Meld. St. 5 (2009-2010)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsmeldingar for 2008

Til innhaldsliste

3 Fornyings- og administrasjons-departementets merknader til Personvernnemndas årsmelding for 2008

Dei sakene som har vore fremja for Personvernnemnda i meldingsåret, har hatt stor prinsipiell betyding. Sjølv om nemnda berre har myndigheit til å avgjere enkeltsaker, vil deira avgjerd ofte ha innverknad utover kvar enkelt sak. Det har blitt avsagt vedtak av prinsipiell betyding for bl.a. behandlinga av kredittopplysningar og for politiet sine register.

Personvernnemnda meiner ut frå vurderingane i sakene om kredittopplysningsbransjen, konkret selskapa Lindorff og Creditinform, at det bør skje ei forskriftsregulering av spørsmålet om konsesjon til kredittopplysningsfirma. Datatilsynet opererer med standardkonsesjon i slike tilfelle. Om denne praksisen for bruk av standardkonsesjon bør erstattast med ei forskriftsregulering, vil bli vurdert av regjeringa i samband med den pågåande etterkontrollen av personopplysningsloven.

Av sentral betydning er òg avgjerda om det sentrale straffe- og politiopplysningsregisteret (SSP). Nemnda etterlyser her ein rettspolitisk diskusjon av politiets registrering, oppbevaring, bruk og sletting av sensitive personopplysningar. Det er uttrykt spesiell bekymring for at det er vid tilgang til registeret, og manglande sletterutinar. Dei utfordringar nemnda peiker på i si saksbehandling vil finne si løysing i ny politiregisterlov, som regjeringa har oversendt Stortinget til behandling, samt dei nye datasystem som vil verte innført.

Verdt å nemne er også nemndas avgjerd om at ein utleigemeklar ikkje kan gjere kredittvurdering av kvar enkelt leigeinteressent. Nemnda godtok likevel at kredittvurdering av den som får tilbodet, skjer som ein siste sjekk. Departementet støttar Personvernnemnda i at det, i samsvar med gjeldande regelverk, bør vere ein viss terskel for å gjere kredittvurderingar.

Til forsida