Meld. St. 26 (2015–2016)

Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

4 Utviklinga i 2015 for pensjonar opptente som regjeringsmedlemer

Ved utgangen av 2015 fekk totalt 102 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2015 var det 71 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2015 var talet på alderspensjonistar 72 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2014 utgjorde 70 personar. Avviket skuldast forseinka registrering av eit medlem som skulle vore med i talet for 2014. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for alderspensjon var 11 759 kroner. Kvinner tok imot 12 933 kroner, mens menn tok imot 11 134 kroner.

I 2015 tok to personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 65,0 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 73,4 år for kvinner og 78,1 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,4 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2015 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av uførepensjonistar i 2015.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2015.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for uførepensjon var 26 289 kroner. Gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 55,0 år.

4.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2015 var det 25 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på to personar og ein tilgang på ein person. Per 31. desember 2015 var talet på ektefellepensjonistar 24 personar. I føregåande stortingsmelding ble det rapportert at talet på ektefellepensjonistar per 31. desember 2014 var 24 personar. Avviket kjem av at ein pensjon er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for ektefellepensjonar var 7 341 kroner. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 80,8 år for kvinner og 63,0 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,0 år.

Ved inngangen til 2015 tok tre personar imot barnepensjon. Det har vore ein tilgang på ein barnepensjon i 2015. Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for barnepensjon var 3 968 kroner. Per 31. desember 2015 var talet på barnepensjonistar fire personar.

4.4 Rekneskap for 2015

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir løyvd under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 392 999 kroner til pensjonar og 315 266 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som 2014.