Meld. St. 20 (2015–2016)

Noregs fiskeriavtalar for 2016 og fisket etter avtalane i 2014 og 2015

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapitlet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

4.1 Barentshavet

I Barentshavet finn vi no store mengder vaksen torsk (skrei) sjølv om vi er over toppen og mengda vil minke noko dei neste åra. Også hysebestanden står det godt til med, men rekrutteringa har vore meir normal dei siste åra, og storleiken på bestanden er litt redusert frå det rekordhøge nivået vi har hatt dei siste 6-8 åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden utviklar seg positivt etter å ha vore på eit lågt nivå nokre år. Lodda har i fleire år vore på eit relativt høgt og stabilt nivå, men har kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Det akustiske toktet hausten 2015 gav eit så lågt resultat at det ikkje vart tilrådd loddefiske i 2016.

Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men er eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nord om Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde har også i fleire år hatt den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har ei kommersiell rolle. Dette er først og fremst den nordaust-arktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaust-arktiske hysa, den nordaust-arktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet. Russiske forskarar meiner at det no er ti gonger så mykje snøkrabbe som kongekrabbe i Barentshavet, og det er grunn til å tru at det vil utvikle seg eit kommersielt fiske etter denne arten i nær framtid.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Både bestanden av snabeluer og vanleg uer har lenge vore i dårleg forfatning, men medan den vanlege ueren ikkje har vist teikn til oppgang, ser det lysare ut for snabelueren. Rekrutteringa har betra seg, og det vil etter alt å døme kunne fiskast meir av denne bestanden i tida frametter. Blåkveita er truleg også i sakte oppgang frå eit lågt nivå, men mykje er uvisst når det gjeld denne bestanden. Kysttorsken i nord har i mange år vore på eit lågt nivå, og heller ikkje her er det utsikter til store endringar med det første, sjølv om forskingstokt har vist teikn på betre rekruttering sidan 2010.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2014. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i dei store pelagiske bestandane i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2014

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2014

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei tre periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stogga. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr

Av figuren ser vi at torsken konsumerte heile 9 millionar tonn mat rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1987 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvaltning. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, kan vi lære svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltninga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaust-arktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: Maks 25 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 3,0 millionar tonn

Kvote for 2016: 894 000 tonn, av dette 380 240 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 4,6 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars-april.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 662 000 tonn. Fram til om lag 1990 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt samarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. Takka vere alle desse faktorane er gytebestanden i dag på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida.

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere nær ein historisk låg verdi. ICES tilrådde ein kvote for 2016 på 805 000 tonn i tråd med den sameinte haustingsregelen. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Haustingsregelen har ført til at fiskerikommisjonen i seinare år stort sett har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd, jf. tabell 4.1. Hausten 2015 konstaterte partane at bestanden av nordaust-arktisk torsk er på et høgt nivå, medan bestandane av nokre av torsken sine byttedyr, slik som lodde og polartorsk, er på eit lågt nivå. Eit uttak av torsk i 2016 på eit noko høgare nivå enn haustingsregelen tilseier, vil redusere predasjonstrykket frå torsk på lodde, polartorsk, yngel av botnfisk og andre byttedyr for torsken. Partane fastsette ein TAC for nordaust-arktisk torsk på 894 000 tonn for 2016.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden held seg på eit relativt høgt nivå, og fiskepresset på bestanden er venta å halde seg på eit nivå som gjev langtidsutbytte over gjennomsnittleg nivå.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Fangst i 2015 er prognose.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer

<751

751

728

1 770

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<940

1000

966

1 943

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<993

993

986

1 620

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<894

894

1 139

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<805

894

Boks 4.2 Nordaust-arktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: T. Wennec, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 1,1 millionar tonn

Kvote for 2016: 244 000 tonn, av dette 118 700 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 1,2 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars-april.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 136 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark står for nesten halvparten av fangsten. I tillegg føregår det også eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaust-arktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og særleg årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei yngre årsklassane har vore langt svakare, og vi ventar difor at bestanden no vil kome ned på eit meir normalt nivå. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust. Det knyter seg uvisse til det totale uttaket av hyse, sidan ulovleg utkast av fisk har vore og framleis kan vere eit problem. Det knyter seg også uvisse til mengdemåla tokta, fordi deler av bestanden truleg har stått utanfor det dekka området. Desse kjeldene til uvisse forplantar seg til grunnlaget for kvoteråda, som difor også er noko usikre.

Kvoterådet for 2016 vart utforma basert på oppdaterte og meir optimistiske bestandsvurderingar for 2015 samt den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 244 000 tonn, jf. tabell 4.2.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Fangst i 2015 er prognose.

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 318

318

315

606

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 238

200

194

615

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<150

178,5

178

578

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<223

223

769

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<244

244

Boks 4.3 Nordaust-arktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: Maks 30 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 600 000 tonn

Kvote for 2016: 140 000 tonn, av dette 123 950 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 900 mill. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2014 var på 162 000 tonn, og har variert mellom 90 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra, og norsk utbytte i 2015 ser ut til å bli på rundt 120 000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand, jf. figur 4.13. Årsklassane 2002 og 2007 var gode, og 2005- og 2010-årsklassane over gjennomsnittet for 1960–2014, elles har rekrutteringa i seinare år vore under middels eller svak. Kysttoktet hausten 2015 viste ein ny liten oppgang i mengda sei, og det vart målt oppgang i dei yngste aldersgruppene, noko som gjev håp betre rekruttering i dei næraste åra.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbytte. ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2016 på 140 000 tonn, jf. tabell 4.3.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei.

Fangst i 2014 er prognose.

Tabell 4.3 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk sei dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<164

164

161

289

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<164

140

132

306

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

119

130

333

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<122

122

337

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

140

Boks 4.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større enn hannfisken.

Levetid: Sannsynligvis meir enn 30 år

Bestandstorleik (2015): Ukjend

Kvote for 2016: 22 000 tonn, av dette 11 205 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2013): Om lag 350 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefland, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember-januar.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2014 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje einigheit om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gjev difor råd basert på føre-var-basis, som fram til 2015 var å setje kvotar lik gjennomsnittet for dei åra ein har kunna observere ein relativ auke i bestanden. I 2016 vart det køyrt ein lengdebasert modell, og det vart valt ein haustingsrate tilsvarande gjennomsnittet for dei siste ti åra. Dette tilsvara eit råd på maksimalt 19 800 tonn for 2016, jf. tabell 4.4.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite.

Tabell 4.4 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk blåkveite dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Ingen auke i fangsten

< 15

18

20

-

2013

Ingen auke i fangsten

< 15

19

22

-

2014

Same råd som i 2013

< 15

19

22

-

2015

Same råd som i 2014

< 15

19

2016

Føre-var tilnærming

< 20

22

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg.

Levetid: Over 70 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 1,4 millionar tonn

Kvote for 2016: 30 000 tonn, 17 600 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2013): Om lag 190 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og krill. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars-april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1991–2014 var på om lag 14 000 tonn jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, føregår med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Bestanden er inne i ei positiv utvikling etter å ha lege på eit lågt nivå ein lang periode, og rekrutteringa har auka dei seinare åra, jf. figur 4.18. Totalbestanden er no rekna til over 1 million tonn og gytebestanden kring 800 000 tonn. Sidan snabelueren blir kjønnsmoden først i 12-årsalderen, og årsklassane fødde mellom 1996 og 2004 er svake, vil gytebestanden minke litt fram til 2015, men så auke monaleg når dei større årsklassane fødde etter 2004 byrjar å rekruttere til gytebestanden. Det er ikkje vedteken nokon forvaltningsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at den årlege fangsten i 2015–17 ikkje bør overstige 30 000 tonn, jf. tabell 4.5.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Beskytt ungfisken, ikkje direkte trålfiske og låge bifangstgrenser

-

7,5a

11

863

2013

Bruk F0.1

<47

19,5a

9

833

2014

Status quo fangst

<24

36.8b

813

2015

Føre-var tilnærming

<30

30c

2016

Føre-var tilnærming

<30

30

a TAC sett av NEAFC for internasjonalt farvatn

b Sum av TAC sett av NEAFC for internasjonale farvatn og Noreg for NØS

c Noreg og Russland har fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote på 30 000 tonn, men det er ikkje fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1. NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g.

Levetid: 5 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 0,5 millionar tonn

Kvote for 2016: 0

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 140 mill. kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som gyt berre ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2014 var på 722 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på 5 år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men dei seinare åra har det berre vore opna for fiske før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Sidan systematiske målingar av bestanden tok til i 1972 har det vore tre bestandssamanbrot. Samanbrota er knytte til sterke årsklassar av norsk vårgytande sild i Barentshavet som beitar på loddelarvane og fører til rekrutteringssvikt hos lodda. Rekrutteringa til loddebestanden, målt om hausten som 0-gruppe og 1-gruppe, viste for 2014 relativt låge verdiar etter fleire år med høge verdiar. Det var derfor venta ein reduksjon i den modnande loddebestanden samanlikna med dei siste åra. Dessutan har torskebestanden vore stor dei seinaste åra og har beita kraftig på lodda. Det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2015 estimerte den modnande delen av loddebestanden til å vere berre 446 000 tonn, og i følgje forvaltningsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t ved gyting) gjev ikkje dette rom for loddefiske i 2016.

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Målinga i 2014 er vurdert å vere eit underestimat fordi toktet vart hindra av drivis

Tabell 4.6 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2012

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<320

320

287

1998

2013

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<200

200

177

1471

2014

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<65

65

66

874a

2015

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<6

120

115

446

2016

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

a Høgst truleg eit underestimat.

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djup
n

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djup n

Medan sildebestanden er på nedtur, er det motsette tilfelle for dei to andre. Makrellen har hatt svært god rekruttering, det vil seie sterke årsklassar har kome inn i bestanden i mange av dei seinare åra. Bestanden har ekspandert og dekkjer no i beiteperioden store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard. Kolmula har også, etter ein periode med svak rekruttering, no kome inn i ein betre periode, og denne bestanden er i vekst. Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. No ventar alle på neste sterke sildeårsklasse.

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Sidan sildefisket har vorte kraftig redusert, er det samla fisket etter pelagisk fisk no nede på eit nivå rundt 2-3 millionar tonn, men også det er betydelege kvanta sett i verdssamanheng.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2014

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2014

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre; eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og krill, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringsnettet. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet og alt er nemnt i det førre delkapitlet, er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å auke svakt. Også blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaust-arktiske seien, som har ei vid utbreiing langs norskekysten, er nemnde i det førre kapitlet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang (MAREANO). Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog, og område med svamp, sjøfjær og andre sårbare samfunn som kan trenge vern.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sildestim

Figur 4.25 Sildestim

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g.

Levetid: 25 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 5 millionar tonn

Kvote for 2016: 316 876 tonn, av dette 193 294 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 1,5 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt langs kysten frå Møre til Nordland i februar-mars, og beitar over store deler av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2014 er om lag 720 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Den bestandsvurderinga som er gjort, syner at gytebestanden no er estimert til kring 3,6 millionar tonn (2016), som er under føre-var-grensa på 5 millionar tonn. Dette fører til reduksjon i utnyttingsgraden som er innebygd i den gjeldande haustingsregelen. Difor er kvotane kraftig redusert dei siste åra og dei er venta å bli ytterlegare reduserte i åra som kjem, sidan det førebels ikkje er teikn til sterke årsklassar på veg inn i bestanden. Tilrådd totalkvote for 2016 er på 316 876 tonn, jf. tabell 4.7.

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<833

833

826

5 634

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<619

692a

685

5 000

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<418

436a

461

4 455

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<283

283b

3 946

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<317

317c

a Summen av nasjonale kvotar

b Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing mellom Noreg, Island, EU, Færøyane og Russland om ein totalkvote på 283 013 tonn.

c Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2016, men Noreg har vedteke nasjonal kvote i tråd med tradisjonell del basert på ICES-rådgjevinga om totalkvote.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg.

Levetid: 25 år

Bestandsstorleik (2015): Om lag 4,5 millionar tonn

Kvote for 2016: 895 900 tonn (Noreg, EU og Færøyane), av dette 202 217 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 1,9 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai-juli), vest av Irland (mars-juli) og i portugisiske farvatn (februar-mai). Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk makrell i perioden 1980–2014 er 719 000 tonn, og uttaket har variert relativt lite samanlikna med mange andre bestandar, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare enn desse tala viser. Fisket føregår hovudsakleg i direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket føregår med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket føregår mest om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen vandra langt mot nord, og større deler av fangsten har vore teken utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island og Færøyane.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30. Gytebestanden har auka vesentleg sidan 2002, og er på eit høgt nivå historisk sett. Dette skuldast først og fremst at rekrutteringa har vore god; årsklassane 2002 og 2006 er dei mest talrike som er målt i heile tidsserien. Også årsklassane 2010–2011 er bra, og det ser det ut til at 2014-årsklassen kan vere sterk. ICES sitt råd om fiske i 2016 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 667 385 tonn, jf. tabell 4.8.

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

586-639

927a

894

3 447

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

497-542

906a

933

3 624

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

927-1 011

1 396a

1 394

4 160

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

831-906

1 054b

3 588

2016

MSY tilnærming

<667

896b

a Ikkje oppnådd einigheit om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

b Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale under kapittel 3.3.4.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g.

Levetid: Opp til 20 år, sjeldan over 10 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 4,7 mill. tonn

Kvote for 2016: Det er ikkje einigheit mellom kyststatane om ein totalkvote.

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 580 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100-600 m. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyter vest av Irland på ettervinteren.

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk kolmule i perioden 1978–2014 er 952 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende, og Island, EU, Færøyane og Russland tek ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. No er denne trenden snudd, og gytebestanden har nær dobla seg. Årsklassane fødde mellom 2004 og 2009 var svært svake samanlikna med dei føregåande ti åra, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og er no estimert til å vera over gjennomsnittsnivå. Dette har, saman med lågare fiskepress, ført til auken i bestanden.

ICES sitt råd om fiske i 2016 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 776 391 tonn., jf. tabell 4.9.

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<391

391

348

3 396

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<643

643

626

3 918

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<949

1 200

1 155

3 965

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<840

1 260a

3 259

2016

MSY-tilnærming

<776

b

a Det er ikkje inngått nokon avtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing mellom kyststatane om ein totalkvote på 1 260 000 tonn.

b: Det er ikkje einigheit mellom kyststatane om ein totalkvote for 2016.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Men langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk og botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra er pelagisk fisk (sild) og botnfisk på same nivå; kring 5-600 000 tonn. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1,5-2 millionar tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2014

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2014

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sildestim

Figur 4.37 Sildestim

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 4 millionar tonn

Kvote for 2016: 518 242 tonn, av dette 150 290 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 500 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store deler av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2014 er kring 490 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen føregår i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Det norske fisket skjer hovudsakleg med ringnot. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn, i gjennomsnitt 115 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES gir råd basert på ein forvaltningsplan som EU og Noreg er einige om, og dette medfører eit maksimalt uttak på 518 242 tonn i direktefisket i 2016, jf. tabell 4.10.

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

405

435

2 587

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

478

511

2 285

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

470

507

2 220

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<445

445

2 216

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<518

518

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg.

Levetid: 20 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 320 000 tonn

Kvote for 2016: Nordsjøen og Skagerrak: 65 696 tonn, av dette 33 532 tonn til Noreg.

Vest av Skottland: 7 054 tonn

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 350 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga føregår langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken frå februar til mars.

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2014 er kring 150 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har gått jamt nedover sidan 2005 og er no litt under føre-var-nivået. Rekrutteringa i seinare år har vore svært dårleg. Tilrådd kvote for 2016 er i samsvar med ein forvaltningsplan vedteken av Noreg og EU, og er på 65 696 tonn fangst i Nordsjøen/Skagerrak og 7 054 tonn i området vest av Skottland. Før 2015 vart rådgjevinga rekna om til landingar på grunn av utkastet av fisk i EU-sona, men frå og med 2015 blir rådet gjeve som fangst, jf. tabell 4.11.

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012 a

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 87

87

77

197

2013 a

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<101

100

80

186

2014 a

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-15 prosent)

<86

86

75

189

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<79.7

79.7

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<75

72,8

a Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua.

Bestand: Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen.

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 332 tusen tonn

Kvote for 2016: Nordsjøen og Skagerrak: 38 458 (40 419 inkludert VIId) tonn, av dette 5 495 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 80 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klåre skiljeliner mellom stammane. Gytinga føregår frå januar til april.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2014 er kring 180 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 50 000 tonn, og har lege på dette nivået dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med line og ein femdel med trål. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som ein bestand i forvaltningssamanheng. ICES vurderer gytebestanden til å ha auka litt frå det kritisk låge nivået i 2006 til over grensenivået, men han er framleis vel under føre-var/tiltaks-nivået. Tilrådd kvote for 2016 er maksimalt 49 259 tonn, og er basert på MSY-tilnærminga, jf. tabell 4.12.

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen (F 45 prosent av F2008)

<31,8a

26,5

40

107

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-20 prosent)

<25.4a

26,5

42

118

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<28,8a

27,8

46

125

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<35,5

33,4

149

2016

MSY-tilnærming

<49.3

40,4

a Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: T. Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 500 000 tonn

Kvote for 2016: Nordsjøen og Skagerrak: 72 321 tonn, av dette 14 410 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 40 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og riktig botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga føregår frå mars til mai.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1963–2014 er vel 200 000 tonn, men med ein reduksjon av fangsten gjennom mesteparten av denne perioden, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på rundt eller litt under 50 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad også med snurrevad. Hyse er målart for deler av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og kreps.

Status og råd

Frå 2014 er også hysa vest av Skottland rekna saman med hysa i Nordsjøen og Skagerrak i bestandsvurdering og kvoterådgjeving. ICES vurderer bestanden til å vere i god forfatning og blir hausta berekraftig. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og har gjeve dominerande årsklassar i fiskeriet, men bortsett frå 2005- og 2009-årsklassen som var middels store, har rekrutteringa dei siste åra vore under langtidsgjennomsnittet. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltningsplan for heile området. Basert på langtidsutbytte (MSY-tilnærming), meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 74 854 tonn i 2016, jf. tabell 4.13.

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 41,6

47,1

43

281

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 47,8

52,0

47

225

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 40,6

44,6

46

156

2015 a

Maksimalt langtidsutbytte

< 68,7

47,8

146

2016 a

Maksimalt langtidsutbytte

< 74,9

72,3

a Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg.

Levetid: 12 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 700 000 tonn

Kvote for 2016: Nordsjøen og Skagerrak: 14 728 tonn, av dette 1 387 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 4,9 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10-200 m djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen riktig i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, men riktig også yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga føregår over ein lang periode om våren og sommaren.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1960–2014 er kring 70 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller kreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år på grunn av at meir selektive reiskapar har vore tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane, men i seinare år har også den norske delen auka noko.

Status og råd

ICES har ikkje nok kunnskap til å vurdere gytebestand og verknad av fisket i høve til føre-var-nivå. Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2003. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men var i 2015 over snittet for dei siste åra. EU og Noreg har avtalt ein forvaltningsplan for kviting, og i følgje denne bør det ikkje fiskast meir enn 30 510 tonn i 2016.

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.14 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012 a

Interim forvaltningsplan

<20,3

17,1

26

313

2013 a

Føre-var tilnærming

<26,0

18,9

27

263

2014 a

Føre-var-tilnærming

<21,2

16

17

235

2015

Følg forvaltningsplanen

<17,1

14,7

263

2016

Følg forvaltningsplanen

<30.5

14,7

a Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Ingunn Bakketeig, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg.

Levetid: 20 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 1 million tonn

Kvote for 2016: Nordsjøen og Skagerrak: 143 480 tonn, av dette 9 455 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2014): Om lag 6,4 mill. kroner

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom stammane. Gytinga føregår i januar og februar.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2014 er kring 170 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir mest fiska med bomtrål i sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål, der målarten er tunge, i dei sørlege delane av Nordsjøen. Omfattande utkast av undermåls raudspette går føre seg i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiskeri saman med torsk og kreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent av den i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god forfatning og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå i 2014, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbytte. ICES tilrår, basert på ein forvaltningsregel vedteken av EU, at fangsten i 2016 ikkje bør overstige 216 345 tonn, jf. tabell 4.15.

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2012 a

Første steg i forvaltningsplan

< 84,4

84,4

142

591

2013 a

Første steg i forvaltningsplan

< 97,1

97,1

126

655

2014 a

Bestanden i andre steg, forvaltninga i første steg av forvaltningsplan

< 111,0

111,6

134

803

2015

Følg andre steg i forvaltningsplanen

< 179,3

138,4

902

2016

Følg andre steg i forvaltningsplanen

< 216,3

143,5

a Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Til forsida