Meld. St. 50 (2012–2013)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Prioriteringsbudsjettet

Prioriteringsbudsjettet vart oppretta i 2013 og har til formål å gje rom for politiske initiativ frå landa og gjere arbeidet i NMR meir fleksibelt. Prosjekta skal fortrinnsvis vere tverrsektorielle og involvere fleire land. Prioriteringsbudsjettet omfattar hovudsakleg to område: velferd og grøn vekst.

Haldbar nordisk velferd 2013–2015

Fokus under den norske formannskapen i 2012 var velferdsstatens utfordringar. Eit resultat av denne satsinga var opprettinga av det tverrsektorielle programmet Haldbar nordisk velferd, som blei vedteke våren 2012. Dette programmet blir eitt av dei største NMR-tiltaka i perioden 2013–2015. Programmet blei lansert i august 2013. Fleire departement og sektorar er involverte i dette programmet.

Dei nordiske landa står overfor felles utfordringar når det gjeld å sikre utvikling og berekraft i velferdssystema. Programmet skal realisere oppfordringa frå dei nordiske statsministrane i 2012 om å utarbeide konkrete forslag til vidareutvikling av det nordiske samarbeidet i helsesektoren og på utdannings- og arbeidsmarknadsområdet. Budsjettet for 2013 er på 17 815 000 DKK.

Ministerrådet for utdannings- og forskingspolitikk (MR-U) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) gjennomførte i 2012 kartleggingar, bakgrunnsstudiar, forprosjekt og analysar for å utvikle og konkretisere programmet.

Programmet for haldbar nordisk velferd skal realiserast gjennom aktivitetar på satsingsområda utdanning og arbeid for velferd, forsking for velferd og infrastruktur for velferd.

Programmet initierer nordisk samarbeid om konkrete tiltak og nordiske plattformer for dialog og kunnskapsutveksling. På helseområdet skal det samarbeidast om desse temaa: 1) sosial ulikskap i helse og velferd, 2) modellar for rekruttering av tilsette i helse- og omsorgssektoren og korleis ein får tilsette til å bli verande i sektoren, 3) forskingsinfrastruktur, 4) kliniske multisenterstudiar og 5) høgspesialisert behandling. I løpet av programperioden skal det òg setjast i gang nordisk samarbeid om velferdsteknologi.

Forsking og utdanning

Sektorprogrammet for ministerrådet for utdanning, Velferd i praksis, har to hovudprioriteringar. Den første er å invitere til nordisk dialog om kompetanse for velferdsyrka og innovasjon i tenestene. Det andre er å vurdere grunnlaget for felles nordiske initiativ som kan betre samspelet mellom utdanning, forsking og innovasjon på områda grøn vekst, helse og velferd.

Med bakgrunn i møtet mellom dei nordiske statsministrane hausten 2011 utarbeidde den norske formannskapen saman med Nordisk ministerråds sekretariat i 2012 ein handlingsplan for grøn vekst på utdannings- og forskingsområdet.

Innanfor det tverrsektorielle programmet Haldbar nordisk velferd har ministerrådet for utdanning koordineringsansvar som omfattar fleire prosjekt under overskrifta Utdanning for arbeid og velferd. Ein delstudie skal kartleggje godkjenningsordningar for lovregulerte yrke og profesjonsutdanningar i dei nordiske landa.

Den svenske formannskapen utviklar i 2013 eit nordisk prosjekt om læring på arbeidsplassen. Dette er ei oppfølging av eit norsk initiativ og skal fremje samarbeid mellom utdanningsmyndigheiter på nasjonalt nivå og mellom lokale og regionale aktørar. Målgruppa er ungdom og vaksne.

Næring

Ministerrådet for næringspolitikk er ansvarleg for fleire prosjekt under prioriteringsbudsjettet. Ei av hovudprioriteringane for den svenske formannskapen er etableringa av NordMin, det nordiske ekspertnettverket for ein berekraftig gruve- og mineralindustri i Norden. NorMin blei etablert i 2013 og skal formidle kor viktig gruve- og mineralnæringa er for grøn vekst i Norden. Nettverket skal fremje forskings-, utdannings- og utviklingssamarbeid i den nordiske gruve- og mineralindustrien.

To av prosjekta på prioriteringsbudsjettet ligg òg under statsministranes initiativ for grøn vekst. Under prosjektet Grønt offentleg innkjøp blir ein forstudie om korleis grøne innkjøpsstandardar kan koordinerast i Norden, avslutta i 2013. Forprosjektet vil danne grunnlaget for eit hovudprosjekt som det er venta blir vedteke og sett i gang hausten 2013.

Prosjektet Grøne tekniske normer og standardar – Norden som standardmakar skal bidra til å fjerne barrierar for handel innanfor berekraftig bygging. Dette inneber standardisering av tekniske normer og standardar på enkelte område og eit auka samarbeid om gjennomføring og vidareutvikling av europeiske direktiv om energieffektivitet. I 2013 er det løyvd midlar til prosjekt om berekraftig renovering, innandørs klima og deklarasjonar for bygningar og byggjemateriale.

Innovasjonsprogrammet Nordic Built skal styrkje utviklinga av berekraftige byggjekonsept og styrkje Norden som ein føregangsregion innanfor klimavennleg bygging. Dette gjennom å bidra til innovasjon, vekst og eksport på området. Eit charter med ti grunnprinsipp blei lansert i 2012 og har brei forankring i den nordiske byggjebransjen ved at dei har skrive under charteret. Nordic Innovation gjennomfører i 2013 Nordic Built Challenge om berekraftig renovering av fem nordiske bygg.

KreaNord ble i 2013 ein prioritert innsats i det offisielle nordiske samarbeidet. KreaNord er eit tverrsektorielt initiativ der ministerråda for næringspolitikk og kultur har delt ansvar. Mandatet til KreaNord for 2013–2015 blei godkjent på møtet mellom næringsministrane i 2012. KreaNord skal bidra til å utvikle Norden som ein føregangsregion innanfor dei kreative industriane. Formålet er å styrkje moglegheitene for vekst, sysselsetjing og eksport av kreative industriar. KreaNord dannar ramma for samarbeid mellom myndigheiter, private verksemder og utdanningsinstitusjonar for å skape auka verdi i dei kreative industriane i Norden. Budsjettet for 2013 er på 5 090 000 DKK.

2.2 Grensehinder

Grensehinderarbeidet står i dag høgt på den politiske dagsordenen i Norden. Menneske og bedrifter skal ikkje behøve å støyte på noko som er til hinder for at dei kan drive verksemda si over nasjonalgrensene. Ved at vi byggjer ned grensehinder, får Norden dessutan større konkurransekraft på den globale marknaden.

Sidan merksemda rundt grensehinder er aukande, og ettersom mandatet til Grensehinderforum, som vart oppretta av statsministrane i 2007, går ut ultimo 2013, blir det utarbeidd ein handlingsplan for arbeidet med grensehinder i ministerrådet.

Norden bør vere eit forbilde i verda når det gjeld samarbeid over grensene. Norden har lang tradisjon for at innbyggjarane fritt kan krysse dei nordiske grensene, ein tradisjon vi vil verne om og prioritere. I handlingsplanen blir det lagt opp til å skape eit nordisk samsyn som gjennomsyrar grensehinderarbeidet. Det skal skisserast eit felles rammeverk for å identifisere kva grensehinder som skal fjernast. Handlingsplanen vil òg foreslå enkelte organisatoriske endringar i grensehinderarbeidet. Samarbeidet med Nordisk råd blir tillagt betydeleg vekt, og generalsekretæren i Nordisk ministerråd får ei sterkare rolle i arbeidet med grensehinder. Det blir lagt vekt på det ansvaret samarbeidsministrane har for å byggje ned grensehinder. Målet er å likestille nordisk nytte med nasjonal nytte.