Meld. St. 3 (2010–2011)

Statsrekneskapen 2010

Til innhaldsliste

2 Departementsvise omtalar

Dette kapittelet har ein kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse og Innovasjon Noreg. Kapittelet syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2008, 2009 og 2010 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2010. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei eiga rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste vert avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde, og gjev ei oversikt over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytte til områda.

Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Program-kategori

 

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

00.10

Det kongelege hus

169,6

186,1

179,3

176,3

00.30

Regjeringa

274,2

286,2

297,8

297,5

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 328,4

1 389,5

1 443,6

1 401,7

Sum før lånetransaksjonar

1 772,2

1 861,8

1 920,7

1 875,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

1 772,2

1 861,8

1 920,7

1 875,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 45,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 73,6 mill. kroner, frå 1 920,7 mill. kroner til 1 994,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 118,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 14,1 mill. kroner. Det er overført til saman 45,6 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar auka nominelt med 0,1 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner i 2008 til 1,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 0,7 prosent.

På programkategori 00.10 Det kongelege hus har utgiftene auka med knapt 6,7 mill. kroner, frå 169,6 mill. kroner i 2008 til 176,3 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 9,7 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 5,3 prosent frå 2009 til 2010. Det meste av nedgangen kjem av rehabiliteringa av Oscarshall, som vart sluttført i 2009.

På programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 23,3 mill. kroner, frå 274,2 mill. kroner i 2008 til 297,5 mill. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 4,4 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,9 prosent.

På programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar auka utgiftene med 73,3 mill. kroner, frå 1 328,4 mill. kroner i 2008 til 1 401,7 mill. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 4,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 0,9 prosent.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksføremål og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Program-kategori

 

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

1 658,9

1 841,2

1 811,9

1 852,3

02.10

Utanriksføremål

2 570,9

3 650,6

4 602,0

4 401,0

Sum før lånetransaksjonar

4 229,8

5 491,9

6 413,9

6 253,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,4

0,1

Sum Utanriksforvaltning

4 229,8

5 491,9

6 414,3

6 253,3

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 101,4

1 275,0

1 308,2

1 329,4

03.10

Bilateral hjelp

3 977,8

4 586,6

4 482,1

4 366,5

03.20

Globale ordningar

10 813,9

13 188,4

14 544,2

15 106,2

03.30

Multilateral hjelp

6 320,7

6 523,4

6 370,9

6 374,9

Sum før lånetransaksjonar

22 213,9

25 573,4

26 705,4

27 177,0

Lånetransaksjonar

341,3

441,3

474,3

474,3

Sum Internasjonal bistand

22 555,1

26 014,7

27 179,6

27 651,3

Sum Utanriksdepartementet

26 784,9

31 506,5

33 593,9

33 904,6

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 160,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 271,1 mill. kroner, frå 6 413,9 mill. kroner til 6 685,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 431,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 70,2 mill. kroner. Det er overført til saman 500,6 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 02 Utanriksforvaltning auka nominelt med 2,0 mrd. kroner, frå drygt 4,2 mrd. kroner i 2008 til knapt 6,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 29,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 13,9 prosent. Det meste av veksten kjem av auka utgifter til EØS-finansieringsordningane under programkategori 02.10.

På programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,7 mrd. kroner i 2008 til 1,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 11,0 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 0,6 prosent. Høgare agioutgifter i 2009 enn i 2008 og 2010 verkar inn på utviklinga frå år til år.

På programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner i 2008 til 4,4 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 42,0 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 20,6 prosent. Det meste av utgiftsauken kjem av EØS-finansieringsordningane og tilskot til internasjonale organisasjonar under kapittel 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 471,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 1 022,0 mill. kroner, frå 26 705,4 mill. kroner til 27 727,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 550,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 16,3 mill. kroner. Det er overført til saman 557,5 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 03 Internasjonal bistand auka nominelt med 5,1 mrd. kroner, frå 22,6 mrd. kroner i 2008 til 27,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 15,3 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 6,3 prosent. Det meste av utgiftsveksten i perioden kjem av auka utgifter under klima- og skogsatsinga og flyktningutgifter i Noreg (ODA-delen) under programkategori 03.20.

På programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner i 2008 til 1,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 15,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,3 prosent. Noko av grunnen til utgiftsauken frå 2008 til 2009 er at Fredskorpset frå 2009 er ei bruttobudsjettert verksemd under programkategorien.

På programkategori 03.10 Bilateral hjelphar utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 4,0 mrd. kroner i 2008 til 4,4 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 15,3 prosent, medan nedgangen frå 2009 til 2010 var på 4,8 prosent. Det meste av utgiftsauken frå 2008 til 2010 gjeld løyvingar til Midtausten og Afghanistan.

På programkategori 03.20 Globale ordningarhar utgiftene auka med 4,3 mrd. kroner, frå 10,8 mrd. kroner i 2008 til 15,1 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 22,0 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 14,5 prosent. Det meste av utgiftsauken i perioden kjem av klima- og skogsatsinga, i tillegg til flyktningutgifter i Noreg (ODA-delen).

På programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 6,3 mrd. kroner i 2008 til 6,4 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 3,2 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 2,3 prosent frå 2009 til 2010. Endringane i perioden har samanheng med auka overføringar til FN-systemet og at overføringane til multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslettetiltak har gått litt ned.

Ved framlegginga av Nasjonalbudsjettet 2010 vart budsjettforslaget under programområde 03 Internasjonal bistand rekna til 1,09 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 2010. Rekneskapen for 2010 syner at det er utbetalt 27,7 mrd. kroner i utviklingshjelp, tilsvarande 1,10 prosent av førebels utrekna BNI for 2010. Hovudgrunnen til det er at overføringa av unytta løyving frå 2009 til 2010 var stor.

Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2006–2010 i prosent av førebels utrekna BNI. Tabellen syner òg unytta løyving overført til neste budsjettermin i denne perioden.

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI*

Unytta løyving overført til neste termin

Overført beløp i prosent. av budsjett

2006

18 756

0,87

275 mill. kroner

1,5

2007

20 778

0,92

282 mill. kroner

1,3

2008

22 555

0,90

404 mill. kroner

1,8

2009

26 015

1,10

1 027 mill. kroner

3,9

2010

27 651

1,10

557 mill. kroner

2,0

* Tal for BNI i nasjonalrekneskapen. Tala for 2009 og 2010 er førebels.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

07.10

Administrasjon

224,4

230,9

239,6

246,5

07.20

Grunnopplæring

5 632,0

5 853,6

6 281,9

6 326,4

07.30

Barnehagar

21 178,6

24 059,2

26 602,9

26 198,9

07.50

Tiltak for å fremja kompetanseutvikling

1 135,8

1 226,9

1 288,2

1 264,8

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

22 593,9

24 373,1

24 614,2

24 658,1

07.70

Forsking

3 872,2

4 390,7

4 595,1

4 592,7

07.80

Utdanningsfinansiering

9 697,2

9 856,7

8 286,5

8 432,8

Sum før lånetransaksjonar

64 334,1

69 991,0

71 908,4

71 720,2

Lånetransaksjonar

25 111,9

31 232,2

22 215,8

22 578,4

Sum Kunnskapsdepartementet

89 446,0

101 223,2

94 124,2

94 298,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 188,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 354,6 mill. kroner, frå 71 908,4 mill. kroner til 72 263,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 542,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 47,5 mill. kroner. Det er overført til saman 324,5 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 362,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 07 Kunnskapsdepartementet auka nominelt med 7,4 mrd. kroner, frå 64,3 mrd. kroner i 2008 til 71,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 8,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 2,5 prosent. Det meste av veksten i perioden kjem av auka utgifter til barnehagar på programkategori 07.30 og til høgare utdanning og fagskuleutdanning på programkategori 07.60. Lånetransaksjonar på programområde 07 auka med 24 prosent frå 2008 til 2009, men minka med 28 prosent frå 2009 til 2010. Nedgangen i lånetransaksjonar kjem stort sett av lågare kapitalinnskot til forskingsfonda i 2010 enn i 2009.

På programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 5,6 mrd. kroner i 2008 til 6,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 3,9 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,1 prosent. Grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa vert stort sett finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Løyvinga over programkategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa. Ein stor del av løyvinga går til tilskot til private skular. Utgiftsauken kjem mellom anna av at det er vorte fleire born og unge i asylmottak og fleire elevar i dei private skulane.

På programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 5,0 mrd. kroner, frå 21,2 mrd. kroner i 2008 til 26,2 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 13,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,9 prosent. Utgiftsauken i 2010 kjem av auka løyvingar til drift av nye barnehageplassar, kompensasjon for nominelt uendra foreldrebetaling og opptrapping av økonomisk likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar.

På programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med 2,1 mrd. kroner, frå 22,6 mrd. kroner i 2008 til 24,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 7,9 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 1,2 prosent. Auken på programkategori 07.60 frå 2008 til 2009 heng saman med auke i løyvingane til universiteta og høgskulane i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2008, med heilårsverknad for 2009. Opptakskapasiteten vart auka i 2009, og kapasiteten vart ført vidare i 2010. Det vart òg løyvd pengar til å styrkja lærarutdanninga.

På programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 3,9 mrd. kroner i 2008 til 4,6 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 13,4 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,6 prosent. Ein grunn til utgiftsauken er at 2010 var første året med avkastning frå dei regionale forskingsfonda, og denne avkastninga vart brukt til tilskot til forsking. Vidare har auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping gjeve auka løyvingar.

På programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 9,7 mrd. kroner i 2008 til 9,9 mrd. kroner i 2009. Auken frå 2008 til 2009 var på 1,6 prosent. Frå 2009 til 2010 var det ein nedgang på 14,4 prosent, det vil seia om lag 1,4 mrd. kroner. Det meste av denne nedgangen kjem av ei justering i avsetjinga til konverteringsfondet. Oppdaterte tal for faktisk omgjering av lån til stipend syner at avsetjinga til fondet har vore for høg.

Utgiftene under lånetransaksjonarauka med 6,1 mrd. kroner frå 2008 til 2009, men minka igjen med 8,7 mrd. kroner frå 2009 til 2010. Endringa i perioden er særleg knytt til oppretting og innskot av fondskapital med 6,0 mrd. kroner i Regionale forskingsfond i 2009, og at det i 2010 vart løyvd 1,0 mrd. kronar mindre til Fondet for forsking og nyskaping enn året før. Resten av endringane kjem for det meste av lånepostar knytte til Statens lånekasse for utdanning, og mellom anna ei rekneskapsteknisk omlegging av føringsprinsipp i Lånekassa. Sjå òg kapittel 2.19 der detaljar kring utlån frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

08.10

Administrasjon m.m.

179,7

195,4

176,7

182,8

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

465,7

800,5

848,2

794,0

08.20

Kulturføremål

4 954,4

5 536,8

5 909,9

5 942,8

08.30

Film- og medieføremål

900,4

946,8

988,2

990,8

Sum før lånetransaksjonar

6 500,3

7 479,5

7 923,0

7 910,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

6 500,3

7 479,5

7 923,0

7 910,4

1) Den tidlegare programkategorien 08.40 Den norske kyrkja er frå 2010 flytta til programkategori 01.90 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Tala for 2008 og 2009 er reklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 12,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 90,3 mill. kroner, frå 7 923,0 mill. kroner til 8 013,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 102,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 41,0 mill. kroner. Det er overført til saman 102,9 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 08 Kulturføremål auka nominelt med 1,4 mrd. kroner, frå 6,5 mrd. kroner i 2008 til 7,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 15,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 5,8 prosent og skriv seg først og fremst frå programkategori 08.20 Kulturføremål.

På programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 328 mill. kroner, frå 466 mill. kroner i 2008 til 794 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 72 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 0,8 prosent frå 2009 til 2010. Den samla veksten frå 2008 til 2010 kjem for det meste av ny kompensasjonsordning for meirverdiavgift for frivillige organisasjonar. I 2010 vart løyvingane auka med 200 mill. kroner til dette føremålet, og tidlegare kompensasjon for meirverdiavgift på tenester vart innlemma i ny ordning. Hovudgrunnen til at det likevel er ein nedgang frå 2009 til 2010, er at det i 2009 vart løyvd 250 mill. kroner til idrettsanlegg i kommunane som eit eingongstiltak i samband med tiltakspakka mot finanskrisa.

På programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 988 mill. kroner, frå knapt 5,0 mrd. kroner i 2008 til drygt 5,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 11,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,3 prosent. Størst auke i 2010 hadde scenekunstfeltet med 154 mill. kroner.

På programkategori 08.30 Film- og medieføremål har utgiftene auka med 90 mill. kroner, frå 0,9 mrd. kroner i 2008 til 1,0 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,7 prosent. Det vart i 2010 gjeve auka løyvingar til pressestøtte og til film- og medieføremål.

Kulturløftet har som mål at 1 prosent av utgiftene på statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014. Utgiftsauken i 2010 utanom utgiftene til trussamfunn m.m. under kapittel 310 er knytt til oppfølging av Kulturløftet og utgjorde 424 mill. kroner i 2010. Det meste av utgiftsauken har gått til frivillig verksemd, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var scenekunst, særleg Den Norske Opera & Ballett.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

06.10

Administrasjon1)

274,1

277,6

333,1

333,8

06.20

Rettsstell2)

2 085,9

2 027,1

2 076,6

2 126,4

06.30

Kriminalomsorg

2 835,2

3 476,5

3 591,5

3 698,2

06.40

Politi- og påtalemakt

10 406,8

11 289,5

11 885,4

12 301,8

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 531,8

1 734,4

1 788,4

1 775,1

06.60

Andre verksemder2)

800,4

1 044,1

931,0

952,6

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 044,9

1 064,4

1 171,7

1 185,6

06.80

Svalbardbudsjettet

96,0

-297,8

113,0

-94,9

06.90

Beskyttelse og innvandring1)

2 306,7

3 826,0

4 197,0

4 206,2

Sum før lånetransaksjonar

21 381,8

24 441,7

26 087,7

26 484,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og politidepartementet

21 381,8

24 441,7

26 087,7

26 484,7

1) Programområde 06.90 Beskyttelse og innvandring vart flytta frå Arbeidsdepartementet (AD) til Justisdepartementet i 2010. Tala for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.90 under AD. Flyttinga inneber òg at løyvinga på programkategori 06.10 Administrasjon frå 2010 har auka noko.

2) Tinglysingsprosjektet (kapittel 412) vart i 2009 overført frå kategori 06.20 til kategori 06.60 (kapittel 462). I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett vart løyvinga under kapittel 462 flytta til Miljøverndepartementet og Statens kartverk, kapittel 1465, jf. Prop. 125 S (2009–2010).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 397,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 527,0 mill. kroner, frå 26 087,7 mill. kroner til 26 614,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 130,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 667,8 mill. kroner. Det er overført til saman 546,4 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 06 Justissektoren auka nominelt med 5,1 mrd. kroner, frå 21,4 mrd. kroner i 2008 til 26,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 14,3 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,4 prosent. Den største auken i perioden kjem på programkategoriane 06.40 Politi- og påtalemakt og 06.90 Beskyttelse og innvandring.

På programkategori 06.20 Rettsstell er det ein liten auke i utgiftene på 40 mill. kroner, frå knapt 2,1 mrd. kroner i 2008 til drygt 2,1 mrd. kroner i 2010. Frå 2008 til 2009 var det ein nedgang på 2,8 prosent. Dersom ein trekkjer ut rekneskapstalet for Tinglysingsprosjektet i 2008 (167 mill. kroner), som i 2009 vart overført til kategori 06.60, vert det ein auke på om lag 5,6 prosent frå 2008 til 2009. Frå 2009 til 2010 var det ein auke på 4,9 prosent. Sjå òg fotnote 2 i tabellen over.

På programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 863 mill. kroner, frå 2,8 mrd. kroner i 2008 til 3,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 22,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 6,4 prosent. I tillegg til satsinga på kapasitetsutvidande tiltak for å bli kvitt soningskøen, har utgiftsauken mellom anna samanheng med etablering av straffegjennomføring med elektronisk kontroll og innføring av tilbakeføringsgaranti.

På programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 10,4 mrd. kroner i 2008 til 12,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 8,5 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 9,0 prosent. To viktige grunnar til utgiftsauken er at fleire studentar er tekne opp ved Politihøgskulen, og at fleire nyutdanna studentar er tilsette i politiet. Det vart i 2009 gjeve ekstra løyvingar til politiet, mellom anna til meir enn 460 sivile stillingar, med tanke på å frigjera politiutdanna personell til politioperativt arbeid.

På programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 243 mill. kroner, frå drygt 1,5 mrd. kroner i 2008 til knapt 1,8 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 13,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 2,3 prosent. Auken kjem mellom anna av at redningshelikoptertenesta er styrkt, og at det er etablert heildøgns tilstadesvakt med lege ved alle seks basane. Ein annan grunn til auken er at utbygginga av det første utbyggingsområdet for nytt digitalt radiosamband for naudetatane – Naudnett – har starta.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto inntekter på 94,9 mill. kroner for 2010. Rekneskapen synte òg netto inntekter i 2009, medan det i 2008 var netto utgifter på programkategorien. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot som òg inneheld skatteinntekter knytte til Svalbard. Dei siste to åra har det vore høgare skatteinntekter enn lagt til grunn ved budsjetteringa, og netto utgifter vart dermed negative.

På programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner i 2008 til 4,2 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 65,9 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 9,9 prosent. Hovudgrunnen til auken er fleire personar i mottak og fleire einslege mindreårige asylsøkjarar. Løyvingane er auka monaleg dei siste åra for å få fleire returar av fri vilje og uttransporteringar med tvang. Auken heng òg saman med innføring av elektronisk sakshandsaming i forvaltninga av utlendingssaker.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

13.10

Administrasjon m.m.

167,2

207,2

184,6

187,7

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 354,6

2 545,3

2 686,1

2 691,2

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

65 200,2

80 776,1

86 933,1

86 931,4

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

6 218,4

6 355,5

6 952,1

6 683,2

Sum før lånetransaksjonar

73 940,3

89 884,1

96 755,9

96 493,6

Lånetransaksjonar

12 729,0

13 259,0

14 242,3

12 905,6

Sum Kommunal- og regionaldepartementet

86 669,3

103 143,1

110 998,2

109 399,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 262,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 470,5 mill. kroner, frå 96 755,9 mill. kroner til 97 226,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 732,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11,3 mill. kroner. Det er overført til saman 488,0 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 336,7 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet før lånetransaksjonar auka nominelt med 22,6 mrd. kroner, frå 73,9 mrd. kroner i 2008 til 96,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 21,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,4 prosent. Det er programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. som forklarer den store auken.

På programkategori 13.10 har utgiftene auka med 20,5 mill. kroner, frå 2008 til 2010. Frå 2008 til 2009 var det ein auke på 40,0 mill. kroner, eller 24 prosent. Det vart i 2009 gjeve auka løyvingar til gjennomføring av stortingsvalet 2009. Nedgangen frå 2009 til 2010 har samanheng med at 2010 ikkje var noko valår.

På programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene auka med 337 mill. kroner, frå 2,4 mrd. kroner i 2008 til 2,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 8,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 5,7 prosent. Det vart i 2010 gjeve auka løyvingar til tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling, og til nasjonale tiltak for regional utvikling. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 96,7 mill. kroner når ein tek omsyn til overføringane frå 2009. Det gjeld stort sett prosjekt som ikkje vart ferdigstilte det året tilsegna vart gjevne, særleg under nye tilskotsordningar.

På programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren har utgiftene auka med 21,7 mrd. kroner, frå 65,2 mrd. kroner i 2008 til 86,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 23,9 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,6 prosent. Utgiftene på denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2008 til 2009 på om lag 15,6 mrd. kroner heng mellom anna saman med dei ekstraordinære finanspolitiske tiltaka i samband med finanskrisa. Mellom anna vart det løyvd eit eingongs vedlikehaldstilskot på 4 mrd. kroner. Auken frå 2009 til 2010 er meir moderat, og er mellom anna påverka av bortfall av det ekstraordinære vedlikehaldstilskotet i 2010. Ein del av auken kjem av at rammetilskotet til fylkeskommunane i 2010 vart auka med om lag 7 mrd. kroner som skal brukast til nye oppgåver i samband med forvaltningsreforma.

På programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 465 mill. kroner, frå 6,2 mrd. kroner i 2008 til 6,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 2,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 5,2 prosent. Det vart i 2010 gjeve auka løyvingar til bustønad som følgje av nytt regelverk for bustønad i 2009. Det vart òg gjeve ei auka løyving til investeringstilskotet for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Det samla mindreforbruket innanfor programkategorien er på 269 mill. kroner. Når en tek omsyn til overførte midlar frå 2009 er mindreforbruket på 621 mill. kroner. Av dette er 482 mill. kroner knytt til investeringstilskotet og kjem av at aktivitetsnivået i 2010 vart lågare enn venta, og at færre prosjekt enn føresett vart ferdige til årsskiftet.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 177 mill. kroner, frå 12,7 mrd. kroner i 2008 til 12,9 mrd. kroner i 2010. Frå 2008 til 2009 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2009 til 2010 minka dei med 2,7 prosent eller 353 mill. kroner. Den auka løyvinga på låneposten til Husbanken heng saman med utvida låneramme og endra budsjettering og rekneskapsføring av lånepostane frå 2010. På låneposten til Husbanken er det ei mindreutgift på 1,3 mrd. kroner, sjølv om heile låneramma på 15 mrd. kroner vart disponert i 2010. Grunnen til mindreutgifta er at utbetalingane kjem seinare enn ein før hadde lagt til grunn, og at det har vore større fråfall av tilsegner til utbetaling enn føresett. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeidsdepartementet

Arbeidsdepartementet hadde i 2010 ansvaret for tre programområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Program-kategori2)

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

09.00

Administrasjon1)

455,6

462,4

356,7

369,4

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken1)

10 981,4

11 505,3

10 718,2

11 405,2

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

468,6

808,3

1 037,2

1 008,4

09.30

Arbeidsmarknad

5 453,1

6 951,1

7 805,5

8 021,8

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

730,7

783,9

765,0

785,2

09.50

Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse3)

10 230,6

9 112,3

9 326,7

9 204,1

09.60

Kontantytingar

2 732,4

2 602,6

3 010,3

3 019,7

Sum før lånetransaksjonar

31 052,4

32 225,9

33 019,6

33 813,8

Lånetransaksjonar3)

5 052,1

5 736,5

11 600,0

12 124,2

Sum Arbeid og sosiale føremål

36 104,5

37 962,3

44 619,6

45 938,0

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 721,0

3 792,0

3 833,2

3 833,4

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering

107 568,4

118 139,3

122 642,4

122 339,4

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 453,8

8 543,9

8 696,0

8 669,3

29.70

Alderdom

105 383,3

112 844,7

121 124,0

121 088,2

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 624,6

2 630,0

2 643,5

2 642,7

29.90

Diverse utgifter

187,5

408,4

265,0

331,4

Sum Sosiale føremål, folketrygda

227 938,6

246 358,4

259 204,1

258 904,4

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

4 851,7

10 683,9

13 000,0

12 857,2

Sum Arbeidsliv, folketrygda

4 851,7

10 683,9

13 000,0

12 857,2

Sum Arbeidsdepartementet

268 894,8

295 004,6

316 823,7

317 699,6

1) Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken er oppretta som særskild kategori frå 2010. Rekneskapstala for åra 2008 og 2009 er reklassifiserte frå kategori 09.00 Administrasjon.

2) Dei tidlegare programkategoriane 09.70 Nasjonale minoritetar og 09.80 Samiske føremål er frå 2010 flytta til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet under høvesvis kategoriane 01.40 og 01.33. Tidlegare programkategori 09.50 Integrering og mangfald er flytta til Justis- og politidepartementet under kategori 11.05.

3) Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse er frå 2010 flytta frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD). Tal for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 01.40 og som lånetransaksjonar under FAD.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 794,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 1 253,4 mill. kroner, frå 33 019,6 mill. kroner til 34 273,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 459,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 466,0 mill. kroner. Det er overført til saman 830,9 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 524,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 09 Arbeid og sosiale føremål auka nominelt med knapt 2,8 mrd. kroner frå knapt 31,1 mrd. kroner i 2008 til 33,8 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 3,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,9 prosent. Det meste av veksten i perioden kjem av auka utgifter til arbeidsmarknaden på programkategori 09.30, medan utgifter til pensjonar m.m. på programkategori 09.50 går noko ned.

Lånetransaksjonar på programområde 09 auka med 13,5 prosent frå 2008 til 2009, og med 111 prosent frå 2009 til 2010. Auken i lånetransaksjonar i perioden kjem av utlån gjennom bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse (SPK).

Programkategori 09.20 Tiltak for bedra levekår m.m

På programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m. har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 0,5 mrd. kroner i 2008 til 1,0 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 72 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 25 prosent. Det meste av auken skriv seg frå kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden, som er fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontor i kommunane. Tilskot til kommunane for å dekkja meirkostnader som gjeld kvalifiseringsprogrammet, er løyvd over kapittel 621, post 62.

Programkategori 09.30 Arbeidsmarknaden

På programkategori 09.30 Arbeidsmarknaden har utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner i 2008 til 8,0 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 27,5 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 15,4 prosent. Det meste av auken kjem av vekst i talet på tiltaksplassar for å handtera auka arbeidsløyse frå hausten 2008.

Programkategorien syner ei meirutgift på 216 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 248 mill. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 8,1 mrd. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 31 mill. kroner. Grunnen til mindreutgifta er først og fremst lågare gjennomsnittspris på arbeidsmarknadstiltak enn det som var lagt til grunn for løyvinga.

Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

På programkategori 09.50 Pensjonar m.m. har utgiftene gått ned med 1,0 mrd. kroner, frå 2008 til 2010, frå 10,2 mrd. kroner i 2008 til 9,2 mrd. kroner i 2010. Det er ein nedgang på om lag 10,0 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er høgare premieinntekter og mykje lågare utgifter til sluttoppgjer for verksemder som har meldt seg ut av SPK (jf. at dei årlege pensjonsutbetalingane delvis vert finansierte av SPK sine inntekter). Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 1,0 prosent.

For bustadlånsordninga i SPK vart det frå budsjettåret 2010 lagt til grunn bruttobudsjettering av låneordninga, jf. omtale i Gul bok (2009–2010) kapittel 9.4, medan løyvinga fram til og med budsjettåret 2009 har dekt venta netto utlån (nettoføring på tidlegare kapittel 1544, frå 2010 bruttoføring på kapittel 614 og 3614). Brutto utlån (lånetransaksjonar) på kapittel 614 var om lag 12,1 mrd. kroner i 2010. Netto auke i utlån for bustadlånsordninga i 2010, d.e. utbetalingar (kapittel 614) minus innbetalingar (kapittel 3614), var om lag 6,7 mrd. kroner. Det inneber ein auke i netto utlån frå 2009 til 2010 på om lag 0,9 mrd. kroner. Auken kjem stort sett av vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp pr. lån og av større etterspurnad etter lån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2010 er om lag 33,5 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.19 om statlege utlån.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 299,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 56,4 mill. kroner, frå 259 204,1 mill. kroner til 259 260,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 356,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 90,5 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 29 Sosiale føremål auka nominelt med 31,0 mrd. kroner, frå 227,9 mrd. kroner i 2008 til 258,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 8,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 5,1 prosent. Det kjem av vekst på programkategoriane 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik og 29.70 Alderdom.

Programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

På programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 14,8 mrd. kroner, frå 107,6 mrd. kroner i 2008 til 122,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 9,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,6 prosent. Programkategorien omfattar mellom anna sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføreytingar.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 30,4 mrd. kroner i 2010, ein auke på 2,7 mrd. kroner frå 2008. Utgiftene til uførepensjon var på 53,6 mrd. kroner i 2010, ein auke på 4,7 mrd. kroner frå 2008. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 27,5 mrd. kroner i 2010.

Det har vore nedgang i talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, og ein auke i betalinga for kvar sjukedag. Hovudgrunnen til at utgiftene i 2010 vart lågare enn i budsjettet, er at sjukefråværet gjekk kraftig ned. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), gjekk i gjennomsnitt ned frå 10,5 arbeidsdagar i 2009 til 9,5 arbeidsdagar i 2010.

Frå 1. mars 2010 vart rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta med arbeidsavklaringspengar. Ettersom nokre av desse mottakarane kunne få fleire ytingar samstundes, vil ikkje talet på mottakarar for dei tre ordningane til saman vera lik talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Per desember 2010 var det 174 300 mottakarar av arbeidsavklaringspengar, og i 2010 var det gjennomsnittleg 169 800 mottakarar.

Utbetalingane til uføreytingar frå 1. mars 2010 galdt (varige) uførepensjonistar. Talet på uførepensjonistar har vore stabilt dei siste åra. Per desember 2010 var det 301 000 mottakarar av uførepensjon og gjennomsnittleg behaldning for 2010 var 299 400 mottakarar.

Programkategori 29.70 Alderdom

På programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 15,7 mrd. kroner, frå 105,4 mrd. kroner i 2008 til 121,1 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 7,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,3 prosent.

Auken frå 2008 til 2009 målt i fast grunnbeløp var på 2,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,4 prosent. Hovudgrunnen til auken under programkategori 29.70 Alderdom er at det vert fleire alderspensjonistar.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 142,8 mill. kroner, av ei samla løyving på 13,0 mrd. kroner.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 33 Arbeidsliv auka nominelt med 8,0 mrd. kroner, frå 4,9 mrd. kroner i 2008 til 12,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 120 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 20,3 prosent.

Auken i utgifter skriv seg først og fremst frå auka arbeidsløyse og fleire dagpengemottakarar i samband med finanskrisa. Dagpenge- og permitteringsregelverket har vorte mellombels endra for å tilpassa seg situasjonen på arbeidsmarknaden. Det har òg medverka til auka utgifter til dagpengar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

493,0

609,8

220,6

234,8

10.10

Folkehelse

1 518,5

1 877,7

1 566,1

1 895,7

10.20

Helseforvaltning

1 649,6

2 100,7

1 355,6

1 486,4

10.30

Spesialisthelsetenester

88 323,9

103 644,4

99 105,5

98 744,6

10.40

Psykisk helse

6 519,0

954,8

0,0

0,0

10.50

Legemiddel

229,9

271,7

277,9

290,2

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

1 316,0

1 979,8

3 246,0

3 209,0

10.70

Tannhelsetenester

0,0

0,0

75,5

77,2

10.80

Kunnskap og kompetanse

0,0

0,0

596,3

588,8

Sum før lånetransaksjonar

100 049,9

111 439,0

106 443,4

106 526,6

Lånetransaksjonar

333,6

47,7

7,5

7,6

Sum Helse og omsorg

100 383,6

111 486,7

106 450,9

106 534,2

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

30.10

Spesialhelsetenester m.m.

2 833,5

3 114,0

3 338,0

3 343,0

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

16 793,9

17 589,8

18 756,0

18 983,8

30.90

Andre helsetiltak

357,0

275,9

220,0

223,8

Sum før lånetransaksjonar

19 984,5

20 979,7

22 314,0

22 550,6

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

120 368,0

132 466,4

128 764,9

129 084,8

1) For programområde 10 er budsjettstrukturen endra frå og med budsjettet 2010. Det gjer at løyvingane og rekneskapen for 2010 under dei einskilde programkategoriane ikkje kan samanliknast direkte med rekneskapen for 2009. Dette gjeld særleg programkategori 10.40 Psykisk helse, der det meste av løyvinga er flytta til programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane. Vidare er løyvingane til tannhelsetenesta flytta frå programkategori 10.20 til ny programkategori 10.70 Tannhelsetenesta. Dei fleste tiltaka som er omfatta av ny programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse er for det meste er flytta frå programkategoriane 10.00, 10.10 og 10.20.

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 83,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 483,3 mill. kroner, frå 106 443,4 mill. kroner til 106 926,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 400,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 254,9 mill. kroner. Det er overført til saman 438,6 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 0,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 10 Helse og omsorg auka nominelt med 6,5 mrd. kroner, frå 100,0 mrd. kroner i 2008 til 106,5 mrd. kroner i 2010, som svarar til 6,5 prosent. Endringa for programområde 10 samla sett kjem for det meste av at utgiftene på programkategoriane 10.30 Spesialisthelsetenester og 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har auka, og at løyvingane på programkategori 10.40 Psykisk helse er avslutta.

På programkategori 10.00 er det ein stor nedgang i 2010 samanlikna med rekneskapen dei tidlegare åra. Det kjem av ny budsjettstruktur som mellom anna førte til at 224 mill. kroner til forsking, kapittel 701, vart flytta til ny programkategori 10.80.

På programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene auka med 377,2 mill. kroner, frå 1,5 mrd. kroner i 2008 til 1,9 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 23,7 prosent frå 2008 til 2009, og med 1,0 prosent frå 2009 til 2010. Det er meirutgifter på 329,6 mill. kroner i 2010. Hovudgrunnen er at utgifter til pandemivaksine som det vart budsjettert med i 2009, først kom til utbetaling i 2010, jf. at 277,7 mill. kroner vart overført til 2010.

Programkategori 10.20 Helseforvaltning auka monaleg frå 2008 til 2009, først og fremst fordi forvaltningsansvaret for helserefusjonar (Helfo) vart overført frå Arbeids- og velferdsetaten til Helsedirektoratet. Nedgangen frå rekneskapen for 2009 til rekneskapen for 2010 kjem av ny budsjettstruktur, der mellom anna utgifter til turnusteneste vart flytta til programkategori 10.80. Utgifter under kapittel 721 Pasient- og brukarombod vart flytta til kategori 10.30 og 10.60, og utgifter under kapittel 726 Statens helsepersonellnemnd vart flytta til kategori 10.30 og 10.80.

På programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 10,4 mrd. kroner, frå 88,3 mrd. kroner i 2008 til 98,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 17,3 prosent, medan nedgangen frå 2009 til 2010 var på 4,7 prosent. Det vart i 2009 gjeve auka løyvingar til drift av helseføretaka. I tillegg vart det løyvd 7,3 mrd. kroner som ei eingongsløyving i 2009 som følgje av at driftskreditt som dei regionale helseføretaka hadde teke opp, vart omgjort frå lån i private bankar til lån i staten.

På programkategori 10.40 Psykisk helse har utgiftene gått ned med 6,5 mrd. kroner frå 2008 til 2010. Opptrappingsplanen for psykisk helse under programkategori 10.40 vart avslutta i 2008, og tilskota under opptrappingsplanen vart frå og med 2009 innlemma i kommuneramma og i basisløyvinga til dei regionale helseføretaka.

På programkategori 10.60 Helse og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner i 2008 til 3,2 mrd. kroner i 2010. Det er ein auke på 144 prosent. Sjå elles merknader om ny budsjettstruktur under tabellen i innleiinga. Grunnen til den store auken i perioden er at vertskommunetilskotet frå 2009 igjen vart innlemma i løyvinga. Det innebar ei styrking av programkategori 10.60 med om lag 463 mill. kroner, mot ein tilsvarande nedgang på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Andre grunnar til auken under denne programkategorien er større løyvingar til Omsorgsplan 2015 og Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Programområde 30 Stønader ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 236,6 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 30 Stønad ved helsetenester auka nominelt med 2,6 mrd. kroner, frå 20,0 mrd. kroner i 2008 til 22,6 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,0 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,5 prosent. Utgiftene til refusjon av eigenbetaling (eigenandelstak 1) har i 2010 auka med om lag 365 mill. kroner etter innføring av automatisk frikortordning. Hyppigare innsending av rekningar frå behandlarar er anslått å utgjera 220 mill. kroner i auka utgifter i 2010. Endringane elles er på om lag same nivå som tidlegare år.

2.9 Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet

Barne-, og likestillings- og integreringsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

11.00

Administrasjon

110,9

120,2

146,1

151,0

11.05

Integrering og mangfald1)

4 458,0

5 186,0

5 796,8

5 766,2

11.10

Tiltak for familie og likestilling

17 102,1

17 222,8

17 290,5

17 268,5

11.20

Tiltak for born og ungdom

5 743,3

6 617,9

7 038,3

7 118,8

11.30

Forbrukarpolitikk

174,7

175,3

178,7

183,2

Sum før lånetransaksjonar

27 589,0

29 322,0

30 450,4

30 487,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Familie- og forbrukarpolitikk

27 589,0

29 322,0

30 450,4

30 487,7

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

12 366,8

13 850,3

14 555,0

14 813,9

Sum Foreldrepengar, folketrygda

12 366,8

13 850,3

14 555,0

14 813,9

Sum Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet

39 955,8

43 172,3

45 005,4

45 301,6

1) Kategori 11.05 Integrering og mangfald er flytta frå Arbeidsdepartementet i 2010. Tal for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte under kategori 09.50.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 37,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 60,0 mill. kroner, frå 30 450,4 mill. kroner til 30 510,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 22,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 141,3 mill. kroner. Det er overført til saman 103,7 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008 –2010 har utgiftene på programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk auka nominelt med 2,9 mrd. kroner, frå 27,6 mrd. kroner i 2008 til 30,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 6,3 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,0 prosent. Det meste av veksten kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for born og ungdom.

På programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner i 2008 til 5,8 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 16,3 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 11,2 prosent. Utgiftsauken kjem mellom anna av at talet på busette med rett til integreringstilskot, har auka, og at det er vorte fleire vaksne innvandrarar som får tilskot til norskopplæring.

På programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner i 2008 til 17,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 0,7 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 0,3 prosent. I perioden er det utbetalt meir barnetrygd samstundes som færre har motteke kontantstønad.

På programkategori 11.20 Tiltak for born og ungdom har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 5,7 mrd. kroner i 2008 til 7,1 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 15,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,6 prosent. Hovudgrunnen er auka utgifter til det statlege barnevernet og fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar enn før.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 258,9 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 28 Foreldrepengar auka nominelt med 2,4 mrd. kroner, frå 12,4 mrd. kroner i 2008 til 14,8 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 12,0 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,0 prosent. Mykje av denne utgiftsauken kjem av fleire fødslar, inntektsauke blant stønadsmottakarane og verknaden av utvida foreldrepermisjonen og fedrekvote. Det har òg vore auke i talet på fedrar som tek ut foreldrepermisjon.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

17.00

Administrasjon

236,0

263,9

252,9

253,9

17.10

Infrastruktur og rammevilkår

3 128,4

3 143,9

3 005,8

3 086,2

17.20

Forsking, innovasjon og internasjonalisering

2 946,6

4 464,5

4 260,3

4 320,0

17.30

Statleg eigarskap

59,3

70,6

69,5

67,3

Sum før lånetransaksjonar

6 370,3

7 942,8

7 588,5

7 727,4

Lånetransaksjonar

27 107,0

49 996,4

81 933,8

61 913,8

Sum Nærings- og handelsdepartementet

33 477,3

57 939,2

89 522,3

69 641,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 138,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 758,1 mill. kroner, frå 7 588,5 mill. kroner til 8 346,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 619,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 85,9 mill. kroner. Det er overført til saman 669,2 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 20,0 mrd. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 17 Nærings- og handelsføremål før lånetransaksjonar auka nominelt med nesten 1,4 mrd. kroner, frå knapt 6,4 mrd. kroner i 2008 til drygt 7,7 mrd. kroner i 2010. Det var ein auke på 24,7 prosent frå 2008 til 2009, men ein nedgang på 2,7 prosent frå 2009 til 2010. Endringane kjem særleg på programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering, der det vart løyvd ekstra midlar til tiltak og ordningar til Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd, GIEK og SIVA for å motverka finanskrisa i 2009. Nedgangen frå 2009 til 2010 under programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår kjem stort sett av mindre utbetalingar av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk.

Utgiftene under Lånetransaksjonarhar auka årleg i perioden 2008–2010. Auken skriv seg mellom anna frå finansieringa av innlånsordningane under Innovasjon Noreg og er knytt til skifte mellom korte og langsiktige lån. Dessutan har det vore svingingar i utgiftene til lån, aksjekjøp og innskot av eigenkapital til statlege selskap. I 2010 har staten ved Nærings- og handelsdepartementet mellom anna skote inn kapital i Statkraft SF med om lag 9,8 mrd. kroner, og deltatt i aksjekapitalutviding i Norsk Hydro ASA med knapt 4,4 mrd. kroner og i SAS AB med knapt 0,6 mrd. kroner. Grunnen til det store avviket mellom rekneskap og budsjett i 2010 er at ei løyving på 20 mrd. kroner i statleg lån til Eksportfinans ASA knytt til finanskrisa, ikkje vart nytta.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for programområde 16. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

16.10

Administrasjon

119,9

129,8

134,5

139,0

16.20

Forsking og innovasjon

1 417,9

1 523,7

1 589,4

1 651,4

16.30

Fiskeri- og havbruksforvaltning

416,1

616,6

417,5

451,3

16.60

Kystforvaltning

1 718,8

2 143,6

2 245,4

2 274,1

Sum før lånetransaksjonar

3 672,7

4 413,7

4 386,8

4 515,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

3 672,7

4 413,7

4 386,8

4 515,8

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.40

Arbeidsliv1)

22,0

28,0

30,0

24,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

22,0

28,0

30,0

24,0

Sum Fiskeri- og kystdepartementet

3 694,7

4 441,7

4 416,8

4 539,8

1) Tidlegare programkategori 33.10 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn. Programkategorien høyrer inn under Fiskeri- og kystdepartementet.

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 129,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 572,1 mill. kroner, frå 4 386,8 mill. kroner til 4 958,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 443,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 195,6 mill. kroner. Det er overført til saman 611,9 mill. kroner i 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1,10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 16 auka nominelt med 0,8 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner i 2008 til 4,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 20,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 2,3 prosent. Endringa på programområde 16 kjem stort sett av auka utgifter på programkategoriane 16.20 og 16.60, og rammeoverførte midlar frå programkategori 16.30.

På programkategori 16.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 233 mill. kroner, frå 1,4 mrd. kroner i 2008 til knapt 1,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 7,5 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,4 prosent. Det vart i 2010 gjeve auka løyvingar til Havforskingsinstituttet og Noregs forskingsråd for å styrkja kunnskapsgrunnlaget for ei berekraftig fiskeri- og havbruksnæring, i tillegg til at løyvinga til marin bio-prospektering vart styrkt.

På programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning har utgiftene auka med 35 mill. kroner, frå 416 mill. kroner i 2008 til 451 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 48 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 27 prosent frå 2009 til 2010. Nedgangen frå 2009 til 2010 kjem av at det i 2009 vart løyvd 195 mill. kroner til fylkeskommunane i samband med dei nye laksekonsesjonane. Dessutan vart det i 2010 rammeoverført midlar frå Fiskeridirektoratets driftsbudsjett til rammetilskot til Fylkeskommunane som ledd i overføring av oppgåver til fylkeskommunane.

På programkategori 16.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 555 mill. kroner, frå 1,7 mrd. kroner i 2008 til 2,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 24,7 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 6,1 prosent. Det vart i 2010 gjeve auka løyvingar til slepebåtberedskapen i Nord-Noreg og på Sørlandet, til hamner og farleier, og til drift og vedlikehald på Jan Mayen og Loran C. I tillegg vart det løyvd midlar til handtering av ubåten U-864 utanfor Fedje og til handtering av vraket Murmansk.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 6,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan området omfattar overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programkategori 33.40 Arbeidsliv auka nominelt med 2,0 mill. kroner, frå 22,0 mill. kroner i 2008 til 24,0 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 27,3 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 14,3 prosent frå 2009 til 2010. Endringa over perioden må sjåast i samanheng med at utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og at løyvinga er ei overslagsløyving.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

15.00

Landbruks- og matforvaltning m.m.

131,4

143,2

142,5

142,2

15.10

Matpolitikk

1 305,1

1 392,8

1 364,8

1 407,2

15.20

Forsking og innovasjon

361,1

382,2

409,8

409,8

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

12 893,9

13 296,4

13 785,9

13 764,4

Sum før lånetransaksjonar

14 691,5

15 214,6

15 703,1

15 723,5

Lånetransaksjonar

0,1

0,0

1 714,9

1 714,9

Sum Landbruks- og matdepartementet

14 691,6

15 214,6

17 418,0

17 438,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 20,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 274,6 mill. kroner, frå 15 703,1 mill. kroner til 15 977,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 254,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 46,9 mill. kroner. Det er overført til saman 239,5 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 15 Landbruk og mat før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,0 mrd. kroner, frå 14,7 mrd. kroner i 2008 til 15,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 3,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,3 prosent. Auken i lånetransaksjonar på programområde 15 kjem av kapitalauke og statleg lån til Statskog SF i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011).

På programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 102 mill. kroner, frå 1,3 mrd. kroner i 2008 til 1,4 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 6,7 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 1,0 prosent. Ein av grunnane til utgiftsauken er at det i januar 2009 vart gjeve særskilde løyvingar til Bioforsk i samband med tiltakspakka mot finanskrisa.

På programkategori 15.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 49 mill. kroner, frå 361 mill. kroner i 2008 til 410 mill. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,2 prosent. Hovudgrunnen til utgiftsauken er større forskingsaktivitet på områda fornybare energikjelder og binding av karbon i jord og skog.

På programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 12,9 mrd. kroner i 2008 til 13,8 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 3,1 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,5 prosent. Auken er stort sett knytt til kapittel 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

21.10

Administrasjon m.m.

334,4

363,3

451,1

469,8

21.20

Luftfartsføremål

750,8

1 000,9

972,1

972,0

21.30

Vegføremål

16 358,6

18 935,1

14 439,8

14 969,0

21.40

Særskilde transporttiltak

600,8

686,2

753,3

702,4

21.50

Jernbaneføremål

7 711,1

9 512,7

10 449,7

11 018,7

Sum før lånetransaksjonar

25 755,6

30 498,1

27 065,9

28 131,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Innanlands transport

25 755,6

30 498,1

27 065,9

28 131,9

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

228,0

723,8

705,9

697,0

Sum før lånetransaksjonar

228,0

723,8

705,9

697,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Post og telekommunikasjonar

228,0

723,8

705,9

697,0

Sum Samferdselsdepartementet

25 983,7

31 221,9

27 771,8

28 828,9

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 066,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 2 141,3 mill. kroner, frå 27 065,9 mill. kroner til 29 207,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 075,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 187,0 mill. kroner. Det er overført til saman 1 246,3 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 21 Innanlands transport auka med 2,4 mrd. kroner, frå 25,8 mrd. kroner i 2008 til 28,1 mrd. kroner i 2010. Frå 2008 til 2009 var det ein auke på 18,4 prosent, og frå 2009 til 2010 var det ein nedgang på 7,8 prosent. Endringa frå 2008 til 2010 på programområde 21 kjem stort sett av auka utgifter under programkategori 21.40 Jernbaneføremål. Frå 2008 til 2009 var det òg ein auke i løyvingane til programkategori 21.30 Vegføremål, medan løyvingane gjekk ned att frå 2009 til 2010 som følgje av forvaltningsreforma.

På programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner i 2008 til 1,0 mrd. kroner i 2010. Frå 2008 til 2009 auka dei med 33,3 prosent, og frå 2009 til 2010 minka dei med 2,9 prosent. I 2009 og 2010 vart det løyvd ekstraordinære investeringstilskot til Avinor AS for å gjennomføra naudsynte tryggleiksinvesteringar på dei regionale lufthamnene. Løyvingane var på 150 mill. kroner i 2009 og 50 mill. kroner i 2010.

På programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene gått ned med 1,4 mrd. kroner, frå 16,4 mrd. kroner i 2008 til 15,0 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 15,8 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 20,9 prosent frå 2009 til 2010. Auken frå 2008 til 2009 skriv seg mellom anna frå løyvingar til Statens vegvesen i samband med tiltakspakka mot finanskrisa. Frå 1. januar 2010 vart ansvaret for det meste av «øvrige riksvegar» og riksvegferjesamband overført frå staten til fylkeskommunane og Oslo kommune. Det omfatta om lag 17 000 km av riksvegane, og løyvingane til Statens vegvesen gjekk difor monaleg ned. Budsjett- og rekneskapstala kan derfor ikkje direkte samanliknast over perioden 2008–2010.

På programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 3,3 mrd. kroner, frå 7,7 mrd. kroner i 2008 til 11,0 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 23,4 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 15,8 prosent. Utgiftsauken kjem av satsinga på jernbane dei siste åra gjennom auka løyvingar til Jernbaneverket både i dei ordinære budsjetta for dei tre åra og i samband med tiltakspakka mot finanskrisa i 2009.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 8,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 0,7 mill. kroner, frå 705,9 mill. kroner til 706,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 9,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 4,3 mill. kroner. Det er overført til saman 0,8 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 22 Post og telekommunikasjonar (programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar) auka med 0,5 mrd. kroner, frå 0,2 mrd. kroner i 2008 til 0,7 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 217 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 3,7 prosent frå 2009 til 2010. Auken på programområde 22 kjem for det meste av at det frå 2009 igjen trongst løyving til statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Noreg AS.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

881,3

1 081,9

1 079,6

1 071,7

12.20

Naturmangfald og friluftsliv

1 064,2

1 360,2

1 415,7

1 385,8

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

410,9

672,7

483,8

497,1

12.40

Klima og forureining

568,5

600,9

710,7

663,4

12.50

Kart, geodata og eigedomsinformasjon

376,5

407,5

602,2

596,7

12.60

Nord- og polarområda

217,9

263,2

280,8

284,6

Sum før lånetransaksjonar

3 519,3

4 386,5

4 572,7

4 499,3

Lånetransaksjonar

0,0

400,0

0,0

0,0

Sum Miljøverndepartementet

3 519,3

4 786,5

4 572,7

4 499,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 73,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 276,2 mill. kroner, frå 4 572,7 mill. kroner til 4 848,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 349,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 53,6 mill. kroner. Det er overført til saman 409,2 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 12 Miljøvern og regional planlegging før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,0 mrd. kroner, frå 3,5 mrd. kroner i 2008 til 4,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 24,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 2,6 prosent. Den største veksten i perioden kjem på programkategori 12.20 Naturmangfald og friluftsliv.

På programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,9 mrd. kroner i 2008 til 1,1 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 22,8 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 0,9 prosent frå 2009 til 2010. Hovudgrunnen til nedgangen er at mange prosjekt og andre tiltak som vart sette i gang i 2010, ikkje vart ferdigstilte. Utbetalingane til ein del av desse tiltaka kjem difor ikkje før i 2011.

På programkategori 12.20 Naturmangfald og friluftsliv har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner i 2008 til 1,4 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 27,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 1,9 prosent. Auken frå 2008 til 2009 kjem av auka løyvingar for å ta vare på naturmangfald og å fremja friluftsliv, mellom anna ei ekstraløyving på 87 mill. kroner i tiltakspakka mot finanskrisa. Det er eit mindreforbruk på 29,9 mill. kroner i 2010. Grunnen er at mange av prosjekta som vart starta opp i 2010, ikkje vert ferdigstilte før i 2011.

På programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 86,2 mill. kroner, frå 0,4 mrd. kroner i 2008 til 0,5 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 63,7 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 26,1 prosent frå 2009 til 2010. Det kjem for det meste av ei ekstraløyving på 223 mill. kroner i 2009 i tiltakspakka mot finanskrisa.

På programkategori 12.40 Klima og forureining har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner i 2008 til 0,7 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,7 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 10,4 prosent. Det er eit mindreforbruk på 47,3 mill. kroner i 2010. Grunnen er at mange av dei nye tiltaka for å rydda opp i forureina sediment er tidkrevjande, mellom anna på grunn av dei formelle prosessane i kommunane. Dermed vert ein del av utgiftene ikkje utbetalte før i 2011.

På programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner i 2008 til 0,6 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 8,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 46,4 prosent. Auken heng saman med at det i 2010 vart overført om lag 190 mill. kroner til Miljøverndepartementet frå Justis- og politidepartementet då Miljøverndepartementet overtok ansvaret for tinglysinga.

På programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 66,7 mill. kroner, frå 0,2 mrd. kroner i 2008 til 0,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 20,8 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,2 prosent. Veksten kjem mellom anna av auka oppdragsinntekter som har ført til høgare felleskostnader og meirforbruk av administrative utgifter.

2.15 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon m.m.

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

01.00

Administrasjon m.m.

370,9

366,1

777,2

778,7

01.10

Fylkesmannsembeta

1 481,6

1 547,3

1 395,0

1 522,6

01.20

Fellestenester i regjeringskvartalet

619,1

813,1

469,2

535,0

01.30

Partistøtte

321,0

336,0

348,0

346,8

01.33

Samiske føremål1)

213,8

234,2

238,0

247,5

01.40

Nasjonale minoritetar2)

20,6

14,1

14,8

15,0

01.50

Konkurransepolitikk

93,9

92,1

89,8

90,7

01.60

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

60,5

48,5

311,8

359,5

01.70

Personvern

28,2

35,3

33,2

34,2

01.80

Byggje- og eigedomspolitikk

2 689,1

2 698,9

1 770,7

2 053,3

01.90

Den norske kyrkja3)

1 434,1

1 569,5

1 476,2

1 524,9

Sum før lånetransaksjonar

7 332,8

7 755,2

6 924,0

7 508,1

Lånetransaksjonar4)

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

7 332,8

7 755,2

6 924,0

7 508,1

1) Programkategori 01.33 Samiske føremål er flytta frå Arbeidsdepartementet (AD) i 2010. Tala for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.80 under AD.

2) Programkategori 01.40 Nasjonale minoritetar er flytta frå AD i 2010. Tala for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.70 under AD.

3) Den norske kyrkja er flytta frå Kulturdepartementet (KUD) i 2010. Tala for 2008 og 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 08.40 under KUD.

4) Den tidlegare programkategorien 01.40 Pensjonar m.m. og lånetransaksjonar knytt til bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, er frå 2010 flytta til programkategori 09.50 under AD. Tala for 2008 og 2009 er reklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 584,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 727,9 mill. kroner, frå 6 924,0 mill. kroner til 7 651,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 143,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 319,1 mill. kroner. Det er overført til saman 395,1 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene på programområde 01 Fellesadministrasjon auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner i 2008 til 7,5 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 5,8 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 3,2 prosent frå 2009 til 2010. Det meste av endringa på programområde 01 kjem av auka utgifter under programkategori 01 Administrasjon m.m. og nedgang i utgiftene under programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk.

På programkategori 01.00 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner i 2008 til 0,8 mrd. kroner i 2010. Utgiftene minka med 1,3 prosent frå 2008 til 2009 og auka med 113 prosent frå 2009 til 2010. Det vart i 2010 løyvd 0,3 mrd. kroner som ei eingongsløyving til kompensasjon til Opplysningsvesenets fond knytt til saka om tomtefesteinstruksen.

Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta syner små endringar over rekneskapsperioden. Meirutgiftene heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter på inntektsområda til embeta, jf. eigne fullmakter.

På programkategori 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet har utgiftene gått ned med 0,1 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner i 2008 til 0,5 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 31,3 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 34,2 prosent frå 2009 til 2010. Nedgangen frå 2009 til 2010 heng saman med at Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) vart flytta frå programkategori 01.20 til programkategori 01.60 frå 2010. Meirutgiftene under programkategori 01.20 heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter på inntektsområda til Servicesenteret for departementa (DSS), jf. eigne fullmakter.

På programkategori 01.60 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,1 mrd. kroner i 2008 til 0,4 mrd. kroner i 2010. Utgiftene minka med 19,9 prosent frå 2008 til 2009 og auka med 641 prosent frå 2009 til 2010. Auken frå 2009 til 2010 heng saman med at Difi frå 2010 inngår i programkategori 01.60.

På programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner i 2008 til 2,1 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 0,4 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 23,9 prosent frå 2009 til 2010. Nedgangen kjem av mindre aktivitet på området i 2010 enn i 2009. Det vart i saldert budsjett 2010 løyvd midlar til om lag same aktivitetsnivå i 2010 som i 2009, men fleire byggjeprosjekt vart utsette og hadde mindre framdrift enn planlagt. Løyvingane vart derfor sette ned i løpet av 2010. Rekneskapen syner eit meirforbruk som heng saman med overførte midlar frå 2009.

På programkategori 01.90 Den norske kyrkja heng meirutgiftene saman med om lag tilsvarande meirinntekter, jf. eigne fullmakter.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

23.10

Finansadministrasjon

550,1

925,9

975,6

1 012,3

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

5 525,6

5 824,2

6 121,2

6 259,5

23.30

Offisiell statistikk

676,8

695,9

689,3

710,3

23.40

Andre føremål

14 769,0

15 299,2

16 337,4

16 516,3

Sum før lånetransaksjonar

21 521,6

22 745,2

24 123,6

24 498,4

Lånetransaksjonar

35,0

100 000,0

1 837,0

0,0

Sum Finansdepartementet

21 556,6

122 745,2

25 960,6

24 498,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 374,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 1 259,9 mill. kroner, frå 24 123,6 mill. kroner til 25 383,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 885,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 270,5 mill. kroner. Det er overført til saman 592,8 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 837,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008–2010 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 23 Finansadministrasjon auka nominelt med 3,0 mrd. kroner, frå 21,5 mrd. kroner i 2008 til 24,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,7 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,7 prosent. Ein stor del av veksten kjem av auka utgifter på programkategoriane 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon og 23.40 Andre føremål.

På programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 462 mill. kroner, frå 550 mill. kroner i 2008 til 1 012 mill. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 68 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 9,3 prosent. Av auken i 2009 kom 326 mill. kroner av at Senter for statleg økonomistyring vart flytta frå programkategori 23.40 Andre føremål. Utgiftsauken frå 2009 til 2010 heng mellom anna saman med Finansdepartementets arbeid med Statens pensjonsfond og Senter for statleg økonomistyrings utviklingsarbeid på rekneskaps- og e-handelsområdet.

På programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 734 mill. kroner, frå 5,5 mrd. kroner i 2008 til knapt 6,3 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 5,4 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 7,5 prosent. Hovudgrunnen til auken er styrking av grensekontrollen og innsatsen mot skatte- og avgiftskriminalitet.

På programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med drygt 1,7 mrd. kroner, frå 14,8 mrd. kroner i 2008 til 16,5 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 3,6 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 8,0 prosent. Utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar har auka monaleg gjennom fleire år. Årsaka er høg aktivitetsvekst som følgje av styrkinga av kommuneøkonomien.

Under lånetransaksjonar var utgiftene i 2009 på 100 mrd. kroner. Dette galdt kapitalinnskot på 50 mrd. kroner i Statens obligasjonsfond og 50 mrd. kroner i Statens finansfond i samband med tiltak mot finanskrisa. I 2010 vart det løyvd eit lån på 1,8 mrd. kroner til Latvia, men landet valde ikkje å trekkja på dette lånet i 2010.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

04.10

Militært forsvar

34 243,9

34 665,1

36 125,0

35 862,3

Sum før lånetransaksjonar

34 243,9

34 665,1

36 125,0

35 862,3

Lånetransaksjonar

4,2

0,0

0,0

0,0

Sum Forsvarsdepartementet

34 248,1

34 665,1

36 125,0

35 862,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 262,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 997,3 mill. kroner, frå 36 125,0 mill. kroner til 37 122,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 260,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 342,7 mill. kroner. Det er overført til saman 1 591,1 mill. kroner til 2011 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008 til 2010 har utgiftene på programområdet 04 Militært forsvar auka nominelt med 1,6 mrd. kroner, frå 34,2 mrd. kroner i 2008 til 35,9 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 1,2 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 3,5 prosent. Driftskostnadene har auka med 11 prosent, frå om lag 23,9 mrd. kroner i 2008 til 26,5 mrd. kroner i 2010. Utgifter til investeringar i materiell gjekk ned med 13 prosent, frå om lag 8,2 mrd. kroner i 2008 til 7,1 mrd. kroner i 2010, medan utgifter til investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 2 prosent, frå drygt 2,2 mrd. kroner i 2008 til knapt 2,3 mrd. kroner i 2010.

Mindreforbruket i 2010 skriv seg mellom anna frå forseinka framdrift på nokre investeringsprosjekt i 2010. Når det gjeld materiellinvesteringar, er forseinkingar frå leverandørar ei viktig årsak. Nokre bygg- og anleggsprosjekt er òg forseinka. Derfor er ein del av løyvinga overført til 2011. Alle midlane er til gjennomføring av omstillingskritiske tiltak i langtidsplanen for Forsvaret 2009–2012. Rekneskapen for 2010 syner elles at verksemda i Forsvaret vart gjennomført innanfor dei tildelte rammene.

2010 er det andre året i langtidsplanperioden 2009–2012, jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008) til St.prp. nr. 48 (2007–2008) Et forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier. Proposisjonen set hovudmål og rammer for Forsvaret for perioden 2009–2012.

Forsvaret har òg i 2010 lagt vekt på nærvære i nord. Suverenitetshevding og overvaking har vore mellom dei høgast prioriterte oppgåvene for Forsvaret. Andre høgt prioriterte oppgåver i denne samanhengen har vore god beredskap i kystnære område, aktiv rolle i miljøovervaking, ressurskontroll og maritimt redningsarbeid.

Forsvaret har i 2010 vidareført betydelege bidrag til internasjonal fred og stabilitet gjennom deltaking i operasjonar i utlandet, først og fremst i Afghanistan og Tsjad. I perioden 2008 til 2010 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet auka nominelt med 20 prosent, frå 1 315 mill. kroner til 1 578 mill. kroner.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2008

Rekneskap 2009

Budsjett 2010

Rekneskap 2010

18.00

Administrasjon

168,5

203,0

189,7

193,0

18.10

Petroleum

487,7

534,7

322,7

337,2

18.20

Energi- og vassressursar

525,3

684,6

739,6

726,3

18.25

Energiomlegging

683,1

1 879,3

1 032,5

1 061,6

18.30

Teknologi og internasjonalisering

1 109,7

1 959,2

3 710,6

2 994,4

18.70

Statleg petroleumsverksemd

22 080,7

24 970,7

20 956,5

20 406,2

Sum før lånetransaksjonar

25 055,1

30 231,5

26 951,6

25 718,5

Lånetransaksjonar

17 136,5

12 161,5

5 000,0

5 000,0

Sum Olje- og energiføremål

42 191,6

42 393,0

31 951,6

30 718,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 233,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2009 aukar disponibel løyving med 520,1 mill. kroner, frå 26 951,6 mill. kroner til 27 471,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 753,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 38,1 mill. kroner. Det er overført til saman om lag 1 045,4 mill. kroner til 2011 under postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008 – 2010 har utgiftene på programområde 18 Olje- og energiføremål før lånetransaksjonar auka nominelt med 663 mill. kroner, frå 25,1 mrd. kroner i 2008 til 25,7 mrd. kroner i 2010. Utgiftene før lånetransaksjonar auka med 20,7 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 14,9 prosent frå 2009 til 2010. Hovudgrunnen til endringane er endra utgiftsnivå under høvesvis programkategoriane 18.25 Energiomlegging, 18.30 Teknologi og internasjonalisering og 18.70 Statleg petroleumsverksemd.

På programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 24 mill. kroner, frå 169 mill. kroner i 2008 til 193 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 20,4 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 4,9 prosent frå 2009 til 2010.

På programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med 151 mill. kroner, frå 488 mill. kroner i 2008 til 337 mill. kroner i 2010. Utgiftene auka med 9,6 prosent frå 2008 til 2009 og minka med om lag 37 prosent frå 2009 til 2010. Hovudgrunnen er at Oljedirektoratet i 2008 og 2009 fekk auka løyvingar til geologisk kartlegging av områda Nordland IV og Troms II. Kartlegginga var ferdig i 2009.

På programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 201 mill. kroner, frå 525 mill. kroner i 2008 til 726 mill. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på om lag 30 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 6,1 prosent. Grunnen til utgiftsauken er at NVEs verksemd innanfor konsesjonar, fornybar energi og klima er styrkt, og at forvaltningsansvaret for alle typar skred vart samla hos NVE i 2009 som eit ledd i styrkinga av den statlege skredførebygginga. I 2010 vart det statlege arbeidet med førebygging av skredulukker i regi av NVE styrkt endå meir. Dessutan vart tilskot til utjamning av overføringstariffar dobla til 60 mill. kroner i 2009.

På programkategori 18.25 Energiomlegging har utgiftene auka med 378 mill. kroner, frå 0,7 mrd. kroner i 2008 til 1,1 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 175 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 44 prosent frå 2009 til 2010. Hovudgrunnen er at det i 2009 vart gjeve ei ekstraordinær eingongsløyving på om lag 1,2 mrd. kroner under Energifondet i samband med tiltakspakka mot finanskrisa. Vidare vart løyvinga til naturgass teke ut av budsjettet i 2010. Nedgangen i utgiftene i 2010 som følgje av ovannemnde vart dempa noko av at avkastninga frå Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) auka med 365 mill. kroner i 2010 som følgje av kapitalinnskotet på 10,0 mrd. kroner i fondet i 2009. Dette auka overføringane til Energifondet over statsbudsjettet tilsvarande.

På programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner i 2008 til 3,0 mrd. kroner i 2010. Auken frå 2008 til 2009 var på 77 prosent, medan auken frå 2009 til 2010 var på 53 prosent. Hovudgrunnen til utgiftsveksten er auka utgifter til CO2-handteringsprosjekta. Det gjeld planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering frå Mongstad og Kårstø, planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2 frå Mongstad og Kårstø, og investering i teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM). I tillegg har løyvinga til Noregs forskingsråd auka.

På programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd har utgiftene gått ned med 1,7 mrd. kroner, frå 22,1 mrd. kroner i 2008 til 20,4 mrd. kroner i 2010. Utgiftene auka med 13,1 prosent frå 2008 til 2009 og minka med 18,3 prosent frå 2009 til 2010. Utgiftene i 2010 heng saman med lågare investeringsnivå enn venta, mellom anna som følgje av utsette boreaktivitetar og utbyggingsinvesteringar på fleire felt.

Under lånetransaksjonar vart det kjøpt aksjar i Statoil ASA for 17,1 mrd. kroner i 2008. I 2009 vart Grunnfondet styrkt med 10 mrd. kroner, og det vart kjøpt aksjar i Statoil ASA for 2,2 mrd. kroner. I 2010 vart Grunnfondet styrkt med nye 5 mrd. kroner.

2.19 Statlege utlån

I dette avsnittet er det gjeve ei oversikt over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten administrerer dei statlege utlån etter regler og føresetnader fastsette av Stortinget.

Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike slags lån med høg eller låg risiko.

Renteinntekter på dei statlege utlåna vert tilførte staten sentralt på eigne kapittel i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

Endringar i 2010-rekneskapen

Frå 2010 er det sett i verk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Verksemdene skal frå 2010 bokføra alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret.1 Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalda opptente, men enno ikkje betalte renter. Verksemdene fekk fullmakter for å handsama inngåande balanse i rekneskapsåret 2010 i tråd med dei nye prinsippa. Sjå òg tabell 1.11 i vedlegg 1, som syner rekneskapsverknaden av prinsippendringa. Forvaltningseiningane har òg frå 2010 eigne løyvingar på 70-postar for å dekkja tap/kostnader som oppstår ved manglande tilbakebetaling av statlege utlån. Risikofondet til Husbanken er dermed avvikla frå 1.1.2010. Sjå omtale av kvar forvaltningseining nedanfor.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Husbanken:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2008

2009

2010

Inngåande behaldning

Konto 630005

96 865

100 922

104 824

Regulering inngåande behaldning

Fullmakt1)

-

-

315

Sum utlån etter regulering

Konto 630005

105 139

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

12 177

12 586

12 896

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-8 120

-8 684

-8 839

Sum utlån

Konto 630005

100 922

104 824

109 196

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

4 6564 5313 674

1) Sjå fullmakt vedteke i Stortinget 11. desember 2009, jf. punkt 7 under Kommunal- og regionaldepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

Samla uteståande krav i Husbanken var på 109,2 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Det er om lag 4,4 mrd. kroner høgare enn året før. Av dei uteståande krava var 64,3 mrd. kroner fastrentelån og 44,9 mrd. kroner var lån med flytande rente. Overkurs per 31.12.2010 på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 2,3 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 62 600 registrerte låntakarar ved utgangen av 2010. Av desse hadde 26 200 kundar lån med fast rente, medan 33 900 hadde lån med flytande rente. Dei resterande 2 500 låntakarane hadde lån på særvilkår. Lån til stiftingar, burettslag og liknande utgjorde 49,8 prosent, lån til kommunar utgjorde 28,8 prosent, og lån til personlege lånetakarar utgjorde 21,4 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2010 renter med 3,7 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2009 var 4,5 mrd. kroner og for 2008 4,7 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2010 eit brutto tap på utlån på 17,2 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2009 var 16,7 mill. kroner og 12,7 mill. kroner i 2008. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 15,1 mill. kroner. Av det samla brutto tapet er om lag 9,4 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, noko som er ein nedgang på 1,5 mill. kroner frå 2009. Tapa for ikkje-personlege låntakarar var om lag 7,7 mill. kroner i 2010, og det er ein auke på 1,9 mill. kroner frå 2009. Tapa for Husbanken vert frå 2010 dekte ved eiga løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd. Det tidlegare Risikofondet i Husbanken vart avvikla 1.1.2010.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og regionaldepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2008

2009

2010

Inngåande behaldning

Konto 630002

96 140

101 455

106 781

Regulering inngåande behaldning

Fullmakt1)

-

-

-79

Sum utlån etter regulering

Konto 630002

-

-

106 702

Utlån i året2)

Kap. 2410 / 90

19 112

19 232

17 578

Tilbakebetalingar i året2)

Kap. 5310 / 90 (913))

-9 862

-9 795

-7 407

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-3 936

-4 111

-4 492

Sum utlån

Konto 630002

101 455

106 781

112 381

Renteinntekter4)

Kap. 5617 / 80

5 899

4 959

3 411

1) Sjå fullmakt vedteke i Stortinget 9. desember 2009, jf. punkt 3.5 under Kunnskapsdepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

2) Lånekassa har frå 2010 endra klassifiseringa ved rapportering av utlån og tilbakebetalingar til statsrekneskapen. Tala for 2010 kan difor ikkje samanliknast direkte med bruttotala frå dei tidlegare åra.

3) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410 postane 73 og 74 vart tidlegare førte på kapittel 5310, post 91, men vert frå 2010 førte samla mot post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 420 mill. kroner i 2010 og for 2009 og 2008 høvesvis 257 mill. kroner og 224 mill. kroner. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

4) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2010 vart løyvd og utgiftsført med 810 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestønadsbeløpa for 2009 og 2008 var høvesvis 1 388 mill. kroner og 1 586 mill. kroner.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 112,4 mrd. kroner ved utgangen av 2010, ein auke på 5,6 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 30,1 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på om lag 619 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 73 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,8 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassen utgjer om lag 15,1 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2010 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til om lag 185 mill. kroner.

Lånekassa har om lag 738 700 registrerte låntakarar ved utgangen av 2010. Av dei har om lag 191 800 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 79 600 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2010 renter med om lag 3,4 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2009 var om lag 5,0 mrd. kroner.

Det vart utgiftsført 333 mill. kroner i tap på utlån i 2010. Det er om lag det same som i 2008 og i 2009. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 251 mill. kroner i 2010 (kapittel 4634, post 85) knytt til innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2009 og 2008 var høvesvis 207 mill. kroner og 209 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2010 betalte Lånekassa ut om lag 3,4 mrd. kroner som stipend. Om lag 4,5 mrd. kroner vart netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2010 var dermed om lag 7,9 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2008

2009

2010

Inngåande behaldning

Konto 6351152)

16 058

21 113

26 849

Regulering inngåande behaldning

Fullmakt3)

-

-

47

Sum utlån etter regulering

Konto 6351062)

26 896

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

-

-

12 124

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-

-

-5 457

Netto utlån1)

Kap. 1544 / 90

5 055

5 736

-

Sum utlån

Konto 635106

21 113

26 849

33 563

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

1 050

829

745

1) Løyvinga til bustadlånsordninga var til og med budsjettåret 2009 fastsett netto på det tidlegare kapittel 1544, post 90 under dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Frå 2010 er det lagt til grunn bruttobudsjettering av låneordninga.

2) Ved overføringa av låneordninga i Statens pensjonskasse til Arbeidsdepartementet frå 2010 vart kapitalrekneskapskontoen for føring av bustadlåna endra frå konto 635115 til konto 635106 Andre utlån under Arbeidsdepartementet. Denne kontoen inneheld òg nokre andre mindre krav, og samla saldo på denne kontoen er 33 585 mill. kroner per 31.12.2010.

3) Sjå fullmakt vedteke i Stortinget 11. desember 2009, jf. punkt 8 under Arbeidsdepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 33,6 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Det er om lag 6,8 mrd. kroner meir enn året før. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd ikkje lån med fast rente. Ved utgangen av 2010 var det om lag 41 200 lån i ordninga, mot 36 800 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2010 renter med 745 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2009 var 829 mill. kroner.

Statens pensjonskasse hadde i 2010 eit brutto tap på utlån på 0,1 mill. kroner, om lag det same som året før. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån, var netto tap på utlån i 2010 på -0,2 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 524 mill. kroner. Det kjem av at talet på utbetalte lån og gjennomsnittleg utbetaling per lån auka monaleg i siste delen av året. Statens pensjonskasse hadde vidare ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 857 mill. kroner. Grunnen er at både talet på innfridde lån og gjennomsnittleg innfridd beløp per lån auka i siste delen av året. Innbetalte avdrag auka òg, mellom anna fordi lånekundar valde å redusera avdragstida og nedbetaler låna raskare i periodar med låg rente. Netto meirinntekt på dei to lånekapitla utgjorde 333 mill. kroner.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse kapittel 2.7 Arbeidsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiera utlån. Det er difor ikkje nokon eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2008

2009

2010

Inngåande behaldning

Konto 6300091)

9 175

9 815

12 555

Netto auke

640

2 740

2 817

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

9 815

12 555

15 372

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

471

312

304

1) På kapitalrekneskapens konto 630009 Utlån til statsbankar under Nærings- og handelsdepartementet inngår, i tillegg til Innovasjon Noreg, òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2010 var 16 032 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2010 var på 15,4 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån 13,4 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond 2,0 mrd. kroner. Dei siste har ikkje tidlegare vore aktiverte i kapitalrekneskapen, jf. omtale under kapittel 2421 Innovasjon Noreg i Prop. 1 S (2010–2011) Nærings- og handelsdepartementet.2 Beløpet på 2,0 mrd. kroner har vore nesten uendra i fleire år. Aktiveringa av desse låna forklarer den største delen av auken frå 2009 til 2010.

Innovasjon Noregs samla ordinære utlån etter tapsavsetjingar på 1,1 mrd. kroner utgjorde per 31.12.2010 om lag 15,1 mrd. kroner, mot 14,3 mrd. kroner per 31.12.2009. Netto auke utgjer 0,8 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 11,5 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 13 600 lån), til saman 2,9 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning og Miljøfondet (om lag 1 430 lån), og 1,8 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sist nemnde ordninga utgjer åleine om lag 8 500 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 304 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2010. Tilsvarande tal for 2009 var 312 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2010 syner eit netto utlånstap på 40 mill. kroner, mot 79 mill. kroner i rekneskapen i 2009 og 95 mill. kroner i 2008. Nedgangen kjem av at finansmarknaden er i ferd med å stabilisera seg igjen. Brutto bokførte tap på utlån og garantiar i 2010 utgjer 229 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Andre inntekter enn renter og kostnader ved forvaltningseiningane skal framleis handsamast etter kontantprinsippet.

2.

Nærings- og handelsdepartementet har til kapitalrekneskapen for 2010 rapportert inn følgjande spesifikasjon av låna: lån til såkornordninga (1 757 mill. kroner), lån til investeringsfond for Nordvest-Russland (150 mill. kroner) og lån til investeringsfond for Aust-Europa (120 mill. kroner). Det har òg vore ei tilbakeføring av kapital på 30 mill. kroner til såkornordninga i 2010, jf. kapittel 5325, post 91, slik at samla aktivert kapital for såkorn- og investeringsfonda per 31.12.2010 er 1 997 mill. kroner.
Til forsida