Meld. St. 19 (2018–2019)

Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn

Til innhaldsliste

Del 1
Forsterka innsats

2 Tidleg innsats for barn og unge

Figur 2.1 

Figur 2.1

Figur 2.2 

Figur 2.2

FN-konvensjonen om barns rettar dannar eit viktig grunnlag for regjeringa sin politikk og innsats for barn og unge. Å skape gode rammer for oppveksten og utviklinga til barn og unge er ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet. Grunnlaget for ein god start i livet begynner alt i svangerskapet. Å fremje livskvaliteten til barn og unge og skape gode oppvekstmiljø er ei oppgåve som fleire sektorar har ansvar for og må samarbeide om. Det inneber å styrkje foreldrerolla og familien og å sikre god kvalitet i barnehagen og skulen, i nærmiljøet, fritida og kulturlivet og i helse-, omsorgs- og velferdstenestene. Ein må skape medvit omkring kor viktig det er å sikre gode overgangar frå heim til barnehage, frå barnehage til skule, mellom ulike skuletrinn og frå ungdom til vaksen.

Ein trygg og god oppvekst er viktig for barnet, familien, dei nære omgivnadene og heile samfunnet. Tidleg innsats er nødvendig for å førebyggje behovet for meir inngripande tiltak på eit seinare tidspunkt og legg grunnlaget for ei berekraftig samfunnsutvikling.

Dei fleste norske barn og unge har det bra og har gjennomgåande god helse, men stadig fleire barn og unge rapporterer om psykiske helseutfordringar. Befolkningsstudiar i Noreg viser at om lag 7 prosent av alle barn i førskule- og skulealder har symptom på ei psykisk liding. Kvart år blir om lag 5 prosent av alle barn og unge i alderen 0–17 år behandla i psykisk helsevern for barn og unge (BUP). Ungdata viser at fleire jenter rapporterer om større psykiske plager i tenåra. Utstrekt bruk av sosiale medium, skulestress og kroppspress blir ofte nemnt som sannsynlege risikofaktorar (Sletten og Bakken 2016).

Nokre barn har store og samansette problem, anten som følgje av utviklingshemming eller sjukdom eller som følgje av oppvekstvilkår. For barn med psykiske plager og lidingar er tidleg innsats heilt sentralt. Gjennom tidleg innsats og kompetente og koordinerte tenester kan det for mange vere mogleg å hindre vidareutvikling og avgrense problem, forkorte behandlinga og redusere dei negative konsekvensane. Våren 2019 vil regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for den psykiske helsa til barn og unge. Planen vil omfatte både helsefremjande, førebyggjande og behandlingsretta tiltak. Tidleg innsats vil vere eit sentralt tema i planen, som mellom anna vil synleggjere rolla barnehagar og skular har for å fremje god psykisk helse hos alle barn og unge.

Mange barn og unge blir utsette for vald og overgrep. I tillegg til dei synlege og direkte fysiske skadane valden kan medføre, er det klare samanhengar mellom vald og seinare dårleg fysisk og psykisk helse. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) har derfor høg prioritet. Planen legg mellom anna vekt på at det førebyggjande arbeidet mot vald og overgrep skal prioriterast og styrkjast. Både barnehagar, skular og helsetenester skal bli betre til å avdekkje vald og overgrep og til å handle ved mistanke, jf. kapittel 5.

I det helsefremjande og førebyggjande arbeidet er det nødvendig med tiltak både på befolkningsnivå og på gruppe- og individnivå. Her speler helse- og velferdstenestene ei viktig rolle. Regjeringa vil vidareføre satsinga på helsestasjons- og skulehelsetenesta og på barnehagar og skular med god kvalitet. Det er tiltak som treffer dei aller fleste barn og unge. Samtidig må det sosiale tryggleiksnettet styrkjast slik at barn og unge får god hjelp og oppfølging når dei treng det.

Det er viktig at dei tilsette i barnehagar og skular og dei som jobbar med helse-, omsorgs- og velferdstenester, har kunnskap både om helsefremjande faktorar og om risikofaktorar og beskyttande faktorar som påverkar oppveksten til barn og unge. Samtidig er ein heilskapleg innsats med samarbeid på tvers av sektorane grunnleggjande. Sentrale satsingar som skal bidra til dette, er mellom anna Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse, programmet for folkehelsearbeid i kommunane, 0–24-samarbeidet og dei statlege områdesatsingane. Regjeringa tek vidare sikte på å leggje fram ein ny samarbeidsstrategi som fremjar deltaking og styrkjer moglegheitene for barn i låginntektsfamiliar. Det vil vere ei oppfølging av regjeringa sin strategi Barn som lever i fattigdom, som gjekk ut ved årsskiftet 2017/2018. Regjeringa vil òg setje i gang eit arbeid med ei melding om ungdomspolitikk som skal sjå arbeidet med ungdomsrelaterte spørsmål under eitt og drøfte framtidsperspektivet for unge sine levekår.

Figur 2.3 Omsorgssirkelen

Figur 2.3 Omsorgssirkelen

Kjelde: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

2.1 Kva familien og godt foreldreskap har å seie

Politikken til regjeringa legg vekt på at familien er svært viktig som det grunnleggjande sosiale fellesskapet i samfunnet. Familien gir trygge rammer rundt oppveksten til barn og unge. Derfor er regjeringa oppteken av å støtte opp om familien som institusjon. Foreldreskapet skal styrkjast gjennom informasjon, råd og rettleiing.

Familiar representerer eit stort mangfald med tanke på sosial bakgrunn, livsstil, verdispørsmål, trusspørsmål og uttrykksformer. Alle barn og unge i Noreg skal ha dei same moglegheitene til utvikling, uavhengig av utgangspunktet til foreldra og familien. Likevel kan trekk ved familien ha mykje å seie for korleis barna har det, og korleis det går med dei seinare i livet. Barn som veks opp med foreldre som har rusproblem eller dårleg psykisk og fysisk helse, kan ha eit vanskelegare utgangspunkt enn andre barn. Barn i familiar med flukt- og migrasjonsbakgrunn eller barn i lukka trussamfunn kan òg møte særskilde utfordringar som påverkar utviklinga deira. Barn kan bli utsette for vald og overgrep frå den nærmaste familien eller oppleve at ein av omsorgspersonane blir utsett for vald. Det er svært viktig at vald og overgrep blir oppdaga tidleg. Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) legg vekt på at det førebyggjande arbeidet mot vald og overgrep skal prioriterast og styrkjast innanfor arenaer som familie, barnehage, skule, barnevern, helse- og omsorgstenester, frivillig sektor og lokalsamfunnet. Foreldrestøttande tiltak og tiltak for å styrkje kunnskapen og kompetansen om vald og overgrep i tenester som møter barn og unge, er sentrale verkemiddel i arbeidet.

Vedvarande låg inntekt kan gå ut over forholdet mellom foreldra og prege relasjonen deira til barna. Resultatet kan vere manglande overskot til å møte barnas behov og auka risiko for konfliktar mellom dei vaksne (Hyggen, Brattbakk & Borgeraas 2018).

Regjeringa har styrkt bustøtteordninga for barnefamiliar. Regjeringa har vidare styrkt den statlege finansieringa til områdesatsingar og prioritert tidleg innsats, mellom anna gjennom rekrutteringstiltak til barnehage. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein samarbeidsstrategi som fremjar deltaking og styrkjer moglegheitene for barn i låginntektsfamiliar. Frivillig sektor, sosiale entreprenørar og næringslivet blir inviterte med i eit samarbeid der målet er at alle barn skal kunne delta og utvikle seg på like fot. Regjeringa følgjer opp fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal få høve til å delta fast i ein organisert fritidsaktivitet. Vi viser til omtale i kapittel 4.

Foreldre som ikkje maktar å gi barna sine det dei treng og har krav på, må få hjelp frå det offentlege eller frå frivillig sektor så tidleg som mogleg. Derfor er det viktig at foreldrestøttande tiltak er lett tilgjengelege. Det er eit mål å støtte arbeidet frivillig sektor gjer med foreldrestøtte og tidleg innsats. Barne- og likestillingsdepartementet forvaltar fleire tilskotsordningar som skal bidra til å styrkje det foreldrestøttande arbeidet i kommunane. Foreldrekvardag.no, som blei lansert i 2016, skal vidareutviklast. Home-Start Familiekontakten, som tilbyr hjelp i kvardagen til familiar med minst eitt barn under skulealder, er eit døme på eit frivillig initiativ som får statleg støtte, og som hjelper mange barnefamiliar.

I regjeringa sin integreringsstrategi (2019–2022) Integrering gjennom kunnskap er det fleire tiltak som skal bidra til at familiar med innvandrarbakgrunn har høve til å ta gode val, og til at offentleg integreringsinnsats blir målretta for å hjelpe familiar som treng det. Viktige mål er deltaking på ulike samfunnsarenaer og at innvandrarar får tidleg og god kunnskap om korleis det er å vere foreldre i Noreg, og om kva tilbod som finst. Foreldrerettleiing skal innførast som ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet.

Strategi for foreldrestøtte (2018–2021) Trygge foreldre – trygge barn

Regjeringa fremja i 2018 ein strategi for foreldrestøtte. Strategien skal førebyggje at barn veks opp under mangelfull eller skadeleg omsorg, og bidra til at foreldre får hjelp til det dei ikkje meistrar. Kommunane er den viktigaste aktøren når det gjeld støtte til foreldra. Eit mål med strategien er at tilbodet om foreldrestøtte skal bli meir likeverdig, og at alle kommunar skal tilby kvalitetssikra foreldrestøtte. Strategien har tiltak som rettar seg både mot heile befolkninga og mot foreldre med behov for ekstra foreldrestøttande tiltak.

2.2 Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Kommunen skal tilby helsestasjons- og skulehelseteneste til barn og ungdom i alderen 0–20 år og svangerskaps- og barselomsorg ved helsestasjon. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn og unge og familien deira. Det er eit mål at tenestene er tverrfagleg samansette og tilpassa dei lokale utfordringane. Tenesta har eit stort potensial for å identifisere behov for hjelp hos barn, unge, gravide og familiar på eit tidleg tidspunkt. Ambisjonen er at ingen skal møte ei lukka dør hos helsestasjons- og skulehelsetenesta, og at alle nybakte foreldre skal få heimebesøk i tråd med eksisterande retningslinjer. Regjeringa vil med den langvarige satsinga på helsestasjons- og skulehelsetenesta vidareutvikle tenesta, som er styrkt med 1,3 milliardar kroner i perioden 2014–2019. Seinast i 2019 vedtok Stortinget å auke løyvinga til tenesta med 120 millionar kroner. Av desse er 20 millionar kroner øyremerkte til å heve jordmordkompetansen i kommunane. Til saman er no 40 millionar kroner øyremerkte til jordmorkompetanse.

Svangerskapet er eit godt høve til å endre vanar i ei positiv retning. Dei fleste gravide er motiverte for å leve sunt og synest det er naturleg at jordmora eller fastlegen spør om levevanane deira. Samtidig er kvinner og familiar sårbare under svangerskap, fødsel og barsel og i dei tidlege småbarnsperiodane. Erfaringar med vald og seksuelle overgrep og psykisk helse er aktuelle tema for den første samtalen ved helsestasjonen saman med råd om amming og gode levevanar.

Tilbodet ved helsestasjonstenesta skal mellom anna omfatte heimebesøk. Formålet med heimebesøket er å gi foreldra nødvendig informasjon, etablere tidleg kontakt, leggje grunnlaget for vidare oppfølging og samarbeid og tilby behovstilpassa støtte og rettleiing.

Boks 2.1 Mor-barn-vennlege sjukehus og helsestasjonar

WHO/UNICEFs kvalitetsstandard, «Baby-friendly Hospital Initiative», blei lansert i 1991. Noreg følgde opp med å implementere mor-barn-vennlege sjukehus i 1993. I 2018 er 39 av 47 fødeeiningar godkjende som mor-barn-vennlege. Det vil seie at meir enn 90 prosent av fødslane i Noreg skjer på ei mor-barn-vennleg eining. I 2017 publiserte WHO eit oppdatert fagleg grunnlag for kvalitetsstandarden. I Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) «Sunt kosthold, måltidsglede og god helse for alle» er eitt av oppfølgingspunkta ei vidareføring og ei vidareutvikling av mor-barn-vennleg-initiativet som fagleg standard for føde- og barselavdelingane i landet. I Noreg er kvalitetsstandarden for mor-barn-vennleg sjukehus tilpassa helsestasjonar gjennom tiltaket «Ammekyndig helsestasjon». I 2009 hadde berre fire kommunar/bydelar godkjende mor-barn-vennlege helsestasjonar. Hausten 2018 hadde 121 av kommunane/bydelane helsestasjonar som er godkjende som mor-barn-vennlege.

Skulehelsetenesta er i kontakt med barn og unge mellom 5 og 20 år og kan følgje barn og ungdom gjennom ulike utfordringar. Fordi tenesta er tilknytt skular over heile landet, når ho ut til store delar av barne- og ungdomsbefolkninga og kan dermed òg nå ut til foreldra deira.

Ungdomstida medfører auka ansvar, og for nokre kan denne tida vere prega av vanskelege val, stress, krav og forventingar. Helsesjukepleiar, lege eller anna personell ved helsestasjons- og skulehelsetenesta bør søkje å normalisere vanlege utfordringar og gi ungdom kunnskap og handlingskompetanse. I tillegg bør dei hjelpe ungdommen med å sortere kva som er normalt, og kva som kan krevje oppfølging og tilvising vidare.

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis drop-in-tilbod som skal vere tilpassa behovet til ungdommane. Tilbodet skal vere gitt på ungdommane sine premissar og skal opplevast tilgjengeleg, også for dei som ikkje går på skule. HFU er spesielt merksam på ungdommar med risikofaktorar for å utvikle psykiske plager og lidingar, også faktorar som kan gi auka sjølvmordsrisiko og rusproblem.

2.3 Barnehage, skule og skulefritidsordning (SFO)

Regjeringa sitt mål er barnehagar og skular som gir alle høve til å lykkast, uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske forskjellar. God kvalitet i barnehage og skule kan i tillegg til å fremje læring og danning leggje til rette for livsmeistring og deltaking i samfunnet, styrkje respekt og likeverd og bidra til å motverke diskriminering og utanforskap. Barnehagen, skulen og SFO er viktige integreringsarenaer som gir gode høve til språkleg og sosial utvikling. Høg kvalitet i det ordinære tilbodet kan bidra til god trivsel, læring og utvikling for alle barn og førebygging av seinare problem. Samarbeid med heimen og involvering av foreldra er viktig i utdanningsløpet.

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og skal vareta foreldra sine interesser i barnehage- og skulesamanheng. FUB og FUG bidreg med synspunkt og råd til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet, gir informasjon og rettleiing om samarbeidet mellom barnehage/skule og heim og samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeidet mellom barnehage/skule og heim. Kommunen og fylkeskommunen skal kvar på sitt nivå sørgje for samarbeid med foreldre i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring.

I regjeringa sin strategi Integrering gjennom kunnskap (2019–2022) er tidleg innsats i utdanningsløpet for barn og unge eitt satsingsområde. Det er eit mål å gi barn og unge med innvandrarbakgrunn gode norskkunnskapar, grunnleggjande ferdigheiter og fagleg kompetanse gjennom likeverdige utdanningsløp. Strategien legg mellom anna vekt på at dei tilsette må ha kompetanse til å ta vare på minoritetsspråklege barn og unge.

Ny stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

Regjeringa vil hausten 2019 leggje fram ei melding for Stortinget om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Meldinga har som mål å bidra til eit inkluderande utdanningssystem som sikrar alle barn og elevar tryggleik, tilhøyrsle, utvikling, meistring og læring. Meldinga skal skissere kva slags mål, prinsipp og heilskaplege grep som bør liggje til grunn for at tilbodet i barnehage og skule kan bli betre for alle. Ho skal omfatte både barnehage, skule og SFO og følgje opp forslag og ny kunnskap frå ulike ekspertgrupper, først og fremst rapporten «Inkluderende fellesskap for barn og unge» (Nordahl 2018) og Stoltenberg-utvalet om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar (NOU 2019:3 «Nye sjanser – bedre læring»). Det inneber òg tidleg og rask oppfølging gjennom heile utdanningsløpet når barn og elevar har behov for det. Meldinga skal vurdere det statlege og det lokale støttesystemet og korleis det tverrfaglege og fleirfaglege samarbeidet mellom tenestene kan styrkjast for at kompetansen skal komme nærmare barnet og eleven. Målet med meldinga er å styrkje arbeidet med tidleg innsats og leggje til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske forskjellar.

Barnehagen som arena for tidleg innsats

Barnehagar med høg kvalitet førebyggjer og jamnar ut forskjellar og er særleg viktige for sårbare barn, inklusive minoritetsspråklege barn. Frå eit folkehelseperspektiv er barnehagar med høg kvalitet kjenneteikna av at dei har små barnegrupper og nok og stabilt vaksenpersonell, og at dei tilsette er godt utdanna og personleg eigna. Dette er brukt som definisjon på høgkvalitetsbarnehagar (Major mfl. 2011). For barn i risikosona kan det at dei har gått i ein høgkvalitetsbarnehage, føre til at dei har færre åtferdsproblem og betre skuleresultat. Dessutan minkar risikoen for fråfall i den vidaregåande opplæringa, og sjansen for at dei skal ta ei høgare utdanning, aukar. Effekten ser ut til å kunne vare heile livsløpet (Brandlistuen mfl. 2015, van Huizen og Plantenga 2018). Regjeringa har sett i gang ei rekkje tiltak for å sikre god kvalitet i alle barnehagar.

Ny bemannings- og pedagognorm i barnehagen, ny rammeplan og kompetansestrategi

1. august 2018 tok både ei skjerpa norm for pedagogisk bemanning og ei ny bemanningsnorm i barnehagen til å gjelde. Både den skjerpa pedagognorma og innføringa av bemanningsnorm skal sikre at det pedagogiske tilbodet i barnehagen blir styrkt, og at det er nok vaksne som kan gi barna trygg og god omsorg.

Den nye rammeplanen for barnehagen som blei fastsett i 2017, stiller høge krav til kvalitet. Folkehelse og livsmeistring er eit overordna tema i den nye rammeplanen. Det inneber mellom anna at barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede, matkultur og mentalt og sosialt velvære. Rammeplanen understrekar at foreldra og barnehagepersonalet har felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg. Barnehagen er i ein unik posisjon med tanke på å kunne gi støtte i foreldrerolla og kunne oppdage og varsle dersom barn har behov for ein betre omsorgssituasjon (Berry mfl. 2016, Mogens mfl. 2014). Tiltak for utsette barn i barnehagen har vist seg å ha langt større effekt når foreldra blir involverte (Mogens mfl. 2014). Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet skal utvikle tilrådingar til korleis barnevernstenestene og barnehagane kan samhandle for å oppdage utsette barn på eit tidleg tidspunkt, og saman sørgje for at foreldra får god rettleiing og oppfølging.

Samarbeid mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og barnehagen er viktig. Regjeringa vil derfor vurdere å prøve ut ordningar med å gjennomføre fireårskontrollen i barnehagen.

Regjeringa sin kompetansestrategi for barnehagen for 2018–2022 skal bidra til at heile personalgruppa i barnehagen får auka kompetanse til å kunne implementere rammeplanen. I 2019 blir det løyvd om lag 430 millionar kroner for å fremje kvalitet og kompetanse i barnehagane. Eitt av dei tematiske satsingsområda i kompetansestrategien er at personalet skal få auka kompetanse i å fremje eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø. Fysisk aktivitet er viktig for trivsel og helse, og forsking viser at fysisk aktivitet påverkar læringa positivt (Brandlistuen mfl. 2015, Reikerås mfl. 2017). Kompetansen til barnehagepersonalet er ein avgjerande faktor for å fremje rørsleglede og utvikle motoriske ferdigheiter.

Gode måltid og eit sunt mat- og drikketilbod i barnehagen gir barna eit godt grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevanar. I den nye rammeplanen for barnehagar er det lagt meir vekt på mat og måltid enn tidlegare, og mat og måltid som pedagogisk arena er synleggjort. Helsedirektoratet la i 2018 fram ei ny nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i barnehagen. Helsedirektoratet samarbeider med Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet gjennom konferansar og utvikling av verktøy som støttar opp under arbeidet med å implementere retningslinja og rammeplanen for barnehagen.

Ein god overgang frå barnehage til skule er viktig for at barnet skal få høve til å meistre skulen både sosialt og fagleg (OECD 2017b, Lillejord mfl. 2018). Barn må oppleve ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og dei treng undervisning som er tilpassa alderen og dei ulike behova deira. Frå 1. august 2018 gjeld ei ny lovfesta plikt for skuleeigaren til å samarbeide med barnehagane og utarbeide ein plan for overgangen frå barnehage til skule og SFO. Samarbeidet skal bidra til at barna får ein trygg og god overgang.

Tidleg innsats i grunnopplæringa

Skulen skal bidra til danning og utdanning. I tillegg er skulen viktig som ein førebyggjande arena. Gode lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til eit godt opplæringsløp som gir alle elevar eit godt grunnlag for vidare livsmeistring. God kommunikasjon mellom heim og skule bidreg positivt til skulen sitt arbeid med læringsmiljøet og til elevane sitt oppvekstmiljø. Foreldra og dei føresette har hovudansvaret for oppsedinga og utviklinga til barnet, dei er dei viktigaste omsorgspersonane til barna og ungdommane, og dei har kunnskap som skulen kan bruke for å støtte elevane i danning, læring og utvikling. Heim–skule-samarbeidet er derfor ein sentral del av opplæringa. Det er utdjupa i «Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen», som blei fastsett 1. september 2017.

Norsk skule er på veg i rett retning. Elevane lærer meir, dei er meir til stades, og færre fell frå, jf. kapittel 4. Kartlegging viser at nyare norske policyinitiativ, lover og planverk er i samsvar med det forskinga viser er dei beste pedagogiske praksisane for dei yngste barna i skulen (Lillejord mfl. 2018). Samtidig veit vi for lite om korleis dei yngste barna faktisk har det i skulen. Regjeringa vil derfor innhente meir kunnskap om dette. Det vil vere aktuelt å sjå på tema som pedagogisk praksis, overgang frå barnehage til skule og organisering av skuledagen og læringsmiljøet.

Grunnskulelærarutdanninga for trinna 1–7 fokuserer på dei yngste elevane i grunnskulen. I 2018 blei det utvikla nye tilbod om vidareutdanning for lærarar i begynnaropplæring og i spesialpedagogikk. Regjeringa har òg innført plikt for skulane til å gi intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som strevar med lesing, skriving og rekning.

Lærarar med solid og oppdatert kunnskap er nøkkelen til at elevane skal trivast på skulen. Nytt læreplanverk, læringsmiljøtiltak og kompetanseheving for lærarar er viktige tiltak for å ta vare på den psykiske og fysiske helsa til barn og unge. Det er innført ei ny ordning for kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar. Ordninga inneber at bruken av dei statlege kompetansemidlane skal vere betre tilpassa lokale behov.

Folkehelse og livsmeistring i fornya læreplanverk

I den nye overordna delen for læreplanane frå 2017 blir det stilt klare krav til at skulen skal utvikle inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Kunnskapsdepartementet er i gang med å fornye læreplanverket for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, jf. kapittel 8.4. I fagfornyinga er folkehelse og livsmeistring eitt av tre prioriterte tverrfaglege tema. Temaet skal bidra til at elevane tileignar seg kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gir dei høve til å ta ansvarlege livsval. Stadig fleire skular i landet jobbar alt aktivt med livsmeistring i undervisninga i ulike fag. Rapporten «Livsmestring i skolen. For flere små og store seiere i hverdagen» er utarbeidd på bakgrunn av eit prosjekt om livsmeistring i skulen i regi av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) på oppdrag frå regjeringa. Prosjektet er eit innspel til det vidare arbeidet med livsmeistring i skulen og til arbeidet med å fornye innhaldet i læreplanverket.

Prosjektet «Et lag rundt eleven» blei sett i gang i skuleåret 2017/2018 for å bidra til meir bruk av fleirfagleg kompetanse i skulen, særleg for sårbare elevar. Kunnskapsdepartementet har sett i gang forsking som skal gi ny kunnskap om korleis det er fornuftig å bruke fleirfagleg kompetanse i skulen. I forskingsprosjektet får utvalde kommunar ein ekstra helsesjukepleiarressurs i ein toårsperiode. Ressursen blir fordelt på fire skular og rettar seg mot elevar på 5.–7. trinn.

Fysisk aktivitet og mat og måltid i skulekvardagen

Leik og fysisk aktivitet er viktig for den fysiske og psykiske helsa til barn og unge. Gjennom skuledagen vil elevane få høve til å vere aktive i kroppsøvingstimar, i timar til fysisk aktivitet på 5.–7. trinn, i friminutt og gjennom undervisning i fag der det blir lagt til rette for det. Verken læreplanane eller kompetansemåla legg hindringar for bruk av fysisk aktivitet i skulen. Det må likevel skje innanfor læreplanane og rammene av det fastsette timetalet til dei respektive faga.

Boks 2.2 Skulematordninga ved Gosen skole

Gosen skole i Stavanger satsar på sunn livsstil og berekraft. Som eit ledd i satsinga har skulen i fleire år drive skulekantine. Den populære kantina er ein del av den pedagogiske verksemda i faget mat og helse. Kantinedrifta speglar kompetansemåla i faget. Elevar og lærar lagar mat for sal i tråd med den nasjonale faglege retningslinja for mat og måltid i skulen. Skulen nyttar mykje økologiske råvarer og legg vekt på kreativ bruk av restemat. Kantina serverer mest enkle og sunne rettar av grønsaker og fisk og bruker lite kjøt og sukker. For Gosen skole har det vore viktig at tilbodet i kantina skal verke sosialt utjamnande. Kvar dag serverer dei gratis frukost, og dei held prisane elles så låge som mogleg. Elevane betaler med betalingskort, noko som fungerer greitt, også til å setje i verk økonomisk støtte til elevar som har behov for det. Skulen har samarbeidd med Nav om å utvikle kantina som ein praksisarena for matinteresserte. I ein prosjektperiode har skulen fått rettleiing og kompetanseheving frå Måltidets hus i Stavanger. Helsesjukepleiar ved skulen og lokale matleverandørar er viktige samarbeidspartnarar. Gosen er pilotskule for sunn mat i Stavanger og tek imot besøk av andre skular som ønskjer inspirasjon.

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet samarbeider om eit forskingsprosjekt med utprøving og evaluering av modellar med ekstra tid til kroppsøving og fysisk aktivitet. Hovudstudien blei gjennomført i skuleåret 2017/2018 med eit utval på 29 skular og om lag 2700 elevar på 9. trinn. Denne elevgruppa er mindre fysisk aktiv og har lengre skuledagar enn dei yngre elevane. Forskingsprosjektet søkjer å finne svar på korleis vi best treffer denne elevgruppa, og korleis verknaden er på den fysiske og psykiske helsa til elevane og på læringsmiljøet og læringa. Resultata vil liggje føre tidleg i 2019, og dei vil gi eit fagleg grunnlag for betre å kunne vurdere tiltak for auka fysisk aktivitet i grunnopplæringa.

Regjeringa er oppteken av å styrkje symjeferdigheitene til barn og unge og har jobba aktivt med dette i fleire år. Det er innført nye kompetansemål, obligatorisk ferdigheitsprøve og tilskotsordningar for barnehagar og nyleg komne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæring. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet har etablert svømmedyktig.no – ei ressursside for symjeopplæringa. Det er òg gjennomført kompetansehevingstiltak.

Kunnskapen og forståinga elevane utviklar gjennom arbeidet med faget mat og helse kan vere viktig for å gjere dei bevisste på sine eigne kosthaldsvanar. For å kunne skape gode føresetnader for god helse og eit godt læringsmiljø er det viktig med sunn mat og faste måltid. Måltidet som sosial arena har òg potensial for å skape trivsel, gode relasjonar, meistring og tryggleik. Kartlegging viser stor variasjon i kjennskapen til og oppfølginga av Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen (Federici mfl. 2017). Det er til dømes mange skular som ikkje oppfyller målet om minst 20 minutt matpause. Regjeringa understrekar kor viktig det er at skuleeigaren sikrar at skulane legg til rette for dette. I samband med at forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. skal reviderast, er det aktuelt å ta inn at elevane må få tilbod om lang nok matpause. Dette blei òg løfta fram i brev frå helseministeren og kunnskapsministeren som oppfølging av Meld. St. 19 (2014–2015) Mestring og muligheter og Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021).

Det er samanheng mellom det å ete frukost og å ha gode kostvanar elles. Helsevaneundersøkingane viser at 60 prosent av alle 15-åringar et frukost kvar dag (Samdal mfl. 2016). Det er uheldig at mange kjem på skulen utan å ha ete frukost. Skular, elevar og foreldre rapporterer om gode erfaringar med frukost på skulen. Det bidreg til at elevar som av ulike grunnar ikkje et frukost heime, får ein betre start på dagen.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet samlar og formidlar døme på gode måtar å organisere mat og måltid i skulen på. Ei eingongstilskotsordning frå Helsedirektoratet i 2016/2017 til 23 skuleeigarar for organisering av måltidsordningar i skulen inkluderte nokre døme på frukosttilbod. Mange rapporterte om samarbeid med Nav, introduksjonsprogrammet, matprodusentar og frisklivssentral. Det er potensial for samarbeid både sentralt og lokalt for å fremje gode mat- og måltidsvanar for barn og unge generelt og gode frukostvanar spesielt. Nokre skular tilbyr abonnement på frukost eller lunsj. Det kan til dømes knytast opp mot abonnement på «Skolefrukt» og tilbodet Tine har gjennom «Skolelyst». Regjeringa vil oppmode skuleeigarane til å samarbeide med dei føresette, det lokale næringslivet og den frivillige sektoren for å etablere gode matordningar, inkludert abonnementsordningar, eventuelt med eigenbetaling. Dersom det blir innført ordningar med eigenbetaling er det viktig at dei tek særleg omsyn til barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Regjeringa framhevar at det er frivillig for skuleeigaren å etablere slike ordningar.

Tiltak for å fremje samarbeid om gode måltidsordningar kan òg sjåast i samanheng med programmet for folkehelsearbeid i kommunane for å utvikle tiltak som fremjar god psykisk helse hos barn og unge. Fylkesmannen i Trøndelag har som eitt av fleire fokusområde for 0–24-samarbeidet (jf. kapittel 2.6) at barn og unge får sunn og næringsrik mat og gode måltidsopplevingar på skulen. Sjå òg omtale av måltidspartnarskap i kapittel 6.4.

Tiltak frå regjeringa for å redusere mobbing i barnehage og skule

I eit folkehelseperspektiv er det verdifullt at barn og unge har ein trygg og god barnehage- og skulekvardag der dei opplever at dei får den støtta og hjelpa dei treng.

Eit godt leike- og læringsmiljø omfattar òg det psykososiale miljøet, inkludert vennskap, trygge vaksne og førebygging av sosial ekskludering og krenkingar som diskriminering, trakassering, vald og mobbing. Forsking om mobbing i barnehagen viser at 8–12 prosent av barnehagebarna opplever mobbing, enkelte både frå barn og vaksne. Fleire av elevane som fall frå i den vidaregåande opplæringa, hadde vore utsette for mobbing alt i barnehagen (Lund 2013, Lund mfl. 2015). Den siste elevundersøkinga frå hausten 2018 viser at talet på elevar som svarer at dei blir mobba to–tre gonger i månaden eller oftare, har gått ned frå 6,6 prosent til 6,1 prosent. Det er ei positiv utvikling. Men 6,1 prosent er likevel eit altfor høgt tal, for det tyder på at rundt 47 000 elevar blir mobba jamleg.

Dei siste åra har regjeringa derfor gjennomført ei rekkje nye tiltak for å redusere mobbinga. Dei viktigaste er lovendringar, kompetansebygging for dei vaksne i barnehagar og skular og betre hjelp og støtte til mobbeoffer og familiane deira.

Retten til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar læring, trivsel og helse er forankra i opplæringslova kapittel 9 A. Kapittelet blei revidert i 2017 og blei då utvida frå å gi elevane vern mot krenkingar til å gi dei rett til å ha det trygt og godt på skulen. Tiltaka skulen og kommunen set inn for å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø, kan rettast mot det som skjer på skulen, men òg mot årsaker eller omstende utanfor skulen. «Partnerskap mot mobbing» blei etablert i januar 2016 mellom regjeringa og tolv organisasjonar og erstattar det tidlegare «Manifest mot mobbing». Vidare er det frå hausten 2018 etablert ei nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod for alle barnehagebarn og grunnskuleelevar. Denne ordninga vil bli finansiert som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane. Ombodsordninga skal evaluerast. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein nettressurs med oversikt over eigna tiltak i ulike typar skulemiljøsaker. Utdanningsdirektoratet har i tillegg utarbeidd ei rettleiing om bruk av beredskapsteam i særleg alvorlege mobbesaker. Kommunane kan bruke den nye rettleiinga til å finne ut korleis dei kan organisere beredskapsteam, og kva slags oppgåver teama kan ha.

Skulefritidsordning/aktivitetsskule (SFO/AKS)

Deltaking i SFO kan ha mykje å seie for utvikling av språk og sosiale ferdigheiter. SFO utgjer ein vesentleg del av kvardagen til barna. 81 prosent av alle førsteklassingar og 61 prosent av alle elevar på 1.–4. trinn deltek i ei skulefritidsordning. Det gjer SFO til ein viktig helsefremjande arena mellom anna gjennom fysisk aktivitet og friluftsliv, arbeid med kosthald, kulturelle aktivitetar som song og musikk, dans og teater, etablering av vennskap og deltaking i sosiale fellesskap. Ved mange skular blir kulturelle aktivitetar gjennomførte i samarbeid med lokale aktørar, til dømes kulturskulen, og fysisk aktivitet og friluftsliv blir gjennomført i samarbeid med idretts- og friluftsorganisasjonar. Kvaliteten i SFO skal styrkjast gjennom utarbeidinga av ein nasjonal rammeplan som òg gir rom for lokale variasjonar. NTNU Samfunnsforsking gjennomførte i 2018 ei nasjonal evaluering av SFO (Wendelborg mfl. 2018). Evalueringa vil bli følgd opp i stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap hausten 2019.

SFO-måltida kan bidra til gode framtidige kosthaldsvanar. Helsedirektoratet lanserte i 2015 ei ny nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen som òg inkluderer SFO. Helsedirektoratet vil i samarbeid med Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet arbeide for at retningslinja blir betre kjend i SFO og vurdere korleis ein kan betre matfagleg kompetanse hos SFO-tilsette. Som oppfølging av handlingsplanen for betre kosthald arbeider ein med å mobilisere og leggje til rette for barn som endringsagentar for matglede, sunt kosthald og berekraft. Prosjektet «Matjungelen», som er utvikla av Folkelig på oppdrag frå Helsedirektoratet, har SFO som målgruppe og skal i 2018–2019 spreiast til alle kommunar i Hordaland. Med støtte frå Gjensidigestiftelsen skal «Matjungelen» bli eit tilbod i heile landet frå 2020. Tiltaket blir organisert i eit partnarskap mellom myndigheiter, frivillig sektor og privat sektor.

Det nasjonale kosthaldsprogrammet «Fiskesprell» har òg tilbod til SFO-tilsette. Fleire andre aktørar har tilbod til SFO på matområdet. Det er viktig å samle erfaringar frå ulike opplegg og spreie kunnskapen.

Fysisk leik er ein stor del av SFO-tida til barna. Skulefritidsordninga er ein viktig arena for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede hos dei yngste elevane. Den fysiske aktiviteten i SFO-tida kan styrkjast både gjennom fri leik og meir vaksenstyrte aktivitetar. Ein kan leggje til rette for fysisk aktivitet både ute og inne og gjennom bruk av nærmiljøet. Mange kommunar har fysisk aktivitet som eit satsingsområde i SFO. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet har ei lang rekkje ressursar for skule, barnehage og SFO som kan inspirere planlegginga av SFO-dagen.

Regjeringa vil vidareutvikle eit utval eksisterande, vellykka satsingar innanfor friluftsliv retta mot barn og unge i barnehage, SFO og skule. Dette arbeidet vil bli forankra i skuleprosjektet til Norsk Friluftsliv, som er finansiert av Klima- og miljødepartementet. Gode forhold for leik og fysisk aktivitet i SFO vil òg bli følgde opp i den nye handlingsplanen for fysisk aktivitet, jf. kapittel 6.

2.4 Barnevern og familievern

Barnevern

Arbeidet med å førebu barnevernsreforma er i gang, jf. kapittel 8.4. Auka kompetanse er viktig for å førebu kommunane på eit større ansvar for barnevernet, og regjeringa har derfor sett i verk ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet (2018–2024).

Samtidig har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet begynt å utvikle eit digitalt barnevernsfagleg kvalitetssystem for det kommunale barnevernet. Det er òg sett i gang eit større arbeid med å utvikle ei nasjonal tilnærming til hjelpetiltaksarbeid, mellom anna ettervernstiltak for ungdom mellom 18 og 23 år. I utviklingsarbeidet legg ein vekt på at barnevernet skal samarbeide med andre tenester, også helsetenestene. Frå 2014 har regjeringa gjennomført ei eiga satsing for å skape ein betre tilpassa skule- og utdanningssituasjon for barn i barnevernet. I 2019 blir det sett i gang ei eiga satsing for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og politiet.

Barn med innvandrarbakgrunn får i større grad enn barn utan innvandrarbakgrunn hjelpetiltak i heimen. Deler av innvandrarbefolkninga har låg tillit til barnevernet (Ipsos 2017). Samtidig har mange familiar med innvandrarbakgrunn lite kunnskap om rolla og oppgåvene til barnevernet. Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) har utarbeidd ein handlingsplan for å betre tilliten mellom barnevern og etniske minoritetsmiljø. I integreringsstrategien (2019–2022) har regjeringa varsla at ho vil styrkje barnevernet med tanke på oppfølging av barn og familiar med innvandrarbakgrunn.

Kunnskap om samiske språk og kulturuttrykk er ein viktig føresetnad for at barnevernstenesta skal kunne gi samiske barn og familiar eit forsvarleg tilbod. Sametinget er bekymra for at barnevernet ikkje har god nok kompetanse om og forståing for rettane og behova til samiske barn. Dei etterlyser samtidig fleire samiske fosterheimar for å kunne oppfylle rettane til barna og hindre tap av språk, kultur og identitet og for å kunne gi barna relasjonar til samisk slekt og miljø.

Barnevernslovutvalet la fram forslag til ny barnevernlov i NOU 2016: 16 «Ny barnevernslov – sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse». Delar av forslaget er følgde opp gjennom endringar i dagens barnevernlov, jf. Prop. 169 L (2016–2017). Endringane tok til å gjelde 1. juli 2018, og fleire av endringane kan bidra til at språket og kulturen til samiske barn blir betre vareteke i barnevernet.

Det blir arbeidd med å etablere fleire opplæringstilbod for tilsette i barnevernet for å styrkje arbeidet med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Eit av desse tilboda skal omfatte vurdering av omsorg hos foreldre med ulik sosial, kulturell eller erfaringsmessig bakgrunn, mellom anna i den samiske befolkninga. Det skal òg etablerast eit nytt vidareutdanningstilbod for å gi barnevernet meir kunnskap om arbeid med familiar med etnisk minoritetsbakgrunn. Kompetanse om urfolk og nasjonale minoritetar skal inngå i studietilbodet. Det skal òg utviklast eit eige opplæringstilbod spesielt retta mot tilsette i den statlege fosterheimstenesta og i statlege/private institusjonar. Vidare skal det utgreiast ein heilskapleg modell for barnevernet sitt arbeid med barn med etnisk minoritetsbakgrunn i fosterheim. Rekrutteringa av fosterheimar har i fleire år vore eit prioritert område, og ein er særleg oppteken av å få fleire fosterheimar i slekt og nettverk.

Folkehelseinstituttet har ansvar for å utvikle kommunehelseprofilar som støtte til det kommunale folkehelsearbeidet, jf. kapittel 7. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Folkehelseinstituttet samarbeider om å få fram gode indikatorar som både er viktige i eit folkehelseperspektiv og relevante for barnevernet.

Familievern

Familieverntenesta er eit viktig familiestøttande tiltak som skal gi foreldre som slit, den støtta dei treng for å vere gode omsorgspersonar for barna. For at barn som lever i familiar med høgt konfliktnivå, skal få så gode oppvekstvilkår som mogleg, tilbyr familievernet foreldra mekling og hjelp til å samarbeide om felles barn. Det blir arbeidd vidare med å tilpasse tilbodet om mekling til utfordringane i den enkelte familien. Ved meklinga er det viktig å vareta barna sin rett til informasjon og til å uttale seg i saker som vedgår dei. Barn skal ha høve til å uttale seg før foreldra lagar avtalar om bustad og samvær. Det blir derfor lagt vekt på at barn skal få tilbod om ein eigen time når foreldra skal møte til mekling. Det er eit mål at fleire barn enn i dag skal bli høyrde i samband med meklinga.

Tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet viser at foreldre stadig oftare tek imot tilbodet om fleire meklingstimar enn den eine obligatoriske. Det er òg ein liten auke i talet på saker med foreldresamarbeid. Det kan tyde på at foreldra ser at familievernet har eit tilbod dei kan ha nytte av.

2.5 Fritid, kultur og nærmiljø

Nærmiljøet er viktig for helse, trivsel og oppvekst. Det må opplevast som trygt, og det må ha gode og inkluderande møteplassar, universell utforming, lett tilgjengelege naturområde og kultur- og fritidstilbod med rom for samvær, utfalding og vennskap. Regjeringa er oppteken av at alle barn og unge skal få gode høve til å ta del i nærmiljøet og ha opplevingar der, og at dei skal få vere med og utforme lokalmiljøet og leggje til rette tilbod og aktivitetar, jf. kapittel 5.1.

Trygge samfunn med låg kriminalitet må sikrast ved førebygging, til dømes gjennom SLT-samarbeid og politiråd, jf. kapittel 8.4.

Det blir gjort mykje godt arbeid på kultur- og fritidsområdet i dei ulike lokalmiljøa gjennom brei innsats i offentleg og frivillig regi. Frivillige organisasjonar og engasjement frå foreldre og lokale ressurspersonar har mykje å seie. Regjeringa støttar opp om det lokale arbeidet, mellom anna gjennom ulike tilskotsordningar. Nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar legg til rette for at barn og unge kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonar. I 2019 var ordninga på over 152 millionar kroner. Midlane går i hovudsak til nasjonal og internasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Formålet er å leggje til rette for at barn og unge kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Dei tilbyr sosiale møteplassar for barn og unge og bidreg til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. For å bidra til at alle barn og unge har høve til å delta i ein fritidsaktivitet, er tilskotsordninga for inkludering av barn i låginntektsfamiliar blitt styrkt, jf. kapittel 4.

Frifond-ordninga skal stimulere den lokale aktiviteten og deltakinga til barn og unge og betre rammevilkåra for den medlemsbaserte aktiviteten i regi av frivillige organisasjonar. Ordninga utgjer nærmare 200 millionar kroner og blir forvalta av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og Norsk musikkråd (NMR). Ei evaluering viser at ordninga når breitt ut til barn og unge.

Lokale idrettslag er møteplassar på tvers av generasjonar og sosiale skiljelinjer. I dag er det store fleirtalet av barn i Noreg med i organisert idrett på eitt eller anna tidspunkt i oppveksten, og mange deltek i fleire idrettar. Samtidig ser vi at barn og unge fell frå for tidleg, og at det er sosiale forskjellar i idrettsdeltakinga etter sosioøkonomisk status (Bakken 2017). Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ei ordning som skal styrkje idrettsaktiviteten på lokalt nivå. Ordninga var i 2018 på 367 millionar kroner.

Ungdata 2018 viser at 56 prosent av elevane på ungdomstrinnet og 44 prosent på vidaregåande har drive med eigenorganisert fysisk aktivitet. Det er derfor viktig å støtte og leggje til rette for slik aktivitet. Regjeringa har vore med på å etablere Tverga, det nye ressurssenteret for eigenorganisert aktivitet. Senteret skal leggje til rette for erfaringsutveksling mellom eigenorganiserte miljø og kommunane. Det skal fremje kunnskap og kompetanse hos kommunale myndigheiter og gi råd og praktisk rettleiing til dei som driv eigenorganisert aktivitet. Målet er at ressurssenteret skal skape auka aktivitet i heile landet.

For å bidra til auka friluftslivsaktivitet blant barn og unge har regjeringa i 2019 gitt midlar til Friluftsrådenes Landsforbund for å etablere og drive eit prosjekt som skal kartleggje og vidareutvikle suksessrike aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge. Arbeidet skal skje i samarbeid med både dei sentrale friluftslivsorganisasjonane og andre organisasjonar som har friluftsliv som ein del av aktiviteten. Ved å kartleggje kva for tiltak som verkar best, og satse meir på desse vil ein kunne auke friluftslivsaktiviteten blant barn og unge.

Våren 2018 sette regjeringa ned eit offentleg utval, #UngiDag-utvalet, som skal sjå på likestillingsutfordringar barn og unge møter når dei deltek på viktige arenaer, også fritidsarenaen, som omfattar både eigenorganiserte og organiserte aktivitetar, mellom anna innanfor idrett og kultur. Utvalet skal leggje fram ei utgreiing hausten 2019.

Opplæringslova § 13-6 krev at alle kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge i tilknyting til skuleverket eller kulturlivet elles. Norsk kulturskoleråd har utarbeidd ein rammeplan som er retningsgivande for kulturskulane. I rammeplanen står det at kulturskulane skal vere lokale ressurssenter. Det inneber direkte samarbeid med skulen, helse- og sosialsektoren og kulturlivet, og det må leggjast til rette for integrering og inkludering. Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg samarbeider med Norsk kulturskoleråd med sikte på å utvikle og konkretisere helseeffektane gjennom musikalsk/kulturell kompetanseutvikling hos barn og unge.

Ny stortingsmelding om barne- og ungdomskultur

Regjeringa har bestemt seg for å setje i gang eit arbeid med ei stortingsmelding om barne- og ungdomskultur som òg skal omfatte kulturskulen. Meldinga skal løfte fram barn og unge som målgruppe og aktive deltakarar og bidra til å heve statusen og kvaliteten på kultur som blir skapt og formidla til barn og unge. I meldinga vil det mellom anna vere aktuelt å sjå på samarbeid mellom kulturskulane, skulefritidsordningar og frivillig sektor og korleis ein kan sikre fleire barn tilgang til kulturskulane gjennom å gjere dei meir tilgjengelege og sørgje for gode ordningar for låginntektsfamiliar. Barne- og ungdomskulturmeldinga vil òg sjå på kulturskulen i eit integreringsperspektiv.

2.6 Nærmare om tiltak særleg retta mot ungdom

Ungdata samlar regelmessig inn data om unges liv og helse innanfor tema som nære relasjonar, skule og utdanning, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk og vald. Den siste Ungdata-rapporten (Bakken 2018) viser at vi har ein veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon. Ungdommane trivst og har gode relasjonar til foreldra sine og til venner, dei er nøgde med skulen dei går på, og lokalmiljøet dei bur i. Dei fleste har ei aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med venner pregar kvardagen. Samtidig slår rapporten fast at det er mange som opplever bekymringar i kvardagen. Fleire fortel at dei opplever einsemd og isolasjon, og det er ein tendens til at færre trivst på skulen enn for nokre år sidan. Mange opplever skulen som stressande, og fleire opplever eit press om å sjå bra ut eller ha ein fin kropp. Regjeringa møter desse utfordringane gjennom tiltak på tvers av sektorane.

Ny stortingsmelding om ungdomspolitikk

Regjeringa har bestemt at det skal skrivast ei stortingsmelding om levekåra og framtidsutsiktene til ungdom. Barne- og likestillingsdepartementet koordinerer arbeidet, men vil samarbeide nært med aktuelle departement, til dømes Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Arbeidet vil òg bli koordinert med Kulturdepartementet si melding om barne- og ungdomskultur.

Meldinga vil famne alle unge mellom 13 og 25 år. Ho vil ta opp ei rekkje tema, som ungdomsengasjement, demokrati og like moglegheiter for alle. Meldinga vil sjå heilskapleg på tema som den digitale kvardagen, helse, stress og press, einsemd og mobbing og hatkriminalitet og vald. Vidare vil regjeringa setje ned ungdomspanel som skal gi råd til regjeringa i aktuelle saker til dømes når det gjeld integrering, psykisk helse og fråfall i vidaregåande skule.

Strategi for ungdomshelse

Regjeringa har lagt fram ein strategi for ungdomshelse (2016–2021) som legg vekt på at alle samfunnssektorane må bidra til gode oppvekstvilkår, god psykisk og fysisk helse og reduserte sosiale helseforskjellar blant ungdom. Andre målsetjingar med strategien er å leggje til rette for meir tilgjengelege helsetenester med låg terskel, meir tverrfagleg samarbeid og gode pasientforløp i alle delar av helse- og omsorgstenesta. Det har òg vore viktig å la ungdom få vere med på å utforme tenester som er aktuelle for dei, og å sikre tilgjengelege og samordna digitale tenester av god kvalitet. Samtidig skal det leggjast til rette for eit betre kunnskapsgrunnlag når det gjeld helse, levekår og helsetenestetilbod til ungdom og unge vaksne.

0–24-samarbeidet

0–24-samarbeidet mellom Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet tok til i 2015 og skal etter planen vare til 2020. Målet med 0–24-samarbeidet er å oppnå betre samordna tenester og meir heilskapleg innsats for utsette barn og unge under 24 år og familiane deira, slik at fleire skal lykkast i skulen og fullføre vidaregåande opplæring. Det er samansette årsaker til at ungdom ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Nokre er direkte skulerelaterte, mens andre omfattar forhold på andre arenaer. Gjennom 0–24-samarbeidet blir det utvikla tiltak som kan bidra til at fleire unge gjennomfører opplæringsløpet. 0–24-samarbeidet handlar om å skape meirverdi og å utnytte tilgjengelege ressursar betre, mellom anna gjennom tettare tverrsektorielt samarbeid.

Saman med relevante direktorat vurderer ein tiltak knytte til regelverkskonfliktar, samordning av tilskotsforvalting, språk, læreplassar og utvikling av organiserings- og samhandlingspraksisen til direktorata. Målet er at betre samordning sentralt skal lette samarbeidet lokalt i kommunane og fylkeskommunane. I 2019 vil regjeringa i nokre kommunar starte opp ein pilot for programfinansiering av enkelte tilskotordningar for barn og unge. Det inneber at departementa i 0–24-samarbeidet innlemmar delar av dei eksisterande tilskotordningane frå dei enkelte departementa i ei ny, felles programfinansiering. Slik blir tidlegare spesifikke kriterium for det enkelte tilskotet oppheva, og kommunane kan i større grad søkje om midlar som er tilpassa lokale utfordringar.

Fritidsklubbar

Mange stader er møteplassar som fritidsklubbar og ungdomshus «spydspissen» i det generelle førebyggjande arbeidet kommunen gjer overfor ungdom. Fritidsklubbane samarbeider mellom anna med frivillige organisasjonar, foreldre, SLT-nettverk, helsesjukepleiarar eller utekontaktar. Mange stader har fritidsklubbar vore den einaste offentlege arenaen som er open for all ungdom i fritida deira, og som legg vekt på aktivitet som ungdommane sjølve har teke initiativ til. Regjeringa støttar dette arbeidet i kommunane, mellom anna gjennom den nasjonale tilskotsordninga for inkludering av barn i låginntektsfamiliar og storbyordninga, jf. kapittel 4. For at effekten av tilskotsordningane skal bli best mogleg, er det viktig at kommunane òg styrkjer arbeidet sitt på dette området. Det er store lokale variasjonar når det gjeld innhald, kompetanse, ressursar og politisk vilje lokalt til å satse på ungdomshus og fritidsklubbar (Gjertsen og Olsen 2011). Helsedirektoratet har gitt Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) i oppdrag å kartleggje bruken av fritidsklubbar og ungdomshus som ein del av det lokale folkehelsearbeidet.

Barn og unge er ei prioritert målgruppe i programmet for folkehelsearbeid i kommunane, jf. kapittel 7. For å styrkje samarbeidet mellom kommunane og frivillig sektor om temaa i programmet, blir det løyvd midlar til Frivillighet Norge og Ungdom og Fritid. Ein skal mellom anna samarbeide om eit opplæringsprogram for ungdomsarbeidarar på opne møteplassar. Frå 2019 blir Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) òg ein del av programmet. Formålet er å bidra til å utvikle frivilligpolitikken til kommunane.

Ein trygg digital kvardag

Digitale medium speler i dag ei sentral rolle i kvardagen til barn og unge. Medietilsynet gjennomfører «Barn og medium»-undersøkinga annakvart år. Den siste undersøkinga er frå 2018. Nærmare 5000 barn frå 9 til 18 år og 2200 foreldre har svart på spørsmål om medievanane til barn og unge. Resultata viser at nesten halvparten av norske 9–18-åringar føretrekkjer sosiale medium som nyheitskjelde. Snapchat og Instagram er dei to mest populære sosiale media blant dei unge. Digitale medium kan ha både positive og negative effektar, og det er behov for meir kunnskap om bruken av dei sosiale media og for tiltak som kan fremje dei positive sidene og førebyggje dei negative sidene ved slik bruk (jf. kapittel 5.2).

Regjeringa vil følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 592 (2017–2018) om å utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skuleeigarane, slik at dei tek i bruk løysingar som skjuler alvorleg skadeleg innhald på nettbrett, mobil, PC og liknande digitale einingar som barna får utdelte eller får tilgang til. Utdanningsdirektoratet skal utarbeide nasjonale retningslinjer for barnehage- og skuleeigarane som skal førebyggje, skjerme mot og handtere tilgang til alvorleg skadeleg innhald via digitale einingar som blir brukte i det pedagogiske arbeidet for barnehagebarn og elevar på 1.–4. trinn i grunnskulen. Målet med retningslinjene er at barnehage- og skuleeigarane skal setje i verk eigna tiltak for å hindre at dei yngste barna blir utsette for alvorleg skadeleg innhald. Utdanningsdirektoratet skal òg vurdere om det er behov for rettleiing retta mot barn og ungdom på høgare trinn i skulen. I denne samanhengen kan ein òg vise til at eitt av tiltaka i Opptrappingsplan mot vold og overgrep er å gjere barnehagar og skular betre i stand til å informere barn og foreldre om nettvett og korleis dei kan hindre internettrelaterte overgrep, jf. Prop. 12 S (2016–2017). Justis- og beredskapsdepartementet leier arbeidet med ein eigen strategi mot internettrelaterte overgrep.

Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet samarbeider for betre samordning av digitale tenester til barn og unge (DIGI-UNG). Som ein del av dette arbeidet er det samla inn innspel frå barn og unge om korleis dei bruker digitale tenester, og kva slags digitale tenester dei har behov for. Det er òg henta innspel frå aktørar som tilbyr digitale tenester til ungdom. Resultatet viser at ungdommane opplever digitale tenester som eit nyttig supplement til konvensjonelle hjelpetenester, der tilgjengelegheit og tillit kan vere ei utfordring (Helsedirektoratet 2018c).

Trass i at ungdom har høg digital kompetanse, kjem det fram at mange synest det er utfordrande å finne fram til og navigere mellom ulike tenester og informasjonskjelder på nett. Barn og ungdom har lett tilgang på enorme mengder informasjon relatert til helse og utvikling og må vege og vurdere informasjon frå mange kjelder og kanalar med ulik grad av kvalitet. Barn og ungdom seier at dei ønskjer informasjon og digitale tenester som er kvalitetssikra, samla på éin stad, tilpassa ulike behov og i tråd med brukarmønsteret deira.

Barn og unge blir rekna som ei sårbar forbrukargruppe. Dei bruker digitale tenester aktivt, men dei har ikkje den same kritiske vurderingsevna som vaksne. Det kan gjere dei særleg mottakelege for kommersielle bodskapar på nett. Marknadsføringspresset mot barn og unge er stort, og stadig nye kanalar blir tekne i bruk for å nå barn og unge på nettet. Barn og unge legg frå seg ei rekkje digitale spor når dei bruker digitale tenester, og det er viktig at dei veit korleis dei kan vareta personvernet. Desse temaa vil bli tekne opp i den kommande stortingsmeldinga om forbrukarpolitikk, jf. kapittel 8.4.

Boks 2.3 Ung.no

Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal til ungdom og er svært godt besøkt. Ung.no er i dag den største nettstaden for denne målgruppa i Noreg. I 2018 var det meir enn 34 millionar sidevisingar, og om lag 52 500 svar på spørsmål frå brukarane. Målet er å ha ein kanal for informasjon til unge om tema dei lurer på. Her finn dei unge kvalitetssikra informasjon om kropp, helse, seksualitet, problem heime, mobbing, hatprat, diskriminering, lovbrot, einsemd, forelsking, utdanning og jobb. Ung.no vil bli vidareutvikla med fleire tenester og bli endå meir brukartilpassa.

Unge med nedsett funksjonsevne

I barne- og ungdomsåra er utvikling av sjølvtillit, sjølvrespekt og ein trygg identitet særleg avgjerande. Barn og unge med funksjonshemming er ein del av det same fellesskapet som funksjonsfriske. Ein inkluderande barnehage- og skulekvardag står sentralt. Vidare er det viktig å få kontakt med andre barn eller unge for å ha nokon å samanlikne seg med og for å styrkje sin eigen identitet. Tilhøyrsle i vennekretsen og inkluderande aktivitetar der barn og unge med funksjonsnedsetjing kan delta saman med andre, støttar opp om sosiale relasjonar og hindrar diskriminering og utestenging frå viktige arenaer. Barn og unge med funksjonsnedsetjingar møter i dag barrierar som hindrar likestilling. Det handlar mellom anna om utfordringar knytte til likeverdige høve til utdanning, inkludering i arbeidslivet, gode og tilgjengelege helse- og omsorgstenester og tilgjengelege kultur- og fritidstilbod. Regjeringa lanserte i 2019 ein strategi for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing for perioden 2020–2030 og vil følgje opp med ein handlingsplan som blir lansert i 2019.

Einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar

Dei siste åra har særleg den psykiske helsa til einslege mindreårige asylsøkjarar bydd på utfordringar. Barn og ungdom i asylmottak har rett til dei same velferdstenestene som befolkninga elles. Vertskommunane til mottaka er ansvarlege for å tilby barnevernstenester, undervisning og nødvendige helsetenester, og helseføretaka skal tilby spesialisthelsetenester. Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for at einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år får eit forsvarleg omsorgstilbod i mottak, og det daglege omsorgsansvaret er delegert frå UDI til mottaka. UDI har over tid jobba systematisk med å sikre at barn og einslege mindreårige får best mogleg omsorg i mottak, og har dei siste åra sett i gang ei rekkje tiltak med særleg vekt på å styrkje kompetansen. Folkehelseinstituttet planlegg eit prosjekt med sikte på å teste ut eit verktøy som mellom andre tilsette i mottak for einslege mindreårige kan nytte for å førebyggje og handtere psykiske plager. I opptrappingsplanen for den psykiske helsa til barn og unge planlegg ein òg eit utviklingsarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet for å styrkje det tverrfaglege samarbeidet for barn og unge i barnehage og skule, også barn og unge med psykiske vanskar.

Einslege mindreårige flyktningar har behov for særskild tilrettelegging, omsorg og oppfølging og skal prioriterast i busetjingsarbeidet. Dei skal busetjast i ein kommune så raskt som mogleg etter at dei har fått opphaldsløyve. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som har ansvar for å leggje til rette for og samordne busetjinga av flyktningar. Etter at ein person har flytta ut frå eit omsorgssenter eller eit mottak, er det busetjingskommunen som har hovudansvaret for bu- og omsorgstilbodet. I 2018 har regjeringa gjort det mogleg å busetje einslege mindreårige med avgrensa opphaldsløyve mens dei ventar på dokumentert identitet, og opna for kvalifisering. Dette er gjort for å imøtekomme nokre av helseutfordringane i mottaka og omsorgssentera for denne gruppa. Tiltaket har bidrege til å normalisere kvardagen deira.

2.6.1 Helse- og velferdstenester for studentar

Overgangen frå skuleelev til student er vanskeleg for mange. Studentar er i ein slags mellomfase mellom ungdomstid og etablert vaksenliv og opplever store endringar i livet på nokre få år. For enkelte kan endringane vere ei psykisk belasting. Dersom ein skal ha ei god studietid, er det viktig at ein har det bra fysisk og psykisk. Dei fleste studentar seier at dei har det bra, men utviklinga når det gjeld psykisk helse blant studentar, er urovekkjande.

Studentanes helse- og trivselsundersøking, ShoT (Knapstad mfl. 2018), viser at sjølv om 79 prosent av studentane seier at dei har god eller svært god helse, rapporterer nær tre av ti at dei ofte er einsame, og prosentdelen studentar som rapporterer om psykiske plager, har auka kraftig sidan 2010. Slike forhold aukar risikoen for å ikkje fullføre studieløpet. Livssituasjonen til studentar skil seg frå andre grupper på mange vis som påverkar helse og trivsel. Sosialt nettverk og ei kjensle av å høyre til er viktige føresetnader for livsmeistring og trivsel. Det same gjeld kontroll over eigen økonomi og praktiske leveforhold. Det er eit felles ansvar for lærestaden og studentsamskipnaden å bidra til og leggje til rette for eit studentliv som sikrar både studiemeistring og studenthelse. Det er til dømes viktig at universitet, høgskular og samskipnader skaper sosiale arenaer der alle blir sett.

Ein viktig del av tilbodet til samskipnadene er studentbustader. Mange legg stor vekt på å utforme bumiljø som oppmodar til sosialt samvær og fellesskap om måltid og felles gjeremål. Lærestadene arrangerer til dømes fadderveke for nye studentar og introduserer dei for velferds- og fritidstilboda og for sosiale kontaktar i studentmiljøet.

Til saman utgjer desse tilboda ein viktig innsats mot utanforskap og psykiske plager. Samskipnader og lærestader ønskjer å utvide og forbetre tilboda etter at SHoT-undersøkinga dokumenterte klare behov.

Studentar har dei same rettane til helse- og omsorgstenester frå kommunane og spesialisthelsetenesta som befolkninga elles. I tillegg går det fram av forskrift om studentsamskipnader at studentvelferdstenester er velferdstenester til studentar der formålet er å støtte opp om dei særskilde behova studentane har i kraft av livssituasjonen som studentar. Studentvelferdstenestene skal vere tenester som er nødvendige eller har samanheng med eit normalt studentliv etter den gjeldande levestandarden. Formålet er å sikre studentar slike tenester når tenestene som blir tilbydde på marknaden, anten er for dyre eller ikkje finst, eller når det eksisterande tilbodet ikkje passar studentane sine behov med tanke på mengd, kvalitet eller geografisk lokalisering. Det er kommunane som har det primære ansvaret for generelle velferdstenester til befolkninga, og ein del av tenestene til samskipnadene er eit supplement til dei generelle tenestene. Samarbeidet mellom helsetenestene i dei ulike kommunane og studentsamskipnadene bør bli endå tettare og betre.

Det ligg til grunn at studentar, som alle andre, skal få den helsehjelpa dei treng, gjennom den kommunale helse- og omsorgstenesta. Alle som er busette i ein norsk kommune, har rett til å stå på liste hos fastlege og kan setje fram legeønske. Legeønsket skal etterkommast så sant legen har ledig plass på lista. Ein kan velje fastlege utanfor bustadkommunen. Retten til å stå på liste hos fastlege inneber at ein har rett til å bli prioritert av fastlegen. I praksis vil det seie at det skal vere mogleg å få legetime hos fastlegen innan fem dagar, og at ein skal kunne ringje til legekontoret for å stille spørsmål og be om råd.

Studentar kan dermed velje fastlege i den kommunen dei studerer i, sjølv om dei ikkje er folkeregistrerte i denne kommunen. Studentar som ikkje har fastlege der dei studerer, kan likevel kontakte fastlegar i kommunen. Fastlegar har likevel plikt til å prioritere eigne listeinnbyggjarar framfor dei som ikkje er på lista. Tilgangen til andre fastlegar enn den ein har valt sjølv, er dermed avhengig av kapasitet hos den fastlegen ein oppsøkjer. Det er likevel ikkje slik at ein listeinnbyggjar alltid blir prioritert høgast, til dømes gjeld ikkje det ved strakshjelp eller andre lovpålagde eller kommunalt avtalte oppgåver. I slike tilfelle vil prioriteringa vere avhengig av den medisinske vurderinga til legen.

Kommunar med mange studentar skal i planlegginga av legetenester sørgje for at fastlegane samla sett har kapasitet til å ta imot studentane òg. Gjennom rundskriv er kommunane oppmoda om å samarbeide med fastlegane om å finne løysingar til dømes når det gjeld studentar med kroniske lidingar som treng kontinuitet i legehjelpa både på studiestaden og på heimstaden.

Studentar i utlandet er ikkje dekte av desse tilboda. Vertsinstitusjonane i dei respektive landa har eit naturleg ansvar for velferda til studentane. I tillegg har Studentsamskipnaden ANSA ulike tilbod for å hjelpe norske studentar i utlandet, men kan sjølvsagt ikkje vere til stades på alle studiestader med norske studentar. I tillegg til det ordinære tilskotet har Kunnskapsdepartementet i 2019 gitt ANSA eit øyremerkt tilskot for å vidareutvikle nettbaserte tilbod om psykologhjelp, webinar, online-konsultasjonar og rettleiing.

Studentar er éi av målgruppene for regjeringa si satsing på å utvikle og byggje ut lågterskeltilbod i kommunane og å styrkje det psykiske helsevernet. Eit viktig ledd i dette arbeidet er å heve den kommunale kompetansen, mellom anna gjennom å rekruttere fleire psykologar til kommunane.

Det er etablert ei eiga tilskotsordning for å styrkje studentsamskipnadene og læreinstitusjonane i innsatsen for å betre den psykiske helsa til studentane. Det er òg etablert ei tilskotsordning for rusmiddelførebyggjande innsats retta mot studentar. Desse to tilskotsordningane er samordna og utlyste med felles regelverk. Mange av dei relevante tiltaka er overlappande, og samordninga skal forenkle søknadsprosessen og forvaltinga av ordningane. Det er løyvd til saman om lag 20 millionar kroner til ordningane i 2019.

Boks 2.4 Døme på samarbeid om studenthelsetenester

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har eit omfattande tilbod til studentar med psykiske helseplager. Den årlege budsjettramma er på 20 millionar kroner. Av dette er 11 millionar kroner tilskot frå Helse Sør-Øst. Rådgivingstenesta til SiO har eit budsjett på 6,8 millionar kroner per år og hjelper med kvardagsmeistring og avlastar det psykiske helsetilbodet.

Studentsamskipnaden Saman betener 38 000 studentar ved fem studiestader på Vestlandet. I Bergen samarbeider dei med Livskrisehjelpen ved Bergen legevakt, Senter for krisepsykologi og ein ekstern sexolog. Dei får tilskot frå Helse Vest og bidrag frå Bergen kommune. Studiestadene Sogndal, Førde, Stord og Haugesund får tilskot til psykiske helsetenester frå Helse Vest. På alle studiestadene viser dei til Distriktspsykiatrisk senter DPS når det er aktuelt.

Velferdstenestene frå studentsamskipnadene kan mellom anna gå ut på å tilby eller formidle tenester til studentane. Enkelte studentsamskipnader har omfattande tilbod, basert på avtalar og samarbeid med både helseføretak, kommunar og fylkeskommunar, om tilrettelegging av ulike helsetenester, til dømes fastlege. I tillegg er det vanleg at dei som treng det, blir viste til spesialistar og ulike praktiserande terapeutar på staden som samskipnaden har avtale med. Det kan vere psykolog, psykiater eller psykomotorisk fysioterapeut. Samarbeidet mellom vertskommunen, studiestaden, ulike helsetilbydarar og studentsamskipnaden er viktig for å gi eit best mogleg helsetenestetilbod til studentane.

Boks 2.5 Tidleg innsats for barn og unge

Regjeringa vil

  • vurdere å prøve ut ordningar med å gjennomføre fireårskontrollen i barnehage

  • vidareføre den omfattande satsinga på kvalifisering av og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

  • styrkje tidleg innsats for og kompetanse om minoritetsspråklege barn og unge i heile utdanningsløpet i tråd med regjeringa sin strategi Integrering gjennom kunnskap (2019–2022)

  • leggje fram ei melding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap

  • vidareføre kompetansearbeidet mot mobbing med endå fleire skular og barnehagar som deltakarar

  • leggje fram ei barne- og ungdomskulturmelding

  • vidareutvikle ung.no for at nettressursen skal bli endå meir brukartilpassa, som ein kanal for kommunikasjon mellom staten og dei unge

  • styrkje tilbodet om rettleiing til foreldre gjennom oppfølging av strategi for foreldrestøtte

  • leggje fram ei melding om ungdomspolitikk

  • leggje fram ein samarbeidsstrategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene for barn i låginntektsfamiliar

  • vurdere oppfølginga av forskingsprosjektet med utprøving av meir tid til fysisk aktivitet og kroppsøving i skulen

  • samle og identifisere gode idear og konkrete løysingar for frukostordningar i ungdomsskulen og spreie desse på ein eigna måte

  • gjere den nasjonale faglege retningslinja for mat og måltid i skule og SFO betre kjend og bidra til å utvikle og spreie kurs- og kompetanseopplegg for SFO-tilsette

  • gjennom skuleprosjektet til Norsk Friluftsliv vidareutvikle eit utval eksisterande, vellykka satsingar innanfor friluftsliv retta mot barn og unge i pedagogiske institusjonar som barnehage, SFO og skule

  • gi Friluftsrådenes Landsforbund økonomisk støtte til å utvikle og drive eit prosjekt som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle vellykka aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid

  • halde fram arbeidet med å etablere lågterskeltenester innanfor psykisk helse, inkludert digitale løysingar for studentar

  • oppmode vertskommunane om å gå gjennom tilbodet dei har når det gjeld førebygging og tidleg innsats overfor studentar.

  • framleis stimulere studentsamskipnader og høgare utdanningsinstitusjonar til å tilby tiltak for å betre den psykiske helsa til studentane, gjere informasjon om psykisk helsetilbod lettare tilgjengeleg og styrkje kompetansen om psykiske helseproblem på utdanningsinstitusjonane

  • vurdere korleis det førebyggjande arbeidet mot einsemd kan innrettast slik at det kjem studentane til gode

  • vurdere å innføre ei prøveordning med kombinerte omsorgs- og studentbustader

3 Saman mot einsemd – regjeringa sin strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023)

Figur 3.1 

Figur 3.1

Regjeringa vil med denne strategien løfte fram arbeidet mot einsemd for å gi befolkninga betre helse og livskvalitet. Det inngår i folkehelsemåla at befolkninga skal oppleve fleire år med god helse og livskvalitet. Sosial støtte fremjar helse og livskvalitet. Mangel på sosial støtte og sosiale relasjonar kan føre til einsemd, og det har vist seg å vere ein risikofaktor for auka vanhelse (sjukelegheit) og dødstal (dødelegheit).

Samfunnet er i stor grad bygd opp rundt fellesskap og sosiale liv: Ein skal helst ha mange venner, eit travelt liv med mange avtalar og nokon å gå ut og ete med eller reise på ferie med. Det er ikkje lett å seie at ein er åleine eller ikkje har nokon å dele kvardagen eller dei spesielle høva med. Einsemd er tabu, trass i at det gjeld ein stor del av befolkninga. I levekårsundersøkinga frå 2015 seier 18 prosent av kvinnene og 13 prosent av mennene i alderen 16 år eller meir at dei har vore litt, ganske mykje eller veldig mykje plaga av einsemd. Det er kjønnsforskjellar i alle aldersgrupper, men mest blant dei yngste og eldste. Einsemd er òg vanlegare blant dei som har kortare utdanning, er arbeidsledige, er uføre eller har låg inntekt (Vrålstad 2017). Blant studentar er det omkring tre av ti som seier at dei er einsame, og prosentdelen ungdom som opplever einsemd er den høgaste som Ungdata har registrert.

Vi skil ofte mellom sosial isolasjon og einsemd: Mens sosial isolasjon tyder på manglande sosiale relasjonar, støtte og nettverk, viser einsemd til den subjektive opplevinga av å vere åleine. Mangel på sosial støtte blir òg ofte omtalt som einsemd. Sosial støtte blir vanlegvis målt ved spørsmål om ein har fortrulege venner, og kor mange ein i så fall har. Det er få som svarer at dei ikkje har nokon fortrulege venner, og det er heller ikkje mange som rapporterer om lite vennekontakt. Dei fleste av dei som har få eller ingen fortrulege venner, er godt vaksne (Helsedirektoratet 2018a). Tiltak som gir ei sterkare kjensle av å ha sosial støtte, er helsefremjande og kan redusere førekomsten av både psykiske og somatiske lidingar (Folkehelseinstituttet 2015).

Boks 3.1 Kva er einsemd?

  • I Noreg blir ordet «einsemd» brukt både om den ønskte og den uønskte einsemda.

  • I England blir ordet «loneliness» brukt om den uønskte og vonde einsemda, mens «solitude» blir brukt om den ønskte einsemda: sjølvvald isolasjon og tilbaketrekking, fordi ein treng kvile, ønskjer ro, held på med eit kreativt prosjekt eller liknande.

Forsking dei siste åra viser at både einsemd, sosial isolasjon og det å leve åleine påverkar både den fysiske og den psykiske helsa og gir auka dødsrisiko. Fleire studiar (Holt-Lunstad mfl. 2010, Holt-Lunstad mfl. 2015, Pantell mfl. 2013, Rico-Uribe mfl. 2018) har funne at einsemd kan føre til auka dødstal og må reknast som ein risikofaktor på linje med fedme, røyking og fysisk inaktivitet. Einsemd og manglande sosial støtte påverkar risikoen for både hjarte- og karsjukdommar, infeksjonssjukdommar og depresjon. I tillegg svekkjer manglande sosial støtte evna til å meistre påkjenningar. Ein ny norsk studie av personar i alderen 40 til 81 år (NorLAG) viser at eit godt sosialt nettverk motverkar einsemd, noko som igjen bidreg til betre helse. Studien viser òg at det er kvaliteten og omfanget av nettverket som har mest å seie for helsa (Aartsen mfl. 2017).

Det er mykje som tyder på at einsemd ikkje er eit generelt aldersrelatert problem, men at det snarare er knytt til ulike livssituasjonar og livsendringar der det òg kan vere høg risiko for mangel på sosial støtte. Uføre og personar som bur i hushald med relativt låge inntekter, manglar oftare sosial og emosjonell støtte. Blant dei under pensjonsalder er det rundt 7 prosent som manglar slik støtte, mens prosentdelen er det dobbelte blant dei som er over 67 år. Åleinebuande manglar oftare nokon dei kan rekne med ved store personlege problem, enn dei som bur i parhushald (Vrålstad 2017). I tillegg kan personar med ei kronisk liding eller ei funksjonsnedsetjing vere særleg utsette for einsemd og mindre sosial kontakt. NorLAG-studien peiker òg på at personar som har vore utsette for mange negative livshendingar, er meir utsette for einsemd.

Sidan byrjinga av 1970-talet har det blitt stadig fleire som bur åleine. I 2018 bestod 39 prosent av hushalda av åleinebuande (Statistisk sentralbyrå 2018a). Dagens flyttemønster viser at fleire flyttar til og blir buande i storbykommunar, men at desse ikkje er meir einsame enn folk i små utkantkommunar (Thorsen og Clausen 2009). Det er kjønn, subjektiv helse, om ein er sambuar, og om ein er i jobb, som har mest å seie for om ein er einsam eller ikkje, uavhengig av kvar ein bur.

Sjølv om flyttemønster og bustad ikkje ser ut til å verke inn på einsemd, kan endra samværsformer gjere det. Bruken av sosiale medium har auka mykje på relativt kort tid, men vi veit lite om korleis det verkar inn på opplevinga av sosial støtte og einsemd. I 2018 brukte 66 prosent av alle nordmenn sosiale medium som Facebook, Instagram og/eller Snapchat dagleg eller nesten dagleg, mot 54 prosent i 2015. Det er dei yngste som bruker sosiale medium mest, og nesten 90 prosent i alderen 16–24 år brukte sosiale medium dagleg eller nesten dagleg i 2018. Bruken minkar med alderen, men likevel var det nesten 25 prosent i alderen 75–79 år som brukte sosiale medium i 2018, mot berre 13 prosent i 2015 (Røgeberg 2018). Fleire studiar har funne samanhengar mellom einsemd og hyppig bruk av sosiale medium (Brian mfl. 2017), men det er usikkert om einsemd fører til auka bruk eller omvendt.

Fleire strategiar og meldingar har løfta fram tiltak mot einsemd. Innsatsen i denne strategien må sjåast i lys av Meld. St. 15 (2017–2018) «Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre», «Ungdomshelse – Regjeringens strategi for ungdomshelse (2016–2021)», «Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi mot barnefattigdom (2015–2017)», «Mestre hele livet – Regjeringens strategi for god psykisk helse (2017–2022)» og «Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015–2020)». I tillegg blir einsemd behandla i regjeringa sin opptrappingsplan for den psykiske helsa til barn og unge som blir lansert våren 2019. Barne- og likestillingsdepartementet har varsla ei ny stortingsmelding om ungdom i alderen 13 til 25 år. Meldinga vil ta opp ei rekkje tema, til dømes den digitale kvardagen, helse, stress, press og einsemd, og skal etter planen leggjast fram for Stortinget hausten 2020.

Å førebyggje einsemd og sosial isolasjon og fremje god sosial støtte kan føre til store helsegevinstar. Sidan den førre folkehelsemeldinga har ein gjort mykje for å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet, og arbeid mot einsemd skal òg inngå i dette. Gjennom denne strategien ønskjer derfor regjeringa både å få meir merksemd omkring temaet, auke kunnskapsnivået og utvikle effektive tiltak som kan bidra til å redusere stigma og førebyggje einsemd og sosial isolasjon. Ein strategi må verke over tid og krev innsats på tvers av fleire samfunnssektorar.

Regjeringa sin strategi mot einsemd inneheld element frå den britiske strategien «A connected society. A strategy for tackling loneliness – laying the foundations for change».

Boks 3.2 Storbritannias strategi for å førebyggje einsemd: «A connected society. A strategy for tackling loneliness – laying the foundations for change»

Regjeringa er inspirert av den britiske strategien for å førebyggje einsemd som blei lansert i 2018. Strategien har tre hovudmål. Det første handlar om å styrkje kunnskapsbasen for betre å forstå årsakene til einsemd, korleis vi blir påverka av einsemd, og kva vi kan gjere for å handtere einsemd. Det andre hovudmålet handlar om å inkludere vurderingar av einsemd på tvers av politikkområdet til regjeringa ved å anerkjenne alle dei ulike faktorane som påverkar korleis vi opplever einsemd. Det tredje målet handlar om å setje i gang ein nasjonal samtale («a national conversation») om einsemd og få meir merksemd omkring einsemd, kva einsemd har å seie, og korleis vi kan hanskast med stigma som er knytte til einsemd (HM Government 2018: «A connected society. A strategy for tackling loneliness – laying the foundation for change»).

Dei tre hovudmåla i strategien

Regjeringa sin strategi mot einsemd har desse tre hovudmåla med tilhøyrande satsingsområde:

  • 1. Synleggjere einsemd som folkehelseutfordring og stimulere til auka sosial deltaking

  • 2. Få meir kunnskap om einsemd og effektive tiltak

  • 3. Arbeide systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta

Strategien omtaler òg vidareføring av gjeldande tilskotsordningar som har noko å seie for arbeidet mot einsemd og auka sosial deltaking.

3.1 Hovudmål 1 Synleggjere einsemd som folkehelseutfordring og stimulere til auka sosial deltaking

Psykiske lidingar og einsemd er ofte tabu og kan vere vanskeleg å snakke om. Gjennom mange år har ein prøvd å endre på dette, slik at det ikkje skal vere tabu å snakke om psykiske lidingar. I dag er det meir openheit omkring psykisk helse, og det er lågare terskel for å be om hjelp når livet er vanskeleg. Utviklinga går i rett retning. Det er behov for ei tilsvarande utvikling når det gjeld einsemd. Akkurat som med innsatsen som har vore for å redusere stigma ved psykiske lidingar, er det behov for ein vedvarande innsats mot einsemd. Ein slik innsats må involvere mange aktørar og innehalde ulike verkemiddel.

Det første og viktigaste målet for regjeringa er å setje einsemd på dagsordenen i eit folkehelseperspektiv. I tråd med den politiske plattforma til regjeringa skal einsemd vere ein del av arbeidet med å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet. For å nå flest mogleg, men særleg dei som er mest einsame, vil regjeringa lansere kampanjar som rettar søkjelyset mot einsemd og kor viktig sosial støtte er. Regjeringa vil òg setje i gang ein nasjonal samtale om korleis ein i fellesskap best kan redusere stigma, motverke einsemd og byggje sosial støtte.

Satsingsområde 1 Samarbeid med frivillig sektor for å mobilisere mot einsemd

Frivillig sektor er ein viktig partnar som saman med ulike private og offentlege aktørar kan bidra i arbeidet med å mobilisere mot einsemd. Frivillighet Norge har til dømes gjennomført ein kampanje for fellesskap og sosial støtte gjennom portalen frivillig.no, som blei etablert i 2015 med støtte frå Kulturdepartementet, Oslo kommune, Gjensidigestiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB. Regjeringa ønskjer å byggje vidare på dette arbeidet og utvikle nye kampanjar retta mot ulike målgrupper for å skape meir merksemd omkring einsemd og stimulere til auka sosial deltaking. Det inneber at ein i endå større grad må anerkjenne einsemd som ei folkehelseutfordring og ein risikofaktor på linje med fedme, fysisk inaktivitet og røyking.

Målet med kampanjane er å fremje sosial støtte, førebyggje einsemd og peike på vegar ut av einsemda gjennom både nasjonale og lokale tiltak og etablering av lokale møteplassar. Ein sentral del av kampanjane vil vere å skape nasjonal merksemd om einsemd, kva den enkelte og samfunnet kan gjere, og bidra til å redusere stigmatiserande haldningar. Regjeringa vil samarbeide med eit breitt utval av frivillige organisasjonar, kommunar, fylkeskommunar, arbeidsliv og privat sektor. Regjeringa vil støtte kampanjane gjennom å synleggjere eksisterande og nye tiltak retta særleg mot unge og eldre med risiko for vedvarande og uønskt einsemd.

Kampanjane må utviklast i samarbeid med frivillig sektor slik at dei treffer målgruppene, og dei må ha ein bodskap som kan brukast over lengre tid, og som kan vere element i den nasjonale merksemda omkring førebygging av einsemd. Det kan vere aktuelt å trekkje på erfaringane med kampanjen «Et åpent sinn», som var ein del av Opptrappingsplanen for psykisk helse (1999–2008), og erfaringar frå den britiske kampanjen «Campaign to end loneliness. Connections in older age» for å nå ut til den eldre delen av befolkninga.

Boks 3.3 Mange arenaer for å redusere einsemd

  • Frivilligsentralar eller nærmiljøsentralar er lokalt forankra møteplassar som er opne for alle som har lyst til å delta i frivillig verksemd.

  • Røde Kors har ei rekkje tilbod for barn, unge og eldre. Eldre kan til dømes bli besøksvenn, bidra med sosial kontakt og nettverk og gi leksehjelp.

  • Kirkens Bymisjon har mange tilbod. Dei har til dømes etablert eit ressurssenter i Sandefjord for å motarbeide einsemd og isolasjon.

Frivillige organisasjonar og private aktørar er òg viktige samarbeidspartnarar når det gjeld å skape gode nærmiljø, leggje til rette for møteplassar og etablere tilbod for grupper og enkeltpersonar som treng ekstra oppfølging. Regjeringa har saman med frivillig sektor utarbeidd «Frivilligerklæringa», som er eit uttrykk for at regjeringa har tillit til frivillig sektor, og eit rammeverk for eit sterkt og godt samspel vidare. Mange kommunar har utarbeidd lokale frivilligerklæringar som kan ha mykje å seie i arbeidet med å førebyggje og redusere einsemd. Kommunane og dei frivillige organisasjonane er òg viktige aktørar når det gjeld å fange opp personar som er einsame, og som kan ha nytte av å delta i sosiale aktivitetar som kommunen eller frivillige organisasjonar tilbyr.

Mange frivillige organisasjonar har i dag tiltak som bidreg til å redusere einsemd for ulike aldersgrupper. Fleire stader er det òg eit godt samarbeid med kommunane. Også enkeltpersonar har starta prosjekt som er retta mot å førebyggje einsemd.

Boks 3.4 «Skravlekoppen»

Skravlekopp er ein grøn kopp som står saman med dei andre koppane på utvalde kafear, kantiner og bakeri. Midt på den grøne koppen står det «Skravlekopp» med kvit skrift. Når kundane bestiller drikke i ein skravlekopp, viser dei til dei andre i lokalet at dei gjerne skravlar med nokon mens dei drikk av han. Om ein treng nokon å skravle med eller tilbyr seg å skravle med nokon, er uvesentleg. Ein skravlekoppkafé er ein kafé som ønskjer å skape ein arena for samtalar mellom menneske og bidra til å gjere samfunnet rausare og meir inkluderande. Tanken med skravlekoppkommunar er at det skal vere eit godt samarbeid mellom kvar enkelt kommune og skular, arbeidsplassar, seniorsenter, helsestasjonar, kafear og bakeri i kommunane. Bærum var ein pilotkommune. Det er i dag etablert 100 skravlekoppkafear og to skravlekommunar. Fleire kafear og kommunar står for tur.

Kjelde: https://skravlekopp.no/om-oss

Satsingsområde 2 Tiltak retta mot einsame unge

Stadig fleire unge rapporterer om einsemd. Ungdata-undersøkinga frå 2018 viser at stadig fleire er einsame, og særleg aukar tala blant jentene: 27,4 prosent av jentene i ungdomsskulen rapporterte om einsemd i 2017, mot 22,3 prosent i 2011. For gutar har talet vore relativt stabilt med 12,1 prosent i 2017 mot 11,4 prosent i 2011. Prosentdelen ungdom som opplever einsemd, er den høgaste som nokon gang er registrert i Ungdata (Bakken 2018). Tal frå Ungdata viser samtidig at dei aller fleste har venner som dei «kan stole fullstendig på og tru seg til om alt mogleg». Likevel seier nær éin av ti at dei manglar fortrulege venner, og det er òg ein god del ungdommar som har venner som dei berre har kontakt med gjennom sosiale medium. Ungdataundersøkinga viser at dei som har mest psykiske plager, også har færre venner. Vi må derfor sjå psykisk helse, livskvalitet og einsemd i samanheng.

Studenthelseundersøkinga for 2018 viser at omtrent tre av ti studentar rapporterer om einsemd, og at nær éin av fire studentar ofte saknar nokon å vere saman med (Knapstad mfl. 2018). Den same undersøkinga viser at éin av seks studentar ofte føler seg isolerte, og at like mange seier at dei ofte føler seg utanfor. Ein bør derfor arbeide for at studiemiljø og bustad- og studiebygg i større grad stimulerer til fellesskap og kontakt.

Utviklinga i bruken av sosiale medium endrar samværsformene. Dei kan gjere det enklare å ta vare på vennskap, men kan òg forsterke kjensla av å vere einsam. Fleire studiar har funne at det er ein samanheng mellom mykje bruk av sosiale medium, einsemd og psykiske plager. Foreløpig veit vi ikkje om auka bruk av sosiale medium fører til einsemd, eller om bruken er eit resultat av å vere einsam.

Synleggjere einsemd og generasjonstreff som del av programmet for folkehelsearbeid i kommunane (2017–2026)

Folkehelseprogrammet er ei tiårig satsing og skal prioritere å utvikle og prøve ut nye metodar og tiltak som er retta mot den psykiske helsa til barn og unge. Fleire av tiltaka som så langt har fått midlar frå programmet, rettar seg indirekte mot å førebyggje einsemd ved å styrkje psykisk helse og meistring, men òg direkte mot å førebyggje einsemd gjennom å etablere møteplassar.

Vurdere å etablere ungdomspanel

Regjeringa vil vurdere å etablere eit ungdomspanel for å få innspel om moglege tiltak og få temaet einsemd inn i den offentlege debatten på nasjonalt nivå. På same måten bør ein vurdere korleis einsemd kan bli eit tema for ungdomsråda som er etablerte rundt om i kommunane.

Setje livsmeistring på timeplanen

Folkehelse og livsmeistring vil vere eitt av tre prioriterte tverrfaglege tema i fagfornyinga for skulen som blir sett i verk frå 2020. Temaet skal gi elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse. Stadig fleire skular i landet har alt sett livsmeistring og psykisk helse på timeplanen for å motverke mellom anna einsemd og psykiske plager.

Arbeide for sosial deltaking blant barn og unge

Sosial deltaking bidreg til sosial tilhøyrsle og motverkar einsemd. Regjeringa vil støtte frivillige organisasjonar som driv med sosial inkludering i lokalsamfunnet. Den nasjonale tilskotsordninga for å inkludere barn i låginntektsfamiliar blei styrkt med 35 millionar kroner i 2019. Av desse går 5 millionar kroner til ferietiltak – 3 millionar til tiltaket «Ferie for alle» i regi av Røde Kors og 2 millionar til ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening. Det er sett av 18 millionar kroner til inkludering i idrettslag for 2019.

Vurdere behov for nye møteplassar

Møteplassar for barn og unge bør inkludere både generasjonsmøteplassar og eigne møteplassar på barn og unge sine premissar der dei kan oppleve tilhøyrsle og vennskap. Møteplassar kan byggje bru mellom generasjonar, til dømes «Lytte- og lesevenner», der eldre i skuletida lyttar til og hjelper skulebarn som les. Kommunar og frivillige organisasjonar må stimulere til møteplassar der unge og eldre kan møtast, men òg vurdere behovet for ungdomsklubbar eller andre møteplassar spesielt for barn og unge ut frå lokale utfordringar og behov.

Gjere det lettare for barn og unge å delta i fritidsaktivitetar

Fritidserklæringa blei signert av regjeringa, frivillige organisasjonar og KS i juni 2016 og forpliktar partane til å arbeide for at alle barn skal ha høve til å delta fast i minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra. Fattigdom er ein risikofaktor for å oppleve einsemd og utanforskap. Den eksisterande tilskotordninga for å inkludere barn i låginntektsfamiliar har blitt styrkt for å støtte målet om at alle barn og unge skal kunne delta i minst éin fritidsaktivitet, og er i 2019 på om lag 312 millionar kroner.

Teknologisk støtte til fritidsaktivitetar for barn med funksjonsnedsetjingar og familiane deira

Ungdomstida kan vere ekstra krevjande for personar med funksjonsnedsetjing. I tillegg til alle dei fysiske, psykiske og sosiale endringane som følgjer av overgangen frå barn til vaksen, må unge med ei funksjonsnedsetjing handtere og meistre livet med ein diagnose. Formålet er å identifisere og prøve ut kommersielt tilgjengelege velferdsteknologiske løysingar, slik at barn og unge med funksjonsnedsetjingar kan delta i og meistre fritidsaktivitetar, og slik at foreldre lettare kan kombinere arbeid med omsorg for barna. I 2019 er det løyvd 4 millionar kroner til dette tiltaket. Tiltaket inngår i Nasjonalt velferdsteknologiprogram.

Betre psykisk helse hos studentar og førebyggje einsemd

Ein skal framleis satse på å betre den psykiske helsa til studentane. 19 studentsamskipnader (inkludert ANSA) og institusjonar deler på om lag 20 millionar kroner. Fleire av tiltaka som har fått støtte, har vore innretta mot å førebyggje einsemd.

Ein må vurdere korleis universitets- og høgskulesektoren på ulike måtar kan bidra til å førebyggje einsemd blant studentar og betre den psykiske helsa til studentane. Universiteta planlegg korleis dei kan følgje opp studentane si helse- og trivselsundersøking frå 2018. Regjeringa vil vurdere korleis det førebyggjande arbeidet mot einsemd kan innrettast slik at det kjem studentar til gode.

Oslo kommune prøver ut generasjonsmøte ved at studentar får leige hybel på eldresenter til redusert husleige mot at dei er saman med dei eldre 30 timar i månaden. Modellen skal testast ut, og kommunane ønskjer å gå vidare med han (NRK Østlandssendingen 2018). I Vestfold er det bygd studentbustader, Campus Vestfold, som spesielt er innretta for å redusere einsemd. Det er òg potensial for at studentane i større grad deltek i frivillige organisasjonar, som til dømes å delta i besøkstenesta til Røde Kors.

Boks 3.5 «No Isolation»

«No Isolation» er ei norsk bedrift som utviklar kommunikasjonsløysingar til hjelp for dei som er ramma av einsemd og sosial isolasjon. «No Isolation» har utvikla kommunikasjonsroboten AV1, som gjer det mogleg for barn og unge med langtidssjukdom å delta sosialt og i undervisninga gjennom ein app på telefonen eller nettbrettet. Dei har òg utvikla KOMP, som er retta mot eldre, som ikkje nødvendigvis har god digital kompetanse. Ved hjelp av KOMP kan familien dele bilete og meldingar og gjennomføre videosamtalar med besteforeldra, og dermed blir generasjonane ført tettare saman.

Satsingsområde 3 Tiltak retta mot einsame eldre

Blant eldre over 67 år rapporterer 21 prosent av kvinnene og 12 prosent av mennene at dei er einsame (Vrålstad 2017). Det er flest einsame i aldersgruppa over 80 år. Det er altså langt fleire kvinner enn menn som rapporterer om einsemd, men truleg er det stor underrapportering blant menn. I Danmark har myndigheitene utarbeidd ein handlingsplan for «Det gode ældreliv», der førebygging av einsemd blant eldre menn er eit særskilt satsingsområde. Satsinga tek utgangspunkt i at eldre personar er meir utsette for mistrivsel og einsemd som mellom anna kan skrive seg frå mangel på nære relasjonar og fellesskap. Resultatet er ofte stress, einsemd og dårleg fysisk og psykisk helse, noko som i verste fall kan resultere i sjølvmord.

Menn i alle aldersgrupper har mykje høgare sjølvmordsrate enn kvinner, og blant menn i aldersgruppa 75 til 84 år er kjønnsforskjellen ytterlegare forsterka (Folkehelseinstituttet 2018a). Einsemd blant eldre kan vere relatert til endringar i livssituasjon, partnardød, endra helsetilstand og funksjonsnivå. Eldre kan bli sosialt isolerte og einsame fordi dei manglar gode transportmoglegheiter og ikkje kjem seg på aktivitetar dei deltok i tidlegare, og fordi det er få varierte aktivitetar for eldre på sjukeheimane. Regjeringa vil bidra til å skape eit aldersvennleg samfunn. Aktiv aldring krev lett tilgjengelege tilbod, og tilgang til gode transportløysingar er eit sentralt område.

I oppfølginga av «Nasjonal strategi for frivillig arbeid på helse- og omsorgsfeltet (2015–2020)» skal ein leggje til rette for frivillig innsats som bidreg til inkluderande lokalsamfunn der flest mogleg i alle aldrar kan leve eit aktivt og meiningsfullt liv, og bidra til å hindre einsemd og utanforskap gjennom å leggje til rette for aktivitetar og fellesskap med andre.

Regjeringa vil byggje vidare på det arbeidet som er sett i verk gjennom Meld. St. 15 (2017–2018) «Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre», der ei av hovudsakene er å leggje til rette for auka aktivitet og fellesskap for eldre og bidra til å redusere einsemd og isolasjon. Fleire av innsatsområda i strategien mot einsemd inngår i Leve hele livet. I reformperioden skal dei gode løysingane spreiast og setjast i system lokalt. Det er etablert eit nasjonalt og regionalt apparat som skal støtte og hjelpe kommunane i arbeidet med reforma. Kommunar som omstiller seg i tråd med reforma, vil bli prioriterte innanfor eksisterande og eventuelle nye øyremerkte ordningar.

Utvikling og utprøving av teknologiske verktøy for å mobilisere mot einsemd blant eldre

Formålet med tilskotsordninga er å motverke einsemd blant eldre ved å utvikle og prøve ut teknologiske verktøy som kan gjere det lettare for dei å pleie det sosiale nettverket sitt. Tiltaka skal mobilisere unge, eldre og pårørande mellom anna ved å leggje til rette for møteplassar og samhandling mellom generasjonar, til dømes gjennom tilbod om datahjelp frå unge til eldre og opplæring i bruk av nettbrett og smarttelefon. Evaluering viser at slik opplæring kan bidra til at eldre kan halde kontakt med familie og venner. I 2019 er det løyvd til saman 6 millionar kroner til dette arbeidet.

Det er etablert fleire nettstader med informasjon om lokale aktivitetar der frivillige kan tilby hjelp, eller der dei som har behov for hjelp, kan få det. Nokre av dei, som «Seniornett», rettar seg spesifikt mot eldre og den digitale kompetansen deira, mens andre, til dømes «Friskus.com» og «Frivillig.no», rettar seg mot fleire målgrupper for auka aktivitet og sosial deltaking.

Aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet

Dette er ei tilskotsordning som har som formål å motverke einsemd og passivitet og skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar. Kommunar og ideelle/frivillige organisasjonar kan søkje. Tilskot er mellom anna gitt til prosjekt som gjeld oppretting eller vidareutvikling av møteplassar som aktivitetssenter og seniorsenter, støtte til aktivitetsgrupper av ulike slag, møteplassar på tvers av generasjonar og kulturar og aktivitetar der dei eldre blir stimulerte til å bidra i frivillig arbeid. I 2019 er det løyvd 18,8 millionar kroner til dette arbeidet.

Førebyggjande heimebesøk

Førebyggjande heimebesøk for eldre er blitt meir utbreidd dei siste ti åra. For å stimulere kommunar til å etablere tilbodet blei det i 2016 sendt ut rundskriv til kommunane, og i 2017 utarbeidde Helsedirektoratet ei rettleiing om etablering og gjennomføring av førebyggjande heimebesøk. Ei av hovudsakene i regjeringa si kvalitetsreform for eldre, «Leve hele livet», er førebyggjande heimebesøk, og regjeringa har i Granavoldplattforma varsla at det er eit mål å stimulere til at fleire kommunar skal nytte førebyggjande heimebesøk. Helse- og omsorgsdepartementet vil derfor sende ut eit nytt rundskriv til kommunane. Ved førebyggjande heimebesøk kan kommunane mellom anna kartleggje sosialt nettverk og eventuelle behov for å styrkje sosial deltaking og aktivitet både frå kommunen og frå frivillige organisasjonar.

Livsglede for eldre og livsgledesertifisering

Dette er ei tilskotsordning som har som formål å styrkje den aktive omsorga og setje behova til brukarane i sentrum. Tiltaket skal bidra til at sjukeheimar skal få opplæring og støtte, slik at dei kan gi gode opplevingar til den enkelte som bur på sjukeheimen. I 2019 er det løyvd 9,5 millionar kroner til tilskotsordninga. Av dette er 0,5 millionar kroner sett av til å evaluere ordninga i 2019.

Besøks- og aktivitetsvenner i eldreomsorga

Det er sett av særlege midlar som skal gå til frivillige organisasjonar som legg til rette for besøks- og aktivitetsvenner i eldreomsorga. Midlane kjem frå tilskotsordninga som gjeld frivillig arbeid i regi av informasjons- og opplysningsverksemda og det kontaktskapande arbeidet til landsdekkjande stiftingar og frivillige organisasjonar.

Lokale møteplassar

Det er stor lokal variasjon og kreativitet når det gjeld samlokalisering av ulike kommunale tilbod og tenester som opnar for generasjonsmøte, felles aktivitetar og sambruk av lokale.

Fleire stader er biblioteket etablert som ein viktig møteplass med låg terskel som i tillegg til å vere ei kjelde til kunnskap trekkjer til seg mange ulike brukargrupper uavhengig av alder. Regjeringa la hausten 2015 fram Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018. Denne strategien skal mellom anna styrkje folkebiblioteka som lokale møteplassar, og tanken er å leggje fram ein ny bibliotekstrategi for perioden 2020–2023.

Bidra til å utvikle eit større mangfald av møteplassar mellom generasjonar

Det er behov for å utvikle eit mangfald av gode møteplassar mellom generasjonane – både ved å etablere møteplassar mellom unge og eldre i dagleglivet og ved å organisere aktivitet og verksemd på tvers av generasjonane. Sjukeheimar og omsorgsbustader bør byggjast slik at dei blir ein integrert del av lokalmiljøet. Sambruk av lokale legg grunnlag for felles aktivitetar, uformelle møte og gjensidig ressursutnytting. Utvikling av møteplassar som legg til rette for dei gode generasjonsmøta, er ein del av Meld. St. 15 (2017–2018) «Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre». Målet er å ta vare på dei eldre sitt forhold til familie, venner og sosialt nettverk og å skape gode opplevingar og møte på tvers av generasjonane. I dette arbeidet er både barne- og ungdomsråd, eldreråd, ideelle og frivillige foreiningar og organisasjonar viktige bidragsytarar og samarbeidspartnarar.

Boks 3.6 «Men’s Sheds»

«Men’s Sheds» er eit engelsk initiativ som har fått stor utbreiing i England. Tiltaket er omtalt i den britiske strategien mot einsemd. «Men’s Sheds» er ein stad der menn kan dele praktiske interesser på fritida, dyrke sosiale nettverk og vennskap og dele ferdigheiter og kunnskap. Ei undersøking blant «Men’s Sheds» har vist ein nedgang på 24 prosent i einsemd blant medlemmene. «Men’s Sheds» er det medlemmene vil det skal vere. Det kan vere spesialbygde «workshops», mens andre er grupper der medlemmene møtest fast berre for å vere saman og oppleve selskap og kameratskap. Mange involverer seg i samfunnsprosjekt og hjelper til med å halde parkar og grøntområde ved like og med å byggje ting for skular, bibliotek og enkeltpersonar.

Kjelde: https://menssheds.org.uk/

3.2 Hovudmål 2 Få meir kunnskap om einsemd og effektive tiltak

Vi veit ikkje nok om årsakene til einsemd i ulike aldersgrupper og kva slags tiltak som har best effekt når ein skal førebyggje og redusere einsemd og styrkje sosial støtte. Regjeringa vil derfor leggje til rette for auka kunnskap om einsemd og omfanget av einsemd i befolkninga med geografiske og sosioøkonomiske variasjonar. Det er særleg behov for meir kunnskap om kva som er effektive tiltak for å førebyggje einsemd og styrkje sosial støtte for ulike grupper og i ulike livssituasjonar. NorLAG-studien frå 2017 viser til at mange tiltak mot einsemd ikkje har den ønskte effekten. Tiltak som blir sette i gang, bør derfor evaluerast med tanke på kva effekt dei har for å førebyggje og redusere einsemd.

Arbeidet med å etablere og gjennomføre ei nasjonal undersøking om livskvalitetsmåling i befolkninga vil òg dekkje forhold som er viktige for einsemd, jf. kapittel 5.2. Innanfor ramma av dette arbeidet bør ein sjå på korleis ein kan utvikle éin eller fleire indikatorar for einsemd blant vaksne som kan inngå i folkehelseprofilane til Folkehelseinstituttet. Data om einsemd blant ungdom er henta frå Ungdata og er alt inkluderte i folkehelseprofilane. Slike indikatorar på einsemd kan bidra til å skape auka merksemd om einsemd lokalt og nasjonalt og kan inngå i nasjonale og lokale samtalar om einsemd.

Satsingsområde 4 Kunnskapsoppsummeringar og forsking om einsemd og effekt av tiltak

Det er etter kvart godt dokumentert at einsemd og sosial isolasjon er viktige risikofaktorar for å døy av somatiske sjukdommar som hjarte- og karlidingar og diabetes. Vi veit mindre om i kva grad opplevd einsemd, faktisk einsemd og sosial isolasjon er risikofaktorar for psykiske lidingar, og korleis sosial støtte kan bidra til å førebyggje einsemd.

Vi veit altfor lite om kva sosiale medium har å seie for den auka einsemda blant ungdom. 95 prosent av barn og unge i alderen 9 til 18 år har smarttelefon, og ni av ti i denne aldersgruppa bruker eitt eller fleire sosiale medium. Frå 12–13-årsalderen bruker praktisk talt alle sosiale medium (Medietilsynet 2018). Enkelte studiar (Brien mfl. 2017) tyder på at einsame unge bruker meir tid på sosiale medium, men vi veit ikkje om dei er einsame i utgangspunktet og derfor bruker mykje tid på sosiale medium, eller om dei blir einsame av å bruke mykje tid på sosiale medium. Sosiale medium kan òg bidra til vennskap og mindre einsemd, men vi har mangelfull kunnskap om dei positive og negative effektane.

Teknologiske hjelpemiddel, mellom anna digitale verktøy, kan både vere sosiale hjelpemiddel for auka kontakt og fungere som læremiddel for personar som av ulike grunnar ikkje kan delta i sosiale aktivitetar, læringsaktivitetar og samfunnslivet på lik linje med andre. Dette kan vere aktuelt for unge og eldre med mellombels eller varig nedsett funksjonsevne, ved kronisk sjukdom eller ved andre helseplager. Ein studie frå 2018 (Pu mfl. 2018) har gjennomgått forskinga på bruk av robotar for å betre livskvaliteten hos eldre. Konklusjonen er at sosiale robotar har eit potensial for å auke livskvaliteten og slik redusere einsemd blant eldre, men det er få studiar med god nok kvalitet, så resultata må brukast med varsemd.

Helsedirektoratet og Nasjonalt senter for e-helseforskning gjennomførte i 2016 ei kunnskapsoppsummering som del av eit prosjekt om sosial, digital kontakt for å motverke einsemd blant eldre (Gabarron mfl. 2016). Rapporten konkluderer med at det er god evidens for at kurs og trening aukar teknologikunnskapar og ferdigheiter og bidreg til å gi dei eldre betre sjølvtillit når det gjeld å bruke teknologien. Det blei funne færre gode studiar og haldepunkt for at teknologisk kunnskap bidrog til å halde oppe sosiale nettverk, og også mindre evidens for at teknologien førte til mindre einsemd eller meir sosial støtte. Det var ingen haldepunkt for at teknologien bidrog til meir samarbeid på tvers av generasjonar, men få studiar gjer at behovet for meir forsking på heile dette området er avgjerande.

I regi av Nordisk ministerråd skal det setjast i gang eit prosjekt om einsemd og helse blant personar i Norden. Prosjektet skal leiast frå Sverige, men vil involvere andre nordiske land. Prosjektet vil mellom anna samanfatte den eksisterande forskinga på området.

Vurdere tiltak for korleis data om livskvalitet kan gjerast tilgjengelege på ein best mogleg måte

Einsemd er inkludert i spørjeskjema som er foreslått om måling av livskvalitet i rapporten «Gode liv i Norge» (Barstad 2016). Faste datainnsamlingar om livskvaliteten til befolkninga vil òg gi verdifull kunnskap om korleis einsemd fordeler seg i befolkninga og i ulike grupper, vise utviklinga over tid og sjå på einsemd i forhold til psykisk og fysisk helse.

Vurdere korleis det kan utviklast indikatorar for einsemd blant vaksne i folkehelseprofilane

Det bør vurderast korleis fleire og betre data om einsemd og sosial støtte kan inngå som indikatorar for vaksne i folkehelseprofilane som blir utgitt av Folkehelseinstituttet.

Bidra til meir kunnskap om kva einsemd har å seie for psykisk helse

Det er publisert ei rekkje oversiktsstudiar og enkeltstudiar om einsemd og psykisk helse. Disse bør ein gå gjennom og inkludere i til dømes ei kunnskapsoppsummering om ulike aspekt av einsemd og sosial støtte. Dette kan avdekkje dei største kunnskapshola.

Bidra til systematiske evalueringar på effekten av tiltak for å førebyggje einsemd og styrkje sosial støtte

Tiltak som blir gjennomførte i regi av Folkehelseprogrammet, skal evaluerast. Det bør ytterlegare vurderast korleis dei tiltaka som blir sette i verk for å førebyggje einsemd blant eldre, kan bli med i den forskingsbaserte evalueringa. Folkehelseinstituttet har etablert eit eige senter for evaluering av folkehelsetiltak.

Forsking på teknologiske hjelpemiddel for auka sosial kontakt og samarbeid over generasjonar

Ifølgje rapporten frå 2016 om sosial, digital kontakt for å motverke einsemd blant eldre er det stort behov for meir forsking.

Bidra til auka forsking på kva sosiale medium har å seie for einsemd og sosial støtte

Ein bør gå gjennom eksisterande datainnsamlingar for å sjå om det finst data om sosiale medium, sosial støtte og einsemd som kan bidra til auka kunnskap.

3.3 Hovudmål 3 Arbeide systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta

Førebygging av einsemd er alt integrert i mykje av aktiviteten som er i gang for å skape eit godt og berekraftig samfunn som fremjar god helse og livskvalitet for heile befolkninga. Den innsatsen som alt blir gjord – som kvar og ein gjer i det daglege, i nabolaget, på arbeidsplassen eller i meir organiserte former gjennom frivillige organisasjonar eller idrettslag – må anerkjennast og løftast fram.

I tillegg er det nødvendig å jobbe meir systematisk og strukturert for å førebyggje einsemd. Einsemd bør derfor integrerast i den systematikken som folkehelsearbeidet baserer seg på. Eksisterande strukturar og universelle tiltak kan òg inkludere tiltak for å førebyggje einsemd.

Satsingsområde 5 Einsemd inn i folkehelselova § 7

Regjeringa vil fremje forslag om at einsemd skal takast inn i lov om folkehelsearbeid § 7. Dette er ei oppfølging av stortingsbehandlinga av Meld. St. 15 (2017–2018) «Leve hele livet», jf. Innst. 43 S. Dette vil innebere at kommunane må skaffe seg oversikt over omfanget av einsemd lokalt, sjå på utviklinga over tid og kva slags konsekvensar det har for befolkninga generelt og for utsette grupper spesielt. Tiltak som blir sette i verk på bakgrunn av ei slik oversikt etter krav i folkehelselova, vil kunne førebyggje og redusere einsemd og føre til betre helse og livskvalitet blant befolkninga i kommunen. Einsemd blant barn og unge inngår i dag i folkehelseprofilane, men foreløpig har vi ikkje oversikt over korleis einsemd blant vaksne og eldre utviklar seg.

Satsingsområde 6 Sikre at det blir lagt vekt på einsemd og sosial støtte i vurdering av nye tiltak i alle relevante sektorar

Ved utforming av tiltak og strategiar bør statlege myndigheiter vurdere kva konsekvensar dei kan ha for sosial støtte og einsemd i befolkninga. Det vil vere relevant for fleire sektorar. Statlege tiltak skal utgreiast i tråd med utgreiingsinstruksen. Rettleiinga til instruksen peiker på at tiltak som kan medføre vesentlege konsekvensar for livet og helsa til befolkninga eller fordelinga av helsa i befolkninga, skal leggjast fram for Helse- og omsorgsdepartementet. Det omfattar òg tiltak som påverkar sosial støtte og einsemd.

Bruke plan- og bygningsmessige verkemiddel for lokalsamfunnsutvikling som kan førebyggje einsemd

Plan- og bygningsmessige prioriteringar er eit verkemiddel som kommunane kan nytte for å førebyggje einsemd og auke sosial støtte og sosiale fellesskap. Det handlar om å prioritere, leggje til rette for og etablere felles møteplassar for alle aldersgrupper, bidra til integrering og tilhøyrsle for alle befolkningsgrupper, og sikre trygg transport og mangfaldig bustadbygging.

I tillegg skal universell utforming leggjast til grunn i planlegginga for å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle og unngå diskriminering av enkelte grupper.

Tilgjengelegheit, transport og bustadformer for framtida

Nasjonale og lokale myndigheiter må bidra til å sikre infrastruktur som dekkjer innbyggjarane sine behov for trygg transport slik at alle kan delta i sosiale fellesskap. Dei må òg sørgje for tilrettelagde bustader. Det må leggjast til rette for variasjon i bustader for eldre, mellom anna utbygging av seniorbustader som i større grad legg til rette for sosial kontakt mellom dei som bur der. Regjeringa vil vurdere å innføre ei prøveordning med kombinerte omsorgs- og studentbustader.

Det finst mange lokale døme på kommunar som har integrert sjukeheimar og omsorgsbustader i lokalmiljøet, gjerne med felles møteplassar og naboskap på tvers av generasjonar og funksjonar. Eit døme er Braarudtoppen omsorgsbustader i Horten, der studentar kan flytte inn. Her er det etablert to studenthyblar i tilknyting til omsorgssenteret. Studentane bidreg med sosiale aktivitetar og praktiske gjeremål. I tillegg er generasjonshuset i Aarhus ei spennande og framtidsretta buform der ungdommar, familiar, eldre og vaksne med ulike funksjonshemmingar bur under same tak.

Boks 3.7 Saman mot einsemd – (2019–2023) Oversikt

Hovudmål 1 Synleggjere einsemd som folkehelseutfordring og stimulere til auka sosial deltaking

Satsingsområde 1 Samarbeid med frivillig sektor for å mobilisere mot einsemd

Satsingsområde 2 Tiltak retta mot einsame unge

  • Synleggjere einsemd og generasjonstreff som del av programmet for folkehelsearbeid i kommunane (2017–2026)

  • Vurdere å etablere ungdomspanel

  • Setje livsmeistring på timeplanen

  • Arbeide for sosial deltaking blant barn og unge

  • Vurdere behov for nye møteplassar

  • Gjere det lettare for barn og unge å delta i fritidsaktivitetar

  • Teknologisk støtte til fritidsaktivitetar for barn med funksjonsnedsetjingar og familiane deira

  • Betre psykisk helse hos studentar og førebyggje einsemd

Satsingsområde 3 Tiltak retta mot einsame eldre

  • Utvikling og utprøving av teknologiske verktøy for å mobilisere mot einsemd blant eldre

  • Aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet

  • Førebyggjande heimebesøk

  • Livsglede for eldre og livsgledesertifisering

  • Besøks- og aktivitetsvenner i eldreomsorga

  • Lokale møteplassar

  • Bidra til å utvikle eit større mangfald av møteplassar mellom generasjonar

Hovudmål 2 Få meir kunnskap om einsemd og effektive tiltak

Satsingsområde 4 Kunnskapsoppsummeringar og forsking om einsemd og effekt av tiltak

  • Vurdere tiltak for korleis data om livskvalitet kan gjerast tilgjengelege på ein best mogleg måte

  • Vurdere korleis det kan utviklast indikatorar for einsemd blant vaksne i folkehelseprofilane

  • Bidra til meir kunnskap om kva einsemd har å seie for psykisk helse

  • Bidra til systematiske evalueringar på effekten av tiltak for å førebyggje einsemd og styrkje sosial støtte

  • Forsking på teknologiske hjelpemiddel for auka sosial kontakt og samarbeid over generasjonar

  • Bidra til auka forsking på kva sosiale medium har å seie for einsemd og sosial støtte

Hovudmål 3 Arbeide systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta

Satsingsområde 5 Einsemd inn i folkehelselova § 7

Satsingsområde 6 Sikre at det blir lagt vekt på einsemd og sosial støtte i vurdering av nye tiltak i alle relevante sektorar

  • Bruke plan- og bygningsmessige verkemiddel for lokalsamfunnsutvikling som kan førebyggje einsemd

  • Tilgjengelegheit, transport og bustadformer for framtida

Boks 3.8 Saman mot einsemd – regjeringa sin strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023)

Regjeringa vil

  • synleggjere einsemd som ei folkehelseutfordring gjennom kampanjar og auka nasjonal og lokal merksemd om einsemd

  • stimulere til etablering av møteplassar for auka sosial deltaking

  • auke kunnskapen om einsemd og effektive tiltak

  • arbeide systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta

4 Mindre sosial ulikskap i helse

Figur 4.1 

Figur 4.1

«Et av hovedprinsippene i FNs bærekraftsmål er at ingen skal utelates (Leaving no one behind). De mest sårbare menneskene må derfor prioriteres. Ekskluderte grupper, som mennesker med nedsatt funksjonsevne, flyktninger, etniske og religiøse minoriteter, jenter og urfolk, er høyt representert blant de som fortsatt lever i fattigdom.» (FN-sambandet)

Berekraftsmål 10 om mindre ulikskap tek for seg at det er nødvendig å redusere ulikskapen i og mellom land for å skape ei berekraftig utvikling. Økonomisk vekst fører ikkje automatisk til mindre fattigdom.

Det er tverrpolitisk semje om å redusere dei sosiale helseforskjellane og skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga. Det er eit samfunnsansvar å bidra til at alle får best moglege føresetnader for å ha ei god helse. Arbeidet med å jamne ut sosiale helseforskjellar er derfor ein integrert del av folkehelsepolitikken.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga Meld. St. 13 (2018–2019) «Muligheter for alle – Fordeling og sosial bærekraft». Meldinga tek opp ulikskap og låginntekt i Noreg i eit internasjonalt perspektiv, kva arbeidsmarknaden og trygdeordningane har å seie for fordeling og moglegheiter, læring gjennom heile livet, ulikskap i helse, demokratisk og sosial deltaking og erfaringar frå andre land om kva som kan vere drivkreftene bak endring i inntektsfordelinga. Meldinga presenterer òg regjeringa sin innsats for å bidra til sosial berekraft og motverke ulikskap og konsekvensar av ulikskap.

Med uttrykket «sosiale ulikskapar i helse» siktar ein til systematiske forskjellar i helsetilstanden som følgjer sosiale og økonomiske kategoriar – særleg utdanning og inntekt, men òg yrke. Ein kan dermed forstå sosiale ulikskapar i helse som sosioøkonomiske forskjellar i helse, der helsa blir betre for kvart trinn på den sosioøkonomiske stigen: Jo lengre utdanning eller høgare inntekt, desto betre helse.

Status og utfordringar

Dei siste 20 åra har det i Noreg vore ein gradvis auke i sosiale helseforskjellar målt i forventa levealder. Den forventa levealderen er fem–seks år høgare blant personar med høgskule- eller universitetsutdanning enn blant dei med berre grunnskuleutdanning. I Oslo er forskjellen i forventa levealder inntil åtte år mellom bydelane, og mellom ulike kommunar kan det vere opptil tolv års forskjell (Folkehelseinstituttet 2018a).

Figur 4.2 viser at alle utdanningsgruppene har hatt ein auka forventa levealder, men at oppgangen har vore størst for personar med lang utdanning. Parallelt med dette har det vore ei endring i storleiksforholdet mellom gruppene. Gruppene med høgast levealder (og altså dei med høgast utdanning) utgjorde ein vesentleg større del av befolkninga i 2015 enn tidlegare, mens gruppene med lågare forventa levealder (og kort utdanning) utgjer klart mindre delar.

Figur 4.2 Forventa attståande leveår for menn og kvinner (ved 35 års alder) i Noreg 1961–2015 gruppert etter utdanningsnivå.

Figur 4.2 Forventa attståande leveår for menn og kvinner (ved 35 års alder) i Noreg 1961–2015 gruppert etter utdanningsnivå.

Kjelde: 1961–1989: Steingrimsdottir (2012), 1990–2015: SSB/Norgeshelsa.no. Nivået på tala frå Steingrimsdottir (2012) er lett justert for å gjere samanlikninga lettare.

Folkehelseinstituttet viser til at forskjellige røykjevanar, og dermed forskjellar i dødstalet for røykjerelaterte sjukdommar, truleg er ei spesielt viktig årsak til dei sosiale forskjellane i dødstal og levealder i Noreg. Noreg er eitt av dei vesteuropeiske landa der røyking betyr mest for den sosiale ulikskapen i helse målt i dødstal (Eikemo mfl. 2014). I andre land er faktorar knytte til låg inntekt og overvekt viktigare.

Dei sosiale helseforskjellane gjeld ikkje berre levealder, men òg leveår med god helse. Ein studie som er gjennomført ved Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (Hunt) med befolkningsdata frå tre tiår, viser at folk med grunnskule som høgaste utdanning i gjennomsnitt har god helse til dei er om lag 60 år, folk med vidaregåande skule som høgaste utdanning til dei er om lag 67 år, og folk med universitets- og høgskuleutdanning til dei er om lag 70 år, jf. figur 4.3 (Storeng mfl. 2017). Figuren viser forskjell i utdanning i år med god helse sett i samanheng med pensjonsalder.

Figur 4.3 Berekning av leveår med god helse etter fylte 30 år

Figur 4.3 Berekning av leveår med god helse etter fylte 30 år

Kjelde: Storeng mfl. 2017.

Dei sosiale helseforskjellane gjeld for nesten alle sjukdommar, skadar og plager (Dahl, Bergsli og Wel 2014). Det er vist at kreftdødstalet er større hos personar med kort utdanning, og personar med kort utdanning har òg høgare risiko for å døy etter hjarteinfarkt. Personar med låg sosioøkonomisk status har høgare risiko for å få psykiske lidingar, og vi ser det tilsvarande for muskel- og skjelettsjukdommar. Ungdommar som veks opp i familiar med høg sosioøkonomisk status, rapporterer om høgare livskvalitet, betre helse og færre psykiske plager. Førekomsten av skadar og ulykker er høgare i grupper med kort utdanning enn i grupper med lang utdanning.

Når det gjeld levevanar, ser vi sosiale forskjellar med det same mønsteret (Folkehelseinstituttet 2018a). Dei med lang utdanning røykjer mindre, er meir fysisk aktive og har generelt eit sunnare kosthald. Dei har òg lågare blodtrykk og har sjeldnare fedme enn dei med kort utdanning. Alkoholforbruket er høgast i grupper med høg sosioøkonomisk status, men det ser ut til at dei negative konsekvensane av alkoholforbruk er mindre i desse gruppene og større i grupper med lågare sosioøkonomisk status. Utdanningsforskjellar i røykjevanar blir rekna som ei av dei viktigaste årsakene til sosiale forskjellar i levealder. I gruppa med berre grunnskuleutdanning er 24 prosent røykjarar, mens berre 5 prosent i gruppa med høgskule- eller universitetsutdanning røykjer.

Innvandrarar som heilskap er overrepresenterte i låginntektsgrupper og har gjennomsnittleg lågare sysselsetjing. Det gjeld særleg personar med flyktningbakgrunn, som kan ha særlege helseutfordringar som gjer det vanskeleg å komme i og vere i arbeid. I enkelte innvandrargrupper er det ein relativt stor prosentdel personar som har lite utdanning. Det gjeld ikkje for barn av innvandrarar, der ein stor prosentdel tek høgare utdanning. Grovt sett ser det ut til at innvandrarar med lang utdanning og høg inntekt har betre helse enn innvandrarar med mindre utdanning og låg inntekt, slik det er i majoritetsbefolkninga òg.

Særleg innvandringsårsak, men òg opphavsland og butid i Noreg har mykje å seie for helsa. Flyktningar har dårlegare helseprofil enn dei som kjem til Noreg på grunn av familiesameining, arbeid eller utdanning. Arbeidsinnvandrarar har i utgangspunktet god helse, men arbeidsforhold, livssituasjon og barrierar mot tilgang til helsetenester som følgje av avgrensa norskkunnskapar kan medføre svekt helse over tid. Asylsøkjarar og flyktningar kan ha særlege helseutfordringar knytte til forhold før og under migrasjon (Helsedirektoratet 2018d).

Levekårsundersøkingar blant innsette i norske fengsel viser at fleirtalet av dei innsette har levekårsproblem på eitt eller fleire område (Revold 2015). Om lag 65 prosent av dei domfelte i fengsel har rusproblem, og 92 prosent hadde teikn på ei personlegdomsforstyrring eller ei psykisk liding (Cramer 2014). For at dei innsette skal ha høve til god tilbakeføring og integrering i samfunnet etter at straffa er gjennomført, må helse- og levekårsproblematikken følgjast opp, slik at ein førebyggjer utanforskap og motverkar nye kriminelle handlingar, i tråd med «Nasjonal strategi for samordna tilbakeføring etter gjennomført straff (2017–2021)».

Kva kjem helseforskjellane av?

Årsakene til sosiale helseforskjellar er samansette. Det kan vere ulikskap i materielle forhold, til dømes inntekt og økonomi, eller det kan vere bumiljø, arbeidsmiljø, omgivnadshygiene og anna. Slike faktorar har historisk hatt mykje å seie til dømes fordi dei med låg inntekt i større grad var eksponerte for smitte og forureining og hadde dårlegare tilgang til gode bustader og trygge nærmiljø. Som nemnt er det òg ein sterk samanheng mellom utdanning og helse fordi utdanning mellom anna reduserer risikoen for arbeidsløyse og bidreg til auka inntektsnivå. Men det kan òg komme av ulikskapar i helseåtferd, slik som bruk av tobakk og alkohol, lite fysisk aktivitet og usunt kosthald, som igjen er knytt til ulik grad av sosial status.

Psykososiale faktorar som sosial støtte og deltaking har òg innverknad på sosiale helseforskjellar. Stress er eit nøkkelfenomen for å forstå psykososiale påverknadsfaktorar på helse og livskvalitet. Mangel på sosial støtte og sosialt nettverk gjer det meir utfordrande å meistre kvardagen og kan bidra til negative opplevingar av og problem med å handtere stress (Helsedirektoratet 2014). Det medfører risiko for dårlegare fysisk og psykisk helse. Samtidig er personar med lågare inntekt og kortare utdanning meir utsette når det gjeld mangel på sosial støtte, nettverk og deltaking i ulike organisasjonar. Ei opphoping av slike psykososiale, materielle og miljømessige forhold bidreg til å skape sosiale helseforskjellar. Helsa er såleis ikkje berre eit resultat av individuelle forhold og levevanar, ho blir òg påverka av levekår og strukturelle forhold i samfunnet.

Andre forklaringar er at helsa påverkar den sosiale posisjonen. Det vil seie at dårleg helse medfører kortare utdanning, mindre sosial kapital, redusert arbeidsdeltaking og dårlegare betalt jobb. Eller det det kan vere felles bakanforliggjande og individuelle faktorar som kognitive evner og meistringsevne som fører til betre utdanning, inntekt og helseval.

Figur 4.4 Døme på innsatsområde

Figur 4.4 Døme på innsatsområde

Døme på innsatsområde der ein kan gjere ein innsats for å redusere sosiale helseforskjellar.

Kjelde: Folkehelseprofilane til Folkehelseinstituttet 2016.

4.1 Hovudgrep for å jamne ut sosiale helseforskjellar

Skal dei sosiale helseforskjellane bli mindre, er det behov for eit breitt sett av tiltak for å påverke levekår, livssituasjon og levevanar. Figur 4.4 viser at det er behov for tiltak på ulike nivå og på tvers av ulike sektorar: Frå tiltak for å påverke grunnleggjande sosiale forhold som kan påverke heile årsakskjeda, slik som utdanningspolitikk, bustads- og arbeidslivspolitikk og økonomiske levekår, til tiltak retta direkte mot levevanar, sosial støtte og andre fysiske og sosiale miljøfaktorar, og tiltak som sikrar ei likeverdig helseteneste.

Fordi det er ein samanheng mellom sosial posisjon og helse, der helsa blir betre for kvart trinn på den sosioøkonomiske stigen, vil ulikskapar i helse påverke heile befolkninga. Dermed vil òg universelle strategiar som rettar seg mot heile befolkninga kunne ha størst effekt (Dahl, Bergsli og Wel 2014). I praksis er universelle ordningar eller tiltak òg avgrensa, ofte ved at dei er knytte til behov i ulike aldrar, ved sjukdom eller arbeidsløyse, eller dei kan vere geografisk avgrensa. Det kan vere at desse ordningane har ein vridingseffekt, til dømes ved at dei med lang utdanning og høg inntekt er flinkare til å nyttiggjere seg dei ulike ordningane. Når ein skal utvikle ulike ordningar og tiltak, bør ein derfor i større grad leggje opp til konsekvensvurderingar og evalueringar av potensielle verknader for fordelinga av helse og livskvalitet.

Universelle ordningar må supplerast med meir målretta tiltak mot særleg utsette grupper. Gitt den store utdanningsulikskapen i tobakksbruk er det stort potensial for at alle effektive tiltak mot bruk av tobakk reduserer slike ulikskapar på sikt. Samtidig er det viktig å ta omsyn til at sterk grad av behovsretting ofte har motsett verknad og fører til stigmatisering og umyndiggjering av dei gruppene ein ønskjer å hjelpe.

Å redusere sosiale helseforskjellar har i fleire år vore ein sentral del av folkehelsepolitikken. I 2007 blei det lagt fram ein tiårig nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseforskjellar (St. meld. nr. 20 (2006–2007). Strategien blei avslutta i 2017. På dei ti åra skjedde det mykje utviklingsarbeid, og medvitet og kunnskapen om tematikken har auka kraftig. Likevel er ikkje helseforskjellane blitt reduserte – faktisk aukar dei sosiale helseforskjellane framleis målt etter utdanning. Regjeringa vil derfor vurdere ein ekstern gjennomgang av den norske politikken for å jamne ut sosiale helseforskjellar. Ein slik gjennomgang kan leggje grunnlag for ein ny nasjonal strategi.

Nasjonalt indikatorsystem for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet

Det systematiske folkehelsearbeidet skal ta utgangspunkt i helsetilstanden til befolkninga og kva faktorar som påverkar helsetilstanden. Det gjeld både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Helsedirektoratet utarbeider jamleg folkehelsepolitiske rapportar som viser status og utviklingstrekk på ei rekkje politikkområde som er viktige for folkehelsa og sosiale helseforskjellar. Dette indikatorarbeidet blir gjort i tett samarbeid med andre sektorar og dekkjer desse områda: økonomiske levekår, sosial støtte, deltaking og medverknad, trygge og helsefremjande miljø, sunne val, oppvekst, arbeidsliv og lokalt folkehelsearbeid. Indikatorane blir samanstilte i «Folkehelsepolitisk rapport» og utgjer sektorane si eiga rapportering av status, utviklingstrekk og analysar på område som påverkar folkehelsa og dei sosiale helseforskjellane. Indikatorsystemet gjer det mogleg å følgje med på innsatsen og utviklinga i folkehelsearbeidet og på korleis den vedtekne politikken blir følgd.

Det ligg til rette for at dei tverrsektorielle indikatorane som er utarbeidde, i større grad kan brukast til å oppfylle utgreiingsinstruksen og krava i folkehelselova om å vurdere konsekvensane for folkehelsa der det er relevant. Indikatorane viser viktige samanhengar og konsekvensar av politikkutforming i mange sektorar og kva det kan ha å seie for folkehelse, livskvalitet og ulikskap. Dette gir eit betre grunnlag for å nå målet om ei samfunnsutvikling som fremjar helse og jamnar ut sosiale helseforskjellar.

4.2 Økonomiske faktorar

Det er ein klar samanheng mellom forskjell i økonomiske ressursar (inntekt og formue) og helse. FNs berekraftsmål om å redusere ulikskap har eit delmål om at statane innan 2030 (og raskare for det nasjonale gjennomsnittet) skal oppnå ein gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga.

Ulike stønadsordningar gir forsikring mot tap av inntekt ved til dømes sjukdom og nedsett funksjonsevne, og mellom ulike fasar i livet til den enkelte. Gjennom slike velferdsordningar skjer det ei omfattande omfordeling av dei økonomiske ressursane.

Inntekt og kjøpekraft verkar inn på kor mykje enkeltindivid kan ta del i både helseavgrensande og helsefremjande aktivitetar. Til dømes vil inntekt naturleg nok påverke den økonomiske byrda ved tobakksbruk, men kan òg påverke i kor stor grad ein kjøper hjelp eller hjelpemiddel som skal gjere det lettare å slutte.

Vedvarande låg inntekt er ein risikofaktor for dårleg helse. Samansetjinga av gruppa med vedvarande låg inntekt har endra seg over tid. Opptrapping av minstepensjonen har ført til at det er færre eldre i gruppa med vedvarande låg inntekt. I perioden 2015–2017 hadde færre enn 10 prosent av dei som fekk alderspensjon i alle åra i perioden, vedvarande låg inntekt. Høg innvandring og svakare arbeidstilknyting blant innvandrarar enn for gjennomsnittet av befolkninga har bidrege til at personar med innvandrarbakgrunn no utgjer ein stor del av gruppa med låg inntekt. Den største aldersgruppa med låg inntekt er no unge mellom 18 og 34 år og einslege forsørgjarar.

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge omgivnader, med gode levekår og høve til å utvikle og utfalde seg heime, på skulen, i nabolaget og på fritidsarenaer. Samtidig er det mange barn som har ein utfordrande oppvekst på grunn av den økonomiske situasjonen til familien. Å vekse opp i ein familie med låg sosioøkonomisk status kan ha ei rekkje negative følgjer for den psykologiske utviklinga til barn og unge (Bøe 2015). Det ser vi mellom anna i skuleprestasjonar, kognitiv utvikling og språkutvikling, og det kjem tydelegast fram hos barn som veks opp i vedvarande fattigdom. Dårlege sosioøkonomiske forhold gir òg auka risiko for problem med åtferd og med den sosiale og den kjenslemessige utviklinga.

Talet på barn som lever i ein familie med vedvarande låginntekt, har auka frå 67 300 i 2006 til 101 300 i 2016. Det utgjer 10,3 prosent av alle barn (Epland 2018). Barn med innvandrarbakgrunn er sterkt overrepresenterte i låginntektsgruppa. Mens berre 5,5 prosent av barn utan innvandrarbakgrunn høyrde til eit hushald med vedvarande låginntekt i 2016, var denne prosentdelen 37,8 for barn med innvandrarbakgrunn. Sjølv om barn med innvandrarbakgrunn utgjer fleirtalet av alle barn i hushald med vedvarande låginntekt, har det òg vore ein auke av barn utan innvandrarbakgrunn i denne gruppa. Mykje av dette kan forklarast med at fleire barn i låginntektsgruppa veks opp i hushald med berre éi inntekt eller svak arbeidstilknyting.

Ifølgje Barnekonvensjonen skal alle barn og unge ha høve til å delta i leik og fritid, og dei har rett til ein anstendig levestandard og til å utvikle evnene og ferdigheitene sine. Regjeringa vil redusere fattigdom gjennom å hindre at levekårsutfordringar går i arv og ved å skape like moglegheiter for alle. Regjeringa arbeider for at alle barn skal kunne delta i ferie- og fritidsaktivitetar, og for at barn som veks opp i låginntektsfamiliar, skal ha høve til å delta i sosiale fellesskap på lik linje med andre.

7. juni 2016 skreiv regjeringa ved statsministeren, barne- og likestillingsministeren, kulturministeren, arbeids- og sosialministeren og kommunal- og moderniseringsministeren, frivillige organisasjonar og KS under Fritidserklæringa. Målet er å få til eit godt og langsiktig samarbeid for å gi alle barn, uavhengig av økonomien til foreldra, høve til å delta fast i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Erfaringane med Fritidserklæringa har så langt vore svært positive, og samarbeidet mellom det offentlege og organisasjonane verkar fornuftig og gjensidig nyttig. Regjeringa vil derfor satse vidare på denne modellen. Det er òg gitt midlar til eit prosjekt for å sjå på korleis frivillige og idretten på ein enkel måte kan få dekt kostnader til utgifter for barn frå familiar som ikkje har høve til å betale, og korleis dette kan administrerast lokalt.

Ei nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er eit verkemiddel som legg til rette for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra. Kommunane har ved hjelp av midlane utvikla utstyrsbasar og ferieklubbar og kan tilby fritidsaktivitetar som kostar lite eller ingen ting. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar. Regjeringa har styrkt ordninga frå om lag 100 millionar kroner i 2014 til om lag 312 millionar kroner i 2019.

Tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn skal bidra til betre oppvekst- og levekår i større byar ved å etablere og utvikle opne møteplassar for utsette barne- og ungdomsgrupper i alderen 10–20 år. Storbyane som har fått tildelt midlar, har mellom anna utvikla fritidsklubbar, ungdomskafear og ungdomshus der det kostar lite å delta. Møteplassane er bemanna med ungdomsarbeidarar som har tett kontakt med ei rekkje førebyggjande og oppfølgjande tenester. Tilskotsordninga er styrkt og utgjer 41,5 millionar kroner i 2019.

4.3 Utdanning

Det er ein klar statistisk samanheng mellom utdanningsnivå og helse. Utdanning gir grunnlag for sosial mobilitet og kan redusere sosiale og økonomiske forskjellar i samfunnet.

Regjeringa vil gi enkeltmennesket høve til å forme si eiga framtid ved å sikre at innsats tel meir enn bakgrunn og opphav. Å skape si eiga framtid skal vere like oppnåeleg for barn som veks opp i låginntektsfamiliar, som for alle andre. Ressursar retta mot å styrkje dei faglege prestasjonane til barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status har større effekt jo tidlegare dei blir sette inn (Dietrichson mfl. 2017). Regjeringa prioriterer tidleg innsats i skulen for å sikre hjelp til elevar med faglege utfordringar, jf. kapittel 2 om tidleg innsats for barn og unge.

Det er dokumentert at deltaking i barnehage gir betre språkutvikling og gjer det lettare å lære. Retten til barnehageplass har blitt utvida dei siste åra, og låg familieinntekt skal ikkje vere til hinder for at barn får gå i barnehage. Regjeringa vidarefører det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt og foreslår å utvide ordninga med gratis kjernetid til å omfatte toåringar frå familiar med låg inntekt frå august 2019. I 2019 er det òg løyvd 9 millionar kroner til rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

Barn av asylsøkjarar har i utgangspunktet ikkje rett til barnehageplass før familien har fått opphaldsløyve og er busett i ein kommune. Likevel har ein stor del fire- og femåringar i asylmottak i fleire år fått tilbod om heiltidsplass dersom det er ledige plassar i vertskommunen. I 2016 blei det lagt til rette for gratis kjernetid 20 timar per veke for to- og treåringar frå familiar som hadde fått opphald, men som framleis budde i asylmottak. I 2018 blei ordninga utvida til å gjelde alle to- og treåringar i mottak, uavhengig av asylsøkjarstatusen til foreldra. I integreringsmottak får alle barn tilbod om barnehageplass.

Eit fireårig forsøk med gratis deltidsplass i SFO/AKS starta opp hausten 2016 ved utvalde skular i Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim. Regjeringa vil vurdere å innføre ordningar for redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO/AKS etter skuletid for barn av foreldre med låg inntekt for å auke deltakinga.

Tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring

Elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, har auka risiko for svak eller inga tilknyting til arbeidslivet, låg inntekt, dårlegare levekår og dårlegare helse i vaksen alder samanlikna med dei som fullfører. Tre av fire elevar som begynte i vidaregåande opplæring i 2012 fullførte med studie- eller yrkeskompetanse innan fem år. Dei siste fem åra har 5 prosent fleire enn før fullført. Auken er størst blant elevar med svake karakterar frå grunnskulen. Fullføringsprosenten er lågare blant elevane som begynte på yrkesfaglege utdanningsprogram, enn blant elevane som begynte på eit studieførebuande utdanningsprogram, høvesvis 60 og 87 prosent. Elevar med høgt utdanna foreldre fullfører i større grad enn elevar med lågt utdanna foreldre.

Mange elevar bruker meir enn fem år på å fullføre vidaregåande skule. Etter ti år har rundt 80 prosent av elevane fullført.

I gjennomgangen av den norske politikken for unge utanfor utdanning og arbeid trekkjer OECD fram fråfall frå vidaregåande opplæring som den viktigaste risikofaktoren for å hamne i gruppa NEET («not in employment, education or training») i Noreg (OECD 2018). Ifølgje OECD har 56 prosent av alle mellom 15 og 29 år i NEET-gruppa ikkje fullført vidaregåande opplæring. Noreg har ein relativt låg prosentdel unge utanfor utdanning, arbeid og opplæring samanlikna med mange andre land, men dei det gjeld, er dårlegare stilte med tanke på utdanning, har ofte ein bakgrunn med låg sosioøkonomisk status og er truleg meir utsette for å få psykiske helseproblem. OECD er bekymra for den høge prosentdelen unge i denne gruppa som er passive og heller ikkje søkjer arbeid. Desse står gjerne langt frå arbeidsmarknaden, og det er vanskelegare for tenestene å nå dei fordi dei ofte ikkje er i kontakt med det offentlege tenesteapparatet. Ifølgje OECD er sju av ti i NEET-gruppa inaktive i Noreg, mot fem av ti i OECD-landa i gjennomsnitt.

Personar som ikkje har fullført vidaregåande opplæring innan dei fyller 24 år er tre gonger meir utsette for å bli verande i NEET-gruppa over lengre tid enn dei som har fullført (OECD 2018). Unge som er fødde utanfor Noreg, har dobbelt så høg risiko for å komme i NEET-gruppa som norskfødde.

Eitt av fire innsatsområde i integreringsstrategien til regjeringa er å sikre betre kvalifisering og utdanning til innvandrarar for å oppnå auka arbeidsdeltaking. Mellom anna skal unge med kort butid i Noreg få betre grunnskuleopplæring slik at dei kan gjennomføre vidaregåande opplæring. Det skal òg utgreiast korleis unge, nyleg komne innvandrarar med rett til vidaregåande opplæring kan få eit tilbod gjennom den ordinære opplæringa framfor gjennom introduksjonsordninga.

Program for betre gjennomføring har vore ei hovudsatsing for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Ein del av programmet har vore systematiske utprøvingar av lokalt utvikla tiltak. Alle forsøka blir effektevaluerte, og sluttevalueringane kjem i 2019/20.

Regjeringa forsterkar satsinga på yrkesfag og fornyar yrkesfagutdanninga, og yrkesfagelevar skal få tidlegere spesialisering og lære meir om faget dei skal jobbe med. Utdanninga vil bli meir tilpassa behova i arbeidslivet. Den nye strukturen for yrkesfag i vidaregåande skule skal innførast hausten 2020.

Tilskotsordninga med støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom rettar innsatsen mot ungdom som har høgt skulefråvær eller manglande skuletilknyting på grunn av utfordringar som manglande støtte frå foreldra, manglande sosialt nettverk og helseproblem. Målet med ordninga er å betre skuleprestasjonane og auke gjennomføringa i vidaregåande skule. Ordninga har blitt styrkt og er i 2019 på om lag 52 millionar kroner.

4.4 Arbeid og arbeidsmiljø

Det å vere i arbeid kan vere helsefremjande i seg sjølv. Når ein deltek i arbeidslivet, er ein ein del av eit sosialt fellesskap, og arbeidsoppgåvene kan vere ei kjelde til meining, meistring og personleg utvikling. Indirekte genererer arbeidsdeltaking ressursar som gjer oss i stand til å leve eit sjølvstendig og føreseieleg liv, og som sikrar oss gode materielle levekår.

Noreg har generelt ein kompetent og omstillingsvillig arbeidsstyrke med høg sysselsetjingsgrad. Dette er den viktigaste ressursen vår, jf. perspektivmeldinga 2017. Det er særleg inkluderinga av kvinner, yngre, eldre, kort utdanna og personar med nedsett helse som set Noreg i ei særstilling i europeisk målestokk (Dahl, Bergsli og Wel 2014). Innvandrarar i Noreg har høg sysselsetjing samanlikna med innvandrarar i andre OECD-land, men samanlikna med befolkninga elles har innvandrarar lågare sysselsetjing.

Dei som er i arbeid, har gjennomgåande betre helse enn dei som er utanfor arbeidsmarknaden (Dahl, Wel og Harsløf 2010). Mange av dei som fell ut av arbeidslivet, gjer det på grunn av nedsett helse, så funna som viser helseforskjellar mellom yrkesaktive og yrkespassive, kan til ein viss grad tilskrivast ein helsemessig seleksjon. Vidare kan denne seleksjonen skrive seg frå aukande utdanningskrav i arbeidslivet. Risikoen for å falle ut av arbeidslivet ved nedsett helse er størst i gruppa med kort utdanning.

Arbeidet inneheld ei rekkje eksponeringsfaktorar som påverkar helsa. Arbeidstakarar med kortare utdanning er meir eksponerte for belastingar i arbeidslivet, mellom anna i form av tungt fysisk arbeid og ugunstige arbeidsstillingar, eksponering for fysiske farar og kjemiske stoff, mindre medråderett og ein mindre sikker jobb. Ved å førebyggje slike former for eksponering fremjar ein helse og livskvalitet. Eit målretta og kunnskapsbasert førebyggjande arbeidsmiljø vil kunne bidra til lågare sjukefråvær og helserelatert avgang frå arbeidslivet.

Når det gjeld internasjonale samanlikningar av dei fleste arbeidsmiljøfaktorar som påverkar helse og trivsel, kjem Noreg godt ut (Aagestad, Bjerkan og Gravseth 2017). Dei aller fleste arbeidstakarar i Noreg arbeider under trygge og forsvarlege forhold, men i enkelte yrke og næringar er det framleis utfordringar og potensial for forbetring.

Integreringsstrategi

Auka deltaking av innvandrarar i arbeidslivet er viktig for berekraft i samfunnet, for å redusere sosiale forskjellar og for å bevare tillita og samhaldet det norske samfunnet er bygd på. Eit viktig prosjekt for regjeringa er derfor å gjennomføre eit integreringsløft. Regjeringa la hausten 2018 fram integreringsstrategien «Integrering gjennom kunnskap (2019–2022)». Det er eit mål i strategien å auke arbeidsmarknadsdeltakinga blant innvandrarar gjennom betre kvalifisering og utdanning, slik at fleire innvandrarar skal få eit stabilt og godt fotfeste i arbeidslivet.

Inkludering av unge i arbeidslivet

Det å bli ståande utanfor utdanning og arbeidsliv over tid gir større risiko for å hamne varig utanfor arbeidslivet. I 2016 var 9 prosent (86 000) av alle unge mellom 15 og 29 år i Noreg i denne gruppa. Gjennomsnittet for OECD-land var 14 prosent. Dei relativt låge tala for Noreg bør sjåast i samanheng med eit godt utbygd utdanningssystem som sikrar kunnskap i breie ungdomsgrupper, og som gir tilgang til eit kompetent og ordna arbeidsliv. Ein arbeidsmarknad med høg etterspurnad etter arbeidskraft og låg generell arbeidsløyse legg eit godt grunnlag for høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse også blant unge.

Regjeringa har sett i gang ei landsomfattande styrking av innsatsen for unge arbeidsledige i regi av arbeids- og velferdsetaten. Gjennom ungdomsinnsatsen skal unge ledige raskare få oppfølging frå Nav-kontoret for å komme i arbeid eller fullføre utdanning. Unge under 30 år som etter åtte vekers arbeidsløyse står utan tilbod om arbeid, utdanning eller annan formålstenleg aktivitet, skal få ei planlagd og individuelt tilpassa arbeidsretta oppfølging frå arbeids- og velferdsetaten.

Inkluderingsdugnaden

Regjeringa har sett i verk ein inkluderingsdugnad for å få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet, inn i ordinære jobbar. Inkluderingsdugnaden inneber eit samarbeid mellom ulike aktørar, både offentlege og private. Gjennom felles innsats frå ulike aktørar og i ulike sektorar er målet å få fleire med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en over i ordinært arbeid. Ved å mobilisere denne arbeidskraftressursen blir vi betre rusta til å møte framtidige behov for arbeidskraft.

Inkluderingsdugnaden har tre hovudinnsatsområde:

  • 1. senke terskelen inn i arbeidslivet og gjere det lettare for arbeidsgivarar å tilsetje personar frå målgruppene til inkluderingsdugnaden

  • 2. vidareutvikle og styrkje tilbodet for arbeidssøkjarar med psykiske lidingar og/eller rusproblem, slik at fleire kan delta i arbeidslivet

  • 3. styrkje opplæringstilbodet slik at fleire kan bli kvalifiserte til arbeid

Regjeringa ønskjer at staten skal vise veg i inkluderingsarbeidet, og har sett som mål at fem prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Det skal utviklast verktøy og tiltak som skal støtte verksemdene i dette arbeidet.

Arbeids- og velferdsetaten speler ei sentral rolle i inkluderingsdugnaden. Samarbeid med relevante aktørar og bruk av verkemiddel som gjer det enklare for arbeidsgivarar å tilsetje personar frå utsette grupper, er ein viktig del av dugnaden. Bruk av tiltak som lønnstilskot, mentor, oppfølgings- og tilretteleggingstiltak kan bidra til at fleire får og beheld arbeid.

Å vidareutvikle samarbeidet mellom helse- og arbeidsretta tenester er òg eit sentralt tema i inkluderingsdugnaden. Fleire står utanfor arbeidslivet på grunn av psykiske helseplager. Personar med psykiske lidingar er ei sentral målgruppe. Ordninga med individuell jobbstøtte skal styrkjast slik at fleire med moderate og alvorlege psykiske helseproblem skal få integrert helse- og arbeidsretta støtte med sikte på å komme i arbeid.

4.5 Ulikskap i bruk av helsetenester

Den offentleg finansierte helsetenesta er ein del av den norske samfunnskontrakten, som er basert på grunnleggjande verdiar som sosial forsikring, omfordeling, solidaritet, tryggleik og like moglegheiter. Stortingets helse- og omsorgskomité understreka dette då dei behandla Meld. St. 34 (2015–2016) «Verdier i pasientens helsetjeneste». Stortingskomiteen la òg vekt på at befolkninga skal ha likeverdig tilgang til helsetenester, og at like tilfelle skal behandlast likt.

Formålsparagrafane i helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og helseføretakslova seier at det skal ytast gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det, når dei treng det, uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn. I forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta er det å bidra til å jamne ut sosiale helseforskjellar eit eige punkt i formålsparagrafen. Likevel er det forskjellar på fleire område når det gjeld bruken av helsetenester i Noreg.

Forskjellar i tilgjengelegheit og kvalitet

Mykje av variasjonen i tilgangen til helse- og omsorgstenester og bruken av dei, speglar eit mangfald av behov, geografiske omsyn og lokale og nasjonale prioriteringar, men noko kan òg vere uønskt variasjon. Både helseatlas og resultat frå kvalitetsregistera dokumenterer stor og grunnlaus variasjon i tilgangen og kvaliteten på helsetenester. Mindre uønskt variasjon kan heve kvaliteten og gi meir effektive tenester. Det er nærmare omtalt i dei årlege kvalitetsmeldingane til Stortinget. Variasjon i tilvisingar og bruk av helsetenester blei særskilt omtalt i Meld. St. 13 (2016–2017) «Kvalitet og pasientsikkerhet».

Det er sett i verk fleire ulike tiltak for å redusere omfanget av uønskt variasjon, til dømes innføring av pakkeforløp. Pakkeforløp tek utgangspunkt i nasjonale faglege retningslinjer og sikrar at pasientar med alvorlege helseutfordringar kjem inn i eit planlagt forløp med fristar for kva som skal skje, og når det skal skje. Dermed vil pakkeforløpa i seg sjølve bidra til større grad av likebehandling.

Likeverdige helse- og omsorgstenester føreset at den samiske befolkninga får eit tenestetilbod som er tilrettelagt for samisk språk og kultur. Dette er best til stades i dei samiske kjerneområda. Det er utvikla hjelpemiddel i form av ordbøker for tilsette i omsorgstenestene som ikkje snakkar samisk, slik at dei lettare kan kommunisere med eldre brukarar. Enkelte kommunar har etablert særskilde ordningar for å rekruttere samisktalande personell.

Kva sosioøkonomiske faktorar har å seie for bruken av helsetenester

Fleire undersøkingar har sett på sosioøkonomiske ulikskapar i bruken av helsetenester frå litt ulike vinklar. Det er ikkje så lett å få full oversikt, mykje fordi det er vanskeleg å vite kva behov som utløyser bruk av helsetenester. Forskinga kan samanfattast med at undersøkingane av bruksratar tyder på at den behovsjusterte bruken i allmennlegetenesta er nokolunde lik, men at det er sosial ulikskap for andre tenester: Høgstatus har meir bruk dess meir spesialiserte tenestene er, dess meir legane forordnar bruken, og dess meir bruken kostar, men sjukehusinnleggingar følgjer ikkje dette mønsteret (Elstad 2017).

Statistisk sentralbyrå har kartlagt sosial ulikskap i bruk av helsetenester med utgangspunkt i data frå levekårsundersøkinga om helse 2015 (Lunde, Otnes & Ramm 2017). Det ser ut til å vere tydelegare samanheng mellom inntektsnivå og bruk av helsetenester enn mellom utdanningsnivå og bruk av helsetenester. I gruppene som seier at dei har god helse, er det større forskjellar i helsetenestebruk etter inntekt og utdanning enn i grupper som seier at dei har dårleg helse. Helsetenester med høg eigenbetaling, som tannlege og legespesialist, ser ut til å vere meir brukte i grupper med høg inntekt. Det er òg fleire med låg inntekt som nemner økonomi som årsak til udekt behov for tannhelsetenester. Yngre med kort utdanning har i større grad vore hos psykolog.

Det er meir bruk av reseptfrie legemiddel blant dei med lang utdanning, mens det er fleire med kort utdanning som opplyser at dei bruker reseptpliktige legemiddel. Reseptpliktige legemiddel blir brukte i større grad av personar som er 45 år og eldre, og av personar i lågare utdanningsgrupper, enn av yngre (Lunde, Otnes og Ramm 2017).

Ved førebyggjande helseåtferd, til dømes vaksinering, prøvetaking for ulike sjukdommar og deltaking i screeningprogram, ser ein forskjellar etter utdanning og inntekt, men mønstera varierer noko (Lunde, Otnes og Ramm 2017). Det er fleire med lang utdanning som har vaksinert seg mot influensa det siste året. Når det gjeld prøvar for å sjekke for sjukdom, finn ein at dei med høg inntekt i større grad tek slike prøvar og deltek i screeningprogram for brystkreft, livmorhalskreft og tarmkreft enn dei med låg inntekt, og det er uavhengig av helsetilstand.

I 2017 fekk 12 prosent av vaksenbefolkninga folketrygdstønad til tannbehandling. Ein sosioøkonomisk analyse av dei som fekk folketrygdstønad til tannbehandling, viser at det ikkje er tydelege sosiale helseforskjellar når det gjeld kven som får tannhelserefusjonar over folketrygda (Ekornrud, Skjøstad & Texmon 2015). Sosioøkonomiske forhold har likevel noko å seie for kor mange som får tannhelserefusjonar, og for kor store beløp det er snakk om. Personar med låg inntekt og personar som får ulike stønadsordningar (til dømes uføretrygd, dagpengar og sosialhjelp), har dårlegare eigenvurdert tannhelse, går sjeldnare til tannlege og har eit større udekt behov for tannbehandling. Mens stønadsmottakarar i større grad enn andre får stønad til tannbehandling, er prosentdelen som får stønad til tannbehandling, lågare blant personar med låg inntekt enn blant personar med høgare inntekt.

Kva sosioøkonomiske faktorar har å seie for behandlingsresultat

Fleire norske studiar har sett på sosioøkonomiske forskjellar i behandlinga av ulike sjukdommar, mellom anna i kreftbehandling. Eit arbeid som nyleg er gjort, har vist at kreftpasientar med lang utdanning og høg inntekt gjennomgåande hadde betre overleving ved dei vanlegaste kreftformene enn pasientar med kortare utdanning og lågare inntekt (Skyrud mfl. 2016). Det viser seg òg at lang utdanning blant kreftpasientar påverkar omfanget av og ressursbruken i behandlinga. Sjølv for døyande kreftpasientar fekk dei med lang utdanning fleire polikliniske konsultasjonar enn kreftpasientar med kort utdanning (Elstad 2018). I tillegg er det vist sosiale forskjellar i behandling og behandlingsresultat for pasientar med hjarteinfarkt (Sulo mfl. 2016) og astma (Finnvold 2009).

Vi veit for lite om årsaka til at ein finn sosial ulikskap i behandlingsresultat, og regjeringa ønskjer å få meir kunnskap om dette. Det kan vere ulikskap i sjølve behandlinga, ulikskap i andre typar sjukdommar som påverkar kvarandre, og ulikskap i livssituasjon eller livsstil. Det kan òg vere at pasientar med lang utdanning og høg inntekt er meir informerte om behandlingsalternativ og meir aktive i avgjerdsprosessen. Nyare forsking har konsentrert seg om ulikskapar i «helsekompetanse» som ei mogleg forklaring på forskjellar i behandlingsresultat, jf. kapittel 6.9.2.

Boks 4.1 Mindre sosial ulikskap i helse

Regjeringa vil

  • leggje vekt på fordelingseffektar ved prioritering av folkehelsetiltak

  • vidareføre sektorrapporteringa om status i det nasjonale folkehelsearbeidet og styrkje fordelingsperspektivet i indikatorrapporteringa

  • leggje til rette for å oppfylle krava i folkehelselova og utgreiingsinstruksen om å vurdere konsekvensar for folkehelsa der det er relevant, gjennom ei systematisk vurdering av korleis tiltak og strategiar påverkar fordelinga av helsa til folk sosialt og geografisk

  • vurdere ein ekstern gjennomgang av den nasjonale politikken for utjamning av sosiale helseforskjellar. Ein slik gjennomgang kan leggje grunnlag for ein ny nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseforskjellar.

  • greie ut årsakene til sosial ulikskap i bruken av helsetenester og i behandlingsresultat

  • vidareføre innsatsen mot barnefattigdom

  • vidareføre arbeidet med å forbetre levekåra i utsette byområde gjennom områdesatsingar

  • vidareføre arbeidet for å redusere fråfallet i den vidaregåande opplæringa

  • følgje opp inkluderingsdugnaden og integreringsløftet for å få fleire utsette grupper inn i arbeidslivet

Til forsida