Meld. St. 3 (2010–2011)

Statsrekneskapen 2010

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen 2010.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane går det òg fram overført løyving frå 2009 til 2010 og overført løyving frå 2010 til 2011. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, medan det i kapittel 4 er gjort greie for statens balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2010 er 1 064,8 mrd. kroner, medan utgiftene er 892,9 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Netto inntekter frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet er 276,0 mrd. kroner, fordelt med 296,1 mrd. kroner i inntekter og 20,1 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 768,7 mrd. kroner, medan utgiftene er på 872,7 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 104,1 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2010 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 109,4 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond utland i tråd med budsjettvedtak i Stortinget på kapittel 5800. Statsrekneskapen for 2010 vert dermed gjord opp med eit overskot på 5,3 mrd. kroner. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene drygt 7,4 mrd. kroner høgare og utgiftene drygt 2,1 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett 2010.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2010 er no rekna til 112,4 mrd. kroner. Dette er om lag 36,1 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2010 og drygt 7,1 mrd. kroner lågare enn ved nysalderinga av statsbudsjettet 2010, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 vart rekna til høvesvis 148,5 mrd. kroner og 119,6 mrd. kroner.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 276,0 mrd. kroner, medan overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet var 109,4 mrd. kroner, i tråd med vedtaket i nysaldert budsjett. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond vart 90,6 mrd. kroner, fordelt med 86,1 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond utland og drygt 4,4 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond Noreg. Desse inntektene inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, jf. tabell 1.2 der overskotet gjer uttrykk for statens nettofinansinvesteringar. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 257,1 mrd. kroner i 2010. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 252,7 mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 262,4 mrd. kroner i 2010.

Ved utgangen av 2010 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland 3 080,9 mrd. kroner. Det er 438,9 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2009. Utanom overskotet på 252,7 mrd. kroner har verdien av Statens pensjonsfond utland auka med 186,1 mrd. kroner. Av dette auka netto kursvinst kapitalen i fondet med drygt 166,3 mrd. kroner og tilført kapital ved avviklinga av Statens petroleumsforsikringsfond auka kapitalen i fondet med 19,8 mrd. kroner.

Frå utgangen av 2009 til utgangen av 2010 auka kapitalen i Statens Pensjonsfond Noreg med 17,8 mrd. kroner, frå 117,1 mrd. kroner til 134,9 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 4,4 mrd. kroner og 13,4 mrd. kroner i samla kursvinst på aksje- og renteplasseringane.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverka til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syta for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulera produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vera naudsynt å halda attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane, og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2010 er bruken av petroleumsinntekter i 2010 no rekna til 112,4 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 36,1 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2010, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 148,5 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2010 er rekna til 105,7 mrd. kroner, eller 6,8 mrd. kroner lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 5,8 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringar i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 gjorde at det strukturelle, oljekorrigerte underskotet minka med 17 mrd. kroner, til 131,5 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2010 til nysaldert budsjett for 2010 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 11,9 mrd. kroner, til 119,6 mrd. kroner, som følgje av ny informasjon om utgiftene på statsbudsjettet og utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til 112,4 mrd. kroner, mellom anna som følgje av høgare skatteinntekter.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2010

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet

-104 070

– Netto renter og overføringar frå Noregs Bank, avvik frå trend

-733

– Særskilde rekneskapshøve

-1 364

– Skatteinntekter, avvik frå trend

10 459

= Strukturelt, oljekorrigert overskot

-112 432

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjera den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det faktiske, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auka ved eit konjunkturtilbakeslag og minka i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgja utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramma til politikken i nedgangstider, medan ein kunne senka skattane eller auka utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auka etterspurnaden i gode tider og dempa han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk. For å koma frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • For å reinsa den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Det vert korrigert for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er baserte på meir aggregerte utrekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta.

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2009 og 2010.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond minka med 12,1 mrd. kroner, frå 274,5 mrd. kroner i 2009 til 262,4 mrd. kroner i 2010. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med 21,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 28,8 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet auka med 7,5 mrd. kroner frå 2009 til 2010.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda minka med 3,8 mrd. kroner, frå 279,8 mrd. kroner i 2009 til 276,0 mrd. kroner i 2010. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond gjekk ned med 0,7 mrd. kroner, frå 91,3 mrd. kroner i 2009 til 90,6 mrd. kroner i 2010. For 2009 var renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland drygt 86,5 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg drygt 4,7 mrd. kroner. For 2010 var tala 86,1 mrd. kroner og 4,4 mrd. kroner. For Statens pensjonsfond syner tabell 1.2 netto inntekter frå kontantstraumen som vert overførte til SPU, og overføringa frå SPU til statsbudsjettet for å dekkja det oljekorrigerte budsjettunderskotet. I tillegg syner oversikta netto betalte rente- og utbyteinntekter og andre nettoinntekter i Statens pensjonsfond, fråtrekt forvaltningskostnader. Realiserte og urealiserte vinstar og tap i pensjonsfondet og endra verdi som følgje av valutakursreguleringar er såleis ikkje medrekna i det samla overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Dette svarar til nasjonalrekneskapens definisjonar for nettofinansinvesteringar. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2010 (tal i mill. kroner)

    Rekneskap 2009Saldert budsjett 2010Nysaldert budsjett 2010Rekneskap 2010

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 051 889

974 105

1 053 683

1 064 766

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

304 513

244 789

292 436

296 104

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

747 376

729 316

761 247

768 663

B

Utgifter i alt

868 656

907 496

891 299

892 879

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

24 719

24 400

20 697

20 146

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

843 937

883 096

870 603

872 733

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-96 561

-153 780

-109 356

-104 070

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

107 221

153 780

109 356

109 356

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

10 660

0

0

5 285

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

279 794

220 389

271 740

275 957

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

107 221

153 780

109 356

109 356

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

91 255

105 600

84 400

90 546

=

Overskot i Statens pensjonsfond

263 828

172 209

246 784

257 148

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot

274 488

172 209

246 784

262 433

Kjelde: Finansdepartementet

1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2010 vart 79,6 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 16,2 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 31,9 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 12,5 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 109,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2010, noko som er 44,4 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett.

Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med ein monaleg auke i skatte- og avgiftsinntektene på 32,5 mrd. kroner, som først og fremst kjem av høgare skattar frå næringslivet enn lagt til grunn i saldert budsjett, og lågare utgifter, som stort sett kjem av lågare utgifter til folketrygda enn lagt til grunn i saldert budsjett 2010.

Budsjettutviklinga gjennom 2010 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 1 S (2010–2011) Statsbudsjettet 2011, Meld. St. 1 (2010–2011) Nasjonalbudsjettet 2011, Prop. 125 S (2009–2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010, Meld. St. 2 (2009–2010) Revidert nasjonalbudsjett 2010 og Prop. 47 LS (2010–2011) Lov om opphevelse av lov 30. mai 1986 nr. 23 om statens petroleumsforsikringsfond mv. og ny saldering av statsbudsjettet 2010.

1.5.2 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2010 er det oljekorrigerte underskotet 104,1 mrd. kroner. Dette er 5,3 mrd. kroner lågare enn i nysalderinga, jf. tabell 1.2. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 7,4 mrd. kroner høgare, medan utgiftene vart 2,1 mrd. kroner høgare.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkja det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2010 gjord opp med eit overskot på 5,3 mrd. kroner. Endringa på 5,3 mrd. kroner frå nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsinntekter vart 7,4 mrd. kroner høgare, ei endring frå 761,2 mrd. kroner til 768,7 mrd. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter vart 4,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter til saman vart om lag 3,4 mrd. kroner høgare.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda vart 2,1 mrd. kroner høgare, ei endring frå 870,6 mrd. kroner til 872,7 mrd. kroner.

Medrekna i desse tala er meirinntekter og meirutgifter på knapt 2 mrd. kroner frå standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på 1,3 mrd. kroner på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga. Overførte, unytta løyvingar frå 2010 til 2011 vart lågare enn overføringane frå 2009 til 2010, noko som òg medverkar til auka utgifter i rekneskapen.

Endringar i inntektene

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

4 022

+ Renteinntekter

- 338

+ Andre inntekter, netto

457

= Auka inntekter utan standardrefusjonar og meirinntekter

4 141

+ Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 325

+ Meirinntekter frå standardrefusjonar

1 949

= Samla auka inntekter

7 415

Inntektene utan meirinntekter frå meirinntektsfullmakter og standardrefusjonar for sjukepengar o.a. vart samla sett 4,1 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene vart om lag 4,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter vart 0,1 mrd. kroner høgare. Av dette syner rekneskapen drygt 0,3 mrd. kroner i lågare renteinntekter, medan andre inntekter vart knapt 0,5 mrd. kroner høgare. Departementa har rapportert om lag 1,3 mrd. kroner i meirinntekter på budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Statens vegvesen, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Arbeids- og velferdsetaten og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert for 2010. Nokre departement har òg høve til å utføra oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar netto meirinntekter under departementa mindre beløp for mellom anna ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter. Medrekna inntekter frå standardrefusjonar for sjukepengar o.a. på drygt 1,9 mrd. kroner, vart inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda 7,4 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar

188

+ Renteutgifter

- 276

+ Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar

47

+ Lån til investeringar i helseføretaka

- 515

+ Barnehagar

- 350

+ CO2-handtering

- 713

+ Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

- 205

+ Meirutgifter motsvara av minka overføringar til 2011

1 360

+ Andre utgifter, netto

- 680

= Endring utgifter før standardrefusjonar og meirinntekter

- 1 144

+ Meirutgifter motsvara av meirinntektsfullmakter

1 325

+ Meirutgifter motsvara av standardrefusjonar

1 949

= Samla endring, utgifter

2 130

Samla syner rekneskapen meirutgifter på 2,1 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå meirutgifter som heng saman med bruk av inntekter frå standardrefusjonar og andre meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, syner rekneskapen drygt 1,1 mrd. kroner lågare utgifter enn i nysaldert budsjett. Med i denne netto endringa ligg òg meirutgifter i 2010 knytte til at overføringane av unytta løyvingar frå 2010 til 2011 gjekk ned med om lag 1,4 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2009 til 2010, jf. nærare omtale nedanfor.

Utgiftene til stønader under folketrygda vart 47 mill. kroner høgare enn anslått i nysaldert budsjett og utgiftene til momskompensasjon til kommunane vart knapt 0,2 mrd. kroner høgare. Renteutgiftene vart knapt 0,3 mrd. kroner lågare.

Utgiftene til fleire av dei regelstyrte ordningane i statsbudsjettet vart lågare enn i nysaldert budsjett. Mellom anna vart utgiftene til drift av barnehagar 350 mill. kroner lågare enn overslaget i nysaldert budsjett.

Utgifter til investeringar i helseføretaka vart drygt 0,5 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Ein av grunnane er at tomta på Gullaug i Lier ikkje vart kjøpt, og at det vart forskyvingar i byggjeprosjekt ved sjukehuset i Nordland. I Prop. 35 S (2010–2011) Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet vart det varsla at staten sin del av finansieringsbehovet i 2010 til investering i og driftsførebuing av teknologisenteret på Mongstad (TCM) låg an til å verta lågare enn tidlegare rekna med, og at overslaget for 2011 kunne verta høgare. På grunn av uvisse om tidspunkt for utbetaling, vart budsjettposten merkt «kan overførast» i nysaldert budsjett. Rekneskapen for 2010 syner at det vart eit mindreforbruk på drygt 0,7 mrd. kroner på budsjettposten. Utgiftene til investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar vart drygt 0,2 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Mindreutgiftene kjem av lågare aktivitetsnivå og at det tek lengre tid å gjennomføra prosjekta.

Utanom dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen for 2010 som er forklarte ovanfor, er det dermed ein netto nedgang i utgiftene på knapt 0,7 mrd. kroner som fordeler seg på ei rekkje løyvingar.

Overført, unytta løyving til 2011

Frå 2009 til 2010 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 12,2 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2010 til 2011 er på 10,8 mrd. kroner. Det tilsvarar ein nedgang på om lag 1,4 mrd. kroner.

Det er særleg Samferdselsdepartementet som har nedgang i overførte løyvingar. Dei minkar med 0,9 mrd. kroner, og det gjeld stort sett løyvingar under Statens vegvesen og Jernbaneverket. Vidare minkar overføringane under Finansdepartementet med om lag 0,7 mrd. kroner. Det kjem av at det vart overført drygt 0,7 mrd. kroner til kjøp av klimakvotar frå 2009 til 2010, medan det ikkje er overført midlar til dette føremålet frå 2010 til 2011. Under Arbeidsdepartementet minkar overføringane med drygt 0,4 mrd. kroner. Dette gjeld først og fremst løyvingane til NAV, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsmarknadstiltak. Samla overføringar under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet minkar med drygt 0,3 mrd. kroner, som stort sett gjeld prosjekt under Statsbygg.

Den største auken i overførte beløp finn ein under Olje- og energidepartementet og Forsvarsdepartementet. Samla aukar overføringane med drygt 0,5 mrd. kroner til handtering av CO2 og lån til testsenteret på Mongstad, medan unytta løyvingar under Forsvarsdepartementet aukar med til saman knapt 0,6 mrd. kroner. Tabell 1.2 i vedlegg 1 syner ei meir detaljert oversikt over endra overføring per departement.

Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner):

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2006–2007

10 002

2 779

2007–2008

9 010

-992

2008–2009

7 287

-1 724

2009–2010

12 192

4 905

2010–2011

10 832

-1 360

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal syna utviklinga i utgiftene frå eit år til neste. Når den underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter, petroleumsverksemda, og for einskilde rekneskapsmessige tilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gjev uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finna i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2010.

I Nasjonalbudsjettet 2010 var den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet rekna til 1¾ prosent, medan han i nysaldert budsjett for 2010 vart rekna til 1½ prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2010 er veksten rekna til 1¼ prosent. Grunnen til nedjusteringa er dels at underliggjande utgifter vart noko lågare enn venta, og dels at løns- og prisveksten i 2010 vart høgare enn venta.

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2009 har lånebehovet minka med 138,3 mrd. kroner, frå 176,3 mrd. kroner i 2009 til 38,0 mrd. kroner i 2010. Nedgangen i utlån og aksjeteikning på 94,4 mrd. kroner kjem først og fremst av Statens obligasjonsfond og Statens finansfond som kvar fekk ein kapital på 50 mrd. kroner i 2009. Dessutan har det ikkje vore utbetalt avdrag på statsgjelda i 2010, medan utgiftene til dette føremålet i 2009 var på nær 45 mrd. kroner. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 22,3 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner) er:

Statens lånekasse for utdanning

363

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

524

Forskot på rammetilskot til kommunar

10

Husbanken

- 1 347

Innovasjon Noreg

-20

Lån til Republikken Latvia

- 1 837

Eksportfinans

- 20 000

Andre utlån, netto

0

Samla endring utlån

- 22 307

Låneavtalen for Eksportfinans vart ikkje nytta. For at Eksportfinans skulle kunna bruka låneavtalen mot slutten av året, vart det ikkje gjort framlegg om å setja ned løyvinga hausten 2010. Det er inngått avtale med den latviske staten om lån innanfor ei ramme på 378 mill. euro. Til no har den latviske staten valt å ikkje trekkja på lånemidlane som er stilte til rådevelde, Mindreutgiftene på lån frå Husbanken er om lag 9,4 prosent av løyvinga og kjem av lågare utbetaling av nye lån enn venta.

Tilbakebetalingane vart drygt1,1 mrd. kroner høgare enn i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner) er:

Statens lånekasse for utdanning

251

Forskot på rammetilskot til kommunar

142

Husbanken

- 137

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

857

Innovasjon Noreg

10

Avdrag på uteståande krav

24

Andre låntakarar, netto

- 3

Samla endring i tilbakebetalingane

1 144

Netto utlån vart dermed drygt 23,4 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på 5,3 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 28,7 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 28,7 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. I 2009 var det lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda på 2,2 mrd. kroner, som først og fremst gjeld kjøp av aksjar i Statoil ASA. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte ved overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2010.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2010 (tal i mill. kroner)

    Rekneskap 2009Saldert budsjett 2010Nysaldert budsjett 2010Rekneskap 2010

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

211 113

113 064

139 026

116 719

Tilbakebetalingar

69 075

68 875

72 286

73 430

Overskot i statsbudsjettet

10 660

0

0

5 285

=

Netto finansieringsbehov

131 379

44 188

66 740

38 003

+

Gjeldsavdrag

44 951

0

0

0

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

176 330

44 188

66 740

38 003

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Statoil ASA m.m.

0

0

0

0

Utlån, aksjeteikning m.m.

2 162

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland

-2 162

0

0

0

Kjelde: Finansdepartementet

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2010 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 713,5 mrd. kroner i 2010, ein auke på 28,8 mrd. kroner eller 4,2 prosent frå året før. Det er i stor grad uventa høge inntekter frå skattelegging av føretak som har gjort at skatte- og avgiftsinntektene vart 36,5 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett for 2010. Skatte- og avgiftsinntektene vart 4,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett for 2010, mellom anna på grunn av auka innbetalingar frå føretak.

På grunn av finanskrisa var det venta nedgang i skatteinntektene frå føretak, men desse inntektene har auka frå 2009. Skatt frå føretak varierer mykje over tid, også målt opp mot BNP for Fastlands-Noreg. I høve til BNP har føretaksskattane auka monaleg frå tidleg i 1990-åra, mellom anna som følgje av skattereforma i 1992. Medan føretaksskattane utgjorde 1½ –2 prosent av BNP for Fastlands-Noreg i perioden 1960–1990, har høvetalet dei siste åra auka til knapt 4 prosent. Skatteinngangen frå føretak har i uventa liten grad vorte påverka av finanskrisa og det internasjonale tilbakeslaget.

Figur 1.1 Skatt frå føretak som del av BNP for Fastlands-Noreg. Prosent

Figur 1.1 Skatt frå føretak som del av BNP for Fastlands-Noreg. Prosent

Kjelde: Finansdepartementet

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 713,5 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2010 utgjorde skatt på inntekt og formue 197,0 mrd. kroner, og arveavgifta utgjorde 2,4 mrd. kroner. Frå 2009 til 2010 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 3,4 prosent.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 222,4 mrd. kroner i 2010, ein auke på 1,6 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta gjekk opp med 6,3 prosent, til 196,8 mrd. kroner i 2010.

Frå 2009 til 2010 gjekk andre særavgifter og tollinntekter opp med 8,2 prosent, frå 87,8 mrd. kroner til 95,0 mrd. kroner.

1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2010 drygt 20,1 mrd. kroner, og av dei var 18,5 mrd. kroner investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 159,2 mrd. kroner i 2010. Inntektene frå SDØE vart 124,1 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2010 vart knapt 12,8 mrd. kroner. Inntektene frå petroleumsverksemda vart dermed samla 296,1 mrd. kroner i 2010. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed 276,0 mrd. kroner.

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond utland kjem fram gjennom netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, overføring av midlar til statsbudsjettet og direkte avkastning av fondet ved rente- og utbyteinntekter, netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda, og endra verdi av på eigedelar i fondet. Kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka med 438,9 mrd. kroner, frå 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen av 2009 til 3 080,8 mrd. kroner ved utgangen av 2010.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett vart inntektene frå petroleumsverksemda 47,6 mrd. kroner høgare , medan utgiftene til petroleumsverksemda vart 3,7 mrd. kroner lågare. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart dermed drygt 51,3 mrd. kroner høgare, ein auka frå 220,4 mrd. kroner til 271,7 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond utland vart 20,6 mrd. kroner lågare frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, som svarar til anslaget på det oljekorrigerte budsjettunderskotet, vart 44,4 mrd. kroner lågare. Det er ein nedgang frå 153,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 109,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Samla sett innebar dette ei betring av balansen i Statens pensjonsfond utland med 75,1 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner) er:

Auka petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

458

+ Auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå Statoil ASA

3 209

+ Minka investeringar i statleg petroleumsverksemd m.m.

550

= Netto endring i petroleumsinntekter

4 217

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 276,0 mrd. kroner som er om lag 4,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Inntektene auka frå 292,4 mrd. kroner til 296,1 mrd. kroner, medan utgiftene minka frå 20,7 mrd. kroner til 20,1 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 483 mill. kroner høgare, medan betalte avgifter frå petroleumsverksemda vart 24 mill. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Inntektene frå petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift vart dermed 458 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå Statoil ASA vart 3,2 mrd. kroner høgare. Utgifter til investeringar i petroleumsverksemda vart 550 mill. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Statens pensjonsfond utland

Det er overført 109,4 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet. Det inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond utland for 2010 samla sett er 4,2 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum med frådrag for overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart dermed 166,6 mrd. kroner i 2010.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i Statens pensjonsfond utland opp frå 80,1 mrd. kroner til 86,1 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond utland etter nasjonalrekneskapens definisjonar dermed 252,7 mrd. kroner i 2010, som er 10,3 mrd. kroner meir enn venta i nysaldert budsjett.

Ut over overskotet på 252,7 mrd. kroner syner fondet ein auke på 186,1 mrd. kroner. Av dette auka netto kursvinst fondskapitalen med drygt 166,3 mrd. kroner og tilført kapital ved avviklinga av Statens petroleumsforsikringsfond auka kapitalen med 19,8 mrd. kroner. Auken på 166,3 mrd. kroner kjem av realiserte vinstar på 35,2 mrd. kroner, urealiserte vinstar på 139,6 mrd. kroner og 8,5 mrd. kroner i minka verdi av fondet grunna styrkt kronekurs.

Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka med 438,9 mrd. kroner frå 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen av 2009, til 3 080,8 mrd. kroner ved utgangen av 2010.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Til forsida