Meld. St. 8 (2010–2011)

Digitalisering av radiomediet

Til innhaldsliste

3 Digital radio i Noreg

Som nemnt tidlegare har utviklinga av digital radio i Noreg vore aktørstyrt. Kringkastarane har valt DAB som hovudstandard for digital radio, og har sendt digital radio i DAB-nettet sidan 1995. Digital radio er tilgjengeleg også via andre medieplattformer. I dette kapitlet vil departementet beskrive nærmare tilbodet av digital radio i landet. Hovudfokuset vil liggje på DAB, sidan kringkastarane har valt å satse på denne teknologien. Tilbodet av digital radio er rett nok prega av at fleire ulike plattformer eksisterer side om side. For kringkastarane blir det derfor stadig viktigare å vere til stades på alle relevante plattformer for radiolytting.

3.1 Ulike digitale radiostandardar

Digital radio er ikkje noko eintydig begrep. Ingen digital standard har vunne fram som ein universell standard. Situasjonen i dag er prega av at ulike land (på ymse kontinent) satsar på forskjellege variantar. I Vest-Europa er dei ulike standardarane innanfor Eureka 147-familien dominerande. Eureka-familien femner om DAB (Digital Audio Broadcasting), DAB+ og DMB (Digital Multimedia Broadcasting). Desse standardarane er utforma for terrestrielle sendingar, det vil seie sendingar i jordbundne nett.

Det finst fleire andre standardar for jordbunden digital kringkasting. Digital radio kan blant anna formidlast også via DVB-T, det vil seie som integrert del av det digitale bakkenettet for fjernsyn. DRM (Digital Radio Mondiale) er ein annan, nyare standard for jordbunden kringkasting. For eksempel India planlegg å byggje ut eit DRM-nett.

Det er også utvikla standardar for satellittdistribuert radio. Dei er førebels mest utbreidde i USA.

Internett har i seinare år vunne terreng som plattform for radiolytting, anten via stasjonært eller mobilt breiband.

Ei nærmare omtale av ulike teknologiar for digital radio følgjer i vedlegg 1.

3.2 Kva finst av digitalt radiotilbod i dag?

Radiolyttinga på digitale plattformer samla ligg i snitt på 8 pst. dagleg dekning, dvs. at 326 000 personar ein gjennomsnittsdag høyrer på radio digitalt. Det blir rekna med at 847 000 personar kvar veke høyrer digital radio, det vil seie 20,8 pst. vekedekning.1 Den digitale lyttinga føregår via DAB, digitalt bakkesendt fjernsyn og ulike former for nettbasert lytting.

DAB og DAB+

NRK tilbyr i dag 15 kanalar på DAB, hovudkanalane P1, P2, P3 og fleire nisjekanalar. Fleire av kanalane blir sende parallelt på FM og DAB. NRK Super, NRK Gull, NRK Jazz, NRK Sport, NRK Folkemusikk og NRK Båtvær blir ikkje sende på FM. Frå 1. juli 2009 fall NRK Klassisk bort som FM-tilbod og blei ein heildigital radiokanal.

Begge dei riksdekkjande kommersielle allmennkringkastarane, Radio Norge og P4, sender kanalane sine både på FM og DAB. I tillegg sender lokalradiokanalane P5, NRJ og The Voice2 både på FM og DAB.

Figur 3.1 Dagens kanaltilbod på DAB

Figur 3.1 Dagens kanaltilbod på DAB

Kjelde: Digitalradio Norge AS

Studentradioen Radio Nova fekk sommaren 2010 ein tidsavgrensa konsesjon for å sende digital lokalradio med DAB+-teknologi i Osloområdet. I september 2010 fekk Radio Latin-Amerika ein liknande konsesjon for digital lokalradio i Osloområdet med DAB+ for å formidle FM-tilbodet sitt og fylle sendeflata med reprisar av tidlegare sendingar. Konsesjonane gjeld i første omgang fram til 31. juli 2011. Radio Tango fekk i januar 2011 konsesjon fram til 1. juli 2011 til å sende sitt radiotilbod med DAB+.

Digital radio via fjernsyn

Alle NRK-kanalane som er nemnde ovanfor, er også fritt tilgjengelege via det digitale bakkenettet for fjernsyn, med unntak for NRK Båtvær, som er ein rein DAB-kanal. NRK-kanalane er også tilgjengelege via kabel-TV-nettet. I Stor-Oslo har Norges mobil-TV AS prøvesendingar med mobil-TV, og dei nemnde radiokanalane er tilgjengelege via same mottakarar som blir nytta for mobil-TV.

Nettdistribuert radio

Svært mange radiostasjonar er i dag også tilgjengelege som nettradio. Alle dei ovannemnde kanalane (med unntak for NRK Båtvær) og fleire lokalradiostasjonar finst som nettradio. Dei fleste medlemene av Norsk lokalradioforbund har lokalradiotilboda sine tilgjengelege på nettsida til forbundet, lokalradio.no. I tillegg tilbyr både NRK og P4 fleire reine nettradiokanalar. 3

Det kan her vere tenleg å skilje mellom nettdistribuert radio via stasjonært breiband og via mobilt breiband. Dei siste åra har det vore ein framvekst av «medierike» mottakarar med fargeskjerm, interaktive funksjonar, internettilgang mv. Truleg blir slike mottakarar meir og meir vanlege i heimane, og vil nok bli ei viktig plattform for lytting framover. Smarttelefonar som iPhone o.l. er uttrykk for den same utviklingstrenden. Eksempelvis lanserte NRK i januar 2010 gratis applikasjonar som gjer det mogleg å høyre NRK gjennom smarttelefonar. Per november 2010 var NRKs radioapplikasjon blitt lasta ned av totalt 189 000 brukarar.Applikasjonane gir også tilgang til andre nettenester frå NRK. NRK.no og Yr.no er integrerte i applikasjonane, det same er sosiale nettstader som Facebook og Twitter.

3.3 Nærmare om DAB i Noreg

Historikk

Oppstarten av digitalradiosatsinga i Noreg fann stad i 1995, då NRK og P4 etablerte dei første digitale prøvesendingane sine med DAB. NRK var blant dei første i verda med ein rein DAB-kanal då Alltid Klassisk blei lansert. Frekvensplanen for DAB frå 19954 sikra Noreg ei riksdekkjande frekvensblokk (vidare omtala som «Riksblokka») og ei regionalt inndelt frekvensblokk (vidare omtala som «Regionblokka»).

Kulturdepartementet drøfta digitaliseringa av radiomediet i St.meld. nr. 62 (1996–97) Kringkasting og dagspresse 1996 mv. og gjekk inn for at ei eventuell digitalisering av radio i Noreg burde vere aktørdriven. Det skulle ikkje vere eit statleg ansvar å byggje ut eit digitalt radionett. Ei eventuell avgjerd om utbygging av DAB-nettet burde fattast av aktørane sjølve, på grunnlag av ei ordinær forretningsmessig vurdering.

Riksblokka blei delt inn i seks einingar, som skulle gi plass til minst seks høgkvalitets radiokanalar.5 I St.meld. nr. 62 (1996–97) la departementet opp til at NRK skulle få disponere fire av dei seks einingane i Riksblokka, medan P4 skulle få ei eining. Departementet ville vente på meir konkrete planar for utbygging av Regionblokka før det tok stilling til fordeling av kapasitet.

Fleirtalet i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen slutta seg til forslaget frå departementet, jf. Innst. S. nr. 103 (1997–98):

Komiteen viser til den breie semja ein har hatt når det gjeld innføring av DAB (digital audio broadcasting)-teknologien, og St.meld. nr. 62 (1996–97) har ein brei gjennomgang av problemstillingar knytta til dette. Komiteen viser til at lokalradioane utgjer ein viktig del av totaltilbodet, og ber om at departementet arbeider vidare med tanke på løysingar knytta til desse. Komiteen ber også om at departementet syter for at operatørar av multipleksane har tillit som nøytral instans hjå alle programselskapa.

Som nemnt tidlegare blei digitalisering av radiomediet også behandla i St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i en digital fremtid. I denne meldinga blei prinsippet om aktørstyrt utbygging av digital radio foreslått vidareført, noko Stortinget slutta seg til.

Dagens DAB-nett

Då St.meld. nr. 62 (1996–97) blei fremma, var som nemnt to frekvensblokker koordinerte for DAB: Riksblokka og Regionblokka. Gjennom seinare internasjonale frekvensavtaler har Noreg fått koordinert ytterlegare ei riksdekkjande frekvensblokk til DAB i VHF-bandet (heretter omtala som Riksblokk II) og ei lokalradioblokk inndelt i 37 område (heretter omtala som «Lokalradioblokka»)6. I tillegg kjem ei frekvensblokk (lokaldekning) for DAB i L-bandet7, men denne er enno ikkje planlagd teken i bruk.

Figur 3.2 Dekningskart for DAB-nettet (80 pst. befolkningsdekning)

Figur 3.2 Dekningskart for DAB-nettet (80 pst. befolkningsdekning)

Kjelde: Digitalradio Norge AS

I Riksblokka kan kvar einskild kanal sendast med ein og same frekvens. Regionblokka er inndelt i åtte regionar, slik at det kan sendast ulike program i ulike regionar. Lokalradioblokka dekkjer også heile landet, men er inndelt i 37 område og meint for lokalradiosektoren. Riksblokk II er planlagd som eit riksdekkjande nett.

Norkring har frekvensløyve og anleggskonsesjon for Riksblokka til og med 31. desember 2020. Her disponerer NRK to einingar, dvs. ein tredjedel av all kapasiteten i denne blokka. P4 har konsesjon for bruk av ei eining med allmennkringkastingskrav fram til 2014. Sidan sommaren 2010 er noko av P4s kapasitet og den andre kapasiteten i Riksblokka blitt disponert av Radio Norge og lokalradiokanalane P5, NRJ og Radio1. Disse kanalane har konsesjonar til 1. juli 2011.

NRK har frekvensløyve og anleggskonsesjon8 for Regionblokka og brukar all kapasitet her sjølv. Regionblokka er direktetildelt NRK, og NRK kan derfor berre bruke denne kapasiteten til å formidle lisensfinansierte allmennkanalar. Regionblokka gir NRK høve til å formidle sendingane frå dei 12 distriktskontora sine til dei riktige regionane.

Lokalradioblokka er førebels ikkje teken i bruk. Dagens konsesjonsområde for analog lokalradio er vesentleg mindre, og det er i dag 141 konsesjonsområde for lokalradio.

Riksblokk II er heller ikkje bygd ut.

NRK, P4 og SBS har danna eit felles selskap, Digitalradio Norge AS, for å sikre snarleg overgang til digital radio i Noreg. Lokalradioane er også inviterte til å bli med på eigarsida i selskapet, men har hittil valt å stå utanfor. Digitalradio Norge har som målsetjing blant anna å bli frekvensoperatør for digitalradio etter modell av Norges televisjon (NTV) i det digitale bakkenettet for fjernsyn.9

I dag kan ca. 80 pst. av husstandane i landet høyre DAB digitalradio via Riksblokka eller Regionblokka.

Aktørane har gitt uttrykk for at vidare utbygging av DAB-nettet føreset klare signal frå styresmaktene om ein plan for avvikling av FM-nettet.

Utbreiing av DAB-mottakarar

Sendingane på DAB i Noreg starta for ca. femten år sidan, men i dei første åra var det få som kjøpte DAB-radioar. Elektronikkbransjen reknar med rundt 10 000 selde apparat desse åra. Sidan 2005 har Elektronikkbransjen registrert sal av DAB-radioar spesielt. Bransjen reknar med at det i perioden fram til og med 2009 blei selt totalt 285 000 DAB-radioar i Noreg.

Ifølgje ei kartlegging utført av TNS Gallup/NRK Analyse i januar 2010, svara 19,1 pst., eller drygt 730 000 personar, at dei har tilgang til DAB-radio. Ein kan på bakgrunn av dette gå ut ifrå at det må finnast om lag 332 000 DAB-apparat i Noreg i dag. Den same undersøkinga viste at det totalt er ca. 7,3 millionar FM-radioar i norske heimar, av dei er 3,9 millionar i dagleg bruk. Då er ikkje bilradioar medrekna.

3.4 Digitale mottakarar og adaptarar

Som nemnt i kap. 2.1.5 blir det selt omkring 60 000 digitale radioar i året. Dette talet omfattar berre DAB-radioar og gir derfor eit ufullstendig bilete fordi også digitalt fjernsyn og nettradio er digitale radioplattformer. Tabellen nedanfor illustrerer mangfaldet i tilbodet av mottakarar for dei ulike digitale radioplattformene. I tabellen er det også oppgitt cirka-prisar for ulike apparatkategoriar.

Tabell 3.1 Funksjonalitet og prisar for ulike kategoriar av radiomottakarar

Apparatkategori

Kringkasting

Prisintervall, kr.

FM

DAB/DAB+

TV-nettet

Internett

FM

DAB/DAB+

Internett

Stasjonært

Hifi (separat komponent)

x

x

x

1500-10000

2000-10000

1000-100001

Minianlegg/heimekino

x

x

x

500-20000

2000-5000

1700-5000

Klokkeradio

x

x

x

100-1000

700-1500

800-1500

PC (stasjonær/berbar)

x

-

-

2000-2000

TV / -mottakar2

x

x

x

-

-

7000-15 000

Adaptareiningar

x

x

x

-

700-1200

1000-3000

USB-einingar

x

x

-

300-500

-

Mobilt

Reiseradio/kjøkkenradio

x

x

x

100-3000

200-3000

700-3000

mp3

x

x

x

500-3500

1000-2000

1500-3000

Mobiltelefon/tilleggsutstyr

x

x

x

300-5000

5003

1500-60004

Bilradio (fabrikkmont)

x

x

0

0-8000

-

Biladaptar

x

-

1000-2500

-

x = apparattypen finst i sal

1 Inkluderar «mediesenter» med internettradio

2 Pris på mottakarar for digital TV ligg typisk mellom 500 og 4000 kroner. Radiomottaket fell ikkje inn under nokon av plattformene FM, DAB eller Internett, då radiolyden er intergrert i TV-signala.

3 Pris for tilbehøret som inneheld DAB-radio (handsfree-sett).

4 Telefonar med muligheit for å installere program for radiolytting over Internett

Kjelde: Digitalradio Norge AS

WorldDMB Forum10 har i samarbeid med radioindustrien fastsett minimumskrav for standard radiomottakarar som blant anna føreset at mottakarar skal kunne ta imot både DAB og DAB+-signal. Føremålet med å standardisere krava til mottakarar er å redusere usikkerheit for kringkastarar, produsentar, styresmakter og forbrukarar. Etter at WorldDMB Forum lanserte sine «profilar» i 2008, har talet på modellar som kan ta inn DAB+ auka monaleg.

Dei fleste DAB-radiomodellane som er til sals i dag, kan ta inn både DAB og DAB+ (og som regel også FM-signal).

Prisen på mottakarar fell, og det er no mogleg å skaffe seg ein DAB-mottakar som ikkje kostar stort meir enn ein rimeleg FM radio. Utvalet av DAB-radiomodellar er også stort. Ei av dei største elektronikkjedene har for eksempel fleire digitale radioar (kombinerte DAB/FM-modellar) enn reine analoge radioar (FM og FM/AM-modellar) i nettbutikken. Det kan nemnast at den norske produsenten Pinell dei siste åra har satsa på utvikling av digitalradiomottakarar. Pinell Supersound, ein mottakar som gir tilgang til både FM-, DAB/DAB+ og nettradio, er i dag den mest selde radioen i Noreg. Under varemerket Pinell er det også lansert fleire andre modellar, og satsinga skal etter planen trappast ytterlegare opp i åra framover.

Det finst ikkje statistikk for sal av reine nettradiomottakarar. I dei siste åra er likevel såpass mange modellar blitt lanserte at dei truleg har fått ei viss utbreiing. Uttrykket «the connected home» blir nytta for å beskrive tendensen til at stadig meir forbrukarelektronikk kan koplast til Internett. Dette gjeld for eksempel mange lydanlegg med utstyr for Internettilkopling for at brukarane skal kunne spele («streame») musikk direkte frå nettet.

Likeins er også fjernsynsmediet prega av byrjande integrasjon med Internett. Drivkrafta er primært å gjere det mogleg og attraktivt å bruke den ordinære fjernsynsskjermen til internettbaserte audiovisuelle tenester. Fjernsynsapparat med internettilkopling vil i praksis også fungere som nettradioar. Det same er i aukande grad tilfellet for mange andre typar audiovisuelt utstyr, som for eksempel Blu-ray-spelarar.

Stadig fleire høyrer radio med smarttelefonar. Som tidlegare nemnt, publiserte NRK i januar 2010 ein radioapplikasjon for iPhone og Android-plattforma. I november 2010 hadde 189 000 brukarar lasta ned applikasjonen. Smarttelefon som radiomottakar er eit heilt nytt fenomen, og det er enno for tidleg å seie i kva grad det vil påverke medievanane.

Utbreiinga av lesebrett (f.eks. iPad) inneber endå ein tilvekst av (potensielle) radioapparat i heimane. I utgangspunktet er neppe radio det primære bruksområdet for lesebrett, men i prinsippet er det ikkje noko i vegen for at eit lesebrett med nettkopling kan bli brukt som nettradio.

3.5 Digitale mottakarar i bil

I dag er det svært få bilar på norske vegar som har integrert digital radiomottakar. Enno er det berre omkring 5 pst. av nye bilar som har DAB-radio. Dei fleste bilfabrikantar opererer med FM som standardradio. Volkswagen (VW) opererer med kombinert FM/DAB-mottakar som standard (i fleire modellar). Fleirtalet av dei største bilmerka tilbyr no fabrikkmontert DAB-radio som opsjon i mange modellar. Dette gjeld blant andre ein del av modellane til Audi, Ford, BMW, Volvo, Mercedes og Toyota. Fleire av desse tillbyr no også DAB-radio som standard. Bilkjøparar må rekne med å betale frå 2000 til 5000 kroner ekstra for å få bilen levert med DAB-mottakar.

Tal frå SSB og Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at det ved utgangen av 2009 var om lag 2,6 millionar bilar i Noreg. Kvart år blir det selt om lag 140 000 nye bilar og 30 000 importerte bruktbilar. Det inneber at det i prinsippet tek 15 år å skifte ut heile bilparken.

Ved overgang til digital kringkasting vil bileigarar utan DAB-mottakarar kunne nytte tre alternative løysingar.

For det første kan ein montere heilt ny radio med integrert DAB-mottakar i bilen. Den rimelegaste løysinga er frittståande digitale mottakarar som blir sette inn ved kvart brukstilfelle, men det er også mogleg å få ein meir permanent type ettermontering. Det kan gjerast som ei rein erstatning av den eksisterande radioen i bilen, eller der det ikkje let seg gjere, kan ein montere ein DAB-modul som samspelar med eksisterande lydanlegg. I mange tilfelle vil det også vere råd å skifte heile radioeininga. I nyare bilar er radioen ein integrert del av instrumentering i bilen, og kan i praksis ikkje alltid bytast ut med tredjeparts apparat. Det finst likevel løysingar for dette (passar ikkje alle bilmodellar), så sant radioen ikkje er del av eit navigasjonssystem eller liknande. Totalkostnaden vil då omfatte ny radioeining, montering og eventuelle tilpassingseiningar. I eldre bilar er inn- og utmontering relativt enkelt, og kostnaden vil berre omfatte ny radioeining. Den norske produsenten Pinell har også eit ettermonteringsprodukt under utvikling. Det blir lansert i første kvartal 2011, og detaljane er derfor ikkje kjende.

For det andre kan mobilt breiband brukast til radiomottak i bil. Ein smarttelefon kan nyttast som digital radiomottakar og koplast til FM-radioen i bilen. Førebels er likevel ikkje 3G-nett for mobilt mottak tilstrekkjeleg utbygt til å gi fullgod kvalitet på radiomottak. Radiomottak via mobilt breiband vil dessutan representere eit brot med gratisprinsippet (at radio skal vere «free to air»), fordi mobilselskapa tek seg betalt per Mbit/s. Enno er heller ikkje direkte avspeling av radio via mobilt breiband eit reelt alternativ i bil fordi kvaliteten på mottaket er for dårleg.

Ei tredje og meir aktuell løysing er å høyre digital radio via den gamle FM-radioen i bilen. Dette kan gjerast ved å montere ein adaptar for overføring av digitalradio til vanleg FM-radio. Adaptaren er ein liten DAB-mottakar som tek imot dei digitale signala og sender dei vidare til FM-radioen over FM-bandet. Slike adaptarar er i sal, men utvalet førebels lite. Teknologien er relativt enkel. Derfor kan ein vente at det vil dukke opp eit større utval av modellar dersom etterspurnaden tek seg opp. Biladaptarar kostar i dag frå omlag 1000 kr.

Det er mogleg at mobiltelefonen etter kvart også vil kunne fungere som mottakar for kringkasta radio. I dag er det til dømes utvikla modular som kan koplast til ein iPhone, slik at den kan ta inn ordinære DAB-signal. Nokia har nyleg lansert eit hovudsett (øyreproppar) for DAB-mottak for nokre av smarttelefonmodellane sine. I første omgang er det marknadsført i Storbritannia, der etterspurnaden er venta å vere størst. Produktet vil truleg bli lansert i Noreg om kort tid.

Eksempla på ulike adapterløysingar viser at det på dette området truleg er grunnlag for optimisme om at teknologisk innovasjon kan løyse utfordringar som i dag verkar krevjande.

Fotnotar

1.

Dette er basert på ei kartlegging av lyttartal som dei største radioaktørane i Noreg opererer med, basert på PPM-teknologi. TNS Gallup har oppretta eit mediepanel som dannar grunnlaget for lyttartala på radio. Kvar medlem av panelet er utstyrt med ein liten mottakar (på storleik med ein mobiltelefon) som han ber med seg heile dagen, og som registrerer all eksponering for radio. Om kvelden blir denne mottakararen sett i ein docking-stasjon og registrerte data sende automatisk til TNS Gallup. Dei handsamer opplysningane og sender ut lyttardata (minste tidseining er eitt minutt) til radioaktørane som eig denne undersøkinga. Radioaktørane brukar registreringane til å generere blant anna dekning (oppslutning) og marknadsandel. Etter ønske frå radioaktørane har TNS Gallup sett opp systemet i kvar kringkastar slik at det er råd å skilje mellom lytting på digital plattform og FM-plattform. Den digitale plattforma inkluderer lytting samla på den digitale plattforma, systemet er ikkje sett opp for å kunne skilje mellom ulike digitale plattformer, for det krev investeringar hos kvar einskild radioaktør. PPM-metoden måler kva for radiokanalar respondentane er blitt eksponerte for, ikkje kva respondentane hugsar dei har høyrt på.

2.

SBS har i vedtak frå Medietilsynet i januar 2011 fått løyve til å leige ut halvparten av kapasiteten The Voice nyttar i DAB-nettet til Radio Tango. Begge desse kanalane vil framover bli sende med DAB+.

3.

NRK P3 Urørt, NRK 5.1, NRK Stortinget, P4 Bandit, P4 Ballade, P4 Hits, P4 RadioRetro og Radio Country.

4.

Frekvenskonferansen i Wiesbaden 1995.

5.

Ei DAB-blokk har 1152 kbit/s samla nettokapasitet. Nettokapasiteten i éi eining etter den nemnde oppdelinga er då 192 kbit/s. Det er mogleg å sende kanalar på lågare bitratar, slik at det blir plass til fleire enn éin kanal per eining. Kringkastarane nyttar sjeldan/aldri fulle 192 kbit/s (altså 1 eining) til éin kanal, men maks 128–160 kbit/s.«Eining»-begrepet blir brukt for å vise fordelinga av kapasitet i DAB-nettet.

6.

Frekvenskonferansen i Genève 2006, RRC06, som resulterte i frekvensplanen GE-06 for digital kringkasting (radio og fjernsyn).

7.

Maastricht-avtala frå 2002, som galdt planlegging av frekvensar til T-DAB i L-bandet (frekvensområdet 1452–1479,5 MHz).

8.

Frekvensløyve gitt av Post- og teletilsynet med heimel i lov om elektronisk kommunikasjon (LOV-2003-07-04-83 ekomlova) § 6-2 gir innehavaren rett til å bruke bestemte frekvensressursar. Anleggskonsesjon gitt av Kulturdepartementet/Medietilsynet med heimel i kringkastingslova § 2-2.

9.

Digitalradio Norge AS har søkt om frekvensløyve og anleggskonsesjon for ordinær kringkasting av digital radio via Riksblokk II og Lokalradioblokka. I søknaden er det bede om at konsesjonane blir gjorde gjeldande i 15 år frå det tidspunktet ein sløkkjedato for FM-nettet er fastsett. Samstundes ønskjer selskapet at dei same rettane skal gjelde i perioden frå 2011 og fram til sløkkjedato for å sikre fundamentet for investeringane. Søknadene ventar på avgjerd så lenge Stortinget ikkje har behandla den føreliggjande stortingsmeldinga og Samferdselsdepartementet ikkje har avklara bruken av restdividenden.

10.

Interesseorganisasjon med føremål å fremme utbreiinga av Eureka 147/DAB-standardane.

Til forsida