Meld. St. 3 (2012–2013)

Statsrekneskapen 2012

Til innhaldsliste

2 Departementsvise om talar

Dette kapittelet har ein kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av dei statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt AS. Kapittelet syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2010, 2011 og 2012 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2011. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev ei oversikt over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytte til områda.

Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

00.10

Kongehuset

176,3

185,4

190,6

190,6

00.30

Regjeringa

297,5

321,9

339,2

352,2

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 401,7

1 432,0

1 635,1

1 593,5

Sum før lånetransaksjonar

1 875,5

1 939,3

2 164,9

2 136,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

1 875,5

1 939,3

2 164,9

2 136,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 28,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 78,3 mill. kroner, frå 2 164,9 mill. kroner til 2 243,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 106,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 15,4 mill. kroner. Det er overført til saman 38,2 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 0,3 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 10,2 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 14 mill. kroner, frå 176 mill. kroner til knapt 191 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,8 prosent.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 55 mill. kroner, frå 297 mill. kroner til 352 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 9,4 prosent. Auken kjem mellom anna av meirutgifter til lokale, utstyr, transport og tryggingstiltak etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 192 mill. kroner, frå 1 402 mill. kroner til 1 594 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 11,3 prosent. Auken frå 2011 til 2012 var på 162 mill. kroner og gjeld for det meste kjøp av nye pendlarbustadar til stortingsrepresentantane og større ombyggings- og vedlikehaldsarbeid.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

1 852,3

1 888,7

1 880,7

1 925,4

02.10

Utanriksføremål

4 401,0

4 210,7

1 958,9

2 251,4

Sum før lånetransaksjonar

6 253,3

6 099,5

3 839,6

4 176,8

Lånetransaksjonar

0,1

0,1

0,4

0,1

Sum Programområde 02 Utanriksforvaltning

6 253,3

6 099,5

3 839,9

4 176,9

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 329,4

1 350,1

1 382,3

1 376,1

03.10

Bilateral hjelp

4 366,5

4 288,3

4 332,9

4 184,9

03.20

Globale ordningar

15 106,2

14 057,4

14 645,9

14 687,2

03.30

Multilateral hjelp

6 374,9

6 595,6

6 700,7

6 723,8

Sum før lånetransaksjonar

27 177,0

26 291,4

27 061,7

26 972,1

Lånetransaksjonar

474,3

757,3

787,5

787,5

Sum Programområde 03 Internasjonal bistand

27 651,3

27 048,6

27 849,2

27 759,6

Sum Utanriksdepartementet

33 904,6

33 148,2

31 689,1

31 936,4

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett 2012 og rekneskap 2012 før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 337,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 619,5 mill. kroner, frå 3 839,6 mill. kroner til 4 459,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 282,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 74,3 mill. kroner. Det er overført til saman 294,6 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Mykje av dei unytta midlane i 2012 som er overførte til bruk i 2013, er knytte til kapittel 100 Utanriksdepartementet (104 mill. kroner), kapittel 117 EØS-finansieringsordningane (89 mill. kroner) og kapittel 118 Nordområdetiltak m.m. (99 mill. kroner).

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,1 mrd. kroner, frå 6,3 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 31,5 prosent. Hovudgrunnen til dei store variasjonane frå år til år er utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 73 mill. kroner, frå knapt 1,9 mrd. kroner til drygt 1,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,9 prosent.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med 2,15 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner til 2,25 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 46,5 prosent.

Dei store variasjonane i utbetalt beløp per år har samanheng med utbetalingar under EØS-avtalen. 2012 var siste år med planlagde utbetalingar under EØS-finansieringsordningane (2004–2009). Det tek noko tid før prosjekt under dei nye ordningane for perioden 2009–2014 kjem til utbetaling. Dette gjorde at utgiftene under ordningane vart nokså låge i 2012.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 89,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 555,8 mill. kroner, frå 27 061,7 mill. kroner til 27 617,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 645,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 13,4 mill. kroner. Det er overført til saman 633,7 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 27,2 mrd. kroner til 27,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,6 prosent. Grunnen til at dei rekneskapsførte utgiftene har minka frå 2010 til 2012 medan løyvingane på programområdet har auka i same periode, er at det var store overføringar av unytta løyvingar frå 2009 til 2010, og at ein del av auken har kome som lånetransaksjon (tilskot til Norfund).

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,05 mrd. kroner, frå drygt 1,3 mrd. kroner til knapt 1,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,9 prosent.

Under programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner til 4,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 2,4 prosent.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 15,1 mrd. kroner til 14,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,5 prosent.

Under programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 6,4 mrd. kroner til 6,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,9 prosent.

Utbetalingar av uviklingshjelp i perioden 2008–2012

Ved framlegginga av budsjettforslaget for 2012, jf. Prop 1 S (2011–2012) var det budsjettert med 27 835 mill. kroner under programområde 03 Internasjonal bistand, tilsvarande 1,0 prosent av venta bruttonasjonalinntekt (BNI) for 2012, slik BNI var venta i Nasjonalbudsjettet 2012.

Rekneskapen for 2012 syner at det vart utbetalt 27 759 mill. kroner til utviklingshjelp i 2012, tilsvarande 0,93 prosent av BNI for 2012, slik BNI for 2012 er venta no. Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2008–2012.

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI*

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2008

22 555

0,89

404

1,8

2009

26 015

1,09

1 027

3,9

2010

27 651

1,07

557

2,0

2011

27 049

0,98

556

2,0

2012

27 760

0,93

636

2,3

* Tal for BNI frå nasjonalrekneskapen per 6. mars 2013. Tal for BNI i 2011 og 2012 er førebels.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

07.10

Administrasjon

246,5

266,6

268,6

275,1

07.20

Grunnopplæring

6 326,4

6 746,3

6 921,4

6 960,4

07.30

Barnehagar1)

26 198,9

447,9

340,7

341,8

07.50

Vaksenopplæring m.m.

1 264,8

1 306,6

1 346,6

1 325,7

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

24 658,1

26 143,2

27 252,1

27 266,6

07.70

Forsking

4 592,7

4 713,2

4 888,4

4 887,9

07.80

Utdanningsfinansiering

8 432,8

10 361,0

11 048,2

11 062,2

Sum før lånetransaksjonar

71 720,2

49 984,7

52 066,0

52 119,7

Lånetransaksjonar

22 578,4

21 888,9

19 760,1

19 715,3

Sum Kunnskapsdepartementet

94 298,7

71 873,6

71 826,1

71 834,9

1) Tilskota til drift av barnehagar vart frå 2011 lagde over i rammetilskotet til kommunane, jf. programkategori 13.70 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 53,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 408,8 mill. kroner, frå 52 066,0 mill. kroner til 52 474,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 355,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 69,8 mill. kroner. Det er overført til saman 419,0 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 44,8 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 19,6 mrd. kroner, frå 71,7 mrd. kroner til 52,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 30,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,3 prosent. Det er endringar i finansieringa under programkategori 07.30 Barnehagar som er årsaka til nedgangen frå 2010 til 2011.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 634 mill. kroner, frå drygt 6,3 mrd. kroner til knapt 7,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,2 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Løyvinga over programkategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa. Ein stor del av løyvinga går til tilskot til private skular. Utgiftsauken kjem mellom anna av at det er vorte fleire elevar i dei private skulane, og som ei følgje av politiske satsingar for å styrkja kvaliteten i skulen.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene minka med 25,9 mrd. kroner, frå 26,2 mrd. kroner til 0,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 98,3 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 23,7 prosent. Grunnen til at utgiftene minka så mykje frå 2010 til 2011, var at ansvaret for finansieringa av barnehagar vart overført frå staten til kommunane. Frå og med 2011 har utgifter på denne programkategorien gått til særskilde tiltak i barnehagesektoren. Nedgangen frå 2011 til 2012 kjem av at investeringstilskot og tilskot til mellombels lokale vart avvikla etter kvart som kommunane nådde full barnehagedekning, og at løyvingar til dei faste oppgåvene fylkesmennene har på barnehagefeltet, er rammeoverførte til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner, frå 24,7 mrd. kroner til 27,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,3 prosent. Auken kjem av opptrapping i talet på studieplassar og utteljing for avlagde studiepoeng etter utdanningsinsentivet i finansieringssystemet for universitet og høgskular.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 4,6 mrd. kroner til 4,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,7 prosent. Auken frå 2011 til 2012 kjem mellom anna av auke i kontingenten for deltaking i EUs rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsaktivitetar.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner, frå 8,4 mrd. kroner til knapt 11,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 22,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 6,8 prosent. Årsaka er høgare tal på studentar.

Utgiftene til lånetransaksjonar minka med 0,7 mrd. kroner frå 2010 til 2011 og minka vidare med 2,2 mrd. kroner til 19,7 mrd. kroner i 2012. Årsaka til nedgangen er at det i 2010 og 2011 vart gjort innskot i Fondet for forsking og nyskaping. Innskotet var lågare i 2011 enn i 2010. I 2012 vart fondet nedlagt. Nye utlån i Lånekassa auka med om lag 0,8 mrd. kroner frå 2011 til 2012. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

08.10

Administrasjon m.m.

182,8

116,5

120,4

122,6

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

794,0

1 131,7

1 144,0

1 140,9

08.20

Kulturføremål

5 942,8

6 220,3

6 530,8

6 538,5

08.30

Film- og medieføremål

990,8

1 097,6

1 149,7

1 148,4

Sum før lånetransaksjonar

7 910,4

8 566,1

8 944,9

8 950,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,1

Sum Kulturdepartementet

7 910,4

8 566,1

8 944,9

8 950,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 5,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 116,3 mill. kroner, frå 8 944,9 mill. kroner til 9 061,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 110,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 48,6 mill. kroner. Det er overført til saman 145,4 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 0,1 mill. kronar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 1,0 mrd. kroner, frå 7,9 mrd. kroner til knapt 9,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,5 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene minka med 60 mill. kroner, frå 183 mill. kroner til 123 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 36,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,3 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at løyvinga til Lotteri- og stiftelsestilsynet frå 2011 vart flytta til programkategori 08.30 Medieformål.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 347 mill. kroner, frå 794 mill. kroner til 1 141 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 42,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 0,8 prosent. Hovudgrunnen til auken er kompensasjonsordningane for meirverdiavgift for frivillige organisasjonar og bygging av idrettsanlegg.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 5,9 mrd. kroner til 6,5 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,1 prosent. Størst auke i 2012 hadde scenekunstfeltet, med 86 mill. kroner.

Under programkategori 08.30 Film- og medieføremål har utgiftene auka med 158 mill. kroner, frå 991 mill. kroner til 1 148 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,6 prosent. Størst auke i 2012 hadde filmfeltet med 37 mill. kroner.

Kulturløftet har som mål at 1 prosent av utgiftene i statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014. Utgiftsauken i 2012 – utanom utgiftene til trussamfunn m.m. under kapittel 310 og meirverdikompensasjon til bygging av idrettsanlegg og tilskot til Ungdoms-OL under kapittel 315 – er knytt til oppfølging av Kulturløftet. Auken i Kulturløftet under Kulturdepartementet i perioden 2011–2012 utgjorde 359 mill. kroner. Det meste av utgiftsauken har gått til allmenne kulturføremål, kunstnarføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var arkiv, museum og film- og medieføremål.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

06.10

Administrasjon

333,8

384,8

371,1

380,9

06.20

Rettsstell

2 126,4

2 254,4

2 403,2

2 440,8

06.30

Kriminalomsorg

3 698,2

3 845,1

3 814,8

3 933,0

06.40

Politi- og påtalemakt

12 301,8

12 841,4

13 246,3

13 426,3

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 775,1

1 949,1

1 991,1

1 924,5

06.60

Andre verksemder

952,6

1 008,7

1 189,8

1 198,3

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 185,6

1 208,0

1 347,8

1 305,0

06.80

Svalbardbudsjettet

-94,9

-543,6

120,7

-240,4

06.90

Beskyttelse og innvandring

4 206,2

3 784,4

3 718,6

3 710,9

Sum før lånetransaksjonar

26 484,7

26 732,3

28 203,4

28 079,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

26 484,7

26 732,3

28 203,4

28 079,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 124,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 578,3 mill. kroner, frå 28 203,4 mill. kroner til 28 781,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 702,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 695,9 mill. kroner. Det er overført til saman 927,4 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,6 mrd. kroner, frå 26,5 mrd. kroner til 28,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,0 prosent.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå 334 mill. kroner til 381 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 15,3 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 1,0 prosent. Den store auken frå 2010 til 2011 kjem for det meste av utgifter etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 314 mill. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 8,3 prosent. Mykje av auken frå 2011 til 2012 kjem av utgifter til rettssaken etter 22. juli 2011.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 235 mill. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 3,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,3 prosent. Auken har samanheng med kapasitetsutvidande tiltak.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 12,3 mrd. kroner til 13,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,6 prosent. Hovudgrunnen er auka bemanning gjennom tilsetjing av nyutdanna politifolk frå Politihøgskulen og utgifter til oppfølging etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 149 mill. kroner, frå knapt 1,8 mrd. kroner til drygt 1,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 1,3 prosent. Dette kjem mellom anna av auka løyvingar til Naudnett, redningshelikoptertenesta og til utgifter etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 246 mill. kroner, frå knapt 1,0 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 18,8 prosent. Auken heng mellom anna saman med iverksetjinga av den nye verjemålslova.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene auka med 119 mill. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 8,0 prosent. Mykje av auken frå 2011 til 2012 kjem av oppfølginga etter åtaka 22. juli 2011.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto inntekter på 240 mill. kroner for 2012. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot som òg inneheld skatteinntekter til Svalbard. Dei siste fire åra har det vore høgare skatteinntekter enn ein har lagt til grunn ved budsjetteringa, og netto utgifter vart dermed negative. Sjå òg tabellane 5.1–5.3 i vedlegg 5 Andre rekneskapar og spesifikasjonar, der detaljar kring Svalbardrekneskapen er nærare spesifiserte.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 1,9 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjonar i talet på asylsøkjarar.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

13.10

Administrasjon m.m.

187,7

183,2

181,6

183,7

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 691,2

2 768,7

2 736,3

2 667,7

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.1)

86 931,4

131 868,3

143 791,4

143 763,9

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

6 683,2

7 442,6

7 152,9

6 976,2

Sum før lånetransaksjonar

96 493,6

142 262,7

153 862,1

153 591,5

Lånetransaksjonar

12 905,6

14 368,5

17 306,0

17 707,6

Sum Kommunal- og regionaldepartementet

109 399,2

156 631,2

171 168,1

171 299,1

1) Tilskota til drift av barnehagar på til saman 28 mrd. kroner vart frå 2011 lagde over i rammetilskotet til kommunane, jf. programkategori 07.30 under Kunnskapsdepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 270,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 1 094,6 mill. kroner, frå 153 862,1 mill. kroner til 154 956,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 365,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre netto meirinntekter på i alt 11,1 mill. kroner. Det er overført til saman 1 203,4 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 401,6 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 57,1 mrd. kroner, frå 96,5 mrd. kroner til 153,6 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 47,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 8,0 prosent. Hovudgrunnen til den store auken frå 2010 til 2011 er at tilskota til drift av barnehagar vart lagde over i rammetilskotet til kommunane.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene i perioden vore om lag uendra rundt 2,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 3,6 prosent. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 196 mill. kroner når ein tek omsyn til overføringane frå 2011. Det gjeld stort sett prosjekt som ikkje vart ferdigstilte.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 56,8 mrd. kroner, frå 86,9 mrd. kroner til 143,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 51,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 9,0 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2010 til 2011 på om lag 44,9 mrd. kroner skriv seg mellom anna frå innlemming av øyremerkte tilskot til barnehagar i rammetilskotet til kommunar, og endra deling av inntektene til kommunesektoren mellom skatt og rammetilskot. Auken frå 2011 til 2012 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene i kommunesektoren.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 6,7 mrd. kroner til 7,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 11,4 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 6,3 prosent. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 177 mill. kroner i høve til budsjettet, om ein held Husbanken sine låneordningar utanfor. Når ein tek omsyn til overføringane frå 2011, er mindreforbruket på 1,1 mrd. kroner. Av dette er 904 mill. kroner knytt til investeringstilskotet til heildøgns omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og kjem av at færre prosjekt enn føresett vart ferdige til årsskiftet. Mykje av nedgangen frå 2011 til 2012 kjem av reduserte anslag knytte til bustøtta og rentekompensasjonsordningane for skule- og symjeanlegg og kyrkjebygg.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 4,8 mrd. kroner frå 12,9 mrd. kroner til 17,7 mrd. kroner. Det var ein auke på 11,3 prosent frå 2010 til 2011, og ein auke på 23,2 prosent frå 2011 til 2012. Den auka løyvinga på låneposten til Husbanken er knytt til auka låneramme og til endring av budsjettering og rekneskapsføring av lånepostane frå 2010. Heile låneramma på 20 mrd. kroner vart disponert i 2012. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeidsdepartementet

Arbeidsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

09.00

Administrasjon

369,4

409,6

416,3

417,9

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

11 405,2

10 980,8

11 049,0

11 450,0

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

1 008,4

333,4

281,4

272,8

09.30

Arbeidsmarknad

8 021,8

7 057,3

7 371,2

7 205,4

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

785,2

830,1

846,5

860,7

09.50

Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

9 204,1

10 953,4

10 661,5

10 761,3

09.60

Kontantytingar

3 019,7

3 414,9

3 295,0

3 275,7

Sum før lånetransaksjonar

33 813,8

33 979,5

33 920,8

34 243,8

Lånetransaksjonar

12 124,2

16 343,5

22 800,0

23 148,3

Sum Arbeid og sosiale føremål

45 938,0

50 322,9

56 720,8

57 392,1

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 833,4

3 809,6

3 751,3

3 794,3

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

122 339,4

127 738,3

131 663,6

131 195,1

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 669,3

8 491,6

8 611,0

8 630,7

29.70

Alderdom

121 088,2

135 496,5

150 609,0

150 525,0

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 642,7

2 672,7

2 546,7

2 574,7

29.90

Diverse utgifter

331,4

568,5

485,0

478,2

Sum før lånetransaksjonar

258 904,4

278 777,2

297 666,6

297 198,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

258 904,4

278 777,2

297 666,6

297 198,0

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

12 857,2

11 835,4

10 830,0

10 879,4

Sum før lånetransaksjonar

12 857,2

11 835,4

10 830,0

10 879,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

12 857,2

11 835,4

10 830,0

10 879,4

Sum Arbeidsdepartementet

317 699,6

340 935,6

365 217,4

365 469,4

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 323,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 550,3 mill. kroner, frå 33 920,8 mill. kroner til 34 471,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 227,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 439,5 mill. kroner. Det er overført til saman 700,1 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 348,3 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 33,8 mrd. kroner til 34,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 0,8 prosent.

Under programkategori 9.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med knapt 50 mill. kroner, frå 11,4 mrd. kroner til 11,45 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,3 prosent. Hovudårsaka til nedgangen frå 2010 til 2011 er at både IKT-pensjonsprogrammet og den organisatoriske delen av NAV-reforma var inne i ein sluttfase. Hovudårsaka til auken frå 2011 til 2012 er utgifter til IKT-moderniseringa og auka utgifter til IKT-drift i Arbeids- og velferdsetaten.

Under programkategori 9.20 Tiltak for betra levekår m.m. har utgiftene minka med 0,7 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 0,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 66,9 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 18,2 prosent.

Tilskot til kommunane for å dekkja meirkostnader som gjeld kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden, vart tidlegare løyvde over kapittel 621, post 62. Frå og med 2011 vart midlane løyvde over rammetilskotet til kommunane. Dette er hovudårsaka til nedgangen frå 2010 til 2011. Hovudårsaka til nedgangen frå 2011 til 2012 er at noko av tilskotet til kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden som vart gjeven i 2010 på kapittel 621, post 62, ikkje kom til utbetaling i 2010. Midlane til dette vart overførte og utbetalte i 2011 på same posten.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene minka med 0,8 mrd. kroner, frå 8,0 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 12,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,1 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at stoda i arbeidsmarknaden har betra seg.Programkategorien syner i 2012 ei mindreutgift i høve til nysaldert budsjett på 166 mill. kroner. Hovudgrunnen til mindreutgifta er lågare gjennomsnittleg pris på arbeidsmarknadstiltak enn det som vart lagt til grunn for løyvinga.

Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 9,2 mrd. kroner til 10,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 19,0 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 1,8 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom SPK. For statlege verksemder som betaler pensjonspremie til SPK, vert premien inntektsført under programkategorien. Nedgangen frå 2011 til 2012 kjem av at pensjonspremieinntektene auka meir enn pensjonsutbetalingane i 2012. Det var òg lågare investeringar i 2012 enn i 2011 fordi investeringane i nytt saksbehandlarsystem vart avslutta i 2012. I motsett retning trekkjer ein auke i berekna arbeidsgivaravgift for dei kundane som ikkje er premiebetalande.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 har auka frå 12,1 mrd. kroner i 2010 til 23,1 mrd. kroner i 2012. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg vekst i brutto utlån på 38 prosent. Auken kjem av større etterspurnad etter lån og av vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån. Netto auke i utlån for bustadlånsordninga er mindre enn auken i brutto utlån fordi delar av auken i nye lån vert motsvara av innfriing av gamle lån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2012 er 58,1 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 468,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 96,4 mill. kroner, frå 297 666,6 mill. kroner til 297 763,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 565,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 74,8 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 38,3 mrd. kroner, frå 258,9 mrd. kroner til 297,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 6,6 prosent.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom og uførleik har utgiftene auka med 8,9 mrd. kroner, frå 122,3 mrd. kroner til 131,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,7 prosent. Programkategorien omfattar mellom anna sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføreytingar.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 30,7 mrd. kroner i 2012, ein auke på 0,3 mrd. kroner frå 2010. Utgiftene til uførepensjon var på 60,1 mrd. kroner i 2012, ein auke på 6,3 mrd. kroner frå 2010.1 Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 35,5 mrd. kroner i 2012, ein auke på 2,4 mrd. kroner frå 2010.2

Talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for har minka, medan betalinga for kvar sjukedag har auka. Hovudårsaka til at utgiftene til sjukepengar i 2012 vart lågare enn i budsjettet, er at sjukefråværet gjekk ned. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), gjekk i gjennomsnitt ned frå 9,5 arbeidsdagar i 2011 til 8,9 arbeidsdagar i 2012.

Per desember 2010 var det 174 000 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2011 var talet på mottakarar gått ned til 172 000. Nedgangen heldt fram i 2012. Per desember 2012 var det 166 000 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudårsaka til auken i utgifter til arbeidsavklaringspengar er auka utbetaling på grunn av regulering av grunnbeløpet i folketrygda. Ei anna årsak er at det var 53 hovudutbetalingar for arbeidsavklaringspengar i 2012, mot 52 normalt.

Talet på uførepensjonistar har auka frå 301 000 ved utgangen av 2010 til 309 900 ved utgangen av 2012. Frå 1. mars 2010 kom ordninga med arbeidsavklaringspengar i staden for rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Ei viktig årsak til auken er at mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar som tidlegare fekk tidsavgrensa uførestønad, gjekk over til uførepensjon i perioden 2010 til 2012.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 29,4 mrd. kroner, frå 121,1 mrd. kroner til 150,5 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 11,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 11,1 prosent.

Auken frå 2010 til 2011 målt i fast grunnbeløp var på 7,1 prosent, medan auken frå 2011 til 2012 var på 6,8 prosent. Hovudgrunnen til auken er at det vert fleire alderspensjonistar. Mykje av auken frå 2010 til 2012 kjem av at det vart høve til å starta uttak av alderspensjon frå 62 år frå 1. januar 2011. Ved utgangen av 2011 hadde 35 845 personar i aldersgruppa 62–66 år teke ut alderspensjon, og ved utgangen av 2012 var talet 56 852. I tillegg har det vore ein auke i talet på alderspensjonister over 67 år.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 49,4 mill. kroner, av ei samla løyving på 10,8 mrd. kroner.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,0 mrd. kroner, frå 12,9 mrd. kroner til 10,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 8,1 prosent.

Dei samla utbetalingane til dagpengar minka med 2,1 mrd. kroner, frå om lag 12,2 mrd. kroner i 2010 til om lag 10,1 mrd. kroner i 2012. Frå 2011 til 2012 var nedgangen på 9,4 prosent og kjem for det meste av lågare arbeidsløyse og dermed færre dagpengemottakarar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

234,8

278,6

283,7

297,2

10.10

Folkehelse

1 895,7

1 769,0

1 659,7

1 779,7

10.20

Helseforvaltning

1 486,4

1 635,2

1 706,6

1 836,7

10.30

Spesialisthelsetenester

98 744,6

105 166,7

107 506,3

107 478,5

10.50

Legemiddel

290,2

295,0

298,0

313,3

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

3 209,0

3 494,3

3 829,0

3 600,5

10.70

Tannhelsetenester

77,2

99,8

129,2

124,6

10.80

Kunnskap og kompetanse

588,8

622,3

690,4

677,0

Sum før lånetransaksjonar

106 526,6

113 361,1

116 103,0

116 107,5

Lånetransaksjonar

7,6

8,2

5,0

4,9

Sum Helse og omsorg

106 534,2

113 369,3

116 108,0

116 112,5

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

3 343,0

3 531,1

3 912,0

3 953,9

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

18 983,8

18 981,3

19 932,0

19 810,0

30.90

Andre helsetiltak

223,8

222,8

225,0

226,5

Sum før lånetransaksjonar

22 550,6

22 735,2

24 069,0

23 990,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester

22 550,6

22 735,2

24 069,0

23 990,4

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

129 084,8

136 104,5

140 177,0

140 102,9

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 4,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 179,3 mill. kroner, frå 116 103,0 mill. kroner til 116 282,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 174,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 294,7 mill. kroner. Det er overført til saman 342,0 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,1 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,6 mrd. kroner, frå 106,5 mrd. kroner til 116,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,4 prosent.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 1,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 0,6 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene auka med 0,35 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til drygt 1,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 12,3 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter. jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med drygt 8,7 mrd. kroner, frå 98,7 mrd. kroner til 107,5 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,2 prosent. Auken frå 2011 til 2012 er i tråd med budsjettet.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til 3,6 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 8,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,0 prosent. Årsaker til auken er større løyvingar til Omsorgsplan 2015, Opptrappingsplanen for rusfeltet og oppfølging av Samhandlingsreforma.

Under programkategori 10.70 Tannhelsetenester har utgiftene auka med 47 mill. kroner, frå 77 mill. kroner til knapt 125 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 29,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 24,8 prosent. Auken kjem mellom anna av større løyvingar for å letta tilgjenget til tannhelsetenester og for å heva kompetansen i tannhelsesektoren. Utgiftene under programkategori 30.10 har minka i takt med auken under programkategori 10.70.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 78,6 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,4 mrd. kroner, frå 22,6 mrd. kroner til 24,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,5 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå drygt 3,3 mrd. kroner til knapt 4,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 12,0 prosent. Auken kjem mellom anna av at refusjonstakstane i folketrygda til tannbehandling er auka som følgje av utfasing av ordninga med særfrådrag for store sjukdomsutgifter frå 1.1.2012 og generell prisvekst/ takstauke.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 19,0 mrd. kroner til 19,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 var utgiftene nær uendra, medan dei frå 2011 til 2012 auka med 4,4 prosent. Auken kjem mellom anna av at folketrygdas utgifter til legemiddel (dekning ved individuell refusjon og for allmennfarlege smittsame sjukdomar), medisinsk forbruksmateriell og refusjonar til allmennlegar, har auka.

2.9 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Born, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Born, likestilling og inkludering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

11.00

Administrasjon

151,0

166,1

167,2

173,4

11.05

Integrering og mangfald

5 766,2

6 547,3

6 970,8

6 995,5

11.10

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

17 268,5

17 054,4

17 126,5

17 156,3

11.20

Tiltak for born og ungdom

7 118,8

7 517,1

7 994,8

8 146,6

11.30

Forbrukarpolitikk

183,2

184,9

192,3

193,2

Sum før lånetransaksjonar

30 487,7

31 469,7

32 451,6

32 664,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Born, likestilling og inkludering

30 487,7

31 469,7

32 451,6

32 664,9

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

14 813,9

15 783,3

16 635,0

16 430,5

Sum før lånetransaksjonar

14 813,9

15 783,3

16 635,0

16 430,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

14 813,9

15 783,3

16 635,0

16 430,5

Sum Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

45 301,6

47 253,0

49 086,6

49 095,4

Programområde 11 Born, likestilling og inkludering

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 213,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 128,4 mill. kroner, frå 32 451,6 mill. kroner til 32 580,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 84,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 196,8 mill. kroner. Det er overført til saman 101,0 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 11 Born, likestilling og inkludering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,2 mrd. kroner, frå 30,5 mrd. kroner til 32,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,8 prosent. Det meste av auken kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for born og ungdom.

Under programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 5,8 mrd. kroner til 7,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 13,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 6,8 prosent. Auken kjem mellom anna av at talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane, har auka. Frå 2009 har talet på busette stige markant. Sidan integreringstilskotet er femårig, vert denne auken synleg i statsrekneskapen i perioden 2010 til 2012. Det har òg vorte fleire vaksne innvandrarar som utløyser tilskot til norskopplæring.

Under programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling har utgiftene minka med 0,1 mrd.kroner, frå 17,3 mrd. kroner til 17,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 0,6 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2010 til 2011 var at tilskotet til krisesenter vart innlemma i rammetilskotet for kommunane i 2011.

Under programkategori 11.20 Tiltak for born og ungdom har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 7,1 mrd. kroner til 8,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 8,4 prosent. Dei viktigaste grunnane er ein auke i refusjonar av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, og auka utgifter til kommunalt og statleg barnevern.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 204,5 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 1,6 mrd. kroner, frå 14,8 mrd. kroner til 16,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,1 prosent. Dei viktigaste grunnane er at ein aukande del mødrer har rett til foreldrepengar ved fødsel, inntektsauke blant stønadsmottakarane og verknaden av utvida foreldrepengeperiode og fedrekvote.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

17.00

Administrasjon

253,9

270,1

310,4

299,2

17.10

Infrastruktur og rammevilkår

3 086,2

3 056,5

3 151,5

3 167,2

17.20

Forsking, innovasjon og internasjonalisering

4 320,0

3 987,3

4 621,3

4 415,5

17.30

Statleg eigarskap

67,3

146,3

51,7

48,0

Sum før lånetransaksjonar

7 727,4

7 460,2

8 134,9

7 929,9

Lånetransaksjonar

61 913,8

51 813,4

57 385,0

70 226,9

Sum Nærings- og handelsdepartementet

69 641,2

59 273,6

65 519,9

78 156,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 205,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 704,1 mill. kroner, frå 8 134,9 mill. kroner til 8 839,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 909,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 65,0 mill. kroner. Det er overført til saman 977,2 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 12 841,9 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 17 Nærings- og handelsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 7,7 mrd. kroner til 7,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 6,3 prosent.

Under programkategori 17.00 Administrasjon har utgiftene auka med 45 mill. kroner, frå 254 mill. kroner til 299 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 10,8 prosent. Auken heng mellom anna saman med styrkt forvaltning av den statlege eigarskapen og ekstraordinære utgifter til mellombels overgangsordning for eksportfinansiering.

Under programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,6 prosent. Hovudgrunnen til endringane er lågare utbetalingar av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk i 2011 enn i dei to andre åra.

Under programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 4,3 mrd. kroner til 4,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 10,7 prosent. Hovudgrunnen til auken det siste året er auka utbetalingar til nye såkornfond og mellombels og ny permanent eksportfinansieringsordning i 2012.

Under programkategori 17.30 Statleg eigarskap har utgiftene minka med 19 mill. kroner, frå 67 mill. kroner til 48 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 117,2 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 67,2 prosent. Hovudgrunnen til endringane er ei utbetaling under garantiordning for Eksportfinans ASA i 2011, jamfør omtale i fjorårsmeldinga.

Utgiftene under Lånetransaksjonar har svinga i perioden 2010–2012. Endringane skriv seg mellom anna frå finansieringa av innlånsordningane under Innovasjon Noreg og skifte mellom korte og langsiktige lån. Auken frå 2011 til 2012 kjem for det meste av mellombels og ny permanent eksportfinansieringsordning som vart sett i drift i desember 2011 og fekk heilårsverknad i 2012, nye såkornfond, og investeringsfond for Investinor AS. Hovudgrunnen til den store meirutgifta i 2012 er at ein utbetalte nærare 15 mrd. kroner i 2012 av ei overføring på 33,3 mrd. kroner av løyving frå 2011 til lån til den statlege mellombels eksportfinansieringsordninga. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og frå den mellombels og nye permanente statlege eksportfinansieringsordninga er nærare spesifiserte.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

16.10

Administrasjon

139,0

135,5

143,3

135,3

16.20

Forsking og innovasjon

1 651,4

1 621,4

1 592,6

1 625,3

16.30

Fiskeri- og havbruksforvaltning

451,3

445,8

430,8

424,9

16.60

Kystforvaltning

2 274,1

2 419,3

2 436,1

2 655,3

Sum før lånetransaksjonar

4 515,8

4 622,0

4 602,8

4 840,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

4 515,8

4 622,0

4 602,8

4 840,8

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.40

Arbeidsliv

24,0

42,0

62,0

68,8

Sum før lånetransaksjonar

24,0

42,0

62,0

68,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

24,0

42,0

62,0

68,8

Sum Fiskeri- og kystdepartementet

4 539,8

4 664,0

4 664,8

4 909,6

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 238,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 880,3 mill. kroner, frå 4 602,8 mill. kroner til 5 483,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 642,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 122,9 mill. kroner. Det er overført til saman 755,4 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 4,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,7 prosent.

Under programkategori 16.20 Forsking og innovasjon har utgiftene minka med 26 mill. kroner, frå 1 651 mill. kroner til 1 625 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 0,2 prosent. Nedgangen kjem for det meste av lågare utbetalingar frå Marint verdiskapingsprogram og reduksjon i den oppdragsfinansierte forskinga til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.

Under programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning har utgiftene minka med 26 mill. kroner, frå 451 mill. kroner til 425 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 4,7 prosent. Nedgangen kjem for det meste av reduksjon i utbetalingane til næringstiltak i fiskeria, og at den siste utbetalinga frå tilskotsordninga for kapasitetstilpassing av fiskeflåten var i 2010.

Under programkategori 16.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 9,8 prosent. I 2011 vart det gjeve auka løyvingar til hamner og farleier, beredskap mot akutt forureining og bygging av eit nytt anleggs- og oljevernfartøy. I tillegg vart det gjeve løyving til BarentsWatch, eit heilskapleg informasjonssystem for norske hav- og kystområde. I 2012 vart det gjeve auka løyvingar til beredskap mot akutt forureining og BarentsWatch. I tillegg var det ein auke i utgiftene til utbygging av fiskerihamner og farleier på grunn av overførte midlar frå 2011.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 6,8 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan området omfattar overslagsløyvingar og tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 44,8 mill. kroner, frå 24,0 mill. kroner til 68,8 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 75,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 63,8 prosent.

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, der løyvinga er ei overslagsløyving. Auken i utgiftene kjem av at ordninga frå 1. juli 2011 vart lagd om til å vera inntektsbasert. Stønad under arbeidsløyse for fiskarar og fangstmenn vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

15.00

Landbruks- og matforvaltning m.m.

142,2

145,5

152,9

154,2

15.10

Matpolitikk

1 407,2

1 389,1

1 367,4

1 421,4

15.20

Forsking og innovasjon

409,8

402,8

409,5

409,5

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

13 764,4

14 166,3

14 731,4

14 635,4

Sum før lånetransaksjonar

15 723,5

16 103,7

16 661,2

16 620,5

Lånetransaksjonar

1 714,9

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 438,4

16 103,7

16 661,2

16 620,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 40,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 193,9 mill. kroner, frå 16 661,2 mill. kroner til 16 855,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 234,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 49,9 mill. kroner. Det er overført til saman 232,6 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,9 mrd. kroner, frå 15,7 mrd. kroner til 16,6 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,2 prosent.

Under programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m. har utgiftene auka med 12 mill. kroner, frå 142 mill. kroner til 154 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,9 prosent. Hovudgrunnen til auken er at departementet har flytta til nye lokale.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene i perioden halde seg nominelt jamt på om lag 1,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,3 prosent.

Under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon har utgiftene i perioden halde seg nominelt jamt på om lag 0,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,7 prosent.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med knapt 0,9 mrd. kroner, frå knapt 13,8 mrd. kroner til drygt 14,6 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,3 prosent. Det meste av auken kjem av auka tilskot over jordbruksavtalen.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

21.10

Administrasjon m.m.

469,8

407,6

448,1

454,5

21.20

Luftfartsføremål

972,0

976,7

936,7

937,2

21.30

Vegføremål

14 969,0

15 746,3

16 431,1

17 204,5

21.40

Særskilde transporttiltak

702,4

787,7

1 323,2

1 377,7

21.50

Jernbaneføremål

11 018,7

12 384,1

12 957,9

13 315,6

Sum før lånetransaksjonar

28 131,9

30 302,4

32 097,0

33 289,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Innanlands transport

28 131,9

30 302,4

32 097,0

33 289,5

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

697,0

540,5

413,7

371,6

Sum før lånetransaksjonar

697,0

540,5

413,7

371,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum utgifter Post og telekommunikasjonar

697,0

540,5

413,7

371,6

Sum Samferdselsdepartementet

28 828,9

30 842,9

32 510,8

33 661,1

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 192,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 881,9 mill. kroner, frå 32 097,0 mill. kroner til 32 978,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 310,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 337,3 mill. kroner. Det er overført til saman 548,9 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,2 mrd. kroner, frå 28,1 mrd. kroner til 33,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 9,9 prosent. Hovudårsaka til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.50 Jernbaneføremål har auka i heile perioden. Frå 2011 til 2012 var det òg ein auke i løyvingane under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 35 mill. kroner, frå 972 mill. kroner til 937 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 4,0 prosent. Tilskotsbehovet til dei nye kontraktane for kjøp av innanlandske flyruter som staten inngjekk i 2012, var lågare enn for dei tidlegare kontraktane.

Under programkategori 21.30 Vegføremål auka utgiftene med 2,2 mrd. kroner, frå 15,0 mrd. kroner til 17,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2011 til 2012 med 9,3 prosent. Auken er i tråd med satsinga på veg i den fyrste fireårsbolken i Nasjonal transportplan 2010–2019.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak auka utgiftene med 0,7 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 12,1 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 74,9 prosent. Hovudgrunnen til auken siste året er ny avtale om kjøp av persontransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes som tok til å gjelda 1. januar 2012.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 2,3 mrd. kroner, frå 11,0 mrd. kroner til 13,3 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 12,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 7,5 prosent. Auken kjem av satsinga på jernbane dei siste åra gjennom auka løyvingar både til Jernbaneverket og til statleg kjøp av persontransport med tog. Frå 2010 til 2012 har løyvingane til statleg kjøp av persontransport med tog auka med 47,1 prosent, frå 1,7 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 42,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 0,9 mill. kroner, frå 413,7 mill. kroner til 414,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 43,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.På programområdet er det inntektsført refusjonar på i alt 4,0 mill. kroner. Det er overført til saman 36,5 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast».

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 22,5 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 31,2 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at behovet for statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Norge AS har minka.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 071,7

1 104,8

1 129,5

1 158,4

12.20

Naturmangfald og friluftsliv

1 385,8

1 489,4

1 602,2

1 664,8

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

497,1

501,4

513,7

522,0

12.40

Klima og forureining

663,4

707,5

763,8

778,3

12.50

Kart, geodata og eigedomsinformasjon

596,7

657,5

697,7

642,6

12.60

Nord- og polarområda

284,6

307,7

301,0

316,9

Sum før lånetransaksjonar

4 499,3

4 768,3

5 008,0

5 083,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Miljøverndepartementet

4 499,3

4 768,3

5 008,0

5 083,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 75,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 442,3 mill. kroner, frå 5 008,0 mill. kroner til 5 450,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 367,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 48,3 mill. kroner. Det er overført til saman 397,6 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 12 Miljøvern og regional planlegging har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 5,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 6,6 prosent. Den største auken i treårsperioden var under programkategori 12.20 Naturens mangfald og friluftsliv, med 20,1 prosent.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 87 mill. kroner, frå 1 072 mill. kroner til 1 158 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,9 prosent. Utbetalingar til forsking utgjer nær halvparten av denne programkategorien, og auka med 5,5 prosent det siste året. For resten av utgiftene var auken 4,2 prosent.

Under programkategori 12.20 Naturens mangfald og friluftsliv har utgiftene auka med 279 mill. kroner, frå 1 386 mill. kroner til 1 665 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 7,5 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 11,8 prosent. Det meste av auken kjem av statlege tileigningar i samband med nasjonalparkar og skogvern.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 25 mill. kroner, frå 497 mill. kroner til 522 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 4,1 prosent. Det meste av auken er på området kulturminnevern og i verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Under programkategori 12.40 Klima og forureining har utgiftene auka med 115 mill. kroner, frå 663 mill. kroner til 778 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 10,0 prosent. Det er ein auke i utbetalingar til oppryddingstiltak som er årsaka til meirforbruket under programkategori 12.40.

Under programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon har utgiftene auka med 46 mill. kroner, frå 597 mill. kroner til 643 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 2,3 prosent. Grunnen til nedgangen at det marine kartleggingsprogrammet Mareano ikkje har kome i gang som planlagt. Bestillingane i samband med jordobservatoriet i Ny-Ålesund vart òg ferdige seint i 2012, og difor vart utbetalingane mindre enn planlagt.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 32 mill. kroner, frå 285 mill. kroner til 317 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 3,0 prosent. Hovudårsaka til auken er utgiftene til Svalbards miljøvernfond og Framsenteret.

2.15 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

01.00

Administrasjon m.m.

778,7

677,9

409,0

405,7

01.10

Fylkesmannembeta

1 522,6

1 574,0

1 540,9

1 618,6

01.20

Fellestenester i regjeringskvartalet

535,0

622,4

791,9

857,7

01.30

Partistøtte

346,8

357,3

366,2

362,2

01.33

Samiske føremål

247,5

261,0

262,3

268,7

01.40

Nasjonale minoritetar

15,0

13,6

15,6

15,0

01.50

Konkurransepolitikk

90,7

95,1

93,6

98,6

01.60

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

359,5

352,6

356,1

359,1

01.70

Personvern

34,2

35,3

37,5

37,9

01.80

Byggje- og eigedomspolitikk

2 053,3

2 993,0

3 165,8

3 186,9

01.90

Den norske kyrkja

1 524,9

1 672,0

1 604,6

1 656,4

Sum før lånetransaksjonar

7 508,1

8 654,3

8 643,5

8 866,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

7 508,1

8 654,3

8 643,5

8 866,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 223,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 483,5 mill. kroner, frå 8 643,5 mill. kroner til 9 127,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 260,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og meirinntekter på i alt 218,1 mill. kroner. Det er overført til saman 567,8 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 3.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 01 Fellesadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,4 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 8,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 15,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,5 prosent. Det meste av endringane kjem av auka utgifter under programkategoriane 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet og 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk.

Under programkategori 01.00 Administrasjon har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 0,4 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 12,9 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 40,2 prosent. Det vart i 2011 gjeve ei eingongsløyving på om lag 0,3 mrd. kroner som erstatning til Opplysningsvesenets fond for tap oppstått som følgje av tomtefesteinstruksen.

Under programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,8 prosent. Meirutgiftene i 2012 heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter på inntektsområda til embeta, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå drygt 0,5 mrd. kroner til knapt 0,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 16,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 37,8 prosent. Auken frå 2010 til 2012 kjem særleg av auka løyvingar til vakt- og tryggingstiltak for departementa etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 3,2 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 45,8 prosent, og frå 2011 til 2012 med 6,5 prosent. Det meste av auken i perioden 2010 til 2012 kjem av ekstraordinære avskrivingar, sikring av regjeringslokale, innleige av erstatningslokale og høgare byggjeaktivitet.

Under programkategori 01.90 Den norske kyrkja har utgiftene auka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå drygt 1,5 mrd. kroner til knapt 1,7 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 9,7 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 0,9 prosent. Det meste av nedgangen frå 2011 til 2012 kjem av at det i 2011 vart løyvt midlar til kyrkjevalet. Meirutgiftene heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

23.10

Finansadministrasjon

1 012,3

1 040,8

1 083,5

1 100,7

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

6 259,5

6 479,2

6 413,0

6 497,7

23.30

Offisiell statistikk

710,3

731,5

721,6

763,5

23.40

Andre føremål

16 516,3

16 697,1

17 364,2

16 992,8

Sum før lånetransaksjonar

24 498,4

24 948,6

25 582,3

25 354,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

37,6

37,6

Sum Finansdepartementet

24 498,4

24 948,6

25 619,9

25 392,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 227,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 704,1 mill. kroner, frå 25 582,3 mill. kroner til 26 286,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 931,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 236,0 mill. kroner. Det er overført til saman 1 044,2 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,9 mrd. kroner, frå 24,5 mrd. kroner i 2010 til 25,4 mrd. kroner i 2012. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,6 prosent.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med knapt 0,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 5,7 prosent. Vel 36 prosent av utgiftsveksten frå 2010 til 2012 galdt Finanstilsynet.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 16,5 mrd. kroner til 17,0 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 1,8 prosent. Under denne programkategorien syner utgiftene på fleire kapittel ofte store variasjonar frå eit år til eit anna. Eit døme er utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren, som var nær uendra frå 2010 til 2011, men som så auka med 0,4 mrd. kroner frå 2011 til 2012. Vidare nytta ein 131 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2010, 271 mill. kroner i 2011 og 207 mill. kroner i 2012. Endringane i utgifter til kjøp av klimakvotar kjem dels av at kjøpebehovet varierer frå år til år, og dels av at kvoteprisane går opp og ned.

Utgifter til lånetransaksjonar på 37,6 mill. kroner i 2012 gjeld innskot av eigenkapital i Folketrygdfondet. I 2010 og 2011 hadde ein ikkje utgifter under lånetransaksjonar.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

04.10

Militært forsvar

35 862,3

40 517,7

42 615,7

41 489,5

Sum før lånetransaksjonar

35 862,3

40 517,7

42 615,7

41 489,5

Lånetransaksjonar

0,0

353,0

0,0

0,0

Sum Forsvarsdepartementet

35 862,3

40 870,7

42 615,7

41 489,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 126,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 2 045,7 mill. kroner, frå 42 615,7 mill. kroner til 44 661,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 3 171,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 379,5 mill. kroner. Det er overført til saman 3 551,1 mill. kroner til 2013 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,6 mrd. kroner, frå 35,9 mrd. kroner til 41,5 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 2,4 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2010 til 2011 er overgangen frå nettobudsjettering til bruttobudsjettering av verksemda til Forsvarsbygg frå og med budsjettåret 2011.

Driftsutgiftene har nominelt auka med om lag 22 prosent, frå om lag 26,5 mrd. kroner i 2010 til 32,2 mrd. kroner i 2012. Grunnen er fyrst og fremst overgang frå nettobudsjettering til bruttobudsjettering av verksemda til Forsvarsbygg, men òg at Regjeringa og Stortinget har følgt opp løyvingsføresetnadene i gjeldande langtidsplan.

Utgifter til investeringar i materiell auka nominelt med om lag 4 prosent, frå om lag 7,1 mrd. kroner i 2010 til 7,4 mrd. kroner i 2012, medan utgifter til nasjonale investeringar i eigedom, bygg og anlegg minka med 14 prosent, frå 2,0 mrd. kroner i 2010 til om lag 1,7 mrd. kroner i 2012.

Årsaka til mindreforbruket av løyvingane til materiellinvesteringar i 2012 er dels leverandørforseinkingar og dels kjøp av nye kampfly med baseutbygging. Kjøp av nye kampfly med baseutbygging har kravt tilpassingar andre stader i investeringsporteføljen til Forsvaret. Med handsaminga av Innst. 157 S (2012–2013) til Prop. 28 S (2012–2013) Endringar i statsbudsjettet 2012 under Forsvarsdepartementet stødde Stortinget at detvert overført 3 177 mill. kroner på kapittel 1760, post 45 til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år.

2012 var det fjerde året i langtidsplanperioden 2009–2012 for forsvarssektoren, jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008) til St.prp. nr. 48 (2007–2008) Et forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier. Planen la grunnlaget for ein meir varig balanse mellom oppgåver, struktur og ressursar i Forsvaret gjennom auka løyvingar og intern kostnadseffektivisering og ressursfrigjering. Langtidsplanen sette hovudmål og rammer for Forsvaret for perioden 2009–2012. Alle dei sentrale hovudmåla i langtidsperioden er nådde, mellom anna ei monaleg kostnadseffektivisering og organisasjonsendringar.

Forsvaret har i 2012 vidareført store bidrag til internasjonal fred og stabilitet gjennom deltaking i operasjonar i utlandet, mest i Afghanistan. I perioden for 2010 til 2012 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har minka nominelt med 19 prosent, frå 1 578 mill. kroner i 2010 til 1 273 mill. kroner i 2012.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2010

Rekneskap 2011

Budsjett 2012

Rekneskap 2012

18.00

Administrasjon

193,0

214,7

245,0

245,9

18.10

Petroleum

337,2

465,7

698,8

635,0

18.20

Energi- og vassressursar

726,3

809,2

882,1

922,4

18.25

Energiomlegging

1 061,6

1 163,4

1 058,5

1 051,6

18.30

Teknologi og internasjonalisering

2 994,4

2 638,8

3 075,5

2 991,0

18.70

Statleg petroleumsverksemd

20 406,2

21 702,5

26 318,5

25 928,1

Sum før lånetransaksjonar

25 718,5

26 994,3

32 278,3

31 774,0

Lånetransaksjonar

5 000,0

0,0

0,0

2,0

Sum Olje- og energidepartementet

30 718,5

26 994,3

32 278,3

31 776,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 504,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2011 aukar disponibel løyving med 398,4 mill. kroner, frå 32 278,3 mill. kroner til 32 676,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 902,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 61,2 mill. kroner. Det er overført til saman om lag 488,1 mill. kroner til 2013 under postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 2,0 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2010–2012

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,1 mrd. kroner, frå 25,7 mrd. kroner til 31,8 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 17,7 prosent. Hovudgrunnen til endringane er høgare utgiftsnivå under programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 53 mill. kroner, frå 193 mill. kroner til 246 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 11,3 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 14,5 prosent. Auken kjem for det meste av kunnskapsinnhenting i uopna deler av det nordaustlege norskehavet og gjennomføring av konsekvensutgreiing for petroleumsverksemd i dei norske havområda ved Jan Mayen og i området vest for avgrensingslinja i Barentshavet.

Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene auka med 298 mill. kroner, frå 337 mill. kroner til 635 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 38,1 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 36,4 prosent. Hovudgrunnen til auken er større løyvingar til geologisk kartlegging i nordområda.

Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 196 mill. kroner, frå 726 mill. kroner til 922 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 11,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 14,0 prosent. Ein av grunnane til auken er større løyvingar til NVEs arbeid med flaum- og skredførebygging, oppfølging av EU-direktiv, elsertifikat, konsesjonshandsaming og tilsyn.

Under programkategori 18.25 Energiomlegging har utgiftene minka med 10 mill. kroner, frå 1 062 mill. kroner til 1 052 mill. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2011 til 2012 minka dei med 9,6 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2010 til 2011 er ei eingongsløyving på 110 mill. kroner til tilskotsordninga for elektrisitetssparing i hushald.

Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering er utgiftene i 2012 om lag 3,0 mrd. kroner, som er det same nivået som i 2010. Frå 2010 til 2011 minka utgiftene med 11,9 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei igjen med 13,3 prosent. Mykje av variasjonen i rekneskapstala heng saman med CO2-handteringsprosjekta på Mongstad. Det gjeld planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering, planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2 og investering i og drift av teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM).

Under programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd har utgiftene auka med 5,5 mrd. kroner, frå 20,4 mrd. kroner til 25,9 mrd. kroner. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2011 til 2012 auka dei med 19,5 prosent. Det meste av auken kjem av høgare investeringsnivå som følgje av høg aktivitet på norsk sokkel. Både fleire prosjekt og høgare kostnadsnivå for dei nye prosjekta har auka investeringskostnadene. Utgiftene har òg auka på grunn av meir brønnvedlikehald, meir kjøp av gass til vidaresal og høgare av- og nedskrivingar.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging (tidlegare Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering) auka med 5,0 mrd. kroner i 2010. I 2012 vart det rekneskapsført 2,0 mill. kroner i innskotskapital til skiping av selskapet Petoro Iceland AS, som er eit dotterselskap av Petoro AS.

2.19 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev ei oversikt over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten administrerer dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget. Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike slags lån med høg eller låg risiko. Den nye eksportfinansieringordninga er omtala til slutt i avsnittet.

Renteinntekter av dei statlege utlåna vert inntektsførte på særskilde kapittel i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Desse verksemdene skal bokføra alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret.3 Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalda opptente, men enno ikkje betalte renter. Forvaltningseiningane har òg frå 2010 særskilde løyvingar på 70-postar for å dekkja tap/kostnader ved manglande tilbakebetaling av statlege utlån. Sjå omtale av kvar forvaltningseining nedanfor.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2010

2011

2012

Inngåande behaldning

Konto 630005

104 824

109 196

114 433

Regulering av inngåande behaldning

Fullmakt i 2010

315

Sum utlån etter regulering

Konto 630005

105 139

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

12 896

14 367

16 784

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-8 839

-9 130

-9 380

Sum utlån

Konto 630005

109 196

114 433

121 836

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 674

3 862

3 610

Samla uteståande lån i Husbanken, inkludert opptente ikkje betalte renter, var på 121,8 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Det er om lag 7,4 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande låna var 75,2 mrd. kroner fastrentelån og 46,0 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,6 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2012 på fastrentelåna har Husbanken rekna til om lag 3,9 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 57 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2012. Av dei hadde 23 800 lån med fast rente, 31 600 lån med flytande rente, medan dei resterande 2 200 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 46,3 prosent, lån til kommunar 33,6 prosent og lån til personlege låntakarar 20,1 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2012 renter med 3,6 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 3,9 mrd. kroner, og 3,7 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2012 eit brutto tap på utlån på 9,1 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2011 var 15,2 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 8,1 mill. kroner. Av det samla brutto tapet var om lag 3,0 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, 2,2 mill. kroner mindre enn i 2011. Tapa knytte til ikkje-personlege låntakarar var 6,0 mill. kroner i 2012, 3,8 mill. kroner mindre enn i 2011. Tap på rentestønad var 0,1 mill. kroner i 2012. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og regionaldepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2010

2011

2012

Inngåande behaldning

Konto 630002

106 781

112 381

119 068

Regulering av inngåande behaldning

Fullmakt i 2010

-79

Sum utlån etter regulering

Konto 630002

106 702

Utlån i året

Kap. 2410 / 90

17 578

18 889

19 715

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310 / 90

-7 407

-7 381

-7 619

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-4 492

-4 822

-5 016

Sum utlån

Konto 630002

112 381

119 068

126 147

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 411

3 866

3 495

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar til på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 624 mill. kroner i 2012 og i 2011 og 2010 høvesvis 302 mill. kroner og 420 mill. kroner. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2012 vart utgiftsført med 877 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestønaden for 2011 og 2010 var høvesvis 974 mill. kroner og 810 mill. kroner.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 126,1 mrd. kroner ved utgangen av 2012, som er 7,1 mrd. kroner meir enn året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 34,7 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente ikkje betalte renter på om lag 566 mill. kroner og ikkje-betalte gebyr på om lag 67 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,5 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer om lag 37 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2012 på fastrentelåna har Lånekassa rekna til 469 mill. kroner. Lånekassa hadde om lag 782 000 registrerte låntakarar ved utgangen av 2012. Av dei hadde om lag 205 300 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 180 500 hadde lån med fast rente. Resten av låntakarane hadde lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2012 renter med 3,5 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 3,9 mrd. kroner og 3,4 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 244 mill. kroner i tap på utlån på kapittel 2410, post 74 i 2012, medan tala i 2011 og 2010 var høvesvis 323 mill. kroner og 333 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 261 mill. kroner i 2012 (kapittel 4634, post 85) knytt til innkrevjing av misleghaldne og avskrivne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 269 mill. kroner og 251 mill. kroner.

Konverteringsordninga i Statens lånekasse for utdanning

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvt midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. Skal ein få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2012 betalte Lånekassa ut 3,7 mrd. kroner som stipend. Om lag 5 mrd. kroner vart netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2012 var dermed om lag 8,7 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2010

2011

2012

Inngåande behaldning

Konto 635106

26 849

33 563

42 556

Regulering av inngåande behaldning

Fullmakt i 2010

47

Sum utlån etter regulering

Konto 635106

26 896

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

12 124

16 343

23 148

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-5 457

-7 350

-7 650

Sum utlån

Konto 6351061)

33 563

42 556

58 055

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

745

1 031

1 189

1) På konto 63.51.06 i kapitalrekneskapen, Utlån under Arbeidsdepartementet inngår i tillegg til bustadlånsordninga òg nokre andre, mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 635106 per 31.12.2012 var 58 076 mill. kroner.

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 58,1 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Det er om lag 15,5 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2012 var det om lag 57 300 lån i ordninga, mot 46 800 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2012 renter med 1 189 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 1 031 mill. kroner og 745 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Statens pensjonskasse hadde i 2012 eit brutto tap på utlån på 0,1 mill. kroner, om lag som året før. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån, var netto tap på utlån i 2012 på –0,3 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 348 mill. kroner. Det kjem av at talet på utbetalte lån auka mykje i siste delen av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 650 mill. kroner. Grunnen er at talet på innfridde lån auka i siste delen av året. Innbetalte avdrag auka òg, mellom anna fordi lånekundar valde å redusera avdragstida og betaler låna raskare ned i periodar med låg rente. Netto mindreutgift på dei to lånekapitla utgjorde 302 mill. kroner.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeidsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiera utlån. Det er difor ikkje nokon eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2010

2011

2012

Inngåande behaldning

Konto 630009

12 555

15 372

15 850

Netto auke

2 817

478

592

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

15 372

15 850

16 442

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

304

315

289

1) På konto 63.00.09 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og handelsdepartementet inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2012 var 17 102 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2012 var på 16,4 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån 14,2 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond drygt 2,2 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla ordinære netto utlån per 31.12.2012 utgjorde 15,1 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,2 mrd. kroner, mot 14,7 mrd. kroner per 31.12.2011. Netto auke utgjer 0,4 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 12,5 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 11 200 lån), til saman 2,8 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning, risikolån landbruk, likviditetslån til fiskeindustrien og Miljøfondet (om lag 1 400 lån), og 1,0 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond, ansvarlege investeringsfond til Nordvest-Russland og Aust-Europa og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 7 250 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 289 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2012. Tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 315 mill. kroner og 304 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2012 syner eit netto utlånstap på 25 mill. kroner, som er om lag 16 mill. kroner lågare enn i 2011. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2011 utgjer 224 mill. kroner, mot 184 mill. kroner i 2011.

Statleg eksportfinansieringsordning

Det vart skipa ei statleg overgangsordning for eksportfinansiering forvalta av Nærings- og handelsdepartementet mot slutten av 2011, etter at Eksportfinans ASA ikkje lenger kunne tilby eksportlån. Ordninga vart skift ut med ei ny permanent statleg eksportfinansieringsordning då det heileigde statlege aksjeselskapet Eksportkreditt Norge AS vart skipa sommaren 2012. Selskapet skal i tillegg til å forvalta nye statlege lån forvalta dei låna som vart utbetalte under overgangsordninga.

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for dei to ordningane samla:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

Inngåande behaldning

Konto 635109

-

6 693

Netto auke

6 693

23 159

Utgåande behaldning

Konto 6351091)

6 693

29 852

Renteinntekter

Kap. 3934 og 5629 / 80

-16

343

1) På konto 63.51.09 i kapitalrekneskapen Andre utlån under Nærings- og handelsdepartementet inngår i tillegg til statlege eksportfinansieringslån òg 50 mill. kroner i ansvarleg lån til Secora AS. Samla bokført beløp på konto 635109 per 31.12.2012 var 29 902 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2012 er slik:

Valuta

Antal lån

Totalt uteståande per 31.12.12 (tal i mrd.)

NOK

40

9,12

USD

39

3,45

EUR

2

0,01

GBP

1

0,03

Som det går fram av den fyrste tabellen, utgjorde uteståande statlege eksportfinansieringslån til saman 29,85 mrd. kroner ved utgangen av 2012. Omrekninga av valuta til norske kroner er basert på kursen då låna vart utbetalte. For å oppnå same beløp i norske kroner ved innbetalingar av avdrag, er det gjeve fullmakt til å utgiftsføra valutatap under kapittel 2429, post 89 Agio og inntektsføra valutavinst under kapittel 5329, post 89 Disagio.

Det vart inntektsført renteinntekter frå ordninga med 76 mill. kroner under kapittel 3934, post 80 og 267 mill. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2012, til saman 343 mill. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar, slik at tapsrisikoen i låneordninga er svært låg.

Fotnotar

1.

Talet for uførepensjon i 2010 er summen av kap. 2655 fråtrekt utgiftene til tidsavgrensa uførestønad i januar og februar 2010.

2.

Talet for 2010 er summen av rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad i januar og februar 2010 og arbeidsavklaringspengar i perioden mars til desember 2010.

3.

Andre inntekter enn renter og kostnader ved forvaltningseiningane skal framleis handsamast etter kontantprinsippet.
Til forsida