Meld. St. 15 (2018–2019)

Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapitelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra. Havforskingsinstituttet har meir utfyllande informasjon om bestandane på si heimeside.

4.1 Barentshavet

I Barentshavet finn vi framleis store mengder vaksen torsk (skrei) sjølv om vi er over toppen og mengda vil minke noko dei neste åra. Også hysebestanden står det godt til med, men rekrutteringa har vore meir normal dei siste åra, og storleiken på bestanden er no redusert frå det rekordhøge nivået vi har hatt i perioden 2008–2016 til eit gjennomsnittleg nivå. Det er teikn til betra rekruttering dei næraste åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt eller litt aukande nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017 og minka noko att i 2018. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden.

Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde har i dei siste åra hatt den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har ei kommersiell rolle. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet, og eit kommersielt fiske på denne bestanden har utvikla seg dei siste åra.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2017. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2017

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2017

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stogga. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2017

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2017

Av figuren ser vi at torsken konsumerte meir enn 9 millionar tonn mat rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. I 2017 var konsumet minka til 5 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: Maks 25 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 2,3 millionar tonn

Kvote for 2019: 725 000 tonn, av dette 312 956 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 6,7 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 670 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa, og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2018 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko, og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er no gytebestanden på veg nedover.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere under føre-var nivået. ICES tilrådde ein kvote for 2019 på 674 678 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Kvoten for 2019 vart sett til 725 000 tonn, omtrent 50 000 tonn over gjeldande haustingsregel.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil halde fram med å minka.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<894

894

864

2 085

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<805

894

849

1 713

2017

Følg den avtalte1 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<890

890

868

1 809

2018

Følg den avtalte1 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<712

775

1 486

2019

Følg den avtalte1 forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<675

725

1 Det vart avtalt ein ny forvaltingsplan hausten 2016

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 0,45 millionar tonn

Kvote for 2019: 172 000 tonn, av dette 86 689 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): 1,4 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 139 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei yngre årsklassane har vore rundt middels nivå, og vi ventar difor at bestanden no vil kome ned på eit meir normalt nivå. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2019 er basert på den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 152 000 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er 20 000 tonn over haustingsregelen; 172 000 tonn.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<223

223

195

656

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<244

244

233

675

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<233

233

228

536

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<202

202

251

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<152

172

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: Maks 30 år

Bestandstorleik (2018): Om lag 450 000 tonn

Kvote for 2019: 149 550 tonn, av dette 134 000 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 1,1 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2017 var på 161 000 tonn, og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen tatt seg opp, og ser no ut til å stabilisere seg i underkant av 800 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte. ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2019 på 149 550 tonn. Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett kvoten for 2019 til 149 550 tonn, jf. tabell 4.3.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<122

122

132

408

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

140

140

469

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

146

468

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<173

173

383

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større enn hannfisken.

Levetid: Truleg meir enn 30 år

Bestandstorleik: Ukjend

Kvote for 2019: 27 000 tonn, av dette 13 755 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 482 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember-januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2017 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gjev difor råd basert på føre-var-basis. Sidan blåkveite er ein langliva art som er relativt gamal før den rekrutterer til fisket, baserer ein seg på ein 5-års prognose for fiskbar biomasse. Dersom fiskepresset er på det noverande nivået (gjennomsnitt av siste to år), seier prognosen at bestanden vil halde seg over Bpa i denne 5-års perioden, og dette er grunnlaget for rådgjevinga. Bruken av midlet av dei siste to års fiskepress er ei førebels tilnærming og set ikkje naudsynlegvis standarden for framtida. Dette svarar til eit fiske på maksimalt 23 000 tonn for 2018 og 2019, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

1 Sidan det er stor uvisse knytte til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje vist i Figur 4.16 og Tabell 4.4.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Same råd som i 2014

<15

19

25

-

2016

Føre-var tilnærming

<20

22

25

-

2017

Føre-var tilnærming

<20

24

-

2018

Føre-var tilnærming

<23

27

2019

Føre-var tilnærming

<23

27

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: Over 70 år

Bestandstorleik (2018): Om lag 1,3 millionar tonn

Kvote for 2019: 53 757 tonn, av dette 36 705 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 252 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2017 var på om lag 15 000 tonn jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore rundt 900 000 tonn (jf. figur 4.18). Sidan snabelueren blir kjønnsmoden først i 12-årsalderen, og årsklassane fødde mellom 1996 og 2004 er svake, vil gytebestanden kunne auke monaleg når dei større årsklassane fødde etter 2004 byrjar å rekruttere til gytebestanden. Det er ikkje vedteken nokon forvaltingsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2019 ikkje bør overstige 53 757 tonn, jf. tabell 4.5. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluert. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen vurderte det slik at ein forvaltingsregel med fiskedødeligheit F=0,06 og triggerpunkt Btrigger på 450 000 tonn var å føretrekke. Ein forvaltingsregel for denne bestanden bør likevel ikkje vedtakast før 2020 slik at ein kan ta omsyn til resultata for snabeluer frå toktet i Norskehavet 2019.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2015

Føre-var tilnærming

<30

30

26

799

2016

Føre-var tilnærming

<30

30

34

796

2017

Føre-var tilnærming

<30

30

31

797

2018

Føre-var tilnærming

<33

33

814

2019

Føre-var tilnærming

<54

54

1 Noreg og Russland har fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote på 30 000 (32 658 for 2018) tonn, men det er ikkje fastsett noko regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g

Levetid: Maks 5 år

Bestandstorleik (2018): Om lag 1,6 millionar tonn

Kvote for 2019: 0 tonn

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 320 mill. kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyt ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars–april, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2018 er på 675 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på 5 år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017) og fisket vart opna igjen i 2018, men vert på nytt stengt i 2019. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men dei seinare åra har det berre vore opna for fiske før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Etter at bestanden vart målt til å vere låg både i 2015 og 2016, målte ein monaleg meir lodde enn venta på det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2017. Hausten 2018 fann ein igjen mindre lodde. Årsakene til det store spriket mellom målingane hausten 2016 og 2017 er ikkje klarlagde, men ein reknar med at målinga hausten 2016 var eit underestimat. Hausten 2018 estimerte ein den modnande delen av loddebestanden til å vere 1 056 000 tonn, og i følgje forvaltingsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gav dette ikkje rom for ein loddekvote i 2019.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2015

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<6

120

115

446

2016

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

147

2017

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1723

2018

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<205

205

195

1056

2019

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Både sildebestanden og makrellbestanden er nå på nedtur, mens kolmulebestanden framleis viser positiv bestandsutvikling. Makrellen har hatt svært god rekruttering fram til 2014, men rekrutteringa har blitt dårlegare dei siste tre åra basert på tilgjengelege data. Etter ein historisk ekspansjon inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har makrellbestanden si utbreiing og mengde minka ein del i vestlege og nordlege områdar dei siste få åra. Kolmulebestanden er no på eit høgt nivå. Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. Førebels berekningar tyder på at 2016-årsklassen er over middels stor.

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010 sidan bestandssituasjonen for både sild og kolmule vart vesentleg dårlegare. I dei seinare åra har den samla fangsten tatt seg opp igjen sjølv om sildebestanden fortsett er på eit lavt nivå.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2018

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2018

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre; eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og krill, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringsnettet. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet og alt er nemnt i det førre delkapittelet, er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å auke svakt. Også blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog, og område med svamp, sjøfjør og andre sårbare samfunn som kan trenge vern.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sild

Figur 4.25 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g

Levetid: Maks 25 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 3,8 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2019: 588 562 tonn av dette 429 650 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 1,58 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars, og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2017 er om lag 710 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden no er estimert til å være over 3.184 millionar tonn, som er den nye føre-var-grensa etablert i 2018. Etter fleire år med låg rekruttering tyder førebels berekningar på at 2016-årsklassen er over middels stor. Tilrådd totalkvote for 2019 er på 588 562 tonn, jf. tabell 4.7.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<283

2832

329

4 615

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<317

3173

377

4 336

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<437 3 (<646)

6854

721

4 235

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<384

4375

3 826

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen (ny av 2018)

<589

5896

3 859

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordeling av TAC.

2 Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing mellom Noreg, Island, EU, Færøyane og Russland om ein totalkvote på 283 013 tonn.

3 Korrigert råd i oktober 2017, opphavleg råd i parentes.

4 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2017, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC frå 61 til 67 prosent.

5 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2018, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC frå 61 til 70 prosent.

6 Det vart inngått ein kyststatsavtale om TAC for 2019, og i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC til 73 prosent

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: Maks 25 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 2,4 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2019: 653 438 tonn (Noreg, EU og Færøyane), av dette 147 085 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 2 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2018 er 745 000 tonn, og uttaket har variert relativt lite samanlikna med mange andre bestandar, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen vandra langt mot nord og vest, og større delar av fangsten har vore teken utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island og Færøyane.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden no er i dårlegare forfatning og ikkje blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30. Gytebestanden er berekna til å ha auka sidan 2000 til eit maksimum i 2011, og har sidan minka. Bestanden er estimert til å vere under MSY Btrigger sidan 2007. Fiskepresset minka frå høge nivå på midten av 2000-talet, men har auka igjen etter 2012 og er framleis høgare enn FMSY. Ei rekkje sterke årsklasser har blitt produsert etter 2001, men 2015- og 2016-årsklassene er estimerte til å vere under gjennomsnittet. Det er stor uvisse i bestandsvurderinga for makrell for 2019, og det finst alternative plausible bestandsberekningar som også viser ein bestandsnedgang i seinare år, men frå eit høgare bestandsnivå og på et seinare tidspunkt. Gytebestanden har auka vesentleg sidan 2002, og er på eit høgt nivå historisk sett.

Dette skuldast først og fremst at rekrutteringa har vore god; årsklassane 2002 og 2006 er dei mest talrike som er målt i heile tidsserien. Også årsklassane 2010–2011 er bra, og det ser det ut til at 2014-årsklassen kan vere sterk. ICES sitt råd om fiske i 2018 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 550 948 tonn, jf. tabell 4.8.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

831-906

1 229

1 209

4 217

2016

MSY tilnærming

<7742

1 057

1 094

3 971

2017

MSY tilnærming

<857

1 021

1 194

3 444

2018

MSY tilnærming

<551

817

1 009

2019

MSY tilnærming

<318

653

1 Det var ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar. Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

2 Korrigert september 2016.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g

Levetid: Sjeldan over 10 år, opptil 20 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 5,4 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2019: 1 143 629 tonn (Noreg, EU, Færøyane og Island), av dette 356 251 til Noreg.

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 935 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyt vest av Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1978–2018 er 999 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende, og Island, EU, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. No er denne trenden snudd, og gytebestanden er attende på omlag same nivå som i 2003. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og var over gjennomsnittsnivå fram til 2015. Rekrutteringa etter dette er estimert til å vere under gjennomsnittet igjen. Den auka rekrutteringa saman med lågare fiskepress i perioden etter 2010 førte til ein auke i bestanden. Bestanden har no stabilisert seg.

ICES sitt råd om fiske i 2019 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarar til ein fangst på 1 143 629 tonn, jf. tabell 4.9.

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<840

1 2601

1 402

4 001

2016

MSY-tilnærming

<776

1 1471

1 195

4 575

2017

MSY-tilnærming

<1 342

1 6751

1 558

5 509

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 388

1 7281

5 422

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 144

1 144

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore omtrent på same nivå; kring 500 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2017

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2017

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sild

Figur 4.37 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 gram

Levetid: Maks 15 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 1,9 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2019: 385 008 tonn, av dette 111 652 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 634 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2017 er kring 490 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn, og er i gjennomsnitt på 117 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES ga i 2018 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 291 040 tonn i direktefisket i 2019, jf. tabell 4.10.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<445

445

494

2060

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<518

518

564

2357

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<426

482

499

1887

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<491

601

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<291

385

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 523 000 tonn

Kvote for 2019: Nordsjøen og Skagerrak: 122 342 tonn, av dette 63 818 tonn til Noreg; vestom Skottland: 12 693 tonn

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 314 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga (februar til mars) går føre seg langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2017 er kring 145 000 tonn1. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klåre trendar, og har vore over føre-var grensa etter 1996. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2019 er basert på maksimalt langtidsutbyte, og gjev ein totalfangst på 135 035 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest av Skottland2.

1 Dette er basert på assessment results, dvs. modellerte fangster.

2 22. februar 2019 korrigerte ICES rådet sitt til 130 327 tonn. Det er ikkje per 1. mars 2019 avtalt ny TAC.

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<80

80

78

227

2016

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<75

73

68

225

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<141

111

95

275

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<118

116

326

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<1361

1 22. februar 2019 korrigerte ICES rådet sitt til til 103 327 tonn.

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: Maks 15 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 243 000 tonn (totalbestand)

Kvote for 2019: Nordsjøen og Skagerrak: 33 602 tonn, av dette 5 140 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 141 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klare skiljeliner mellom stammane. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2017 er kring 176 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 50 000 tonn, og har lege på dette nivået dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som ein bestand i forvaltingssamanheng. ICES vurderer gytebestanden til å ha auka noko frå det kritisk låge nivået i 2006 til over grensenivået, og han er no rundt føre-var-/tiltaksnivået. Tilrådd kvote for 2019 er maksimalt 28 204 tonn, jf. tabell 4.12.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<36

33

52

120

2016

MSY-tilnærming

<49

40

51

120

2017

MSY-tilnærming

<47

45

47

114

2018

MSY-tilnærming

<53

53

118

2019

MSY-tilnærming

<29

34

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg

Levetid: Maks 15 år

Bestandsstorleik (2018): Om lag 218 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2019: Nordsjøen og Skagerrak: 30 730 tonn, av dette 6 434 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 22 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2017 er vel 163 000 tonn, men med ein reduksjon av fangsten gjennom mesteparten av denne perioden, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på rundt 45 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, men bortsett frå 2005- og 2009-årsklassen, som var middels store, har rekrutteringa dei siste åra vore langt under langtidsgjennomsnittet. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte, meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 33 956 tonn i 2019, jf. tabell 4.13.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Maksimalt langtidsutbyte

< 69

48

42

142

2016

Maksimalt langtidsutbyte

< 75

72

43

121

2017

Maksimalt langtidsutbyte

< 39

39

40

205

2018

Maksimalt langtidsutbyte

< 49

49

218

2019

Maksimalt langtidsutbyte

< 34

31

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: Maks 12 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 283 000 tonn (totalbestand)

Kvote for 2019: Nordsjøen og skagerak: 18 851 tonn, av dette 1249 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 5 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 m djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2017 er kring 57 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane i fisket, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men 2016-årsklassen var over snittet for dei siste åra. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 24 195 tonn i 2019.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2015

Følg forvaltingsplanen

<17

15

36

150

2016

Følg forvaltingsplanen

<31

15

33

159

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<24

16

29

168

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<26

22

178

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<25

19

1 Frå og med 2016 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandsstorleik (2017): Om lag 1 040 000 tonn (totalbestand)

Kvote for 2019: 142 217 tonn, av dette 9 116 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2018): Om lag 1,8 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2017 var den norske fangsten på 221 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2017 er kring 164 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2019 ikkje bør overstige 142 217 tonn, jf. tabell 4.15.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2015

Følg andre steg i forvaltingsplanen

<179

138

134

774

2016

Følg andre steg i forvaltingsplanen

<216

144

137

836

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<158

148

114

913

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<142

128

941

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<143

142

Til forsida