Meld. St. 23 (2016–2017)

Årsmelding 2016 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2016

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Det blei sendt ut brev om dette i byrjinga av 2016, men kontrollen gjaldt for inntektsåret 2014.

Hausten 2016 vart det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2015 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

Våren 2016 stod SPK stand på stortingstorget, og medlemmer hadde då anledning til å spørje generelle spørsmål om ordninga. Det vart ikkje gitt informasjon om individuelle berekningar da desse stort sett blir berekna manuelt.