Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

2 Rettsleg rammeverk

2.1 Innleiing

Det overordna målet med å regulere pengespelmarknaden i Noreg er å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former, for å avgrense uheldig speleåtferd. I tillegg skal reguleringa leggje til rette for at lotteri og pengespel kan vere ei god inntektskjelde for samfunnsnyttig og humanitært arbeid, idrett og kultur.

Den norske lotteri- og pengespelmarknaden er underlagd eit nasjonalt og eit internasjonalt rettsleg rammeverk. Nasjonalt er marknaden regulert gjennom desse lovene:

  • lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotteri m.v. (lotterilova)

  • lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill m.v. (pengespellova)

  • lov 1. juli 1927 nr. 3 om veddemål ved totalisator (totalisatorlova)

Internasjonalt utgjer EØS-avtalen sine reglar om fri flyt av tenester og etableringsretten i EØS-området det mest sentrale regelverket. Det å utforme regelverket i Noreg for lotteri og pengespel er i utgangspunktet ei nasjonal oppgåve, men reglane i EØS-avtalen legg overordna føringar for korleis regelverket blir utforma.

Det rettslege utgangspunktet i lotterilova, pengespellova og totalisatorlova er at det er forbode å tilby, marknadsføre og formidle lotteri og pengespel i Noreg utan løyve.1 Dei tre lovene opnar for at bestemte aktørar kan få løyve til å tilby visse former for lotteri og pengespel.

Lotterilova regulerer private lotteri som samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar og andre aktørar som opererer i marknaden, kan tilby. Pengespellova regulerer lotteri og pengespel som det statseigde selskapet Norsk Tipping AS (Norsk Tipping) kan tilby, og totalisatorlova regulerer totalisatorspel, som Stiftelsen Norsk Rikstoto (Norsk Rikstoto) tilbyr i dag.

Med dette utgangspunktet legg den gjeldande reguleringa av lotteri og pengespel i Noreg til rette for å gi Norsk Tipping og Norsk Rikstoto einerett til å tilby dei lotteria og pengespela som har høgast omsetning og gevinstutbetaling, og dei lotteria og pengespela som inneber høgast risiko for uheldig speleåtferd. Det er i samsvar med dei politiske målsetjingane som blei fastsette for lotteri- og pengespelsektoren i 1991.2

Den norske pengespelmodellen, som gir Norsk Tipping og Norsk Rikstoto einerett til å tilby lotteri og pengespel, inneber ein restriksjon på den frie flyten av tenester og etableringsretten som følgjer av reglane i EØS-avtalen. Restriksjonane er grunngitt med omsynet til

  • å førebyggje speleproblem

  • å halde omfanget av pengespel på eit moderat og samfunnsmessig forsvarleg nivå

  • å kanalisere spelelysta inn i ansvarlege former og sikre forbrukarvern

  • å verne offentleg orden og førebyggje kriminalitet og misleghald

  • å leie overskotet frå pengespel over til humanitære og samfunnsnyttige formål

  • å hindre at pengespeldrift blir ei kjelde til privat forteneste

Modellen er vurdert og akseptert av EFTA-domstolen og blir rekna for å vere i samsvar med EØS-avtalen.3

2.2 Gjeldande regulering i norsk rett

2.2.1 Oversikt

Lotterilova, pengespellova og totalisatorlova regulerer kven som kan tilby, marknadsføre og formidle lotteri og pengespel i Noreg. Vidare regulerer lovene kva for lotteri og pengespel aktørane kan tilby. Nærmare krav til lotteriet og pengespelet, og fordelinga av overskotet frå verksemda, er regulerte i forskrift, retningslinjer og spelereglar som det ansvarlege departementet har fastsett.

Regelverket kan samanfattast slik:

Tabell 2.1 Oversikt over regelverket på pengespelfeltet.

Tema

Lotteri

Pengespel

Totalisatorspel

Lov

Lotterilova

Pengespellova

Totalisatorlova

Sentrale forskrifter

Forskrift til lov om lotteri m.v.

Forskrift om førehandstrekte lotteri med skrapelodd

Forskrift om lotteritilsynet og lotteriregisteret

Forskrift om bingo

Forskrift om lotteriverksemd om bord på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn

Forskrift om forbod mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve

Forskrift om grasrotdel

Forskrift om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping

Forskrift om fordeling av overskot frå utbetalingsautomatar oppstilte i bingohallar

Forskrift om tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd

Forskrift om forbod mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve

Forskrift om totalisatorspel

Forskrift om forbod mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve

Retningslinjer

Reglar for marknadsføring i regi av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Retningslinjer for å distribuere spel gjennom elektroniske kanalar

Reglar for marknadsføring i regi av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Retningslinjer for å distribuere spel gjennom elektroniske kanalar

Spelereglar

Spelereglar for KongKasino, Bingoria og digital Flax

Spelereglar for Multix

Spelereglar for Belago

Spelereglar for dei andre spela til Norsk Tipping

Spelereglement

Reguleringa gjeld for

Den private lotterimarknaden

Norsk Tipping

Norsk Rikstoto

Speltypar

Lotteri med skrapelodd og andre papirbaserte loddsetlar

Lotteri som blir distribuerte på Internett og andre elektroniske plattformer

Bingo

Databingo

Gevinstautomatar og kasinospel på norske skip

Turneringspoker

Meldingslotteri

Basar

Tipping og oddsspel (Tipping, Langoddsen, Liveoddsen)

Talspel (Lotto, Extra, Keno, Joker, VikingLotto, Eurojackpot)

Internasjonale spel (VikingLotto, Eurojackpot)

Lotteri med interaktive trekningar på Internett (Instaspill, eKasino, eBingo og eFlax )

Gevinstautomatar (terminalane Multix og Belago)

Lotteri med skrapelodd (Flax)

Nabolaget

Totalisatorspel på følgjande nasjonale eller internasjonale hesteløp:

V4, V5, V65, V64, V75, V76

Dagens Dobbel

Vinner, Plass

Tvilling, Duo, Trippel

5+

Løyvemyndigheit

Lotteritilsynet

Kulturdepartementet fastset spelereglar og gir løyve etter fråsegn frå

Lotteritilsynet

Lotteritilsynet godkjenner enkeltspel

Landbruks- og matdepartementet gir konsesjon

Landbruks- og matdepartementet fastset spelereglar og gir løyve

Tilsynsmyndigheit

Lotteritilsynet

Lotteritilsynet

Lotteritilsynet

Ansvarleg departement

Kulturdepartementet

Kulturdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Felles for reguleringa er:

  • Formålet om å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd og leggje til rette for at lotteri og pengespel kan vere ei god inntektskjelde for samfunnsnyttig og humanitært arbeid, idrett og kultur

  • Kravet om løyve for å tilby lotteri og pengespel

  • Forbodet mot å tilby, marknadsføre og formidle lotteri og pengespel som ikkje har løyve

  • Forbodet mot å formidle betaling av innsats og gevinst i lotteri og pengespel som ikkje har løyve

Det gjeldande regelverket er avgrensa til å gjelde verksemd som blir rekna som lotteri og pengespel, det vil seie spel som blir tilbydde mot betaling og med gevinst, der utfallet er heilt eller delvis tilfeldig.4 I tillegg gjeld regelverket oppstilling av underhaldningsautomatar, som ikkje er å rekne som lotteri. Regelverket gjeld ikkje dataspel og sosiale nettverksspel der det er gratis å delta, eller der spelet ikkje gir gevinst eller ferdigheiter og kunnskap avgjer utfallet.

Lotterilova, pengespellova og totalisatorlova gjeld for lotteri og pengespel som blir tilbydde, marknadsførte og formidla i Noreg. Vidare gjeld lovene for slik verksemd i utlandet som er retta mot Noreg.5 Det inneber mellom anna at lotteri og pengespel på Internett, som er retta mot nordmenn frå utlandet, må ha løyve frå norske myndigheiter for å vere lovlege i Noreg. Gjeldande regelverk opnar ikkje for å gi slikt løyve. Det er likevel ikkje ulovleg for nordmenn å delta i slike spel.

Fleire uregulerte spelselskap tilbyr lotteri og pengespel i Noreg via Internett frå utlandet, utan løyve frå norske myndigheiter. Norske myndigheiter omtaler nettspelselskap utan norsk løyve som uregulerte. Det gjeld òg spelselskap som har lisens eller anna løyve til å tilby pengespel i andre jurisdiksjonar, og som derfor er regulerte der. Den uregulerte verksemda inneber eit brot på den norske lotteri- og pengespellovgivinga. Det faktum at Internett er grenseoverskridande, og fråværet av eit regelverk som kan handhevast i utlandet, gjer det utfordrande å få stansa den ulovlege aktiviteten desse spelselskapa driv i Noreg.6

2.2.2 Lotterilova

Lotterilova og tilhøyrande forskrifter regulerer den private lotterimarknaden i Noreg og legg til rette for at samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar kan få løyve til å tilby ulike former for lotteri med avgrensa omsetning. Det omfattar tradisjonelle lotteri med bruk av skrapelodd og andre papirbaserte lodd, bingo og turneringspoker. Lotterilova opnar òg for at reiarlag kan få løyve til å tilby kasinospel og spel på gevinstautomatar på norske skip i rute mellom norsk og utanlandsk hamn der overskotet kjem samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar til gode.

Lotterilova opnar ikkje for å gi løyve til lotteri med interaktive trekningar som er formidla via det elektroniske kommunikasjonsnettet.7 Interaktive trekningar vil seie lotteri der trekninga skjer på det tidspunktet spelaren sjølv vel, og på bestilling frå spelaren. Forbodet er ikkje til hinder for at Internett og andre elektroniske plattformer kan nyttast til å formidle og distribuere lotteriet.

Reglane for dei private lotteria er utforma slik at lotteria med høgast omsetning og størst risiko for uheldig speleåtferd er underlagde den strengaste reguleringa. Med det som utgangspunkt er det opna for at papirbaserte lotteri, basar og pokerspel med låg omsetning på visse vilkår kan bli tilbydde utan løyve.8 For andre lotteri er det krav om løyve. Slikt lotteriløyve kan berre givast til landsdekkjande, regionale eller lokale organisasjonar eller foreiningar som arbeider for humanitære eller samfunnsnyttige formål.9 Dersom organisasjonen overlèt gjennomføringa av lotteriet til ein privat operatør, blir det òg stilt krav om at vedkommande er autorisert som entreprenør av Lotteritilsynet.10

Lotteri som krev løyve, er nærmare regulerte i forskrift. For fleire lotteri er det sett grenser for omsetning, innskot og hastigheit i spelet. For store lotteri som får løyve, er det eit absolutt vilkår at lotteriet ikkje er venta å medføre problem i form av speleavhengigheit. Det er òg fastsett reglar som avgrensar marknadsføringsaktiviteten for desse lotteria.

Lotteritilsynet gir løyve til lotteri, og løyve blir gitt på vilkår av at overskotet går til eit samfunnsnyttig eller humanitært formål.11 Ein nærmare omtale av samfunnsnyttig eller humanitært formål blir gitt i kapittel 15. For enkelte lotteri er det fastsett i forskrift kor stor del av overskotet som skal gå til formålet.

2.2.3 Pengespellova

Pengespellova og tilhøyrande forskrifter, retningslinjer og spelereglar regulerer dei største lotteria og pengespela i tillegg til dei spela som inneber høgast risiko for problematisk speleåtferd. Lova gir Norsk Tipping einerett til å tilby slike spel i Noreg. Det omfattar talspel som Lotto og VikingLotto, tippe- og oddsspel som Tipping og Langoddsen, spel på gevinstautomatane Multix og Belago, lotteri med interaktive trekningar (nettkasino, nettbingo og elektroniske skrapelodd) og lotteria Flax og Nabolaget.

Spela kan formidlast av Norsk Tipping-kommisjonærar, på Internett og i andre elektroniske kanalar. Spel på gevinstautomaten Multix kan ein berre tilby i kontrollerbare lokale med avgrensa ferdsel, til dømes i kioskar, bowlinghallar, hotell eller kafear. Spel på gevinstautomaten Belago kan ein berre tilby i bingohallar.

Lotteria og pengespela som Norsk Tipping tilbyr, er i hovudsak regulerte gjennom retningslinjer og spelereglar som er fastsette av Kulturdepartementet med heimel i pengespellova. I tillegg har Norsk Tipping sett i verk eigne tiltak for å sikre eit trygt og ansvarleg tilbod av lotteri og pengespel.

Felles for alle lotteri og pengespel som Norsk Tipping tilbyr, er kravet om 18-års aldersgrense for deltaking. For alle spel, med unntak av Flax, er det vidare eit krav om at spelaren må vere registrert med bruk av personleg spelarkort.

For å førebyggje sosiale og økonomiske problem med speling er det òg for fleire av dei tilbydde spela fastsett reglar om maksimale tapsgrenser, frivillige og obligatoriske spelegrenser og utestenging. Det er òg fastsett retningslinjer med krav til marknadsføringa av spela. Det er dessutan innført reglar om universelle tapsgrenser på tvers av spela som Norsk Tipping tilbyr.

Kulturdepartementet gir løyve til å tilby lotteri og pengespel etter pengespellova etter fråsegn frå Lotteritilsynet. Når det gjeld enkeltspel på Norsk Tippings Instaspill, Multix- og Belago-terminalar, er det Lotteritilsynet som gir løyve.

Overskotet frå verksemda til Norsk Tipping blir fordelt ved at det først blir gitt 6,4 prosent til helse- og rehabiliteringsformål. Resten blir fordelt med 64 prosent til idrettsformål, 18 prosent til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.12 Overskotet frå terminalspelet Belago blir fordelt direkte til organisasjonane og entreprenørane for bingohallane. I berekninga av overskot inngår ikkje den innsatsen som spelaren har bestemt skal gå direkte til eit lag eller ei foreining som er tilknytt grasrotdelen.13 Fram til 2017 inngår heller ikkje eit eventuelt overskot frå spelet Nabolaget i fordelinga av overskotet til Norsk Tipping.14 Det blir òg avsett midlar til forsking, informasjon, førebygging og behandling i samband med speleavhengigheit. I tillegg opnar pengespellova § 10 for at det kan setjast av midlar til fond for å dempe verknadene av omsetningssvingingar for overskotsmottakarane. Fondet blir bygd opp i år med sterk omsetningsauke, mens ein i år med sviktande omsetning kan ta av fondet til fordel for overskotsmottakarane.

2.2.4 Totalisatorlova

Totalisatorlova og tilhøyrande forskrifter, retningslinjer og spelereglar regulerer totalisatorspela som Norsk Rikstoto har einerett til å tilby i Noreg. Det gjeld pengespel på hesteløp som V4, V75, Dagens Dobbel, Vinner og 5+.

Figur 2.1 Norsk Rikstoto har einerett på å tilby totalisatorspel i Noreg

Figur 2.1 Norsk Rikstoto har einerett på å tilby totalisatorspel i Noreg

Foto: Norsk Rikstoto/Eirik Stenhaug/Equus Media.

Spela kan formidlast av Norsk Rikstoto-kommisjonærar, via Internett og i andre elektroniske kanalar.

Pengespela som Norsk Rikstoto tilbyr er i hovudsak regulerte gjennom konsesjonen, retningslinjer og spelereglar som Landbruks- og matdepartementet har fastsett med heimel i totalisatorlova. I tillegg har Norsk Rikstoto sett i verk eigne tiltak for å sikre eit trygt og ansvarleg tilbod av pengespel.

Felles for alle pengespela som Norsk Rikstoto tilbyr, er kravet om 18-års aldersgrense for å delta. For alle spel som blir formidla på Internett og i andre elektroniske kanalar, er det òg krav om at spelaren må vere registrert. Vidare er det fastsett reglar om obligatoriske spelegrenser ved at spelaren må setje eit tak på eige innskot for ein bestemt periode for å få spele. Det er òg fastsett retningslinjer med krav til marknadsføringa av spela. Norsk Rikstoto er óg i ferd med å innføre reglar om universelle grenser for tap.

Det er Landbruks- og matdepartementet som gir løyve til å tilby spel etter totalisatorlova. I tråd med den nye konsesjonen frå 2017 skal Norsk Rikstoto legge fram alle nye spel for Lotteritilsynet for vurdering og fråsegn før dei sender søknad til departementet.

Overskotet frå verksemda til Norsk Rikstoto går til formål som bidreg til å fremje hestesport, hestehald og hesteavl. Overskotet blir fordelt etter at Norsk Rikstoto har betalt 3,7 prosent av bruttoomsetninga i årleg avgift til staten.

2.3 Historisk utvikling og regelverksendringar sidan 2000

2.3.1 Oversikt

På generelt grunnlag kan vi seie at reguleringa av den norske lotteri- og pengespelmarknaden har endra seg i takt med den teknologiske utviklinga og den aukande konkurransen frå dei uregulerte spelselskapa. Det har skapt behov for reglar som opnar for å etablere nye former for lotteri og pengespel som kan supplere og til dels erstatte dei tradisjonelle lotteria og pengespela, og reglar for korleis desse lotteria og pengespela skal distribuerast.

Frå 2000 og fram til i dag har det skjedd endringar i regelverket som har vore nødvendige for å avgrense omfanget av uheldig speleåtferd. Til dømes gav automatreforma15 Norsk Tipping einerett til å stille opp gevinstautomatar, og reguleringa av desse automatane blei flytta frå lotterilova til pengespellova.

Utviklinga på lotteri- og pengespelområdet frå 2001 og fram til i dag kan oppsummerast slik:

Tabell 2.2 Utviklinga på pengespel- og lotterimarknaden frå 2000 og fram til i dag

År

2000

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto får prøvekonsesjon til å formidle eksisterande pengespel på Internett.

2001

Lotteritilsynet blir oppretta.

2002

Samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar får prøvekonsesjon til å tilby interaktive lotteri på Internett og SMS.

2003

Stortinget vedtek å gi Norsk Tipping einerett til å tilby spel gjennom oppstilling av gevinstautomatar – reguleringa av gevinstautomatar blir flytta frå lotterilova til pengespellova.

2004

Oslo tingrett avseier dom om at stortingsvedtaket om å gi Norsk Tipping einerett til å drive speleautomatar er i strid med EØS-avtalen.

Ny formålsparagraf i lotterilova, pengespellova og totalisatorlova trer i kraft.

2005

Norsk Tipping og Norsk Rikstoto får permanent løyve til å tilby lotteri og pengespel på Internett og andre elektroniske plattformer.

Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet fastset retningslinjer for korleis spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kan marknadsførast.

Ny bingoforskrift trer i kraft.

Norsk Tipping innfører et nytt spillerkort med sikker ID som fundament for spill i alle selskapets kanaler.

2006

Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet fastset reglar for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sine spel i elektroniske kanalar.

Lotteriforskrifta blir endra, slik at ein kan tilby nye former for lotteri.

2007

Høgsterett gir staten medhald i automatsaka – oppstilling av private gevinstautomatar blir forbode.

Det blir gitt løyve til Pantelotteriet.

Ny forskrift om totalisatorspel trer i kraft.

2008

Norsk Tipping startar oppstillinga av Multix-terminalane.

Endringar i lotterilova trer i kraft – Lotteritilsynet overtek politiet sine oppgåver etter lotterilova.

Oslo tingrett slår fast at einerettsmodellen er i samsvar med EØS-avtala i Ladbrokes-dommen.

2009

Ny forskrift om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping trer i kraft.

Ny forskrift om grasrotdelen trer i kraft.

Norsk Tipping innfører obligatorisk registrert spel på alle spel med unntak av Flax og 18 års aldersgrense for alle spel.

2010

Ny forskrift om forbod mot betalingsformidling for lotteri og pengespel som ikkje har norsk løyve, trer i kraft.

Bingoautomatar blir forbudt.

Det blir fastsett innstrammingar i regelverket for bingo.

2011

Ny forskrift om fordeling av overskot frå utbetalingsautomatar oppstilt i bingohallar trer i kraft.

Norsk Tipping byrjer å stille opp Belago-automatar.

2012

Norsk Tipping lanserer Liveoddsen.

2013

Norsk Tipping lanserer Eurojackpot.

Tippenøkkelen blir endra i pengespellova.

2014

Norsk Tipping lanserer interaktive nettspill.

Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet fastset nye retningslinjer for korleis spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kan marknadsførast.

Lotterilova blir endra, og det blir opna opp for turneringspoker og vennelagspoker.

Ny forskrift om fordeling av tilskot til organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd, trer i kraft.

ESA opnar sak mot Noreg etter klage frå privat aktør om uføreseieleg regelverk.

2015

Nye reglar om store lotteri i lotteriforskrifta trer i kraft, og Stortinget vedtek å føre Extra inn i den ordinære tippenøkkelen.

ESA lukkar saka mot Noreg.

Norsk Tipping lanserer Nabolaget.

Norsk Rikstoto lanserer 5+.

2016

Norsk Tipping innfører universelle tapsgrenser.

Norsk Rikstotos konsesjon fornyes for perioden 2017 til 2021.

2.3.2 Pengespel – frå private gevinstautomatar til Nabolaget og 5+

2.3.2.1 Inngangen til 2000-talet

Ved inngangen til 2000-talet dominerte Norsk Tipping og gevinstautomatane den norske lotteri- og pengespelmarknaden med 40 prosent kvar i marknadsdelar. Marknadsdelen til Norsk Rikstoto var 12 prosent.

Norsk Tipping hadde 3800 kommisjonærar over heile landet som stod for sal av spela Tipping, Oddsen16, Lotto, VikingLotto, Flax og Joker. Selskapet var òg operatør for TV-spelet Extra på vegner av Stiftelsen Helse og Rehabilitering.

Norsk Rikstoto hadde 1300 kommisjonærar over heile landet som selde totalisatorspel. Kommisjonærane stod for 84 prosent av omsetninga av totalisatorspela, mens resten av omsetninga i all hovudsak kom frå travbanene.

På same tid var det stilt opp rundt 22 000 gevinstautomatar som blei drifta av private operatørar.

2.3.2.2 Automatreforma

I 2003 vedtok Stortinget å gi Norsk Tipping einerett til å tilby spel på utbetalingsautomatar, og reguleringa av desse automatane blei overført frå lotterilova til pengespellova. Bakgrunnen for vedtaket var den urovekkjande auken av personar med speleproblem knytte til dei oppstilte gevinstautomatane og manglande vilje i automatbransjen til å etterkomme Kulturdepartementet sitt forslag om å stramme inn regelverket.

Lovendringa skapte sterke reaksjonar hos aktørane i automatbransjen, og saka blei lagd fram for ein nasjonal domstol og EFTAs overvakingsorgan ESA. Rettslege avklaringar om automatreforma tok tid, og først i 2007 avgjorde Høgsterett endeleg at Norsk Tipping kunne få einerett til å stille opp utbetalingsautomatar.17

Andre gevinstautomatar blei forbodne å stille opp og blei fjerna 1. juli 2007. Like etter blei reglane for Norsk Tipping si oppstilling av terminalspelet Multix godkjende, og dei første spelterminalane blei oppstilte i 2008.

I 2010 blei det gjennomført ei tilsvarande endring for bingoautomatane som var oppstilte i bingohallane. Reguleringa av bingoautomatar blei overført frå lotterilova til pengespellova, og Norsk Tipping fekk einerett til å tilby terminalspelet Belago i bingolokala.

Samtidig som Norsk Tipping fekk einerett til å tilby spel på utbetalingsautomatar, blei det med heimel i pengespellova fastsett ei mellombels forskrift som gav samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar kompensasjon for bortfallet av automatinntektene. Ordninga danna grunnlaget for ei fast tilskotsordning som blei innført i 2009 der det blei fastsett i lov og forskrift at 18 prosent av overskotet til Norsk Tipping skulle fordelast til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.18

Figur 2.2 I 2003 vedtok Stortinget å gi Norsk Tipping einerett på å tilby spel på utbetalingsautomatar

Figur 2.2 I 2003 vedtok Stortinget å gi Norsk Tipping einerett på å tilby spel på utbetalingsautomatar

Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet.

2.3.2.3 Nye spel på Internett

I 2000 fekk Norsk Tipping og Norsk Rikstoto prøvekonsesjon til å formidle eksisterande lotteri og pengespel på Internett. Vidare blei to grupperingar av samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar gitt prøvekonsesjonar til drift av interaktive lotteri på Internett og mobiltelefon i 2002. Bakgrunnen for prøvekonsesjonane var den teknologiske utviklinga og konkurransen frå utlandet.

Etter høyring blei det i 2005 bestemt å gi Norsk Tipping og Norsk Rikstoto permanente løyve til å formidle dei eksisterande pengespela på Internett og i andre elektroniske kanalar. Løyvet blei avgrensa mot interaktive lotteri og pengespel. Det blei ikkje opna for at andre aktørar kunne få slikt løyve, og lotteria til dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane på desse kanalane blei avvikla.

I 2014 lanserte Norsk Tipping lotteri med interaktive trekningar på Internett. Spela blir tilbydde innanfor eit omfattande ansvarlegheitsrammeverk som er fastsett i spelereglar med krav til maksimale tapsgrenser og obligatoriske og frivillige spelegrenser. Målet var å få nordmenn som speler hos uregulerte spelselskap, til å spele meir ansvarleg og kontrollert hos Norsk Tipping.

2.3.2.4 Andre nye spel

I perioden 2000 og fram til 2015 vidareutvikla Norsk Tipping og Norsk Rikstoto fleire av dei tradisjonelle pengespela, og det blei òg lansert nokre nye spel.

I 2002 fekk Norsk Rikstoto løyve til å samarbeide med det svenske totalisatorselskapet ATG, slik at norske spelarar fekk høve til å spele i felles pott på svenske og norske løp. I 2003 blei selskapet vidare gitt løyve til å innføre Jokerpotten i V75, og denne endringa var med på gjere V75 til det største totalisatorspelet i marknaden. Like etter blei Lyntoto lansert.

I 2011 fekk Norsk Tipping løyve til å tilby talspelet Eurojackpot. Talspelet blir tilbydd i samarbeid med ei rekkje europeiske land. Vidare lanserte selskapet Liveoddsen i 2012. Det er eit oddsspel som tilbyr spel mens kampane blir spelte.

I 2015 lanserte Norsk Rikstoto det internasjonale spelet 5+ i samarbeid med det franske stat-lege spelselskapet PMU. Same året lanserte Norsk Tipping lotteriet Nabolaget. Nabolaget er eit lotterispel der det blir trekt vinnarar på bakgrunn av adressa. I tillegg til at det blir trekt ein hovudvinnar tilfeldig blant deltakarane, vinn dei i nabolaget som har delteke. Det blei òg vedteke at spelet Extra skulle vere ein del av det ordinære speltilbodet til Norsk Tipping, og spelet blei dermed flytta frå lotterilova til pengespellova.

2.3.2.5 Grasrotandelen

I 2009 blei ordninga med grasrotdelen innført. Med heimel i pengespellova blei det fastsett ei forskrift som la til rette for at alle som speler på spela til Norsk Tipping, kan velje seg ein lokal organisasjon og gi inntil 5 prosent av det dei speler for, til organisasjonen. For spel på terminalen Multix og nettkasino blei satsen sett til 10 prosent av spelinnsatsen etter frådrag for gevinstar. I samsvar med intensjonen bak innføringa av grasrotdelen blei forskrifta utforma som ei lågterskelordning med minst mogleg administrativ byrde for deltakarane.

For å sikre at grasrotmidlane gjekk til reelle frivillige organisasjonar, blei det i 2011 gjort ei endring i forskrifta som gjorde det mogleg å stengje ute organisasjonar som det var grunn til å tru var oppretta hovudsakleg for å få grasrotmidlar.

For å førebyggje og sanksjonere misbruk av ordninga ytterlegare blei forskrifta endra på nytt i 2013. Det blei fastsett ein eigen formålsparagraf, og det blei innført nye og strengare krav til organisasjonane som kunne få grasrotmidlar. I tillegg blei tilsynsansvaret overført frå Kulturdepartementet til Lotteritilsynet. Etter forskriftsendringa blei mange organisasjonar utestengde frå ordninga, og misbruket av ordninga blei redusert.

2.3.2.6 Tiltak for å avgrense uheldig speleåtferd

Fleire av pengespela som Norsk Tipping og Norsk Rikstoto fekk løyve til å tilby frå 2001 og utover, var spel som innebar risiko for uheldig speleåtferd. For å avgrense moglege skadeverknader med spela blei det fastsett fleire reglar som skulle verne sårbare grupper.

Når reglane for elektronisk distribusjon av spel blei fastsette for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto i 2006, blei det innført krav om 18-års aldersgrense for alle pengespel som blei formidla på Internett og i andre elektroniske kanalar. Samtidig blei det stilt krav om at spelaren måtte vere registrert. Det blei òg stilt krav om at distribusjonen ikkje måtte skje på ein måte som skapte risiko for uheldig speleåtferd. Selskapa blei òg pålagde å informere om skadeverknader av for mykje speleaktivitet.

Året etter, i 2007, blei det innført krav om 18-års aldersgrense for alt pengespel i kommisjonærleddet til Norsk Rikstoto.

I 2009 blei det fastsett i spelereglane at alt spel hos Norsk Tipping, med unntak av Flax, skulle skje registrert. I forlenginga av dette blei det i 2010 innført krav om 18-års aldersgrense for alle spel som Norsk Tipping tilbyr. Krav til aldersgrense var tidlegare fastsett for enkelte spel som Langoddsen og terminalspela Multix og Belago, men blei no gjeldande for alle spel.

I samband med at Norsk Tipping lanserte terminalspela Multix i 2008 og Belago i 2010, og lotteri med interaktive trekningar i 2014, blei det mellom anna fastsett reglar om obligatoriske og frivillige spelegrenser knytte til tids- og pengebruk og reglar om utestenging.

For å styrkje arbeidet med å avgrense problematisk speleåtferd blei det òg i 2015 fastsett ei forskrift der frivillige organisasjonar kunne få tilskot frå avsette midlar i Norsk Tipping til bruk på konkrete hjelpetiltak eller førebyggjande tiltak.19

2.3.2.7 Krav til marknadsføringa

Utviklinga med fleire nye spel og den auka konkurransen frå dei uregulerte spelselskapa har ført til at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har auka marknadsføringa si. Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2005 felles retningslinjer for marknadsføringa av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto sine lotteri og pengespel for å sikre at marknadsføringa av spela blei gjennomført på ein måte som avgrensa uheldig speleåtferd og overdriven speling. Retningslinjene blei sist endra i 2014.

Sentrale føresegner i retningslinjene er at marknadsføringa ikkje må finne stad i større grad enn nødvendig for å kanalisere spelarar inn mot sikre og forsvarlege speltilbod, og at speloperatørane ikkje må rette marknadsføringa mot personar under 18 år. Det blir òg stilt krav om at marknadsføringa ikkje må vere urimeleg påtrengjande, og at vinnarsjansen må framstillast på ein korrekt og balansert måte.

2.3.2.8 Forbod mot betalingsformidling

I 2010 blei lotterilova, pengespellova og forskrift om totalisatorspel endra, og det blei presisert at eksisterande formidlingsforbod òg omfatta betalingsformidling av innsats og gevinst i pengespel som ikkje hadde løyve. Samtidig blei det fastsett ei forskrift med heimel i dei tre lovene som innebar forbod for norske bankar og andre finansinstitusjonar mot å formidle betaling av innskot og gevinst i pengespel som ikkje har norsk løyve.20 Formålet med forbodet var å avgrense nordmenn sin tilgang til lotteri og pengespel som ikkje hadde norsk løyve, og det hadde bakgrunn i konkurransen frå dei uregulerte spelselskapa og tilbodet av lotteri og pengespel på Internett.

2.3.3 Lotteri – frå Pantelotteriet til fem nye løyve

2.3.3.1 Endringar gjennomført på bingomarknaden

Etter automatreforma i 2003 har det blitt gjennomført fleire lov- og forskriftsendringar. Det er mellom anna opna for fleire former for lotteri, og det er fastsett ei ny bingoforskrift.

I 2005 tok ei ny forskrift om bingo til å gjelde. Den viktigaste endringa som blei gjord, var å slå fast overskotskrava til dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane.

Etter 2005 har det skjedd ein del mindre endringar i forskrift om bingo. Dei mest sentrale revisjonane blei sette i verk i perioden frå 2010 til 2012. Bingobransjen hadde då opplevd ein stor vekst sidan forbodet mot gevinstautomatar frå 1. juli 2007. Denne veksten kom berre frå spel på bingoautomatar, og seinare databingoterminalar.

På bakgrunn av dette blei det først eit forbod mot bingoautomatar frå 1. april 2010. Då ein såg at omsetninga på bingoautomatar blei flytta over på databingo, blei det òg gjort endringar i regelverket for desse terminalane. Det blei sett grenser for kor mange terminalar som kunne vere oppstilte i eit bingolokale. Vidare blei det lagt inn eit krav om at alle databingospel skulle ha 30 sekund pause mellom kvart spel. Denne endringa tok til å gjelde 1. januar 2012, og endringa har hatt mykje å seie for omsetninga på databingo.

2.3.3.2 Løyve til nye former for lotteri

I 2007 fekk Norges Røde Kors løyve til å tilby Pantelotteriet. Løyvet blei gitt med heimel i ei ny føresegn i lotteriforskrifta21 som gav Lotteritilsynet høve til å tillate nye former for lotteri i særlege tilfelle, etter førehandssamtykke frå Kulturdepartementet. Formålet med føresegna var å gi samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar høve til å utvikle nye, moderate former for lotteri med liten fare for speleavhengigheit. Slike lotteri kunne ikkje ha høgare årleg omsetning enn 100 millionar kroner, og maksimumsgevinsten er på to millionar kroner.

I åra som følgde, fekk fleire aktørar avslag på søknadene om lotteriløyve. Éin aktør som fekk avslag på søknaden om løyve, klaga det norske regelverket inn til EFTAs overvakingsorgan ESA. Det resulterte i at ESA i januar 2014 opna sak mot Noreg. I opningsbrevet peikte ESA på fire forhold med det norske regelverket som kunne vere i strid med reglane i EØS-avtalen:

  • Det var unødvendige grenser for kva type lotteri som kunne arrangerast, og søknadsprosedyren for enkelte lotteri var unødvendig komplisert.

  • Vilkåra for å få lotteriløyve var ikkje konkrete nok og var lite føreseielege.

  • Det kunne oppstå ein interessekonflikt når Kulturdepartementet og/eller Lotteritilsynet skulle avgjere søknader om lotteri samtidig som dei var involverte i styringa av Norsk Tipping.

  • Norsk Tipping og private aktørar blei forskjellsbehandla ved at det var ein eigen søknadsprosedyre for godkjenning av dei nye spela og lotteria til Norsk Tipping.

På bakgrunn av kritikken frå ESA blei regelverket endra, mellom anna slik at Kulturdepartementet ikkje lenger skulle avgjere søknader om lotteriløyve. Det blei òg opna for at lotteri kunne distribuerast på Internett eller andre elektroniske plattformer, men det blei presisert at ein ikkje kunne gi løyve til lotteri med interaktive trekningar. Ved same høve blei det laga ein ny regel om store lotteri i lotteriforskrifta. Bakgrunnen for det var eit ønske frå regjeringa om å opne opp for enkelte større lotteri som ikkje kunne medføre problem i form av speleavhengigheit, som eit supplement til tilbodet frå Norsk Tipping. Regelen tok til å gjelde i februar 2015, og han opna for at Lotteritilsynet kunne gi inntil fem niårige løyve til store lotteri med omsetning opp til 300 millionar kroner i året. Det blei òg fastsett reglar for marknadsføringa av slike lotteri. Det er samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar med internasjonal aktivitet som kan få løyva. Dersom det er fleire enn fem konsept som oppfyller krava til å få løyve, skal ein trekkje lodd for å avgjere kven som skal få endeleg løyve.

Etter regelendringane lukka ESA saka mot Noreg.

2.3.3.3 Poker

I 2014 blei lotterilova endra, og det blei opna for at det kan spelast poker i private heimar mellom personar i nær omgangskrets utan løyve når lotteriet ikkje har eit organisert eller profesjonelt preg.22 Samtidig blei lotteriforskrifta23 endra, og det blei opna for at Lotteritilsynet kunne gi løyve på inntil tre år til å tilby turneringspoker i Noreg. I 2015 blei det for første gong arrangert noregsmeisterskap i poker i Noreg.

Fotnotar

1.

Forbodet var òg nedfelt i straffelova av 1902 § 298. Forbodet er ikkje vidareført i den nye straffelova, som tok til å gjelde 1. oktober 2015

2.

St.meld. nr. 2 (1990–91) pkt. 9.4, Budsjettinnstilling S IV 1990–91 og Ot.prp. nr. 22 (2002–2003)

3.

Ladbrokes-dommen (sak E-3/06)

4.

Definisjonen av lotteri i lotterilova § 1

5.

Straffelova § 7 og lagt til grunn av Kulturdepartementet i vedtak 9. januar 2012 i klagesak om spelselskapet Cherryföretagen AB sitt tilbod av pengespelet Eurolotto på Internett

6.

Nærare om tiltak for å avgrense ulovleg spelaktivitet i kapittel 13.

7.

Lotteriforskrifta § 5 nr. 4

8.

Lotterilova § 7

9.

Lotterilova § 6

10.

Lotterilova § 4c

11.

Lotterilova §§ 4 og 5

12.

Pengespellova § 10

13.

Forskrift om grasrotandel av 27. februar 2009

14.

I ein overgangsperiode fram til 2017 blir dette fordelt direkte til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, jf. pengespellova § 10 sjette leddet.

15.

Sjå omtale i avsnitt 2.3.2.2

16.

Omgrepet «Oddsen» blir brukt i spelereglane til Norsk Tipping, og inkluderer alle oddsspela (m.a. Liveoddsen, Langoddsen og Oddsbomben

17.

Rt. 2007 s. 1003

18.

Forskrift 12. juni 2009 nr. 640 om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping

19.

Forskrift 19. desember 2014 nr. 1715 om tilskot til frivillige organisasjonar som arbeider med problematisk speleåtferd

20.

Forskrift 19. februar 2010 nr. 184 om forbod mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk løyve

21.

Dåverande Lotteriforskrifta § 7

22.

Lotterilova § 5c

23.

Forskrift til lov om lotteri m.v. § 8

Til forsida