Meld. St. 21 (2019–2020)

Årsmelding 2019 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utvikling i 2019 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 384 personar fekk ved utgangen av 2019 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2019 var det 274 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 13 personar og ein tilgang på 16 personar. Per 31. desember 2019 var talet på alderspensjonistar derfor 277 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 15 913 kroner per månad. Kvinner fekk 16 145 kroner, medan menn fekk 15 777 kroner.

I 2019 tok 16 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var sju kvinner og ni menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67,4 år for kvinner og 66,4 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 66,8 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 76,2 år for kvinner og 75,9 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2019 var det tre uførepensjonistar i ordninga. Det har vore to avgangar i løpet av året. Per 31. desember 2019 var derfor talet på uførepensjonistar éin person.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2019.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2019 var det 107 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på sju personar. Per 31. desember 2019 var talet på ektefellepensjonistar derfor 105 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 850 kroner per månad. Kvinner fekk 8 697 kroner, medan menn fekk 11 229 kroner.

I 2019 blei sju personar innvilga ektefellepensjon. Alle var kvinner. Gjennomsnittleg uttaksalder var 74,3 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,4 år for kvinner og 84,6 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,5 år.

Ved inngangen til 2019 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

3.4 Rekneskap for 2019

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 68 151 262 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2018. Administrasjonskostnadene var i sum 1 542 327 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2018.