Meld. St. 26 (2020–2021)

Noregs fiskeriavtalar for 2021 og fisket etter avtalane i 2019 og 2020

Til innhaldsliste

2 Det internasjonale fiskerisamarbeidet

Noreg har teke ei aktiv rolle i internasjonalt havsamarbeid, både når det gjeld utvikling av internasjonalt regelverk og for forvalting av fiskeria og havmiljøet. Erfaring frå dei siste åra viser at Noreg har stor innverknad globalt gjennom faglege bidrag. Dette kapittelet gjer greie for viktige tema og omgrep i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det startar med ein kort omtale av ulike konvensjonar og avtalar som utgjer det rettslege rammeverket på havet (kapittel 2.1). Etter det følgjer ei innføring i dei viktigaste omgrepa i den vitskaplege rådgjevinga bak fiskeriavtalane (kapittel 2.2).

Internasjonale havmiljøprosessar set rammevilkår for forvalting av marint biologisk mangfald og grip såleis inn i fiskeripolitikken. Vi gjer greie for desse prosessane i kapittel 2.3.

Norske styresmakter legg stor vekt på arbeidet mot både ulovleg, urapportert og uregulert fiske og fiskerikriminalitet både nasjonalt og internasjonalt, og dessa temaa er difor grundig omtala i kapittel 2.4. Til slutt omtaler vi anna internasjonalt fiskerisamarbeid, med vekt på utviklingssamarbeidet.

2.1 Det havrettslege rammeverket

Havrettskonvensjonen

FN’s havrettskonvensjon frå 1982 blir kalla «havets grunnlov» og er det overordna folkerettslege rammeverket for all aktivitet som går føre seg til havs, frå fiske og oljeutvinning til miljøaktivitetar, ferdsel og landegrenser. Arbeidet som til slutt resulterte i dagens havrettskonvensjon, tok til allereie på slutten av 1940-talet. Den teknologiske og økonomiske utviklinga etter den andre verdskrigen gjorde det mogleg for statane å utnytte havet og havbotnen og ressursane der i stadig større grad. Denne utviklinga skapte behov for rettsreglar for å avklare kva rettar og plikter statane har, mellom anna for å unngå tvistar mellom statar.

Havrettskonvensjonen slår mellom anna fast prinsippet om 200 nautiske mils økonomiske soner. Den økonomiske sona til ein kyststat er ei havsone som ligg utanfor og støyter opp til sjøterritoriet. I den økonomiske sona har kyststaten suverene rettar til å nytte naturressursane både på havbotnen og i havområda over.

Noreg oppretta si økonomiske sone i 1976, ei fiskevernsone rundt Svalbard i 1977 og ei fiskerisone rundt Jan Mayen i 1980. Sonene er vist i figur 2.1.

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Figur 2.1 Kart som viser dei ulike fiskerisonene i Nordaust-Atlanteren

Fisken i havet følgjer ikkje dei nasjonale grensene, men vandrar på tvers av økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Etter havrettskonvensjonen har kyststatane difor ei plikt til å samarbeide for å bevare og utvikle bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til to eller fleire kyststatar eller mellom økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette kan gjerast direkte gjennom tosidige eller fleirsidige avtalar mellom kyststatane eller gjennom regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar for internasjonalt farvatn.

I daglegtale seier vi ofte at ein stat er kyststat til ein bestand. Dette er likevel ikkje eit rettsleg definert omgrep, men blir nytta om ein kyststat som har den aktuelle bestanden i si økonomiske sone. Kyststaten har då etter havrettskonvensjonen rett til å utnytte bestanden, men er samstundes pålagt ei plikt til å samarbeide om forvaltinga med andre kyststatar som også har bestanden i sine økonomiske soner.

Havrettskonvensjonen inneheld også reglar om kontinentalsokkelen. Kontinentalsokkelen er ei forlenging av landmassane ut i havet. Alle kyststatar har utan vidare ein kontinentalsokkel på 200 nautiske mil ut frå kysten, dersom denne ikkje blir avgrensa mot sokkelen til andre land. Mange kyststatar har ei forlenging av landmassane under havet som strekkjer seg lenger enn 200 nautiske mil. For å få rettar utover 200 nautiske mil må kyststaten dokumentere utstrekninga til sokkelen for Kontinentalsokkelkommisjonen (CLCS)1 i New York.

Kontinentalsokkelkommisjonen gjev anbefalingar som i sin tur gjev kyststaten rett til å fastleggje yttergrensa på sokkelen i tråd med tilrådinga frå Kommisjonen. Noreg var den første av kyststatane rundt Polhavet som i 2009 fekk endeleg tilråding om yttergrensa til kontinentalsokkelen frå Kontinentalsokkelkommisjonen. Noreg og Russland avgrensa denne sokkelen mellom seg gjennom avgrensingsavtalen frå 2010. Norsk sokkel strekkjer seg nordover frå fastlandet rundt og forbi Svalbard.

Etter havretten har alle kyststatar suveren rett til naturførekomstar på kontinentalsokkelen. Dette inneber ikkje berre ein rett til å utforske og utvinne mineral og andre førekomstar på og under havbotnen, men også retten til dei såkalla sedentære2 artane, slik som for eksempel snøkrabbe. Vidare inkluderer dei suverene rettane kyststaten har til å nytte ressursane på kontinentalsokkelen sin, også retten til å bevare slike ressursar frå negativ påverknad frå annan type aktivitet. At kyststaten har ein suveren rett, betyr i denne samanhengen at ingen kan utforske eller utvinne naturførekomstane på sokkelen utan utrykkjeleg samtykke frå kyststaten.

Fiske på det opne havet

Eit veksande fiske i internasjonalt farvatn på 1980-talet viste at havrettsregimet ikkje var konkret nok til at ein kunne få til dekkjande reguleringar av verksemda utanfor dei økonomiske sonene. Dette førte til forhandlinga av FN-avtalen om fiske på det opne havet (UN Fish Stocks Agreement) frå 1995 som eit supplement til havrettskonvensjonen. FN-avtalen pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne havet, å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar og inneheld detaljerte reglar om oppretting av regionale organisasjonar og korleis samarbeidet i organisasjonane skal gå føre seg.

Avtalen slår vidare fast forvaltingsprinsipp som statane skal ta omsyn til for å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av vandrande og langtmigrerande fiskebestandar. Mellom anna pålegg avtalen statane å bruke ei føre-var-tilnærming i fiskeriforvaltinga og viser til kravet om å bevare biodiversitet og drive ei økosystembasert forvalting. Avtalen gjeld i hovudsak berre på det opne havet, men slår òg fast at det skal vere samsvar mellom forvaltinga av fiskeressursane på det opne havet og i dei tilgrensande nasjonale farvatna. Dette inneber at ein ved forvaltinga av det opne havet skal ta omsyn til dei forvaltingstiltaka som kyststatane har fastsett innanfor dei økonomiske sonene, og ikkje undergrave desse. Avtalen inneheld også reglar om handheving og kontroll.

Med unntak av område i det sørlege Atlanterhav, er alt internasjonalt farvatn med relevante fiskeriområde i dag dekka av regionale fiskeriforvaltingsmekanismar, som vedtek bindande reguleringar for partane om forvalting og kontroll i sine område. Noreg har i aukande grad teke del i dette samarbeidet i relevante internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar og er i dag medlem av fem slike regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar3, i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. I kapittel 3 gjer vi greie for arbeidet i organisasjonane.

På enkelte område er det også behov for å samarbeide globalt. Gjennomføringa av Havrettskonvensjonen av 1982 og regulering av fiske utanfor nasjonal jurisdiksjon (FN-avtalen om fiske på det opne hav av 1995) blir difor også følgde opp gjennom statspartsmøte og revisjonskonferansar og i to årlege resolusjonar som blir debatterte og vedtekne i FNs generalforsamling. Resolusjonane gjev uttrykk for politisk semje om kva statane vil gjere for å omsetje havretten i konkret havforvalting når det gjeld miljøspørsmål, maritim sikkerheit, fiskerispørsmål, kontinentalsokkelspørsmål mv. Semje om tiltak til vern av sårbare botnhabitat mot skadar frå visse typar fiskereiskapar, som botntrål, er eit viktig bidrag til global havforvalting.

Frå 2004 har Generalforsamlinga utvikla detaljerte føresegner om stenging av område og korleis fiske skal gå føre seg for å unngå at botnfiske skadar korallar og andre sårbare botnhabitat. Føresegnene, som Noreg var blant pådrivarane til å utforme, er seinare gjennomførte i alle dei relevante regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane som Noreg er medlem av, og i norsk regelverk. Statar og dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane si oppfølging av Generalforsamlinga sine føresegner om botnfiske blir evaluert jamnleg i eigne FN-sesjonar der representantar frå statar, relevante organisasjonar og sivilt samfunn deltek. Dette er gode døme på FN-resolusjonar med stor praktisk betyding som har gitt effektiv nasjonal og regional gjennomføring av globalt formulerte målsetjingar.

Fiske i Polhavet

I november 2017 vart dei fem kyststatane rundt Polhavet (Noreg, Russland, USA, Canada og Danmark/ Grønland) og fjernfiskeaktørane Kina, Japan, Sør-Korea, Island og EU einige om ein ny rettsleg bindande avtale som skal hindre uregulert fiske i Polhavet. Partane til avtalen avstår frå å la sine fiskefartøy fiske i internasjonalt farvatn i Polhavet.

Det er per i dag ikkje kommersielt fiske utanfor dei 200 nautiske mils økonomiske sonene i Polhavet som dei fem kyststatane rundt Polhavet har. Ifølgje forskinga som er gjord er eit slikt fiske heller ikkje sannsynleg med det første. I Oslo i juli 2015 underteikna likevel Noreg og dei fire andre kyststatane til Polhavet ei erklæring om vitskapleg samarbeid og tiltak mot uregulert fiske i internasjonal del av Polhavet for å unngå at eit eventuelt framtidig uregulert fiske skal oppstå. For å samle fleire aktørar bak desse tiltaka vart prosessen utvida hausten 2015 ved at fjernfiskeaktørane òg var inviterte til å forhandle om ein ny avtale om fiske i Polhavet. Forhandlingane varte i to år og viste naturlege motsetningar mellom kyststatane og fjernfiskeaktørane. Forhandlingane vart likevel sluttførte i november 2017 og den endelege avtalen vart signert 3. oktober 2018. Norge ratifiserte avtalen 8. juni 2020.

Hovudelementa i avtalen er at partane forpliktar seg til å avstå frå uregulert fiske i internasjonalt farvatn, ein intensjon om å bidra til vern og berekraftig bruk av fiskeriressursar i Polhavet, regulering av forsøksfiske, etablering av eit vitskapeleg program, etablering av eit partsmøte med relativt omfattande vedtakskompetanse, og ein intensjon om etablering av nye regionale fiskeriforvaltingsmekanismar om det skulle være nødvendig på eit seinare tidspunkt.

Rammeavtalar

Sjølv om opprettinga av dei økonomiske sonene gav kyststaten suverene rettar til å fiske i si sone, ville slike reine nasjonale fiskeri skape store endringar i det tradisjonelle fiskemønsteret. Noreg valde difor å inngå langsiktige rammeavtalar – som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde og norsk fiske i andre land sine havområde. Rammeavtalane er langsiktige overordna avtalar som dreg opp prinsippa for det enkelte samarbeidet. Noreg har inngått slike avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Grønland og Island.

Som følgje av Storbritannia sin uttreden av EU, inngjekk Norge den 30. september 2020 ein ny rammeavtale med Storbritannia. Avtalen vart ratifisert av Norge 18. desember 2020 og tredde i kraft frå og med 1. januar 2021.

Rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU er frå 1980 og bør moderniserast på fleire område. Partane er difor samde om å starte forhandlingar om ein ny og oppdatert rammeavtale i 2021.

Målet med rammeavtalane er å oppnå ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Avtalane med EU, Russland og Storbritannia inneheld i tillegg reglar for samarbeid om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen og Barentshavet. Noreg har i tillegg ein avtale med EU om fiske i Skagerrak og svensk tilgang til fiske i norsk sone.

Årlege avtalar med andre land

I tråd med det rammeverket som er gjort greie for ovanfor, fører Noreg årleg tosidige og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvalting og bevaring av fiskebestandar om gjensidig fangstløyve og fiskekvotar og om einsidig løyve for nokre land til å fiske i norske jurisdiksjonsområde. I kapittel 3 gjer vi greie for desse avtalane.

Regulering av utenlandsk fiske i norske farvatn

Utover det utanlandske fisket i norske farvatn som er avtalt i dei årlege fiskeriavtalane, har Noreg fastsett eit generelt forbod mot utanlandsk fiske i norsk økonomisk sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i desse områda, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane, og for å gjere det mogleg med ein effektiv kontroll. Det avtalte utanlandske fisket er vidare regulert gjennom forskrifter, og utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter.

Sjølv om det ikkje er noko rettsleg hinder for at Noreg kan vedta tilsvarande reguleringar for fiskevernsona ved Svalbard som i økonomisk sone, har Noreg førebels ikkje gjort det generelle forbodet for utanlandske fiskarar gjeldande i fiskevernsona. Forskrifter for fiskevernsona er i praksis sette i verk på eit ikkje-diskriminerande grunnlag for både norske og utanlandske fartøy, trass i at området er underlagt norsk fiskerijurisdiksjon. Per i dag er det fastsett reguleringar av fisket etter torsk, reker, blåkveite, sild, lodde, uer og hyse i fiskevernsona ved Svalbard.

2.2 Det vitskaplege grunnlaget for avtalane

Noreg legg stor vekt på å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltinga. Både den nasjonale forvaltinga og dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land, er i hovudsak baserte på rådgjevinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES; sjå boks 2.1). Havforskingsinstituttet deltek med store ressursar i ICES' arbeid med bestandsvurdering og rådgjeving. Dette kapitlet presenterer sentrale omgrep i den vitskaplege rådgjevinga.

Bestandsvurdering

Forskarane bruker vanlegvis ein kombinasjon av informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt for å vurdere bestandssituasjonen. I tillegg til å vurdere kor stor bestanden er, ser forskarane på den relative fordelinga av aldersgrupper for å vurdere reproduksjonsevna til bestanden i åra som kjem. Prøver av mageinnhaldet til fisken fortel kva fisken har ete, og over tid gjev dette forskarane kunnskap om viktige samanhengar i økosystemet. Lange tidsseriar med data aukar presisjonen i kunnskapen år for år slik at forskarane får betre innsyn i korleis bestandane endrar seg over tid. Likevel vil bestandsvurderingane alltid vere noko usikre, og dei siste åra i tidsserien er meir usikre enn dei lengre attende i tida. Artane lever i store havområde og blir påverka av mange faktorar i tillegg til fisket. Det er også forskjellar i datagrunnlaget for ulike bestandar. Sjølv for dei viktigaste kommersielle bestandane kan datagrunnlaget vere mangelfullt, særleg når det gjeld volumet og alderssamansetjinga av fangstane.

Boks 2.1 ICES – Det internasjonale råd for havforsking

Det internasjonale råd for havforsking er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltinga av dei marine ressursane og det marine miljøet i konvensjonsområdet. ICES vart danna i 1902 og har i dag 20 medlemsland på begge sider av Nord-Atlanteren. ICES sekretariatet ligg i København. Noreg var saman med Danmark og Sverige grunnleggarar av ICES.

ICES arbeider for å fremje den vitskaplege forståinga av dei marine økosystema. Målet er å gje styresmaktene råd basert på den beste tilgjengelege vitskapen, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte val om berekraftig bruk av dei marine miljøa og økosystema.

ICES har eit nettverk av meir enn 5 000 forskarar frå over 690 marine forskingsinstitutt i 20 land. Det vitskaplege arbeidet blir styrt av vitskapskomiteen til organisasjonen.

Den rådgjevande komiteen ACOM gjev kvart år råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Råda er baserte på data og vitskaplege analysar frå ei rekkje ekspertgrupper. Kartet under viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i rådgjevinga si.

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.2 Medlemslanda i ICES

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Figur 2.3 ICES sine fiskeristatistiske område

Råda frå ICES er offentlege, og både råd og dokumentasjon finst på internettsida til organisasjonen. Havforskingsinstituttet presenterer også råda til ICES på norsk på sine heimesider, saman, med eigne vurderingar.

Føre-var-prinsippet

Føre-var-tilnærming til forvalting av naturressursar er fastsett i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Gjennom føre-var-forvalting vil ein sikre seg mot at det blir fiska så hardt på ein bestand at det på sikt kan føre til samanbrott i bestanden.

I føre-var-forvalting blir det definert grenseverdiar, eller såkalla referansepunkt, for gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand. Storleiken til gytebestanden er ein indikator på reproduksjonsevna til bestanden, medan fiskedødsraten er ein indikator på om bestanden blir hausta berekraftig.

Fordi talfestinga av grenseverdiar alltid er usikre, definerer ICES både ei absolutt grense og ei føre-var-grense. Føre-var-grensa uttrykker ein sikkerheitsmargin. Storleiken på sikkerheitsmarginen blir bestemt av kor sikker bestandsvurderinga er, og kor mykje bestanden varierer naturleg.

Sidan 1998 har ICES definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Så lenge gytebestanden og fiskedødsraten til ein bestand er innanfor føre-var-verdiane, vil ICES seie at bestanden er hausta berekraftig og har god reproduksjonsevne. Om verdiane er mellom føre-var-verdiane og dei absolutte ytre grensene, vil det vere risiko for at bestanden har sviktande reproduksjonsevne eller ikkje blir hausta berekraftig. ICES vil då råde forvaltarane til å setje i verk tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå. Dersom gytebestanden er lågare eller haustingsgraden høgre enn dei absolutte grenseverdiane, vil det vere stor risiko for dårleg rekruttering.

Maksimalt berekraftig utbyte (MSY)

Føre-var-forvalting skal sikre at ein bestand ikkje bryt saman, men denne tilnærminga legg ikkje grunnlag for å gje råd om korleis vi kan sikre det høgast moglege utbytet av ein bestand over lang tid. Omgrepet «maksimalt berekraftig utbyte» er eit uttrykk for ønsket forvaltarane har om å hauste mest mogleg innanfor berekraftige rammer. I praksis er MSY bestemt av vekstrate, naturleg dødsrate og reproduksjonsrate i bestanden.

Populasjonar må oppretthaldast innanfor sikre biologiske grenser etter føre-var-prinsippet for å gjere MSY mogleg. MSY-tilnærminga vil innanfor desse grensene finne det nivået av gytebestand og fiskedød som fremjar størst mogleg produksjon over tid.

Kompensatorisk vekst

Fangstvolumet i fiskeria blir avgrensa av produksjonsevna til fiskebestandane. Ved å hauste frå bestandane aukar produktiviteten. Dette blir kalla kompensatorisk vekst. Og det som biologisk sett gjev optimal skattlegging, er å hauste overskottet av den auka produksjonen. Når det blir fastsett kvotar på fiskeslag, er det difor også nødvendig å ikkje fiske meir enn det som gjev god og langsiktig produksjonsevne av fiskebestandane.

Som ein forenkling kan ein seie at ein uutnytta bestand reproduserer seg sjølv og held ved lag eit tal og ein biomasse som er i likevekt med produksjonsgrunnlaget i miljøet sitt. Dei fleste fiskepopulasjonane har likevel potensial til å produsere mange fleire rekruttar enn miljøvilkåra tillèt. Difor, når ein aukar dødelegheita ved å starte fiske, vil bestanden kunne kompensere for dette ved at fleire rekruttar enn tidlegare overlever. Bestanden minkar, men for eit gitt innsatsnivå vil han kunne stabiliserast og gi eit vedvarande stabilt utbyte tilsvarande den overskottsproduksjonen som er generert.

Denne kompensasjonen aukar med veksande dødelegheit, men blir det fiska for mykje vil den attverande bestanden ikkje lenger makte å kompensere uttaket. Det er krevjande å berekne toppunktet på produksjonskurva (det teoretiske MSY). Teoretisk vil det inntreffe om lag når bestanden er redusert til halvdelen av jomfrueleg nivå. For å unngå at ein haustar for mykje, blir det brukt modellar for kompensatorisk vekst først og fremst rettleiande i rådgjevinga, og det blir lagt til ein sikkerheitsmargin som tek i vare risiko for førekomst av «dårlege år», feilberekningar eller ‘ukontrollert overfiske’. Og ettersom berekapasiteten ikkje er konstant, må bestandane våre overvakast tett og hyppig for å fange opp variasjonar i rekrutteringa.

Økosystembasert forvalting

Forvaltinga har dei seinare åra endra seg frå berre å sjå på ein bestand om gongen til i større grad å sjå fleire bestandar i eit økosystem i samanheng, noko som gjerne blir kalla økosystembasert forvalting. Ingen fiskebestand lever isolert frå økosystemet og andre bestandar; dei konkurrerer om same føda, eller ein bestand lever av å beite på ein annan bestand. I tillegg blir både bestandane og næringstilgangen påverka av klimaendringar. Dette må vi ta omsyn til i fiskeriforvaltinga. Ettersom dei ulike bestandane endrar storleik av naturlege årsaker, klimaendringar eller på grunn av fiskeria, vil det også påverke kor mykje vi kan fiske av andre bestandar i same området. I bestandsvurderinga for lodde, torsk og hyse i Barentshavet tek vi omsyn til kor mykje lodde, småtorsk og småhyse den store torsken set til livs. Beitepress frå torsk og andre predatorar blir også teke omsyn til i bestandsvurderingane for botnfisk, sild og brisling i Nordsjøen. Basert på ein rapport frå 2018 har Havforskingsinstituttet utarbeidd planar for korleis ein kan ta omsyn til fleire bestandsinteraksjonar i bestandsvurderingane. Det blir også ved Havforskingsinstituttet utvikla klimasårbarheitsanalyser for våre kommersielt viktigaste bestandar der biologisk sårbarheit og eksponering for framtidige klimaendringar blir analyserte.

Sjølv om ei integrert økosystembasert forvalting har vore ein uttalt ambisjon i mange år, er det langt igjen før vi kan nå dette målet fullt ut. Dei marine økosystema er komplekse og det er behov for økt kunnskap om samanhengane i økosystemet, ikkje minst om forholdet mellom bestandane. Ei rådgjeving som tek omsyn til alle elementa i økosystemet, inkludert klimaendringar, vil krevje kunnskap vi ikkje har i dag, og som føreset store nye investeringar både i overvaking og forsking. Det er heller ikkje likefram å drive forvalting på basis av slike råd, sidan sjølve rådgjevinga i større grad då blir ulike moglege kombinasjonar av kvotar heller enn eit konkret kvoteråd for kvar art. Det at ulike land kan ha ulike prioriteringar og mål for forvaltinga av bestandar som ein deler, kompliserer biletet ytterlegare. Økosystembasert fiskeriforvalting omfattar i tillegg til kvoteråd også tekniske reguleringar som minstemål, maskevidde og områdestenging. Ei økosystembasert forvalting av havområda våre vil femne vidare enn ei økosystembasert fiskeriforvalting, her vil forvaltingsplanane for dei ulike havområda vere sentrale for å kunne sjå ulike typar menneskeleg aktivitet i samanheng. Det er i denne samanheng ei utfordring at fiskeriforvaltinga er internasjonal, medan forvaltingsplanane for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen så langt har vore nasjonale.

Figur 2.4 Økosystemtokt i Barentshavet, 2020. Utskifting av vingepanel på harstadtrålen - den tar forskarane «stikkprøvar» av botnfisk med.

Figur 2.4 Økosystemtokt i Barentshavet, 2020. Utskifting av vingepanel på harstadtrålen - den tar forskarane «stikkprøvar» av botnfisk med.

Foto: Georg Skaret, Havforskningsinstituttet

Forvaltingsplan og haustingsreglar

Mot slutten av 1990-talet og tidleg på 2000-talet starta arbeidet med å utvikle forvaltingsplanar for mange bestandar. Dette var eit stort steg i retning av meir føreseieleg fiskeriforvalting, både når det gjeld kvoterådgjeving, fastsetjing av kvotar og andre reguleringar av fisket.

Ein forvaltingsplan er ei konkretisering av målsetjingane forvaltingsstyresmaktene har for forvaltinga av ein bestand, uttrykt gjennom haustingsreglar. Det er forvaltarane som har ansvaret for å vedta haustingsreglar; men reglane blir ofte laga i samarbeid mellom forvaltarar og forskarar. Før nye haustingsreglar blir endeleg vedtekne, sender kyststatane dei gjerne til ICES som vurderer om reglane er i tråd med føre-var-tilnærminga og faktisk fører til at forvaltarane kan nå dei måla som er sette. Når det ligg føre vedtekne forvaltingsreglar, startar ICES med å gje sine råd i tråd med desse reglane.

I byrjinga skulle haustingsreglane i all hovudsak berre tilfredsstille føre-var-tilnærminga; dei skulle kort sagt ta vare på berekraftprinsippet. Etter kvart har målsetjinga i fiskeriforvaltinga endra seg meir i retning av maksimalt langtidsutbyte av bestandane. Andre generasjons haustingsreglar tek vare på begge desse formåla.

Vi har no fått på plass planar for dei fleste viktige bestandane i våre farvatn, og det er ei målsetjing å ha ei regelmessig oppdatering av desse planane. Vi er også i ferd med å revidere fleire forvaltingsplanar i Nordsjøen.

2.3 Internasjonale havmiljøprosessar

Sidan starten på 2000-talet har havmiljøspørsmål vekt aukande interesse i FNs generalforsamling, i globale miljøkonvensjonar og i opinionen. Havretten utviklar òg nye prinsipp for å sikre biologisk mangfald, og berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane er innført i internasjonale instrument og i norsk rett.

Utfordringar

Kunnskapen om den samla verknaden av alle typar påverknader på det marine miljø aukar. Miljøutfordringane i havet spenner frå tradisjonell forureining som næringssalt og helse- og miljøfarlege kjemikaliar, den stadig aukande mengda av plastavfall og mikroplast som kan bli ete av plankton, fisk, kval og sjøfugl, til verknadane som dei aukande klimaendringane har på havforsuring, temperaturauke og etterfølgjande endringar i bestandsutbreiinga. Fiskeri påverkar økosystemet og etterlèt seg eit fotavtrykk på line med andre næringsaktivitetar. Globalt er ein tredel av kommersielle fiskebestandar overfiska.

Dei internasjonale havmiljøprosessane, mellom anna FNs årlege resolusjonar om havmiljø og fiskerispørsmål, set rammevilkår for global, regional og statleg forvalting av marint biologisk mangfald. Dei påverkar dermed handlingsrommet for utforminga av norsk havressursforvalting og igjen lønnsemda i norsk fiskerinæring. Noreg deltek difor breitt og koordinert i dei globale avgjerdsprosessane for havmiljøspørsmål. I 2020 vart FN-resolusjonane gjennomført utan substansielle endringar. Vi vil halde fram arbeidet for at meir av sjøarealet skal kunne nyttast berekraftig til matproduksjon, både innan fiskeri og havbruk. Med ei veksande verdsbefolkning trengs meir mat og mykje av den auka matproduksjonen må hentast der det største potensialet finst – frå havet. Men det føreset at ein kan handsama den aukande forureininga, som i hovudsak kjem frå landsida og aktivt tilpassar seg til eit endra klima.

Globale forpliktinga

FNs generalforsamling fastsette i 2015 17 mål (Sustainable Development Goals – SDG-ane) for ei berekraftig utvikling fram mot 2030. Sjømatproduksjon er relevant for fleire av måla, men særleg mål nummer 2 om matsikkerheit, ernæring og berekraftig matproduksjon, mål 12.3 om redusert matsvinn og mål 14 som omfattar havmiljøspørsmål: «bevare og bruke hav og marine ressursar på eit vis som fremmer ei berekraftig utvikling». Under dei tilhøyrande delmåla er framleis utviklinga av indikatorar som landa skal rapportere om, i gang, mellom anna tiltak for reinare hav, kamp mot overfiske, og ulovleg, urapportert og uregulert fiske inngår (sjå kap. 2.4). Regjeringa vil innan sommeren 2021 leggje fram ei ny melding til Stortinget om norsk oppfølging av mellom anna dei antatt mest krevjande måla for norsk forvaltning. Norsk oppfølging av berekraftsmål 2 og14 avheng óg av korleis nabokyststatar følgjer opp krava til mindre forureining og felles forvalting av artar som migrerer mellom ulike økonomike sonar. Etter norsk initiativ i 2016 bad FNs generalforsamling om at statane tek grep for å hindre det store talet av statslause fartøy i å fiske ulovleg.

Figur 2.5 Ståle Kolbeinson, Else Holm og Eilert Hermansen sorterer lodde på økosystemtokt i Barentshavet.

Figur 2.5 Ståle Kolbeinson, Else Holm og Eilert Hermansen sorterer lodde på økosystemtokt i Barentshavet.

Foto: Georg Skaret, Havforskningsinstituttet

Statsminister Erna Solberg lanserte i 2018 eit internasjonalt høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi. På grunn av koronapandemien vart hovedrapporten lagt fram i desember 2020. Eit av hovudmåla i rapporten var fokus på 100 prosent forvaltning av dei økonomiske sonene til kyststatane. Her utgjer fiskeritiltaka viktige bidrag til bevaring, sjå under. Det kommande partsmøte til FN-konvensjonenen om biologisk mangfald (CBD) vil òg vedta eit sett med nye globale biodiversitetsmål som kan ha verknad for fiskeriforvaltning. Under den internasjonale konferanseserien «Our Ocean» i Oslo i oktober 2019 vart fiskeri og havmiljø diskutert i mange ulike sesjonar.

Fiskeraktivitet og miljøpåverking

Fiskeriaktivitet får mykje negativ merksemd i ulike internasjonale samanhengar, iblant med rette. Men for Noreg sin del, så er vi blant dei fremste for å utvikle berekraftig fiskeri og skjerme sårbare botnhabitat. Internasjonal kritikk er dels ein kompetansestrid om kva verkemiddel som egnar seg best til bevaring og bruk. Trass i mange internasjonale vedtak og avtalar dei siste tiåra er etterlevinga av avtalane framleis svært ujamn mellom kyststatane. Når statar og sektorar ikkje evnar å etterleve, då foreslår andre at ein må verna meir sjø- og havareal mot mellom anna fiske og klimaendringar.

Noreg nyttar kunnskap og erfaring for å arbeide for ei betre regional og statleg fiskeri-forvalting, nært der utfordringane oppstår og der løysningar også ligg. Etter mykje fokus kring skadar frå fiske på havbotnen har ei rekke FN-resolusjonar bede FNs matvareorganisasjon (FAO) og dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane redusere skadeverknader på sårbare botnhabitat. FNs revisjon i 2016 viste lovande resultat for dei områda norske fartøy fiskar i. Globalt er det tillate botnfiske i berre éin prosent av arealet utanfor nasjonal jurisdiksjon. Meir enn 19 internasjonale avtalar og instrument regulerer djuphavsfiske utanfor nasjonal jurisdiksjon. I tillegg har fiskeriforvaltingsorganisasjonane som Noreg er medlem i, vedteke arealbaserte stengingar mot botnfiskeri for å verne sårbare marine økosystem på havbotnen, der den viktigaste for Noreg er Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC, sjå kap. 3.4.1). Ein ny revisjon av internasjonal forvaltning av botnfiske skal finne stad i FN når restriksjonane etter koronapandemien er overstått.

Tapte fiskereiskap kan halde fram med å fiske i mange år etter at dei er tapt. Dette blir kalla «spøkjelsesfiske» og fører til skjulte og uønskte uttak av fiskeressursar og skaldyr. Tapte reiskap er òg ein av dei største kjeldene til plastforureining frå fiskeria. Yrkesfiskarar er forplikta til å sokne etter tapte reiskap. Viss dei ikkje finn att reiskapen må dette rapporterast. Fiskeridirektoratet har sidan tidleg på 80-talet gjennomført årlege oppryddingstokt langs Norskekysten, og tokta blir stadig utvida til å også omfatte til dømes snøkrabbefiske i Svalbardsona. Nyare kunnskap viser at områda innanfor grunnlinja har større mengder tapte fiskereiskap enn ein tidlegare trudde. I 2018 vart det i tillegg til det ordinære toktet gjennomført eit eige tokt for å rydde snøkrabbeteiner på norsk kontinentalsokkel. Under det norske formannskapet i Nordisk ministerråd 2017 vart tiltak mot spøkjelsesfiske og marin plastforureining etablerte som eit prioritert område for samarbeid mellom dei nordiske landa. Det vart då mellom anna sett i gang eit treårig prosjekt kalla Clean Nordic Oceans, leia av Noreg. Prosjektet er konsentrert om kartlegging av omfang, erfaringsdeling og å spreie kunnskap om effektive tiltak for å bekjempe spøkjelsesfiske. Det er òg gjeve støtte til å utvide miljøprosjektet Fishing for Litter.

Miljøavtalar

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) inneheld ein strategisk plan med talfesta arealmål for marint vern og andre arealmessige tiltak som skal ha som verknad å hegne om naturverdiar og det økologiske mangfaldet. Noreg har stadfesta mange slike arealbaserte tiltak gjennom fiskerilovgivinga, og departementet arbeider for å gjere dei synlege i det internasjonale arbeidet med å ta vare på det marine miljøet. CBD har nyleg vedteke ein resolusjon for kva type tiltak som skal reknast inn i arbeidet med marint vern, og fiskeriforvaltinga vil spele ei sentral rolle i å oppfylle måla i den strategiske planen. Den strategiske planen gjekk ut i 2020, og under det kommande partsmøtet i CBD vil det bli vedteke nye mål som skal ta vare på naturen, under den såkalla Post2020-prosessen. Noreg vil jobbe for at dei nye måla i større grad legg vekt på berekraftig bruk enn reine vernetiltak.

CBD, Konvensjonen om internasjonal handel med trua plante- og dyreartar (CITES) og Konvensjonen om migrerande artar (Bonnkonvensjonen) er alle eksempel på globale miljøavtalar som får verknad for forvaltinga av kommersielle fiskeartar. Mellom anna har konvensjonane verna seintveksande migrerande artar som haiar og skater. Både FNs klimakonvensjon og EUs nye Biodiversitetsstrategi under «Green Deal» kan få innverknad på hav- og fiskeriforvaltning.

På oppdrag frå FNs generalforsamling starta forhandlingane om ei ny global havmiljøavtale i 2018. For å tette hòla i eksisterande miljøregelverk for internasjonalt farvatn, tek ein høgd for å adressere utfordringar på tvers av sektorar. Det er semje om at avtalen skal vere juridisk bindande og omfatte utnytting av marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde, konsekvensutgreiingar og kapasitetsbygging i utviklingsland. Ein framtidig ny avtale skal komplettere eksisterande avtalar, som til dømes under FNs internasjonale maritime organisasjon (IMO), eller dei eksisterande implementeringsavtalane under havrettskonvensjonen, medrekna FN-avtalen om fiske på det opne havet (UNFSA) og regelverk under den internasjonale havbotnmyndigheita (mineralressursar). Det er von om å starte opp forhandlingane igjen i 2021 eller 2022.

Regionale løysingar

NEAFC og Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege Atlanterhavsområdet (OSPAR) har oppretta beskytta område (engelsk: Marine Protected Areas) i internasjonalt farvatn. NEAFC har sidan 2004 stengt stadig nye område for fiske som dekkjer eit areal større enn Storbritannia og Irland til saman. I 2008 oppretta dei to organisasjonane eit formelt samarbeid, og til saman regulerer dei ei rad ulike aktivitetar. Samarbeidet utgjer ein modell for andre regionar og syner at ei rekkje utfordringar må og kan finne løysninga si på regionalt nivå. Men ein del andre statar tek til orde for globale løysingar med blant anna utpeiking av verneområde frå FN sentralt, slik det mellom anna har kome fram i forhandlingane om ein ny havavtale.

Andre arealtiltak

Fiskeriforvaltinga set også i verk andre tiltak for å beskytte ressursane, til dømes forbod mot å fiske med visse reiskapar, tidsavgrensa fiske, opning og stenging av fiskefelt og arealbaserte reguleringar (som korallvern og forbod mot botnfiske). Til saman medverkar alle dei nemnde tiltaka til eit viktig vern eller bevaring for sårbare marine område og økosystem. Noreg har beskytta om lag 44 prosent av norske havområde med såkalla effektive arealbaserte tiltak som korallvern og forbod mot botnfiske. I tillegg har Noreg innført tiltak som er nemnde over. Noreg har til dømes stengt 14 gytefelt i Oslofjorden for alt fiske av omsyn til kysttorsken i tida fisken gyter (januar–april).

Både i media og gjennom enkelte fagartiklar kan ein få inntrykk av at fiske på det opne havet er uregulert og at det er fritt fram for fiskarane å gjere som dei vil. Dette er ikkje tilfelle. Havrettskonvensjonen og underliggande avtalar set klare reglar til utøvinga av fiskeriaktivitet på det opne havet. God forvalting er likevel avhengig av at alle statane gjennomfører dei pliktene dei har tatt på seg internasjonalt, og gjennom deltaking i internasjonale fora jobbar Noreg kontinuerleg med å oppmode til dette.

2.4 Kontroll og handheving

2.4.1 Internasjonalt samarbeid om å styrkje etterlevinga og førebyggje kriminalitet i fiskerinæringa (nedkjemping av fiskerikriminalitet)

Ei berekraftig hausting av fiskeressursane krev at ein kan regulere den totale fiskeriaktiviteten og ha kontroll med det faktiske fisket. Det er utfordrande og krev stor grad av internasjonalt samarbeid, fordi fiskefartøya opererer innanfor jurisdiksjonsområda til mange ulike land og på det opne havet.

Det viser seg at ulovleg fiske i ein del tilfelle har bindeledd til anna organisert kriminell verksemd som menneskehandel, kvitvask av pengar, skattesvik, korrupsjon og annan økonomisk kriminalitet. Det har dei seinare åra vore klart at den omfattande fiskerikriminaliteten må takast på alvor og behandlast på same viset som annan grensekryssande organisert kriminalitet. Internasjonalt arbeider Noreg hovudsakleg med FNs kontor mot narkotika og kriminalitet og FNs Utviklingsprogram på dette området, og støtter begge organisasjonane sitt arbeide mot fiskerikriminalitet.

I Noreg har Fiskeridirektoratet ansvaret for ressurskontrollen saman med Kystvakta og salslaga. Saman utarbeider dei nasjonale, strategiske risikovurderingar for å sikre at kontrollressursane blir sette inn der det er mest sannsynleg at det skjer lovbrott, og der følgjene av brottsverka er størst. Medan alle etatane har eit ansvar for å førebyggje brottsverk i næringa, har politiet og påtalemakta aleine eit ansvar for å etterforske og påtale fiskerikriminalitet.

Figur 2.6 Sjøtenesta til Fiskeridirektoratet på kontroll.

Figur 2.6 Sjøtenesta til Fiskeridirektoratet på kontroll.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Boks 2.2 Ressurskontroll i framtida

Ei rekkje nye tilsluttingar vart gjort etter at Noreg, i samarbeid med FNs kontor mot narkotika og kiminalitet, FNs utviklingsprogram, den Nordatlantiske fiskerietterretningsgruppa og ekspertnettverket PescaDOLUS, arrangerte den digitale høgnivåkonferansen «Blue Justice Conference» den 10. og 11. desember 2020 der ein mengd høgnivådeltakarar frå ei rekkje land gav støtte til både erklæringa og initiativet Blå rettferd.

Skal fiskeria vere berekraftige, må haustinga vere innanfor kvotane som er sette, og det må førast påliteleg rekneskap over alt som blir hausta. Dette er vanskeleg å kontrollere. Fiskerikontrollutvalet identifiserte fleire utfordringar for dagens ressurskontroll, jf. NOU 2019: 21 Framtidas fiskerikontroll.

Det største problemet er mangel på truverdig dokumentasjon om ressursuttaket. Manuelle system for registrering av fangst og omsetnad gjer det enkelt å oppnå vinning ved å ikkje å registrere fangsten rett. På den måten kan nokre fiskarar hauste ulovleg, og mottak som registrerer for lite vekt eller feil art, får eit ulovleg konkurransefortrinn overfor andre mottak. Utvalet peikte òg på veikskapar i informasjonsforvaltinga til styresmaktene, korleis kontrollansvaret er organisert, og i arbeidet politiet gjer mot fiskerikriminalitet.

Med bakgrunn i råda frå fiskerikontrollutvalet er regjeringa no i gang med å reformere fiskerikontrollen. Målet er å byggje eit dokumentasjonssystem som gjev pålitelege data om hausting og omsetnad av dei viltlevande marine ressursane våre. Det er no vedteke at alle fiskefartøya skal ha fiskerisporingssystemet VMS og rapportere aktivitet og fangst elektronisk. Vidare er nye krav til vegesystem ved fiskemottaka sende på høyring i 2021, med frist for innspel 7. juni.

På lang sikt er målet å automatisere all dokumentasjon, og forvaltinga vil samarbeide med næringa for å lage gode datasystem, slik at næringa enklast mogleg kan dokumentere at norsk fisk i marknaden er lovleg hausta og omsett.

Fiskeridirektoratet tek no tak i informasjonsforvaltinga si og vurderer korleis dei kan organisere kontrollarbeidet betre. Samstundes styrkjer no Økokrim innsatsen sin mot fiskerikriminalitet i eit samarbeid med politidistrikta og Fiskeridirektoratet.

Kontrollsamarbeid med andre land

Noreg har tosidige avtalar om kontrollsamarbeid med alle land som har interesser i norske havområde. Kontrollavtalane inneber at partane skal samarbeide om å redusere ulovleg fiske, og omfattar mellom anna rapportering av landingar av fisk frå fartøy frå tredjeland.

Desse avtalane har vore viktige for nedgangen i UUU-fiske i Nordaust-Atlanteren dei siste åra. Ikkje minst har det norsk-russiske kontrollsamarbeidet hatt stor betyding for å få bukt med det ulovlege fisket i Barentshavet. Noreg og Russland utvekslar mellom anna kvoteoversikter og landingsstatistikk gjennom året. Kring årsskiftet gjennomfører partane felles analysar av totaluttaket og uttak knytte til enkeltfartøy. Noreg og Russland utvekslar òg inspektørar og observatørar ved kontrollar på havet og i land.

Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i sonene til kvarandre. Det er seinare inngått tilsvarande avtalar med Island, Russland og Færøyane. Det er førebels ikkje bestemt når avtalen med Russland vil tre i kraft.

Satelittsporing og elektronisk fangstrapportering er viktige element i kampen mot ulovleg fiske og organisert kriminalitet i fiskerisektoren. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.

Analysenettverket til fiskeriforvaltinga (FFA)

Analysenettverket har sidan 2009 arbeidd mot organisert kriminalitet knytt til ulovleg fiske. FFA har sekretariat i Nærings- og fiskeridepartementet og er eit samarbeid på tvers av ei rekkje departement og etatar. Analysenettverket består av fagpersonar frå Politiet, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Kystverket, Tolldirektoratet, Arbeidstilsynet og Skattedirektoratet som Fiskeridirektoratet koordinerer gjennom ei kontaktgruppe.

Internasjonale erklæringar mot fiskerikriminalitet

Alle fiskeriresolusjonar frå Generalforsamlinga i FN frå 2008 peikar på at det kan vere sambandsliner mellom ulovleg fiske og annan grenseoverskridande organisert kriminalitet.

Boks 2.3 Blå rettferd – ein blå økonomi fri frå fiskerikriminalitet

I den oppdaterte havstrategien «blå moglegheiter» lanserte regjeringa Blå rettferd-initiativet (engelsk. Blue Justice Initiative). Initiativet er ei vidareføring av regjeringa sitt internasjonale arbeid mot fiskerikriminalitet og skal mellom anna følgje opp og styrke utviklingslanda i kampen deira mot grensekryssande organisert fiskerikriminalitet. Blå rettferd-initiativet er eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet.

I desember 2020 inviterte fiskeri- og sjømatministeren ministrane frå alle landa som har slutta seg til. Den internasjonale erklæringa mot grensekryssande organisert fiskerikriminalitet i fiskerinæringa (København-erklæringa), til ein digital konferanse som vart sendt frå studio i Oslo, København og Wien.

Målsetjinga var å fremje Københavnerklæringa og Blå rettferdsinitiativet som eit internasjonalt initiativ til å hjelpe utviklingsland med å adressere de utfordringane som erklæringa beskriv. I tillegg var det ei anledning for nye statar å slutte seg til erklæringa.

I tillegg tok Noreg initiativ i 2017 til verdas første regionale ministerklæring mot organisert kriminalitet i fiskerinæringa. Erklæringa vart vedteken av alle dei nordiske ministrane i Ålesund same året. Norden har hausta anerkjenning frå ei rekkje land og internasjonale organisasjonar for å gå føre og vere pådrivar på dette feltet. Inspirert frå den nordiske erklæringa tok Noreg initiativ til ei internasjonal ministerklæring om same temaet under ein konferanse om fiskerikriminalitet som vart arrangert i FN-byen i København i 2018. Då erklæringa vart vedteken, var ho støtta av totalt ni land med oppmoding til andre land til å støtte ho. I mars 2021 har erklæringa totalt 33 medlemsland. Ei rekkje nye tilsluttingar vart gjort etter at Noreg, i samarbeid med FNs kontor mot narkotika og kiminalitet, FNs utviklingsprogram, den Nordatlantiske fiskerietterretningsgruppa og ekspertnettverket PescaDOLUS, arrangerte den digitale høgnivåkonferansen «Blue Justice Conference» den 10. og 11. desember 2020 der ein mengd høgnivådeltakarar frå ei rekkje land gav støtte til både erklæringa og initiativet Blå rettferd.

Ministrane som deltok på møtet i København vart einige om at nærings- og fiskeridepartementet skulle vere sekretariat for erklæringa.

Gjennom Blå rettferd-initiativet hjelper Noreg utviklingsland med å handtere fiskerikriminalitet og koordinere ein felles innsats mot denne aktiviteten Blå rettferd-initiativet har gjeve tilskott til følgjande prosjekt.

Figur 2.7  Land som har slutta seg til Københavnerklæringa.

Figur 2.7 Land som har slutta seg til Københavnerklæringa.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

FNs Internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO), FNs kontor mot narkotika og kriminalitet (UNODC), og den Internasjonale migrasjonsorganisasjon (IOM)

ILO, UNODC og IOM har prosjektet «Blue fairness» som skal utvikle eit analytisk verktøy som utviklingsland kan bruke for å estimere omfanget av menneskehandel i fiskeindustrien.

FNs utviklingsprogram (UNDP)

Under prosjektet «Blue resilience» fokuserer UNDP merksemda si mot å hjelpe utviklingsland med å etablere tverretatlege samarbeid mot fiskerikriminalitet.

FNs kontor mot narkotika og kriminalitet (UNODC)

UNODCs maritime kriminalitetsprogram og konteinarkontrollprogram hjelper Sri Lanka og Maldivene med å byggje kapasitet mot fiskerikriminalitet.

Figur 2.8  Illustrasjonen frå NA-fig viser korleis det arbeides langs heile verdikjeden mot fiskerikriminalitet.

Figur 2.8 Illustrasjonen frå NA-fig viser korleis det arbeides langs heile verdikjeden mot fiskerikriminalitet.

Den nord-atlantiske fiskerietterretningsgruppa (NA-FIG)

NA-FIG vart oppretta i 2015 for å kartleggje økonomisk kriminalitet i fiskeindustrien i Nord-Atlanteren. NA-FIG er eit samarbeidsforum mellom 13 land i det nordatlantiske området som arbeider på tvers av sektorar som politi, fiskeri, skatt, toll, matsikkerheit og andre relevante myndigheiter langs heile fiskeriverdikjeda, for å auke kunnskapen om og hjelpe til å avdekkje kriminalitet i fiskeri- og havbruksnæringa.

Nordisk ministerråd har gjeve gruppa støtte til eit fiskekrimprosjektet som skal vare frå 2020 til 2022. Arbeidet har auka samarbeidet mellom styresmaktene i dei nordiske landa og utvikla samarbeidet med andre medlemsland av NA-FIG.

BarentsWatch – digitale tenester for ein berekraftig havøkonomi

BarentsWatch er eit godt døme på verdien av å samle, utvikle og dele tilgjengeleg informasjon om hav- og kystområde. Ti departement samarbeider om BarentsWatch, eit program som skal utvikle pålitelege og brukarvennlege digitale tenester for datadeling og analyse. Programmet har eit opent og eit lukka informasjonssystem.

Den opne delen gjev tilgang til samanstilte, relevante og oppdaterte offentlege data på www.barentswatch.no. Tenestene som blir tilbydde, er informasjonssystem for fiskarar, inspektørar, navigatørar, arealplanleggjarar og fleire. Dei digitale tenestene er presenterte i form av interaktive kart tilpassa dei forskjellige brukarane, der ønskt informasjon kan bli framstilt og filtrert i tråd med behova til brukarane.

Den lukka delen har eit skjerma overvakingssystem som effektiviserer operativ innsats på havet og langs kysten. Analysen av data har bidrege til å avdekkje ei rekkje tilfelle av ulovleg fiske og organisert kriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Eit døme er då det vart avdekt eit heilt nettverk av illegale fiskefartøy i Antarktis, desse vart straffeforfølgde, i ei rekkje jurisdiksjonar. Denne typen internasjonal samhandling og deling av informasjon er ein av berebjelkane i Blå rettferd-initiativet.

I vår digitale tidsalder kjem ei rekkje utfordringar kring datadeling og samanstilling av data og dataanalyse til overflata. Medan innhenting og deling av data er viktige for ein berekraftig havøkonomi, må ikkje dette koste oss tenestene som skal sikre at personvernet og rettstryggleiken til enkeltmenneske blir haldne ved lag. BarentsWatch er eit unikt verktøy som sikrar det tverretatlege arbeidet til styresmakta med forvalting, kontroll, etterforsking og beredskap, medan det tek hand om behovet for deling av påliteleg offentleg informasjon for enkeltmenneske, næring, forsking og forvalting. Tenestene til BarentsWatch er framleis under utvikling for å møte behovet for digitale tenester i forvaltinga av hav- og kystområda våre.

Figur 2.9 BarentsWatch bidrag til eit betre datagrunnlag for kontroll

Figur 2.9 BarentsWatch bidrag til eit betre datagrunnlag for kontroll

Foto: Fiskeridirektoratet

Den norske løysinga i BarentsWatch-programmet og skilnaden mellom opne og lukka samanstillingar av data, har vore til inspirasjon for fiskeri- og havforvaltinga i fleire andre kyststatar. Basert på den norske løysinga utviklar Noreg ei sikker, digital plattform (Blue Justice Community) for samhandling i arbeidet mot internasjonal fiskerikriminalitet. Plattforma blir utvikla i samråd med behova til utviklingsland.

2.4.2 Samarbeid for at statane skal oppfylle dei internasjonale fiskeripliktene sine (kampen mot UUU-fiske)

FNs matvareorganisasjon estimerer at om lag 15 prosent av all fangst er fiska ulovleg, noko som dermed er eit alvorleg trugsmål mot fiskeressursane. Kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) står difor høgt på dagsorden i kontrollsamarbeidet Noreg har med andre land, i FAO og i dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane.

Svartelister og hamnestatskontroll

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane er viktige aktørar i kampen mot UUU-fiske. Noreg har vore ein pådrivar for å få organisasjonane vi er medlem av, til å opprette svartelister over fartøy som driv UUU-fiske.

Fordi fartøy som driv UUU-fiske ofte opererer globalt, og fangsten gjerne blir landa utanfor området der fangsten vart teken, har Noreg òg arbeidd for at ulike RFMO-ar skal godta kvarandre sine UUU-lister. NEAFC fører til dømes i dag fartøy på si svarteliste dersom CCAMLR, NAFO eller SEAFO kan stadfeste at fartøyet har vore involvert i UUU-fiske.

Den internasjonale avtalen om hamnestatstiltak for å førebyggje, hindre og eliminere ulovleg, urapportert og uregulert fiske (havnestatsavtalen) er eit viktig instrument som skal bidra til betre kontroll med fisket. Avtalen vart vedteken 22. november 2009 og trådde i kraft 16. juni 2016. Noreg er ein av 68 statar og organisasjonar (inkludert EU på vegner av dei 27 medlemslanda) som har ratifisert avtalen, og arbeider for at fleire statar skal slutte seg til. I mai 2017 var Noreg vertskap for det første møtet mellom landa som deltek i avtalen.

Etter avtalen skal partane krevje at informasjon om fartøy og fangst blir sendt til hamnestaten før fartøyet får tilgang til hamna. Denne informasjonen skal styresmaktene i hamnestaten bruke til å forsikre seg om at fartøyet ikkje har vore involvert i UUU-fiske.

Noreg har arbeidd aktivt for at RFMO-ane skal vedta reglar om hamnestatskontroll, og for at desse reglane skal utvidast i samsvar med den globale avtalen. Både NEAFC, NAFO, CCAMLR, SEAFO og ICCAT har vedteke reguleringar om hamnestatskontroll.

Den globale avtalen om hamnestatstiltak er eit viktig supplement til andre reaksjonar mot ulovleg fiske. Dette kan vere kontrollaktivitetar, å føre inn fartøy og andre straffeprosessuelle eller administrative skritt mot dei som kontrollerer eller eig fartøyet.

Globale retningslinjer om flaggstatsansvar

Som eit ledd i kampen mot UUU-fiske vedtok FAO sin fiskerikomité (COFI) globale retningsliner for flaggstatsansvar i juni 2014. Retningslinene inneheld mellom anna kriterium for evaluering av flaggstaten og eit kapittel om samarbeid mellom flaggstatar og kyststatar.

Retningslinene er ikkje folkerettsleg bindande og skapar dermed ikkje nye plikter for statane, men konkretiserer korleis ansvarlege flaggstatar bør opptre. Dei kan vere til hjelp for statar som ønskjer å ta ansvar som flaggstat, og bidra til å identifisere statar som ikkje opptrer ansvarleg. Som første landet i verda gjennomførte Noreg i 2018 ei slik sjølvevaluering som retningslinene legg opp til. Evalueringa viste at Noreg i hovudsak har oppfylt dei krava som vi har bunde oss til.

Marknadstiltak – fangstsertifikat

Eit fangstsertifikat dokumenterer at fisken er fanga på lovleg vis i samsvar med gjeldande krav. EU har sidan 2008 stilt krav om at fangstsertifikat skal følgje med når villfanga fisk blir importert. Seinare har fleire statar kravd det same.

Noreg har ein eigen avtale med EU om krava som gjeld når norskfanga fisk skal importerast til EU. Liknande avtalar er inngått med Kina og Ukraina. Tunfiskorganisasjonen ICCAT har i fleire år kravd fangstdokumentasjon ved fangst av makrellstørje, storauga tunfisk og sverdfisk. CCAMLR har også eit system for elektroniske fangstsertifikat for patagonisk tannfisk.

I COFI er det sett i gang ein prosess for å utarbeide globale retningsliner for fangstsertifikat. Noreg har teke til orde for å få på plass enklare og meir effektive modellar som ikkje utgjer tekniske hinder for handel. Komiteen har slutta seg til at marknadsretta tiltak skal vere klare, enkle, rettferdige og gjennomsiktige.

2.5 Anna internasjonalt fiskerisamarbeid

Fisk er mat

Tilgang til mat er ein viktig menneskerett, og fattigdom, matmangel og svolt er uløyseleg knytte saman. Det blir også reflektert i FNs berekraftsmål.

Etter berekraftsmål nummer to er alle land forplikta til å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig matproduksjon4». FNs generalforsamling har peika på at global matsikkerheit er den mest krevjande utfordringa i samband med befolkningsveksten. Alle berekraftsmåla til FN heng saman og går over i kvarandre, og utfordrar difor forvaltinga på tvers av sektorar. Arbeidet med målet om matsikkerheit og ernæring heng òg saman med andre mål, som måla om helse og livskvalitet, reduksjon i matsvinn, livet under vatn og å utrydde fattigdom.

Fisk inneheld ei rekke viktige næringsstoff som kan hindre mangel på viktige mineral og vitamin, og mange av desse er det lite av i anna mat. Noreg har lagt særleg vekt på fisk som mat i relevante globale fora dei seinare åra. Dette har vore eit langsiktig arbeid som smått om senn har byrja å gi resultat. Debatten om hav, fiskeri og akvakultur har tradisjonelt handla om økonomi eller miljø, medan bidraget til matsikkerheit har vore mindre vektlagt. Dette peika også FNs komité for global matsikkerheit på, som tilrår at mat frå havet må vere med i utforminga av ernærings- og matpolitikk, samt at matsikkerhet og ernæring må være del av fiskeri- og akvakultur politikken. FNs fiskeriresolusjon peikar også på sjømaten si aukande betyding for ernæring, helse og i kampen mot fattigdom. Rapporten til Havpanelet «The Future food from the sea» (2019), understreka òg potensialet som ligg i havet med omsyn til betre ernæring og redusert klimabelastning.

I tillegg til at norsk fiskeri og havbruksnæring bidreg direkte med mat, bidreg Noreg også med kompetanse og kunnskap om teknologi, berekraftig forvalting, kontroll, produksjon og kunnskap om samanhengen mellom sjømat, ernæring og helse.

Potensialet for produksjon frå havet er undervurdert og underutnytta. Utfordringa har vore å få etablert den politiske erkjenninga av at auka produksjon av fisk er eit viktig bidrag i arbeidet for matsikkerheit og ernæring. Det har òg vore eit mål å få fram kunnskap om verdien av mat frå havet i ein sunn diett, og at forvaltinga av havet må ta omsyn til havet som matfat.

Figur 2.10 Marokkanske teknikarar frå ulike forskingsinstitutt seglar med EAF Nansen langs Afrika sin vestkyst.

Figur 2.10 Marokkanske teknikarar frå ulike forskingsinstitutt seglar med EAF Nansen langs Afrika sin vestkyst.

Foto: Lucilla Giulietti, EAF Nansen

FNs generalforsamling har erklært at tiåret 2016–2025 skal vere FNs ernæringstiår. WHO og FAO leiar arbeidet og eit av handlingsområda er «berekraftige og robuste matsystem for sunt kosthald». WHO og FAO har oppmoda Noreg til å ta ei aktiv rolle med å rette merksemd mot sjømaten si rolle og havet som matfat under ernæringstiåret. Under FNs havkonferanse i 2017 lova Noreg å initiere eit globalt handlingsnettverk for berekraftig fiskeri- og akvakultur si rolle for matsikkerhet og ernæring under FNs ernæringstiår. Nettverket er etablert og har som mål å skape handling slik at akvatisk mat blir viktig nøkkel til matsikkerheit og ernæring under FNs ernæringstiår og i tråd med berekraftsmåla. Nettverket deler kunnskap om korleis ein kan sikre dei ulike elementa som må på plass for at fiskeri og akvakultur og mat frå blå sektor skal bidra til å tryggje matsikkerheita. Desse elementa er tilgang til mat (fysisk, økonomisk), nok mat (rike hav, berekraftig hausting og produksjon, matsvinn), trygg mat (reine hav, hygiene, framandstoff), sunn mat (næringsstoff, fôr), ernæringsmessige behov (sunt kosthald), og preferansar (kvalitet, produktutvikling, matvanar , kultur, omdøme). Nettverket har også drøfta område som behovet for meir kunnskap om hausting av mesopelagiske artar, samt korleis produksjon av mat på hav og land kan sjåast i samanheng. Nettverket rapporterer sin aktivitet til FNs generalforsamling.

Reduksjon av matsvinn er viktig for matsikkerheit. Frå norsk side har ein auka merksemda om matsvinn (mål 12.3). Det hjelp lite å produsere meir mat om han ikkje når fram til forbrukarane, eller er bederva på marknadsplassen. FAO har rekna ut at 35 prosent av all fisk som blir fiska og oppdretta går tapt. Det utgjer om lag 50 millionar tonn mat. Blå sektor tek del i bransjeavtalen mellom norske myndigheiter og næringsaktørane, om halvering av matvinn, i tråd med FNs bærekraftsmål.

Boks 2.4 EAF Nansen-programmet

Nansen-programmet har vore ein hjørnestein i norsk fiskeriutviklingssamarbeid heilt sidan 1970-talet. Programmet er tufta på ein avtale inngått med FAO om at Noreg skulle stille til disposisjon og drifte eit fiskeriforskingsfartøy. Skipet, som fører både norsk flagg og FN-flagg, utgjer hovudverktøyet for ressursprogrammet. Sidan 1975 har over 60 land i Afrika, Asia, Mellom-Amerika og Sør-Amerika fått assistanse til kartlegging og overvaking av fiskeressursar, og med opplæring og utdanning. For mange land har slik kartlegging gjeve eit særs viktig datagrunnlag for berekraftig fiskeriforvalting og investeringsplanar i flåte og industri. Ressurskartlegginga frå Nansen-programmet er i fleire område dei einaste bestandsoversiktene som eksisterer. Frå 2017 vart «Science plan» for Nansen utvida med trygg og sunn sjømat, og prøvane samla inn vart analysert for miljøgifter og næringsstoff. Kontaktnetta i landa vart utvida med kompetanse innan matsikkerheit og ernæring.

I tråd med moderne krav til fiskeriforvalting har programmet endra seg og utvikla seg i retning av ei økosystembasert fiskeriforvalting (engelsk: Ecosystem Approach to Fisheries, EAF).

Nansen-programmet har følgjande hovudoppgåver:

  • Stønad til nasjonal og regional fiskeriforvalting ved å planlegge og innføre nye forvaltingssystem i samsvar med EAF-prinsipp;

  • Økosystemvurderingar og overvaking;

  • Kapasitets- og kompetansebygging i nasjonale institusjonar og lokale organisasjonar.

Ansvaret for planlegging, økonomi, gjennomføring og rapportering under EAF Nansen-programmet ligg hos FAO. Havforskingsinstituttet i Noreg er ansvarleg for drifta av forskingsfartøyet og hovudansvarleg for den vitskaplege delen av programmet, medan Fiskeridirektoratet bidreg med kapasitetsbygging på fiskeriforvaltingsområdet. Det første fartøyet, F/F Dr. Fridtjof Nansen, vart bygd i 1974. Ho blei erstatta av eit nytt fartøy i 1993. I 2016 vart dette skipet overtatt av Nærings- og fiskeridepartementet og etter ei omfattande oppussing innlemma i den norske forskingsflåten. Det tredje Dr. Fridtjof Nansen vart bygd i Spania og levert i januar 2017.

Det vart store endringar i toktprogrammene for «Dr. Fridtjof Nansen» i 2020 då forskningsfartøyet måtte returnere til Bergen på grunn av koronapandemien.

Figur 2.11 «Dr. Fridtjof Nansen» er det tredje fartøyet i rekka som er bygga for bistandsprosjekt i Afrika og Asia.

Figur 2.11 «Dr. Fridtjof Nansen» er det tredje fartøyet i rekka som er bygga for bistandsprosjekt i Afrika og Asia.

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Utviklingssamarbeid

Norsk havressursforvalting nyt stor respekt internasjonalt og har spelt ei sentral rolle i utforminga av internasjonale fiskeriregelverk, inkludert avtalar om botnfiske, hamnestatskontroll, utkast og bifangst. Noreg får difor mange førespurnader frå utviklingsland om å bidra til å utvikle fiskeri- og havbruksnæringa deira.

«Fisk for utvikling»

Utanriksdepartementet koordinerer det interdepartementale arbeidet med programmet «Fisk for utikling». Programmet vart lansert i 2015 for å auke effekten av bistand knytt til berekraftig bruk av levande marine ressursar.

For å følgje opp ønske og oppmodingar frå utviklingsland trekkjer Utanriksdepartementet og Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) vekslar på norsk fiskerifagleg kompetanse.

Anna tosidig fiskerisamarbeid

Norske fiskeristyresmakter har tosidige samarbeidsavtalar med fleire land, såkalla MoUar (engelsk: Memorandum of Understanding). Avtalane med USA, Canada og India er dei med mest aktivitet.

Basert på MoU-ane har Noreg årlege møter med fiskeristyresmaktene i USA og Canada. Møta gjev høve til å drøfte saker der det er usemje, samt til å diskutere initiativ og samarbeid i internasjonale forum som FAO, OECD, WTO og i aktuelle RFMO-ar. I det tosidige forholdet med USA er det særleg spørsmål om UUU-fiske og oppfølging av vedtak i internasjonale forum som FAO og forskingssamarbeid som står sentralt.

Dei siste åra har amerikanske styresmakter innført regelverk som kan påverke andre land sin tilgang til marknad for sjømat. Dette er dels motivert av ynskje om å kjempe mot UUU-fiske, dels for å få andre land til å redusere bifangsten av sjøpattedyr i kommersielt fiske. Frå norsk side har ein innvendingar mot måten USA har gått fram på i desse sakene.

Samarbeidet mellom Noreg og India på fiskeriområdet har røter attende til 1952 og vart vitalisert med ein ny MoU i 2010. Samarbeidet omfattar forsking, utstyr og teknologi, fiskeri- og havbruksforvalting, kvalitet, fiskehelse og miljø, samt samarbeid gjennom globale organisasjonar og prosessar. I det vidare samarbeidet vil det bli lagt særleg vekt på å utvikle marint oppdrett i merdar og overføre norsk teknologi og utstyr.

Fotnotar

1.

CLCS - Commission on the Limits of the Continental Shelf.

2.

Artar som på det stadium då dei kan utnyttast anten er ubevegelege på eller under havbotnen eller som ikkje kan bevege seg utan å vere i konstant berøring med havbotnen.

3.

NEAFC, NAFO, ICCAT, SEAFO og CCAMLR.

4.

Landbruk inkluderer i denne samanheng fiskeri og akvakultur.

Til forsida