Meld. St. 14 (2016–2017)

Kommersiell allmennkringkasting

Til innhaldsliste

5 Internasjonale rammevilkår

5.1 EØS-avtalens forbod mot offentleg støtte

Reglane i EØS-avtalen om offentleg støtte set grenser for tilgangen det offentlege har til å gje støtte til føretak. I utgangspunktet er det forbode å gje offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 nr. 1. Dersom alle vilkåra i EØS-avtalen artikkel 61 nr. 1 er oppfylt, er tiltaket å sjå på som offentleg støtte. Ein må då ta stilling til om støtta likevel kan godkjennast i samsvar med dei unntaka frå reglane som forbyr offentleg støtte i EØS-avtalen. Unntaksføresegnene står i EØS-avtalen artikkel 59 nr. 2 (unntak for tenester av allmenn økonomisk verdi) og artikkel 61 nr. 3 bokstav c (m.a. støtte som har til formål å lette utviklinga av enkelte næringsgreiner eller utviklinga på enkelte økonomiske område).

Med kjøp av tenester av allmenn økonomisk verdi er det meint offentlege kjøp av tenester som styresmaktene ser som særleg viktige for innbyggarane, og som ikkje vil bli leverte på ein tilfredsstillande måte av marknaden åleine. Medlemsstatane har ein relativt vid skjønnsmargin til å bestemme kva som skal reknast som ei teneste av allmenn økonomisk verdi.

Tenester av allmenn økonomisk verdi blir ikkje sett som offentleg støtte dersom dei såkalla Altmark-kriteria1 er oppfylte. I saker på allmennkringkastingsområdet, har verken EU-kommisjonen eller EFTAs overvakingsorgan så langt funne Altmark-kriteria oppfylt. Viss Altmark-kriteria ikkje er oppfylte, vil kompensasjon for tenester av allmenn økonomisk verdi normalt innebere offentleg støtte etter EØS-avtalen artikkel 61 nr. 1. Tiltaket er då i utgangspunktet underlagt meldeplikt til ESA, som vil vurdere om støtta er i samsvar med EØS-avtalen artikkel 59 nr. 2.

Kompensasjon for tenester av allmenn økonomisk verdi kan bli gitt utan å melde frå til ESA i forkant dersom tiltaket fell inn under gruppeunntaket for tenester av allmenn økonomisk verdi.2 Gruppeunntaket inneheld fleire vilkår som må vere oppfylte. I det følgjande blir det vist til enkelte av vilkåra. Kompensasjonen kan ikkje utgjere meir enn 15 mill. euro. Kompensasjon som overstig 15 mill. euro må som hovudregel meldast til ESA. Det offentlege kan ikkje betale meir enn det som er nødvendig for å dekke bedriftene sine kostnader ved å levere tenesta, inkludert ei rimelig forteneste. Eventuelle inntekter knytt til tenesta skal gå til frådrag. Gruppeunntaket inneheld reglar for berekning av storleiken på kompensasjonen, med prinsipp for kostnadsallokering og berekning av «rimeleg forteneste». Givaren av støtta plikter å føre kontroll med utbetalt kompensasjon for å sikre at støttemottakaren ikkje blir overkompensert. Slike undersøkingar skal gjerast jamleg og minimum kvart tredje år og når ordninga opphøyrer. Eventuell overkompensasjon som blir avdekka ved slike undersøkingar skal i utgangspunktet betalast tilbake til det offentlege. Overkompensasjon som ikkje overstig 10 pst. av den totale kompensasjonen kan vidareførast, men slik at beløpet då kjem til frådrag når kompensasjonen for påfølgande periode skal fastsettast. Gruppeunntaket gjeld i utgangspunktet ikkje for kompensasjonsordningar som varer over 10 år.

Bagatellmessig støtte for tenester av allmenn økonomisk verdi som ikkje er over 500 000 euro i løpet av ein treårsperiode, blir ikkje sett på som offentleg støtte. Slike middel kan bli tildelte utan å melde frå til ESA dersom vilkåra i forordning om bagatellmessig støtte til tenester av allmenn økonomisk verdi 3 er oppfylte.

Kompensasjon til tenester av allmenn økonomisk verdi som ikkje er i samsvar med reglane i gruppeunntaket og regelverket om bagatellmessig støtte, må som hovudregel meldas til ESA. På bakgrunn av EØS-rettens føresegner om offentleg støtte og praksis frå EU-domstolen har ESA utarbeidd retningslinjer for offentleg støtte til allmennkringkasting. Retningslinjene inneheld prinsippa ESA vil følgje dersom EØS-avtalen artikkel 61 nr. 3 og 59 nr. 2 tek til å gjelde i samband med offentleg finansiering av allmennkringkasting. Retningslinjene er ikkje eit rettsleg bindande regelverk, men legg føringar for korleis ESA skal gå fram for å vurdere om offentleg finansiering av allmennkringkastarar er i samsvar med reglane om offentleg støtte. Av retningslinjene går det fram at statsstøtte til allmennkringkasting kan godkjennast etter artikkel 59 nr. 2 dersom m.a. følgjande vilkår er oppfylde:

  • Allmennkringkastingsoppdraget bør definerast så klart og presist som mogleg. Berre tenester som er omfatta av oppdraget kan vere finansiert med offentleg støtte.

  • Allmennkringkastingsoppdraget må ligge føre som eit formelt pålegg om å utføre ei teneste av allmenn økonomisk verdi.

  • Det bør førast eit effektivt tilsyn med at allmennkringkastingsoppdraget blir oppfylt.

  • Den offentlege støtta skal berre kunne brukast til å finansiere allmennkringkastingsverksemd. Derfor må støtta ikkje overstige nettokostnadane av oppdraget (dvs. kostnader minus inntekter). Dette inneber m.a. at overkompensasjon ikkje må skje.

Ifølgje retningslinjene er det opp til nasjonale styresmakter å definere allmennkringkastingsoppdraget innanfor ramma av kva som kan reknast som tenester av allmenn økonomisk verdi, det vil seie tenester som oppfyller kulturelle, sosiale og demokratiske oppgåver i samfunnet. ESA si oppgåve er avgrensa til å undersøke om definisjonen inneheld heilt klare feil (manifest errors). Innanfor ramma av tradisjonell kringkastingsverksemd blir ein vid definisjon av kva type program som er omfatta av oppdraget, akseptert. Oppdraget kan omfatte ein brei og samansett programprofil, som er eigna til å oppnå ein viss publikumsoppslutnad.

5.2 Føresegner i EØS-avtalen om offentlege innkjøp

Offentlege verksemder må følge enkelte grunnleggande prinsipp og krav til prosedyrar ved offentlege innkjøp. Offentlege innkjøp er regulerte i lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999 nr. 69 og forskrift om offentlige anskaffelser av 7. april 2006. For at regelverket skal gjelde, må det liggje føre ei kontrakt. Etter forskrifta er kontrakt ein gjensidig og skriftleg avtale, der pliktene blir fordelte mellom ein eller fleire og oppdragsgjevarar og ein eller fleire leverandørar, jf. forskrifta § 4-(1) bokstav a. Fleire kontraktstypar er unnateke reglane. Desse er lista opp i forskrifta § 1-3 (2) bokstav a til l.

I tilfelle der det blir gjeve offentleg støtte, må det vurderast om innkjøpsreglane gjeld. Einsidig støtte eller tilskot for ein offentleg oppdragsgjevar er ikkje omfatta av innkjøpsregelveket. Det er ikkje avgjerande kva ein kallar dei konkrete transaksjonane, men om det reelt sett eksisterer ein gjensidig forpliktande avtale. I liknande saker frå høvesvis KOFA og EU-kommisjonen er det lagt til grunn at tilskot og støtteordningar må ha preg av å vere kontraktsrettsleg vederlag før det er tale om ein gjensidig forpliktande avtale. EU-kommisjonen har i ein rettleiar for tenester av allmenn økonomisk interesse presisert grensedraginga mellom gjensidig forpliktande avtalar og einsidig støtte. Følgande særtrekk talar for at ein har å gjere med ein gjensidig forpliktande kontrakt (anten eit tenestekjøp etter innkjøpsregelverket eller ein tenestekonsesjonskontrakt):

  • Formålet med kontrakten er å dekke dei behova den offentlege oppdragsgjevaren har definert for sitt kompetanseområde.

  • Den offentlege oppdragsgjevaren har spesifisert i detalj kva tenesta inneber og korleis ho skal utførast.

  • Eit vederlag for tenesta er kontraktsfesta. Viss det er tale om ein tenestekonsesjonskontrakt, kan det å utnytte tenesta mot brukarbetaling vere kontraktfesta.

  • Den offentlege oppdragsgjevaren tek initiativet til å finne ein leverandør som kan yte tenesta.

  • Kontrakten inneheld reglar om kva som vil skje dersom partane bryt avtalen, t.d. kva som utløyser krav om erstatning.

Fotnotar

1.

Jf. sak C-280/00 Altmark. Følgande kriterier må være oppfylt: a) føretaket må vere pålagt ei teneste av allmenn økonomisk verdi, og desse pliktene må vere klart definerte, b) kriteria for utrekning av kompensasjonen må vere fastlagde på førehand på ein objektiv og gjennomsiktig måte, c) kompensasjonen må ikkje overstige utgiftene med å oppfylle pliktene og d) storleiken på kompensasjonen må avgjerast etter ein offentleg innkjøpsprosedyre eller på grunnlag av ein analyse av kostnadane hos eit samanliknbart og veldrive føretak.

2.

Kommisjonsbeslutning 2012/21/EU

3.

Kommisjonsforordning (EU) nr. 360/2012

Til forsida