Meld. St. 26 (2020–2021)

Noregs fiskeriavtalar for 2021 og fisket etter avtalane i 2019 og 2020

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapitelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra. Havforskingsinstituttet har meir utfyllande informasjon om bestandane på si heimeside.

Dette kapitlet presenterer også fiskedødeligheita (for dei fleste bestandar for 2009–2017 og noverande verdi i perioden [2018–2019]) etter dagens forvaltingsplan (Fmgt), der ein har ein forvaltningsplan på plass, eller sist estimerte verdi av maksimalt langtidsutbytte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har vorte endra i siste 10-års periode for fleire av bestandane. På grunn av at ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga av bestanden seg, spesielt for dei siste åra. Dette er illustrert i ICES sitt råd, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødeligheit og rekruttering). I tillegg til effekten av nye data, reflekterer desse figurane også metodeendringar.

Covid-19-pandemien gjorde at ICES for dei fleste bestandar gav ei noko forenkla rådgjeving for kvoter i 2021. Dessutan auka uvissa i bestandsvurderingane for ein del bestandar på grunn av dårlege datagrunnlag frå forskingstokt og prøvetaking frå fisket. For dei viktigaste bestandane for norsk fiskeri var det først og fremst kolmule som vart råka av dette, då det einaste toktet på bestanden vart avlyst.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2020 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Også hysebestanden står det bra til med, og det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017 og minka noko att i 2018-2019 før den vaks i 2020 Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Det står bra til med vågekval og grønlandssel i Barentshavet, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i dette området. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for grønlandssel er avtalt med Russland og omtalt i kap. 3.2.1, medan kvoten for vågekval blir fastsett av Noreg basert på metoder utvikla i IWC slik det er omtalt i kap. 3.4.3. Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nordom Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2019

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2019

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gjev god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka sterkt i 2018–2019, men gjekk noko ned igjen i 2020. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet, og eit kommersielt fiske på denne bestanden har utvikla seg dei siste åra.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2019. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stogga. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2019

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2019

Av figuren ser vi at torsken konsumerte meir enn 9 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. I 2019 var konsumet minka til omlag 5,5 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua.

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg.

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 2,6 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2021: 885 600 tonn.

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 7,4 mrd. kroner.

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 670 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa, og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2008–2020 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har minka noko, og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er no gytebestanden på veg nedover.

Uttaket (den faktiske fiskdødeligheita) var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2016, medan den no er nær det som forvaltingsplanen tilseier.

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere under føre-var nivået. ICES tilrådde ein kvote for 2021 på 885 600 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. Kvoterådet for 2021 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 20% endring i kvoterådet frå år til år, utan denne klausulen hadde rådet blitt 890 489 tonn. Kvoten for 2021 vart sett lik kvoterådet.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden vil gå litt ned frå 2021 til 2022.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC1, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<890

890

868

1 845

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<712

775

779

1 593

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<675

725

693

1 678

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<690

738

1 368

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 886

886

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 0,8 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2021: 232 537 tonn.

Norsk fangstverdi (2020): 1,3 mrd. kroner.

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 140 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Den sterke årsklassen 2016 har ført til at nedgangen i bestanden har stoppa opp og at bestandsnivået har stabilisert seg. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2021 er basert på den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 232 537 tonn, jf. tabell 4.2. Fastsett kvote er lik tilrådd kvote. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2008–2017, medan i åra etterpå har den vore litt i overkant av det forvaltingsplanen tilseier.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<233

233

228

425

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<202

202

191

320

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<152

172

175

259

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<215

215

243

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

233

233

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens.

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 30 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 900 000 tonn. (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2021: 197 779 tonn.

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 1,3 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2019 var på 161 000 tonn, og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not 25 prosent, garn 20 prosent og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden igjen tatt seg opp, og ser no ut til å stabilisere seg i overrkant av 900 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbyte (Fmsy). ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2021 på 197 779 tonn, og det vart også totalkvoten fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet. Kvoterådet for 2021 vart avgrensa av klausulen i forvaltingsregelen om maksimalt 25 prosent endring i kvoterådet frå år til år. Utan denne klausulen hadde rådet blitt 198 741 tonn. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier i perioden 2014–2019.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

146

407

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<173

173

181

467

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

163

555

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<172

172

552

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

< 198

198

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides.

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: Truleg meir enn 30 år.

Bestandsstorleik: Ukjend.

Kvote for 2021: 27 000 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 400 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember-januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2019 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gjev difor råd baserte på føre-var-basis. Sidan blåkveite er ein langliva art som er relativt gamal før den rekrutterer til fisket, har ein brukt ei føre-var-tilnærming som baserer ein seg på ein 5-års prognose for fiskbar biomasse. Dette gav eit fiske på maksimalt 23 000 tonn for 2021, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote som er høgare enn rådet.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaustarktisk blåkveite

1 Sidan det er stor uvisse knytte til storleiken på bestanden, er bestandstal ikkje vist i Figur 4.16 og Tabell 4.4.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC og fangst (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst1

Gytebestand

2017

Føre-var tilnærming

<20

24

26

-

2018

Føre-var tilnærming

<23

27

29

-

2019

Føre-var tilnærming

<23

27

29

2020

Føre-var tilnærming

< 23

27

2021

Føre-var tilnærming

<23

27

1 Inkludert fangst i EU-sonen nord for 62°N (sjå Tabell 3.5)

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella.

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg.

Levetid: Over 70 år.

Bestandstorleik (2020): Om lag 1,4 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2021: 66 158 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 300 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2019 var på om lag 16 000 tonn jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Basert på ein analytisk bestandsberekningsmodell klassifiserer ICES bestanden til å vere stabil og med god reproduksjonsevne. Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore rundt 800 000 – 900 000 tonn (jf. figur 4.18). Sidan snabelueren blir kjønnsmoden først i 12-årsalderen, og årsklassane fødde mellom 1996 og 2004 er svake, vil gytebestanden kunne auke monaleg når dei større årsklassane fødde etter 2004 byrjar å rekruttere til gytebestanden. Det er ikkje vedteken nokon forvaltingsplan for snabeluer, men ICES tilrår, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2021 ikkje bør overstige 66 158 tonn, jf. tabell 4.5. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluert. Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vurdert det slik at ein forvaltingsregel med fiskedødeligheit F=0,06 og triggerpunkt Btrigger på 450 000 tonn er å føretrekke, men har enno ikkje vedtatt nokon forvaltingsregel.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC 1

Fangst

Gytebestand

2017

Føre-var tilnærming

<30

30

31

836

2018

Føre-var tilnærming

<33

33

39

857

2019

Føre-var tilnærming

<54

54

46

886

2020

Føre-var tilnærming

<56

56

918

2021

Føre-var tilnærming

<66

66

1 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote lik rådet frå ICES, men det er ikkje fastsett noko regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1 NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus.

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g.

Levetid: Maks 5 år.

Bestandstorleik (2020): Om lag 1,7 millionar tonn (totalbestand 1 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2021: 0 tonn.

Norsk fangstverdi (2020): 0 kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyt ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars–april, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2020 er på 650 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på 5 år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017) og fisket vart opna igjen i 2018, men vart på nytt stengt i 2019-2021. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Etter at bestanden vart målt til å vere låg både i 2015 og 2016, målte ein monaleg meir lodde enn venta på det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2017. Hausten 2018 fann ein igjen mindre lodde, og nedgangen heldt fram i 2019, før bestanden auka igjen i 2020. Årsakene til det store spriket mellom målingane hausten 2016 og 2017 er ikkje klarlagde, men ein reknar med at målinga hausten 2016 var eit underestimat. Hausten 2020 estimerte ein den modnande delen av loddebestanden til å vere 545 000 tonn, og i følgje forvaltingsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gav dette ikkje rom for ein loddekvote i 2021. Auken i bestand frå 2019 til 2020 skuldast den sterke 2019-årsklassen, og det er mogleg at denne årsklassen kan gje grunnlag for ein loddekvote i 2022.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2017

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1723

2018

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<205

205

195

1056

2019

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

302

2020

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

545

2021

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Biomassen av alle dei tre bestandane er blitt redusert dei siste åra. Rekrutteringa av kolmule har vært svært dårleg dei siste åra, mens ein sterk årsklasse (2016) no er i ferd med å komme inn i den Norske vårgytande sildebestanden. Makrellen har hatt svært god rekruttering fram til 2014, men rekrutteringa har blitt dårlegare dei siste åra basert på tilgjengelege data. Etter ein historisk ekspansjon inkludert store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard, har makrellbestanden si utbreiing og mengde minka i vestlege område dei siste åra. I 2020 var det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn og berre heilt minimale mengder i islandske farvatn. Denne minkinga i vest er ikkje fullt ut forstått, men den fell saman med ein stor nedgang i gytebestanden.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010 sidan bestandssituasjonen for både sild og kolmule vart vesentleg dårlegare. I dei seinare åra har den samla fangsten auka sjølv om sildebestanden har minka jamnt.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2019

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2019

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre; eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeden. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet (som alt er nemnt i det førre delkapittelet), er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå . Blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs Norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog, og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sild

Figur 4.25 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus.

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g.

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 3,3 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 651 033 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 2,3 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars, og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2019er om lag 711 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden no er estimert til å være over 3,184 millionar tonn, som er den nye føre-var-grensa etablert i 2018. Tilrådd totalkvote for 2021 er på 651 033 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, i snitt så å seie på Fmgt (0,14) i perioden 2008–2018, men er no estimert til å vere 15 prosent over.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<4372 (<646)

685

722

4 450

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<384

437

593

4 072

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen (ny av 2018)

<589

589

777

3 916

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<526

526

3 315

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<651

651

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordeling av TAC.

2 Korrigert råd i oktober 2017, opphavleg råd i parentes.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus.

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: Maks 25 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 3,6 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 852 284 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 2,8 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad også gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I 2020 blei det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og mengda og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert frå 2017 til 2020. Samstundes auka mengda frå 2018 til 2020 i dei sentrale og nordlege delane av Norskehavet, inkludert fiskerisonen ved Jan Mayen og fiskevernsonen ved Svalbard.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2020 er 750 000 tonn, og uttaket har auka dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1,4 millionar tonn, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år, spesielt frå 2010-2018, har makrellen vandra langt mot nord og vest, og nokre fangstar har vore tekne utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island, Færøyane, Russland og dei seinaste åra også Grønland.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå i 2014, men har sidan minka til om lag 3,6 millionar tonn i 2020. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødeligheita har minka sidan 2003, og er no lågare enn Fmsy. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, der årsklassane frå og med 2011 er estimert til å være over gjennomsnittet. ICES sitt råd om fiske i 2020 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvarar ein fangst på 852 284 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, seks prosent over Fmsy (0,26) i perioden 2009-20017, medan den no ligg litt under (12 prosent).

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2007 til eit maksimumsnivå i 2014, men har sidan minka og stabilisert seg på om lag 4.4 millionar tonn i 2019. Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødeligheten har minka sidan 2003, men er framleis høgare enn FMSY. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, der årsklassane frå og med 2011 er estimert til å være over gjennomsnittet. ICES sitt råd om fiske i 2020 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvarar ein fangst på 922 064 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, omtrent 20 prosent over Fmsy (0,27) i perioden 2008–2016, medan den no ligg litt over (4 prosent).

Dette er på grunn av at Island, Grønland og Russland har gitt seg sjølve større kvoter enn det kyststatsavtalen mellom Norge, EU og Færøyane legg opp til.

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2017

MSY tilnærming

<857

1 021

1 156

4 747

2018

MSY tilnærming

<551

817

1 026

4 153

2019

MSY tilnærming

<7702

653

835

3 732

2020

MSY tilnærming

<922

922

1 091

3 681

2021

MSY tilnærming

<852

1 Det var ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar. Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale i kapittel 3.3.4 Forvaltinga av makrell.

2 ICES rådet blei korrigert frå 318 000 tonn i oktober 2018 til 770 000 tonn mai 2019.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou.

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g.

Levetid: Sjeldan over 10 år, opptil 20 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 4,2 mill. tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 929 292 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 1 134 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 m. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyt vest av Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2020 er 1 015 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått attende, og Island, EU, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var attende på omlag same nivå som tidleg på 2000-talet. I åra etter har bestanden gått attende. Årsklassane frå 2004–2009 var svært svake samanlikna med føregåande tiår, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Rekrutteringa etter dette er estimert til å vere under gjennomsnittet igjen. Den auka rekrutteringa saman med lågare fiskepress i perioden etter 2010 førte til ein auke i bestanden.

ICES sitt råd om fiske i 2021 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarar til ein fangst på 929 292 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, nesten 40 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2008–2013, medan den etter 2013 har lagt vel 30 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2017

MSY-tilnærming

<1 342

1 675

1 558

6 267

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 388

1 728

1 711

6 206

2019

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 144

1 483

1 512

5 387

2020

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<1 162

1 478

4 214

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<929

929

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har fangsten av pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore kring 500 000–700 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2019

Figur 4.36 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2019

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sild

Figur 4.37 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus.

Maksimal storleik: 35 cm og 400 gram.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2019): Om lag 1,7 millionar tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 356 357 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 747 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2019 er kring 491 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn og er i gjennomsnitt på 118 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES ga i 2020 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 359 367 tonn i direktefisket i 2021, jf. tabell 4.10. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, heile 71 prosent under Fmsy (0,26) i perioden 2009–2011. I 2012–2017, låg den i snitt 33% under, medan den no er rundt 29 prosent lågare. Årsaka til den låge fiskedødeligheita er ein kombinasjon av at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er med i utrekninga av Fmsy (2-6), ein auke i estimert bestandsnivå for heile tidsserien i 2018 bestandsvurderinga, samt ein tendens til å underestimere størrelsen på gytebestanden.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<426

482

499

2 331

2018

Følg den avtalte forvaltingsplanen

<491

601

604

2 052

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<291

385

442

1 685

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<419

385

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<359

356

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest om Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius virens.

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 167 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 65 687 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 59 512 tonn, vestom Skottland: 6 175 tonn.

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 366 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga (februar til mars) går føre seg langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2019 er kring 160 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klåre trendar, og har vore over føre-var grensa etter 1996. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2021 er basert på maksimalt langtidsutbyte, og gjev ein totalfangst på 65 687 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest av Skottland. EU og Norge har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, noko over Fmsy (0,363) i perioden 2009–2019 12 prosent).

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<141

111

95

206

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<118

116

95

204

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<103

94

96

196

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<88

80

167

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<66

65

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua.

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 56 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 15 911 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 57 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klare skiljeliner mellom stammane. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2019 er kring 167 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn, og har lege på dette nivået fram til dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege delen av Den engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som ein bestand i forvaltingssamanheng. Etter i ein periode å ha auka noko frå det kritiske låge nivået i 2006, vurderer ICES no på ny gytebestanden til å vere under det kritiske nivået. Tilrådd kvote for 2021 er maksimalt 14 755 tonn, jf. tabell 4.12. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0,31). I perioden 2009–2017, var fiskedødeligheita i snitt 60 prosent over Fmsy, medan den no har auka til 105 prosent over.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<47

45

47

98

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<53

53

49

88

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<29

34

36

66

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<14

17

56

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<15

15

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus.

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: Maks 15 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 228 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 50 182 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 19 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2019 er vel 163 000 tonn. Fangsten er gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på 30 000 til 40 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019 årsklassen er vurdert til å vere den største sidan 2005. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte, meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 69 280 tonn i 2020, jf. tabell 4.13. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, merkbart over Fmsy (0,194) i perioden 2009-2017 (41 prosent), medan den no ligg på Fmsy.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Maksimalt langtidsutbyte

< 39

47

40

216

2018

Maksimalt langtidsutbyte

< 49

49

39

194

2019

Maksimalt langtidsutbyte

< 34

34

36

239

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<42

42

228

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<69

50

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg.

Levetid: Maks 12 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 170 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 26 304 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 7,4 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 m djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1990–2019 er kring 56 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år, då meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane i fisket, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men 2016- og 2019-årsklassen var over snittet for dei siste åra. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 26 304 tonn i 2021. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, 40 prosent over Fmsy (0,172) i perioden 2009–2017, medan han no ligg 19 prosent over.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<24

16

29

156

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<26

22

28

161

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<25

19

31

155

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<22

22

170

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<27

26

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa.

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg.

Levetid: Maks 20 år.

Bestandsstorleik (2020): Om lag 1 253 000 tonn (gytebestand).

Kvote for 2021: 162 607 tonn (TAC).

Norsk fangstverdi (2020): Om lag 0,5 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2020 var den norske fangsten på 37 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2019 er kring 160 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2021 ikkje bør overstige 162 607 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødeligheita var, etter det vi no veit, omtrent 19 prosent under Fmsy (0,21) i perioden 2009-2017, medan ho no ligg 15 prosent under.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<158

148

114

1214

2018

Maksimalt langtidsutbyte

<142

128

106

1152

2019

Maksimalt langtidsutbyte

<143

142

86

1052

2020

Maksimalt langtidsutbyte

<166

166

1253

2021

Maksimalt langtidsutbyte

<163

162

Boks 4.16 Kysttorsk

Sør for 62°N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk i Sør-Noreg har over tid vorte dårlegare, spesielt frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført ei rekkje tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlinja frå Telemark til svenskegrensa. I same område er det og forbod mot å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket med garn og botntrål har dispensasjon frå tiltaka. I områda der torsken gyt er det totalt fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og anna anadrom fisk samt undervassjakt. I tillegg vart selkvota i området auka med 20 prosent for å minke konkurransen om byttedyr. Tiltaka vil vurderast av departementet etter tre år (2022).

Havforskingsinstituttet har over lang tid jobba med å bygge opp kunnskap omkring torsk langs Skagerrakkysten. Generelt har torskebestandane blitt redusert dei siste ti åra; klart mest i austlege Skagerrak. I eitt av dei seinare prosjekta «Krafttak for kysttorsken» (2017–2020) var målet å auke kunnskapen for gjenoppbygging av bestandar som har minka i Oslofjorden, særleg torskefiskane torsk, lyr, sei og kviting.

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget om tilstanden til kysttorsk vesentleg dårlegare, då ein manglar standardisert overvaking.

For 2021 var ICES si tilråding stopp i fisket etter torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvaka med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober-november, og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. Det ligg føre ein gjenoppbyggingsplan, og det har blitt innført tekniske reguleringar som mellom anna fjordlinjer, men desse ser ikkje ut til å ha hatt den ønska effekten. ICES har difor tilrådd at det blir utvikla ein ny gjenoppbyggingsplan. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaust-arktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skapar problem for fisket etter nordaust-arktisk torsk.

Etter råd frå ICES om ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord, bestilte Nærings- og fiskeridepratementet i 2018 ein rapport frå Havforskningsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatus, med forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Havforskningsinstituttet publiserte i 2020 rapporten «Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan». Basert på denne rapporten går det no føre seg arbeid ved Fiskeridirektoratet i samarbeid med Havforskingsinstituttet om å greie ut dei foreslåtte tiltaka:

  • innføre bifangstreglar

  • stengje utvalde gytefelt som er dominert av kysttorsk i gytesesongen

  • vurdere tiltak for bevaring av brei alders- og størrelsessamansetjing

  • vurdere revisjon av fjordlinjer

  • fremje lokale/regionale reguleringar

  • regulere innsatsen sør for 67-graden utanom gytetida ut frå fangst-per-eining innsats

I februar 2021 vart bestandsvurderinga for nordaust-arktisk torsk og kysttorsk gjennomgått i ein ICES metoderevisjon (benchmark). Det vart bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord og sør for 67° N, etter tilråding i rapporten nemnt over. For kysttorsk nord for 67-graden var det godt nok datagrunnlag for å utvikle ei analytisk bestandsvurdering, mens bestanden sør for 67-graden vil bli vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Dei nye bestandsvurderingane vil bli evaluert av ICES sin rådgjevingskomite og publisert i løpet av mars 2021. Neste steg vil så vere å foreslå forvaltingsplanar for kysttorsk i desse to områda.

Bestandsmålinga hausten 2020 viste ein betydeleg nedgang i gytebestanden frå året før, men den var i 2020 rundt nivået frå 2018, sidan det var ein sterk oppgang frå 2018 til 2019.Ein bør difor vere varsame med tolkinga av resultatet i eit enkelt år.

Til forsida