Meld. St. 12 (2016–2017)

Alt å vinne— Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk

Til innhaldsliste

11 Tiltak for å sikre ansvarleg spel

11.1 Kanalisering av spelarar

Ein grunnleggjande føresetnad for norsk pengespelregulering er anerkjenninga av at det alltid vil vere eit visst omfang av spelelyst i befolkninga. Eit reint forbod mot alle former for spel ville ikkje ført til at folk slutta å spele, men til at alt spel ville skjedd hos uregulerte aktørar – aktørar som ikkje har dei ansvarlegheitstiltaka vi finn hos dei statleg kontrollerte spelaktørane i Noreg.

Den norske modellen inneber derfor å leggje til rette for ein regulert marknad som tilbyr attraktive pengespel og lotteri, og slik leie spelaktiviteten bort frå uregulerte aktørar. Det blir kalla kanalisering. Kanalisering kan skje på to forskjellige måtar: anten ved at spelarar som tidlegare har spelt hos uregulerte pengespelselskap, vel å flytte heile eller delar av spelet sitt til ein regulert aktør, eller ved at nye spelarar som tidlegare ikkje har spelt, vel ein regulert aktør framfor den uregulerte marknaden.

For å vere i stand til å kanalisere spelelysta til befolkninga inn i ansvarlege rammer må dei statleg kontrollerte aktørane Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kunne tilby ein attraktiv spelportefølje. Samtidig må spela dei tilbyr, ikkje vere av ein slik karakter at dei skaper auka speleproblem. Formålet med kanalisering til regulerte aktørar er nettopp at speling hos desse aktørane skal skje i ansvarlege former og ikkje føre til speleproblem.

Norsk Tipping har i dag ein brei portefølje av spel. Målet om å kanalisere spelarar er bakgrunnen for at Norsk Tipping til dømes tilbyr Instaspill og liveodds. Det er spel som i utgangspunktet har høg risiko for speleavhengigheit, men som blir tilbydde for å gi dei som ønskjer å spele, eit attraktivt tilbod med gode ansvarlegheitsrammer.

For å redusere risikoen i samband med å tilby spel som i utgangspunktet medfører høg risiko for avhengigheit, er utforminga av ansvarlegheitstiltaka til spelselskapa viktig. Ansvarlegheitstiltak omfattar mellom anna obligatoriske maksimumsgrenser for tap som gjeld på tvers av dei ulike spela selskapa tilbyr, høve til å førehandsdefinere personlege tapsgrenser som kan vere lågare enn dei obligatoriske grensene, høve til å setje førehandsdefinerte spelepausar eller permanent utestenging og informasjon om hjelpetilbod for speleavhengige. I tillegg blir det mellom anna gjort val knytte til den grafiske og tekniske utforminga av spela og spelplattformene, og val knytte til tilbakebetalingsprosenten1 som blir tilbydd. Dette er tiltak som er eigna til å redusere risikoprofilen. Dei viktigaste ansvarlegheitstiltaka på den norske marknaden er nærmare beskrivne i kapittel 4.

Figur 11.1 Kupongkontroll hos Norsk Tipping på Hamar. Inga Nystuen kontrollerer kuponger med sjablong. Udatert

Figur 11.1 Kupongkontroll hos Norsk Tipping på Hamar. Inga Nystuen kontrollerer kuponger med sjablong. Udatert

Foto: Norsk Tipping.

Spelarane kan oppfatte ansvarlegheitstiltak som avgrensingar, noko som kan gjere spela mindre attraktive. Det kan svekkje kanaliseringsevna til spela. Til dømes kan for strenge tapsgrenser hos Norsk Tipping føre til at enkelte spelarar held fram med å spele hos dei uregulerte aktørane. Det blir kalla negativ kanalisering. Målet må derfor vere å leggje ansvarlegheitsrammene til selskapet på eit nivå der dei tilbyr vern for flest mogleg spelarar samtidig som dei fører til at færre spelarar vel uregulerte aktørar.

11.2 Registrert spel for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

11.2.1 Gjeldande krav til registrert spel

11.2.1.1 Innleiing

Både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto opererer med krav om registrert spel. Det inneber at selskapa kjenner identiteten til spelarane. Registrert spel er ein føresetnad for ei rekkje ansvarlegheitstiltak, mellom anna individuelle tapsgrenser. I dag har selskapa ulik praksis for å verifisere identiteten til kundane og omfanget av slik verifisering.

Nedanfor vurderer departementet om den noverande praksisen til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto med registrert spel er god nok.

11.2.1.2 Norsk Tipping

For Norsk Tipping er det krav om registrert spel ved bruk av personleg spelarkort på alle spel, med unntak for fysiske Flax-lodd. Registrering av brukarane kan skje hos kommisjonærane eller på Internett. Ved registrering hos kommisjonær kontrollerer kommisjonæren ID-en til spelaren når han eller ho viser fram gyldig legitimasjon. Ved registrering på Internett må spelaren legitimere seg med elektronisk signatur, som svarer til BankID. Begge desse registreringsmåtane svarer til den som norske bankar bruker for å opprette eit kundeforhold, og fyller krava i kvitvaskingslova2. Så lenge det ikkje har skjedd noko ID-tjuveri eller nokon har lånt ut spelarkortet, vil Norsk Tipping relativt sikkert kunne fastslå kven som gjennomfører eit spel.

11.2.1.3 Norsk Rikstoto

For kundane til Norsk Rikstoto er det per i dag registrert spel i elektroniske kanalar. For spelet 5+ er det krav om at spelaren alltid speler registrert, også hos kommisjonær. Elles kan alle som ønskjer å spele registrert hos Norsk Rikstoto, gjere det, uavhengig av spel og salskanal. I den nye konsesjonen til Norsk Rikstoto som trer i kraft 1. januar 2017, er det stilt krav om at alt spel hos selskapet skal skje registrert på unike spelarprofilar innan 1. januar 2018. Spel som blir leverte på totalisatorbanene til dagens løp mens arrangementet er i gang, kan likevel skje uregistrert inntil vidare. Banespel utgjorde i 2014 om lag 4,4 prosent av omsetninga til Norsk Rikstoto. Innan 1. januar 2018 er Norsk Rikstoto i samsvar med konsesjonen pålagt å gjennomføre ei risikovurdering og vurdere tiltak for å redusere risikoen for uheldig speleåtferd ved banespel. Denne vurderinga vil danne grunnlag for eventuelle nye krav til ansvarlegheitstiltak for banespel.

Etter det departementet er kjent med, blir det i dagens registreringssystem i Norsk Rikstoto ikkje gjennomført nokon identitetskontroll av den som skal opprette ein spelarprofil, utover at ein sjekkar det oppgitte fødselsnummeret mot folkeregisteret. Det er mogleg å opprette fleire spelarkontoar på ulike personar som ein kjenner fødselsnummeret til, og knyte desse brukarprofilane opp mot bankkortet til ein annan person. Det er òg mogleg å opprette fleire spelarkontoar på det same fødselsnummeret.

11.2.2 Departementet si vurdering

11.2.2.1 Overordna

Hovudmålet i spelpolitikken er å sikre ansvarleg spel. For fleire av ansvarlegheitstiltaka er det ein føresetnad at spelet skjer registrert på ein personleg spelarkonto. Det gjeld mellom anna alderskontroll, innføring av tapsgrenser og ulike verktøy for å overvake spelåtferd. Norsk Tipping har innført obligatoriske tapsgrenser som gjeld på tvers av alle spela dei tilbyr med unntak for fysiske Flax-lodd. Norsk Rikstoto er i ny konsesjon pålagt å gjere det same innan 1. januar 2019. Dersom spelarane kan spele både registrert og uregistrert hos éin og same operatør, vil dei kunne omgå desse ansvarlegheitstiltaka, som dermed vil ha redusert effekt. Det same er tilfellet dersom ein ikkje kan sikre at den registrerte spelaren og den som faktisk speler er den same, og at kvar enkelt spelar berre har éin spelarkonto. Registrert spel er òg eit viktig virkemiddel for å hindre kvitvasking.

11.2.2.2 Norsk Tipping

Norsk Tipping kan gjennom registrerings- og verifiseringsløysinga si i stor grad vere sikre på at den som speler, er den han eller ho utgir seg for å vere. Departementet ser derfor ikkje behov for å stille strengare krav til registreringa til Norsk Tipping.

ID-tjuveri eller utlån av spelar-ID vil framleis kunne gjere det mogleg for andre enn den registrerte å spele med registreringsløysinga i dag. Slike tilfelle kan likevel ikkje hindrast ved å innføre strengare krav til registreringa, men må motverkast ved hjelp av andre former for kontrolltiltak. Norsk Tipping har gjennomført fleire tiltak for å motverke slike tilfelle. Det er mellom anna sett i verk automatisert overvaking og kontroll av spelarkort, og det blir sendt SMS til kundar ved unormale transaksjonar. Hos kommisjonærar er det gitt ytterlegare opplæring, og det har vore ført tilsyn mot kommisjonærar der ein mistenkjer misbruk. Departementet legg til grunn at Lotteritilsynet fortløpande følgjer opp kontrolltiltaka til Norsk Tipping i det ordinære tilsynsarbeidet der risiko- og vesentlegheitsvurderingar tilseier det.

Fysiske Flax-lodd er det einaste spelet frå Norsk Tipping som blir spelt uregistrert. Lotteritilsynet har tilrådd at det blir innført krav om registrert spel også for Flax-lodd. Ved å innføre eit slikt krav vil spel på Flax-lodd òg bli omfatta av dei ansvarlegheitstiltaka som gjeld for dei andre spela til Norsk Tipping.

Krav om registrert spel på Flax vil gjere kontroll med aldersgrenser meir effektivt. Vidare vil selskapet og myndigheitene få auka kunnskap om åtferda og spelemønsteret til spelarane og dermed ha betre grunnlag for å fange opp og motverke eventuelt problematisk spel knytt til Flax-lodd. Forbruk på Flax-lodd vil, ved registrert spel, bli omfatta av dei obligatoriske tapsgrensene til selskapet, og spelarar som har teke pause eller stengt seg ute frå spel, vil heller ikkje kunne spele på Flax-lodd. Innføring av krav til registrert spel for Flax-lodd vil dermed kunne gjere ansvarlegheitstiltaka til Norsk Tipping meir heilskaplege og dermed òg meir effektive.

Statistikk frå Hjelpelinja og befolkningsundersøkinga gir indikasjonar på kva slags spel som utgjer større risiko for spelarane, og kvar det er behov for å setje i verk ytterlegare tiltak. Befolkningsundersøkinga frå 2015 viser at Flax-lodd er eit spel som svært mange spelarar bruker. Samtidig er det få spelarar som blir kategoriserte som risiko- og problemspelarar, som bruker det. Av totalt 1674 respondentar som hadde delteke i skrapespel, var 6,5 prosent klassifiserte som moderate risiko- eller problemspelarar. Av spela som er med i undersøkinga, var det berre talspel (Lotto, Keno mv.) som hadde ein lågare prosentdel av problemspelarar. Det går vidare fram av statistikk frå Hjelpelinja for 2015 at skrapespel blei omtalt i fem av totalt 544 samtalar om pengespel det året. Det utgjorde 0,9 prosent av samtalane. I tilfelle der speleproblemet var knytt til meir enn eitt enkelt spel, blei det òg registrert kva for eit spel som var hovudproblemet. Skrapelodd blei ikkje oppgitt som hovudproblemspel i nokon av samtalane frå 2015. Samla indikerer det at spel på skrapelodd i liten grad utgjer noko sosialt problem i dag. Det tilseier at ansvarlegheitsgevinsten ved å innføre krav om registrert spel på skrapelodd vil vere marginal.

Samtidig opplyser Norsk Tipping at innføringa av eit slikt krav vil vere svært kostnadskrevjande, mellom anna fordi det vil bli nødvendig med ei omfattande omlegging av system for kjøp og premieutbetaling, og det vil føre til vesentleg meirarbeid for kommisjonærane. Det vil bli færre salspunkt. Krav om registrering vil òg medføre at ein ikkje lenger kan gi bort Flax-lodd som gåve eller bruke dei som premiar i konkurransar, noko som i dag er eit populært bruksområde for desse lodda. Etter ei samla vurdering ser departementet per i dag ikkje at det er forholdsmessig å innføre krav om registrert spel på Flax-lodd.

11.2.2.3 Norsk Rikstoto

Fram til i dag har det ikkje vore krav om registrert spel for alle spel hos Norsk Rikstoto. Som det blei gjort greie for ovanfor, vil det frå 1. januar 2018 bli innført krav om at alt spel skal skje registrert, med unntak av banespel som blir levert på totalisatorbane mens arrangementet er i gang.

Det inneber at den største delen av spel hos Norsk Rikstoto no vil bli omfatta av ansvarlegheitstiltaka til selskapet. Implementering av fleire registrerte spel vil òg gi selskapet og myndigheitene betre innsikt i forbruks- og spelvanane til spelarane. Denne innsikta vil igjen gi eit betre avgjerdsgrunnlag for framtidige tiltak og bidra til å styrkje effekten av ansvarlegheitstiltak på sikt.

Det bør i utgangspunktet vere eit mål at flest mogleg spel skjer registrert, så lenge det gir ansvarlegheitsgevinst og ikkje medfører store kostnader i forhold til kva ein kan vente å oppnå. Departementet vil vente på Norsk Rikstoto sine risikovurderingar og vurderingar av tiltak for å avgrense risiko rundt banespel, som skal liggje føre innan 1. januar 2018. Desse vurderingane vil gi eit betre grunnlag for å vurdere behovet for å innføre krav om registrert spel her òg, og for å kunne seie noko om kor gjennomførbart dette vil vere.

Ein føresetnad for at registrert spel skal ha ønskt effekt, er at ein ikkje kan omgå registreringsløysingane på enkelt vis. Mangelfull verifisering av personopplysningar kan auke risikoen for at enkelte spelarar utnyttar dette, til dømes for å opprette profilar i andre sitt namn. Det gjer at mange ansvarlegheitstiltak kan omgåast og miste effekt, og gi dårlegare innsikt i forbruks- og spelvanane til spelarane.

Verifiseringsnivået for registreringa hos Norsk Rikstoto er lågare enn for Norsk Tipping. Departementet kjenner ikkje til kor store kostnader ei omlegging av Norsk Rikstotos registreringsløysing kan innebere. Det vil derfor vere nødvendig å greie ut kostnadene og behovet for omlegging før ein eventuelt innfører strengare krav.

Departementet ser registrert spel med tilstrekkeleg høg kontroll av spelar-ID som en føresetnad for dei mest sentrale ansvarlegheitstiltaka, og meiner at det bør vere eit mål at flest mulig av spela hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal skje registrert. Samtidig understreker departementet at det vil kunne finnast spel der ansvarlegheitsgevinsten ved registrering er svært liten og kostnadene ved å innføre registrering er svært høge. Eit døme på dette er fysiske Flax-lodd, som vi gjorde greie for ovanfor. Det kan òg tenkjast at situasjonen vil vere den same for enkelte framtidige spelkategoriar. Departementet ser derfor ikkje grunn til å innføre eit absolutt krav om at alt spel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal skje registrert, sjølv om dette bør vere utgangspunktet.

Boks 11.1 Departementet sin konklusjon om registrert spel for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

Det er eit mål at flest mogleg av spela hos Norsk Rikstoto skal skje registrert, på same måte som hos Norsk Tipping. Departementet vil vente på Norsk Rikstoto si risikovurdering og vurdering av tiltak for å avgrense risiko rundt banespel, som skal liggje føre innan 1. januar 2018.

Departementet ser per i dag ingen grunn til å innføre krav om registrert spel for Flax-lodd.

11.3 Felles utestengingsregister i Noreg

11.3.1 Bakgrunn

I Danmark har Spillemyndigheden ansvar for Register Over Frivilligt Udelukkede Spillere (ROFUS), der alle spelarar på ein felles stad kan stengje seg ute frå online spel. Alle lisensierte tilbydarar skal ha kontakt med registeret via nett. Ingen spelarar som har stengt seg ute i ROFUS, har høve til å spele før pausen er over, eller før dei har oppheva utestenginga. Gjennom ROFUS kan spelarar stengje seg ute mellombels (1, 3 eller 6 månader) eller permanent (minimum 1 år). Registeret har i 2016 fått ein ny funksjon der spelarar òg kan setje ein 24 timars spelepause. Per 15. januar 2016 var 71 prosent av utestengingane permanente. Registrering i ROFUS skjer via Spillemyndigheden og ved hjelp av NemID, som svarer til norsk BankID. Frå 2012 til 2015 har talet på registrerte spelarar auka frå 1400 til 6000.

Hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kan alle registrerte spelarar ta pausar eller stengje seg ute permanent. Selskapa tilbyr i dag følgjande moglegheiter til å ta spelepausar:

Tabell 11.1 Tilbod om frivillige spelepausar hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

a. Ansvarlegheitsverktøy

b. Norsk Tipping

c. Norsk Rikstoto

Spel

Pauseval

Spel

Pauseval

Spelepausar

Alle spel (bortsett frå fysisk Flax)

1 dag, 7 dagar, 30 dagar, 180 dagar

I tillegg er det stoppknapp i spelet for Langoddsen, Liveoddsen og Instaspill, med 24 timars pause (éin dag). Spelaren får tilbod om å setje lenger pause

Alle spel

Spelaren vel sjølv tidsrom (dato for siste pausedag)

Pausane blir automatisk oppheva ved utløp. Lengda på spelepausar hos Norsk Tipping er tilbydd i intervall. Hos Norsk Rikstoto kan spelaren sjølv definere tidsintervallet.

Hos både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kan spelaren permanent stenge seg sjølv ute frå alt spel bortsett frå fysisk Flax hos Norsk Tipping. Spelaren kan oppheve ei permanent utestenging etter minimum eitt år ved å kontakte selskapet.

Per i dag er det ikkje krav til registrert spel i den private lotterimarknaden. Dersom ein spelar skal ha høve til å stengje seg ute, vil det krevje registrering og identifisering av vedkommande.

11.3.2 Departementet si vurdering

Eit utestengingsregister føreset at spelselskapa tilbyr registrert spel. I avsnitt 11.5 nedanfor drøftar departementet behovet for ansvarlegheitstiltak i private lotteri. Private lotteri tilbyr ikkje registrerte spel, og departementet ser ikkje grunnlag for å innføre noko påbod om dette. Dermed vil eit eventuelt utestengingsregister i Noreg berre omfatte spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

I motsetning til i Danmark vil dette tiltaket altså berre omfatte to regulerte operatørar på den statlege pengespelmarknaden. Departementet vil truleg kunne påleggje dei statleg kontrollerte aktørane å samordne registreringsordningane sine, føresett mellom anna at det finnes tekniske løysingar for ei slik samordning, og at dei varetek omsynet til personvern. På den måten kan ein sikre at alle dei største spela og spela med høgast risiko for problematisk spel blir omfatta av den same registreringsordninga. Det vil i så fall innebere at tilnærma 87 prosent av netto omsetning skjer innanfor eit samordna regime.

Ei slik samordning kan skje ved at selskapa skaper felles vilkår for pausar og permanente utestengingar, og ved at selskapa synkroniserer utestengingsregister for å sikre at spelarar som er utestengde eller har teke pause frå spel i eitt selskap, ikkje kan halde fram med å spele på det andre.

Departementet ser fleire fordelar ved ei slik løysing. For det første vil dette vere eit gjennomgripande ansvarlegheitsverktøy som kan bidra til å vareta måla i den statlege spelpolitikken meir heilskapleg og konsekvent.

For det andre er verktøy for pause og utestenging ifølgje Lotteritilsynet ikkje berre til hjelp for dei som alt har speleproblem; det er òg eit godt verktøy for å førebyggje speleproblem. Blant dei som speler online kasino, online bingo eller online skrapespel hos Norsk Tipping, hadde nær 3000 spelarar stengt seg ute permanent ved utgangen av 2015. Av desse hadde over halvparten status som grøn spelar i overvakingsverktøyet til Norsk Tipping.3 Spelarar som blir vurderte til å ikkje ha risikofylt spel, har grøn status. Men effekten av tiltaket vil bli svekt dersom spelarane som har stengt seg ute, kan spele vidare hos Norsk Rikstoto.

Departementet meiner vidare at dersom eit register skal vere eit godt verktøy for førebygging og skadeavgrensing, bør det òg hindre marknadsføring overfor spelarar som har stengt seg ute eller teke pause. For å unngå at desse får reklame for spel, vil det vere ein fordel om marknadsføringslistene til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto koordinerast mot eit eventuelt samordna utestengingsregister.

Samtidig må ein vurdere i kva grad det er behov for at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto samordnar utestengingsregistera sine. Dersom det er liten grad av overlapp mellom selskapa, vil effekten av eit slikt tiltak vere avgrensa. Før ein innfører eit potensielt kostnadskrevjande ansvarlegheitstiltak, må ein derfor sjå på kor stor del av spelarane som speler både hos Norsk Tipping og hos Norsk Rikstoto.

Tabell 11.2 viser resultata av målingane når det gjeld omfanget av spel totalt sett og hos kvar av dei statleg kontrollerte spelaktørane.

Tabell 11.2 Spelarar hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto

1. Alt spel hos NT og RT

2. Registrert spel hos NT og alt spel hos RT

Berre Norsk Tipping

60,9 %

45,0 %

Begge (NT og RT)

6,8 %

6,4 %

Berre Norsk Rikstoto

0,2 %

0,6 %

Verken hos NT eller RT1

32,1 %

48,0 %

Total

100,0 %

100,0 %

Spurde personar

2 000

2 000

1 Desse har anten spelt andre spel eller ikkje spelt i det heile teke. I alternativ 2 har dei verken spelt registrert hos Norsk Tipping eller spelt noko spel hos Norsk Rikstoto.

Kjelde: Sentio Research Norge AS.

Kolonne 1 viser at 67,7 prosent av dei spurde har spelt minst eitt av spela til Norsk Tipping, mens 7 prosent har oppgitt at dei har spelt eitt eller fleire hestespel hos Norsk Rikstoto. Ikkje meir enn 0,2 prosent har spelt berre hos Norsk Rikstoto. I kolonne 2 er resultatet avgrensa til å gjelde registrerte spel hos Norsk Tipping, det vil seie alt spel bortsett frå spel på Flax-lodd, og alt spel hos Norsk Rikstoto. Kolonne 2 viser at i alt 51,4 prosent av dei spurde spelte registrert hos Norsk Tipping. 6,4 prosent av desse spelte også hos Norsk Rikstoto. 0,6 prosent av dette utvalet spelte berre hos Norsk Rikstoto.

Ein ser altså at fleirtalet av spelarane til Norsk Rikstoto også speler hos Norsk Tipping. Tek ein utgangspunkt i dei spelarane som speler registrert hos Norsk Tipping (kolonne 2), speler 92 prosent av Norsk Rikstoto sine spelarar òg registrert hos Norsk Tipping.4 Reknar ein òg med Norsk Tipping sine Flax-lodd-kjøparar (kolonne 1), speler heile 97 prosent av Norsk Rikstoto sine spelarar også hos Norsk Tipping.

Det at ein så stor del av spelarane til Norsk Rikstoto også speler hos Norsk Tipping, tilseier at det kan vere formålstenleg å samordne utestengingsregistera til selskapa. På denne måten vil ein unngå at spelarar som har stengt seg ute frå Norsk Tipping, kan halde fram med å spele hos Norsk Rikstoto, og omvendt, og dermed auke effekten av utestenginga.

Som beskrive under punkt 1.2 i dette kapittelet er ein i ferd med å innføre krav om registrerte spel hos Norsk Rikstoto. I tillegg er både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto i ferd med å innføre obligatoriske tapsgrenser. I denne meldinga blir det òg foreslått andre til dels omfattande endringar i reguleringa av spelselskapa. Desse omleggingane vil kunne ha mykje å seie for det framtidige behovet for eit felles utestengingsregister. Departementet tilrår derfor at ei eventuell vidare utgreiing av behovet og dei tekniske moglegheitene for å samordne utestengingsregistera må sjåast i samanheng med utviklinga av ein meir heilskapleg pengespelpolitikk elles.

Boks 11.2 Departementet sin konklusjon om eit felles utestengingsregister i Noreg

Eit sentralt register for frivillig utestenging for registrert spel hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto er ikkje aktuelt no, men bør sjåast i samanheng med utviklinga av ein meir heilskapleg spelpolitikk, mellom anna innføringa av registrert spel hos Norsk Rikstoto og universelle maksimumsgrenser for tap hos Norsk Rikstoto og Norsk Tipping.

11.4 Marknadsføringsreglar for statlege og private spel

11.4.1 Bakgrunn

11.4.1.1 Omfang av betalt marknadsføring

Som nærmare beskrive i kapittel 3 blir det marknadsført mykje for pengespel i Noreg. I perioden 1. august 2015 til 31. juli 2016 blei det brukt over 900 millionar kroner på fjernsynsreklame for norske og utanlandske spelselskap. Utanlandske spelselskap utan løyve i Noreg stod for 79 prosent av denne reklamen. Dei resterande prosentane er i all hovudsak reklame for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Departementet vil vurdere om det er behov for å styrkje reglane som regulerer marknadsføring av statleg kontrollerte spel i Noreg. Departementet vil òg vurdere om det bør vere konkrete rammer, i beløp eller prosent av omsetning, for marknadsføringa for dei statleg kontrollerte spela, slik det er for dei private lotteria med løyve etter §§ 6 og 7 i lotteriforskrifta.

Både Norsk Rikstoto og Norsk Tipping har hatt eit relativt stabilt marknadsføringsnivå i perioden 2008 til 2015, med ein samla auke på nesten 51 millionar kroner. Samtidig har dei utanlandske spelselskapa hatt ei eksplosiv utvikling med ein auke på 471 millionar kroner – frå 145 til 616 millionar kroner årleg.5 Dei statleg kontrollerte aktørane sin del av den totale marknadsføringa for pengespel i Noreg er altså blitt markant reduserte dei siste åra.

11.4.1.2 Dagens regulering av marknadsføringa

Marknadsføringa for dei statlege spela er i dag regulert av «Retningslinjer for marknadsføring i regi av Norsk Tipping AS og Norsk Rikstoto». Retningslinjene er fastsette av Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet og gjeld for all kommunikasjon eller aktivitet som fremjar spel eller varemerket til operatørane. Dei gjeld både betalt og ubetalt marknadsføring og regulerer både innhaldet i og omfanget av reklamen.

Retningslinjene regulerer til dømes aldersgrenser for kven reklamen kan rettast mot, kven som kan delta i reklamen, og korleis vinnarsjansar kan presenterast. Marknadsføringsomfanget er underlagt ei skjønnsmessig avgrensing der det går fram at marknadsføringa av dei statlege pengespela ikkje må finne stad i større grad enn det som er nødvendig for å kanalisere spelelysta til folk inn mot sikre og forsvarlege speltilbod som er underlagde offentleg kontroll.

Marknadsføring for private lotteri er i dag berre til ein viss grad regulert. I lotteriforskrifta § 7a er det likevel enkelte reglar for korleis landslotteri kan marknadsføre tilboda sine. Her er det gitt reglar for både innhaldet i og omfanget av marknadsføringa. Innhaldsavgrensingane svarer i stor grad til retningslinjene som gjeld for dei statlege spela. Den største forskjellen på reguleringa er måten marknadsføringsomfanget er regulert på. I motsetning til nødvendigheitsavgrensinga som gjeld for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, er det sett eit konkret tak for kor mykje dei private lotteria kan bruke på marknadsføring. Det går fram av § 7a at lotteri med løyve etter §§ 6 og 7 i forskrifta ikkje kan bruke meir enn 15 prosent av den tillatne omsetninga etter frådrag for gevinstar til marknadsføring. Ei tilsvarande fastlagd grense eksisterer ikkje for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Norsk Tipping og Norsk Rikstoto bruker likevel ein vesentleg lågare del av omsetninga til marknadsføring enn 15 prosent.

Marknadsføring for spel utan løyve i Noreg, inkludert reklame for uregulerte spelselskap, er forbode.

11.4.2 Departementet si vurdering

Departementet vil understreke at marknadsføring for statleg kontrollerte pengespel er avgjerande for å oppnå den tiltenkte kanaliseringseffekten. Utan kanalisering er det svært vanskeleg å vareta dei overordna måla for norsk pengespelpolitikk.

Kanalisering inneber at dei lovlege aktørane skal tiltrekkje seg spelarar frå uregulerte til regulerte spel – som omtalt i første avsnitt i dette kapittelet. Kanalisering føreset både attraktive spel og nok marknadsføring for det regulerte tilbodet. På område med stor konkurranse frå dei uregulerte aktørane er det eit særleg behov for å utvikle og marknadsføre attraktive spel som kan tiltrekkje seg kundane. Uregulerte nettspeloperatørar har dei seinare åra intensivert marknadsføringa mot den norske marknaden6. Det aukar behovet for marknadsføring for Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Pengespelområdet er prega av ei rask utvikling i teknologi og speltilbod, og det er vanskeleg å spå utviklinga framover i tid. Departementet meiner at det derfor ikkje er formålstenleg å fastsetje noka konkret grense for omfanget av marknadsføring for dei statleg kontrollerte spela.

Samtidig vil departementet understreke at både dei sosialpolitiske omsyna bak norsk pengespelregulering og dei EØS-rettslege rammene på området tilseier at marknadsføringa for dei statleg kontrollerte spela ikkje skal ha større omfang enn det som er nødvendig for å kanalisere spelarar til dei lovlege spela. Dette prinsippet er nedfelt i retningslinjene for marknadsføring og set grenser både for omfanget av og aggressiviteten til marknadsføringa. Det er viktig at Lotteritilsynet vidarefører tilsynsarbeidet på dette området for å sikre at retningslinjene blir følgde.

Når det gjeld spørsmålet om ein bør styrkje reglane som regulerer marknadsføring av statleg kontrollerte spel i Noreg, meiner departementet at dagens regelverk varetek dei sosialpolitiske omsyna i spelpolitikken på ein god måte, samtidig som speltilbydarane får nødvendig fleksibilitet til å kunne møte konkurransen frå dei utanlandske spelselskapa. Som det blei gjort greie for i kapittel 10, tilrår departementet at «Nei takk»-lista til Norsk Tipping blir innført som myndigheitskrav. Lista gjeld til dels marknadsføring.

Lotteritilsynet gjennomfører årlege revisjonar av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto for å vurdere om dei følgjer retningslinjene for marknadsføring, og fører fortløpande tilsyn basert på risiko- og vesentlegheitsvurderingar. Rapportane frå tilsynet gir ikkje grunnlag for å konkludere med at selskapa marknadsfører for intensivt eller aggressivt.

Det skal òg påpeikast at retningslinjene for marknadsføring i regi av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto blei reviderte så seint som i 2014. Revisjonsprosessen skjedde i samråd med mellom anna Forbrukarombodet, Lotteritilsynet, Helse- og omsorgsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Departementet ser ikkje behov for å styrkje desse retningslinjene ytterlegare på det noverande tidspunktet.

Departementet ser heller ikkje behov for å endre regelverket for marknadsføring for private spelaktørar no. Hovudårsaka til dette er at det i dag blir marknadsført svært lite for private lotteri. Situasjonen kan likevel bli endra med innføringa av fem nye landsdekkjande lotteri med ei årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner. Lotteritilsynet vil måtte følgje utviklinga i marknadsføringa for desse lotteria tett for å sjå om det er behov for å revidere marknadsføringsreglane.

Boks 11.3 Departementet sin konklusjon om marknadsføringsreglar for statlege og private spel

Dagens ordning, der Norsk Rikstoto og Norsk Tipping fastset storleiken på eigne marknadsføringsbudsjett, skal vidareførast. Omfanget av marknadsføringa må kunne grunngivast ut frå kanaliseringsomsyn.

11.5 Ansvarlegheitstiltak for private lotteri

11.5.1 Bakgrunn

Det har vore ei omfattande teknologisk utvikling på pengespelområdet dei siste åra. Det kan medføre behov for nye reglar eller tiltak for å sikre at private lotteri blir haldne innanfor sosialt ansvarlege rammer. Departementet vil her diskutere om det er behov for fleire ansvarlegheitstiltak for private lotteri. Departementet vil særleg vurdere spørsmålet om registrert spel for enkelte av lotteria.

Ein detaljert gjennomgang av dei ulike ansvarlegheitsverktøya for private lotteri finst i avsnitt 4.3. Omfanget av problemspel knytt til konkrete spel er omtalt i kapittel 3. På marknaden i dag er det eit breitt spekter av ulike lotteri med ulik grad av risiko og ulike behov for tiltak. Det dei har til felles, er at det er relativt få ansvarlegheitsreglar for private lotteri som bingo, lokale og regionale lotteri, landsdekkjande lotteri og spel på skip, samanlikna med det som er tilfellet for dei statleg kontrollerte spela. Det er fleire årsaker til det.

Omfanget av private spel er avgrensa samanlikna med dei statleg kontrollerte spela. Private lotteri stod i 2015 for om lag 13 prosent av netto omsetning på den norske spelmarknaden. Det er lågare omsetning for dei enkelte private lotteria. Dei største private lotteria som vil bli tillatne, kan ha ei omsetning på inntil 300 millionar kroner årleg. Samla sett omset bingo for meir enn dette, men det er i realiteten summen av ei rekkje mindre lotteri. Til samanlikning omset Lotto for nesten 4000 millionar kroner årleg.

Med nokre unntak blir dei private lotteria vurderte til å ha låg risiko for speleproblem. Men private lotteri er ei sekkenemning som omfattar ei rekkje ulike typar spel og lotteri. Å vurdere risikoen for speleproblem samla vil derfor vere lite presist. Nedanfor kjem ein kort gjennomgang av samansetjinga av den private marknaden.

Basarar, smålotteri og landslotteri

Basarar er små lotteri der loddsal og trekking skjer på det same arrangementet. Loddprisen kan ikkje vere over fem kroner. I tillegg er det tak på gevinstverdiar. Kvar enkelt gevinst kan ikkje vere verd meir enn 8000 kroner, og den samla gevinstverdien kan ikkje vere over 40 000 kroner.

Smålotteri er tradisjonelle lotteri som baserer seg på loddbøker eller loddsetlar. Desse lotteria kan ha ei årleg omsetning på inntil 200 000 kroner. Det er ikkje lov med pengepremiar for slike lotteri. For å halde eit slikt lotteri må arrangøren melde frå til Lotteritilsynet.

Både basarar, smålotteri og landslotteri med omsetning på inntil 100 millionar kroner blir rekna for å innebere låg risiko for problematisk speleåtferd. Dette er spel med låg innsats, låge premiar og berre papirbasert distribusjon.

Endringane i lotteriforskrifta § 7 opnar for inntil fem landsdekkjande lotteri med ei årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner. Det er eit vilkår for å få løyve at lotteria ikkje kan ventast å medføre problem i form av speleavhengigheit. Lotteriarrangørane må utforme spela i tråd med dette kravet.

Ingen av dei landsdekkjande lotteria kan ha interaktive trekkingar distribuerte ved elektroniske kommunikasjonsnett.

Bingo

Bingo utgjer den største delen av den private marknaden i Noreg i dag. Bingo omfattar hovudspel, databingo- og Belago-terminalar. Bingo er spel med moderat til høg risiko og er derfor underlagt streng regulering som skal redusere risiko. Det prøver ein å oppnå mellom anna gjennom avgrensingar i premiesummar, tilgjengelegheit og trekkingshastigheit for databingo.

I samtalestatistikken for 2015 frå Hjelpelinja er spel i bingohallar oppgitt som hovudproblemspel for om lag 4 prosent av dei som ringjer. Men ser ein på befolkningsundersøkinga frå 2015, er det likevel ein nokså høg prosentdel av dei som speler bingospel, som er moderate risiko-spelarar eller problemspelarar. Totalbiletet verkar å vere at omfanget av problemspel knytt til bingo utviklar seg i positiv retning. Departementet legg til grunn at det per i dag ikkje er påvist noko behov for å skjerpe ansvarlegheitsrammene for bingo. Vi gir ei nærmare utgreiing for ansvarlegheitstiltak for bingospel i kapittel 16.

Figur 11.2 Poker-NM blei arrangert for første gong i 2015

Figur 11.2 Poker-NM blei arrangert for første gong i 2015

Foto: Katarina Löfgren/Maskot/NTB Scanpix.

Poker-NM

I Noreg blir poker rekna som eit spel med heilt eller delvis tilfeldig utfall. Pokerspel med innskot og gevinst oppfyller vilkåra i lotteridefinisjonen og vil dermed vere eit lotteri etter lotterilova. NM i turneringspoker er ein ny type lotteri, og Lotteritilsynet har fått myndigheit til å gi løyve til å arrangere eit slikt årleg meisterskap. Regelverket for NM i turneringspoker er teke inn i lotteriforskrifta § 8. Her blir det stilt ei rekkje krav til at meisterskapet skal haldast innanfor samfunnsmessig forsvarlege rammer. Det blir mellom anna stilt krav om 18-års aldersgrense, maksimumsgrenser for innskot og gevinst og forbod mot spel på kreditt. Arrangøren er pålagd å utarbeide nødvendige rutinar i samband med gjennomføringa av arrangementet, inkludert handtering av risiko for speleproblem. Dette arrangementet blir halde berre éin gong per år, og det er sett eit tak på kor mange deltakarar det kan vere. Tilgjengelegheita er såleis avgrensa i tid og omfang, noko som i seg sjølv er risikoavgrensande.

Spel på skip

Lotteritilsynet kan gi løyve til lotteriverksemd om bord på norske skip i heilårstrafikk mellom norsk og utanlandsk hamn. Det gjeld berre for skip som går regelmessig, og som har kapasitet til å transportere gods og køyretøy i stort omfang. Spel på skip inneber mellom anna gevinstautomatar, rulett og ulike former for kortspel. Det er spel med moderat til høg risiko for problematisk speleåtferd. Det er derfor eit krav at spela blir tilbydde på ein slik måte at dei ikkje gir skadeverknader for spelarane. Det er stilt ei rekkje krav til ansvarlege rammer rundt lotteriverksemda, mellom anna i form av grenser for innskot og gevinstar, informasjon til spelarane og krav om at reiarlaga må opne for at spelarane kan stengje seg sjølve ute frå spel. Spela har 18-års aldersgrense og blir berre tilbydde i eigne lokale om bord, noko som gjer det lettare å kontrollere aldersgrensa.

11.5.2 Departementet si vurdering

Mange ansvarlegheitstiltak er avhengige av at det blir innført obligatorisk spelarregistrering. Det gjeld til dømes utestenging frå spel og tapsgrenser. I det følgjande drøftar departementet registrert spel for dei nye landslotteria. For bingo og dei andre private lotteria kan ikkje departementet sjå at det i dag eksisterer risiko- eller problemspel i eit omfang som forsvarer dei høge kostnadene det inneber for bransjen i form av endring eller utskifting av utstyr og behov for auka bemanning. Departementet har derfor komme til at ein ikkje bør innføre obligatorisk spelarregistrering for desse lotteria.

Omgrepet private lotteri rommar alt frå små basarar på det lokale bedehuset til landslotteria som omset for mange millionar kroner i året. Departementet vil derfor i det følgjande diskutere behovet for nye ansvarlegheitsverktøy for ulike private lotteri separat. Ansvarlegheitstiltak for bingo blir drøfta i kapittel 16.

Basarar, smålotteri og landslotteri

For smålotteri, basarar og tradisjonelle landslotteri er det ikkje registrert risiko- eller problemspel. Det har heller ikkje vore noka teknologisk utvikling for desse lotteria som tilseier at det er behov for endringar i regelverket. Det er derfor eit avgrensa behov for ansvarlegheitstiltak utover dei rammene regelverket gir for gevinststorleikar, omsetning, distribusjonsform mv. Å innføre omfattande ansvarlegheitstiltak for desse lotteria vil truleg vere dyrt og ha svært liten effekt. Departementet tilrår derfor ikkje dette.

For dei nye landslotteria med ei omsetning på opp til 300 millionar kroner er det eit vilkår for å få løyve at dei ikkje er venta å medfører problem i form av speleavhengigheit. Det avgrensar for det første kva typar spel som kan få løyve, og for det andre utforminga av spela og spelereglane. Det er òg gitt ytterlegare avgrensingar ved at det ikkje er tillate med lotteri med interaktive trekkingar. Samtidig er dette lotteri med langt høgare omsetning enn tidlegare og tilgang til elektronisk distribusjon. Derfor kan det oppstå behov for mellom anna registrert spel for enkelte av desse lotteria. Departementet meiner likevel at det vil vere mest formålstenleg å vente på ei vurdering av korleis dei nye lotteria fungerer, før ein tek stilling til om det skal innførast ytterlegare ansvarlegheitstiltak. Departementet vil be Lotteritilsynet om å evaluere desse lotteria etter at dei har vore i drift ei stund.

Dersom ei slik evaluering viser at desse spela utgjer ein risiko for problematisk speleåtferd, vil regelverket bli revidert. Mellom anna kan «Nei takk»-lista bli fastsett som myndigheitskrav for private lotteri òg, som omtala i kapittel 10.3.5. Det er òg verdt å understreke at regelverket opnar for at Lotteritilsynet kan tilbakekalle eller endre vilkåra for eit løyve før fristen går ut, dersom lotteriet viser seg å vere skadeleg for samfunn eller helse.

Poker-NM

Poker-NM blei arrangert for første gong i 2015 og er dermed eit relativt nytt fenomen. Det har så langt ikkje vore rapportert om problemspel i samband med arrangementet. Arrangementet er regulert av eit detaljert og omfattande regelverk som har som mål å sikre at det blir halde innanfor sosialt ansvarlege rammer. Lotteritilsynet har løpande dialog med arrangøren og fører tilsyn med dei ulike arrangementa for å sikre at regelverket blir halde. Poker-NM har òg registrert spel, noko som styrkjer effekten av dei ulike ansvarlegheitsrammene for arrangementet. Departementet ser ingen grunn til å gjere endringar i regelverket for poker-NM på noverande tidspunkt.

Spel på skip

Ansvarlegheitskrava for spel på skip er nyleg blitt skjerpa ved at det er innført ein regel om frivillig utestenging. Reiarlaget skal i samsvar med føresegna tilby spelarane høve til frivillig utestenging frå spelelokala til reiarlaget med direkte verknad. Det må gjerast i skriftleg avtale, og utestenginga kan ikkje opphevast før etter 100 dagar.

Vidare skal det i spelelokalet liggje framme papirbrosjyrar med lett tilgjengeleg og eksemplifisert informasjon om sjansane for å vinne, innskotsgrenser og storleiken på dei ulike gevinstane.

Desse krava gjeld frå 1. januar 2016.

Tal frå Hjelpelinja og befolkningsundersøkingane tyder ikkje på at det er behov for nye ansvarlegheitstiltak for denne delen av marknaden.

Boks 11.4 Departementet sin konklusjon om ansvarlegheitstiltak for private lotteri

Det er ikkje behov for nye krav til ansvarlegheit for den private lotterimarknaden per i dag.

11.6 Ansvarlegheitsmål for Norsk Tipping

11.6.1 Innleiing

Departementet har i 2015 prøvd å måle ansvarlegheit på ein meir konkret måte. For det første skal Norsk Tipping i ein prøveperiode på to år måle og rapportere på forholdstal for prosentdelen problem- og risikospelarar hos spela til Norsk Tipping sett i forhold til samanliknbare uregulerte spel. Norsk Tipping skal òg måle og rapportere på korleis kundemassen totalt sett beveger seg mellom dei ulike risikokategoriane som selskapet sorterer spelarane sine i. Departementet har bestilt årlege rapportar frå Norsk Tipping på desse måleparametrane. Rapportane skal liggje føre innan 15. mars og 1. juni kvart år.

Lotteritilsynet gjennomfører ulike tilsyn retta mot Norsk Tipping kvart år. I tillegg blei det i 2014 etablert ein prosedyre der Lotteritilsynet årleg utarbeider ein rapport om Norsk Tipping sitt arbeid med speleansvarlegheit. Formålet med ordninga var å gjere arbeidet med ansvarlegheit i forvaltinga av norsk pengespelpolitikk meir systematisk og synlegare. Tilsynsrapporten blir behandla av generalforsamlinga og referert i budsjettproposisjonen til Kulturdepartementet.

Nedanfor vil vi vurdere korleis ein best kan måle om Norsk Tipping oppfyller dei sektorpolitiske måla for selskapet, mellom anna om det er ønskjeleg å innføre konkrete ansvarlegheitsmål for Norsk Tipping.

11.6.2 Playscan-indeks

Playscan er eit verktøy som analyserer spelardata og identifiserer teikn på uheldig spelåtferd. Døme på slike teikn er at spelaren bruker meir tid eller pengar enn før. Playscan grovsorterer spelarar etter ein modell som viser kva for ei risikogruppe dei ligg i. Grønt trafikklys vil seie at ein spelar har eit stabilt spelemønster. Gult trafikklys vil seie at det er ein viss risiko ved spelinga. Raudt trafikklys er eit varselsignal om at spelaren risikerer å utvikle eller alt har problem med spel.

Playscan kan brukast på individnivå for at spelarane i større grad skal forstå speleaktiviteten sin. Dersom speleåtferda endrar seg slik at ho gir auka risiko for problem, varslar Playscan spelarane om dette. Norsk Tipping bruker òg Playscan som eit verktøy for å sjå på korleis ulike spel påverkar speleåtferda i eit større bilete, og korleis spelemønsteret til ulike delar av spelardemografien utviklar seg. Det er på denne bakgrunn rapporten blir utarbeidd.

Det går fram av Playscan-rapporten for 2015 at spelarmassen bevegar seg i positiv retning heile året sett under eitt. Det vil seie at fleire spelarar har gått frå raudt til gult lys eller frå gult til grønt lys, enn motsett. Selskapet vurderer at Playscan-indeksen har hatt relativt moderate utslag dei fleste månadene.

11.6.3 Forholdstal for prosentdelen problem- og risikospelarar hos Norsk Tipping og samanliknbare uregulerte spel

Befolkningsundersøkingane som blir gjennomførte med jamne mellomrom, måler mellom anna prosentdelen av problemspelarar og spelarar med moderat risiko for å utvikle problem ved dei forskjellige pengespela som norske spelarar har tilbod om. Det gjer det mogleg å samanlikne spela til Norsk Tipping med liknande spel som uregulerte og andre aktørar tilbyr, gjennom å sjå på forholdstala. Forholdstala reknar vi ut slik:

Figur  

Dersom dette talet er < 1, vil det seie at prosentdelen problem- og risikospelarar er lågare hos Norsk Tipping enn hos andre aktørar, noko som igjen kan indikere at Norsk Tipping har ei meir ansvarleg spelverksemd.

Ved å setje inn tal frå befolkningsundersøkinga frå 2015 har Norsk Tipping komme fram til følgjande forholdstal:

Figur  

Forholdstala for kasino på Internett og Odds og Liveodds er < 1, noko som indikerer at Norsk Tipping sine spel på desse områda er meir ansvarlege enn samanliknbare spel som andre aktørar tilbyr. For bingo på Internett viser tala at prosentdelen problem- og risikospelarar er forholdsvis lik hos Norsk Tipping og andre aktørar i marknaden.

Denne typen analysar gir ein indikasjon på speleåtferda til kundane til Norsk Tipping samanlikna med dei som speler hos uregulerte aktørar, og kan såleis til ein viss grad brukast som eit verktøy for å kontrollere måloppnåing for Norsk Tipping.

11.6.4 Departementet si vurdering

11.6.4.1 Playscan-indeks

Norsk Tipping har brukt verktøyet Playscan for å overvake speleåtferd i fleire år. Erfaringar frå tidlegare år viser at større arrangement som OL, fotball-VM og ski-VM kan gi store utslag på indeksen. Det kjem av at mange som elles har eit lågt eller moderat forbruk, speler for store summar i kortare periodar fordi dei følgjer ei spesiell sportshending. Desse spelarane vil dermed kunne gå frå å vere grøne til å bli gule eller raude spelarar, eller frå å vere gule til å bli raude spelarar.

Sidan dette kan gjelde eit relativt stort omfang av spelarane til selskapet, vil det resultere i at spelarmassen samla sett for det gitte året har ei negativ rørsle. Samtidig kan ein ikkje konkludere med at kategoriseringa som raude eller gule spelarar gir uttrykk for reell risiko- eller problemspeling. Dersom ein set seg konkrete mål, til dømes i form av at Playscan-indeksen alltid skal vere positiv, vil ein dermed kunne bli ramma av effektar som dette utan at det seier noko om den reelle bakanforliggjande sosialpolitiske måloppnåinga.

Vidare vil det kunne vere nødvendig for Norsk Tipping å tilby spel med høg risiko for å vere attraktive nok til å oppnå den tiltenkte kanaliseringseffekten, om enn innanfor så ansvarlege rammer som mogleg. Ei innføring av slike spel kan òg føre til at delar av spelarmassen beveger seg i negativ retning på Playscan-indeksen. Det kan i eit vidare perspektiv vere eit uttrykk for ei positiv utvikling ettersom desse spelarane kan vere kanaliserte inn frå uregulerte aktørar og elles ville ha halde fram med å spele hos selskap som ikkje er omfatta av norske ansvarlegheitskrav. Ved å kanalisere spelarane til Norsk Tipping oppnår ein at dei blir omfatta av dei norske ansvarlegheitstiltaka, og at dei slik får betre vern mot uheldig speleåtferd. Dermed når selskapet det overordna målet, men dersom ein berre måler ansvarlegheit ut frå eit måltal, vil måloppnåinga for dette målekriteriet bli svekt.

Desse to poenga illustrerer at det kan vere svært vanskeleg å setje konkrete måltal som effektivt måler ansvarlegheit for Norsk Tipping. Det vil vere ein risiko for at ein reelt sett måler symptom og ikkje den reelle bakanforliggjande måloppnåinga, noko som vil svekkje nytten av målingane. Slike mål kan òg gi selskapet insentiv til å innrette speltilbodet sitt på ein måte som styrkjer måloppnåinga for dei konkrete måla, men svekkjer den overordna måloppnåinga.

Departementet meiner at Playscan-indeksen er eit nyttig verktøy for å måle trendar i speleåtferda. I lys av dei utfordringane som er skisserte ovanfor, verkar det likevel lite formålstenleg å innføre konkrete måltal for Playscan-indeksen. Ein årleg rapport med ei påfølgjande kvalitativ vurdering av tala verkar som den mest formålstenlege måten å bruke Playscan til å måle måloppnåinga til Norsk Tipping på.

11.6.4.2 Forholdstal for prosentdel problemspelarar hos Norsk Tipping og samanliknbare uregulerte spel

Akkurat som med Playscan-indeksen kan forholdstal for prosentdelen problemspelarar hos Norsk Tipping og samanliknbare uregulerte spel gi verdifull informasjon om effekten av ansvarlegheitsprofilen til Norsk Tipping.

Ei svak side ved forholdstalsmåling er at det ikkje seier noko om bevegelsen av spelarar frå uregulerte til regulerte speltilbydarar eller om utviklinga av prosentdelen risiko- og problemspelarar over tid. Eit forholdstal > 1 på eit gitt tidspunkt kan gi inntrykk av at Norsk Tipping er mindre ansvarlege enn andre aktørar, mens det i realiteten kan komme av at ein har klart å kanalisere spelarar frå uregulerte aktørar til spela til Norsk Tipping. Tilsvarande vil eit forholdstal < 1 ikkje nødvendigvis gi uttrykk for god måloppnåing, men kan rett og slett indikere at Norsk Tipping ikkje har klart å tiltrekkje seg spelarar.

Ei anna svak side ved slike forholdstal er den låge svarprosenten og det låge talet på svar i befolkningsundersøkinga absolutt sett. Særleg for enkelte speltypar medfører dette at det er stor uvisse knytt til tala. Generelt er det til dømes få personar som speler Bingoria eller annan bingo på Internett (mindre enn 1 prosent av spelarane). I befolkningsundersøkinga var det totalt 43 personar som svarte at dei hadde spelt Bingoria eller bingo på Internett gjennom uregulerte aktørar. Det at utvalet er så lite, medfører at tala som gjeld bingo på Internett, er usikre.

Departementet meiner at det er nyttig å måle forholdstal for prosentdelen av risiko- og problemspelarar, men på same måte som for Playscan-indeksen er det avgjerande for å skape eit fullstendig bilde at tala følgjast av ei kvalitativ vurdering.

Departementet meiner at dei fortløpande tilsyna frå Lotteritilsynet og den årlege rapporteringa og selskapet si eiga ansvarlegheitsrapportering gir eit godt grunnlag for å vurdere den sektorpolitiske måloppnåinga for Norsk Tipping.

Boks 11.5 Departementet sin konklusjon om ansvarlegheitsmål for Norsk Tipping

Det skal framleis vere eit fast element i Kulturdepartementet si eigarstyring av Norsk Tipping å følgje opp måloppnåinga til selskapet med tanke på ansvarlegheit.

Departementet si oppfølging av selskapet skal vere basert på både kvalitative og kvantitative vurderingar av den årlege rapporteringa til selskapet og tilsynsrapportar frå Lotteritilsynet.

Fotnotar

1.

Kor mykje av spelinnsatsen som i snitt blir utbetalt i form av premiar.

2.

Lov 2. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering mv.

3.

Meir om overvakingsverktøyet til Norsk Tipping i kapittel 11.6.2.1.1.

4.

Til saman 140 av dei spurde.

5.

Sjå figur i kapittel 3.5.

6.

Sjå nærmare omtale av dette i kapittel 3.

Til forsida