Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Til innhaldsliste

Del 1
Frivilligheit for alle?

2 Frivilligheitshistoria i Noreg

Figur 2.1 

Figur 2.1

2.1 Innleiing

Historia om frivilligheita i Noreg er historia om korleis menneske har funne saman for å løyse arbeidsoppgåver, hjelpe kvarandre, danne felles meiningsfrontar og ha sosiale fellesskapar. Gjennom tidene har dette ført til meir eller mindre organiserte fellesskapar, og fleire og fleire menneske har blitt i stand til å organisere seg. Parallelt med den tradisjonelle medlemsorganiseringa er eigenorganisering, dugnadsarbeid og lause tilknytingsformer enno viktige element i det norske sivilsamfunnet. Ut av det tradisjonelle organisasjonslivet har nye former for frivilligheit vakse fram.

Dette kapittelet gir ei kort skildring av frivilligheitshistoria i Noreg.

2.2 Dugnad og fellesarbeid

Små og store handlingar frå enkeltmennesket for fellesskapen oppstod ikkje i regi av dei store organisasjonane og var ikkje ramma inn av ein sterk stat. Frivilligheita har lange historiske røter og er nær knytt til den norske geografien og demografien.

I bondesamfunnet i mellomalderen, lenge før dei frivillige organisasjonane og velferdsstaten dukka opp, oppstod dugnaden når det var behov for meir arbeidskraft enn den enkelte familien, garden eller lokalsamfunnet hadde tilgjengeleg. Spreidd busetjing, små gardar og mangel på adel førte til at folk søkte saman for å løyse oppgåver utan å be om verken hjelp eller lov frå dei som hadde pengar og makt.

Omgrepet gjensidigheit stod sentralt, og den tradisjonelle dugnaden bygde fellesskapar. Det var forventa at ein stilte opp for kvarandre ved behov. Dette var også gjensidig ved at dei som hadde hjelpt til med å få høyet i hus, måtte få kost og losji i samband med arbeidet, men også stå på gjestelista ved bryllaup og gravferd.

Krevjande fysisk arbeid og hjelp til praktiske ting var ikkje den einaste forma for dugnad i bondesamfunnet. Når familien ikkje strekte til, stilte nabogardane også opp ved sjukdom, død og andre sosiale krisar.

Dugnad var også meir enn bytehandel mellom enkeltpersonar og dei ulike gardsbruka. Det var med på å byggje opp infrastrukturen som etter kvart la grunnlaget for vidare utvikling av samfunnet. Det er ikkje få vegar, bryggjer, bruer, idrettsanlegg, samfunnshus, ungdomshus og kyrkjer som er bygde av lokalsamfunnet i fellesskap.

Denne forma for dugnad og frivillig arbeid har overlevd både industrialisering, profesjonalisering av velferdsstaten, organisering av frivilligheita og digitalisering. Då dugnad blei kåra til det norske nasjonalordet for nokre år sidan, var det med bakgrunn i den rotfesta tradisjonen med å ta i eit tak når det trongst – slik ein gjer enno i dag.

Heilt fram til i dag ser vi korleis dugnadsinnsats er ein naturleg del av norske nærmiljø, og nærmiljøfrivilligheita er saman med kultur- og fritidsfeltet den typen frivilligheit der flest legg ned ein innsats. Les meir om dette i kapittel 5.

2.3 Det frivillige organisasjonssamfunnet

Når vi snakkar om frivilligheit i det førmoderne bondesamfunnet, dreier det seg i stor grad om frivillig innsats i meininga ulønt arbeid til beste for fleire enn ein sjølv og eigen familie.

Dugnadsarbeid knytt til den jamne drifta av jordbrukssamfunnet blei mindre nødvendig etter som profesjonaliseringa og industrialiseringa auka. Utviklinga innebar likevel langt frå at dugnaden forsvann. Då den frivillige organiseringa greip om seg på midten av 1800-talet, såg ein at organisasjonane i stor grad tok opp i seg dugnadskulturen om felles innsats og felles ansvar.

Dei første, og kanskje hittil største, frivilligheitspolitiske tiltaka kom i 1830- og 1840-åra. Då blei formelle hindringar for organisasjonsdanning fjerna. Opphevinga av konventikkelplakaten opna for nye former for religiøse forsamlingar, opphevinga av handels- og handverksprivilegia gav større grad av fridom til den enkelte innbyggjar, og oppheving av opprørslova i 1842 førte til at det ikkje lenger var straffbart å arrangere folkemøte. På denne måten kunne enkeltmenneske samle seg om engasjementet sitt, og foreiningane voks fram. Framveksten blei også i somme tilfelle direkte støtta gjennom statlege løyvingar og ved at staten la til rette for inntektsbringande arbeid for organisasjonane.

Ønsket om å organisere seg viste seg å vere stort. Frå midten av 1800-talet kom det ein kraftig vekst i organisasjonar og samanslutningar både i bygd og by. Dette er tida for dei store folkerørslene, særleg dominerte av avhaldssaka og misjonssaka, dessutan organisasjonar for fritidsaktivitetar og humanitært arbeid. Strukturane demokratiet vårt kviler på, nemleg dei politiske rørslene og partia, voks fram som eit resultat av frivillig innsats. Meiningsfellar fann kvarandre og organiserte seg for å få gjennomslag for dei politiske krava sine. Folkeopplysningstanken stod sterkt.

Organisasjonslivet blei ein arena som samla menneske på tvers av skiljelinjer og også på tvers av by og land. Dei nasjonale organisasjonane voks fram av lokale samanslutningar av menneske som fann saman for å diskutere, ta avgjerder, velje representantar og styrkje interne fellesskapar.

Dei store filantropiske folkerørslene danna etter kvart ein fortropp i det som skulle utvikle seg til å bli helse- og sosialtenestene i den norske velferdsstaten. Lenge før det fanst ei offentleg eldreomsorg, dreiv ulike organisasjonar og religiøse samfunn heimar for eldre som ikkje blei tekne hand om i familien. Lenge før det fanst noka rusomsorg, dreiv Blå Kors alkoholistheimar. Sjukepleiarutdanninga i Noreg blei etablert av Kristiania Indremisjon, Norske Kvinners Sanitetsforening og Røde Kors.

I takt med velferdsveksten etter andre verdskrigen tok det offentlege i større og større grad over oppgåver som hadde vore utførte av frivillige organisasjonar. Skiljet mellom kva som var eit offentleg ansvar, og kva som høyrte privatsfæren til, blei tydelegare sjølv om mange organisasjonar heldt fram med institusjonsdrift. Eit eksempel på korleis det offentlege overtok helse- og sosialtenester som var initierte og bygde opp av ideelle organisasjonar, er helsestasjonane. Då lov om helsestasjonar blei vedteken i 1972 og helsestasjonsdrift blei eit offentleg ansvar, dreiv Nasjonalforeininga for folkehelsa 430 og Norske Kvinners Sanitetsforeining 615 av dei ca. 1200 helsestasjonane i landet. Foreiningane gav vederlagsfritt alle stasjonane til kommunane, som sidan då har drive helsestasjonar som ein del av helsearbeidet sitt.

At det offentlege tok ansvar for fleire av sakene som frivillige organisasjonar var bygde opp rundt, betydde ikkje ei forvitring av frivilligheita. Talet på frivillige organisasjonar heldt fram med å auke. Frå 1960 voks særleg barne- og ungdomsorganisasjonane og kultur- og fritidsfeltet inkludert idrettsrørsla fort, og trekte til seg ein stor del av det frivillige arbeidet.

Enno stod dugnadviljen sterkt. Organisasjonane hadde behov for tilhøyrsle og sjølvstende. Som resultat av dette voks dei ulike foreiningsbygga som ungdomshus bokstaveleg talt fram. Dette er også eksempel på korleis infrastruktur bygd opp av foreiningar som Noregs Ungdomslag ikkje berre kom medlemmene til gode, men blei, og er mange stader enno, eit gode for heile lokalsamfunnet.

Den prinsipielle haldninga frå staten var at det offentlege på alle forvaltingsnivå skulle leggje til rette for organisasjonsarbeid. Eit utval som la fram ei innstilling om støtta til det frivillige opplysnings- og kulturarbeidet i 1960, presiserte at det måtte vere ei forplikting for det offentlege «… å støtte organisasjonene slik at de blir i stand til å fortsette og utvide … arbeidet». (…) «de kulturtiltak det her dreier seg om, fortrinnsvis bør drives av organisasjonane selv etter deres eget initiativ. De må imidlertid regne med hjelp fra stat, fylke og kommuner».

Dette er ei haldning til frivillig sektor som i stor grad har vore gjeldande sidan: Frivilligheita er ein sjølvstendig sektor som sjølv må setje sine mål og sjølv ha kontroll på sine aktivitetar. Det offentlege bidraget avgrensar seg til å støtte opp om dette.

2.4 Frivilligheita mot ei ny tid

Samfunnsansvar kan stå som eit stikkord for frivillig organisering. Ikkje berre sosialt ansvar, men også ansvar for nærmiljø og kulturarv.

Eit døme er den norske redningstenesta. Den er heilt spesielt bygd opp og er historisk tufta på at nabo hjelper nabo når nokon er i nød. I dag er det dei frivillige redningsorganisasjonane som i stor grad forvaltar denne dugnadsånda. Dei frivillige bidreg også med ei rekkje ressursar som redningsskøyter, mindre fly, terrenggåande transportmiddel, redningshundar osb. Det er ikkje utan grunn at dei frivillige organisasjonane ofte blir omtalte som ein berebjelke i norsk redningsteneste.

Ønsket om å ta vare på og byggje opp lokalsamfunnet ligg til grunn for mykje frivillig innsats. Mykje av dette arbeidet spring ut av meir eller mindre organiserte fellesskapar, som velforeiningar, idrettslag, kulturminnevernforeiningar eller turforeiningar. Samtidig finst det mange eksempel på korleis folk samlar ressursane sine om felles innsats også utanfor organisasjonar for å rydde turstiar, lage skitrekk og ta vare på lokale kulturminne.

Slike lause og meir individuelle innsatsar for felles løft er kjenneteikn også for frivilligheit knytt til festivalar og store idrettsarrangement.

Mens vegbygging, profesjonalisering og industrialisering førte til at den tradisjonelle dugnaden endra karakter, har nye kommunikasjonsplattformer og digitalisering ført til nye former for frivillig engasjement. Innsamling skjer ikkje lenger berre med bøssebering frå dør til dør, men alle kan gå i gang med sin eigen innsamlingsaksjon på nett. Frivillige organisasjonar tilbyr interaktive aktivitetar og byggjer opp digital infrastruktur som kjem heile samfunnet til gode.

Frivillig sektor blir ofte definert ut frå kva han ikkje er: Han er ikkje marknad og ikkje offentleg. Men organisasjonsformer som kombinerer marknadstankegang med frivilligheit, har vakse fram. Ei fellesnemning på desse initiativa er sosiale entreprenørar.

I ei kunnskapssamling om dette fenomenet skriv Jill Loga:

Sosialt entreprenørskap og sosiale virksomheter kan ses som import av markedets logikk til sivilsamfunnet, mens bedrifters samfunnsansvar (CSR) og sosial investering kan ses som import av sivilsamfunnets logikk til markedet.1

Som vist i dette kapittelet har frivillig innsats eksistert i Noreg sidan verda kom til. Det er statens tilrettelegging for denne innsatsen som står sentralt i denne meldinga. I neste kapittel omtalar vi dei ytre rammene for frivilligheitspolitikken og avgrensinga opp mot sektorpolitikk, mens kapittel 4 gir ei meir djuptgåande skildring av frivillig sektor i Noreg i dag.

3 Den statlege frivilligheitspolitikken – innhaldet og rammene i meldinga

Figur 3.1 

Figur 3.1

3.1 Innleiing

Frivilligheit, sivilsamfunn, nonprofitsektor, NGO-ar, ideell sektor. Mange omgrep er i bruk om aktiviteten og aktørane som held seg mellom det offentlege på den eine sida og marknaden på den andre og familien og hushalda på den tredje.

Dette kapittelet gjennomgår ulike tilnærmingar til omgrepet frivilligheit, kva konsekvensar dette har for frivilligheitspolitikken, og dermed kva som blir teke opp i denne meldinga.

For regjeringa er det viktigaste at frivilligheita skaper engasjement, fellesskap, integrering og kulturell og demokratisk bevisstheit.

Regjeringa vil medverke til at frivilligheita veks fram nedanfrå, fri frå politisk styring og med utvikling på eigne premissar.

3.2 Frivilligheit og frivillig sektor

Samfunnsrolla til frivillig sektor kan ikkje fullt ut overtakast av den offentlege eller den marknadsbaserte sektoren.2

For det første utgjer frivillig sektor ein sosial arena som består av organisasjonar og aktivitetar som deltakarane er med på å skape og etablere sjølve.

For det andre løyser sektoren samfunnsoppgåver med verdiar og profilar som er viktige alternativ til det offentlege og kommersielle tilbodet. Dette omfattar ikkje berre utkontrakterte offentlege tenester, men også tenester som blir utførte på initiativ frå dei frivillige organisasjonane for eigne ressursar eller med offentlege tilskot. Frivillige organisasjonar har ei historisk rolle i å avdekkje behov og utvikle nye løysingar.

For det tredje speler frivillige organisasjonar ei samfunnsrolle gjennom å vere kanalar for deltaking i politikkutforminga, styrking av sivile rettar og utvikling av normer og verdiar når samfunnet endrar seg. Frivilligheita er derfor viktig som ein demokratisk infrastruktur der dei som tek del, får erfaring i å vere aktørar i eit demokrati. Organisasjonar som fremjar sivile rettar og ytringsfridom, og som gir ressurssvake grupper ei stemme, er ein føresetnad for sivilsamfunnet. Sivilsamfunnet skaper diskusjonar som gir legitimitet til lover og politiske vedtak.

Denne meldinga tek opp statens politikk for å støtte opp om at Noreg har ein stor og mangfaldig sektor som fyller alle desse rollene, og som held fram med å vere noko anna enn staten og marknaden. Avsnitt 3.3.3 beskriv ei avgrensing opp mot tenester som er leverte av frivillige organisasjonar i ein marknadsstruktur, eller tenester som primært blir utførte av profesjonell, betalt arbeidskraft. Sentralt i denne meldinga står det frivillige arbeidet som er ubetalt.

3.3 Den statlege frivilligheitspolitikken

3.3.1 Ønsket om ein definisjon

Frå fleire hald er det ytra ønske om å definere kva som er frivillige organisasjonar og frivillig sektor. Blant frivillige organisasjonar sjølve er det ulike tilnærmingar til omgrepet frivilligheit og identiteten som frivillig.

Noregs Korforbund uttrykkjer det slik:

Frivillighet er noe annet enn gratis medhjelpere. De fleste i kulturfrivilligheten ser ikke seg selv som frivillige, men som deltakere og utøvere. Stortingsmeldingen må være for og om slike utøvere – ikke bare de som hjelper andre.
(…) Vi vil engasjere oss og er bidragsytere til gode lokalsamfunn, integrering, folkehelse, motvirke ensomhet og så videre selv om vi ikke ser på oss selv som frivillige, men som sangere.

Andre peiker på at dette landskapet har forandra seg så mykje dei siste åra at omgrepet «frivilligheit» er problematisk og ikkje dekkjande for det mangfaldet av organisasjonsformer som utgjer sivilsamfunnet. Norges Innsamlingsråd skriv:

Begrepet (frivillig sektor) er utydelig for mange. Tiden er etter vårt syn moden for nye definisjoner av sektoren. Idrett og kultur taler for seg, men den andelen som omfatter organisasjoner som utfører et samfunnsoppdrag eller bidrar i samfunnsinnovasjon, bør omtales som det.

Frivillighet Norge tek i sitt innspel til orde for å snevre inn bruken av omgrepet:

Det er også en utfordring at frivillighetsbegrepet utvannes når det brukes av stiftelser, enkeltmannsforetak, bedrifter og kommuner. Eksempler er festivaler som er aksjeselskaper og tar utbytte, men bruker frivillige, eller ulike kommuner som bruker frivillige til tiltak i egen regi. Også inkludering av sosialt entreprenørskap i ulike ordninger for frivilligheten bidrar til å uthule definisjonen av frivillig organisasjon.

Frivillighet Norge skriv vidare:

Målet må være at det på sikt utarbeides en overordnet definisjon av frivillig organisasjon som brukes som inngangsport til alle regelverk som gjelder for frivillige organisasjoner, og som i størst mulig grad erstatter tidligere skjønnspregede definisjoner. Den overordnede definisjonen må ta utgangspunkt i Frivillighetsregisteret.

3.3.2 Behovet for innramming

Regjeringa anerkjenner det mangfaldet som utgjer sivilsamfunnet og frivilligheita, og ser det ikkje som si oppgåve å definere kva som er sivilsamfunnet, og kva som er ein frivillig organisasjon. Det er ein viktig føresetnad i demokratiet vårt at sivilsamfunnet får definere seg sjølv, sine ulike roller og sine ulike aktørar. Dette inneber at det er den konkrete aktiviteten, ikkje statlege ordningar eller definisjonar i desse, som skal avgjere kva for organisasjonsform ein vel.

Likevel har staten vore med på å definere sektoren særleg gjennom grunnlegginga av Frivilligheitsregisteret og satellittrekneskapen for ideelle og frivillige organisasjonar. Vidare avgrensar staten målgrupper og målsetjingar i tilskotsordningane sine og er dermed indirekte med på å definere sektoren.

Boks 3.1 Frivillighetsregisterloven §§ 3 og 4

§ 3. Registreringsrett. Frivillig virksomhet

Registrering i frivillighetsregisteret er en rett som tilordnes registreringsenheter, jf. § 4, som driver frivillig virksomhet. Frivillig virksomhet er aktiviteter som ikke er fortjenestebasert.

Følgende aktiviteter regnes ikke som frivillig virksomhet:

  • a) aktiviteter organisert av det offentlige,

  • b) aktiviteter basert på samvirkeprinsipper og som omfattes av lov om samvirkeforetak (samvirkeloven).

Frivillig virksomhet som ikke anses allmennyttig, kan nektes registrering i særskilte tilfeller.

§ 4. Registreringsenheter

Som registreringsenhet regnes:

  • a) ikke-økonomisk (ideell) forening,

  • b) alminnelig stiftelse som ikke foretar utdelinger, eller som utelukkende foretar utdelinger til frivillig virksomhet,

  • c) næringsdrivende stiftelse som utelukkende foretar utdelinger til frivillig virksomhet,

  • d) aksjeselskap som utelukkende foretar utdelinger til frivillig virksomhet.

Enhet som har adgang til å foreta utdelinger til fysisk person, eller som foretar slike utdelinger, kan ikke få stilling som registreringsenhet.

3.3.2.1 Frivilligheitsregisteret

Frivilligheitsregisteret blei oppretta i 2009 på initiativ frå frivillige organisasjonar. Mykje av målsetjinga var å lage ei innramming av frivilligheita og anerkjenne at denne er ein sjølvstendig sektor i samfunnet på lik linje med næringslivet. Kriteria for å kunne registrere seg i registeret (sjå boks 3.1) er fastsett i lov og bidreg såleis til å definere kva staten legg i omgrepet frivillig organisasjon. Definisjonen av frivillig verksemd som gir registreringsrett i Frivilligheitsregisteret, er brei, og rommar alle organisasjonsformer bortsett frå samvirke. Det er ikkje stilt krav til frivillig innsats for å kunne registrere seg i Frivilligheitsregisteret.

3.3.2.2 Satellittrekneskapen for ideelle og frivillige organisasjonar

Satellittrekneskapen for ideelle og frivillige organisasjonar blei oppretta for å auke kunnskapen og merksemda om ideell og frivillig sektor. Rekneskapen blir produsert av Statistisk sentralbyrå (SSB) og blei første gong publisert i 2010.3

Satellittrekneskapen kartlegg bidraget frå organisasjonane til bruttonasjonalprodukt, dei viktigaste inntektskjeldene til organisasjonane og verdien av ulønt arbeid. Bidraget frå organisasjonane til bruttonasjonalprodukt inneheld heile økonomien til alle organisasjonar som er omfatta av definisjonen i FNs handbok for nasjonalrekneskapssystem (sjå boks 3.2). Dette inkluderer ideelle organisasjonar som driv profesjonell tenesteyting på helse- og sosialfeltet, og ideelle aksjeselskap som driv på ikkje-fortenestebasert basis.

Ein del av satellittrekneskapen er kartlegging av det ulønte arbeidet i frivillig sektor – den delen av sektoren som mange tenkjer på som «frivilligheit». Desse tala baserer seg på befolkningsundersøkinga som Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, finansiert av Kulturdepartementet, gjennomfører med jamne mellomrom. Spørsmåla er baserte på internasjonale standardar utarbeidde av International Labour Organization (ILO) for måling av ubetalt arbeid som ein del av arbeidskraftsundersøkingar.4

Boks 3.2 Definisjon av frivillig organisasjon i FN si handbok for nasjonalrekneskapssystem1

  • 1. Organisasjonar som involverer ei gruppe som samhandlar på grunnlag av eitt eller fleire felles formål over ein meiningsfull periode, basert på ei forståing av reglar, anten det skjer innanfor ei legalt konstituert eining eller ikkje.

  • 2. Private, det vil seie at dei er institusjonelt åtskilde frå offentlege styresmakter og kan oppløysast på eige initiativ.

  • 3. Sjølvstyrte, det vil seie har kontroll over formåla sine formulerte gjennom eigne interne styringsstrukturar.

  • 4. Ikkje-obligatoriske, det vil seie engasjerer personar utan tvang basert på fritt val.

  • 5. Fullstendig eller i betydeleg grad avgrensa frå overføring av overskot som dei eventuelt opparbeider.

Dersom det ikkje er ein fullstendig barriere mot overføring av overskot, må det liggje føre ei avgrensing basert på lov, vedtekter eller kontrakt som forpliktar til å avgrense overføringa på desse måtane:

  • Forplikting til eit sosialt formål som reduserer moglegheita og fjernar forpliktinga til å maksimere overskot.

  • Dei må behalde og ikkje fordele til eigarar eller investorar ein betydeleg del av overskotet som blir opparbeidd.

  • Kapitalen er bunden slik at overskot og opparbeidd formue må overførast til eit tilsvarande formål om organisasjonen blir oppløyst eller konvertert til eit marknadsorientert selskap.

  • Overskot skal ikkje kunne fordelast som del av investert kapital eller innbetalingar. Dette er eit viktig skilje mellom sosiale kooperativ og gjensidige selskap på den eine sida og marknadsorienterte produsentar som aksjeselskap på den andre.

1 United Nations Satellite Account on Nonprofit and Related Institutions and Volunteer Work, revidert versjon 2018

3.3.2.3 Statlege tilskotsordningar til frivillige organisasjonar

På same måten som Frivilligheitsregisteret, satellittrekneskapen og befolkningsundersøkinga indirekte er med på å definere sektoren, vil statens økonomiske støtte til frivillige organisasjonar og aktivitetar i regi av desse gjere det same. For eksempel har meirverdiavgiftskompensasjonsordninga, som er den største tilskotsordninga for frivilligheita, som formål å fremje frivillig aktivitet. Søkjarane må levere ei eigenerklæring om frivillig innsats. I eigenerklæringa blir frivillig innsats definert som «gratis arbeidsinnsats, medlemskontingent og gaver. Medlemskontingent og gaver blir likestilt når det gjelder kravet til frivillig innsats. Gratis styreinnsats blir vurdert som frivillig innsats, men blir ikke vurdert til å tilfredsstille kravet til frivillig innsats alene. Det må ikke være for tett tilknytning mellom kontingent, gaver eller gratis arbeidsinnsats og gjenytelser».

Dette er ein konkret definisjon av kva staten ønskjer å støtte, men det er ikkje ein definisjon av kva frivilligheit er.

3.3.3 Avgrensing av frivilligheitspolitikken i denne meldinga

Det overordna frivilligheitspolitiske målet er brei deltaking. Den statlege frivilligheitspolitikken skal leggje til rette for at enkeltmenneske kan vere aktive medborgarar. Frivillig deltaking er grunnlag for tillit, fellesskap og eit mangfald av aktivitetar. For å oppnå dette treng vi både dei breie, demokratiske medlemsorganisasjonane, moglegheiter til å vere korttidsfrivillig på arrangement og festivalar og eit mangfald av ulike interesseorganisasjonar.

Innramminga regjeringa har valt for denne stortingsmeldinga, er dei kriteria som ligg til grunn for registrering i Frivilligheitsregisteret med eit søkjelys på den ubetalte, felles innsatsen og samværet som skjer i meir eller mindre organiserte former. Dette fører med seg ei avgrensing opp mot aktivitetar som har eit sosialt formål, men som ikkje primært blir drivne av ubetalt innsats. Eksempel på dette er profesjonell tenesteproduksjon i helse- og sosialsektoren, profesjonelt bistands- og naudhjelpsarbeid i utlandet og lønt arbeid i regi av ein del stiftelsar og sosiale entreprenørar.

Det er ikkje enkeltaktørane, men dei verkemidla staten har for å støtte opp om aktivitetar der frivillig innsats er den primære ressursen, som definerer frivilligheitspolitikken. Mange ideelle tenesteleverandørar vil også ha frivillig innsats og frivillige aktivitetar, og rundt halvparten av dei som definerer seg som sosiale entreprenørar, er frivillige organisasjonar, stiftelsar eller ideelle aksjeselskap med rett til å registrere seg i Frivilligheitsregisteret.5 Mykje av Noregs naudhjelpsinnsats blir kanalisert gjennom norske frivillige organisasjonar som også driv frivillig arbeid i Noreg.

Det ubetalte perspektivet på deltaking og aktivitet som botnar i at vi gjer noko saman eller for andre utan verken å skulle leve av det sjølve eller gjere oppgåver på vegner av det offentlege, er viktigare enn nokon gong.

Ein sterk frivillig sektor med brei deltaking og mangfaldige aktivitetar er eit mål i seg sjølv – uavhengig av kva dei frivillige engasjerer seg i. Dette målet skal ein nå gjennom å sikre ei heilskapleg og robust forvalting av dei midlane fellesskapen har til frivillig innsats, ved å gjere det enkelt å leggje til rette for aktivitet og deltaking, og ved å samordne statens samarbeid med sektoren. Dei overordna rammevilkåra skal bidra til at frivilligheita finst og held fram med å ta ansvar på alle samfunnsområde.

4 Frivilligheita i Noreg anno 2018

Figur 4.1 

Figur 4.1

4.1 Innleiing

Sivilsamfunnet spenner frå små enkeltprosjekt og adhocfrivilligheit til store medlemsorganisasjonar med ein brei aktivitetsportefølje, brukarorganisasjonar, likemannsarbeid og trussamfunn. Idrett, kultur, tru og livssyn, friluftsliv, nasjonale minoritetar, humanitær assistanse, sosialt arbeid, nærmiljøengasjement og politisk påverknad er berre nokre av felta der frivillig innsats er avgjerande.

Dette kapittelet gir ein gjennomgang av frivilligheita i Noreg anno 2018 som eit grunnlag for dei politiske tiltaka som følgjer i resten av meldinga.

4.2 Frivilligheita som del av eit samfunn i endring

Klimaendringar, migrasjon, endra alderssamansetjing, einsemd, livsstilssjukdommar. Lista er lang over utfordringar for samfunnet vårt slik vi kjenner det i dag.

Noreg har ein godt utbygd og velfungerande velferdsstat som er rusta til å møte desse utfordringane. Ein av føresetnadene for dette er eit sterkt sivilsamfunn der ønsket om å hjelpe og ta i eit tak der det trengst, ligg djupt nedfelt. Sjølv om velferdsstaten er solid, og trua på, og av og til forventninga til, at det offentlege skal og kan møte utfordringane er stor, er det knapt noko samfunnsområde der det ikkje også er ei frivilligheit som bidreg. Dette skjer i samspel med det offentlege eller næringslivet, men ofte på initiativ frå frivilligheita sjølv.

Å byggje opp om ei sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivilligheit er derfor eit mål i seg sjølv. Dette målet kan illustrerast gjennom to perspektiv på rolla til frivilligheita: frivilligheita som arena og frivilligheita som aktør. Dette er ikkje ei inndeling av frivillig sektor. Mange av organisasjonane vil ha ei rolle både som arena og aktør. Men det er ein illustrasjon på korleis frivilligheitspolitikken må ha verkemiddel som støttar opp om begge desse perspektiva.

4.2.1 Frivilligheita som arena

Dei nordiske landa er i ei særstilling internasjonalt når det gjeld sosial tillit. Høg sosial tillit er grunnlag for lågt konfliktnivå og økonomisk vekst.6

I tillegg til stor openheit i offentleg forvalting og lik fordeling av gode blir eit levande sivilsamfunn framheva som avgjerande for at ein skal kunne ta vare på denne tilliten. Årsaka er at sivilsamfunnet gir menneske ein stad å møtast, ein stad å ytre seg, ein stad å lære og ein stad å vere i aktivitet. Frivilligheita samlar oss om noko vi har til felles, ikkje det som skil oss frå kvarandre. Samtidig er frivilligheita ein arena for meiningsbryting og usemje. Frivilligheita er ein avgjerande bidragsytar i det demokratiske systemet som myndiggjer borgarane som politiske vesen.

Alt dette byggjer lokalsamfunn, og det byggjer tillit og fellesskap. Høg frivillig innsats er også god beredskap. Når menneske er vane med å stille opp utan løn og vane med å organisere seg, dannar dei ein infrastruktur som kan trå til når nye og uventa situasjonar oppstår. Ein sjølvstendig, sterk og mangfaldig frivillig sektor er derfor verdifull i seg sjølv og må verdsetjast og takast vare på.

4.2.2 Frivilligheita som aktør

Frivilligheita og dei frivillige organisasjonane var del av fundamentet då velferdsstaten voks fram. Mange av organisasjonane som bygde opp det helse- og sosialapparatet vi har i dag, er enno viktige profesjonelle leverandørar av desse tenestene på oppdrag frå staten. Den norske beredskapsmodellen er bygd opp rundt at frivillige i lokalsamfunna er med på å ta ansvar i krisesituasjonar.

Samtidig er det mange oppgåver i samfunnet vårt som ikkje er lovpålagde, men som det like fullt er avgjerande at nokon tek seg av. Eksempel på dette er innsatsen som skal til for å gi barn og unge fritidstilbod – det vere seg idrett, musikk, friluftsliv eller liknande. Eller innsatsen som skal til for at den felles kulturarven vår bli teken vare på. Eit anna eksempel er beredskapsinnsatsen som dei frivillige organisasjonane i redningstenesta må setje inn for å møte utfordringane knytte til aukande turisme og friluftsliv i Noreg.

Frivillig innsats er ikkje berre dugnadsinnsats og arbeidskraft, men også kompetanseformidlande, tradisjonsberande og folkehelsefremjande. Frivillige organisasjonar er vidare ein viktig lyttepost som kan brukast for å få kunnskap om behov og utvikling. Fordi frivillige organisasjonar består av menneske og jobbar med menneske, vil dei vere nær der endringar og handlingar oppstår. Dei vil derfor kunne bidra med verdifull informasjon til dei andre samfunnssektorane om kvar innsatsen bør setjast inn.

Frivilligheita tek også miljø- og klimautfordringane alvorleg. Mange store arrangørar både innanfor idretten og kulturen går føre og ønskjer å gjere arrangementa sine mest mogleg miljøvennlege. Regjeringa vil oppmode til eit endå større miljøengasjement på tvers av alle typar frivillige organisasjonar.

Boks 4.1 Eksempel på frivilligheita som arena

Velforeningar og andre nærmiljøtiltak, kunst- og kulturorganisasjonar, idrettslag og hobby- og fritidsorganisasjonar er alle med på å skape rammer der menneske kan få møte likesinna, bruke ressursane sine og utvide kunnskap og kompetanse.

Gjennom deltakling i politiske parti, organisasjonar for internasjonal solidaritet, dyre- og miljøvern, menneskerettar eller andre former for interesseorganisasjonar får menneske brynt meiningane sine, medverke til å gi stemme til dei som treng det, og dei får byggje demokrati.

Trus- og livssynssamfunna er ein deltakingsarena i seg sjølv. I trus- og livssynssamfunna finn menneske fellesskap, og mykje av drifta er tufta på frivilligheit.

Foreiningar for funksjonshemja og pasientorganisasjonar er eksempel på arenaer der ein treffer menneske med dei same utfordringane som ein har sjølv. Desse organisasjonane er gjennom arbeidet for å informere om ulike sjukdommar og funksjonsutfordringar, og likemannsarbeidet, også eksempel på at frivillige organisasjonar ofte er ein arena for deltaking og fellesskap, samtidig som dei er aktørar i samfunnet.

Barne- og ungdomsfrivilligheita er ein stor og viktig del av den frivillige fellesskapen i Noreg. Gjennom organisasjonsdeltaking og frivillig innsats blir nye generasjonar skulerte i demokrati, medverknad og ytringskultur. Barn og unge får delta på fritidsaktivitetar, dei får tilgang til eit sosialt nettverk og får fellesskapskjensle med både lokalsamfunn og jamgamle. Organisasjonslivet for barn og unge er like mangfaldig som frivilligheita elles: speidar, religiøse ungdomsorganisasjonar, kor, organisasjonar for dei som driv med spill og spel, politiske ungdomsparti, innvandrarorganisasjonar, organisasjonar for internasjonalt engasjement, idrett og natur- og miljøvern. Deltaking i barne- og ungdomsfrivilligheita gjer barn og unge rusta til å delta i samfunnslivet.

Å delta i frivillige organisasjonar uansett kva for aktivitet det er snakk om, er ein god og rask veg inn i det norske samfunnet. Ein treffer menneske frå lokalsamfunnet som ein deler interesser og opplevingar med. Ein får snakke norsk i ein kvardagsleg situasjon, og ein får delta med dei ressursane ein har.

Innvandrarorganisasjonar ein viktig arena som identitetsfellesskap – ofte basert på aktivitetar av ulike slag. Desse organisasjonane er også ein aktør i form av å delta i integreringsarbeidet som talerøyr for ulike grupper og som formidlar av det norske samfunnet inn i innvandrargruppene.

Boks 4.2 Eksempel på frivilligheita som aktør

Frivillige organisasjonar og enkeltmenneske gjer ein formidabel innsats for å halde samfunnsmaskineriet i gang og for å ta tak i utfordringar som marknaden og det offentlege ikkje kan møte. Dei frivillige organisasjonane er for eksempel ein berebjelke i den norske redningstenesta.

Eit anna eksempel er Helsesenter for papirlause, der Kirkens Bymisjon og Røde Kors saman har etablert ein klinikk der frivillige (ubetalte) sjukepleiarar, legar, psykologar og anna helsepersonell behandlar menneske som ikkje torer eller kan bruke det vanlege helsevesenet.

Også innanfor natur- og miljøvern har frivillige organisasjonar rolla som sporhundar for nye utfordringar og løysingar. Dei formidlar kunnskap vidare til publikum og styresmakter, og dei utfører konkrete tiltak som strandrydding. Velforeningane, ungdomslaga og andre nærmiljøtiltak byggjer og tek vare på lokalsamfunn nedanfrå i bokstaveleg forstand.

Innanfor helse- og omsorgssektoren er frivillige organisasjonar viktige aktørar som eit supplement til offentlege tilbod. Eksempla er mange innanfor eldreomsorg, der frivillige driv aktivitetar som gågrupper, seniordans, besøksvener og andre sosiale aktivitetar. Gatekafear, arbeidstrening og matutdeling er eksempel på korleis frivillig sektor gjer ein innsats for menneske som har rusproblem.

Mangfaldet innanfor det frivillige kulturlivet tek vare på kulturminne både nasjonalt og lokalt. Dette spenner frå organisasjonar som tek vare på verneverdige fartøy og bygg, til organisasjonar som tek vare på den immaterielle kulturarven som handverk, folkedans og språk.

Kunst- og kulturorganisasjonane peiker på det dei kallar «det kulturelle økosystemet» – dei frivillige og profesjonelle er gjensidig avhengige av kvarandre. Frivillig innsats gjennom for eksempel vise- og jazzklubbar legg til rette for profesjonelle utøvarar. Dei frivillige utøvarane får på si side inspirasjon og auka kunnskap. Eit anna eksempel er kor- og korpsrørsla. Innsatsen frå foreldre gjer det mogeleg å hyre profesjonelle instruktørar og dirigentar og er dermed også med på å skape arbeidsplassar og inntektsgrunnlag for profesjonelle.

Foreldrefrivilligheita er også sentral i idretten som er Noregs største frivillige aktør og Noregs største leverandør av fritidstilbod til barn og unge.

4.3 Frivilligheitslandskap i endring

4.3.1 Oppbygginga av frivillig sektor

Eit sentralt tema i forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor i Noreg er utviklinga i organisasjonslandskapet. Denne forskinga viser at det har skjedd store endringar i måten norsk frivilligheit er organisert på dei siste tiåra.

Dei tradisjonelle, medlemsbaserte, demokratisk oppbygde folkerørslene med nasjonalt omfang, breie aktivitetar og samfunnspolitiske målsetjingar dominerer ikkje biletet på same måten som dei gjorde før. Meir desentraliserte organisasjonar, fleire typar organisasjonsformer, svakare ideologisk tilknyting og meir spesialiserte, aktivitetsorienterte organisasjonar har vakse fram. Medlemskap og demokratisk oppbygging er ikkje i same grad som før med på å skape sterke band mellom den frivillige og organisasjonen. På den andre sida veks talet på frivillige, og merksemda til organisasjonane har i mange sektorar skifta frå verving av medlemmer til rekruttering av frivillige.

Det har historisk vore mykje eigenorganisering i norsk frivilligheit. Menneske som har funne utfordringar dei kan løyse i fellesskap, har funne saman i meir eller mindre organiserte former. Når for eksempel talet på interesseorganisasjonar mellom anna innanfor ulike diagnosar aukar, betyr dette at nye grupper har blitt myndiggjorde til å organisere seg.

Medlemskap står enno sterkt i den norske frivilligheita. Den norske befolkninga er i gjennomsnitt medlem av to organisasjonar – eit nivå som har halde seg stabilt. Sjølv om det er ein tendens til at færre er medlemmer i fleire organisasjonar, er mange engasjerte som frivillige i organisasjonar som dei ikkje er medlem i. Barne- og ungdomsfrivilligheita ser ikkje ut til å oppleve den same fallande tendensen som andre demokratisk oppbygde medlemsorganisasjonar. Frå 2006 til 2017 auka talet på medlemmer i denne delen av frivilligheita med 100 000.7

4.3.2 Frå medlemsbaserte organisasjonar til koordinert frivilligheit?

At frivillig innsats har auka mens organisasjonstilhøyrsla og viljen til å ta på seg verv og gjere andre oppgåver for å drifte organisasjon har gått ned, inneber også endringar i sysselsetjinga i frivillig sektor. Den betalte sysselsetjinga i organisasjonane har auka ein del dei siste tiåra.8 Tilsette har ei viktig oppgåve i dagleg drift, kontakt med det offentlege, særleg i søknads- og rapportskriving, i koordinering av det frivillige arbeidet, i rekrutteringsarbeid og anna inntektsskapande arbeid.

4.3.3 Nye organisasjonsformer

Organisasjonsmangfaldet i Noreg har auka dei siste 30 åra.9 Det er ulike endringar som pregar utviklinga på lokalnivå og nasjonalt nivå. Lokalt blir talet på organisasjonar redusert på fleire område, som innanfor helse og opplysning, mens det skjer ein betydeleg vekst i nærmiljøorganisasjonar som velforeiningar og grendelag. Kultur- og idrettsorganisasjonar utgjer enno tyngdepunktet.

På nasjonalt nivå er det enkeltståande organisasjonar utan lokale ledd og avdelingar som aukar. Den største auken har skjedd i rettigheits- og støtteorganisasjonar for sjuke og personar med nedsett funksjonsevne og i organisasjonar for marginaliserte grupper. Det har også skjedd ein kraftig vekst i hobby- og fritidsorganisasjonar. Fleirtalet av dei nye nasjonale organisasjonane har ikkje lokale ledd. Mange av dei nye lokale organisasjonane har ikkje koplingar til regionale eller nasjonale organisasjonar. Forskarane knyter dette til større merksemd på den konkrete frivillige innsatsen og mindre på kva organisasjon ein gjer aktiviteten i.

Endringa i organisasjonslandskapet er også ei følgje av nye måtar å engasjere seg på. Sosiale medium og andre interaktive verktøy fører til nye former for engasjement. Det endrar måten menneske dannar grupper og samhandlar på, og det gjer det mogleg for nye grupper å engasjere seg.

Samtidig ser vi framveksten av nye former for initiativ som er inkluderte i sivilsamfunnsomgrepet, som ofte har eit sosialt formål, men som ikkje alltid gjer bruk av frivillig, ubetalt innsats. Sosialt entreprenørskap er eit slikt eksempel. Desse kombinerer eigenskapar og verkemiddel både frå sivilsamfunnet og marknaden, og mange av dei sosiale entreprenørane er i praksis frivillige organisasjonar.10

4.4 Frivillig deltaking

4.4.1 Rekordhøg deltaking

Noreg ligg på topp internasjonalt i frivillig deltaking. I den nyaste befolkningsundersøkinga som blei lagd fram i august 2018, svarer 63 prosent at dei har vore med på frivillig arbeid i løpet av dei siste 12 månadene.11 Dette er av dei høgaste tala som er registrerte sidan den første undersøkinga om frivillig innsats blei gjennomført i 1998.

Omfanget av frivillig innsats gir også eit betydeleg utslag i omrekninga til bruttonasjonalprodukt. Reknar ein med verdien av frivillig arbeid, var bruttoproduktet til dei ideelle og frivillige organisasjonane berekna til om lag 132 milliardar kroner i 2016, ifølgje satellittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar. Dette svarte til 4,7 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP). Av dette stod ulønt innsats for om lag 75 milliardar kroner, eller nærare 148 000 årsverk.12

4.4.2 Deltaking i ulike delar av organisasjonslivet

Kultur og fritid er det feltet flest engasjerer seg frivillig i, og idretten er størst innanfor denne grupperinga. 44 prosent av befolkninga seier dei har gjort frivillig innsats på dette feltet det siste året. Både med tanke på storleik og stabilitet står idretten i ei særstilling. I 2017 var det 24 prosent av befolkninga som svarte at dei har teke del i frivillig arbeid for idretten i løpet av det siste året.

Tabell 4.1 Delteke i frivillig arbeid siste 12 månader, etter organisasjonstype (del av befolkninga). Prosent.

1998

2004

2009

2014

2017

Endring 2014–20172

Endring 2004–20172

Idrett og sport

21

24

20

25

24

–1

1

Velforeiningar, grendelag og nærmiljø

51

18

13

17

18

0

0

Hobby, fritid, utandørsaktivitet og sosiale foreiningar

10

20

13

17

17

1

–3

Kunst og kultur, korps og kor

9

11

11

13

15

2

4

Burettslag og bustadbyggjelag

8

7

11

11

1

4

Utdanning, opplæring og forsking

2

5

5

8

10

1

5

Religion og livssyn, inkludert Den norske kyrkja

7

6

4

9

8

–1

2

Yrkes-, bransje- og fagforeiningar

9

4

5

6

6

0

2

Helse-, pleie- og redningsarbeid

3

8

4

7

6

–1

–2

Sosiale tenester og rusmiddelomsorg

6

4

4

6

6

0

1

Internasjonal utveksling, naudhjelp, bistand og menneskerettsarbeid

3

3

3

6

4

–2

1

Natur-, miljø- og dyrevern

1

3

2

4

4

0

1

Politiske parti

3

3

2

4

4

0

1

Rettigheits-, støtte- og avhaldsarbeid

3

1

1

2

2

0

1

Andre område

4

4

2

3

3

0

–1

N

1693

1235

1579

1921

1968

1 I 1998 blei det berre spesifisert «Nærmiljøorganisasjoner» (ikkje velforeiningar og grendelag) i spørjeskjemaet. Dette kan ha ført til ei underrapportering i denne kategorien det året (Arnesen 2015).

2 På grunn av avrundingar til næraste heile tal kan endringstala i somme tilfelle sjå større eller mindre ut enn det som kjem fram dersom ein reknar manuelt i tabellen.

Kjelde: Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018). Oppdaterte tall om frivillig innsats i Norge, 1998–2017

4.4.3 Kjernefrivillige og korttidsfrivillige

Meir vekt på frivillig innsats og mindre på lojalitet til enkeltorganisasjonar har ført til at frivillige spreier engasjementet sitt meir enn før. Dette kjem til syne gjennom at talet på frivillige som har utført innsats for fleire organisasjonar, har stige over tid. Den seinaste befolkningsundersøkinga om frivillig innsats viser at denne tendensen til å spreie engasjementet utover fleire organisasjonar held fram. Dette skjer samtidig med ein liten nedgang i gjennomsnittleg tidsbruk, noko som tyder på at mange frivillige spreier engasjementet sitt relativt tynt utover. Samtidig er grunnfjellet i frivillig sektor – dei «kjernefrivillige» – stabilt. Prosentdelen kjernefrivillige, som bruker minimum 10 timar i månaden, held seg på i underkant av 20. Dei kjernefrivillige utfører om lag 70 prosent av alt frivillig arbeid i Noreg.

Figur 4.2 Delteke i frivillig arbeid siste 12 månader. Kjernefrivillige og korttidsfrivillige (del av befolkninga). Prosent.

Figur 4.2 Delteke i frivillig arbeid siste 12 månader. Kjernefrivillige og korttidsfrivillige (del av befolkninga). Prosent.

Kjelde: Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018). Oppdaterte tall om frivillig innsats i Norge, 1998–2017

4.4.4 Kven deltek, og kven deltek ikkje

Frivillig arbeid er ofte knytt til sosiale kjenneteikn og ressursar. Personar som har høg utdanning, stabil tilknyting til arbeidslivet og høg inntekt, deltek i større grad enn dei som har færre slike ressursar, både i organisasjonslivet og i samfunnet elles. Fleire rapportar ser på korleis omfanget av frivillig arbeid varierer med ulike sosiale karakteristikkar, og undersøkjer i kva grad dette har endra seg over tid.

Ein nærare kikk på verdien av utdanning viser at sjølv om dei med høg utdanning deltek meir enn dei med låg utdanning, så har skilja blitt mindre over tid.

Om ein har barn eller ikkje, har derimot blitt ein viktigare faktor når ein skal grunngi om ein gjer frivillig arbeid eller ei. Dette har mellom anna årsak i eit betydeleg omfang av «foreldrefrivilligheit», og er eit trekk som Noreg deler med dei andre skandinaviske landa.

Eit særtrekk ved den norske frivilligheita er at det for første gong er ein like høg prosentdel kvinner og menn som er med på frivillig arbeid. Samtidig bruker menn enno meir tid enn kvinner på frivillig arbeid, men desse forskjellane har blitt litt reduserte over tid.13

Figur 4.3 Har teke del i frivillig arbeid siste 12 månader. Kjønn og fem organisasjonskategoriar (del av befolkninga). Prosent.

Figur 4.3 Har teke del i frivillig arbeid siste 12 månader. Kjønn og fem organisasjonskategoriar (del av befolkninga). Prosent.

Kjelde: Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018). Oppdaterte tall om frivillig innsats i Norge, 1998–2017

Minoritetsbefolkninga er underrepresentert som medlemmer i dei fleste typar organisasjonar. Samtidig viser studiar at aktivitetstilbod av og for etniske minoritetsgrupper i det som blir kalla innvandrarorganisasjonar, er langt meir omfattande enn det lokale styresmakter fangar opp. Undersøkinga viser vidare at dei som gjer frivillig innsats blant innvandrarbefolkninga, engasjerer seg i fleire organisasjonstypar og med fleire timar innsats enn frivillige i resten av befolkninga, jf. figur 4.4. Dette er ei ny utvikling.14

Figur 4.4 Vekta gjennomsnitt timar gratisarbeid siste månad i innvandrarutvalet og befolkningsutvalet.

Figur 4.4 Vekta gjennomsnitt timar gratisarbeid siste månad i innvandrarutvalet og befolkningsutvalet.

Kjelde: Eimhjellen, Ivar & Arnesen, Sveinung (2018). Organisasjonsengasjement blant innvandrarar

Minoritetsbefolkninga deltek i mindre grad enn majoriteten, men forskjellen kan i stor grad tilskrivast sosioøkonomiske faktorar. Den typiske frivillige i minoritetsbefolkninga er, som i majoritetsbefolkninga, ein person med høg utdanning, høg inntekt og breitt sosialt nettverk.15

Dei nasjonale Ungdata-tala viser at barn av foreldre med høgare inntekt og utdanning i større grad er med på organiserte aktivitetar enn andre.16 70 prosent av ungdommane frå familiar med høgast sosioøkonomisk status er med i ein organisasjon, ein klubb, eit lag eller ei foreining. For ungdom frå familiane med færrast ressursar gjeld dette berre om lag 50 prosent av gutane og 38 prosent av jentene.

Det at ungdom frå lågare sosiale lag sjeldnare er med i fritidsorganisasjonar, har årsak både i at færre er innom i løpet av oppveksten, og i at fleire av dei som er med, fell frå. Men deltakingsmønsteret er ulikt innanfor ulike typar aktivitet. Innanfor idrett, korps, kor, orkester og kulturskule er det ei klart høgare deltaking av barn og unge med høg sosioøkonomisk bakgrunn. I religiøse organisasjonar har sosioøkonomisk bakgrunn lite å seie, mens det innanfor fritidsklubbar/ungdomshus og andre organisasjonstypar er fleire som deltek blant barn og unge med låg sosioøkonomisk bakgrunn.

Fotnotar

1.

Loga, Jill (2016)

2.

Dette avsnittet er forankra i notat frå Karl Henrik Sivesind ved Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor om avgrensingar av frivillig sektor.

3.

https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/statistikker/orgsat

4.

Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018)

5.

Kraglund, Karin Oline & Enjolras, Bernard (red.) (2017)

6.

Andreasson, Ulf (2017)

7.

LNU (2018)

8.

Arnesen, Daniel; Sivesind, Karl Henrik & Gulbrandsen, Trygve Jens (2016)

9.

Arnesen, Daniel; Sivesind, Karl Henrik & Gulbrandsen, Trygve Jens (2016)

10.

Loga, Jill (2016)

11.

Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018)

12.

https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/statistikker/orgsat

13.

Fladmoe, Audun; Sivesind, Karl Henrik & Arnesen, Daniel (2018)

14.

Eimhjellen, Ivar & Arnesen, Sveinung (2018)

15.

Eimhjellen, Ivar & Arnesen, Sveinung (2018)

16.

Bakken, Anders; Frøyland, Lars Roar; Sletten, Mira Aaboen (2016)

Til forsida