Meld. St. 6 (2009-2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

3 Norden og nabolanda

3.1 Nordisk ministerråd og samarbeidet med nabolanda

Nabolandspolitikken til ministerrådet omfattar samarbeid med Nordvest-Russland, Estland, Latvia og Litauen, i tillegg til dei andre regionale råda: Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Samarbeidet omfattar òg innsats overfor Kviterussland.

Aktivitetane kjem i tillegg til nasjonal innsats og til bidrag frå andre organ. Føremålet er å styrkje dialogen mellom dei nordiske landa og nabolanda. Dei skal konsentrerast til område der det nordiske samarbeidet gjev ein meirverdi og medverkar til betre samordning av aktivitetar.

Frå norsk side legg vi stor vekt på å styrkje dialogen og samarbeidet Nordisk ministerråd har med Nordvest-Russland. Nordisk ministerråd har eit eige Russlandsprogram med fokus på nettverksbygging og kunnskapsoverføring. Programmet rettar seg mot organisasjonar og styresmakter i Norden og Russland. Ministerrådet har hovudkontor for Russland i St. Petersburg, med underkontor i Kaliningrad, Murmansk, Arkhangelsk og Petrozavodsk. Russlandssamarbeidet til ministerrådet er knytt tett opp til EUs politikk og støttar opp om Den nordlege dimensjonen der ministerrådet er partnar. Nordisk ministerråd deltek aktivt i partnarskapen for helse og livskvalitet og støttar partnarskapen for miljø.

Det er etablert prosjekt innanfor lokal forvaltning, kamp mot menneskehandel, utvikling av sosial- og helsevesen og frivillige organisasjonar. Samarbeidet er basert på nye retningslinjer for 2009–2013 som er godkjende av samarbeidsministrane.

Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk ministerråd samarbeider aktivt med EU om demokratistøtte gjennom eksiluniversitet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Samarbeidsministrane vedtok i juni 2008 å etablere eit internasjonalt fond for EHU for å sikre betre koordinering av støtta og for å trekkje til seg fleire donorar. Fondet vert administrert av sekretariatet i Nordisk ministerråd i nært samarbeid med EHU. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar som av politiske årsaker ikkje kan gjere ferdig utdanninga si i Kviterussland og difor studerer ved universiteta i Ukraina.

Samarbeidsministrane vedtok i november 2008 nye retningslinjer for samarbeidet mellom Nordisk ministerråd og Estland, Latvia og Litauen 2009–2013. Samarbeidet skal vere fokusert og basert på likeverd. Det skal byggje på felles verdiar som demokrati, god forvaltningsskikk og likestilling, ytringsfridom og toleranse. Det vert slått fast at kultursamarbeid kan verke som eit bindemiddel i nordisk-baltiske relasjonar. Det vil vere ei prioritert oppgåve å byggje vidare på det samarbeidet som allereie er effektivt og veletablert. Her kan ein spesielt nemne utdanning, forsking og innovasjon, næringsliv med klyngesamarbeid og kreative industriar. Andre viktige samarbeidsområde er miljø, klima og energi, dei grenseoverskridande utfordringane ved velferdssamfunnet og grenseregionalt samarbeid både nordisk-baltisk og i relasjon til andre naboland – inkludert Kviterussland.

Nordisk Atlantsamarbeidet (NORA) set i 2009 spesielt fokus på klimaendringane og verknadene dei vil ha for den havbaserte økonomien i samarbeidslanda. Den islandske formannskapen i Nordisk ministerråd har òg eit spesielt fokus på samarbeidet i Vest-Norden og tilhøva i denne regionen. Dette inkluderer også samarbeid med NORA-landa Skottland og Canada.

Aktivitetar innanfor ulike fagsektorar

BEATA – Barents European Arctic Transport Area

Under den finske formannskapen i 2007 vart det lagt stor vekt på å konkretisere arbeidet gjennom deltaking i Interreg-prosjektet Sustainable Transport in the Barents Region (STBR). Prosjektet vart leidd av Norrbottens län, og både nasjonale og regionale transportstyresmakter deltok som partnarar. Gjennom prosjektet vart det utarbeidd ei rekkje studium og analysar av transportinfrastrukturen og transportstraumane i Barentsregionen. Det er søkt om midlar til ei vidareføring av STBR-prosjektet i 2009. Frå norsk side er det teke initiativ gjennom Nasjonal transportplan 2010–2019 til å utarbeide ei utgreiing av transportsystemet i nordområda som skal omfatte dei fire landa. Ein tek sikte på å setje i gang utgreiinga i 2010. Både BEATA- og STBR-prosjektet kan vere viktige støttespelarar og bidragsytarar til arbeidet. Russland har formannskapen i BEATA i perioden 2007–2009.

Partnarskapen for transport og logistikk i Den nordlege dimensjonen (ND TLP)

På utanriksministermøtet i Den nordlege dimensjonen i St. Petersburg oktober 2008 kom ein fram til prinsipiell semje om å etablere ein partnarskap for transport og logistikk innanfor ramma av Den nordlege dimensjonen. Det vart underteikna eit memorandum i 2009 av transportministrane i Noreg, Russland, Kviterussland, Sverige, Finland, Danmark, Polen, Tyskland, Estland, Litauen og Latvia. Island har signalisert at dei eventuelt vil ta del i partnarskapen på eit seinare tidspunkt. Partnarskapen skal etter planen vere operativ frå 1. januar 2010. Føremålet med partnarskapen er å bidra til å forbetre transportsambandet og logistikken mellom partnarlanda på ein slik måte at det stimulerer til berekraftig økonomisk vekst. Utarbeiding og rullering av ein handlingsplan for grensekryssande utbygging av infrastruktur og såkalla horisontale tiltak, mellom anna teknisk og administrativ forenkling og standardisering, er hovudinstrumenta til partnarskapen.

Partnarskapen skal ikkje erstatte eksisterande samarbeidsformer, til dømes BEATA, men kan utgjere ein samlande paraply for samarbeid i eit breiare regionalt perspektiv.

Uformell nordisk-baltisk transportarbeidsgruppe

I møtet mellom dei nordiske og baltiske transportministrane i mai 2008 var det uformell semje mellom deltakarane om at det var behov for å etablere ei felles nordisk-baltisk arbeidsgruppe for å utveksle synspunkt på prosessen i samband med EU-programmet for transeuropeiske transportnettverk, TEN-T. Oppgåva for gruppa har òg vore å diskutere felles synspunkt på revisjonen av TEN-T-retningslinjene. Eit uoffisielt dokument frå den nordisk-baltiske arbeidsgruppa vart oversendt til Kommisjonen i mai 2009. Utfordringane ein peikar på her, er at det mellom anna må leggjast større vekt på å skape samanheng i nettverka, og at TEN-retningslinjene bør utvidast til naboland.

Luftfart. Noreg har ein bilateral luftfartsavtale med Russland frå 1956. Avtalen har vorte supplert med enkelte tillegg, men må framleis karakteriserast som restriktiv og hemmande forutviklinga av luftfarten mellom Noreg og Russland.

Vegtransport. Noreg og Russland underteikna ein bilateral vegtransportavtale 20. juni 2005. Avtalen tredde i kraft 16. november 2007. Avtalen regulerer transport av gods og passasjerar mellom Noreg og Russland og transitt gjennom dei til og frå tredjeland med motorvogn som er registrert i eitt av dei to landa.

Aktivitetar i helse- og sosialsamarbeidet med Russland og Baltikum

I samspel med landa og andre regionale råd speler Nordisk ministerråd ei aktiv rolle i helse- og sosialsamarbeidet i Norden sine nærområde. Samarbeidet i sektoren har stor interesse, mellom anna på grunn av dei store skilnadene i regionen. Helsesituasjonen i Baltikum og særleg i Russland er vesentleg verre enn i Norden. Det er langt høgare førekomst av smittsame sjukdomar som tuberkulose og hiv/aids, i tillegg til ei tyngre byrde av livsstilsrelaterte sjukdomar. Ein viktig faktor på det siste punktet er høgt alkoholforbruk.

Nordisk ministerråd er med i partnarskapen for helse og livskvalitet i Den nordlege dimensjonen (The Northern Dimension Partnership in Public Health and Social Wellbeing – NDPHS). I 2008–2009 er det Noreg som leier arbeidet, med Russland som nestleiar, og både Noreg og ministerrådet tek del i arbeidet i ekspertgruppene. Noreg leier arbeidet med å styrkje helsa i fengsla. Nordisk ministerråd har særleg retta innsatsen sin mot menneskehandel og for utsette barn og unge.

Ein annan viktig samarbeidsstruktur er Barentsrådet si arbeidsgruppe for helse og sosiale saker, der ministerrådet òg er medlem. Denne arbeidsgruppa for nasjonale og regionale representantar er òg open for urfolksrepresentasjon. Ved sida av å koordinere bilateral innsats gjennomfører arbeidsgruppa eit program mot hiv/aids. Det er i 2009 sett i verk ei satsing mot utsette barn og unge, og Noreg leier dette arbeidet i perioden 2009–2010.

Justisområdet

På justisområdet tok Europarådet i 1998 initiativ til eit samarbeid med russisk fengselsvesen. Mellom anna er tilhøva for kvinner i fengsel eit viktig tema i den faglege dialogen, medan rehabilitering av barn og unge lovbrytarar er sentralt for samarbeidet i Barentsregionen. Samarbeidet har ikkje berre vore knytt til fengselstenesta, men òg til dei andre justisstyresmaktene. Våren 2006 vart det underteikna ein generell justispolitisk samarbeidsavtale mellom Noreg og Russland. Avtalen blir følgd opp med toårige handlingsplanar, og den første vart underteikna i 2007.

Nordisk Atlantsamarbeid (NORA)

I 2008 deltok Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) i gjennomføringa av tre klimarelaterte konferansar på Grønland, Færøyane og Island. I turismesamanheng hadde NORA m.a. fokus på cruiseturisme. Ein NORA-konferanse om cruiseindustrien har vorte følgd opp med auka samarbeid om m.a. felles «branding» av Nordatlanten som cruisedestinasjon. Som eit ledd i oppfølginga av ønsket frå ministerrådet om kontakt og samarbeid med dei vestlege naboane til Norden var NORAs arbeidsutval på studietur i Canada. NORA arbeider no aktivt med å følgje opp dei kontaktane ein fekk der. I samsvar med handlingsplanen gjennomførte NORA i 2008 to prosjektsøknadsrundar, som resulterte i til saman 65 søknader.

Utdanning

I det nye Nordplus-programmet som starta i 2008 og gjeld for tre år, deltek dei tre baltiske landa på like fot med dei nordiske. Programmet skal medverke til auka mobilitet og samarbeid i utdanningssektoren.

Kultur

Etableringa av ein kul­turpartnarskap innanfor rammene av Den nordlege dimensjonen (ND) er på veg. I 2008 oppnemnde kulturministrane ei policygruppe som skal utforme forslag for EUs styringsgruppe for ND og vidareutvikle kulturområdet som ein ny dimensjon innanfor ND. Kulturpartnarskapen skal fungere som eit instrument for dei nordiske landa med sikte på å fremje kulturen og kulturprodukta frå Den nordlege dimensjonen i ei globalisert verd.

Dei nordiske kulturministrane har i samarbeid med kulturministrane frå Estland, Latvia og Litauen vedteke at det nordiske mobilitets- og residensprogrammet i 2009 skal opne for at kulturaktørar frå dei baltiske landa kan delta. Det vert lagt opp til framtidige NB8-møte på kulturområdet både på embets- og ministernivå. Det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet for kultur støttar nettverksbygging, kunstnarresidensar og mobilitet for profesjonelle kunstnarar innanfor alle kunstnariske uttrykksformer. Det kunstnariske målet er å skape ei plattform for eit innovativt, dynamisk nordisk-baltisk kunst- og kulturliv. Programmet varer frå 2009 til 2011.

3.2 Den nordlege dimensjonen

Den nye nordlege dimensjonen vart oppretta i november i Helsingfors ved at det vart underteikna ei politisk erklæring og eit politisk rammedokument. EU, Russland, Island og Noreg er likeverdige partnarar, medan dei regionale organisasjonane og IFF (internasjonale finansieringsinstitusjonar) er deltakarar. Den nordlege dimensjonen (ND) skal vere det regionale uttrykket for dei fire samarbeidsromma mellom EU og Russland, der Noreg og Island skal ha fullt innpass. Det første ministermøtet i ND vart halde i St. Petersburg 28.10.08. Møtet var prega av ei positiv haldning til det arbeidet som går føre seg, og det var ein grunnleggjande konsensus om kva satsingsområda skal vere. Det er lagt vekt på konkrete samarbeidsprosjekt. Desse prosjekta vert sette ut i livet gjennom dei to partnarskapane: partnarskapen for helse og livskvalitet (NDPHS) og miljøpartnarskapen (NDEP). Ministermøtet vedtok at det skal opprettast ein ny partnarskap for transport og logistikk, som etter planen skal tre i kraft 1. januar 2010. Ein annan mogeleg ny partnarskap omfattar kultursektoren, der det er sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på spørsmålet. Andre satsingsområde framover er enøk, grensenært samarbeid og arbeidet med å opprette eit ND-institutt i St. Petersburg. Det er òg i denne regionen av Russland at dei største miljøprosjekta er gjennomførte, innanfor reduksjon av miljøskadelege utslepp til Austersjøen.

Den nordlege dimensjonen har ikkje uventa vore prega av stor merksemd mot Austersjøregionen. Frå norsk side har ein peika på at det bør vere ein fornuftig balanse mellom Austersjøregionen, Barentsregionen og Arktis i ND-samarbeidet. Eit positivt trekk i denne samanhengen er at styringsgruppa i ND har vedteke at det arktiske vindauga i ND skal drøftast med jamne mellomrom.

Eit anna sentralt spørsmål den siste tida har vore lokaliseringa av sekretariatet for den nye transportpartnarskapen. Dei nordiske landa har kome med framlegg om at det vert lagt til Nordisk Investeringsbank i Helsingfors som ein del av eit profesjonelt finansieringsmiljø med omfattande erfaring frå operasjonsområdet til Den nordlege dimensjonen. Det ser ut til at dette forslaget kan bli vedteke. Det er venta at det vert underteikna eit memorandum om etablering av transportpartnarskapen i løpet av 2009.

3.3 Austersjørådet

Danmark har hatt formannskapen i Austersjørådet i eitt år frå 1. juli 2008. Litauen tok over formannskapen 1. juli 2009, og deretter følgjer Noreg frå 1. juli 2010.

Austersjørådet vedtok ei reform av organisasjonen i juni 2008. Bakgrunnen for dette var eit allment ønske om å gjere organisasjonen meir effektiv, meir resultatorientert og klarare når det gjeld prioriterte oppgåver. Den danske formannskapen har arbeidd aktivt for å setje i verk vedtaket om reform.

Reformvedtaket inneber at Austersjørådet no har fem prioriterte område: miljø, med sterkt fokus på miljøutfordringane i Austersjøen; økonomisk samarbeid, med vekt på mellom anna samarbeid om arbeidsmarknadstiltak; energi, inkludert fornybar energi og oppkopling til klima; utdanning og kultur; sivil tryggleik for borgarane i regionen.

Det har vore eit sterkt ønske at Austersjørådet som eit ledd i reformarbeidet gradvis skal omdannast til ein organisasjon med større vekt på prosjekt. Samtidig vil organisasjonen ta vare på rolla som ein sentral koordinator for samarbeidet i regionen. Rådet er ope for nært prosjektsamarbeid med andre organ i regionen, både når det gjeld prosjektforslag, gjennomføring og finansiering.

Austersjørådet har til no berre avgrensa erfaring med prosjekt, men det finst likevel gode døme, først og fremst «EuroFaculty», som er eit konsept for universitetsstudium. Dette har vorte nytta i form av prosjekt både i dei tre baltiske landa, i Kaliningrad og frå 2008/2009 i Pskov. Noreg har medverka aktivt til alle desse prosjekta. Dessutan har «Baltic 21», som er ei eining i Austersjørådet for fremje av berekraftig utvikling i regionen, gjennomført ei rekkje konkrete miljøprosjekt. Austersjørådet har ikkje hatt noko eige budsjett for prosjekt, og dette er hovudforklaringa på at prosjektarbeid til no berre i liten grad har prega organisasjonen. Embetskomiteen i Rådet diskuterer no om det kan opprettast eit prosjektfond, men dette har som føresetnad at alle medlemene er budde på å stille midlar til disposisjon. I tillegg til eit eventuelt eige fond vil sekretariatet i Austersjørådet i aukande grad måtte fokusere på å mobilisere ressursar frå eksternt hald, som regionale finansieringsinstitusjonar og EU-fondsmidlar. Dermed må ein òg endre noko på rekrutteringa til sekretariatet i Austersjørådet i Stockholm, slik at ein får fleire tilsette med erfaring frå prosjektarbeid og ressursmobilisering.

Austersjørådet har i 2008 og 2009 fått fleire søknader frå land som ønskjer å bli observatørar eller medlemer i organisasjonen. Frankrike, som allereie er observatør, har søkt om medlemskap. Kviterussland har søkt om å bli observatør, alternativt medlem. Romania og Spania har søkt om å bli observatør. På utanriksministermøtet i Austersjørådet i Helsingør 3.–4. juni 2009 vart Romania, Spania og Kviterussland tekne opp som observatørar. Dermed har Austersjørådet no ti observatørland. Medlemskap for Frankrike og Kviterussland skal drøftast vidare under formannskapsperioden til Litauen. Det er for tida ikkje konsensus om å ta opp desse to landa som medlemer.

3.4 Barentsrådet

Utviklinga av Barentssamarbeidet har heilt sidan starten i 1993 hatt to sentrale målsetjingar. Den første er å bidra til at Russland speler ei sterkare rolle i det europeiske samarbeidet, m.a. ved å utvikle og konsolidere dei breie samarbeidsstrukturane mellom dei nordiske landa og Russland innanfor Barentssamarbeidet. Den andre sentrale målsetjinga er knytt til ønsket om å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Samarbeidet rettar seg særleg mot Nordvest-Russland, som framleis har store utfordringar når det gjeld økonomisk og sosial utvikling, helse, miljøvern, ressursforvaltning og behovet for å reformere mange samfunnsinstitusjonar. Ein kan definere Barentssamarbeidet som eit samspel mellom fire samarbeidsnivå, på styresmaktnivå og direkte mellom aktørar i regionen:

  • regjeringssamarbeidet (Barentsrådet) der dei fem nordiske landa, Russland og EU-kommisjonen deltek,

  • det regionale styresmaktsamarbeidet (Barents regionråd),

  • urfolkssamarbeidet,

  • direkte næringslivs-, kommune- og grasrotsamarbeid («folk til folk»).

Det gode samspelet mellom sentrale og regionale styresmakter i alle landa og den direkte kontakten over grensene i regionen gjer Barentssamarbeidet til eit politisk instrument som kan handtere ei rekkje spørsmål som er svært viktige for folk i regionen.

Russland avsluttar formannskapsperioden sin med ministermøte i Murmansk 14.–15. oktober 2009. Sverige tek då over formannskapen for dei neste to åra. I regionrådet tek Troms over etter finske Oulo. Det er god aktivitet både på regionalt nivå og i dei 16 arbeidsgruppene. Regionrådet har vedteke eit nytt arbeidsprogram for tidsrommet 2009–2013. Det er òg vedteke eit nytt handlingsprogram for urfolk. Vidare er det oppretta ei ny arbeidsgruppe for turisme. Energiarbeidsgruppa er gjort om og skal først og fremst ha fokus på enøk og fornybare energikjelder. Universitetet i Petrozavodsk har teke initiativ til ei ny satsing på høgskule- og universitetssamarbeid i Barentsregionen.

Innanfor ramma av den årlege løyvinga frå Utanriksdepartementet gjev Det norske Barentssekretariatet i Kirkenes støtte til ei rekkje samarbeidsprosjekt på regionalt nivå i Barentsregionen. Det går no føre seg ei særleg aktiv satsing på kulturområdet gjennom BarentsKult-programmet. Det internasjonale Barentssekretariatet (IBS) er no vel etablert og i god drift. Det vert leidd av den russiske ambassadøren Aleksandr Ignatjev. IBS har tre tilsette som har gjort mykje for å støtte opp om arbeidet på alle nivå og sikre det internasjonale kontaktnettet. I 2009 har Utanriksdepartementet og Sametinget i fellesskap sendt ein urfolksmedarbeidar til det internasjonale Barentssekretariatet for ein toårsperiode og ønskjer på denne måten å bidra til å styrkje samarbeidet mellom urfolka i regionen.

Avtalen om redningssamarbeid på land i Barentsregionen vart underteikna i desember 2008 etter fleire år med forhandlingar, og redningsøvinga Barents Rescue 2009 skal gjennomførast hausten 2009 i Murmansk. I september 2009 blir det arrangert ein større klimakonferanse for Barentsregionen i Vadsø. Organisator er Miljøverndepartementet, som òg leier miljøarbeidsgruppa. Den fjerde parlamentarikarkonferansen for Barentsregionen vart halden i Syktyvkar (Komirepublikken) i mai 2009.

I regi av Barentsrådet er det etablert ein komité som handsamar grenseoverskridande redningsfaglege spørsmål i Barentsregionen. Ein multilateral redningsavtale for Barentsregionen vart signert i Moskva 11. desember 2008. Noreg, Russland, Sverige og Finland er partar i avtalen. Føremålet med avtalen er gjensidig bistand over landegrensene i krisesituasjonar og rednings­operasjonar.

Barentsregionen er ein region med store avstandar og få redningsressursar. Næraste redningsressurs kan vere på andre sida av grensa i eit naboland.

I september 2009 skal øvinga Barents Rescue 2009 gå av stabelen. Øvingsserien Barents Rescue vert gjennomført annakvart år innanfor ramma av Barentsrådet (BEAC – Barents Euro-Arctic Council). Det overordna målet for øvingsrekkja Barents Rescue har vore å forenkle og betre kommunikasjon, koordinering og samarbeid mellom land og sivil-militære einingar som kan bli involvert i kriser i Barentsregionen. Ansvaret for øvingane går på omgang mellom medlemslanda i Barentsrådet. Sverige arrangerte øvinga i 2001, Noreg i 2005 og Finland i 2007. Russland er vert for øvinga i 2009. Finland, Sverige og Noreg deltek i øvinga med redningsressursar som skal krysse grensa for å gje hjelp til Russland.

3.5 Arktisk råd

Den norske formannskapen i Arktisk råd 2006–2009 vart avslutta med ministermøtet i Tromsø 29. april 2009. Danmark har no overteke formann­skapen. Sverige skal overta etter Danmark. Dette tyder at vi er inne i ein periode med seks års samanhengande nordiske formannskapar, som sluttar i 2013. Dei tre landa har samordna formannskapsprioriteringane sine. Det er oppretta eit sekretariat for Arktisk råd i Tromsø.

Arktisk råd er blitt eit viktig politisk samarbeidsorgan dei siste åra. Dette skuldast dels ein ambisiøs og aktiv norsk formannskap, men i første rekkje skuldast utviklinga auka fokus på Arktis som følgje av klimaendringane. Auka politisk merksemd og effektivisering av arbeidet til rådet vore nokre av prioriteringane for den norske formannskapen. På ministermøtet vart det mellom anna vedteke at Arktisk råd framover skal møtast på politisk nivå ein gong i året. Deltakarane på ministermøtet i år var òg på høgare nivå enn nokon gong før, og sju av åtte medlemsland, i tillegg til observatørlandet Italia, var representerte på utanriksministernivå. Dei store landa, ikkje minst Russland og USA, viser stadig større vilje til å prioritere Arktisk råd. I tida framover må ein finne ut korleis ein skal handtere det aukande talet på land som ønskjer å bli permanente observatørar i Arktisk råd.

Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. I samband med ministermøtet i Arktisk råd vart det arrangert ein konferanse om issmelting under leiing av utanriksministeren og tidlegare visepresident Al Gore. Ministermøtet vart òg samd om å leggje fram ein rapport om status/konsekvensar av issmeltinga i verda på klimamøtet COP-15 i København i desember. Utanriks­ministeren og Al Gore står for dette i samråd med Danmark. Hovudelementa i arktisk klimaendring – at havisen trekkjer seg tilbake, Grønlandsisen smeltar, og permafrosten/snødekket vert redusert – har globale konsekvensar i form av sterkare temperaturauke og havnivåstigning. Konferansen la fram ny dokumentasjon om dette og om at partiklar (sot) og kortlevde klimagassar kan forklare opptil halvparten av temperaturauken i Arktis.

Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det får for miljø og urfolk at havisen trekkjer seg tilbake, men også dei perspektiva dette opnar for auka menneskeleg aktivitet. Den største utfordringa i Arktis for rådsmedlemene er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. to omfattande status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, samarbeid om søk og redning, oljevern, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg ressursforvaltning. Ministermøtet oppretta ei arbeidsgruppe om søk og redning under leiing av USA og Noreg og vedtok i tillegg eit russisk prosjekt om tryggleik ved økonomisk utvikling i Arktis. Noreg tok på seg ei leiarrolle i dette prosjektet saman med Russland.

Auka ressursutnytting og trafikk i arktiske farvatn gjer det nødvendig å vurdere redningsberedskapen i desse farvatna. Rapporten Arctic Marine Shipping Assessment (AMSA) frå Arktisk råds arbeidsgruppe PAME (Protection of the Arctic Marine Environment) peikar på manglande redningsberedskap i arktiske farvatn og tilrår at det vert utarbeidd ein samarbeidsavtale om søk og redning. Ministermøtet i Tromsø gav mandat til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe for å forhandle fram ein avtale om søk og redning i Arktis.

3.6 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål

Det er stor grad av nordisk semje i ei rekkje sentrale spørsmål som står på dagsordenen i EU. Dette gjeld m.a. sysselsetjing, demokrati, nærleik, openheit, likestilling, forbrukarvern og miljøvern. Sjølv om dei nordiske landa er knytte til EU på ulike måtar, knyter EØS-avtalen dei nordiske landa saman i ei felles marknadsramme. EØS-avtalen er dermed den viktigaste nordiske samarbeidsavtalen.

Det nordiske samarbeidet gjev ei viktig ramme for å koordinere nordisk europapolitikk, og europaspørsmål er difor eit fast punkt på dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøte. Noreg deltek òg med jamne mellomrom på nordiske eller nordisk-baltiske formøte før rådsmøta i EU. Dette gjeld særleg rådsmøte om miljø, energi og samferdsel.

Kontakten mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-delegasjonane i Brussel er tett og god. Sett frå norsk side er det særleg viktig å sørgje for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i den nordiske kretsen på eit tidleg tidspunkt. Dette gjeld ikkje minst EØS- og Schengen-relaterte spørsmål. Slik kan Noreg få indirekte innverknad på dei interne drøftingane i EU i saker som er viktige for oss. Det er difor viktig at norske styresmakter på alle nivå held fram med arbeidet med å utvide og utdjupe kontaktnettverket i nordiske EU-kretsar.

I spørsmålet om gjennomføringa av ein nordisk europapolitikk finst det ikkje nokon «nordisk blokk» i EU. EU-samarbeidet er ikkje prega av stabile geografiske blokkar. Det vert ført forhandlingar mellom EU-landa, og posisjonar vinn fram, gjennom alliansar av land som skiftar frå sak til sak. Likevel er det eit ganske nært samarbeid i ei «nordgruppe», som primært består av Danmark, Sverige, Storbritannia og Nederland.

Det er viktig å føre vidare det gode samarbeidet som er etablert mellom alle dei nordiske landa, både uformelt og formelt, når det gjeld informasjon og konsultasjonar i viktige spørsmål. Sverige har formannskapen i EU hausten 2009, og Danmark overtek våren 2012. (Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2012.) I desse halvårsperiodane vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg. Det er ofte enklare å vinne innpass i sentrale EU-prosessar med eit nordisk naboland ved EU-roret. Dette gjeld både informasjonsflyt og deltaking på møte i interessante EU-forum. Den finske formannskapen hausten 2006 viste dette på ein god måte.

Dei mest konkrete og synlege døma på nordisk samarbeid i EU-samanheng dei siste åra er etableringa av den nordiske militære innsatsstyrken (Nordic Battle Group, NBG) som stod i beredskap våren 2008, og den aktive innlemminga av Noreg og Island i det EU-initierte samarbeidet i Den nordlege dimensjonen. Likevel er det framleis slik at Austersjø- og Barents-samarbeida til tider kan vere prega av at mange prosjekt er forankra i EU gjennom naboskapspolitikken (ENP) eller regionale tiltaksfond (INTERREG). Dei nordiske naboane våre er difor opptekne av at sambanda til Brussel er nære, og Kommisjonen deltek òg i Austersjø- og Barents-samarbeida. For Noreg vil det seie auka innsats for – og merksemd om – nordområda.

Også på justis- og innanriksområdet er nordisk samarbeid sentralt. For Noreg er det viktig at vi held oppe dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Døme på slike område er det konsulære samarbeidet, politisamarbeidet og visumsamarbeidet. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan vi medverke til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører dette, sjølv når liknande samarbeid vert forsterka på EU-nivå.

Avtalen mellom Noreg, Island og EU om institusjonelle løysingar for den norske og islandske deltakinga i Schengen-samarbeidet har gjort det mogeleg å halde oppe den nordiske passunionen. Avtalen inneber òg at alle dei nordiske landa er del av eit større europeisk område med reisefridom. Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa i spørsmål som er relevante for Schengen.