Meld. St. 3 (2010–2011)

Statsrekneskapen 2010

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3), hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1. Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, der balansar er presenterte for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 495,0 mrd. kroner i 2010, frå 3 983,0 mrd. kroner til 4 478,0 mrd. kroner. Mykje av endringa kan tilskrivast auken i verdien av Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen auka med 13,1 mrd. kroner i 2010, frå 810,6 mrd. kroner til 823,7 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 481,9 mrd. kroner frå 3 172,4 mrd. kroner til 3 654,3 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.09

31.12.10

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

138 037

136 851

-1 186

61. Spesielle fond og forsikringar

2

2 886 978

3 321 003

434 025

62. Verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder

3

364 543

364 181

-362

63. Utlån og uteståande krav2)

4

273 962

305 160

31 198

64. Ordinære fond

5

122 288

132 139

9 851

65. Forskot

6

183

263

80

66. Kapital i statsbankane2)

7

2 859

2 859

0

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

180 453

184 598

4 145

69. Eigenbehaldning statspapir

9

35 649

48 227

12 578

70 –73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar2)

10

-7 392

-5 876

1 516

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-1 364

-1 381

-17

78. Kurs og tryggingselement knytte til obligasjonar med førerett

12

-13 234

-10 015

3 219

Sum eigedelar

3 982 962

4 478 009

495 046

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

13

627 666

653 247

25 581

81. Kontolån frå ordinære fond

14

129 104

140 089

10 985

82. Verksemder med særskilde fullmakter

15

10 139

10 910

771

84. Deposita og avsetjingar

16

31 458

8 598

-22 860

87. Overførte unytta løyvingar

17

12 192

10 832

-1 360

Sum gjeld

810 559

823 676

13 118

99. Avslutningskonto (eigenkapital)2)

18

3 172 404

3 654 333

481 929

Sum gjeld og eigenkapital

3 982 962

4 478 009

495 046

1) Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

2) Balansen per 31.12.2009 er endra frå same tabell i stortingsmeldinga i fjor. Sjå tabell 1.11 i vedlegg 1 for nærare omtale.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 1,2 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2010 enn ved utgangen av 2009. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 434,0 mrd. kroner og kjem for det meste av ein auke i bokført verdi for Statens pensjonsfond utland (SPU) på 438,9 mrd. kroner. Statens petroleumsforsikringsfond vart avvikla per 31.12.2010 og kapitalen (19,8 mrd. kroner) overført til SPU.Statens pensjonsfond Noreg syner ein auke på 17,8 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er omtala nærare i kapittel 3.

Note 3. Nedgangen i verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, er på netto 0,4 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av 16,5 mrd. kroner i nedgang i obligasjonar med førerett (OMF) under Finansdepartementet. Vidare auka innskotskapitalen i Statkraft SF med 9,8 mrd. og i Statskog SF med 1,3 mrd. kroner. Netto auke av verdien i aksjar er på 4,9 mrd. kroner, som for ein stor del kjem av at staten kjøpte aksjar i Norsk Hydro ASA for om lag 4,4 mrd. kroner i 2010. Sjå tabell 3.6 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Auken i netto utlån og uteståande krav var på 31,2 mrd. kroner. Av dette er 5,7 mrd. kroner auka utlån i Statens Lånekasse for utdanning og 4,1 mrd. kroner auka utlån i Husbanken. For bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka utlåna med om lag 6,7 mrd. kroner. Innovasjon Noregs ordinære lån og distriktsretta låneordning hadde ein netto auke på 820 mill. kroner, medan lån til såkorn- og investeringsfondsordninga er aktiverte med 2,0 mrd. kroner. Utlåna til helseføretaka hadde ein nedgang på om lag 0,6 mrd. kroner. Driftskredittramma for helseføretaka er frå 2010 aktivert med 10,8 mrd. kroner. Teknologisenter for CO2-håndtering på Mongstad (TCM DA) hadde ein netto auke på om lag 1,5 mrd.

Note 5. Auken for ordinære fond er på 9,9 mrd. kroner i 2010. Av dette er 5,2 mrd. kroner ny kapital i Fondet for forsking og nyskaping og renter av den. Konverteringsfondet i Lånekassa minka med om lag 1,4 mrd. kroner. Fond under Olje- og energidepartementet auka med om lag 5,8 mrd. kroner, av dette utgjer auken i Energifondet 0,6 mrd. kroner og auken i Grunnfondet 5,2 mrd. kroner. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning auka med 244 mill. kroner i 2010.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa, og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank.

Note 6. Auken i forskot er på netto 80 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen og Jernbaneverket auka med 212 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar minka med 132 mill. kroner.

Note 7. Det er inga endring i samla kapital i statsbankane i 2010.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 4,1 mrd. kroner i 2010. Kapitalen i SDØE auka med 2,9 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med om lag 987 mill. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift auka med 263 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9. Eigenbehaldning statspapir auka med om lag 12,6 mrd. kroner. Hovudgrunnen er at statsobligasjonar auka med om lag 13,7 mrd. kroner, medan statskassevekslar minka med 1,1 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa minka med 1,5 mrd. kroner, frå -7,4 mrd. kroner til -5,9 mrd. kroner, slik at verksemdene har om lag 5,9 mrd. kroner til gode per 31.12.2010.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postera differansar og uoppklarte saker mot konto for forskyving i balansen. I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det er i 2010 postert netto 26,4 mill. kroner til kredit kontogruppe 70 – 73 og til debet konto for forskyving i balansen. Dette gjeld ei sak i Forsvarsbygg/Forsvarsdepartementet på 26 360 109 kroner. Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2010 bokført med -1,4 mrd. kroner. Dette er om lag uendra frå året før.

Note 12. Konto for Kurs og tryggingselement (780001) heng saman med ordninga med obligasjonar med førerett (OMF), og er per 31.12.2010 bokført med -10,0 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap. Dette er ei endring på 3,2 mrd. kroner frå -13,2 mrd. kroner i 2009. Sjå òg kontogruppe 62 og note 3 ovanfor.

Note 13. Statsgjelda hadde ein samla auke på 25,6 mrd. kroner i 2010. Statskassevekslar (medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga) minka med 12,4 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån auka med 5,8 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands auka med 32,2 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda er nærare spesifisert tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Sjå òg note 5.

Auken i 2010 er på om lag 11,0 mrd. kroner. Fond under Utanriksdepartementet auka med knapt 1,4 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping auka i 2010 med om lag 5,2 mrd. kroner, medan konverteringsfondet i Lånekassa minka med om lag 1,4 mrd. kroner. Energifondet auka med om lag 569 mill. kroner, medan Grunnfondet auka med 5,2 mrd. kroner. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning auka med 244 mill. kroner, medan Gammal allmenn ordning minka med 370 mill. kroner. Konto 81 18 03 Statens petroleumsforsikringsfond minka med om lag 145 mill. kroner, jf. avviklinga av fondet i 2010. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføra utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 771 mill. kroner frå året før. Midlane utgjer no til saman om lag 10,9 mrd. kroner. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Ei meir detaljert oversikt over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Note 16. Deposita og avsetjingar har minka med om lag 22,9 mrd. kroner, og 23,2 mrd. kroner av nedgangen kjem av at Statens petroleumsforsikringsfond vart avvikla per 31.12.2010. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 1,2 mrd. kroner i 2010. Avsetjing i statsgjelda (84 00 16) minka med 0,7 mrd. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket minka med 0,2 mrd. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (845004) var om lag uendra frå året før. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2010 til 2011 er samla 10,8 mrd. kroner, som er 1,4 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2009 til 2010. Det er ikkje overførte løyvingar på90-postarfrå 2009 til 2010 eller frå 2010 til 2011.

Note 18. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2010 auka med 481,9 mrd. kroner, frå 3 172,4 mrd. kroner til 3 654,3 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2010 renteinntekter på om lag 18,3 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 19,9 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 1,6 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2009 til 2010 minka renteutgiftene med 0,3 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 1,1 mrd. kroner.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 9,2 mrd. kroner er for det meste førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 6,6 mrd. kroner renteinntekter på byteavtaler, 1,4 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir og 0,7 mrd. kroner renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2008

2009

2010

1. Renteinntekter i alt

21 190

19 364

18 274

Renter frå statsbankane og statsføretaka

11 053

9 803

7 444

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

- 3

41

48

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

10 140

9 519

10 781

Renter av innskot og andre krav

8 309

7 938

9 237

Renter av lån til helseføretaka

323

458

522

Renter av lån til aksjeselskap

330

278

275

Renter frå folketrygda

128

16

1

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

1 050

829

745

2. Renteutgifter i alt1)

17 693

20 237

19 939

Av innanlandsk statsgjeld

17 694

20 237

19 939

Av utanlandsk statsgjeld

- 1

0

0

Netto renteinntekter/ renteutgifter

3 497

-873

-1 665

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

Renteutgiftene på 19,9 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 5,3 mrd. kroner i renteutgifter på byteordninga, 12,6 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 5,3 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og knapt 0,1 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassera overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 2,1 mrd. kroner på rentebyteavtaler og 1,5 mrd. kroner i overkurs/underkurs.

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett. Det er i 2010 bokført 6,6 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 5,3 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). I kapitalrekneskapen per 31.12.2010 er mottekne obligasjonar med førerett bokførte på eigedelssida med til saman 223,6 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytte til ordninga er bokførte på gjeldssida med 216 mrd. kroner (kontogruppe 8055). Kurs- og tryggingselement er bokførte med 10 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).

Per 31.12.2010 var statsgjelda 653,2 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 33 S (2009–2010) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakar oppfyller pliktene sine overfor långjevar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2009 og 2010. Per 31.12.2010 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 109,4 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 11,9 mrd. kroner frå 2009. Under Nærings- og handelsdepartementet v/GIEK, Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning auka ansvaret i 2010 med om lag 13,1 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet gjekk ned med 0,4 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2010 var på 34,3 mill. kroner. Under Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning under GIEK er det utbetalt tap på om lag 24,6 mill. kroner.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2010 (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2009

Utbetalt ved tap i 2010

Garantiansvar per 31.12.2010

Utanriksdepartementet

11 036,1

13 441,4

Arbeidsdepartementet1)

228,8

238,8

Helse- og omsorgsdepartementet

7,7

6,4

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

4,6

4,1

Nærings- og handelsdepartementet

68 921,3

34,3

78 774,8

Samferdselsdepartementet

6 808,6

6 348,2

Miljøverndepartementet

1,3

1,2

Finansdepartementet

10 490,1

10 628,5

Sum

97 498,5

34,3

109 443,4

1) Ansvaret for Statens pensjonskasse vart overført frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet til Arbeidsdepartementet i 2010.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalda eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond som nyttar marknadsverdi.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov går fram av kap. 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga.

Til forsida