Meld. St. 23 (2016–2017)

Årsmelding 2016 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utvikling i 2016 for pensjonar opptent som stortings- representant

Totalt 393 personar fekk ved utgangen av 2016 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2016 var det 272 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 17 personar og ein tilgang på 15 personar. Per 31. desember 2016 var talet på alderspensjonistar derfor 270 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 16 162 kroner per månad. Kvinner fekk 18 502 kroner, medan menn fekk 14 905 kroner.

I 2016 tok 15 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fem kvinner og ti menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 69,2 år for kvinner og 64,2 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 65,9 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 74,2 år for kvinner og 74,8 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 74,6 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2016 var det éin uførepensjonist i ordninga. I løpet av året har det ikkje vore avgang eller tilgang på uførepensjonistar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2016.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2016 var det 115 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året var det sju avgangar og 11 tilgangar. Per 31. desember 2016 var talet på ektefellepensjonistar derfor 119 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 579 kroner per månad. Kvinner fekk 8 445 kroner, medan menn fekk 10 061 kroner.

I 2016 blei 11 personar innvilga ektefellepensjon. Alle var kvinner. Gjennomsnittsalderen deira var 81,1 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 82,5 år for kvinner og 81,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 82,5 år.

Ved inngangen til 2016 tok tre personar imot barnepensjon. Det har verken vore tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2016. Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon utgjorde 10 977 kroner per månad.

3.4 Rekneskap for 2016

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 325 985 kroner til pensjonar og 1 603 647 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som i 2015.