Meld. St. 6 (2009-2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa prioriterer det nordiske samarbeidet. Det nordiske samarbeidet er prega av stor dynamikk med breidd og nye initiativ. For å kunne realisere potensialet sitt må det nordiske samarbeidet ta vare på krafta og relevansen, og det vert difor lagt vekt på å tilpasse og fornye seg i ei verd i kontinuerleg endring.

Samtidig som den aukande globaliseringa er med på å tone ned tradisjonelle skilje mellom landa, vert regionane stadig viktigare som politiske samarbeidsarenaer. Norden som region, med sitt kultur- og språkfellesskap, har eit særleg godt grunnlag for å sameine kreftene sine i møte med framtidige utfordringar. Norden og nabo- og nordområda dannar eit naturleg utgangspunkt for hovudprioriteringar i norsk utanrikspolitikk. Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa legg særleg vekt på nordisk dialog og ønskjer å utvikle potensialet i samarbeidet også når det gjeld europeiske samarbeidsspørsmål.

Statsministererklæringa frå det uformelle nordiske sommarmøtet i Punkaharju i 2007 gav retning til eit djupare samarbeid om utfordringar landa står overfor i ei globalisert verd. Prioriteringar i globaliseringsinitiativet er klima, miljø, energi, forsking, innovasjon og grensehinder. Dette er område der dei nordiske landa kan få til meir saman enn kvar for seg. Det er òg ei målsetjing å aktivt synleggjere fortrinna ved Norden, til dømes den nordiske velferdsmodellen.

Dei roterande eittårige formannskapane gjer det mogeleg for landa å setje sitt politiske preg på aktivitetane i ministerrådet, med forankring i felles nordisk nytte. Sverige arbeidde i formannskapsperioden sin i 2008 med å følgje opp globaliseringsinitiativet. Formannskapsprogrammet hadde fokus på Norden som føregangsregion på sentrale samfunnsområde som mellom anna teknologiutvikling og forsking og dei perspektiva dette opnar for å styrkje konkurranseevna og samtidig minske sosial utanforskap. Utvikling av samarbeidet med Austersjøregionen og Den nordlege dimensjonen var òg viktige samarbeidsområde for den svenske formannskapen. Det vart teke nye initiativ for å styrkje avviklinga av grensehinder.

Den islandske formannskapen legg i 2009 stor vekt på å følgje opp globaliseringsprosjektet til statsministrane, særleg samarbeidet om toppforskingsinitiativet.

Den intra-nordiske dimensjonen er det viktigaste aspektet i det nordiske samarbeidet. Gjennom ministerrådet deltek landa på ulike politikkområde i eit pågåande samarbeid som bidreg til konkret meirverdi for det enkelte landet. Dei nordiske institusjonane støttar opp om dette arbeidet. Samarbeidet med frivillige aktørar, ikkje minst Norden-foreiningane, gjev breidd og fordjuping til det nordiske fellesskapet.

I dei seinare åra har ministerrådet òg lagt stor vekt på samarbeid med nabolanda. Det er utvikla eit nært samarbeid med dei andre regionale råda (Arktisk råd, Barentsrådet, Austersjørådet). Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk samarbeid med Nordvest-Russland.

Meldinga orienterer i kapittel 2 om aktuelle saker i det nordiske samarbeidet. Her vert globalisering, grensehinder og Stoltenberg-rapporten trekte fram. Kapittel 3 ser på samarbeidet med nabolanda og dei andre regionale råda, medan kapittel 4 orienterer om nordisk utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid. Kapittel 5 er vigd til det faglege samarbeidet.

Rapporten frå den svenske formannskapen i 2008 følgjer ved meldinga som utrykt vedlegg.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.