaterielle verdiar og rettar i verksemdene.

Regjeringa ønskjer å styrkje vilkåra for bruken av immaterielle rettar i næringslivet og i forskingsmiljøa ytterlegare. I denne meldinga presenterer vi ein politikk som skal bidra til meir strategisk og lønnsam bruk av immaterielle verdiar og rettar i norske bedrifter og forskingsmiljø.

4.2 Ein styrkt politikk for immaterielle verdiar og rettar

Den globale kunnskapsøkonomien og nye innovasjonsformer gir norsk næringsliv nye moglegheiter. Samtidig stiller det norske bedrifter, universiteter, høgskolar, helseforetak, forskningsinstitutt, og myndigheitsaktørar overfor nye utfordringar i handteringa av immaterielle verdiar og rettar. Norske bedrifter konkurrerer i stadig større grad internasjonalt, og med kunnskap som den fremste konkurransefaktoren. Omfanget av søknader og registrerte rettar har vakse kraftig dei seinaste åra, særleg i dei framveksande økonomiane. Omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalskingar aukar. Desse utviklingstrekka set både nasjonale og internasjonale system for forvaltning av immaterielle rettar under press, og krev ei omstilling i takt med utviklinga.

Utviklinga gjer også at stadig fleire får med immaterielle rettar å gjere. Det gjeld i særleg grad verksemder og institusjonar med aktivitetar knytte til forsking og innovasjon. Vidare gjer internasjonal aktivitet at verksemder og institusjonar må rette seg etter regelverk og praksis som varierer frå land til land. Stadig fleire rettar internasjonalt og eit større omfang av piratkopiering og varemerkeforfalsking krev at verksemdene har oversikt, overvakar konkurrentar og kartlegg sitt eige handlingsrom (såkalla «freedom to operate»-analysar). I dag inngår immaterielle rettar ofte som ein del av samarbeidsavtalar både mellom verksemder, forskningsaktørar, mellom verksemder og forskningsaktørar og mellom land. Vidare går aktørar ofte saman for å utnytte eksisterande rettar. Mekanismar som «patent pools», der medlemmane får rett til å utnytte patentrettane til kvarandre og krysslisensiering, der patenthavaren får tilgang til teknologien, fonda og alliansane til lisenstakaren, er vidare viktige samarbeidsformer innanfor enkelte næringar. Regjeringa ser behov for at det blir etablert ei breiare forståing for og bevisstheit rundt kva immaterielle verdiar og rettar betyr i Noreg, og vil leggje til rette for at norsk næringsliv betre kan utnytte det verdiskapingspotensialet som ligg i ei bevisst og strategisk handtering av slike verdiar og rettar. Politikken for immaterielle rettar femner breitt og vedkjem ei rekkje område, som justis-, kultur-, helse-, forskings- og næringspolitikk.

For å fremme større bevisstheit og kompetanse om og auka strategisk bruk av immaterielle rettar i norsk næringsliv, i offentleg sektor og blant andre relevante aktørar, vil regjeringa arbeide for å

  • slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar

  • betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar

  • vidareutvikle Patentstyret

  • vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle verdiar og rettar

  • nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalskingar

  • betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling

4.3 Slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar

Eit velfungerande system for immaterielle rettar krev ei god regulering av rolla til patentmyndigheitene, kva som blir verna, kor langt vernet strekkjer seg, og korleis dei immaterielle rettane blir sikra og handheva. Tilslutninga til internasjonale avtalar og eit oppdatert nasjonalt regelverk er viktig for å sikre velfungerande system for rettsvern. Det er med på å ta vare på konkurranseevna til norske verksemder ved at dei får sikra og handheva rettane sine på lik linje med verksemder i konkurrentlanda våre og på den måten stimulerer til utvikling av ny kunnskap i form av nye tekniske løysingar eller nye kulturelle uttrykk.

Noreg har no eit regelverk på området som i stor grad er tidsriktig og oppdatert. Det oppfyller fullt ut krava EØS-avtalen stiller. Regelverket er i stor grad harmonisert med det som gjeld i andre land, gjennom multinasjonale avtalar og EØS-avtalen.

Som eit ledd i arbeidet med å sikre norsk næringsliv best moglege konkurransevilkår internasjonalt vil regjeringa halde fram med å utvikle regelverket for immaterielle rettar. Regjeringa meiner at regelverket og systemet for immaterielle rettar i Noreg bør fungere som insentiv for både private og offentlege verksemder som vil investere i innovasjon og verdiskaping.

Regelverk og politikkutvikling på immaterialrettsfeltet involverer fleire ulike departement. Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for å utforme ein nasjonal innovasjonspolitikk, som mellom anna omfattar utviklinga av ein næringsretta politikk for immaterielle rettar. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lovgivinga om industrielt rettsvern. Kulturdepartementet har ansvaret for politikkutvikling og regelverk på opphavsrettsområdet, og Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for planteforedlarrett og utvikling av verna nemningar. Patentstyret ligg under Nærings- og handelsdepartementet.

I 2008 slutta Noreg seg til Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) og blei medlem av Den europeiske patentorganisasjonen (EPO). EPC gjer det mogleg for patentsøkjarar frå heile verda å få patentvern i dei landa som er tilslutta samarbeidet, gjennom éin søknad.

Før den norske EPO-medlemskapen kom innføringa av det såkalla patentdirektivet. I samband med gjennomføringa av patentdirektivet blei det innført ein ny paragraf i patentlova om plikt til å gi opplysningar i patentsøknader om opphavet til biologisk materiale, og etter kvart også tradisjonell kunnskap, som oppfinninga gjeld eller bruker. Formålet med desse reglane er å støtte opp under konvensjonen om biologisk mangfald. Vidare har eit utkast til forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale, til både naturmangfaldlova og havressurslova, vore på alminneleg høyring. Forskrifta skal mellom anna gjennomføre Nagoya-protokollen til Konvensjonen for biologisk mangfald av 1992. Protokollen regulerer tilgang til og fordeling av fordelar – såkalla benefit sharing – frå utnyttinga av genetiske ressursar. Forskrifta vil også være eit ledd i oppfølginga av regjeringa sin strategi for marin bioprospektering.

I samarbeid med regjeringane i Danmark og Island har regjeringa etablert Nordisk Patentinstitutt (NPI). Formålet med norsk deltaking i NPI er å sikre næringslivet eit godt tilbod av offentleg, patentfagleg kompetanse og motverke tap av kompetanse som følgje av redusert søknadsinngang til Patentstyret på grunn av norsk EPO-medlemskap. For små og mellomstore bedrifter, som ofte har avgrensa ressursar, er det spesielt viktig å oppretthalde ein slik nasjonal kompetanse. Det er også viktig å ha slik fagleg kompetanse tilgjengeleg for norske styresmakter. NPIs oppgåver er nyheitsgransking og vurderingar av patenterbarheit. For Patentstyret inneber NPI-samarbeidet nye arbeidsoppgåver, i form av granskingsoppdrag for internasjonale kundar, og ny kunnskap.

I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge varsla regjeringa ein revisjon av lov om Styret for det industrielle rettsvern (patentstyrelova), ny varemerkelov, tiltreding til Genève-avtalen, utgreiing av pantsetjing av immaterielle rettar og at det ville bli foreslått lovendringar for å styrkje stillinga til rettshavaren ved piratkopiering og varemerkeforfalsking. I meldinga blei også norsk tiltreding til London-avtalen, som har som formål å redusere omsetjingskrava knytte til EPO-patent, og endringane i arbeidstakaroppfinningslova og universitets- og høgskolelova, omtalte. Endringar i arbeidstakaroppfinningslova og universitets- og høgskolelova har frå 2003 gitt universitet og høgskolar større ansvar for kommersialisering av forskingsresultat og spreiing av kunnskap i samfunnet.

Den opphavlege patentstyrelova var frå 1910 og moden for fornying. I tillegg viste det seg eit behov for eit særskilt klageorgan for avgjerdene til Patentstyret. I 2012 blei det vedteke ei ny lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova). Den nye lova slår fast at Patentstyret skal behandle saker om industrielle rettar som fastsett i patentlova, føretaksnamnelova, designlova, varemerkelova og edelmetallova. I tillegg kan Patentstyret utføre informasjonstenester og skal elles leggje til rette for innovasjon og verdiskaping gjennom å vere eit kompetansesenter for industrielle rettar. Etter den nye lova er det oppretta eit eige uavhengig klageorgan, Klagenemnda for industrielle rettar. Nemnda skal behandle klagar på vedtak i Patentstyret, og erstattar Andre avdeling i Patentstyret. Eit slikt uavhengig klageorgan tydeleggjer uavhengigheita mellom første og andre behandlingsinstans. Bedriftene vil oppleve dette som tryggare, raskare og meir brukarvennleg. Lova tredde i kraft 1. april 2013.

I 2010 blei det vedteke ei ny varemerkelov. Lova gir rett til å forby andre å bruke teikn som kan forvekslast med varemerket til rettshavaren. Vern for varemerke kan ein oppnå ved registrering etter søknad til Patentstyret eller ved at varemerket blir innarbeidd. Den nye varemerkelova frå 2010 er i hovudsak ei modernisering av den gamle. Blant dei viktigaste endringane i lova er lovfesting av prinsippet om såkalla EØS-regional konsumpsjon. Det betyr at dersom ei vare blir omsett under eit verna varemerke innanfor EØS-området av rettshavaren eller med samtykke frå han, kan vara omsetjast vidare. I dag gjeld EØS-regional konsumpsjon for patent, opphavsrettar, designrett, kretsmønster og planteforedlarrettar. Fordi det ofte er fleire immaterielle rettar knytte til éi og same vare, er det praktisk med same konsumpsjonsreglar for alle rettstypane, også for varemerke. Endringa betyr også at norske bedrifter får same konkurransevilkår på dette området som bedrifter i dei andre EØS-landa.

Den nye varemerkelova innfører i tillegg ei ordning med administrativ overprøving av gyldigheita av ei varemerkeregistrering hos Patentstyret. Ordninga gir Patentstyret myndigheit til å kjenne eit varemerke heilt eller delvis ugyldig dersom ei registrering har skjedd i strid med registreringsvilkåra. Ei ordning med administrativ overprøving er eit enkelt og billig alternativ til søksmål om ugyldigheit eller sletting av registrerte varemerke som særleg vil vere til fordel for små og mellomstore bedrifter. Det vil også bidra til å gi reglane i varemerkelova om faktisk bruk av eit varemerke ein praktisk effekt.

I 2010 tiltredde Noreg den såkalla Genève-avtalen om internasjonal designregistrering. Det inneber at norske aktørar kan søkje designvern gjennom Haag-systemet og med det oppnå vern i fleire land gjennom éin søknad. Systemet forenklar prosessen med å verne design internasjonalt.

Trass i at den største delen av verdiane i ei bedrift er immaterielle, kan immaterielle rettar etter dagens regelverk berre pantsetjast saman med dei materielle verdiane i bedrifta, til dømes innbu. Det er i utgangspunktet heller ikkje høve til å pantsetje berre delar av dei immaterielle rettane og halde andre utanfor pantsetjinga. Dagens regelverk synest å vere relativt lite formålstenleg innretta. Høvet til å pantsetje immaterielle rettar kan særleg bidra til å lette kapitaltilgangen for bedrifta. På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet er det gjennomført ei utgreiing1 av spørsmålet om pantsetjing av immaterielle rettar. Etter dagens regelverk kan immaterialrettar ikkje pantsetjast særskilt, men vil eventuelt inngå i eit driftstilbehøyrspant saman med resten av driftstilbehøyrspanten i verksemda. Utgreiinga tilrår at det blir innført rett til særskild pantsetjing av patent og planteforedlarrett, men ikkje av andre immaterielle rettar. Samtidig blir det tilrådd at patent og planteforedlarrettar ikkje lenger bør vere omfatta av driftstilbehøyrspant. Vidare inneheld utgreiinga forslag til korleis tilrådingane kan følgjast opp gjennom endringar i pantelova, patentlova og planteforedlarlova. Utgreiinga har vore på høyring, og Justis- og beredskapsdepartementet vurderer ei vidare oppfølging.

Tilhøvet til EUs fellesskapsordningar for immaterielle rettar

EUs fellesordningar for immaterielle rettar inneber at ein søkjar kan oppnå vern i alle EU-land gjennom éin enkelt søknad, noko som bidreg til administrative og økonomiske innsparingar for bedriftene. Det har lenge eksistert slike fellesskapsordningar for varemerke og design. I desember 2012 blei det oppnådd einigheit om ei slik ordning også for patent. Ordninga omfattar 25 av dei 27 EU-landa, og skal etter planen tre i kraft våren 2014. Det vil vere Det europeiske patentverket som meddeler slike patent, som vil dekkje dei 25 landa under eitt. For tida greier Den europeiske patentorganisasjonen og EU ut strukturar og prising av avgiftene for å sikre at Einskapspatentet både blir attraktivt nok for bedriftene og økonomisk sjølvberande. Einskapspatentet er ikkje det same som dagens EPO-patent, som blir løyvde av Det europeiske patentverket, og vil heller ikkje erstatte denne ordninga. Korleis dei to systema vil fungere saman, må difor vurderast nærare.

Noreg er ikkje medlem av EU og kan, mellom anna av konstitusjonelle årsaker, ikkje bli ein del av EUs fellesskapsordningar for varemerke, design og patent. Av det grunnleggjande internasjonale regelverket på området følgjer det likevel at alle ordningar må vere opne for alle aktørar, og at alle aktørar må behandlast likt, uavhengig av nasjonalitet. Norske aktørar kan difor bruke EUs fellesordningar på lik linje med aktørar som høyrer heime i EU, og aktørar frå andre stader i verda.

Regjeringa merkar seg at EU arbeider med å få på plass europeiske fellesordningar på området industrielle rettar for å sikre meir kostnadseffektive ordningar og ein velfungerande indre marknad. Fellesordningar forenklar også søknadsprosessane og aukar rettstryggleiken for søkjarar som vil sikre seg rettar i i Europa. Auken i bruken av EU-varemerke av norske aktørar tyder på at ordninga fungerer etter føremålet.

Digitalisering og opphavsrett

Den raske utbreiinga av IKT på alle samfunnsområde fordrar eit regelverk om opphavsrett som både legg til rette for innovasjon og tek vare på immaterielle rettar. EU har sett i gang eit stort arbeid på opphavsrettsområdet som ledd i Den digitale agenda.2 Blant aktuelle problemstillingar er rettsklarering i den indre marknaden, regelverket for hitteverk («foreldrelause verk») og regelverket for kollektive forvaltningsorganisasjonar og multiterritorial lisensiering av musikkverk. Europakommisjonen fremma i juli 2012 forslag om eit direktiv om forvaltning av opphavsrettar i den indre marknaden. Regjeringa vil følgje den vidare regelverksutviklinga i EU på opphavsrettsområdet tett, mellom anna i samband med revisjonen av åndsverklova.

Regjeringa drøfta også utfordringar med opphavsrettar i Meld. St. 23 (2012-2013) Digital agenda for Norge. IKT for vekst og verdiskaping. Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet sette i 2011 ned eit offentleg utval for å sjå nærare på hindringar for internettbasert vekst og verdiskaping. Det såkalla Digitutvalet leverte i januar 2013 NOU 2013: 2 Hindre for digital verdiskaping, der immaterielle rettar har fått ein omfattande omtale. Rapporten blei sendt på høyring våren 2013. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vil vurdere vidare oppfølging i etterkant av høyringa.

Boks 4.1 Digitutvalet

Det regjeringsoppnemnde Digitutvalet la fram rapporten NOU 2013: 2 Hindre for digital verdiskaping i januar 2013. Rapporten tek for seg eit breitt spekter av rammevilkår som betyr mykje for innhaldsprodusentar i digitale kanalar, mellom andre kulturnæringane. Rapporten behandlar mellom anna regelverk som immaterialretten, infrastruktur som breiband, innretninga av digital nærings- og innovasjonspolitikk, ein heilskapleg kulturpolitikk og kompetanse. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vil følgje opp rapporten etter at han har vore på høyring våren 2013.

Digitutvalet tilrår ei brei, empiridriven immaterialrettsreform. Noreg bør arbeide internasjonalt for ei utvikling av immaterialretten, slik at han blir tilpassingsdyktig for framtidig teknologisk utvikling. Utvalet meiner mellom anna at

  • regelverket bør utformast for å tillate nye bruksformer som ikkje undergrev interessene til objektet eller rettshavaren

  • vernetida bør optimaliserast, og at Noreg må ta ei aktiv rolle internasjonalt, særleg gjennom kontaktflater i FN, EU og WTO

  • dataportabilitet for all brukarskapt meirverdi må sikrast, og at lånereglar og rett til bruk innan den private kretsen blir avklarte og lovfesta

Innføring av pediatriforordninga

Medisinar som ikkje er utprøvde for bruk til barn, kan utgjere ein risiko mot helsa deira. EU vedtok i 2006 ei forordning (EF) nr. 1901/2006 om legemiddel til barn. Formålet med forordninga er å fremme utviklinga og godkjenninga av legemiddel til barn, sikre at barns behov blir tekne vare på i utviklinga av nye legemiddel, og at tilgjengeleg informasjon blir kvalitetssikra. Bakgrunnen er ei erkjenning av at legemiddel i mange tilfelle verkar annleis på barn enn på vaksne. Som eit insentiv for det ekstra forskings- og utviklingsarbeidet industrien utfører, blir det, gjennom eit supplerande vernesertifikat, gitt ein rett til å få forlengt patentvernetida for eit legemiddel med seks månader. Forlenginga av vernetida er ein del av belønningssystemet for å stimulere til utvikling og utprøving av legemiddel som er meinte for barn. Forordningane3 er ikkje tekne inn i EØS-avtalen og ikkje gjennomførte i norsk lov. Det gjeld difor ikkje reglar om forlengd vernetid i Noreg i dag. At forordninga enno ikkje er teken inn i EØS-avtalen, kjem av at forhandlingar mellom EFTA- og EU-sida om kva tilpassingar som skal gjerast ved innlemming av forordninga i EØS-avtalen, ikkje er avslutta. Desse forhandlingane gjeld andre sider ved forordninga enn spørsmålet om forlengd vernetid for patent.

Regjeringa gir arbeidet med å finne ei løysing høg prioritet og har som mål at forordningane skal takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett så raskt som mogleg.

London-avtalen

Innanfor Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) må søknader om patent leverast på engelsk, tysk eller fransk. Søknadene blir behandla av Det europeiske patentverket, for deretter å bli gjorde gjeldande i dei enkelte landa som er tilslutta systemet. Eit patent består av fleire delar. Av dei er det patentkrava som definerer det juridiske vernet. Heile patentet må likevel omsetjast til det offisielle språket i kvart land der patentet skal gjerast gjeldande. For at eit patent til dømes skal gjerast gjeldande i Noreg, må det omsetjast til norsk.

London-avtalen er ein tilleggsavtale til EPC og tredde i kraft i 2008. Avtalen inneber at krava til omsetjing blir reduserte frå å gjelde heile patentet til berre å gjelde patentkrava. For næringslivet inneber dette ein betydeleg reduksjon i kostnader til omsetjing.

I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge blei det varsla at regjeringa ville komme tilbake med ei vurdering av spørsmålet om ei eventuell norsk tilslutning til London-avtalen i lys av erfaringane frå norsk medlemskap i EPO og erfaringar frå land som har slutta seg til avtalen.

Per i dag har 18 av 38 EPO-medlemsland slutta seg til London-avtalen. Mellom dei er alle våre nordiske naboland. Ei undersøking gjord av EPO viser at det i praksis er lite etterspurnad etter omsetjingar av EP-patent, og at næringslivet blir påført unødige kostnader når det blir kravd at heile patentteksten skal omsetjast til nasjonale språk. I dei landa som har tiltredd avtalen, kan ein likevel framleis krevje at patenthavaren leverer ei fullstendig omsetjing av heile patentet på språket i det aktuelle landet i tilfelle det skulle oppstå ein konflikt om patentet.

Norsk tilslutning til London-avtalen vil redusere kostnadene med å gjere europeiske patent gjeldande i Noreg, både for utanlandske og for norske patentsøkjarar. Det kan ha mykje å seie for norsk næringsliv.

Regjeringa meiner at mykje talar for ei norsk tilslutning til London-avtalen. Nærings- og handelsdepartementet vil sende på høyring eit forslag om å tiltre London-avtalen i løpet av hausten 2013. Høyringa vil også omfatte eit forslag om at nasjonale patentsøknader kan leverast på engelsk.

Rettstvistforsikring

Ei mogleg forklaring på den relativt låge patenteringsgraden blant norske verksemder er at små og mellomstore bedrifter opplever det som vanskeleg å forsvare rettane sine i ei eventuell rettssak mot større aktørar, anten på grunn av mangel på kompetanse eller på grunn av manglande økonomiske ressursar. I den samanhengen har det vore trekt fram at det ikkje finst kommersielle forsikringsordningar som kan bidra til kostnadsavlasting ved ein eventuell tvist.

Ei rettstvistforsikring for immaterielle rettar kan redusere risikoen for at små og mellomstore bedrifter må ut med store beløp til rettssaker eller til erstatningar i saker om immaterielle rettar.

I Danmark har det danske patentverket medverka til at eit slikt privat tilbod er etablert. Dei har i dag informasjon om tilbodet på nettsida si, men har elles inga rolle.

På denne bakgrunnen vil Nærings- og handelsdepartementet be Patentstyret greie ut om det er mogleg å få etablert private, kommersielle tilbod om rettstvistforsikringar for immaterielle rettar også i den norske marknaden.

Vitnefritak og autorisasjonsordning for patentfullmektigar

Norsk patentfullmektigbransje er ein del av norsk tenesteytande næringsliv og speler ei sentral rolle som samarbeidspartnar og kompetanseressurs for norsk næringsliv. Auka internasjonalisering har medverka til at internasjonale aktørar har komme inn på den norske marknaden for patentfullmektigar og no konkurrerer om norske kundar. På same måte kan norske patentfullmektigar ta på seg oppdrag for utanlandske kundar.

I fleire land, som USA og Storbritannia, er patentfullmektigar fritekne for vitneplikt i rettssaker. Etter norsk rett har ikkje patentfullmektigar eit slikt fritak. Det gjer at verksemder som nyttar norske patentfullmektigar i rettssaker om patent i land med fritak for vitneplikt vil, kunne oppleve at fullmektigane kan påleggjast å gi forklaring om sensitive tilhøve for bedrifta. Dette kan oppfattast som ei konkurranseulempe for norske fullmektigar og gjere dei mindre attraktive å bruke samanlikna med konkurrentar frå land med vitnefritak. Regjeringa vil sjå nærare på behovet og moglegheitene for vitnefritak for patentfullmektigar.

Vidare er det ei rekkje land som krev autorisasjon for å kunne utøve rolla som patentfullmektig. Slik er det også for dei som skal opptre i saker ved Det europeiske patentverket (EPO). Patentfullmektigar som utøver ei rolle som patentfullmektig overfor EPO, er fritekne frå å røpe fortruleg informasjon om saka til ein klient overfor EPO. Dette blir omtalt som patentrådgivar–klient-privilegiet.4 Då Noreg slutta seg til EPO i 2008, fekk kvalifiserte norske fullmektigar ein såkalla bestefarsautorisasjon til å opptre som fullmektig overfor EPO. Norske patentfullmektigar som ikkje har hatt høve til å bli godkjende på denne måten, må greie ein europeisk eksamen, European Qualifying Examination (EQE), for å kunne bli godkjende som europeiske patentfullmektigar (EPA). Spørsmålet om det skal innførast ei offentleg autorisasjonsordning for patentfullmektigar i Noreg, har vore utgreidd tidlegare.5 Konklusjonen i 1979 var at det ikkje var tenleg for konkurransen i marknaden å innføre ei slik ordning. Denne typen reguleringar blei sett på som fordyrande og unødvendige.

Regjeringa meiner at tida er inne for å vurdere på nytt om det bør innførast ei norsk autorisasjonsordning for patentfullmektigar. Nærings og handelsdepartementet vil ta initiativ til ei slik vurdering.

Betre informasjon om registrering av varemerke, føretaksnamn og domenenamn

Registrering av føretaksnamn skjer i Brønnøysundregisteret, registrering av varemerke i Patentstyret og domenenamn hos Norid. Lovgivingsansvaret for føretaksnamn, varemerke og domenenamn ligg hos høvesvis Nærings- og handelsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet.

Næringsdrivande må i dag søkje om varemerke, føretaksnamn og domenenamn under tre ulike ordningar, på tre ulike måtar og hos tre ulike registreringsmyndigheiter. Næringslivet kan oppleve dette som krevjande og forvirrande.

Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Patentstyret, i samråd med Norid og Brønnøysundregistra, vurdere korleis informasjon og rettleiing kan gjere det klarare og enklare for næringslivet å registrere føretaksnamn, varemerke og domenenamn.

Marknad for immaterielle rettar

Velfungerande marknader for omsetning av immaterielle rettar, mellom anna kjøp, sal og lisensiering, kan bidra til ny innovasjon og teknologioverføring. Internasjonalt er det ei utvikling der det blir etablert marknadsplassar for omsetning av immaterielle rettar, initiert av private eller offentlege aktørar. Regjeringa meiner det må leggjast til rette for at norsk næringsliv har tilstrekkeleg kunnskap om slik handel, slik at også norske aktørar kan ta del i denne typen aktivitetar. Det er opp til næringslivet sjølv å etablere eventuelle marknadsplassar for immaterielle rettar. Regjeringa vil følgje med på utviklinga av slike marknadsplassar.

Oppsummering

For å slutte Noreg til internasjonale avtalar og oppdatere regelverk og ordningar vil regjeringa

  • sende på høyring forslag om norsk tilslutning til London-avtalen, mellom anna eit forslag om at nasjonale patentsøknader til Patentstyret kan leverast på engelsk

  • undersøkje om det er mogleg å få etablert eit privat, kommersielt tilbod om rettstvistforsikring for immaterielle rettar i den norske marknaden

  • vurdere behovet og moglegheitene for vitnefritak for patentfullmektigar og innføring av ei norsk autorisasjonsordning

  • be Patentstyret, i samråd med Norid og Brønnøysundregistra, vurdere korleis informasjon og rettleiing kan gjere det klarare og enklare for næringslivet å registrere føretaksnamn, varemerke og domenenamn

4.4 Betre opplæringa i immaterielle verdiar og rettar

Det at immaterielle rettar har fått meir å seie, gjer at behovet no er større for kompetanse og bevisstheit om handtering av immaterielle rettar i heile samfunnet.

Som omtala i kapittel 1 er det auka etterspurnad etter medarbeidarar og kandidatar med utdanning innanfor immaterielle rettar i ulike delar av næringslivet. Det indikerer behov for eit utdanningstilbod om immaterielle rettar innanfor ulike fagretningar, som jus, teknologi, økonomi og administrasjon.

Eit betre utdanningstilbod vil bidra til å møte det aukande behovet for kompetanse om immaterielle rettar blant framtidige arbeidstakarar, i næringslivet, i patentekspertbransjen, i verkemiddelapparatet og i rettsvesenet. Vidare vil eit etter- og vidareutdanningstilbod i immaterielle rettar bidra til å heve og utvikle kompetansenivået hos dagens arbeidstakarar.

Sjølv om det er etablert enkelte utdanningstilbod som inkluderer immaterielle rettar, er det samla tilbodet framleis lite. I tillegg er det få tilsette i den norske universitets- og høgskolesektoren som underviser eller forskar innanfor strategisk bruk av immaterielle verdiar og rettar. Slik regjeringa vurderer det, reflekterer ikkje utdanningstilbodet den auka aktiviteten og betydninga av immaterielle rettar.

Regjeringa er oppteken av at tilbodet om opplæring i immaterielle rettar må bli betre i heile utdanningsløpet – i grunn- og vidaregåande opplæring, i høgare utdanning og i relevante etter- og vidareutdanningar.

Immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring

Barn og unge er framtidas arbeidstakarar i eit arbeidsliv der immaterielle verdiar og rettar får stadig meir å seie. Barn og unge møter tidleg krav om handtering av både eigne og andres immaterielle rettar, til dømes gjennom bruk av digitale medium og entreprenørskap i skolen. Tidleg opplæring i handtering av immaterielle rettar blant barn og unge vil difor gi dei betre ferdigheiter i å handtere desse krava. Regjeringa meiner at opplæring av barn og unge i å handtere immaterielle rettar bør vere ein del av arbeidet med å utvikle dømmekrafta deira når det gjeld å vurdere og å bruke digital informasjon.

Gjennom prosjektet Du bestemmer har Teknologirådet, Datatilsynet og Senter for IKT i utdanninga gått saman om eit gratis undervisningsopplegg for elevar frå mellomtrinnet til vidaregåande. Målet er å auke kunnskapen om personvern og heve bevisstheita om vala dei gjer når dei bruker digitale medium som Internett og mobiltelefon. Ei evaluering av undervisningsopplegget viser ei positiv haldningsendring blant elevane som har teke det i bruk.

I handlingsplanen Entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014 blir det poengtert kor viktig kompetanseheving om immaterielle rettar er for vern og strategisk bruk av rettar i forretningsutvikling. Regjeringa vil leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap skal få større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar, særleg dei som er involverte i aktiviteten Studentbedrift. Nærings- og handelsdepartementet vil følgje opp dette overfor Ungt Entreprenørskap.

Regjeringa meiner det er viktig at det finst tilbod om informasjon og opplæring i immaterielle rettar tilpassa barn og unge. Opplæring av barn og unge innanfor immaterielle rettar bør skje ved hjelp av informasjon og rettleiingsmateriell som er tilpassa målgruppa. Nærings- og handelsdepartementet vil be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for feltet immaterielle rettar og vurdere ei tilrettelegging av eigna støtte- og rettleiingsmateriale. Ein bør først og fremst ta sikte på tilpassing og gjenbruk av støtte- og rettleiingsmateriale som ligg føre internasjonalt, til dømes nettsida USPTO For Kids6 og WIPOs publikasjonar for unge og skolar7. Ein bør også ta sikte på at opplæringa skjer gjennom etablerte kanalar og allereie sett igang opplæringprosjekt retta mot barn og unge, som til dømes prosjektet Du bestemmer.

Immaterielle rettar i høgare utdanning

Næringslivet, forskingsaktørane og verkemiddelapparatet har eit aukande behov for kandidatar med kompetanse innanfor immaterielle rettar. Verksemder med forskings- og innovasjonsaktivitet treng tilstrekkeleg bevisstheit og kompetanse for å handtere eigne verdiar, for å kunne utnytte verdiane best mogleg for verksemda og for å unngå krenkingar av andre sine rettar. Høgare utdanningsinstitusjonar treng samtidig kompetanse for å undervise i immaterielle rettar, og for å balansere omsynet til spreiing av kunnskap mot omsynet til sikring av immaterielle rettar av verdiar baserte på forskinga. Samtidig treng verkemiddelaktørane kompetanse for å gi god rettleiing og vurdere søknader frå næringslivet.

I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge varsla regjeringa utvikling av eit betre undervisningstilbod om immaterielle rettar ved universitet og høgskolar. Dette blei mellom anna følgt opp med ei utlysing av midlar i 2009 og 2010 til etablering av utdanningstilbod om immaterielle rettar ved universitet og høgskolar. Midlane resulterte i fire prosjekt der det blei utvikla undervisningsopplegg retta mot bachelor-, master- og doktorgradskandidatar. Somme prosjekt var retta mot juridisk utdanning, medan andre la vekt på utdanningstilbod i strategisk og forretningsmessig bruk av immaterielle rettar. Nokre av prosjekta blei innlemma i etablerte utdanningsløp innanfor økonomiske, kreative og tekniske fag.

Regjeringa meiner at den omtalte auka betydninga av immaterielle rettar for næringsutvikling og verdiskaping bør reflekterast i eit betra utdanningstilbod ved norske universitet og høgskolar, og regjeringa ønskjer å leggje til rette for utvikling av eit breitt utdanningstilbod på feltet immaterielle rettar. Regjeringa er kjend med at det ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) blir jobba med å byggje ut utdanningstilbodet innen immaterielle rettar og etablere eit forskingsbasert undervisningstilbod i immaterielle rettar. Initiativet blir planlagt i samarbeid med mellom anna Patentstyret.

Mange doktorgradsstudentar er, eller vil bli, involverte i innovasjonar der spørsmål om handtering av immaterielle rettar dukkar opp. Doktorgradsstudentar bør difor ha tilstrekkeleg kunnskap om immaterielle rettar. Regjeringa meiner det er viktig at doktorgradsstudentar får opplæring i immaterielle rettar der det er relevant. Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar som blir finansierte ved hjelp av midlar frå Nærings- og handelsdepartementet, der det er formålstenleg, inneheld opplæring i immaterielle rettar. Det vil ei slik opplæring vere særleg relevant å vurdere i samband med ordninga med Nærings-ph.d.

Regjeringa meiner at gode fag- og forskingsmiljø er ein føresetnad for eit godt undervisningstilbod, både på juridiske, teknologiske, økonomiske og administrative fagområde. Dette krev eit visst omfang av professorat og stipendiatstillingar på fagområdet. Nærings- og handelsdepartementet vil difor vurdere å opprette gåveprofessorat og tilhøyrande stipendiatstillingar på feltet immaterielle rettar.

Immaterielle rettar i etter- og vidareutdanning

Etter- og vidareutdanning sikrar oppdatering og utvikling av kompetansen blant medarbeidarane, og styrkjer omstillingsevna til verksemda.

Etter- og vidareutdanningstilbodet innanfor immaterielle rettar er spreidd. Enkelte universitet tilbyr undervisning i grunnleggjande spørsmål innanfor juridiske og naturvitskaplege fag. Som nemnt over arbeider Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med å etablere eit nytt forskingsbasert undervisningstilbod i immaterielle rettar. Initiativet vil mellom anna innehalde eit tilbod for etter- og vidareutdanning.

Regjeringa vil følgje dette arbeidet med tanke på å hente ut erfaringar for vidare utvikling av etter- og vidareutdanningstilbodet innanfor immaterielle rettar. Samtidig er verksemdene sjølve ansvarlege for å fylle behovet for etter- og vidareutdanning blant medarbeidarane. Ei vidare utvikling vil difor bli vurdert i samarbeid med næringslivet, forskingsmiljøa og andre relevante aktørar.

Oppsummering

For betre opplæringa i immaterielle verdier og rettar vil regjeringa

  • leggje til rette for at deltakarar i Ungt Entreprenørskap får større kompetanse og bevisstheit om immaterielle rettar

  • be Patentstyret innleie ein dialog med Utdanningsdirektoratet, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Ungt Entreprenørskap med sikte på å skape interesse for immaterielle rettar i grunn- og vidaregåande opplæring

  • be Forskingsrådet arbeide for at doktorgradsutdanningar som blir finansierte med midlar frå Nærings- og handelsdepartementet, inneheld opplæring i immaterielle rettar der det er formålstenleg

  • vurdere å opprette gåveprofessorat og tilhøyrande stipendiatstillingar på feltet immaterielle rettar

4.5 Vidareutvikle Patentstyret

4.5.1 Patentstyret si rolle i samfunnet

Norsk næringsliv konkurrerer i aukande grad på å selje varer og tenester som er utvikla med kunnskap og kompetanse som den viktigaste innsatsfaktoren. Ifølgje Verdsorganisasjonen for immaterielle rettar (WIPO) utgjer immaterielle verdiar 80 prosent av dei samla verdiane i verksemdene.8 Handtering av immaterielle verdiar og rettar kan i mange tilfelle vere heilt avgjerande for verdiskapinga i verksemdene. Difor har immaterielle verdiar og rettar betydning for verdiskapinga i næringslivet, for næringspolitikken og for økonomien som heilskap. Alle verksemder har immaterielle verdiar i ulike former, anten det er kompetansen hos medarbeidarane, føretaksnamn, domenenamn, produksjonsprosessar, framgangsmåtar, databasar, hemmelege oppskrifter, merkevarer, design, åndsverk, teknologi eller oppfinningar.

Handel med immaterielle verdiar aukar i takt med ein meir utstrekt økonomisk produksjon i verda, og det dukkar stadig opp nye marknadsaktørar og marknadsmekanismar som legg til rette for omsetning av slike verdiar. Internasjonale tal viser at inntekter frå lisensar auka frå 2,3 milliardar USD i 1970 til 27 milliardar USD i 1990, og til 180 milliardar USD i 2009.9 Det er også ein global auke i talet på immaterielle rettar. Sidan 1980-talet er talet på varemerkesøknader tredobla og søknader om design dobla. I 2012 var det på verdsbasis 7,9 millionar patent i kraft og nesten 23 millionar varemerke.10 Kina er i dag det landet som har sterkast vekst i talet på rettssøknader.

Piratkopiering og varmerkeforfalsking skjer i stort omfang. Verdien av internasjonalt omsette varemerkeforfalskingar og piratkopiar var ifølgje ein rapport frå OECD på om lag 200 milliardar USD i 2005 og har auka med 25 prosent i perioden 2007–2009.11

All nyskaping inneber ein risiko for innovatørane. Immaterielle rettar reduserer denne risikoen ved å auke moglegheitene til å sikre avkastning på den investeringa som oppfinnaren eller verksemda har gjort. Immaterielle rettar bidreg til at den som har hatt utviklingskostnadane ved å skape noko nytt, også kan hauste gevinstane. Ein søknad om registrering av ein rett inneber samtidig at kunnskapen om sjølve innovasjonen blir offentleggjord for resten av samfunnet. Særleg for patent er dette ein viktig måte å spreie kunnskap på som igjen kan leggje til rette for vidare innovasjon.

Patentstyret er ein næringspolitisk reiskap for å fremme innovasjon. Gjennom forvaltning og spreiing av kunnskap om industrielle rettar er Patentstyret ein del av det norske innovasjonssystemet. Regjeringa meiner at eit velfungerande immaterialrettssystem og ei velfungerande myndigheit er eit sentralt rammevilkår for at verksemder skal velje å basere den nyskapande verksemda si i Noreg.

Regjeringa ønskjer at Patentstyret skal utvikle seg vidare, både som forvaltar av og som eit kompetansesenter for industrielle rettar i Noreg. Patentstyret har i dag mål om å:

  1. behandle søknader om industrielle rettar med riktig kvalitet og behandlingstid

  2. bidra til å auke kunnskapen om industrielle rettar i Noreg

For at Patentstyret skal lykkast i å nå desse måla, må etaten ha tilstrekkeleg og riktig kompetanse og gode rutinar for effektiv saksbehandling. Regjeringa vil be Patentstyret gjennomføre ein intern strategiprosess som mellom anna skal munne ut i ein plan for oppfølging av dei tiltaka i meldinga som har med etaten å gjere. I tilknyting til denne strategiprosessen vil Nærings- og handelsdepartementet vurdere korleis mål- og resultatstyringa av etaten bør utviklast vidare.

4.5.2 Eit system for effektiv søknadsbehandling

Patentstyrets fyrste hovudmål er å behandle søknader om industrielle rettar med riktig kvalitet og behandlingstid.

Regjeringa meiner at ei søknadsbehandling av rett kvalitet står fast som fundament for verksemda til Patentstyret. Det følgjer også av dei forpliktingane Noreg har i det internasjonale patentsystemet. Patentstyret skal ha ei effektiv og ressurssvarande søknadsbehandling. Regjeringa støttar Patentstyret si vektlegging av dette. Etaten bør halde fram med å måle seg mot beste praksis i andre patentverk og andre relevante etatar for å lære og for å utvikle sin eigen kompetanse.

Nedarbeiding av restansar

I 2010 låg det 5,2 millionar patentsøknader til behandling ved verdas patentverk.12 Den aukande mengda med søknader verda over har ført til ei opphoping av ikkje-avgjorde søknader på patentområdet. Grunnen til opphopinga av patentsøknader er at internasjonaliseringa også fører til at oppfinningar blir patentsøkte i stadig fleire land, i tillegg til at saksbehandlinga i seg sjølv tek lang tid.

Nedarbeiding av restansar har fått stor merksemd verda over, og det er lagt ned betydelege ressursar i å redusere omfanget. Ei vanleg saksbehandlingstid på tre år kan synast som lang tid, men det er internasjonal einigheit om at dette er akseptabelt, og det ligg òg som målsetjing i Det europeiske patentverket. Dette målet tek omsyn til at saksbehandlingstida ikkje berre er avhengig av kapasiteten og tidsbruken i den enkelte saka, men også av til dels lange svarfristar for søkjaren og innkomsten av informasjon og avgjerder frå andre patentverk.

Søknadsbehandlinga på patentområdet har også blitt meir arbeidskrevjande ved at søknadene er meir komplekse og omfattande enn før, samtidig som fleire ligg føre på framande språk, til dømes asiatiske. Dette tvingar dei enkelte patentverka til å effektivisere si eiga søknadsbehandling og til auka samarbeid om gjenbruk av granskingsmateriale. For design- og varemerkesøknader er behandlingstida vesentleg kortare, og der er det ikkje opphoping av søknader.

Sjølv om norske aktørar kan søkje om patent gjennom Det europeiske patentverket (EPO), har Patentstyret framleis ein stor inngang av søknader på dei ulike rettsområda. Totalt kom det inn om lag 16 500 søknader i 2012. Av dei var om lag 1 500 patentsøknader, 14 000 varemerkesøknader og 1 000 designsøknader. Patentstyret avgjorde om lag 20 000 søknader, fordelte på om lag 4 000 patentsøknader, 15 000 varemerkesøknader og 1 000 designsøknader, og innvilga meir enn 15 000 industrielle rettar fordelte på 1 300 patent, 12 800 varemerke og 1 150 design.

Reduksjonen i talet på patentsøknader som kjem inn til Patentstyret, har på kort sikt ingen direkte effekt på arbeidsmengda i etaten. Dette kjem av at det i 2010 var nærare 25 000 søknader som låg til behandling i etaten. Både for næringslivet og for samfunnet er det ønskjeleg å få avklart rettssituasjonen så raskt som mogleg innanfor ramma av ei forsvarleg saksbehandling.I 2009 utarbeidde Patentstyret på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet ein nedarbeidingsplan for restansane sine. Målet i planen er at den gjennomsnittlege reelle saksbehandlingstida for patentsøknader skal liggje på rundt tre år ved utgangen av 2017. Den reelle nedarbeidinga av restansar er mellom anna avhengig av kor mange nye søknader som kjem inn, saksbehandlingstid per sak og talet på saker som framleis er under behandling. Patentstyret har følgt planen i fleire år, og restansesituasjonen i etaten er no rekna for å vere under kontroll. Gjennom ei bevisst prioritering er restansane per 2012 nedarbeidd til i overkant av 18 000 søknader.

Regjeringa føreset at Patentstyret framleis følgjer opp nedarbeidingsplanen.

Norsk medlemskap i EPO

Noreg tiltredde Den europeiske patentkonvensjonen (EPC) i 2008. Den europeiske patentorganisasjonen (EPO) gjer det enklare og billigare for bedrifter å søkje patent i medlemslanda. Den norske medlemskapen i EPO inneber også at den som vil ha patent i Noreg, som alternativ til å søkje via Patentstyret, kan søkje om dette via Det europeiske patentverket. For bedriftene betyr det enklare saksbehandling, i tillegg til at éin søknad kan gi patent i nærare 40 land.

For Patentstyret førte norsk medlemskap i EPO som venta til ein vesentleg reduksjon i utanlandske patentsøknader frå og med andre halvår 2009. Det inneber i praksis både redusert omfang av kompetansegivande arbeid og reduserte inntekter.

Søknadsbehandlinga til Patentstyret er bunden opp til regelverket som følgjer av EPC, og etaten har som følgje av den norske medlemskapen i EPO blitt ein del av det europeiske patentsystemet. Patentstyret er dermed i eit tett samarbeid med patentverka i Europa og med EPO. EPO-medlemskapen gir også Patentstyret tilgang til ei rekkje ressursar, til dømes IKT-system, databasar og teknisk samarbeid, i tillegg til vidareutdanning gjennom European Patent Academy.

Regjeringa legg vekt på at Patentstyret utnyttar dei moglegheitene som EPO-medlemskapen gir, og aktivt representerer Noreg i Forvaltningsrådet og dei underliggjande komiteane til rådet.

Etablering av Nordisk Patentinstitutt

For å kompensere for reduksjonen i inngang av søknader og kompetansegivande oppgåver til Patentstyret var det ei strategisk avgjerd for Noreg å delta i opprettinga av Nordisk Patentinstitutt (NPI) i 2008. Som følgje av EPO-medlemskapen fall søknadsinngangen til Patentstyret frå 6 000–7 000 patentsøknader årleg til omtrent 1 500 søknader. Dette talet er for lågt til at Patentstyret over tid kan halde oppe den nødvendige kompetansen både i breidda og djupna på alle fagområda i etaten og dermed i Noreg.

NPI er eit samarbeid mellom Danmark, Island og Noreg som har som formål å bidra til å halde oppe eit tilstrekkeleg tilfang av inntekts- og kompetansegivande oppgåver for patentmyndigheitene i landa. For Patentstyret skal NPI-medlemskapen bidra til at etaten kan oppfylle målet om å kunne tilby behandling av patentsøknader og fagkompetanse på alle tekniske område og vere eit fullt ut granskande patentverk. Regjeringa meiner dette er nødvendig for at Patentstyret også over tid skal vere til nytte for breidda av norsk næringsliv. NPI har ikkje eigne tilsette patentgranskarar, men nyttar ressursar frå patentverka som deltek, i hovudsak frå Patentstyret og frå den danske Patent- og Varemærkestyrelsen.

Nordisk Patentinstitutt er godkjent som PCT-myndigheit, og tilbyr i utgangspunktet to typar tenester. Som ein del av PCT-systemet tilbyr NPI i hovedsak gransking av internasjonale søknader og førebels patenterbarheitsvurdering. Desse tenestene kan per i dag nyttast av søkjarar frå Island, Danmark, Noreg og Sverige. Gebyrsatsane for tenestene er fastsette under PCT-avtalen. NPI tilbyr også patentgranskingstenester til verksemder utanfor deltakarlanda, per i dag hovudsakleg i USA og enkelte europeiske land.

Med opprettinga av NPI har Patentstyret fått tilført nye oppgåver som så langt har utgjort ein liten del av verksemda til Patentstyret. Det kjem mellom anna av at Patentstyret må balansere nedarbeiding av eigne restansar mot innfasing av NPI-oppgåver. I 2012 utførte Patentstyret likevel nærare tre gonger så mange NPI-oppdrag som i 2011. Målsetjinga er at NPI-aktivitetar i framtida skal utgjere ein større del av verksemda til Patentstyret på patentområdet.

Regjeringa er oppteken av at NPI skal lykkast i verksemda, slik at den breie kompetansen Patentstyret har på alle teknologifelt, kan haldast oppe. Kundane må ønskje å nytte NPIs tenester, og det må leggjast til rette for eit godt samarbeid mellom dei landa som deltek, slik at NPI framstår for kundane som ei veldriven verksemd. Regjeringa ventar at restansane i Patentstyret blir nedarbeidde i tråd med planen, slik at omfanget av NPI-arbeidet i etaten etter kvart kan aukast. For å lykkast med NPI-arbeidet er det viktig at kompetansen til dei tilsette blir utvikla vidare og er oppdatert innanfor teknologi, patentfag, språk og kundefokus.

Nasjonal søknadsbehandling med eit globalt perspektiv

Norsk næringsliv søkjer ofte om immaterielle rettar også i andre land enn Noreg. Det lettar difor arbeidet til rettssøkjaren og gjer utfallet av søknadsbehandlinga meir føreseieleg dersom søknadsbehandlinga til Patentstyret i størst mogleg grad er harmonisert med internasjonalt regelverk og praksis.

På patentområdet skal behandlinga av søknader vere harmonisert med EPO, innanfor rammene av gjeldande norsk rett. Det betyr at ein søknad skal behandlast på same måte av Patentstyret som av Det europeiske patentverket. Det krev aktiv innsats å halde kompetansen i etaten oppdatert og sikre at vedtak er i tråd med gjeldande regelverk og praksis. For at Patentstyret skal kunne operere godt innanfor EPO-systemet, må Patentstyret ha tilstrekkeleg teknologisk og patentfagleg kompetanse til å behandle svært krevjande søknader, også innanfor nye teknologifelt og/eller felt der søknadsinngangen er liten. Dette er kompetanse som kjem norsk næringsliv til gode.

Somme næringslivsaktørar ønskjer raskast mogleg behandling av patentsøknader i enkelte viktige utanlandsmarknader. Globalt er det inngått mange avtalar om hurtig søknadsprosess mellom ulike patentverk, såkalla Patent Prosecution Highway (PPH). Avtalane inneber at patentsøknader for ei raskare avklaring. Erfaringar frå USA har vist at ni av ti PPH-søknader blir godkjende, mot halvparten av vanlege søknader. Samtidig blir den samla behandlingstida redusert til ein tredjedel. I USA, til dømes, er saksbehandlingstida redusert frå nesten tre år til under tolv månader.13 Ein føresetnad for raskare behandling er at søkjaren i større grad enn vanleg er villig til aktivt å følgje opp sin eigen patentsøknad. Patentstyret skal leggje til rette for at patentsøkjarar med søknader som tilfredsstiller kriteria, skal få raskare søknadsbehandling gjennom dette systemet. I dag har Patentstyret inngått PPH-avtalar med USA (USPTO) og Japan (JPO). Regjeringa er oppteken av å nytte PPH, slik at norske verksemder raskast mogleg kan få avklart patentrettar i utanlandske marknader.

Særleg små bedrifter har ofte avgrensa kompetanse om immaterielle rettar, søkjer få rettar og har få ressursar å avsjå til sikring og handtering av eigne immaterielle rettar. Små og mellomstore bedrifter står for i overkant av 40 prosent av patentsøknadene til Patentstyret, og desse nyttar hovudsakleg den nasjonale patentmyndigheita. For mange små og mellomstore bedrifter er det viktig med språkleg, kulturell og geografisk nærleik til kompetanse og rettleiing om industrielle rettar. Patentstyret speler difor ei særleg viktig rolle for små og mellomstore bedrifter, som behandlar av søknader og som kompetansesenter.

Oppsummering

For å vidareutvikle eiga søknadsbehandling skal Patentstyret

  • effektivisere si eiga søknadsbehandling gjennom vidareutvikling av dei teknologiske verktøya, forbetra intern organisering, auka gjenbruk av relevant granskingsmateriale og auka samarbeid med andre patentverk, mellom anna ved å inngå avtalar om raskare saksbehandling (PPH-avtalar)

  • aktivt følgje med og overvake den teknologiske utviklinga og analysere kva konsekvensar ho kan ha for søknadssamansetnaden i framtida. Etaten må vere spesielt merksam på vidareutvikling av sin eigen teknologiske kompetanse på område under utvikling. Dette vil gjere etaten i stand til å handtere teknologisk utvikling på ein god måte i søknadsbehandlinga – i samarbeidet med EPO, i arbeidet med Nordisk Patentinstitutt og generelt i rolla overfor norsk næringsliv

  • vurdere korleis det kan måle seg mot andre patentverk for å lære av beste praksis. Etaten bør utvikle vidare samarbeidet og kunnskapsoverføringa mellom anna med EPO, OHIM, andre europeiske patentverk, USPTO, JPO, andre offentlege myndigheiter i Noreg og ved behov frå utlandet

  • framleis jobbe aktivt for å harmonisere regelverk og praksis, slik at brukarane er trygge på at dei får same behandling uavhengig av kvar søknadene blir behandla

4.5.3 Patentstyret som kompetansesenter

Når ein stadig større del av verdiane i verksemdane blir immaterielle, aukar også behovet for bevisstheit om korleis desse verdiane kan foredlast og forvaltast. Dersom verksemdane ikkje har ein bevisst strategi for dette, risikerer dei at andre tek gevinsten av det utviklingsarbeidet som er gjort.

Som vist i kapittel 3 tyder undersøkingar på at norske aktørar nyttar immaterielle rettar i mindre grad enn aktørar i andre land. Bruken aukar heller ikkje, slik han gjer i andre land. Målingar viser også at kompetansen og bevisstheita om immaterielle rettar er låg i Noreg, og at dette ikkje har betra seg dei siste åra. Nærings- og handelsdepartementet vil på bakgrunn av dette be Patentstyret i samarbeid med Innovasjon Noreg og næringslivsorganisasjonar kartleggje bruken av immaterielle rettar i ulike bransjar i norsk næringsliv. Det bør også undersøkjast kor stor del av bedriftene som i liten grad nyttar ulike tenester, og om det finst systematiske kjenneteikn ved desse bedriftene.

Med rask teknologiutvikling og fleire immaterielle rettar nasjonalt og internasjonalt står bedriftene overfor stadig større krav til ei strategisk handtering av eigne immaterielle verdiar. Bedriftene treng kompetanse om korleis immaterielle verdiar og rettar kan handterast – heile vegen frå idéfasen og fram til kommersialisering.

Patentstyret er i dag eit nasjonalt kompetansesenter for industrielle rettar, og skal aktivt utvikle denne rolla. Regjeringa meiner at Patentstyret skal vere ein kompetanseressurs for industrielle rettar for heile det norske samfunnet gjennom å tilby kompetanse til ulike interessentar: næringsliv, offentlege myndigheiter, verkemiddelaktørar og forskings- og utdanningsinstitusjonar. Patentstyret skal også strekkje seg mot andre interessentar og brukargrupper som i framtida kan tenkjast å nyte godt av eit meir bevisst tilhøve til industrielle rettar.

Næringsliv og forskingsinstitusjonar spør etter meir rettleiing, rådgiving og kompetanse om strategisk handtering av immaterielle verdiar og rettar. Delar av næringslivet opplever rettleiings- og tenestetilbodet som fragmentert, vanskeleg tilgjengeleg og til dels mangelfullt. Undersøkingar tyder på at få bedrifter meiner at tenestetilbodet i immaterielle rettar er oversiktleg og under halvparten veit kven dei skal vende seg til dersom dei har spørsmål knytte til industrielle rettar, jamfør omtale i 3.4.

Store delar av norsk næringsliv består av små og mellomstore bedrifter. For desse bedriftene er det spesielt viktig med ei nasjonal myndigheit som Patentstyret, sidan dei ofte verken har ressursar eller kompetanse til å handtere spørsmål og problemstillingar knytte til handtering av immaterielle rettar.

Patentstyret har kjernekompetansen sin innanfor juridiske og tekniske fagdisiplinar. Men kundane har også behov for kunnskap om korleis immaterielle rettar kan inngå i deira eigne forretnings- og kommersialiseringsstrategiar. Regjeringa meiner at dette krev større innsikt i kva behov kundane har, og ein generelt større næringslivskompetanse, noko som tilseier at det er behov for meir kompetanse innanfor forretningsutvikling og -strategi i Patentstyret. Kundar og dei som søkjer om rettar, stiller også i aukande grad krav til service, tilgjengelegheit, rask responstid og kundeforståing, som regjeringa ventar at Patentstyret oppfyller.

Dagens tilbod om bedriftsretta kompetanse om immaterielle rettar er spreidd over fleire instansar og kan difor til tider opplevast som vanskeleg tilgjengeleg. Innspel frå næringslivet tyder på at behovet for praktisk retta kompetanse om immaterielle verdiar og rettar er størst hos små og mellomstore bedrifter og entreprenørar. Større bedrifter har gjerne tilstrekkeleg med ressursar til å handtere dette sjølve. Regjeringa ser behov for å setje næringslivet betre i stand til å bruke immaterielle rettar operativt i sine kommersialiserings- og forretningsstrategiar, og vil be Patentstyret og Innovasjon Noreg i samarbeid utvikle ei betre informasjons- og rettleiingsteneste knytt til immaterielle verdiar og rettar. Tenesta må byggje på ei utgreiing av faktisk behov, tenestetilbod, målgrupper, eventuelle tiltak, organisering og finansiering. Ei eventuell informasjons- og rettleiingsteneste skal bruke og utvikle vidare dagens eksisterande kompetansemiljø, og det er naturleg at Innovasjon Noreg og Patentstyret får ei sentral rolle. Desse to organa må samarbeide tett for å sikre eit system for rettleiing som er best mogleg lagt til rette for brukarane.

Oppsummering

For at Patentstyret skal utvikle rolla som kompetansesenter for næringslivet, vil regjeringa be Patentstyret

  • medverke til at næringslivet i større grad inkluderer bruk av immaterielle rettar i sin eigen forretnings- og kommersialiseringsstrategi

  • samarbeide tett med Innovasjon Noreg for å utvikle ei betre informasjons- og rettleiingsteneste knytt til immaterielle verdiar og rettar. Tenesta må byggje på ei utgreiing av faktisk behov, tenestetilbod, målgrupper, eventuelle tiltak, organisering og finansiering

4.5.4 Patentstyret som ressurs for politikkutviklinga til offentlege myndigheiter

Politikk og regelverk for immaterielle rettar er i stadig utvikling globalt, noko som har breie implikasjonar for innovasjons-, forskings- og næringspolitikken. Regjeringa ventar at Patentstyret saman med dei andre næringsretta verkemiddelaktørane gir myndigheitene råd i denne politikkutviklinga.

Kompetansen Patentstyret sit inne med, er ein viktig ressurs mellom anna for offentlege myndigheiter i samband med forhandlingar om frihandelsavtalar og forskingsavtalar. Noreg har inngått bilaterale forskings- og teknologiavtalar med fleire prioriterte land, mellom andre Japan, Kina, Russland og USA. Felles for avtalane er føresegner som sikrar at partane tek nok omsyn til vern og fordeling av immaterielle rettar eller andre eigarrettar. Desse føresegnene kan variere frå relativt detaljerte reguleringar av immaterielle rettar til meir generelle erklæringar. Patentstyret skal vere ein kompetanseressurs og sparringspartnar for offentlege myndigheiter ved utarbeiding av internasjonale avtalar.

Bedriftene møter ulike delar av det næringsretta verkemiddelapparatet, avhengig av kva behov dei har. Patentstyret skal vere ein pådrivar og ein kompetanseressurs for dei andre verkemiddelaktørane, slik at dei på ein formålstenleg måte inkluderer immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga og tenestetilbodet sitt. Patentstyret skal også drive oppsøkjande verksemd for å auke bevisstheita og kompetansen om industrielle rettar og gjere tenestene sine betre kjende blant grupper av bedrifter som i dag i liten grad har kjennskap til immaterialrettssystemet.

Immaterielle rettar betyr stadig meir for standardiseringsarbeid og utvikling av nye teknologistandardar. Regjeringa ventar at Patentstyret gjennom å bruke kompetansen sin er med på å skape større forståing om immaterielle rettar og standardisering. Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Patentstyret ta initiativ til å samle dei relevante aktørane for å belyse og løfte bevisstheita om immaterielle rettar og standardisering og koplinga mellom dei. Dei relevante aktørane i denne samanhengen vil vere kommersialiseringsaktørar, Standard Norge, Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og andre som er involverte i standardiseringsarbeid.

Det går i dag føre seg omfattande kopiering, forfalsking og etterlikning av produkt. Regjeringa meiner denne omfattande kopieringa undergrev immaterialrettsordninga. Større bevisstheit, informasjon og forståing vil vere eit middel til å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. I dag finst det ikkje éi enkelt kjelde der forbrukarar, næringslivet, myndigheiter eller media på ein enkel måte kan få tak i påliteleg og balansert informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking. Mange er også usikre på kva som er lovleg, og kva som er ulovleg. Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Patentstyret arbeide vidare med å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking som gjer det enkelt å finne informasjon. Tiltaket er nærare beskrive i 4.6.

Oppsummering

For å gjere seg nytte av kompetansen til Patentstyret i politikkutvikling og utforming av regelverk vil regjeringa be Patentstyret om å

  • vere ein kompetanseressurs og støtte for offentlege myndigheiter ved forhandlingar om internasjonale avtalar

  • vere ein pådrivar overfor dei andre verkemiddelaktørane for å inkludere immaterialrettslege perspektiv i oppgåveløysinga og tenestetilbodet deira på en formålsteneleg måte

  • ta initiativ til å samle dei relevante aktørane for å belyse og løfte bevisstheita om immaterielle rettar og standardisering og koplinga mellom dei

  • arbeide vidare med å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking

4.6 Vidareutvikle det samla rettleiingstilbodet innanfor immaterielle verdiar og rettar

Auka internasjonal registrering og handel med immaterielle rettar, framvekst av nye strategiar for bruk av rettane og det veksande omfanget av piratverksemd og ulovleg varemerkeforfalsking skjerpar krava til handtering av immaterielle verdiar og rettar i norsk næringsliv. Veksten i handelen over Internett med varer og tenester, og auka nedlasting av digitalt innhald som musikk, film og programvare gjer vidare at immaterielle rettar er meir til stades i folks daglege liv enn tidlegare.

Samtidig har mange norske bedrifter og forskingsmiljø behov for å styrkje kompetansen og bevisstheita om bruken av immaterielle rettar. Innspela i meldingsarbeidet, som er omtalt i kapittel 1.4.3, tyder på at mange opplever informasjonen og rettleiinga om immaterielle rettar som fragmentert, mangelfull og lite tilgjengeleg.

Utvikle det samla rettleiingstilbodet frå verkemiddelapparatet

Det næringsretta verkemiddelapparatet består mellom anna av Innovasjon Noreg, Designrådet, Noregs forskingsråd, SIVA og Patentstyret. Behovet for større bevisstheit og kompetanse om handteringa av immaterielle verdiar skjerpar krava til arbeidet dei næringsretta verkemiddelaktørane utfører for å spreie kunnskap og møte behova til brukarane på dette området.

Dei næringsretta verkemiddelaktørane har ulike roller, ansvar, kompetanse og oppgåver som skal vere komplementære innanfor ei samla verdikjede frå idé til marknad. Regjeringa er oppteken av at samarbeidet mellom aktørane skal resultere i tydelege og samkøyrde aktørar, der ulike tenester utfyller kvarandre og framstår på ein heilskapleg og einsarta måte for bedriftene. Dette er også viktig for at norske bedrifter og forskingsmiljø skal kunne møte dei endringane som skjer internasjonalt.

Regjeringa ønskjer eit framtidsretta og samordna verkemiddelapparat for immaterielle rettar som bidreg til å styrkje bevisstheita og kompetansen om immaterielle rettar i norsk næringsliv. I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge peikte regjeringa på behovet for å styrkje kompetansen til verkemiddelapparatet og varsla ei styrking av rettleiinga om immaterielle rettar frå verkemiddelapparatet si side.

Dette er følgt opp på fleire måtar. Innovasjon Noreg har mellom anna styrkt kompetansen til dei tilsette gjennom kursverksemd og betre tilgang på informasjon, rettleiing og hjelpeverktøy når det gjeld immaterielle rettar. Forskingsrådet har etablert ein eigen politikk når det gjeld rettar, gjennomført kompetanseoppbygging blant sine eigne tilsette og publisert malar for samarbeidsavtalar på nettsidene sine. SIVA har saman med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) utvikla ei inkubasjonsutdanning der immaterielle rettar er eit sentralt tema. Selskapet arrangerer også samlingar for leiarar og medarbeidarar i dei såkalla innovasjonsselskapa, der immaterielle rettar er eit tema. Norsk Designråd arrangerer også temaseminar om design og rettsvern for å heve kunnskapsnivået i norske bedrifter.

Det er etablert samarbeidsavtalar mellom Patentstyret og høvesvis Forskingsrådet, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg. Formålet med dei ulike avtalane er at aktørane skal vere samordna for å kunne gi eit heilskapleg tilbod til kundane. Målet er å dekkje behovet for tenester om immaterielle rettar på ein effektiv måte som gir meirverdi til bedriftene. Aktørane har også eit mål om å bidra til større bevisstheit og kunnskap om immaterielle rettar i norsk næringsliv, særleg retta mot små og mellomstore bedrifter. For å bidra til dette vil nettverksbyggjinga med strategiske samarbeidspartar stå sentralt.

Regjeringa vil legge til rette for ei generell styrkt og forbetra rettleiing og rådgiving om immaterielle verdiar og rettar i det offentlege, næringsretta verkemiddelapparatet. I dag finst det ingen enkeltaktør som kan tilby informasjon og rettleiing om heile spekteret av immaterielle rettar, frå opphavsrett til patent, til alle relevante målgrupper. Betre koordinering av verkemiddelaktørane i ei lett tilgjengeleg og samla informasjon- og rettleiingsteneste kan både gi eit betre tilbod til brukarane og bidra til at eksisterande ressursar og kunnskapsmiljø blir betre utnytta.

Regjeringa vil difor kartleggje behova nærare og identifisere moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle verdiar og rettar. Mellom anna vil regjeringa avdekkje aktuelle tenester og innhald. Nærings- og handelsdepartementet vil be Patentstyret, i samarbeid med Innovasjon Noreg og andre relevante verkemiddelaktørar, om å gjennomføre ei slik utgreiing.

Ei vurdering av til dømes om, når, korleis og kvar ein rett bør søkjast, stiller høge krav til kompetanse. Dette er ein kompetanse mange små og mellomstore bedrifter ikkje har. I lys av denne utviklinga meiner regjeringa at det er behov for ei generell styrkt og forbetra rettleiing og rådgiving om immaterielle verdiar og rettar i det offentlege, næringsretta verkemiddelapparatet retta mot små og mellomstore bedrifter. God rettleiing og rådgiving er viktig for å gjere bedriftene bevisste på sine immaterielle verdiar og for å gi kunnskap om korleis dei kan brukast for å realisere gevinsten av nyvinningar og oppfinningar, og korleis den private marknaden for immaterielle rettar fungerer. Nærings- og handelsdepartementet vil be Patentstyret og Innovasjon Noreg om i samarbeid å etablere ei slik rettleiings- og rådgivingsteneste for små og mellomstore bedrifter. Tenesta bør innrettast som eit breitt anlagt tilbod til små og mellomstore bedrifter med eit reelt behov.

Norske bedrifter som skal gjere forretningar i internasjonale marknader, må vere merksame på både mogelegheiter og utfordringar når det gjeld immaterielle rettar. Døme på dette kan vere lisensiering, samarbeid, krenking av andres rettar, det å bli kopiert, rettstvistar og kostnader. I USA blir til dømes rettssystemet brukt aktivt, og ein må vere merksam på dei høge kostnadene ved det. Vidare er dei i USA meir aktive i handel med immaterielle rettar og har betre utvikla system for det. I tillegg har USA nyleg endra patenteringssystemet frå «første til å oppfinne» («first to invent») til «første til å søkje» («first inventor to file») - noko som i ein overgangsperiode vil bety endringar og uføreseielege tilhøve. For aktørar som skal ut på den asiatiske marknaden er det mange utfordringar mellom anna knytt til kulturen for å respektere immaterielle rettar, mykje kopiering, ulike barrierar i samband med produksjon og eksport av produkta. Behovet for rettleiing gjeld ikkje berre for bedrifter som opererer i Asia og USA, men også i Europa og andre delar av verda.

Eit betre tilbod til internasjonalt retta bedrifter kan innebere å styrkje dei eksisterande rettleiingsressursane i Innovasjon Noreg med meir internasjonal kompetanse gjennom å gi opplæring for å auke bevisstheita ved utekontora til Innovasjon Noreg. Dette kan skje mellom anna gjennom å byggje opp landrapportar for dei mest relevante landa, vidareutvikle og styrkje internettsidene og etablere nettverk av profesjonelle leverandørar av tenester for handtering av immaterielle rettar lokalt i dei utanlandske marknadane.

Regjeringa vil medverke til å utvikle Innovasjon Noreg si rettleiingsrolle overfor norske bedrifter om utfordringar og moglegheiter i samband med kommersiell utnytting av immaterielle rettar i relevante marknader som til dømes Asia og USA. Det er behov for å hjelpe norske bedrifter til å verne, utnytte og handheve dei immaterielle rettane sine i internasjonale marknader. Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Innovasjon Noreg vurdere korleis ei slik forbetra rettleiingsteneste for norsk næringsliv kan utformast.

Profilering av gode døme på strategisk handtering av immaterielle rettar i bedrifter kan gi andre bedrifter motivasjon og lærdom om korleis dei sjølve kan satse på sine immaterielle verdiar. Det europeiske patentverket (EPO) deler til dømes kvart år ut prisen European Inventor Award til oppfinnarar som har utmerkt seg med spesielt kreative og innovative idear. Prisen blir delt ut innanfor ulike kategoriar og er meint som ein hyllest til og ei synleggjering av oppfinnarar og som inspirasjon til andre potensielle vinnarar. Regjeringa ser at slike prisar og konkurransar kan bidra til å få fram suksesshistorier, og vil be Patentstyret vurdere moglege liknande profileringstiltak som kan gi lærdom og inspirasjon. Nærings- og handelsdepartementet vil også be Patentstyret om i samarbeid med Innovasjon Noreg å synleggjere andre gode døme på handtering av immaterielle rettar.

Handtering av immaterielle verdiar frå offentleg finansiert forsking

Både i St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning og St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge blir det slått fast at regjeringa har forventningar til at forskings- og utdanningsinstitusjonane arbeider aktivt for at forskingsresultata skal komme til nytte i samfunnet, anten i form av næringsutvikling eller betre offentlege tenester.

Forsking og utvikling gir opphav til ny kunnskap og innovasjon. Regjeringa har difor som mål å stimulere til næringsrelevant forsking og til meir bruk av kunnskap i næringslivet. Større satsing på innovasjon i offentleg sektor dei seinare åra har ført til ei rekkje endringar som har styrkt både innovasjons- og kommersialiseringsarbeidet ved forskingsinstitusjonane og i næringslivet.

Endringane i arbeidstakaroppfinningslova i 2003 gav universitet og høgskolar høve til å få overført rettane til kommersiell utnytting av forskingsresultat frå sine tilsette forskarar. Ansvaret hos institusjonane for å formidle forskingsresultat, mellom anna kommersialisering av forskingsresultat, blei også tydeleggjort i revisjonen av universitets- og høgskolelova i 2002.

Lovendringane har medverka til større bevisstheit og meir systematisk handtering av immaterielle rettar i forskingsmiljøa. Talet på patent frå universiteta og kommersialiseringsaktørane har auka dei siste åra og kommersialiseringsaktørane har utvikla seg til å bli sterke kompetansemiljø innanfor immaterielle rettar og ein viktig ressurs for forskingsinstitusjonane.

Etter regjeringa si vurdering blir immaterielle rettar ved universitet, høgskolar og helseføretak allereie i dag handterte på ein langt betre og meir føreseieleg måte enn tidlegare. Det same gjeld dei offentleg finansierte forskingsinstitusjonane og næringslivet si handtering av immaterielle rettar i samarbeid.

I Meld. St. 18 (2012–2013) Lange linjer – kunnskap gir muligheter seier regjeringa at all forsking som er heilt eller delvis offentleg finansiert, prinsipielt sett skal vere ope tilgjengeleg. Prinsippet skal likevel ikkje komme i konflikt med den akademiske fridommen forskarane har til å velje dei fagleg føretrekte publiseringskanalane. I meldinga varslar regjeringa at ho mellom anna vil krevje at alle vitskaplege artiklar som er heilt eller delvis offentleg finansierte, anten skal publiserast ope eller eigenarkiverast etter avtale med utgivaren. I meldinga tek regjeringa også til orde for å vurdere korleis kommersialiseringsapparatet på eit overordna plan er organisert og finansiert i universitets- og høgskolesektoren, og om intensjonane bak endringane i arbeidstakaroppfinningslova og universitets- og høgskolelova er oppfylte. Spesielt ønskjer regjeringa å sjå nærare på samarbeidet institusjonane imellom og mellom utdanningsinstitusjonane, forskingsinstitutta og nærings- og arbeidslivet.

Forskingsrådet etablerte ein eigen politikk for rettar i 2008. Regjeringa ventar at Forskingsrådet held fram med arbeidet for ei best mogleg utnytting av norske immaterielle rettar. Regjeringa ventar også at dei som tek imot offentleg støtte, har eit bevisst tilhøve til og ein god praksis for å handtere eigne immaterielle rettar.

I St.meld. nr. 7 (2008–2009) Et nyskapende og bærekraftig Norge og St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning varsla regjeringa ei vurdering av behovet for nasjonale retningslinjer for handtering av immaterielle verdiar frå offentleg forsking. Som eit ledd i dette utarbeidde ei interdepartemental arbeidsgruppe rapporten Navigering mellom barken og veden, som mellom anna tilrår ulike kompetansetiltak.

Styresmaktene i fleire land har etablert internettbaserte «verktøykasser» i form av rettleiingar, tilrådingar, standardavtalar og andre hjelpemiddel som er gratis og ope tilgjengelege. Eit døme på dette er Lambert Tool Kit14 frå Storbritannia. Slike verktøy blir sett på som nyttige for å bevisstgjere og rettleie, spesielt for mindre institusjonar.

Regjeringa vil vurdere utarbeiding av hjelpemiddel tilpassa norske tilhøve for både forskingsinstitusjonar og bedrifter. Hjelpemidla skal bidra til ei god handtering av immaterielle verdiar som har kome frå offentleg finansiert forsking ved forskingsinstitusjonen, og av immaterielle verdiar i samarbeidsprosjekt mellom forskingsinstitusjonar og næringsliv.

Regjeringa vil også leggje til rette for norsk deltaking i felleseuropeiske hjelpeverktøyprosjekt.

I 2008 lanserte Europakommisjonen ei tilråding om handtering av immaterielle verdiar ved kunnskapsoverføring. Tilrådinga består mellom anna av prinsipp for handtering av immaterielle verdiar, retningsliner, nasjonal politikk og lovverk for kunnskapsoverføring mellom forsking og næringsliv.15 På dette området er det ulike reglar og praksis i dei europeiske landa, og tilrådinga skal fremje ei meir effektiv overføring av kunnskap frå forskingsaktørar til næringslivet. Målet er at forskingsresultata skal bli tekne i bruk og utnytta betre. Tilrådingane er følgde opp av European Research Area Committee (ERAC) si arbeidsgruppe for kunnskapsoverføring, der Noreg er representert. ERAC har vore med på å utarbeide europeiske retningsliner for handtering av immaterielle rettar gjennom forskingssamarbeid med aktørar utanfor Europa. Regjeringa meiner det er viktig for Noreg å delta i denne typen internasjonalt samarbeid.

Møteplassar for felles læring

Store bedrifter, større forskingsaktørar og patenteksportbransjen sit ofte inne med unik kompetanse og erfaring om den praktiske og strategiske handteringa av immaterielle rettar som mindre aktørar kan dra nytte av. Basert på praktisk og inngåande kjennskap til strategisk handtering av immaterielle verdiar og rettar vil bedrifter, større forskingsaktørar og patentfullmektigar kunne hjelpe andre i å oppnå større bevisstheit og kompetanse.

Regjeringa vil difor etablere fleire ulike møteplassar for felles læring.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at erfarne brukarar av immaterielle rettar frå næringslivet deler erfaringane sine med andre ved å etablere møteplassar, til dømes for oppstartsbedrifter og små og mellomstore bedrifter. I slike tilfelle kan ressursar frå store verksemder opptre som mentorar for mindre bedrifter, både gjennom bilaterale relasjonar og gjennom samlingar med fleire bedrifter og mentorar.

I Danmark har det danske patentverket lagt til rette for ein møteplass der mentorar frå bedrifter med utstrekt erfaring med handteringa av immaterielle rettar blir kopla med dei med mindre erfaring. Regjeringa vil be Patentstyret, i samarbeid med relevante bransjeorganisasjonar, om å undersøkje interessa for ein tilsvarande møteplass med mentorar, basert på erfaringar frå Danmark og eventuelt andre land.

Dei store universiteta og helseføretaka har lagt ned ein betydeleg innsats for å sikre ei god handtering av immaterielle rettar dei siste åra, mellom anna gjennom å utarbeide rettleiarar, avtalemalar, utgreiingar og retningsliner. Til dømes har Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) utarbeidd standardkontraktar for studentarbeid i næringslivet. Det heng saman med at studentarbeid med oppgåveskriving og prosjektarbeid i næringslivet ikkje er rekna som arbeidstilhøve og difor ikkje blir dekt i arbeidstakaroppfinningslova.

For å dra nytte av den kompetansen forskingsinstitusjonane og kommersialiseringsaktørane deira sit inne med, ser regjeringa behov for at det blir etablert ein fagleg møteplass for immaterielle rettar der universitet, høgskolar, helseføretak, kommersialiseringsaktørane deira og eventuelt relevante aktørar kan møtast for å utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Ein slik møteplass kan bidra til å effektivisere informasjons- og kunnskapsdelinga mellom aktørane og gi eit viktig bidrag til bygging av ein felles kultur for kunnskapsoverføring og kommersialisering i universitets- og høgskolesektoren og i dei regionale helseføretaka, på tvers av institusjonsgrenser. Nærings- og handelsdepartementet vil be Forskingrådet vurdere å etablere ein slik møteplass i regi av programmet FORNY2020.

Immaterielle rettar betyr stadig meir for standardiseringsarbeid og utvikling av nye teknologistandardar og mange norske ekspertar deltek i standardiseringsarbeid globalt. Det er viktig at dei nasjonale ekspertane har oppdatert kompetanse om utviklinga som skjer på dette feltet og samspelet mellom immaterielle rettar og standardiseringsarbeidet.

Regjeringa ser behov for at Standard Norge aukar sin eigen kompetanse og bevisstheit på feltet, og at dei gjennom kursverksemd legg til rette for større kunnskap og bevisstheit om immaterielle rettar blant norske ekspertar i standardiseringsarbeid. Slik kunnskap er også relevant for andre aktørar, mellom anna det næringsretta verkemiddelapparatet. Nærings- og handelsdepartementet vil difor be Patentstyret ta initiativ til å samle dei relevante aktørane for å belyse og løfte bevisstheita om immaterielle rettar og standardisering og koplinga mellom dei. Dei relevante aktørane i denne samanhengen vil vere kommersialiseringsaktørar, Standard Norge, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.

Vidare ser regjeringa behov for å etablere ein samarbeidsarena for dei næringsretta verkemiddelaktørane der dei kan diskutere erfaringar med strategisk bruk av immaterielle rettar. Formålet er å få koordinert dei næringsretta verkemiddelaktørane ytterlegare. Nærings- og handelsdepartementet vil ta initiativ til å etablere ein slik innovasjonspolitisk møteplass.

Boks 4.2 Helseføretaka si regulering av eigarskap til innovasjonar og kommersiell utnytting av forskingsresultat

Dei regionale helseføretaka si strategigruppe for forsking utarbeidde i 2004 felles reglar for kommersiell utnytting av forskingsresultat. Reglane blei vedtekne av styra i dei regionale helseføretaka i 2005 og gjeld for underliggjande helseføretak. Fleire av dei regionale helseføretaka har vidare utarbeidd avtaleverk med universitets- og høgskolesektoren.

Helse Sør-Aust og Universitetet i Oslo har til dømes inngått ein samarbeidsavtale om fordeling av rettar og eigarskap til innovasjonar gjorde av tilsette med arbeidstilhøve både ved universitetet og ved helseføretak som høyrer til Helse Sør-Aust. Avtalen regulerer fordeling av eigarskap til innovasjonar, ansvarsfordeling i kommersialiseringsprosessen, økonomisk ansvar og rettar, i tillegg til konfidensialitet og innsyn.

Helse Sør-Aust inngjekk i 2010 vidare ein rammeavtale med TTO-en Inven2 AS. Avtalen omfattar næringsutviklinga av innovasjonar, avvikling av innovasjonsoppdrag, forskingssamarbeid, forvaltning av forskingsfond mv.

Oppsummering

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle rettleiingstilbodet om immaterielle verdiar og rettar gjennom å

  • kartleggje behova nærare og identifisere moglege løysingar for ei samla informasjons- og rettleiingsteneste om immaterielle verdiar og rettar

  • medverke til å utvikle Innovasjon Noreg si rettleiing til norske bedrifter om immaterielle rettar i særleg relevante internasjonale marknader og be Innovasjon Noreg vurdere korleis ei betra rettleiingstjeneste kan utformas

  • etablere ei rettleiings- og rådgivingsteneste for mot små og mellomstore bedrifter

  • synleggjere gode døme på strategisk bruk av immaterielle rettar

  • vurdere å utarbeide hjelpemiddel for handtering av immaterielle verdiar frå offentleg finansiert forsking

  • etablere fleire ulike møteplassar for felles læring og deling av erfaringar

4.7 Nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalskingar

Omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking aukar, og handelen med falske varer og piratkopiering av programvare, musikk og film har vakse det siste tiåret. Samtidig viser ei rekkje døme at omfanget av piratkopiering blir mindre der det blir lagt til rette for lovlege løysingar.

Toll- og avgiftsetaten har sidan 2007 intensivert innsatsen for å hindre import av piratvarer til Noreg. I 2010 fekk toll- og avgiftsetaten øyremerkte midlar til å auke bemanninga og tilsetje ein eigen koordinator for immaterielle rettar. Immaterielle rettar er innlemma som eit fag i undervisninga i etatsutdanninga i toll- og avgiftsetaten, og det er oppretta eitt nasjonalt og eitt eige nordisk forum for tollmyndigheitene. Tollmyndigheitene har lagt til rette for meir informasjon og betre dialog med næringslivet gjennom informasjon på eiga nettside og etablering av eit eige elektronisk meldingsskjema. Meldingsskjemaet gir meir effektiv tollkontroll ved at rettshavaren gir sentrale opplysningar om piratvarene, samtidig som rettshavaren får betre hjelp til å avdekkje piratkopiar. Tollmyndigheitene følgjer opp både internasjonale trendar og regelverksutvikling spesielt gjennom World Customs Organization og bidreg til arbeidet internasjonalt. Tollmyndigheitene arbeider også kontinuerleg med å betre kontroll, etterretning og rapportering. Regjeringa har revidert tollova med verknad frå 1. september 2007.

Regjeringa ser at det må til eit breitt sett av tiltak for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. Det vil vere behov for regelverksendringar og tiltak for informasjons- og haldningsarbeid. I tillegg må det leggjast til rette for attraktive og lovlege løysingar. Utvikling av digitalt berekraftige forretningsmodellar som forbrukarane faktisk ønskjer å bruke, er eit ansvar som i hovudsak ligg på aktørane i bransjen.

Piratkopiering og varemerkeforfalsking er samtidig internasjonale utfordringar som tilseier ein samla innsats gjennom internasjonalt samarbeid, mellom anna gjennom EUs observatorium for inngrep i immaterialrettar.

Styrkt regelverk om handheving av immaterielle rettar

Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i regelverket for handheving av immaterielle rettar som vil gi verksemdene sterkare verkemiddel for handheving av rettane sine.

I Prop. 81 L (2012–2013) Endringer i lovgivningen om industrielt rettsvern m.m. (styrking av håndhevingsreglene) har Justis- og beredskapsdepartementet lagt fram forslag som vil innebere ei betydeleg styrking av handhevingsmidla – som omfattar forbod, vederlag, erstatning, straff m.m. – i lovgivinga om industrielt rettsvern. I tillegg blir det foreslått å styrkje handhevingsreglane i marknadsføringslova som vernar om likearta interesser. Det blir også foreslått endringar i dei prosessuelle reglane som vil leggje til rette for ei meir effektiv handheving. Det blir såleis foreslått reglar om at rettshavaren kan krevje informasjon om opphav og distribusjonsnettverk for varer og tenester som gjer inngrep i ein immaterialrett. Vidare blir det foreslått at alle sivile søksmål om inngrep i registrerte industrielle rettar skal behandlast i Oslo tingrett. Dette vil bidra til kompetanseoppbygging. Også reglane om grensekontroll blir foreslått styrkte. Forslaga vil samla sett innebere ei betydeleg styrking av stillinga til rettshavarane, og dei norske reglane vil på viktige punkt gi rettshavarane ei betre stilling enn det som følgjer av minimumskrava etter EUs regelverk på området.

I Prop. 65 L (2012–2013) Endringer i åndsverkloven (tiltak mot krenkelser av opphavsrett m.m. på Internett) har Kulturdepartementet fremma forslag om endringar i åndsverklova som styrkjer moglegheitene for rettshavarane til å handheve opphavsrettar mot inngrep som blir gjorde på Internett. Etter forslaget skal det takast inn reglar i åndsverklova om at rettshavarane utan konsesjon kan følgje med på Internett og samle inn opplysningar om krenkingar, mellom anna om involverte IP-adresser. Det skal vidare takast inn reglar i åndsverklova om at rettshavarane kan gå til domstolane og krevje at ein internettleverandør skal gi frå seg opplysningar om identiteten til abonnenten som har vore involvert i ei krenking. Ei slik moglegheit eksisterer også i dag, men forslaget inneber ei ønskjeleg klargjering. Det blir også foreslått at rettshavaren skal kunne krevje at domstolane pålegg internettleverandørane å hindre tilgang til nettstader der det i stort omfang blir gjort tilgjengeleg materiale som openbert krenkjer opphavsrettar.

Nettstad med informasjon om piratkopiering

Større bevisstheit, informasjon og forståing vil vere eit middel for å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking. Per i dag finst det ikkje éi kjelde der næringslivet, forbrukarar, myndigheiter og media på ein enkel måte kan få tak i informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking. Framleis er mange usikre på kva som er lov, og kva som ikkje er lov. Regjeringa meiner det er viktig med informasjon og rettleiing om regelverk og lovleg åtferd, til dømes ved kjøp av fysiske varer over internett og i utlandet avspeling av filmar, bruk av bilete og undersøkingar av rettane til verna innhald.

Regjeringa ser behov for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking som gjer det enkelt å finne informasjon om feltet for enkeltpersonar, næringsliv, innbyggjarar, media og myndigheiter. Patentstyret har på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet greidd ut behovet for, og gitt forslag til innretting av, ein nettstad. Utgreiinga konkluderte med at behovet for ein nettstad er til stades. Ho har òg vore på høyring og departementet mottok positive tilbakemeldingar på forslaget. Patentstyret skal arbeide vidare for å opprette ein nettstad for målgruppene næringsliv, forbrukarar, myndigheiter og media.

Regjeringa ser også behov for å etablere eit myndigheitssamarbeid som styrkjer den systematiske utvekslinga av informasjon mellom departement, underliggjande etatar og andre interessentar om piratkopiering og varemerkeforfalsking. Eit slikt samarbeid vil kunne danne utgangspunkt for felles kampanjar og andre tiltak. Nærings- og handelsdepartementet vil be Patentstyret om å arbeide vidare med eit slikt myndigheitsnettverk for piratkopiering og varemerkeforfalsking.

Styrkt regelverk mot import av falske legemiddel

Eit forslag om å innføre reglar om beslaglegging og øydelegging av falske og ulovlege legemiddel har vore på høyring, og det blir no arbeidd med å fremme ei sak for Stortinget i løpet av vårsesjonen 2013. Som ledd i gjennomføringa av EUs direktiv 2011/62/EU om legemiddelforfalskingar er det foreslått heimel i legemiddellova for å påleggje såkalla legemiddelformidlarar særskilde plikter som skal bidra til å forhindre at forfalska legemiddel når omsetningskjeda for legemiddel. Saka er venta fremma for Stortinget våren 2013. Som eit ledd i arbeidet med å vurdere om Noreg skal slutte seg til Europarådet sin konvensjon om forfalsking av legemiddel og liknande handlingar som er ein fare for folkehelsa, vurderer vidare Helse- og omsorgsdepartementet for tida om det er behov for endringar i eksisterande straffeføresegner eller for å innføre nye straffeføresegner som rammar det å ha med falske legemiddel å gjere.

Vidare støtte til EUs arbeid mot piratkopiering

I EU har ein over fleire år styrkt regelverket for handheving av immaterielle rettar. Dette har gitt seg utslag i styrkt tollkontroll og betre handhevingsreglar, kampanjar og etablering av eit observatorium for inngrep i immateralretten. I EU er moglegheitene tollmyndigheitene har for å gripe inn mot immaterialrettskrenkingar, noko annleis enn i Noreg. Europakommisjonen har fremma eit forslag om revisjon av forordninga16om tolltiltak mot varer som er mistenkte for å gjere inngrep i immaterielle rettar, og tiltak mot varer som bryt andres rettar. Men denne forordninga høyrer til regelverket om tollunionen og fell dermed utanfor EØS-avtalen. I Prop. 81 L (2012–2013) Endringer i lovgivningen om industrielt rettsvern m.m. (styrking av håndhevingsreglene) er det mellom anna foreslått å styrkje reglane om grensekontroll.

Beslaga frå tollen i EU tyder på eit aukande omfang av piratkopiering og varemerkeforfalsking. EUs observatorium for inngrep i immaterialretten arbeider for å samle informasjon både om omfang og om dei mest effektive måtane å nedkjempe piratkopiering og varemerkeforfalsking på. Noreg blei i 2011 invitert inn som observatør i observatoriet, og Nærings- og handelsdepartementet har saman med Patentstyret delteke i møte i observatoriet. Regjeringa vil leggje til rette for at Noreg bidreg aktivt i Europakommisjonens vidare arbeid mot piratkopiering. Regjeringa vil også følgje med på regelverksutviklinga i EU på dette området.

Oppsummering

Regjeringa vil redusere omfanget av piratkopiering og varemerkeforfalsking. Regjeringa vil

  • styrkje regelverket for handheving av rettar etter åndsverklova ved ein revisjon av denne lova

  • arbeide vidare for å etablere ein nettstad med informasjon om piratkopiering og varemerkeforfalsking og etablere eit tilhøyrande myndigheitssamarbeid

  • styrkje regelverket mot import av falske legemiddel

  • halde fram med å støtte EUs arbeid mot piratkopiering

4.8 Betre kunnskapsgrunnlaget for vidare politikkutvikling

Politikkutviklinga på eit område blir ikkje betre enn det kunnskapsgrunnlaget ho kviler på. I næringspolitikken inneber det at ein er avhengige av å ha god kunnskap om samanhengen mellom innsatsen på eit område og den effekten innsatsen har på verdiskapinga. Når det gjeld immaterielle rettar, er det stort sett god kunnskap om kor mange rettar det blir søkt om i verda, medan kunnskapen er meir avgrensa mellom anna om kva effekt omfanget av immaterielle rettar har på verdiskapinga i den enkelte bedrifta, i ei næring eller i eit heilt land.

Talet på patent blir i mange samanhengar brukt som eit mål for resultatet av forskings- og innovasjonsarbeidet i eit land, men det er problematisk å nytte talet på patent som indikator på om ein har lykkast med innovasjon og utvikling. Ikkje alle oppfinningar er patenterbare, og det er også forskjellar mellom teknologiområde med tanke på kor veleigna dei er for patentering. Det er heller ikkje slik at eit patent i seg sjølv gir verdiskaping. Verdiskapinga er avhengig av at eineretten blir teken i bruk, anten av bedrifta sjølv eller ved salg eller lisensiering til andre.

Den strategiske posisjonen til bedriftene med omsyn til korleis dei kan få realisert verdiskapingspotensialet av nyvinningane sine, er vanskelegare å måle. Frå eit politikkperspektiv kan dette vere vel så interessant som talet på registreringar. Som diskutert i kapittel 2 er det ikkje alle nyvinningar som blir best verna ved at ein registrerer ein rett, det finst også andre måtar å verne og realisere verdiane sine på.

For offentlege myndigheiter vil det difor i tillegg til å ha register som måler omfanget av rettsvern, vere ønskjeleg med økonomiske analysar der ein koplar data for immaterielle rettar mot andre datakjelder. Dette kan bidra til å auke kunnskapen om samanhengane mellom immaterielle rettar, innovasjon og verdiskaping.

4.8.1 Datagrunnlag og register for immaterielle rettar

Det finst ei rekkje register og undersøkingar som registrerer omfanget av rettar. Rettar og søknader om immaterielle rettar blir registrerte når dei blir sende til patentmyndigheitene, og som vist i kapittel 3 er det over heile verda ein kraftig auke i registreringar.

Alle søknader som kjem inn til Patentstyret, blir inkluderte i rettsregisteret til Patentstyret. Patentmyndigheitene har som oppgåve å gjere desse rettsregistra offentleg tilgjengelege som ein del av intensjonen bak ordningane for registrering av industrielle rettar. I 2010 etablerte Patentstyret ei nettbasert søkjeteneste som forenkla tilgangen til dette registeret. Registeret inneheld norske patent, varemerke- og designregistreringar og søknader om rett som er offentlege tilgjengelege.

På same måte fører Det europeiske patentverket (EPO) oversikt over patentsøknader og patent i Espacenet. Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) har eigne portalar for rettsregister for patent, varemerke og design.

Samla utgjer dei nasjonale og internasjonale rettsregistra eit utgangspunkt for den granskinga som blir gjord hos patentmyndigheitene i dei ulike landa, i tillegg til at dei bidreg til å gjere rettar og teknologien som er nedfelt i patentlitteraturen, tilgjengeleg for publikum.

For å systematisere den informasjonen som ligg føre, har Statistisk sentralbyrå nyleg etablert ein patentdatabase som vil gjere det mogleg å knyte saman det enkelte patentet med føretaket som søkte om og fekk retten. Databasen vil også gjere det mogleg å sjå dette i samanheng med andre opplysningar om føretaket, som næring, talet på tilsette og finansiering. I dag er det ikkje krav om bruk av person- eller organisasjonsnummer i patentsøknader, difor må ei slik kopling opprettast manuelt i Statistisk sentralbyrå. Ei kopling mellom organisasjonsnummer og søknader om registrering av immaterielle rettar vil bidra til eit betra kunnskapsgrunnlag.

Statistisk sentralbyrå gjennomfører undersøkingar om innovasjon og immaterielle rettar i norsk næringsliv kvart andre år. Resultata inngår i European Union Scoreboard og er ein del av grunnlaget for nasjonale oversikter som Forskingsbarometeret og Det norske forskings- og innovasjonsystemet – statistikk og indikatorar. Statistikkgrunnlaget for kommersialisering og talet på rettar som har utgangspunkt i offentleg finansiert forsking frå forskingsaktørar, er likevel mangelfullt. Nærings- og handelsdepartementet vil be Patentstyret bidra til etablering av eit betre datagrunnlag om immaterielle rettar ved universitet, høgskolar, institutt og helseføretaka.

Ved etablering av nye forskingssatsingar eller vidare utvikling av eksisterande satsingar kan det vere føremålstenleg å gjere ei patentkartlegging av teknologiområdet. Slike kartleggingar kan bidra til å gi ei best mogleg oversikt over den aktuelle marknaden, aktørane og teknologien med tanke på optimal utnytting av potensialet.

Undersøkingar av kva immaterielle rettar, særleg patent, som finst innanfor ulike teknologiområde, kan i større grad bli del av kunnskapsgrunnlaget ved utvikling av satsingar i Noregs forskingsråd. Ei undersøking av rettssituasjonen skal ikkje vere til hinder for å opprette eller utvikle aktivitetar på område der det allereie finst mange patentrettar. Regjeringa vil difor be Patentstyret og Noregs forskingsråd gjennomføre eit pilotprosjekt med ei kartlegging av rettssituasjonen som ein del av kunnskapsgrunnlaget ved etableringa av nye satsingar i Noregs forskingsråd. Dette vil i praksis innebere ei teknisk forundersøking av Patentstyret.

Det finst ikkje regelmessige offentlege målingar av kompetansenivået i Noreg for immaterielle rettar. Patentstyret har fram til no målt mellom anna slik kompetanse med jamne mellomrom, men desse målingane har berre vore retta mot bedriftsleiarar i næringslivet og primært vore avgrensa til patent, varemerke og design. Det ligg heller ikkje føre undersøkingar av kompetansen og bevisstheitsnivået i Noreg samanlikna med andre land.

Oppsummering

Regjeringa meiner det er behov for eit godt datagrunnlag og register for immaterielle rettar. Regjeringa vil difor be Patentstyret

  • medverke til eit forbetra datagrunnlag, mellom anna gjennom å leggje til rette for auka innrapportering av organisasjonsnummer ved søknader om rettar

  • ta initiativ til jamlege målingar av kompetanse- og bevisstheitsnivået om immaterielle rettar i relevante målgrupper. Slike kompetansemålingar bør samordnast med annan eksisterande statistikk

4.8.2 Analyse av samanhengen mellom immaterielle rettar og verdiskaping

Generelt er det er i liten grad kopling mellom register over rettar og andre typar register. I tillegg til at det ikkje er mogleg å kople ulike register, er datagrunnlaget fragmentert og på enkelte område mangelfullt. Ulike måtar å katalogisere næringar og teknologiar på tvers av register på gjer også ei samanlikning av ulike statistikkar og koplingar av register vanskeleg. Dette gjer det vanskeleg å undersøkje samanhengane mellom forsking, innovasjon og immaterielle rettar.

For å få til ei slik kopling av register har EPO i samarbeid med OECD etablert ein eigen patentdatabase, EPOs Worldwide Patent Statistical Database (PATSTAT). Det blir no jobba med å etablere tilsvarande databasar for varemerke og design.

Gjennomgangen av status i kapittel 3 gir signal om at bevisstheita og kompetansen om immaterielle verdiar og rettar er låg, og at norske aktørar i mindre grad enn i andre land sikrar seg rettar. Trass i at det tilsynelatande er låg bevisstheit og avgrensa bruk av immaterielle rettar, er det stor verdiskaping i norsk næringsliv. For politikkformål ville det vere ønskjeleg å få ei betre forståing for kva rolle handteringa av immaterielle verdiar og rettar speler for konkurranseevna og verdiskapinga i norske bedrifter, og om sikringa av rettar i norsk næringsliv er på eit tilfredsstillande nivå.

I samband med utarbeiding av denne meldinga, har det som nemnt i kapittel 1 vore fleire innspelseminar og konferansar. Dette har vore viktig for å samle erfaringar og kunnskap frå næringslivet og andre relevante aktørar. Som eit ledd i oppfølging av meldinga, vil nærings- og handelsministeren jamleg invitere til liknande konferansar for å diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet.

Nærings- og handelsdepartementet er involvert i ulike forskingsprosjekt som ser på innovasjon og innovasjonspolitikk, mellom anna immaterielle rettar. Det inkluderer mellom anna arbeid under European Patent Office (EPO), World Intellectual Property Organization (WIPO), EU og OECD. Regjeringa vil leggje til rette for at norske aktørar skal dra nytte av analysearbeid som blir gjort i desse organisasjonane.

Som eit ledd i å bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag har Patentstyret styrkt kapasiteten sin innanfor ulike strategiske analysar, noko som skal bidra til å betre kunnskapsgrunnlaget og forståinga for utviklinga av immaterielle rettar, primært for bruk i den interne styringa i etaten, men også for å bidra med støtte til den vidare politikkutviklinga.

Oppsummering

Regjeringa meiner det er viktig for politikkutviklinga å få ei betre forståing for kva rolle immaterielle rettar speler for verdiskaping og vekst. Regjeringa vil difor

  • følgje opp og delta i analysearbeid i internasjonale organisasjonar og bruke dette i den nasjonale politikkutviklinga

  • vurdere korleis analysar av tilhøvet mellom immaterielle rettar og verdiskaping kan inngå i utvikling av kunnskapsgrunnlaget

  • jamleg invitere til konferanser for å diskutere utvalde problemstillingar om handteringa av immaterielle verdiar og rettar i det norske innovasjonssystemet

Fotnotar

1.

Astri M. Lund (2011): «Særskilt pantsettelse av immaterialrettigheter. En utredning av spørsmålet om det bør åpnes for særskilt pantsettelse av immaterielle rettigheter». http://www.regjeringen.no/pages/36948100/Utredning_saerrskilt_pantsettelse_av_immaterialrettigheter.pdf

2.

Green paper on the online distribution of audiovisual works in the European Union: opportunities and challenges towards a digital single market (COM(2011) 427 final), Proposal for a directive of the European Parliament and of the Council on certain permitted uses of orphan works (COM(2011) 289 final) og Communication from the Commission: A Single Market for Intellectual Property Rights (COM(2011) 287 final).

3.

Forordning 1901/2006 og 469/2009.

4.

EPC Rule 153 Attorney-client evidentiary privilege[111] Art. 133, 134, 134a.

5.

NOU 1979: 14 Offentlig autorisasjon av patentfullmektiger.

6.

http://www.uspto.gov/kids

7.

http://www.wipo.int/ip-outreach/en/publications/youth.html

8.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «A Power Tool for Economic Growth».

9.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «World Intellectual Property report 2011. The Changing Face of Innovation».

10.

World Intellectual Property Organisation (WIPO) Indicators 2012.

11.

The Economic Impact of Counterfeiting and Piracy, OECD.

12.

World Intellectual Property Organisation (WIPO): «World Intellectual Property report 2011. The changing Face of Innovation»

13.

Heimesida til det danske patentverket. http://www.dkpto.dk

14.

http://www.ipo.gov.uk/lambert

15.

Improving knowledge transfer between research institutions and industry across Europe: embrace open innovation (COM (2007) 182)

16.

Council Regulation NO 1383/2003, 22.juli 2003. Concerning customs action against goods suspected of infringing certain intellectual property rights and the measures to be taken against goods found to have infringed such rights. http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=CELEX:32003R1383:en:HTML
Til forsida