Meld. St. 13 (2021–2022)

Årsmelding 2021 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utvikling i 2021 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 381 personar fekk ved utgangen av 2021 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2021 var det 281 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 16 personar og ein tilgang på 17 personar. Per 31. desember 2021 var talet på alderspensjonistar derfor 282 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 16 379 kroner per månad. Kvinner fekk 16 606 kroner, medan menn fekk 16 267 kroner.

I 2021 tok 17 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fem kvinner og 12 menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 68,3 år for kvinner og 67,5 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 67,7 år. Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 76,8 år for kvinner og 76,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,5 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2021 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2021 var talet på uførepensjonistar to personar.

Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 17 509 kroner per månad

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2021.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2021 var det 106 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 13 personar og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2021 var talet på ektefellepensjonistar derfor 97 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 513 kroner per månad. Kvinner fekk 8 298 kroner, medan menn fekk 11 232 kroner.

I 2021 blei fire personar innvilga ektefellepensjon. Gjennomsnittleg uttaksalder var 76,6 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,3 år for kvinner og 84,9 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,4 år.

Ved inngangen til 2021 tok éin person imot barnepensjon. Det har vore ein avgang i løpet av året. Per 31. desember 2021 var det derfor ingen som tok i mot barnepensjon i ordninga.

3.4 Rekneskap for 2021

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 999 316 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2020. Administrasjonskostnadene var 1 458 881 kroner. Dette er også ein liten auke frå 2020.