Meld. St. 17 (2021–2022)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2021

Til innhaldsliste

2 Merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport

I meldingsåret tok Personvernnemnda imot i alt 22 nye klagesaker frå Datatilsynet, noko som er omlag det same talet som i 2020, da nemnda tok imot 24 klagesaker. Ni saker låg att frå 2020, noko som gjev eit samla sakstilfang på 31 saker. I løpet av året fatta Personvernnemnda vedtak i 26 av desse sakene, medan fem saker blei vidareførte til 2022. To vedtak er gjort med dissens. Datatilsynets vedtak blei endra i sju av dei 26 sakene nemnda ferdigbehandla i meldingsåret. Dette utgjer ein omgjeringsandel på 27 prosent, ein markant nedgang frå 2020, da omgjeringsandelen var på 47 prosent. Datatilsynet fatta 306 vedtak i 2021, og i lys av dette er talet på saker der nemnda kjem til eit anna resultat enn Datatilsynet særs lågt.

I årsrapporten peiker leiaren av nemnda på at nemnda, sjølv om personopplysningslova 2018 har vore i kraft i om lag tre og eit halvt år, framleis må halde seg til ny og «upløgd mark» i sakene som vert fremma. Mange av sakene er krevjande. Koronapandemien har påverka arbeidet til nemnda også i 2021. Smittevernomsyn og reiserestriksjonar har vore til hinder for å gjennomføre fysiske møte, kurs og seminar. Nemnda lukkast likevel med å gjennomføre alle dei planlagde ni møta. Sju av desse blei gjennomførte digitalt. Personvernnemnda har erfart at videomøte er eit godt alternativ til fysiske møte, sjølv om fysiske møte, med samtalar og diskusjonar ansikt til ansikt, er å føretrekke.

Fleirtalet av sakene nemnda behandla blei behandla og avgjorde i løpet av eit nemndmøte, noko nemnda meiner skuldast god saksførebuing frå sekretariatet. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var på tre månader, noko som er ein liten auke samanlikna med 2,3 månader i 2020. Vedtaka til nemnda blir publiserte i anonymisert form på personvernnemnda.no og på Lovdata.

Personvernnemnda behandlar klager frå både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder. Dei legg vekt på å skrive fagleg gode vedtak, slik at desse kan gje rettleiing for seinare liknande saker. Nemnda peiker i årsmeldinga på at sakene gjennomgåande har stor betydning både for privatliv, kommersiell og offentleg verksemd. Departementet deler derfor vurderinga til nemnda av at det er viktig at vedtaka er skrivne slik at dei eignar seg til framtidig rettleiing – for både publikum, behandlingsansvarlege og Datatilsynet.

Personvernnemnda viser til at fleire av sakene dei har behandla har reist varierte problemstillingar. Dei personvernrettslege spørsmåla må ofte sjåast i samanheng med andre rettsområde, mellom anna forvaltningsrett, helserett og ulike privatrettslege reglar og avtaler. Eit tema som går igjen i klagesakene er kameraovervaking. I meldingsåret behandla nemnda fire slike saker, medan to saker om same tema kom inn så seint på året at dei vil bli behandla i 2022. Fleire av sakene gjeld bruk av kamera på privat eigedom der naboar eller andre klager på bruken. Men også kameraovervaking i næringssamanheng er tema i fleire saker. Fleire av sakene gjeld klage over gebyr som Datatilsynet har pålagd verksemda for uriktig behandling av personopplysningar ved kameraovervaking.

Eit anna tema som går att i sakene Personvernnemnda behandlar, er behandling av personopplysningar i arbeidstilhøve. Arbeidsgjevars urettmessige innsyn i tilsette si e-postkasse er eit tema som har vore aktuelt i fleire år, og som framleis er tema i saker som kjem inn til nemnda. Spørsmålet i slike saker er som oftast om arbeidsgjevar har hatt rettsleg grunnlag for innsynet. Spørsmålet om rettsleg grunnlag er også gjennomgåande i saker om kredittopplysning. Klage i slike saker gjeld ofte innhenting av kredittopplysningar utan at mottakar har sakleg grunn. I meldingsåret behandla nemnda tre saker med ulike spørsmål knytt til kredittopplysningsverksemd.

Ein annan tilbakevendande sakstype gjeld spørsmål om sletting av søketreff i Google (avindeksering på nett). I meldingsåret behandla nemnda tre slike saker. Til samanlikning behandla nemnda to slike saker i 2020, tre i 2019, og to i 2018. Desse sakene gjeld i stor grad ei avveging av personvernomsyn med omsynet til ytrings- og informasjonsfridom. Dette var også tema i den såkalla Legeliste-saka som blei avgjord av Høgsterett mot slutten av meldingsåret (HR-2021-2403-A). Saka, som var den første rettslege behandlinga av gyldigheita av eit vedtak fatta av Personvernnemnda, gjaldt helsepersonell sin rett til ikkje å bli omtalt i ei rangeringsteneste for helsepersonell på nett, legelisten.no. Datatilsynet fatta i 2017 vedtak om at legelisten.no måtte gi helsepersonellet ein rett til å reservere seg mot oppføring i tenesta. Nemnda kom i 2019 til at slik reservasjonsrett ikkje var naudsynt, men at legelisten.no sin ytringsfridom ga dei rett til å publisere privatpersonar sine subjektive meiningar om helsepersonell utan at helsepersonellet fekk høve til å motsette seg publiseringa. Høgsterett kom til at Personvernnemndas vedtak var gyldig.

Ulike spørsmål om retten til å publisere personopplysningar på nett er såleis ein tilbakevendande sakstype i Personvernnemnda. Med verknad frå 1. januar 2022 er personopplysningslova endra slik at dei vurderingane både Datatilsynet og nemnda skal gjere i slike saker er noko endra. Etter dei nye reglane vil dei i større grad kunne gjere vurderingar av kva for delar av personopplysningsregelverket som skal gjelde for behandling av personopplysningar som er verna av retten til ytrings- og informasjonsfridom. Samtidig må dei framleis gjere krevjande avvegingar mellom personvern og ytringsfridom.

I vurderinga si av framtidsutsiktene peiker Personvernnemnda på at samfunnet stadig blir meir digitalisert, og at den raske teknologiske utviklinga kan sette personvernet til den enkelte under press. Dei viser til at det i 2021 har vore fleire datainnbrot hos store norske verksemder. Dette er hendingar som potensielt kan få store konsekvensar for personvernet til dei registrerte. Sakene er ei påminning om viktigheita av god informasjonssikkerheit.

Nemnda peiker også på at personvernforordninga gir den enkelte styrkte rettar, og at det generelt er eit auka medvit om personvern både blant privatpersonar, i det offentleg og i private verksemder. Nemnda meiner det er vanskeleg å vite korleis dette vil påverke nemnda på sikt, men trur likevel medvit om rettar og klagemoglegheiter i samfunnet generelt vil kunne påverke arbeidsmengda til nemnda. Departementet deler denne vurderinga.

Vidare er vurderinga til departementet at fleire av sakene som nemnda har behandla dei siste åra er meir komplekse og krevjande enn før. Dette har samanheng med at nye juridiske problemstillingar har oppstått som følge av gjennomføringa av personvernforordninga i norsk rett i 2018. Sakene har i aukande grad også ei side mot andre fagområde enn personvern, og nemnda må sette seg inn i ulike tema og reglar for å kunne gjere gode vurderingar. Departementet meiner nemnda gjer dette på ein god måte, og er nøgd med at nemnda held fram med å utarbeide kvalitativt gode vedtak, som eignar seg for rettleiing i liknande framtidige saker, samtidig som saksbehandlingstida framleis er låg.

Avgjerdene i dei aller fleste sakene nemnda behandlar er endelege og dannar presedens for framtidige saker. Det er derfor svært viktig at nemnda fungerer godt og gjer grundige vurderingar i sakene den behandlar. Det er også viktig at nemnda i arbeidet sitt tek eit visst omsyn til rettsutviklinga i andre land som har gjennomført personvernforordninga, slik at forordninga blir praktisert så likt som mogleg i alle landa. Dette skal sikre borgarane i alle dei europeiske landa eit likeverdig og godt personvern.

Samla sett er det vurderinga til departementet at nemnda gjer eit svært godt arbeid innanfor dei tildelte ressursane.

Til forsida