Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

15 Fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar

15.1 Innleiing

I dag blir overskotet til Norsk Tipping fordelt først med 6,4 prosent til helse- og rehabiliteringsformål, deretter blir det resterande beløpet fordelt med 64 prosent til idrett, 18 prosent til kultur og 18 prosent til humanitære og samfunnsnyttige formål. Dette er den såkalla tippenøkkelen, som har heimel i pengespellova § 10.1 Tippenøkkelen har endra seg over tid, og samfunnsnyttige og humanitære formål har vore ein del av tippenøkkelen sidan 2009.

Fordelinga av midlar er regulert i forskrift.2 Nye vilkår for at ein samfunnsnyttig og humanitær organisasjon skal kunne få tippemidlar, blei fastsette i forskrift 9. august 2013. Samtidig blei det etablert ei overgangsordning for dei aktuelle organisasjonane for perioden 2014–2017. Ei permanent ordning for fordeling skal fastsetjast frå 2018.

15.2 Regulering av gevinstautomatar i Noreg

Frå dei første speleautomatane blei introduserte i 1930-åra og fram til 1990-åra var det berre humanitære organisasjonar og hovudsakleg Røde Kors og Redningsselskapet som fekk løyve til å stille opp gevinstautomatar. Sidan det primært var frivillige organisasjonar som hadde plassert ut automatar og fekk inntektene frå desse, var det lite negativ merksemd rundt spel i denne perioden. I 1990-åra fekk organisasjonar med samfunnsnyttige formål løyve til å plassere ut gevinstautomatar etter gitte kriterium og konsesjon. Lotteriverdige formål, det vil seie humanitært og samfunnsnyttig arbeid, kunne få løyve. I løpet av 1990-åra blei dei elektroniske gevinstautomatane introduserte i Noreg, og den teknologiske utviklinga førte til at det blei mange fleire automatar. Automatane blei plasserte på bensinstasjonar, kioskar og kjøpesenter og blei ei viktig inntektskjelde for frivillige organisasjonar. Samtidig auka omfanget av problematisk speleåtferd på private gevinstautomatar, og opinionen snudde som følgje av auka kunnskap om skadeverknadene som speleavhengigheit førte med seg.

For å avgrense speleavhengigheit og beskytte mindreårige blei det 1. januar 2001 innført 18-årsgrense for spel på speleautomatar, og som framstilt i kapittel 2.3.2.2 vedtok Stortinget i 2003 å forby gevinstautomatar og gi Norsk Tipping einerett til å drive terminalar i Noreg. Forbodet mot gevinstautomatar trådde i kraft i 2007.

15.3 Automatforliket

Reguleringa av spelmarknaden i Noreg medførte at mange organisasjonar fekk eit vesentleg inntektstap. Ei kompensasjonsordning blei foreslått, der organisasjonar som hadde automatinntekter, skulle få 18 prosent av overskotet til Norsk Tipping gjennom tippenøkkelen. Det var eit viktig ledd i det såkalla automatforliket mellom Bondevik II-regjeringa og dei aktuelle frivillige organisasjonane. Ordninga skulle sikre at organisasjonane som var inne på gevinstautomatmarknaden i 2002, fekk ein del frå tippenøkkelen som svarte til inntektene dei hadde frå automatar i 2001. Eit breitt fleirtal på Stortinget slutta seg til forslaget, og endringane blei sette i verk i 2007. Frå og med 1. juli 2007 var det ikkje lenger tillate å ha oppstilt gevinstautomatar.

Søknader om kompensasjon for bortfall av gevinstautomatinntekter blei i 2008 behandla etter mellombels forskrift.3 Fordelinga av midlar frå 2009 er regulert i forskrift om tilskot til organisasjonar frå Norsk Tipping. Av tilgjengelege midlar til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar går 82,9 prosent til dei ti humanitære organisasjonane som hadde mest automatinntekter, 10H.4 Dei resterande 17,1 prosent blir fordelt av Lotteritilsynet etter søknad til andre organisasjonar som fekk inntekter frå lovleg oppstilte gevinstautomatar i 2002. Tilskot blir berekna på bakgrunn av den enkelte organisasjon sin prosentdel av det samla overskotet frå gevinstautomatar i 2001.

Tabell 15.1 Fordeling til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar 2013

Organisasjon

Prosent

Beløp i 2013

Norges Røde Kors

34,9

215 158 500

Redningsselskapet

21,5

132 547 500

Kreftforeningen

11,2

69 048 000

Handikapforbundet

3,3

20 344 500

Blindeforbundet

3,0

18 495 000

Norsk Folkehjelp

2,6

16 029 000

LHL

1,9

11 713 500

Redd Barna

1,8

11 097 000

Flyktninghjelpen

1,6

9 864 000

Nasjonalforeningen for folkehelsen

1,1

6 781 500

10H til saman

82,9

511 078 500

Til andre automatorganisasjonar

17,1

105 421 500

Totalt

100,0

616 500 000

15.4 Rapport om fordelinga og alternative modellar

Det går fram av Ot.prp. nr. 44 (2002–2003) kapittel 4.6.2 at omfordelinga av overskotet på sikt bør vurderast i lys av veksten i det samla speleoverskotet til Norsk Tipping. Stortingsfleirtalet føresette òg i Innst. O. nr. 124 (2002–2003) at ei evaluering skulle gjerast innan fem år etter at pengespellova blei vedteken, for å sjå om Stortinget sine føresetnader for einerettsmodellen er oppfylte. Fleirtalet meinte at det var viktig

«å få svar på virkningene av den prosentvise fordeling til de ti humanitære organisasjonene […] Flertallet vil anbefale at evalueringsresultater og eventuelt endringer i fordelingen mellom organisasjoner både i og utenfor den nye ordningen legges fram for Stortinget som egen sak.»5

Kulturdepartementet bestilte hausten 2012 ei konsulentutgreiing for å følgje opp oppmodinga frå Stortinget. Utgreiinga skulle kartleggje økonomien til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar og finne ut kva spel- og lotteriinntektene hadde å seie, og foreslå alternative vilkår for å delta i ordninga og ulike modellar for å fordele desse midlane. Oppdraget blei gjennomført av Oxford Research i samarbeid med Institutt for samfunnsforskning (ISF). Kulturdepartementet sette ned ei referansegruppe for utgreiingsarbeidet, leidd av Oxford Research med deltaking frå frivillig sektor. Både organisasjonar som fekk midlar frå ordninga, og organisasjonar som ikkje fekk midlar, var representerte. Utgreiinga blei ferdigstilt i april 2013.6

Følgjande føringar blei lagde for utgreiinga:

  • Den framtidige fordelingsordninga skal fremje frivillig aktivitet og gjere det mogleg for den tredje sektoren å vidareføre viktige samfunnsoppgåver.

  • Ordninga skal vere enkel å handtere og føreseieleg for staten og organisasjonane.

  • Dagens pengespelpolitikk skal haldast oppe, jf. pengespellova § 1 andre leddet og lotterilova § 1a.

  • Fordelinga av midlar skal skje på grunnlag av den samfunnsmessige verdien av dei aktivitetane som dei frivillige organisasjonane driv.

Oxford Research viser til at tippemidlane er svært viktige for mottakarar utover kronebeløpet. Det utgjer netto inntekter (ingen kostnader i samband med innhenting av midlar), midlane er frie og føreseielege, og det er ingen administrative kostnader til søknader og rapportering. Rapporten peiker på at det ikkje finst nokon legal definisjon av omgrepa samfunnsnyttig og humanitær, men viser til lov om pengespel og lov om lotteri. Oxford Research tilrår derfor at «samfunnsnyttige og humanitære» blir kopla til omgrepet andreorienterte, altså organisasjonar som produserer gode eller tenester for utanforståande. Rapporten foreslår følgjande avgrensingskriterium for kva slags organisasjonar som kan delta i ordninga:

«Det foreslås at midler over tippenøkkel øremerket samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner avgrenses til organisasjoner som er (1) lotteriverdige og har hovedformål som er (2) ‘andreorienterte’, dog eksklusive ICNPO kategorien Utdanning og forskning, samt politiske partier. Det forslås ytterligere som et inklusjonskriterium at organisasjonen er (3) landsdekkende. De tre inklusjonskriteriene favner om alle de ti organisasjonene som omtales som 10H, men også mange flere organisasjoner innenfor gruppen andreorienterte sammenlignet med dagens ordning. Inklusjonskriteriet som foreslås, ekskluderer en rekke organisasjoner som i dag faller inn under den søknadsbaserte delen av tilskuddet, de fleste fordi de ikke er landsdekkende og/eller faller inn under kategorien egenorientert eller aktivitetsorientert.»7

Oxford Research skisserte følgjande alternativ for fordeling av midlar basert på

  • 1. historiske inntekter frå gevinstautomatar

  • 2a. kriterium baserte på verdiskaping

  • 2b. kriterium baserte på frivilligheit og avgrensa driftskostnader

  • 3. kriterium supplerte med skjønnsmessige vurderingar

  • 4. kriterium og søknad

  • 5. kriterium og kontrakt

15.5 Nye vilkår og fordelingsmodell i perioden 2014–2017

Kulturdepartementet gjennomførte to høyringsrundar i saka i 2013, under Stoltenberg II-regjeringa. Den første for å avgrense kva organisasjonar ordninga skulle omfatte, den andre for å berekne korleis midlane skulle fordelast. Det blei fastsatt nye vilkår for kva organisasjonar som kan få midlar frå Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som tok til å gjelde 1. januar 2014.8 I samsvar med dei nye kriteria for ordninga skal organisasjonane vere lotteriverdige, registrerte i Frivilligregisteret under utvalde kategoriar, landsdekkjande, ikkje-fortenestebaserte, ha frivillig innsats som ein viktig del av verksemda og vere andreorienterte, altså produsere tenester eller gode for utanforståande. For å avgrense målgruppa er det teke utgangspunkt i Frivilligregisteret, der organisasjonane er registrerte under ulike kategoriar for aktivitets- og verksemdsområde (ICNPO-kategoriar).9 Den største delen av organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, fell inn under området kultur og rekreasjon. Dei kan få spelemidlar fordelte til idretts- og kulturformål. Det gjeld òg barne- og ungdomsorganisasjonar. Desse blei på denne bakgrunnen haldne utanfor. Internasjonale organisasjonar som har primærverksemda si utanfor Noreg, fell ikkje inn under ordninga. Organisasjonar som driv internasjonal verksemd, kan komme innanfor ordninga dersom dei har verksemd i Noreg som fyller kriteria for ordninga og utgjer ein sentral del av den samla verksemda. Følgjande kategoriar i Frivilligregisteret inngår i ordninga i perioden 2014–2017:

  • ICNPO 3400 andre helsetenester,

  • ICNPO 4100/4200 sosiale tenester / krisehjelp og støttearbeid,

  • ICNPO 5100/5200 natur- og miljøvern/dyrevern

  • ICNPO 7100 interesseorganisasjonar.

Dei nye vilkåra for ordninga og forslag om at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal vere sikra ein fast prosentdel etter overgangsordninga, blei lagde fram for Stortinget i Kulturdepartementet sin budsjettproposisjon for 2013.10

I oktober 2013 blei eit forslag til fordelingsmodell sendt på høyring. Høyringsinstansane var einige om at ein fordelingsmodell basert på driftskostnader med visse frådrag var den mest føretrekte for fordeling av midlar. For å sikre at organisasjonane ikkje blir påførte unødvendig administrasjon, tek fordelingsmodellen utgangspunkt i gjenbruk av data frå momskompensasjonsordninga til frivillige organisasjonar. Kulturdepartementet fastsette fordelingsmodell for ordninga gjeldande frå 2014.11

Frå 2014 kunne organisasjonar som ikkje hadde hatt automatinntekter i 2001, søkje om spelemidlar frå prosentdelen som var sett av til samfunnsnyttige og humanitære formål.12 For å vurdere verknaden av endringane blei ordninga innført for perioden 2014–2017. For å gi organisasjonar som hadde vore ein del av ordninga før 2014, tid til å omstille seg blei det samtidig innført ei overgangsordning som gav desse organisasjonane rett til å få midlar på den same måten som før endringane blei innførte.13 Overgangsordninga gjeld ut 2017.

Stoltenberg II-regjeringa la opp til at fordelingsmodellen skulle vere gjeldande for alle organisasjonar frå 2018, med unntak av tre beredskapsorganisasjonar. I Kulturdepartementet sin budsjettproposisjon for 2013 heiter det:

«Regjeringen legger imidlertid opp til at tre organisasjoner som har særskilte beredskapsoppgaver sikres en fast andel etter overgangsperioden for å unngå at beredskap- og redningstjenester svekkes i framtiden. Dette gjelder Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp. For at de organisasjonene som har mottatt midler fra Norsk Tippings overskudd skal få tid til å tilpasse seg ny fordelingsmodell er det vedtatt en overgangsordning som vil gjelde for utbetalinger i perioden 2014–2017.»14

Det har vore eit viktig mål at ordninga skal vere enkel og ubyråkratisk. Søknadsfristen for ordninga er 1. september – same dato som fristen for å søkje om momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Søknadsgrunnlaget i ordninga tek utgangspunkt i data frå søknad om momskompensasjon. Det bidreg til datagjenbruk hos det offentlege i tråd med Digital Agenda og reduserer den administrative byrda hos organisasjonane. Lotteri- og stiftelsestilsynet, som forvaltar ordninga, melder at det har vore lite behov for rettleiing, og at organisasjonane synest søknadsprosessen er enkel og ubyråkratisk. Utfordringane Lotteri- og stiftelsestilsynet har meldt om, er særleg knytte til bruk av ICNPO-kategori 7100 interesseorganisasjonar og tolking av omgrepet andreorientert.15

I 2015 fekk samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar til saman 636,5 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping. Av desse er over 76 millionar kroner fordelte til nye organisasjonar i ordninga.

15.6 Permanent ordning frå 2018

15.6.1 Innleiing

Ei permanent ordning for fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar skal fastsetjast frå 2018. Målet er å sikre ein langsiktig og robust modell som bidreg til å vidareføre og tryggje viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkjande og humanitære organisasjonar utfører på områda helse, sosiale tenester/krisehjelp, og støttearbeid og natur- og miljøvern/dyrevern, i tillegg til å sørgje for at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver blir vidareførte. Ordninga skal erstatte dagens regelverk som gjeld ut 2017.16

15.6.2 Nærmare om omgrepa samfunnsnyttig og humanitær

Omgrepet samfunnsnyttig og humanitær verksemd har ei langt snevrare tyding i lotterilova enn det folk flest legg i det ut frå ei rein språkleg forståing. Omgrepet samfunnsnyttig opnar for ei vid tolking. Gjennom forvaltningspraksis er omgrepa tolka innskrenkande, noko som kan vere eigna til å skape forvirring.

I forarbeida og praksisen etter lotterilova har det utvikla seg visse retningslinjer for kva formål som blir rekna som samfunnsnyttige etter lotterilova. Desse er lagde til grunn for vurderinga av kva slags organisasjonar som i denne samanhengen kan reknast for å drive samfunnsnyttig eller humanitær verksemd. I tråd med lotterilova kan lotteri berre haldast til inntekt for eit humanitært eller samfunnsnyttig formål.17 Vidare er det eit underordna mål med lova at lotteri skal kunne vere «en god inntektskilde for samfunnsnyttig og humanitært arbeid». I forskrift om Lotteritilsynet og lotteriregisteret går det fram at organisasjonar og foreiningar som skal halde lotteri med omsetning over 200 000 kroner, må godkjennast, og at godkjenninga berre blir gitt til dei organisasjonane som «ivaretar samfunnsnyttige eller humanitære formål».

Det går likevel fram av Innst. O. nr. 33 (1999–2000) at såkalla smålotteri eller meldingslotteri18 er omfatta av kravet om at midlane skal gå til «[…] samfunnsnyttige eller humanitære formål». I Ot.prp. nr. 84 (1998–99) blir dette utdjupa slik:

«Det presiseres at kravet til et humanitært eller samfunnsnyttig formål, vil gjelde også for disse lotteriene. Departementet forutsetter imidlertid at det for disse lotterier legges til grunn en vid forståelse av begrepene samfunnsnyttig eller humanitær».

Det følgjer dermed at omgrepa samfunnsnyttig og humanitær har eit anna innhald for denne typen lotteri enn for dei større, landsdekkjande lotteria som er beskrivne ovanfor.

Omgrepa samfunnsnyttig og humanitær blir òg brukte i pengespellova §10. Omgrepa blir regulerte nærmare i forskrift om tilskot til organisasjonar frå Norsk Tipping. For det første omfattar samfunnsnyttig og humanitær organisasjonar som fekk inntekter frå lovleg oppstilte gevinstautomatar i 2002, og som var godkjende som lotteriverdige organisasjonar av Lotteritilsynet. For det andre omfattar det organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001, men som kan søkje om midlar etter § 6a dersom dei fyller vilkåra som lotteriverdig, registrert i Frivilligregisteret under oppgitte kategoriar, landsdekkjande, ikkje-fortenestebasert og med frivillig innsats som ein viktig del av verksemda og som andreorientert, altså at dei produserer gode eller tenester for utanforståande.

Omgrepet humanitært formål har i praksis bydd på få avgrensingsproblem:

«Det ligger i begrepet at inntektene skal gå til hjelpevirksomhet av ulik art, som f.eks. redningsarbeid og nødhjelp i inn- og utland.»19

Noreg står overfor nasjonale humanitære utfordringar på områda beredskap, miljø og klima, helse og omsorg. Det krev ein landsdekkjande beredskap og ei styrking av frivillig beredskap med lokal kunnskap. Noreg er ein av meir enn 40 statar som har slutta seg til «Godt humanitært givarskap», eit sett med humanitære prinsipp og ein felles definisjon av omgrepet humanitær assistanse:

«Målsetningen for humanitært arbeid er å redde liv, lindre lidelse og opprettholde menneskers verdighet under og efter menneskeskapte kriser og naturkatastrofer, såvel som å hindre slike og styrke beredskap for å møte dem, skulle de inntreffe.»20

Dei fleste frivillige organisasjonar vil hevde at dei er samfunnsnyttige ut frå formål og/eller deltaking. Samfunnsnyttig som omgrep er derfor ikkje eigna som ein legal definisjon eller som ei enkeltståande avgrensing til bruk i tilskotsordningar. Ein definisjon av ein samfunnsnyttig organisasjon vil anten bli for generisk eller for snever. Det ville bidra til at færre organisasjonar i praksis kunne ta del i enkelte tilskotsordningar. Når omgrepet blir brukt, blir det derfor viktig å klargjere kva perspektiv som ligg til grunn, og kva type aktivitetar og formål omgrepet omfattar i den aktuelle samanhengen. For å tydeleggjere omgrepet når ein skal vurdere ein permanent modell for fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, blir det no kopla tettare opp til «andreorientert».21

15.6.3 Nærmare om beredskap

Stortinget behandla beredskapsmeldinga 13. juni 2013.22 Meldinga blei samrøystes innstilt og framhevar mellom anna følgjande: «De frivillige spiller en sentral og integrert rolle i redningstjenesten […] I mange sammenhenger er de frivillige den eneste tilgjengelige ressursen i akuttfasen.» Sundvoldenerklæringa understrekar at «[r]egjeringen vil sørge for at landet er rustet til å håndtere fremtidige kriser […] Bedre koordinering, rolleavklaring og samtrening mellom aktørene på beredskapsområdet er nødvendig for å gjøre samfunnet best mulig forberedt på alvorlige hendelser». I transport- og kommunikasjonskomiteens innstilling for statsbudsjettet 2016 heiter det: «Komiteen viser til at Redningsselskapet (NSSR) utfører viktig sjøsikkerhetsarbeid og er en avgjørende ressurs i sjøredningsarbeid langs norskekysten. Komiteen støtter at det gis statlig tilskudd til NSSR.»23 I justiskomiteens innstilling heiter det:

«Komiteen ber regjeringen, i år som i fjor, om å foreta en helhetlig gjennomgang av behovet for en styrking av rammevilkårene for frivillige organisasjoner i redningstjenesten.»24

Stortinget har gjennom beredskapsmeldinga slått fast at det er viktig å sikre den frivillige beredskapen. Noreg er avhengig av frivillige ressursar for å kunne sikre ei nasjonal redningsteneste som når alle, uavhengig av kvar i landet katastrofen skjer. Redningsselskapet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp har bygd opp kompetanse og beredskap over lang tid og har operativ verksemd i heile landet.

Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor (ISF) har utført ein pilotstudie i Hordaland og Oslo om frivillige i søk og redning. Rapporten slår fast at

«[r]edningstjenesten i Norge er avhengig av innsats fra frivillige organisasjoner». Vidare heiter det: «Ved de totalt 2591 søkene der frivillige ble mobilisert i 2014, var det Redningsselskapets Sjøredningskorps (den frivillige delen) og Norges Røde Kors Hjelpekorps som ble utkalt oftest.»25

Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp utfører oppgåver som er sentrale for norsk redning og beredskap, og som varetek vesentlege samfunnsoppgåver som må vidareførast. Det er viktig å sikre at rednings- og beredskapsoppgåvene til desse organisasjonane kan halde fram på tilsvarande nivå som i dag. Det føreset at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp har føreseielege rammevilkår gitt oppgåvene dei har i ein krisesituasjon. Departementet foreslår derfor at desse organisasjonane blir sikra ein fast prosentdel i ein ny fordelingsmodell.

I dag får Røde Kors 34,9 prosent (215 millionar kroner), Redningsselskapet 21,5 prosent (132 millionar kroner) og Norsk Folkehjelp 2,6 prosent (16 millionar kroner) frå delar av ordninga.26 Andre organisasjonar som bidreg til nasjonal beredskap innanfor redning, helse og omsorg, vil kunne søkje midlar frå ordninga frå 2018 så sant dei fyller vilkåra.

15.7 Høyring

15.7.1 Innleiing

Kulturdepartementet sende 22. juni 2016 ut på høyring forslag til kriterium og fordelingsmodell for ei permanent ordning frå 2018. I høyringsnotatet ba departementet om innspel på to alternative modellar, og i tillegg innføring av ei minstegrense på 20 millionar kroner i søknadsgrunnlag for sentralleddet for å sikre at ordninga er reservert store landsdekkjande organisasjonar. Vidare bad departementet om innspel med tanke på å ekskludere kategori 7100 interesseorganisasjonar frå ordninga. I begge modellane er det lagt opp til at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp er sikra ein fast årleg prosentdel av midlane:

  • Alternativ 1: Dei tre beredskapsorganisasjonane får ein fast årleg prosentdel basert på det tilskotet dei fekk i 2015. Andre organisasjonar søkjer på lik linje i samsvar med kriterium, jf. punkt 15.8.3. Alternativ 1 er i hovudsak ei vidareføring av regjeringa sin vedtekne fordelingsmodell for nye organisasjonar frå 2014, jf. § 6a i forskrift nr. 640 om fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

  • Alternativ 2: Alle dei 10 humanitære (10H) organisasjonane får ein fast årlegprosentdel basert på det tilskotet dei hadde i 2015. Andre organisasjonar søkjer i samsvar med kriterium, jf. punkt 15.8.3.

Departementet fekk 100 høyringssvar med merknader. Høyringssvara omfattar organisasjonar som har fått kompensasjon for bortfall av automatinntekter, organisasjonar som har komme inn i den noverande mellombelse ordninga, og organisasjonar som står utanfor. Paraplyorganisasjonar for frivillige organisasjonar og interesseorganisasjonar har òg avgitt høyringssvar. I tillegg omfattar høyringssvara offentlege instansar som departement og tilsyn.

15.7.2 Høyringsinstansane sitt syn

15.7.2.1 Val av alternativ

Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg om alternativa, støttar alternativ 1. ExtraStiftelsen og Frivillighet Norge har valt å ikkje kommentere nokon av alternativa av omsyn til ulike synspunkt hos medlemsorganisasjonane. Frivillighet Norge seier i høyringssvaret sitt at

«vi er glad for at en permanent ordning for fordelingen av overskuddet fra Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner kommer på plass. Vi støtter målet om en enkel og ubyråkratisk ordning, og at midlene skal tildeles som frie midler til organisasjonene».

Frivillighet Norge meiner at omgrepet samfunnsnyttig i lotterilova må erstattast med eintydige kriterium basert på kategoriar i Frivilligregisteret.

ExtraStiftelsen er oppteken av at ordninga må ha brei støtte blant organisasjonane, og at ho òg må «ha en varig karakter, som bidrar til å skape ro for organisasjonene, slik at de kan konsentrere seg om den viktige jobben de gjør for samfunnsnyttige og humanitære formål».

Kirkens Bymisjon og Norske Kvinners Sanitetsforening meiner at ingen av alternativa varetek prinsippet om ei rettferdig fordeling, og at alle bør søkje på like vilkår, uavhengig av tidlegare automatinntekter.

Hørselshemmedes Landsforbund og 20 andre helseorganisasjonar27 har sendt inn eit felles høyringssvar. Desse organisasjonane meiner at

«10Hs særskilte fordeling, basert på historisk nivå kan ikke aksepteres og anses som helt ubegrunnet. Det er vanskelig å se at 10H har noen særskilt viktig samfunnsrolle som overgår andre viktige samfunnsaktørers bidrag innenfor samfunnsnyttig og humanitære virksomhet».

Primært meiner dei at beredskapsorganisasjonane bør finansierast over statsbudsjettet.

Diabetesforbundet seier følgjande i høyringssvaret sitt:

«Forslag til alternativ 2 er i prinsippet en videreføring av det som er omtalt som automatforliket i 2001, effektuert fra 2003, hvor (10H) som har en særskilt fordeling i dagens ordning skal motta en årlig prosentandel tilsvarende det tilskudd organisasjonene mottar i 2015. Av departementets to forslag til fordelingsmodeller er alternativ 1, etter vårt syn, det alternativet som i størst grad nærmer seg en mer rettferdig fordeling av tippemidlene.»

Den Norske Turistforening støttar alternativ 1 og forslag til kriterium for å kunne vere søkjar i ordninga. Actis støttar alternativ 1 og meiner at ordninga må vere enkel og føreseieleg, og at inntektene må vere frie. NOAH – for dyrs rettigheter meiner at alternativ 2 er uheldig, og seier mellom anna dette i høyringssvaret:

«Det kan […] stilles spørsmål til om det er framtidsrettet å låse overskudds-midler til en 10H modell med begrunnelse i tradisjon.»

10H seier i eit samla høyringssvar at

«myndighetene som følge av automatreformen har et stort ansvar for å påse at disse organisasjonene har stabile rammevilkår i samsvar med Stortingets ønsker ved innføring av enerettsmodellen». 10H er glade for alternativ 2 og meiner at det vil sikre langsiktige og føreseielege rammevilkår for 10H-organisasjonane. 10H seier vidare at «[u]tredningen fra Oxford Research viste at 10H sine aktiviteter har stor samfunnsmessig verdi, og at spillemidlene blir brukt som forutsatt i automatreformen og Stortingets vedtak».

10H-organisasjonane meiner at fleire organisasjonar kan ta del i overskotet utan at det går ut over eksisterande formål.

10H-organisasjonane støttar alternativ 2 sjølv om «prosentandelene våre reduseres i forhold til dagens prosentandeler». 10H meiner at det

«er mulig både å sikre langsiktighet og forutsigbarhet for våre organisasjoner gjennom faste prosentandeler, samtidig som nye organisasjoner / formål inkluderes i ordningen. Overgangsordningen er i seg selv et godt eksempel på at det er mulig å finne løsninger som skaper rom for flere i andelen av spilleoverskuddet som går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner. Mange av de nye formålene som kom inn i spilleoverskuddet gjennom overgangsordningen mottar nå mer støtte fra spilleoverskuddet enn flere av organisasjonene i 10H. Eksempler på dette er Turistforeningen, Norske Kvinners Sanitetsforening, Hørselshemmedes Landsforbund og Kirkens Bymisjon».

Dei som fell heilt ut av ordninga, til dømes korps, har ikkje uttalt seg om alternativa. Korps- og musikkforeiningar er opptekne av at det må leggjast til rette for alternative tilskot til desse. Norges Musikkorps Forbund og Norsk musikkråd har forståing for at ordninga skal leggjast om, og at midlane skal vere øyremerkte landsdekkjande organisasjonar.

Lotteri- og stiftelsestilsynet, som skal forvalte ordninga, seier følgjande i høyringssvaret sitt:

«Av dei to alternativa støtter Lotteri- og stiftelsestilsynet alternativ 1. Vi meiner denne modellen vil vere ein meir dynamisk modell samanlikna med alternativ 2 ettersom ein større del av overskotet vil bli fordelt etter søknad. Alternativ 2 låser ein større del av tilskotsmidla til bestemte mottakarar og alternativet frigjer seg ikkje i same grad som alternativ 1 frå den gamle speleautomatmarknaden.»

15.7.2.2 Om minstegrense for å delta i ordninga

I høyringsnotatet er det foreslått ei minstegrense på 20 millionar kroner i søknadsgrunnlag for sentralleddet (driftskostnader minus enkelte frådrag) for å sikre at ordninga er øyremerkt store landsdekkjande organisasjonar. Hørselshemmedes landsforbund o.a.

«mener at forslag om minstegrense på 20 millioner kroner vil ekskludere en rekke større landsdekkende samfunnsnyttige- og humanitære organisasjoner som bygger sin virksomhet på frivillige krefter lokalt».

NOAH meiner at organisasjonar som ligg under grensa, kan ha vel så omfattande frivillig innsats som dei som er over grensa.

Det er ulikt syn på minstegrensa avhengig av om organisasjonen ligg under eller over. Organisasjonane som ligg under minstegrensa, ønskjer å fjerne eller justere henne ned. Fleirtalet av organisasjonane som ligg over grensa, har ikkje kommentert denne, enkelte støttar minstegrensa, mens eit fåtal ønskjer ei lågare minstegrense.

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke stiller seg positiv til departementet sitt forslag til kriterium for å delta i ordninga «og vil spesielt fremheve forslaget med å innføre en minstegrense for deltagelse som et hensiktsmessig grep».

10H meiner at forslaget om å innføre ei minstegrense for å delta i ordninga «er en klok og målrettet oppfølging av Sundvolden-plattformen som sier at store humanitære organisasjoner skal prioriteres».

15.7.2.3 Om «landsdekkjande»

I høyringsnotatet er det foreslått at ein landsdekkjande organisasjon må vere representert i alle landsdelar i Noreg. Frivillighet Norge meiner at definisjonen av landsdekkjande verkar strengare enn tilrådinga i Kulturdepartementets rettleiar for tilskotsordningar for barne- og ungdomsorganisasjonar. Antirasistisk senter ønskjer ein mindre restriktiv definisjon av omgrepet. Lotteri- og stiftelsestilsynet påpeiker følgjande om landsdekkjande i sitt høyringssvar:

«Lotteri- og stiftelsestilsynet vurderer at enkelte organisasjonar som elles ville kome inn under ordninga, ikkje vil innfri vilkåret slik det er føreslått. Dei manglar eksempelvis aktivitet i Nord- Noreg.»

15.7.2.4 Beredskapsorganisasjonane

Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg om saka i høyringar i 2013 og 2016, har ikkje noko imot at den nasjonal beredskapen blir sikra. Fleirtalet av organisasjonane ønskjer at dette skal skje over statsbudsjettet. Hørselshemmedes Landsforbund mfl. meiner følgjande:

«Prinsipielt mener vi at slike oppgaver bør finansieres over statsbudsjettet […].Viktige redningstjenester kan ikke være avhengig av overskuddet til Norsk Tipping.»

Røde Kors seier følgjande i høyringssvaret sitt:

«Røde Kors støtter at regjeringen i tråd med sin erklæring, ønsker å finne en ny permanent løsning på tildeling av spillemidler gjennom tippenøkkelen. Røde Kors støtter også erklæringen og høringens forslag om å prioritere de største humanitære organisasjonene og den frivillige beredskapen.»

Norske Kvinners Sanitetsforening og Kirkens Bymisjon meiner at ingen organisasjonar bør få ein fast prosentdel. Kirkens Bymisjon uttaler følgjande:

«Begrunnelsen er at fordelingsnøkkelen i begge modellene bygger på omfanget av tidligere tiders automatinntekter for henholdsvis 3 eller 9 organisasjoner.»

15.7.2.5 Konsekvensar for organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001

Flyktninghjelpen seier følgjande i høyringssvaret sitt:

«Velges alternativ 1, vil Flyktninghjelpen falle ut av tippenøkkelen. Dette vil undergrave Flyktninghjelpens evne til å hjelpe mennesker i verdens kriseområder. Flyktninghjelpen er Norges største humanitære organisasjon og tippemidlene sammen med momskompensasjonen utgjør vår eneste offentlige ubundne støtte.»

Norges Handikapforbund seier dette i høyringssvaret sitt:

«NHF var en del av avtalen som førte fram til automatforliket og i sin tur fram til enerettsmodellen. I 2007 overtok NT automatvirksomheten og ansvaret for store deler av inntektsgrunnlaget til NHF. NHF skal etter avtalen motta midler via tippenøkkelen. En klar intensjon ved avtalen var at den overførte virksomheten skulle bidra til økte, sikre og forutsigbare inntekter for partene.»

Kreftforeningen uttrykkjer i høyringssvaret sitt:

«tilfredshet med den hovedretningen departementet legger til grunn for endringene som foreslås; at ordningen skal avgrenses til landsdekkende, andreorienterte samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner som ivaretar viktige samfunnsoppgaver». Vidare uttaler Kreftforeningen:

«Kreftforeningen er trolig den av de store organisasjonene som ville tape mest økonomisk på omlegging bort fra dagens ordning. Et inntektstap i den størrelsesorden som det kan være snakk om, mer enn en fjerdedel av våre samlede inntekter, vil medføre kutt i aktiviteter og bevilgninger, og dermed få store konsekvenser for hele bredden av arbeidet vårt overfor kreftrammede og kreftforskningen. Samtidig vil mange av oppgavene våre som kuttes måtte erstattes, da vi uten andre tilskudd over statsbudsjettet for øvrig utfører oppgaver overfor kreftrammede som det offentlige tar seg av i forhold til andre sykdomsgrupper.»

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke seier dette i høyringssvaret sitt:

«Dersom alternativ 2 i det fremlagte høringsbrev ikke skulle bli valgt, vil det få omfattende konsekvenser for LHL sitt arbeid. Det er kun alternativ 2 som kan bidra til forutsigbarhet og langsiktighet og gi frie inntekter tilsvarende dagens nivå – slik vi vurderer det.»

Norsk Blindeforbund seier i høyringssvaret sitt:

«For at Norges Blindeforbund skal kunne videreføre tilbudet om rehabilitering og habilitering av voksne nyblinde i Norge, leir og kurstilbud til barn og unge, opplæring av førerhunder, et bredt tilbud til blinde og svaksynte i alle landets fylker med mer så er vi avhengige av langsiktige og forutsigbare rammevilkår.»

48 av høyringsinnspela kom frå lokale korps og janitsjar- og musikkforeiningar som tidlegere har hatt inntekter frå gevinstautomatar og er ein del av overgangsordninga ut 2017. Høyringsfråsegnene frå dei enkelte korpsa viser til at tap av desse midlane vil få store konsekvensar for verksemda deira, og at andre inntektskjelder ikkje kan vege opp for dette.

Norges Musikkorps Forbund (NMF) har uttalt følgjande:

«NMF har forståelse for at det gjøres grep og endringer mht. disse midlene. Men vi er samtidig svært urolig for de konsekvensene dette vil medføre for den samlede økonomien i Korps-Norge. […] NMF ser det hensiktsmessige i at kun landsomfattende organisasjoner skal omfattes av den nye ordningen. Men det bør være en soleklar plikt å se på prosentfordelingen, slik at de støtteordningene som treffer lokale lag og foreninger kan få et løft.» Norsk musikkråd (NMR) seier følgjande: «NMR ser det hensiktsmessige i at kun landsomfattende organisasjoner skal omfattes av den nye ordningen, men det bør ses på kompensasjonsordninger som er treffsikre. NMR viser til NMF (Norges Musikkorpsforbund) sin uttalelse, og i likhet med dem understreker vi at uten den flora av frivillige lag og kulturforeninger i lokalsamfunnet – som i høyeste grad er samfunnsnyttige – har vi ikke noe grunnlag for landsomfattende organisasjoner.»

15.7.2.6 Overgangsordning

Norges Musikkorps Forbund meiner at «lengden på den nevnte overgangsordningen bør vurderes nøye i forhold til utviklingen av den samlede ‘pakken’ av støtteordninger».

10H-organisasjonane uttaler følgjande:

«Forslaget til permanent fordelingsmodell er en naturlig oppfølging av den velfungerende overgangsordningen og vi støtter intensjonen om å legge til rette for en prosess som gjør at vi har en permanent fordelingsmodell på plass i god tid før overgangsordningen utløper i 2017. Vi ønsker her å minne om at overgangsordningen må forlenges dersom dette mot formodning ikke skulle gå, det vil si dersom endelig fordelingsmodell ikke blir besluttet i tide til implementering fra 2018.»

Organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001, ønskjer ikkje å forlengje overgangsordninga.

15.8 Departementet si vurdering

15.8.1 Innleiing

Ei framtidig fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar skal byggje på meir objektive kriterium enn automatforliket frå 2003 og skal kunne stå seg over tid. Det vil seie at nye organisasjonar må kunne ta del i ordninga, også i framtida. Ordninga skal vere enkel og ubyråkratisk og vere i tråd med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte. Tilskotet blir rekna som frie midlar innanfor dei rammene som følgjer av organisasjonen si godkjenning etter lotterilova. Det er i tråd med regjeringa sitt mål om mindre byråkrati for frivillige organisasjonar.

15.8.2 Avvikling av automatforliket

Fordelinga av midlar var ut 2013 basert på stortingsvedtaket frå juni 2003 om innføring av ein einerettsmodell for drift av spelterminalar i regi av Norsk Tipping. I samband med innføringa av einerettsmodellen blei det inngått eit forlik med samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som hadde automatinntekter i 2001, og desse blei inkorporerte som eit tredje overskotsformål. 10H, som hadde hatt den største prosentdelen av inntekter frå gevinstautomatar, fekk ein fast prosentdel, mens andre organisasjonar kunne få midlar etter søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Frivillige organisasjonar som i si tid valde å ikkje gå inn i automatmarknaden, meiner at det ikkje er rett at den opphavlege kompensasjonsordninga skal stå til evig tid. Departementet meiner at alternativ 1 er den fordelingsmodellen som best varetek objektive kriterium, er dynamisk slik at nye organisasjonar kan komme til undervegs, og likestiller organisasjonane.

Frå 2014 har nye organisasjonar kunna søkje midlar i samsvar med fastsette kriterium. 10H har sagt at dei er einige i at nye organisasjonar bør komme inn i ordninga, men at det ikkje treng å få konsekvensar for prosentdelen til 10H. Fleirtalet av høyringsfråsegnene frå høyringsrunden i juni 2016 er tydelege på at dei ikkje ønskjer alternativ 2, som dei ser på som ei vidareføring av automatforliket.

Prosentdelen til Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp frå 2018 er basert på det tilskotet dei fekk i overgangsordninga i 2015. Forslaget vil gi desse tre organisasjonane ein noko lågare prosentsats enn om tilskotet frå ordninga i 2013 blei lagt til grunn. I samband med avviklinga av automatforliket og av omsyn til andre organisasjonar meiner departementet at dette er rimeleg.

Flyktninghjelpen vil ikkje vere omfatta av ordninga, på same måte som andre organisasjonar som primært har verksemd i utlandet. Denne regjeringa har teke høgd for at internasjonale organisasjonar ikkje er ein del av ordninga, gjennom endringar i lotteriregelverket i 2015. Etter lotteriforskrifta § 7 kan Lotteritilsynet no gi løyve i ni år til fem større private lotteri med ei omsetningsramme på 300 millionar kroner kvar og der lotterioperatøren står for trekkinga. Ein kan gi løyve til organisasjonar med stor internasjonal aktivitet.28

Enkelte 10H-organisasjonar vil kunne få meir midlar i ei ny ordning avhengig av søkjartalet, det samla søknadsgrunnlaget og midlar til fordeling, mens andre vil kunne få mindre. Sidan automatforliket blei inngått, er meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar innført. I 2016 er ordninga på 1,3 milliardar kroner. Dette er frie midlar. Alle 10H-organisasjonane får midlar frå denne ordninga.

Til saman har ordninga inkludert rundt 160 korps. Dei vil ikkje lenger vere ein del av ordninga frå 2018. Grunngivinga er at kulturorganisasjonar får midlar over kulturdelen til Norsk Tipping, og at tidlegare automatinntekter ikkje lenger skal vere eit kriterium for å få midlar.

15.8.3 Kriterium for å delta i ordninga

Ettersom det er avgrensa midlar tilgjengeleg i ordninga, er det ikkje mogleg å opne opp for at alle frivillige organisasjonar skal kunne søkje midlar frå ordninga. Sidan automatforliket blei inngått, er det etablert nye ordningar som primært kjem lokale lag og foreiningar til gode. Dei store landsdekkjande organisasjonane har viktige koordineringsfunksjonar og legg til rette for å sikre målretta verksemd over heile landet. Sentralledd bidreg med økonomisk støtte og administrativ kompetanse, slik at lokallaga kan bruke meir tid på å skape frivillig aktivitet. På denne bakgrunn prioriterer denne ordninga dei store landsdekkjande organisasjonane.

Departementet tilrår å vidareføre kriteria frå den mellombelse ordninga frå 2014 til 2017 i ordninga frå 2018, med enkelte mindre justeringar. Kriteria avgrensar omgrepet samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar i tilknyting til fordelinga av overskotet til Norsk Tipping og definerer kva for organisasjonar som vil kunne falle innanfor ordninga under ein ny modell. Fleirtalet av høyringsinstansane var einige i dei foreslåtte kriteria i høyringa frå april 2013, og desse blei innførte frå 2014 for nye søkjarar.29 Det er lagt til grunn at for å kunne få midlar til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar må organisasjonen oppfylle alle desse kriteria:

  1. lotteriverdig og registrert i Lotteriregisteret

  2. registrert i Frivilligregisteret under oppgitte kategoriar

  3. landsdekkjande

  4. ikkje-fortenestebasert og frivillig

  5. andreorientert

a. Lotteriverdig og registrert i Lotteriregisteret

I tråd med pengespellova § 10 skal ordninga vere tilgjengeleg for samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.30 Organisasjonar som har eit humanitært eller samfunnsnyttig formål, kan søkje om å bli godkjende som lotteriverdige.31 Dei fleste organisasjonane er kjende med omgrepet lotteriverdig, og dei fleste potensielle søkjarane til ordninga er alt godkjende som lotteriverdige. Lotteritilsynet skriv følgjande i erfaringsrapporten om ordninga 13. mars 2016: «Lotteritilsynet mener vilkåret om at organisasjonen skal være godkjent som lotteriverdig etter lotteriloven er lite tyngende for søkerne, de fleste er allerede godkjent.» Departementet vurderer det derfor slik at godkjenning som lotteriverdig organisasjon og krav om registrering i Lotteriregisteret ikkje påfører organisasjonane noka ekstra byrde.

b. Registrert i Frivilligregisteret under visse kategoriar

Registrering i Frivilligregisteret er ein rett som blir tilordna registreringseiningar som driv frivillig verksemd, jf. § 4 i frivilligregisterlova. Eininga skal ved melding om registrering oppgi ICNPO-kategori for aktivitets- og verksemdsområde. Eininga kan melde inntil tre kategoriar. Dersom det blir meldt meir enn éin kategori, må kategoriane rangerast i samsvar med omfanget. Det er Brønnøysundregisteret som vurderer om krava til registrering i dei ulike ICNPO-kategoriane er oppfylte. Erfaringar frå søknadsåra 2014–2015 viser at kategori 7100 interesseorganisasjonar omfattar organisasjonar med aktivitet og verksemd innanfor ei rekkje ulike område, deriblant kultur og rekreasjon, som er definerte ut av ordninga. Kategorien omfattar òg mange fleire organisasjonar enn dei andre kategoriane som kjem inn under ordninga, som vist i tabell 15.2 nedanfor.

Tabell 15.2 Einingar som er registrerte i oppgitte kategoriar per 21. november 2016.1

Formål

ICNPO

Einingar

Andre helsetenester

3400

1111

Sosiale tenester

4100

1752

Krisehjelps- og støttearbeid

4200

915

Natur- og miljøvern

5100

636

Dyrevern

5200

178

Interesseorganisasjonar

7100

4804

1 Ein organisasjon kan vere registrert i inntil tre kategoriar og kan såleis vere tald fleire gonger.

Det er heller ingen hinder for at organisasjonar som ligg utanfor dagens målgruppe32, kan registrere seg som interesseorganisasjon. Det inneber at enkelte organisasjonar som ikkje var tenkte som ein del av målgruppa, kan få midlar i overgangsperioden. Departementet har derfor i høyringsnotatet vurdert høvet til å ekskludere kategori 7100 interesseorganisasjonar. Enkelte organisasjonar har sagt at ein eksklusjon av denne kategorien kan få utilsikta konsekvensar. Det vil kunne få konsekvensar for fleire organisasjonar som ikkje har kommentert forslaget.

Departementet meiner derfor at det kan vere relevant å inkludere organisasjonar som berre er registrerte i 7100 interesseorganisasjonar, dersom det interessepolitiske formålet er knytt opp mot godkjende kategoriar i ordninga. Enkelte interesseorganisasjonar kan vere med og støtte opp under viktige samfunnsoppgåver innanfor nasjonal beredskap, helse og omsorg og miljø- og dyrevern. Departementet vurderer det derfor slik at interesseorganisasjonar med interessepolitisk hovudformål innanfor kategoriane ICNPO 3400 andre helsetenester, ICNPO 4100/4200 sosiale tenester / krisehjelp og støttearbeid og ICNPO 5100/5200 natur- og miljøvern/dyrevern kan komme inn i ordninga dersom dei fyller andre kriterium. Desse søkjarane må kunne dokumentere at hovudformålet er knytt til dei nemnde kategoriane gjennom vedtekter, årsmelding o.l. I tvilstilfelle avgjer Lotteri- og stiftelsestilsynet om ein organisasjon oppfyller vilkåra for å få rett til tilskot. Godkjende kategoriar i ny ordning frå 2018 blir då som følgjer:

  • ICNPO 3400 andre helsetenester

  • ICNPO 4100/4200 sosiale tenester / krisehjelp og støttearbeid

  • ICNPO 5100/5200 natur- og miljøvern/dyrevern

  • Organisasjonar som er registrerte i kategori 7100 og har sitt interessepolitiske hovudformålsarbeid knytt til ein av dei ovannemnde kategoriane

Departementet vurderer dette som ei relevant og avgrensa målgruppe ut frå formålet og intensjonane som ligg bak fordelinga av desse midlane. Dei valde ICNPO-kategoriane omfattar mellom anna store landsdekkjande organisasjonar innanfor beredskap, helse og omsorg og natur- og miljøvern. Søkjaren må kunne vise til at ein sentral del av verksemda til organisasjonen fell inn under minst éin av dei oppgitte kategoriane. Departementet kan fastsetje nærmare reglar om krav til registrering i dei ulike kategoriane. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som til slutt vurderer om ein sentral del av verksemda til organisasjonen fell inn under ein av dei oppgitte kategoriane. I vurderinga av om ein sentral del av verksemda til søkjarar til ordninga fell inn under minst éin av dei oppgitte kategoriane, vil ein leggje verksemda til heile organisasjonen (sentralledd og tilhøyrande underledd/avdelingar) til grunn.

c. Landsdekkjande med frivillig innsats

Landsdekkjande organisasjon er ein organisasjon som har formål og aktivitet av nasjonalt omfang. Det vil seie at formålet og aktiviteten må drivast ut over det reint regionale og lokale. Paraplyorganisasjonar er ikkje ein del av ordninga. Ei rekkje tilskotsordningar under ulike departement nyttar omgrep som landsdekkjande eller nasjonale organisasjonar. Det finst ingen juridisk felles definisjon for omgrepet. Departementet har i høyringsnotatet frå 22. juni foreslått at organisasjonen må vere representert i alle dei fem landsdelane. Frivillighet Norge har peikt på at forslaget frå departementet ikkje er i tråd med rettleiaren for forenkling av statlege tilskotsordningar for barne- og ungdomsorganisasjonar, der det heiter at «[e]n landsdekkende organisasjon har tellende region/lokallag eller tellende medlemmer med bostedsadresse i minst fem fylker». For å sikre at ordninga inkluderer organisasjonar som utfører viktige samfunnsoppgåver, og som kan koordinere og mobilisere til brei frivillig innsats ved kriser over heile landet, meiner departementet at det er naturleg at organisasjonen er breitt geografisk representert. Departementet vurderer det derfor slik at det ikkje er urimeleg å stille strengare krav til store landsdekkjande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som skal få midlar frå denne ordninga, enn til den medlemsbaserte aktiviteten i barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet meiner at organisasjonen må ha eit sentralledd eller ein sentralorganisasjon med tilknytte underledd/avdelingar med jamleg regional og lokal aktivitet i fire av fem landsdelar i Noreg (Nord-Noreg, Trøndelag, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet). Det blir ikkje stilt krav til kor mange fylke som skal vere representerte. I vurderinga av om ei avdeling eller eit underledd har jamleg aktivitet, kan forvaltaren mellom anna leggje vekt på talet på frivillige og/eller betalande medlemmer, omfanget av aktivitetstilbodet og om tilbodet er regelmessig. Det er berre sentralleddet eller sentralorganisasjonen som kan søkje. Departementet meiner at dette er ei formålstenleg og praktisk avgrensing av ordninga, samtidig som det gir sentralleddet eller sentralorganisasjonen høve til å prioritere bruken av midlane på ein måte som kan bidra til auka frivillig aktivitet. Regionreforma kan på sikt komme til å få konsekvensar for definisjonen av landsdekkjande.33 Departementet legg opp til at krav til landsdekkjande vil få tilsvarande dekningsgrad i framtida òg, men at landsdelar og fylke kan bli erstatta av regionar o.l.

For å sikre at midlane går til frivillig verksemd, må organisasjonane vere ikkje-fortenestebaserte med frivillig innsats som ein viktig del av verksemda, akkurat som med momskompensasjonsordninga.34 Dette er eit krav som det er brei semje om, og som vil bli vidareført i ei permanent ordning.

d. Andreorienterte organisasjonar

I arbeidet med å finne nye avgrensingskriterium i fordelinga av tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar blei det i rapporten frå Oxford Research gitt ei tilråding om å kople samfunnsnyttige og humanitære til omgrepet andreorienterte. Skiljet mellom eigenorienterte og andreorienterte organisasjonar har mange likskapar med skiljet mellom samfunnsretta (public benefit) og medlemsretta (member benefit) organisasjonar.35 Samtidig er denne kategoriseringa tydelegare på skiljet mellom innrettinga og arbeidsmåtane til organisasjonane, i tillegg til det overordna formålet til organisasjonane. I skiljet mellom samfunnsretta og medlemsretta organisasjonar er dei samfunnsretta innretta slik at dei hovudsakleg arbeider for å hjelpe eller støtte utanforståande grupper eller personar, mens medlemsretta organisasjonar i hovudsak arbeider for eller organiserer aktiviteten rundt eigne interne medlemmer, heller enn dei som står utanfor. Dette skiljet blir rekna for å vere eit relevant tillegg for å tydeleggjere kva organisasjonar som kan definerast som andreorienterte i fordelinga av midlar til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Ordninga skal vere avgrensa til andreorienterte organisasjonar med samfunnsretta innretning og arbeidsmåte. Aktivitetane og formålet til organisasjonane må vere utoverretta og ha som siktemål å hjelpe eller støtte utanforståande grupper eller personar.

15.8.4 Fordelingsmodell

Det er foreslått å vidareføre fordelingsgrunnlaget for den enkelte søkjaren (dei totale driftskostnadene til sentralleddet i samsvar med rekneskapen frå førre året, redusert med frådragspostar) som i dagens forskrift for nye søkjarar.36 På bakgrunn av dei fastsette vilkåra er det den nasjonale verksemda knytt til den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av organisasjonsverksemda som blir lagd til grunn. Kvar godkjende søkjar vil få ein del av beløpet til fordeling som svarer til søkjarens del av det totale fordelingsgrunnlaget, etter at den faste delen til dei tre beredskapsorganisasjonane er fordelt.

15.8.5 Minstegrense

Fleirtalet av organisasjonane som har uttalt seg om forslaget til minstegrense på 20 millionar kroner i søknadsgrunnlag, ønskjer å fjerne eller redusere denne. Ein reduksjon i minstegrensa vil bidra til at nokre fleire organisasjonar kan komme inn i ordninga. Målgruppa for ordninga er store landsdekkjande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Ordninga er dynamisk, slik at det vil vere mogleg for fleire organisasjonar å komme inn i framtida dersom dei fyller kriteria for å delta. For å unngå at det blir for få midlar til fordeling på den enkelte organisasjonen i framtida, meiner departementet at det er formålstenleg å halde på ei minstegrense i søknadsgrunnlaget. Departementet tilrår ei minstegrense på 15 millionar kroner.

15.8.6 Overgangsordning

Ei ny permanent ordning skal etablerast frå 2018. Organisasjonane som vil falle ut av ordninga eller får reduserte tilskot frå 2018, har i høyringsinnspela bedd om ei forlenging av overgangsordninga som varer i perioden 2014–2017. På bakgrunn av desse høyringsinnspela, deriblant frå mange små lag og foreiningar, legg departementet opp til at overgangsordninga blir forlengd med eitt år (ut 2018) for organisasjonar som hadde inntekter frå lovleg oppstilte automatar i 2002. Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp vil inngå i den permanente ordninga frå 2018 med ein fast del. Andre organisasjonar søkjer på like vilkår i tråd med kriterium for å delta i ordninga frå 2018.

15.8.7 Oppsummering og konklusjon

Stortinget har gjennom beredskapsmeldinga slått fast at det er viktig å sikre den frivillige beredskapen. Både denne regjeringa og Stoltenberg II-regjeringa har tidlegere fremja forslag i høyring om at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal sikrast med ein fast del tilsvarande det tilskotet dei får i dag. Fleirtalet av høyringsinstansane har ingen vesentlege motførestellingar mot dette. Denne regjeringa godkjende i 2014 dei allereie fastsette vilkåra37 for kva nye organisasjonar som kan få midlar frå Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.38 I høyringsrundane frå 2013 og juni 2016 kjem det fram at det er brei oppslutning om hovudkriteriet og fordelingsmodellen for ordninga.

Fordelinga av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar skal byggje på objektive kriterium og kunne stå seg over tid. Store humanitære organisasjonar skal prioriterast, jf. Sundvoldenerklæringa. I Frivilligerklæringa heiter det:

«Regjeringen anerkjenner frivilligheten som en viktig aktør i å løse samfunnsoppgaver blant annet som leverandør av helse- og sosialtjenester og i beredskapsarbeidet.»

Ordninga skal vere enkel, ubyråkratisk og i tråd med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte. Tilskotet blir rekna som frie midlar innanfor rammene som følgjer av organisasjonen si godkjenning etter lotterilova. Det er i tråd med regjeringa sitt mål om mindre byråkrati for frivillige organisasjonar. Departementet vurderer det slik at alternativ 1 bidreg til mest mogleg likebehandling av tilsvarande typar organisasjonar basert på driftskostnader og aktivitetsformål. For å komme fleirtalet av høyringsinnspela i møte blir overgangsordninga forlengd med eit år, med unntak for Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp, som inngår i permanent ordning frå 2018 med ein fast prosentdel.

Boks 15.1 Departementet sin konklusjon om fordeling av Norsk Tipping sitt overskudd til humanitære og samfunnsnyttige organisasjoner

Overgangsordninga for organisasjonar med automatinntekter i 2001 blir forlenga med eitt år, ut 2018. Dette gjeld ikkje for Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp som inngår i ei permanent ordning frå 2018, med ein fast årleg prosentdel tilsvarande det tilskuddet dei mottok i 2015.

Ein permanent modell for fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige- og humanitære organisasjonar blir innført frå 2018. Organisasjonar utan automatinntekter i 2001 inngår i den permanente ordninga frå 2018 og søkjer i tråd med faste kriteriar. Minstegrensa blir satt til 15 millionar kroner.

Fotnotar

1.

Nærmare om tippenøkkelen i kap. 14.1.

2.

Forskrift 12. juni 2009 nr. 640 om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping.

3.

Midlertidig forskrift 23. mai 2008 nr. 480 om kompensasjon for bortfall av inntekter fra gevinstautomater for året 2008.

4.

Gruppa 10H = Røde Kors, Redningsselskapet, Norsk Folkehjelp, Kreftforeningen, Norges Handikapforbund, Norges Blindeforbund, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Redd Barna, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Flyktninghjelpen

5.

Innst. O. nr. 124 (2002–2003), avsnitt 2.4.2.

6.

Oxford Research: Fordeling av Norsk Tippings overskudd øremerket humanitære og samfunnsnyttige organisasjoner, 2013

7.

Oxford Research-rapporten, side 9

8.

Forskrift 9. august 2013 nr. 958 om endring i forskrift 12. juni 2009 nr. 640 om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping

9.

https://www.brreg.no/lag-og-foreninger/registrering-i-frivillighetsregisteret/tilgjengelige-kategorier-av-virksomhet/

10.

Prop. 1 S (2013–2014)

11.

Forskrift 14. mai 2014 nr. 639 om endring i forskrift 12. juni 2009 nr. 640 om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping.

12.

Forskrift om tilskot til org. frå Norsk Tipping § 6a

13.

Forskrift om tilskot til org. frå Norsk Tipping §§ 3 og 4

14.

Prop. 1 S (2013–2014), s. 133.

15.

Sjå departementet si vurdering under punkt 15.8.3.

16.

Forskrift om tilskot til org. frå Norsk Tipping § 2, 3. leddet.

17.

Lotterilova § 5 første leddet

18.

Som definert i lotterilova § 7 første leddet bokstav b

19.

Ot.prp. nr. 44 (2002–2003) Om lov om endringer i pengespill- og lotterilovgivningen, avsnitt 5.2

20.

Good Humanitarian Donorship Initiative: http://www.ghdinitiative.org/ghd/gns/about-us/our-members.html

21.

Sjå kapittel 15.8.3 punkt d

22.

Meld. 21 (2012–2013)

23.

Innst. 13 S (2015–2016)

24.

Innst. 6 S (2015–2016)

25.

Bruk av frivillige i søk og redning. En pilotstudie i to politidistrikt. Gjerde og Winsvold, 2016

26.

Forskrift om tilskot til organisasjonar frå Norsk Tipping § 3

27.

Norges Parkinsonforbund, Norsk Epilepsiforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening, Diabetesforbundet, MS-forbundet, Cerebral Parese-foreningen, ADHD Norge, Norges Astma og Allergiforbund, Norsk Revmatikerforbund, Foreningen for Hjertesyke barn, Mental Helse, Dysleksi Norge, Landsforeningen uventet barnedød, Autismeforeningen i Norge, NORILCO, Voksne med medfødt hjertefeil, Personskadeforbundet LTN, Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte, Norges Fibromyalgi Forbund og Ung Kreft.

28.

Sjå omtale i kap 2.3.3

29.

Forskrift om tilskot til organisasjonar frå Norsk Tipping § 6a

30.

Sjå kap. 15.6.2

31.

Lotterilova § 5

32.

Forskrift nr. 640 av 12. mai 2014 om fordeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære § 6a

33.

Meld. St. 22 (2015–2016) «Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver»

34.

Forskrift 15. april 2013 nr. 386 om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar § 7, femte og sjette leddet.

35.

Eimhjellen, I. og Ødegaard, G. (2016) Klima og migrasjon. To casestudiar av sivilsamfunnsorganisering i ei ny tid. Bergen/Oslo: Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor, s. 15–16

36.

Forskrift om tilskot til organisasjonar frå Norsk Tipping § 6b

37.

Endring 9. august 2013 i forskrift om tilskudd fra Norsk Tipping

38.

Endring 14. mai 2014 i forskrift om tilskudd fra Norsk Tipping.

Til forsida