Meld. St. 26 (2020–2021)

Noregs fiskeriavtalar for 2021 og fisket etter avtalane i 2019 og 2020

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2020 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 31,6 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Vi deler opp mot 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av med andre land. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMOar). Nytt i 2021 er at Norge også inngjekk ein trepartsavtale med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen.

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat samt svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg har òg ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i er nærare presentert i kapittel 3.

I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2020 er rekna til om lag 53 milliardar kroner1. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 19,8 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2020. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2020

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2020

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2020 ein verdi på om lag 8,8 milliardar kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 27 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på om lag 2,7 milliardar kroner i 2020. Avtalen med EU om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 11 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for nesten en prosent av dei samla verdiane i 2020.

1.1 Fiskeriavtalane for 2021

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2016–2020, medan figur 1.4 viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane i 2020. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2016–2020 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

Figur 1.3 Totalkvotar i 2016–2020 for viktige bestandar for Noreg (tonn)

1 Det vart ikkje semje mellom kyststatane om ein totalkvote for kolmule for 2016. Totalkvoten i figuren er difor summen av unilateralt fastsette kvotar.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2021 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysebestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er 20 prosent høgare enn i 2020.

Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er sett opp med 8 prosent frå 2020.

Noreg og Russland vedtok å føre vidare kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år eller fiske inntil 10 prosent av eigen kvote på forskott.

På grunn av låg gytebestand vart det bestemt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2021.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa i 2021, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet.

Avtalen med EU og Storbritannia

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU 28. februar 2020, og frå 1. januar 2021 stod fram på nytt som ein sjølvstendig kyststat, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Norge og EU, delte mellom tre partar. Frå 2021 blir difor totalkvotar (TAC) og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.

Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og EUs farvatn skjer etter separate avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.

På grunn av at brexitforhandlingane mellom EU og Storbritannia om ein avtale for det framtidige handelssamarbeidet først vart konkluderte 24. desember 2020, vart fiskeriforhandlingane for året 2021 sterkt forseinka. Trepartsforhandlingane om fastsetjing av totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen kom først i gang i januar 2021 og blei underteikna tysdag 16. mars.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten.

Rekrutteringa i Nordsjøen har vore på eit lågt nivå for mange bestandar dei siste åra. Årsaka er kompleks og kan skuldast både samansetjing av plantkon og endringar i temperaturen å gjere. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.

Avtalane med EU

I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar. Avtalen gjev òg gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona den andre parten har i Nordsjøen.

I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord og lysing, reker og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande fiskemoglegheiter i eigne farvatn. Frå EU har Noreg tradisjonelt bytt til seg mellom anna kolmule, lange, brosme, sei, blåkveite, havbrisling, augepål og ein del kvotar i grønlandsk farvatn. Dette er no noko endra fordi Storbritannia ikkje lenger er med i EU.

Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.

Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Også desse avtalane blei forseinka, men Noreg og EU underteikna tysdag 16. mars tosidig kvoteavtale om kvotebyte og tilgang til å fiske i sonene til kvarandre, tosidig avtale om forvalting av fiskebestandar i Skagerrak og Sverige-avtalen.

Avtalen med Storbritannia

30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli einige om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). 2021 er det første året Storbritannia opptrer som ein sjølvstendig part i fiskeriforhandlingane med Noreg, men partane har ikkje lukkast med å komme i mål med avtalar om fisket for året. Som nemnt skuldast dette mellom anna at brexitforhandlingane mellom EU og Storbritannia trekte ut i tid, og fiskeriforhandlingane ikkje kom i gang før utpå nyåret i 2021. I tillegg startar vi med Storbritannia heilt frå byrjinga utan å byggje på tidlegare avtalar. Dette er sjøvsagt krevjande. Det er difor for tidleg å seie noko konkret om korleis ein bilateral avtale med UK om kvotebyte eller sonetilgang vil kunne sjå ut.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei siste åra. Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell som i 2018 vart forlengd ut 2020. Som ei følgje av Brexit vil Storbritannia vere ein sjølvstendig kyststat frå 2021. Avtalepartane, Storbritannia og andre kyststatar vil difor i løpet av 2021 forhandle om ytterlegare forlenging.

Avtalen frå 2014 gav Noreg 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen. Det er sett av 15,6 prosent til andre partar som ikkje er med i avtalen. Desse partane har i dei seinare åra gjeve seg sjølv svært høge kvotar og fiskar difor mykje meir enn den avsette mengda. Dette fisket har i aukande grad gått føre seg i internasjonalt farvatn sidan det ikkje har vore mogleg for desse partane å fiske så mykje makrell i eigne økonomiske soner. Det er gjort forsøk på å inkludere Island og Grønland i makrellavtalen, men det har ikkje lukkast. Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege trepartsavtalar om forvalting av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014 og 2018.

Kyststatane vart hausten 2020 samde om at samla kvote for 2021 bør vere på 852 284 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES, og inneber ein liten reduksjon frå kvoten for 2020. Makrellen er kommersielt sett den nest viktigaste bestanden for Noreg.

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda, men har vore inne i ein periode med reduksjon. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

For 2021 har partane blitt samde om ein totalkvote på nvg-sild på 651 033 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsett unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2021 som inneber ein del på 76 prosent.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda blir oppdatert. I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vil no bli oppdatert i åra framover.

Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020, og skreiv under avtalen på line med dei andre partane. Det er likevel nødvendig med ein eigen prosess for at kyststatane skal ta stilling til framtidig status for både EU og Storbritannia. Dette vil forhåpentlegvis vere avgjort i god tid før forhandlingane for 2022.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. I bestandsvurderinga vart 2017-årklassa rekna for å vere svak, og dette fører til ein nedgang i bestandsstørrelsen, og til ein reduksjon i fiskemoglegheitene når 2016- og 2017-årsklassene er fullt rekrutterte i fiskeriet frå 2020. Bestanden blir like fullt hausta berekraftig. Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del. Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire runder om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I forhandlingane for 2021 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 929 292 tonn. TAC er basert på ICES si rådgjeving og forvaltingplanen som er evaluert av ICES.

På same måten som for norsk vårgytande sild, deltok Storbritannia også på forhandlingane om kolmule hausten 2020 for første gongen. Her er det ikkje lagt opp til ein eigen prosess om framtidig status som kyststat for EU og Storbritannia, i det ingen av partane har reist spørsmål om dette.

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Noreg er i dag medlem av fem regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar, i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2021, vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 73 961 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine internasjonalt. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 651 033 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2021 som omfattar alle partar. Ettersom det var planlagt eit nytt forhandlingsmøte mellom kyststatane etter årsmøtet i NEAFC, vart avgjerda om ei NEAFC-regulering på makrell for 2021 utsett. Heller ikkje dette kyststatsmøtet førte til ein heilskapleg avtale for 2021. NEAFC vedtok dermed, gjennom postavstemming, ei regulering for internasjonalt farvatn for 2021 med tilvising til totalkvoten tilrådd av ICES, og som sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av statar som ikkje er kontraktspart til NEAFC. For første gong vedtok NEAFC også eit forbod mot fiske etter uer i Irmingerhavet, i tråd med rådgivinga frå ICES. Partane vart ikkje einige om regulering av fisket etter uer i Norskehavet.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Mange av bestandane som blir forvalta av NAFO er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar. Dei siste åra er det berre torskefisket som har vore ope, men med grunnlag i vitskaplege vurderingar vart også rekefisket i område 3M opna for fiske i 2020. Rekefisket er per i dag regulert med eit fiskedøgnsregime. Partane skulle i etter planen ha møttest tidleg i 2020 for å vurdere ein overgang til eit ordinært kvoteregime, men på grunn av den rådande koronasituasjonen vart dette utsett. Årsmøtet vedtok difor ei vidareføring av fiskedøgnsregimet i 2021. Årsmøtet vedtok også ein kraftig reduksjon i torskekvoten for 2021, som følgje av den dårlege bestandssituasjonen. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 20 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. NAFO si regulering om vern av sårbare maringe økosystem skal etter planen gjennomgå ein revisjon i 2021.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har no klare indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Totalkvoten på austleg makrellstørje og den norske kvoteandelen har auka dei siste åra. I 2018 vedtok ICCAT ny forvaltingsplan for austleg makrellstørje. I 2019 var den norske kvoten 239 tonn medan den i 2020 og 2021 vart auka til 300 tonn. Dette gjev fleire fartøy høve til å få delta i makrellstørjefiske i norske farvatn.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

CCAMLR vidarefører kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag går storparten av fisket føre seg i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og istilhøve i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge og kor mykje kril fartøya kan fiske. Dei siste åra var totalfangsten av kril på mellom 230 000 og 280 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn, det vil seie meir enn dobbelt så mykje som fangstnivået i dag. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 50-60 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (SEAFO)

Den overordna målsetjinga til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje den økonomiske sona til kyststatane i området. Det er sju partar (Noreg, Namibia, Angola, Sør-Afrika, EU, Japan og Sør-Korea) som har ratifisert SEAFO-konvensjonen og er difor for fulle kommisjonsmedlem å rekne. I tillegg har Storbritannia, Island og USA status som observatørar i kommisjonen.

Under førre årsmøte vart kvotereguleringar for alle relevante bestandar vidareført for 2021: 275 tonn tannfisk, 371 tonn krabbe, 200 tonn alfonsino, 135 tonn pelagisk armourhead. Det vart òg fastsett ein bifangstkvote på 54 tonn raud keisarfisk.

Det er lenge sidan norske fartøy har fiska i SEAFO-området, og det er heller ikkje noko som tyder på at norske fiskarar er interesserte i å starte fiskeriverksemd der i tida som kjem. Ettersom norske fartøy ikkje lenger fiskar i området, er det i tråd med havrettens system at Norge trekker seg ut av SEAFO og seier opp konvensjonen.

I tråd med konvensjonens artikkel 33, som stadfestar at ein konvensjonspart når som helst kan seie opp konvensjonen ved skriftleg underretning til FNs matvareorganisasjon (FAO), som er depositar for konvensjonen, overleverte Noreg ei oppseiingsnote i oktober 2020 til FAO. Ei oppseiing får verknad eitt år etter underretning til depositaren. Noregs oppseiing får verking 29. oktober 2021.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte vart også i hovudsak godteken. Kvoten for vågekval er i 2021 på 1 278 dyr, og inneber ei vidareføring av kvoten frå i fjor. Fangstområda er også slegne saman, i tråd med dei vitskapelege råda frå IWC.

NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs behandling av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangsttryggleik i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri. I 2020 vart NAMMCO sitt årsmøte gjennomført digitalt som følgje av koronapandemien.

1.2 Fisket etter avtalane i 2019 og 2020

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2019 og 2020

Utnyttingsgrad1

2019

2020

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

98 %

96 %

Hyse

109 %

82 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

114 %

104 %

Sei

105 %

97 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

100 %

103 %

Makrell

104 %

99 %

Kolmule

99 %

98 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote i det einskilte året. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting tydar altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.

Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Noreg nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år, medan deler av hysekvoten ikkje er fullt utnytta dei seinare åra.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten. Når deg gjeld torskebestanden i Nordsjøen, minkar denne, og kvoten for 2020 vart halvert samanlikna med kvoten i 2019. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Fisket til dei norske linefartøya på fiskeslaga lange og brosme har vore på eit tradisjonelt nivå, likevel med ein nedgang i langefiskeria. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige har stort sett nytta kvotene sine i norsk økonomisk sone godt.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Det har diverre ikkje blitt opna for eit loddefiske sesongen 2018/2019 og 2019/2020 ved Island, Grønland og Jan Mayen. Etter to sesongar utan loddefiske vart det funne grunnlag for å opne for eit loddefiske sesongen 2020/2021. TAC vart auka fleire gonger, for til slutt å ende på 127 300 tonn lodde. Norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar vart på 41 808 tonn lodde. Det har vore stor etterspørsel etter lodde, noko som har ført til svært gode prisar for fiskeflåten. Det har ikkje vore opna for loddefiske i Barentshavet i 2019 og 2020.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalene, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetnad.

Til forsida