Meld. St. 15 (2018–2019)

Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Dette kapittelet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2017 og 2018. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalene og i kva grad partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk nyttar desse kvotane.

Norske fiskarar nyttar generelt kvotane godt. For dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting tyder altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje vert fiska, eller er overfiska. Variasjon i kvoteutnytting kan til dømes reflektere fiskeflåten si tilpassing til prisvariasjon over år, prioritering av anna aktivitet eller dårlege fangstforhold.

Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2017 og 2018

Utnyttingsgrad1

2017

2018

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

101 %

105 %

Hyse

97 %

93 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

95 %

93 %

Sei

97 %

72 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild

90 %

109 %

Makrell

95 %

99 %

Kolmule

97 %

104 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst i det einskilde år i høve til forskriftskvoten.

Noreg nyttar kvotane på dei bestandane som vi deler med Russland stort sett godt. Russland fiskar store delar av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS) og fiskevernsona ved Svalbard.

I 2017 nytta Noreg nesten heile seikvoten sør for 62°N. I 2018 gjekk derimot fangstane ned. Torske- og hysekvoten i sør vart dårlegare nytta i 2017 og 2018 enn åra før. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU dei seinare åra hatt relativt god utnytting av dei fleste fellesbestandane i Nordsjøen, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N. Med unntak av hyse og kviting har Sverige nytta sine kvotar som dei får ut frå nabolandsavtalen i norsk økonomisk sone, godt.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane og sonetilgangen av dei pelagiske artane makrell, nordsjøsild, kolmule og havbrisling, i tillegg til blåkveite og lange, spesielt godt nytta. Årsaka til dette var mellom anna tilgang.

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker, sild og torsk, mens EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak.

Noreg sitt hovudfiskeri i Færøysonen er brosme og lange/blålange. Norske fartøy har ikkje nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i særleg grad dei siste åra. Noko av forklaringa er høge kvotar av torsk og hyse i Norskehavet og Barentshavet. Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk, hyse og sei i NØS begge åra. Når det gjeld pelagiske fiskeri, har dei god tilgang i andre soner.

Noreg har hatt godt utbyte av kvotane i Grønland si sone i 2017 og 2018. Det same har Grønland i NØS nord for 62°N. Grønland har fiska med høvesvis tre og to fartøy i åra 2017 og 2018.

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har melde seg på til dette fisket, noko som gjer reguleringa meir rettferdig.

Island har tradisjonelt nytta torskekvoten som dei er tildelt i NØS nord for 62°N godt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst.

Kyststatane har, som tidlegare år, nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Kvotefleksibilitetsordninga har ført til ein høgare utnytting enn tidlegare.

Dei siste åra har Noreg nytta heile loddekvoten sin ved Island, Grønland og Jan Mayen. Dette har mellom anna samanheng med at Noreg dei siste åra har hatt full sonetilgang til islandsk sone. Sidan det ikkje har vore opna for eit sommarfiske på fleire år, har det utelukkande vore mogleg å fiske lodde ved Island om vinteren. Per 27. februar er det ikkje klart om det blir opna for eit loddefiske sesongen 2018/2019.

For mange fiskeartar er det innført kvotefleksibilitet over år, dette gjeld mellom anna torsk, hyse, sei, norsk vårgytande sild, kolmule, sild sør for 62°N og makrell. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte år vil difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjeld er markert i fotnotane i tabellane i dette kapittelet. Innføring av kvotefleksibilitet over år har gjort at kvotane i dei fleste tilfella blir fullt utnytta av alle partar.

Figur 5.1 Ein god skreifangst i Lofoten

Figur 5.1 Ein god skreifangst i Lofoten

Foto: Fiskeridirektoratet

5.1 Tosidige avtalar

5.1.1 Noreg – Russland

Noreg har stort sett ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Justert for kvotefleksibilitet ligg utnyttingsgraden på 100 prosent for torsk, medan den ligg på om lag 90 – 95 prosent for hyse. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russisk sone. Utnyttinga av hysekvoten har vore låg dei siste åra. Dette skuldast i all hovudsak høg torskekvote og liten interesse i kystfiskeflåten for å fiske hyse kombinert med låg tilgang på hyse i kystnære strok. Fiskeridirektoratet har i samråd med fiskerinæringa justert reguleringa i løpet av åra ved å innføre høg overregulering og fritt fiske for å legge til rette for at norsk hysekvote kan nyttast fullt ut.

Russland utnyttar også kvotane sine godt; dei fiskar betydelege delar av sine kvotar i norsk økonomisk sone. Til samanlikning med 2017 nytta dei i 2018 ein vesentleg større part av steinbitkvoten sin i NØS. Når det gjeld det russiske fisket av norsk vårgytande sild i 2018 fiska dei derimot ein svært liten del i norske farvatn. Årsaka til dette var dårleg tilgang på sild i norske farvatn og at ho oppheldt seg store delar av hausten i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk3

412 011

356 418

414 319

373 842

Hyse3

116 865

101 605

113 463

94 049

Blåkveite

12 225

13 755

12 378

13 747

Uer (Sebastes Mentella)

17 600

19 514

16 080

18 368

Lodde4

100

122 500

-

123 461

1 Etter overføring til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2019, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det blei berre tildelt forskingskvantum til lodde i 2017.

Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandene i Barentshavet

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk3

387 523

336 159

396 195

340 343

Hyse3

104 564

89 230

106 714

90 471

Blåkveite

10 875

12 375

10 713

-

Uer (Sebastes Mentella)

7 400

7 878

4 626

-

Lodde4

100

82 500

6

65 929

1 Etter overføring til Noreg, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

2 For 2017 vart fangsttala utveksla i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Fangsttala for 2018 er rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite og uer er ikkje med i dei rapportane.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det vart berre tildelt forskingskvantum til lodde i 2017.

Tabell 5.4 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk

200 000

200 000

10 730

7 086

Hyse

47 000

47 000

6 601

7 206

Blåkveite

11 475

13 005

22

28

Uer (Sebastes Mentella)

19 600

21 514

-

-

Lodde

-

120 000

-

-

Reker

4 000

4 000

2 111

3 923

Grønlandssel2

7 000

7 000

-

-

Steinbit

2 500

2 500

470

411

Flyndre

200

200

-

-

Bifangstkvote

500

500

237

42

1 Fiskeridirektoratets register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 28. januar 2019.

2 Talet på dyr, ikkje tonn.

Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS Nord for 62°N

Torsk

200 000

200 000

104 609

99 873

Hyse

47 000

47 000

24 203

19 170

Blåkveite

10 125

11 475

1 629

692

Lodde

-

80 000

-

53 916

Sei2

12 000

12 000

11 998

11 945

Steinbit

5 000

5 000

1 829

4 895

Uer3

2 000

2 000

1 180

2 200

Snabeluer3

7 400

7 878

3 613

3 612

Kolmule

23 364

24 157

1 230

-

Norsk vårgytande sild

82 827

55 990

24 339

995

Andre artar

2 500

2 500

406

342

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

-

55 990

-

-

Makrell

-

-

-

-

Kolmule

23 364

24 157

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 28. januar 2019.

2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 5 000 (3 000) tonn vert fiska i eit direktefiske i 2017 (2018).

3 For 2017 og 2018 kunne russiske fartøy fiske snabeluerkvoten i eit direktefiske i NØS nord for 62°N; resterande uer kunne berre takast som bifangst.

5.1.2 Noreg – EU

Tabell 5.8 viser fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Slike fangstar reduserer høvet til å fiske tilsvarande i EU-sona. Det er til dømes tilfellet med kolmule, makrell og fellesbestanden i Nordsjøen. Avvik kan komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske arten. I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei fleste bestandane godt nytta. I 2017 vart det til dømes gode prisar på sei, noko som gjorde at norske fartøy fiska ein større del av seikvoten i EU-sona enn elles. Når det gjeld dei pelagiske artane som til dømes makrell og sild, vart det i 2018 fiska ein større del av kvotane i EU-sona. Dette kan skuldast at fisken ikkje var til stades i norske farvatn når flåten vanlegvis fiskar desse artane. Når det gjeld kolmule, prioriterte dei norske fartøya i 2018 å fiske andre fiskeslag før dei gjekk på kolmula.

Noreg får også kvotar i grønlandsk farvatn gjennom forhandlingane med EU, jf. tabell 5.8. Tradisjonelt har blåkveitekvoten på Vest-Grønland vore best nytta, men dei siste åra har også blåkveitekvoten på Aust-Grønland vore nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker, dette på grunn av at det har vore vanskeleg å finne denne arten.

Tabell 5.9 viser EU sine kvotar og fangstar i norske havområde. I NØS i Nordsjøen er kvotar både i 2017 og 2018 sett saman av fleire kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg, «kolmuleavtalen», «makrellavtalen» og den bilaterale soneadgangsavtalen mellom EU og Noreg.

Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk

6 285

6 955

5 573

5 554

Hyse

6 531

9 306

2 147

1 432

Sei4,6

51 519

54 382

49 955

39 133

Kviting

1 300

1 906

992

1 025

Raudspette5

8 794

7 585

68

69

Sild3,6

141 899

176 162

134 129

162 596

1 Etter overføringar frå EU og tredjeland, inkl. CCTV tillegg.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 29. januar 2019.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.

4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.

5 Etter at 300 tonn overført til Skagerrak.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk

32 553

35 819

28 618

24 361

Hyse4

26 405

32 461

27 531

22 997

Sei4

47 888

50 531

33 829

36 449

Kviting

14 703

20 651

11 250

10 189

Raudspette5

120 822

104 758

64 524

43 653

Nordsjøsild3,4

341 942

426 417

281 123

343 145

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala vart utlevert under forhandlingane mellom Noreg og EU 31.oktober 2018.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 11 357 i 2017 og 9 669 i 2018. Av desse vart hhv. 7 277 tonn og 8 549 tonn fiska.

4 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar og fangstar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

EU-farvatn

Makrell2,11

229 821

183 857

46 660

156 880

Sild3

60 000

60 000

48 803

56 267

Augepål

25 000

15 000

7 656

12 666

Kolmule

330 494

337 975

287 558

345 267

Havbrisling10

10 000

10 000

9 742

9 776

Hestmakrell

3 550

2 550

230

46

Torsk3

6 285

6 955

3 020

2 636

Hyse3

6 531

9 306

1 152

574

Sei3,4

52 029

34 032

32 787

16 910

Blålange

150

150

84

134

Lange5

6 500

7 500

7 102

6 570

Brosme5

2 923

2 923

1 135

1 425

Kviting3

1 300

1 406

694

836

Raudspette3

8 794

7 585

17

11

Sjøtunge

10

10

0

3

Blåkveite6

1 100

1 100

1 000

916

Kombinert kvote

250

250

146

230

Andre artar9

5 250

5750

3 739

2 573

Vest-Grønland

Blåkveite

575

575

575

575

Skolest/Isgalt

-

80

-

8

Aust-Grønland7

Reker

1 750

1 500

-

-

Blåkveite

575

575

575

575

Uer7

740

628

740

628

Skolest/Isgalt o.a.8

90

20

105

20

1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak bortsett frå sei.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2019.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sona og i NØS. Berre fangstar frå EU-sona vert rapportert.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område 6a.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan førast mellom brosme- og langekvotane.

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområde 2a og 6, i område 6 berre med line.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg verte fiska i internasjonalt farvatn.

8 Kvoten på skolest/isgalt kunne verte fiska både på Vest- og Aust-Grønland i 2017.

9 Område 4 og 2a.

10 Havbrisling i EU-sona tildelt i 2017 og 2018 kan verte fiska i perioden 1. juli – 31. mars. Dette er reflektert i fangsttala.

11 Noreg kan fiske heile sin kyststatsdel av makrell i EU-farvatn. I 2018 var dette 183 857 tonn. Av dette kunne 36 771 tonn verte fiska i EU-farvatn i ICES statistikkområde 6a (nord for 56º30’N). Av dette kunne 14 609 tonn verte fiska i EU-farvatn i ICES statistikkområde 2a, og 7 d, e, f og h. Vidare kunne 3000 tonn av totalkvoten verte fiska i ICES statistikkområde 3a (Skagerrak).

Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1(tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS, Nord for 62°N

Torsk

23 002

23 008

22 592

22 338

Hyse

1 200

1 200

1 003

986

Sei

2 550

2 550

2 499

2 522

Blåkveite

50

50

77

102

Uer

1 500

1 500

1 304

1 081

Kolmule

220 494

227 975

-

5

Makrell

18 261

14 609

1 780

-

Norsk vårgytande sild

37 854

25 487

19 979

18 880

Andre artar

350

350

316

348

NØS, Nordsjøen

Torsk2

28 675

31 132

7 788

8 419

Hyse2

20 348

24 146

6 352

4 540

Sei2

48 768

50 531

11 205

12 381

Kviting2

10 151

13 991

784

508

Lange

1 350

1 350

915

980

Brosme

170

170

34

35

Breiflabb

1 500

1 700

1 383

1 500

Raudspette2

49 578

42 986

10 917

8 062

Makrell3

503 245

402 596

28

17

Nordsjøsild2

51 151

50 000

4 824

776

Kolmule

220 494

227 975

1

-

Reker

328

211

76

70

Sjøkreps

1 000

800

55

41

Andre artar

9 500

10 000

7 671

8 828

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

37 854

25 487

-

-

Kolmule

220 494

227 975

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 28. januar 2019. Tala er basert på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU har full sonetilgong på sin kyststatsdel i 4a, ytterlegare avgrensa av kva EU sjølv fastsetje sonetilgong til å vera.

Fisket i Skagerrak og Kattegat

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. Noreg har til døme ein ganske stor kvote på kystbrisling som blir lite nytta. Dette fiskeriet har vore eit kombinasjonsfiskeri av brisling og sild som har funne stad på dei tradisjonelle felta i Oslofjorden. Det er no berre ein brislingfiskar igjen i dette området. På grunn av store område og tilgang på brisling vert denne kvota difor dårleg nytta.

EU har dei siste åra nytta best kvotane på torsk, sild og reker. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2017 og 2018.

Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk2

5 558

7 736

4 332

4 078

Hyse

1 982

2 461

1 083

638

Kviting

1 031

1 031

229

165

Raudspette2

17 286

15 036

8 486

4 650

Sild3

43 973

41 968

39 899

28 664

Brisling

30 784

24 627

1 366

2 732

Reker2

3 856

3 327

3 380

2 419

1 Fangsttala vart utlevert under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2018.

2 Torsk, raudspette og reker kan berre verte fiska i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote sild på 6 659 tonn i 2017 og 2018. Av desse er hhv. 371 tonn og 365 tonn fisket.

Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk4

186

259

194

108

Hyse

87

108

65

36

Kviting

19

19

9

5

Raudspette3

653

607

154

23

Sild2,6

3 383

3 229

3 343

3 402

Brisling

2 496

1 997

218

315

Reker5,6

6 123

5 239

6 301

5 136

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 28. januar 2019.

2 Tabellen viser Skagerrakkvoten ekskludert den delen av kvoten som kan takast ut i Nordsjøen.

3 Herav 300 tonn overført frå Nordsjøen.

4 Utanfor grunnlinjene.

5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne verte fiska i Skagerrak utgjorde i 2017 og 2018 høvesvis 3 365 og 2 903 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak vert difor forvalta som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2017 fiska norske fartøy 4 537 tonn i Skagerrak og 1 764 tonn i Nordsjøen. I 2018 vart det av norske fartøy fiska 3 672 tonn i Skagerrak og 1 464 tonn i Nordsjøen

6 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Noreg – Sverige

Noreg har ein nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gir svenske fiskarar rett til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2017 og 2018 er vist i tabell 5.12. Med unntak av hyse og kviting nyttar Sverige desse kvotane godt.

Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

355

235

Hyse

707

707

168

92

Sei

880

880

749

761

Kviting

190

190

49

32

Industrifiske2

800

800

695

743

Makrell

328

354

328

354

Sild

1 151

1 239

1 151

1 239

Reker

123

123

113

94

Andre artar3

-

-

-

-

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne maksimalt 400 tonn vere hestmakrell.

3 Det blir ikkje tildelt ein fast kvote av andre artar, men fangstane skal vere på tradisjonelt nivå.

5.1.3 Noreg – Færøyane

Færøyane har nytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska noko særleg makrell i NØS nord for 62°N, eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2017 eller 2018. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra.

Norske fartøy har ikkje nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i særleg grad dei siste åra. Noko av forklaringa er høge kvotar av torsk og hyse i Norskehavet og Barentshavet.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Lange/blålange

2 000

2 200

1 549

1 227

Brosme

1 700

1 801

707

985

Sei

567

150

27

15

Makrell

50 008

42 002

4 221

0

Kolmule2

34 800

32 640

3 034

8 726

Andre artar

800

800

128

206

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 20. november 2018. Fangst justert som følgje av fiske i det sørlige området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 5. februar 2019.

Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

8 410

8 365

7 505

8 001

Hyse2

1 375

1 400

1 306

1 093

Sei

500

500

489

421

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

45 029

36 023

575

4 723

Andre artar3

200

200

174

194

NØS, Nordsjøen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

45 029

36 023

-

-

Fiskerisona ved Jan Mayen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

45 029

36 023

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 28. januar 2019.

2 Inkluderer kvotar overført frå russisk økonomisk sone.

3 Inkluderer uer, sei og blåkveite.

5.1.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2017 og 2018 går fram av tabell 5.15. I tillegg kunne norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU, sjå tabell 5.8.

Kvotane på torsk og blåkveite vart godt nytta, medan kvotane på kveite og brosme var vanskeleg å utnytte. Kvoten på kveite har difor vorte redusert dei siste åra.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan óg verte fiska i internasjonalt farvatn. Desse kvotane blir godt nytta.

Grønland sine kvotar i NØS blir som regel godt utnytta, jf. tabell 5.16. I 2017 var det tre fartøy som fiska dei grønlandske kvotane i norske havområde, i 2018 var det to fartøy.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

901

916

Aust-Grønland:

Blåkveite

400

400

401

350

Kveite

10

10

3

6

Uer

800

1 000

801

643

Brosme

340

340

138

228

Skolest

-

100

-

93

Bifangst av andre artar

150

150

17

32

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

1 200

1 200

1 216

1 118

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. februar 2019.

Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområder

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 750

8 450

8 735

8 298

Hyse

1 400

1 450

1 391

1 158

Sei

500

500

407

464

Andre artar

300

300

179

253

1 Grønland overførte 5 050 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS i 2017. I 2018 vart 4 450 tonn torsk og 550 tonn hyse overført.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 1. februar 2019.

5.1.5 Noreg – Island

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra, jf. tabell 5.17 som viser norske kvotar og fangstar i islandsk sone. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. To nye fartøy får vere med i dette fisket kvart år.

Island har tradisjonelt nytta godt torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan takast som bifangst. Tabell 5.18 gir eit oversyn over islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Brosme, lange, blålange

500

500

460

526

Uer2

-

-

18

31

Anna2

-

-

92

73

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. februar 2019.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 121

7 055

8 091

7 036

Hyse2

-

-

245

718

Sei2

-

-

544

112

Nvg-sild

-

-

-

-

Andre artar2

2 436

2 117

100

102

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 28. januar 2019.

2 Bifangst inntil 30 prosent. Fangst av hyse og sei blir belasta kvoten for andre artar.

5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.2.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.

Figur 5.2 Sildefiske

Figur 5.2 Sildefiske

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Som fylgje av at Færøyane hausten 2012 fremja krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det sett av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med deira del frå 2007. Det vart ikkje semje om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med anbefalinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg fram eit forslag til forvaltingstiltak i NEAFC sitt konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det blant anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltingsplanen. Tre partar stemte for, ein imot og ein part valde å ikkje stemme. Noreg sitt forslag vart difor vedteke. Fordelinga av kvotar for 2016 er angitt i tabell 5.19. For 2017 vart det inngått ein avtale om totalkvote i tråd med forvaltingsplanen, men inga fordeling av denne. Summen av unilateralt fastsette kvotar var, som i 2016, høgare enn ICES si anbefaling. Også for 2018 vart det semje om totalkvote, men ikkje fordelinga av denne. Partane fastsette difor unilaterale kvotar som overstig anbefalt uttak.

Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvoten si i eiga sone. EU tar store delar av kvoten sin i norsk sone, medan Russland i hovudsak fangstar i norsk sone og internasjonalt farvatn. Grunna god tilgang på sild i internasjonalt farvatn fiska Russland i 2018 svært lite i norske farvatn. Noreg har tradisjonelt fiska nesten heile kvoten i eiga sone, men i 2017 vart drygt 40 prosent av kvoten tatt i internasjonalt farvatn. Årsaka var at silda sto langt til havs. I 2018 var fiskemønsteret som normalt.

Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20171

Stat

Kvote

Balanse 2016

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2018

EU

42 059

281

42 340

39 451

2 889

Færøyane

125 597

-183

-12 500

112 914

97 693

15 221

Island

102 984

906

103 890

88 594

10 298

Noreg

432 870

-19 839

413 031

389 383

23 648

Russland

82 827

130

10 000

92 957

91 118

1 839

Totalt

786 337

-18 705

767 632

706 240

53 895

Grønland

30 000

2 500

32 500

12 865

3 000

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane desember 2018.

Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20181

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

28 319

2 969

31 288

28 263

Færøyane

88 350

15 221

-11 600

91 971

45 930

Island

72 428

14 418

86 846

83 396

Noreg

304 500

23 648

328 148

332 028

Russland

55 767

223

9 100

65 090

46 317

Totalt

549 364

56 479

2 500

603 343

551 739

Grønland

25 000

27 500

2 891

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane desember 2018. Islandske fangster er frå fiskistofa.is og Noreg sine frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 29. januar 2019. Andre fangsttal er førebelse tal frå NEAFCs fangststatistikk.

5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Etter mange forhandlingsrundar sidan 2015, inngjekk kyststatane ein ny trepartsavtale juni 2018.

Basert på tokt hausten 2017 vart det oktober 2017 sett ein TAC på 208 000 tonn lodde. Det norske fisket vart opna 1. januar 2018. Island gjennomførde eit nytt tokt i midten av januar, noko som gjorde at det vart funne grunnlag for å auke TAC ytterlegare til 285 000 tonn. Basert på denne auken og dei andre kvotekomponentane vart norsk kvote difor 73 825 tonn lodde i sesongen 2017/2018.

Hausttoktet i 2018 gav dårleg resultat, slik at det ikkje vart funne forsvarleg å setja ein TAC hausten 2018. Island har gjennomført fleire tokt i januar, resultatet av desse tokta er enno ikkje klare.

Loddefisket er avgrensa til fartøy med ringnottillatelse og det er veldig stor interesse for å delta.

Tabell 5.21 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2017/2018 og 2018/2019

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

17/182

18/193

17/18

18/19

Totalt

73 824

0

74 079

0

Derav Grønland

42 800

0

0

0

Derav Jan Mayen

73 824

0

0

0

Derav Island

73 824

0

74 079

0

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. februar 2019.

2 Kvoten vart samansett av 22 800 tonn frå trepartsavtalen, 31 024 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 20 000 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg.

3 Per 1. mars 2019 er det ikkje fastsett kvote for sesongen 2018/2019.

5.2.3 Kolmule

I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule, byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.

Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.

Noreg fiska både i 2017 og 2018 på forskot på neste års kvote. I begge åra fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i EU-sona vest av og nord for Irland. Trass i kyststatsavtalar utan fordeling av totalkvoten og unilateral kvotefastsetjing dei siste åra, har Noreg gjennom bilaterale avtalar med EU og Færøyane adgang til å fiske delar av kvoten i sonene til EU og Færøyane. Sonetilgang i EU-sona vart, som normalt, godt nytta begge åra, medan tilgangen til Færøy-sona vart nytta i liten grad.

Tabell 5.22 og 5.23 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane nyttar kvotane godt.

EU-fartøy og færøyske fartøy har dei siste åra fiska den største delen av sine kvotar i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i færøysk sone og i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av kolmule i 20171

Stat

Kvote

Balanse 2016

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2018

EU

555 973

32 157

-116 500

471 630

363 825

107 805

Færøyane

476 901

-16 376

-87 500

373 025

357 426

15 599

Island

264 000

-19 321

-1 500

243 179

224 356

18 823

Noreg

324 256

-37 935

86 636

372 957

399 363

-26 406

Totalt

1 621 130

-41 475

-118 864

1 460 791

1 344 970

115 821

Russland

99 566

1 949

105 864

207 379

188 449

18 930

Grønland

7 268

384

13 000

20 652

20 499

153

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i desember 2018.

Tabell 5.23 Kvotar og fangst av kolmule i 20181

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

EU

574 836

55 597

-117 500

512 933

409 846

Færøyane

493 081

15 599

-89 500

419 180

352 793

Island

293 000

18 823

-1 500

310 323

292 950

Noreg

335 257

-26 406

85 843

394 694

438 426

Totalt

1 696 147

63 613

-122 657

1 637 130

1 494 016

Russland

102 945

9 956

106 657

219 558

164 845

Grønland

7 514

153

16 000

23 667

17 034

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i desember 2018. Islandske fangstar er frå fiskistofa.is, Færøyane sine frå vørn.fo og Noreg sine frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 30. januar 2019. Andre fangsttal er førebelse tal frå NEAFCs fangststatistikk.

5.2.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.23 og 5.24 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane, og overføringane over år. Noreg fiska både i 2017 og 2018 på forskot på neste års kvote medan dei andre partane tok med seg unytta kvantum til neste år.

Den norske kvoten vert fiska opp kvart år. Det har likevel vore utfordrande undervegs i fisket, særleg i kystgruppa. For å få ei enklare regulering og sikre at kvoten i kystgruppa vore tatt har det dei seinare åra vert jobba med ei samanslåing i denne gruppa. Dette arbeidet vart sluttført i 2018 og kystgruppa si regulering vil verte endra frå 2019.

Figur 5.3 Makrelltokt

Figur 5.3 Makrelltokt

Foto: Havforskingsinstituttet

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 20171

Stat

Kvote

Balanse 2016

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2018

EU

503 245

27 461

328

531 034

486 474

16 771

Færøyane

128 655

-2 722

-20 779

105 154

98 646

6 508

Island

168 464

1 231

1 300

170 995

161 654

9 341

Noreg

229 821

-20 696

4 651

213 776

222 397

-8 621

Grønland

66 365

0

0

66 365

46 451

0

Totalt for kyststatane

1 096 550

5 274

-14 500

1 087 324

1 015622

23 999

Russland2

123 785

0

14 500

138 285

138 160

125

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i november 2018.

2 Kvote- og fangsttal for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC.

Tabell 5.25 Kvotar og fangstar av makrell i 2018

Stat

Kvote

Balanse 2017

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

402 599

16 771

354

419 724

210 391

Færøyane

102 924

6 508

-20 879

88 553

46 258

Island

134 772

9 341

-200

143 913

75 008

Noreg

183 857

-8 621

5 625

180 861

22 623

Grønland

66 365

0

0

66 365

63 736

Totalt for kyststatane

890 517

23 999

-15 100

899 416

418 016

Russland

109 415

0

15 100

124 515

115 795

1 Kvotar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2018.

2 Kvote- og fangsttal for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC.

5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltingsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU. Deltakinga i fisket har variert frå år til år. Dei to siste åra har eitt norsk fartøy deltatt i fisket, og kvoten har vorte godt utnytta, jf. tabell 5.26.

Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1,2 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Snabeluer

1 029

878

847

928

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 1. februar 2019.

2 I fisket etter snabeluer i NEAFC-område har partane bestemt at omrekningsfaktoren 1,7 skal nyttast ved fangstrapportering til NEAFC-sekretariatet. Det er også dette som ligg til grunn for Fiskeridirektoratet si vurdering av når fisket må stoppast og fangsttala i tabell 5.26.

5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Sidan 2010 har det vore stor interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2017 deltok to norske fartøy i dette fisket, medan tre norske fartøy deltok i 2018. Kvoten vart om lag fullt utnytta i begge åra.

Tabell 5.27 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2017

2018

2017

2018

Torsk

1 289

1 031

1 240

1 043

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 30. januar 2019.

Til forsida