Meld. St. 13 (2021–2022)

Årsmelding 2021 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

4 Utvikling i 2021 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2021 fekk totalt 106 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2021 var det 75 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på sju personar og ein tilgang på ein person. Per 31. desember 2021 var talet på alderspensjonistar derfor 69 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 12 051 kroner per månad. Kvinner fekk 13 112 kroner, medan menn fekk 11 192 kroner.

I 2021 tok ein person ut alderspensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 76,4 år for kvinner og 79,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 77,9 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2021 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2021 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2021.

4.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2021 var det 31 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på fem personar. Per 31. desember 2021 var talet på ektefellepensjonistar derfor 35 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 509 kroner per månad. Kvinner fekk 8 740 kroner, medan menn fekk 7 352 kroner.

I 2021 tok fem personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Alle var kvinner. Gjennomsnittleg uttaksalder var 73,2 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,9 år for kvinner og 71,6 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,1 år.

Ved inngangen til 2021 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har vore ein avgang og ein tilgang på barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2021 var talet på barnepensjonistar derfor to personar.

Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 4 371 kroner per månad.

4.4 Rekneskap for 2021

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 14 823 488 kroner til pensjonar. Det er en liten auke frå 2020. Administrasjonskostnadene utgjorde 349 422 kroner. Dette er også ein liten auke frå 2020.