Meld. St. 28 (2016–2017)

Noregs fiskeriavtalar for 2017 og fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gitt mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2016 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 26,2 milliardar kroner, som var ny rekord.

På verdsbasis er overfiske og samanbrot i viktige fiskebestandar eit stort problem, og Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvaltning. Det handlar både om å ta vare på eigne interesser og å ta eit globalt ansvar for korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruken av havet utviklar seg.

Vi deler opp mot 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av med andre land. Det er forvaltninga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvaltning:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er mest omfattande og gjeld felles forvaltning av dei bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, og svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMOane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane Noreg deltek i er nærmare presentert i kapittel 3.

I kapittel 2 har vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet mot ulovleg fiske.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien i 2016 i dei fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land er rekna til litt mindre enn 35 milliardar kroner1. Noreg sin del utgjorde 15,6 milliardar kroner, som er litt under halvparten av den totale verdien. I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2016. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2016

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2016

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde i 2016 ein verdi på om lag 6,9 milliardar kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 29 prosent av verdiane frå avtalane totalt, skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane i Norskehavet. Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på 2,3 milliardar kroner i 2016. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 11 prosent av verdiane. Dette er høgare enn i 2014 og 2015 fordi dei oppnådde prisane var betre i 2016. Skagerrak-avtalen med EU stod for 4 prosent av dei samla verdiane i 2016.

1.1 Fiskeriavtalane for 2017

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i 2016 og 2017, medan figur 1.4 viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Figur 1.3 Totalkvotar 2014 – 2017 for viktige bestandar for Noreg (tonn)1

Figur 1.3 Totalkvotar 2014 – 2017 for viktige bestandar for Noreg (tonn)1

1 Summen av individuelle kvotar overstig den totalen det var einigheit om.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2017 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Torsken og hysa i Barentshavet har vore på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland etter at ein har sett av ein kvote til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er ført vidare på om lag same nivå som i 2016, og er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er sett ned med om lag 5 prosent frå 2016.

Figur 1.4 Den norske delen av kvoten på viktige bestandar for Noreg

Figur 1.4 Den norske delen av kvoten på viktige bestandar for Noreg

1 Inkluderar ikkje kvanta avsett til tredjeland.

Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 prosent av eigen kvote på forskot.

På grunn av låg gytebestand vart det vedtatt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2017.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i 2017 i analysegruppa, som er sentral for det gode norsk-russiske kontrollsamarbeidet. Partane skal sjå nærmare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast av fisk. Arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal gå føre seg er stilt i bero.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2017 er kvotane for torsk og sei auka, medan kvotane på sild og hyse er minska. Byteavtalen vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten. Tilstanden for nordsjøsilda og seibestanden er god.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste åra. Norge, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvaltning av makrell. Avtalen gir Noreg 26,67 prosent av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er det sett av ein del til andre land. Ein har forsøkt å inkludere Island og Grønland i denne avtalen, men ikkje lykkast. Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege trepartsavtalar om forvaltning av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014.

I 2015 utarbeidde partane ein ny forvaltningsplan for makrell. ICES skal i 2017 gjennomføre eit såkalla benchmark for makrell, som er ein gjennomgang av forskingsmetodane dei brukar i bestandsvurderinga. Avtalepartane skal på bakgrunn av benchmark-rapporten evaluere og eventuelt endre forvaltningsplanen.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden i verda, men har vore inne i ein periode med reduksjon. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda, og Noreg har sidan 2007 hatt ein del på 61 prosent av totalkvoten. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

I oktober 2016 blei kyststatane (Færøyane inkludert) samde om å føre vidare den opphavelege forvaltningsplanen for nvg-silda frå 1999. Partane blei også samde om å basere kvoteuttaket i 2017 på ICES si rådgjeving, noko som inneber eit uttak som er noko lågare enn maksimalt berekraftig nivå. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane vert fastsett unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2017 som inneber ein del på 67 prosent.

Kolmule

Kolmula er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gjekk ned frå 2003 til 2009, men trenden har snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del. Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 1. desember 2016 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2017. Avtalen gir begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. I ein situasjon utan avtalar for 2017 gir tilgangsavtalen noko stabilitet for 2017.

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2017, vedtok årsmøtet ein kvote for fiske i internasjonalt farvatn, fordelt på Danmark (for Grønland) og Russland. I tillegg kan kyststatane sine nasjonale kvotar verte fiska i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fiske av norsk vårgytande sild. Reguleringa er basert på kyststatsavtalen og inneber at kyststatane også kan fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2017 som omfattar alle partane. Årsmøtet vedtok derfor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det vart fastsett ein kvote for fisket etter uer i Irmingerhavet, medan partane ikkje vart einige om regulering av uer i Norskehavet.

Mange av bestandane som blir forvalta av Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar, men av disse er berre torskefisket ope. Det er sett i gang arbeid med å utarbeide forvaltingsplanar for viktige bestandar og det er eit viktig steg framover. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 21 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verna konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også seks område med undersjøiske fjell i opne hav utom kontinentalsokkelen. På årsmøtet i 2016 vedtok NAFO endringar i reglane om hamnestatskontroll som inneber implementering av den globale FAO-avtalen. I tillegg blei det vedtatt å gjennomføre ei ny prestasjonsevaluering av organisasjonen, som venteleg vil bli gjennomført i 2017 og 2018. Det er også venta at ein ny konvensjon vil tre i kraft på årsmøtet i 2017.

Noreg hadde i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare indikasjonar på at tilstanden til bestanden er betre, men er likevel tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2017 er sett til 23 155 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Den norske kvoten var på 36,57 tonn i 2015 og 43,71 tonn i 2016. I 2016 vart heile kvoten fiska opp og det blei i tillegg tatt 4,15 tonn makrellstørje som bifangst. Den norske kvoten er auka til 52,48 tonn for 2017.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 60 prosent av den totale krillfangsten i konvensjonsområdet i sesongen 2015/2016.

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. Vitskapskomiteen i IWC starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval i 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gir grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte vart også i hovudsak godteke. Kvoten for vågekval i 2017 er på 999 dyr, som inneber ein auke frå 880 dyr i fjor.

1.2 Fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen vi har i russisk sone lite, fordi vi har god tilgang i eiga sone på bestandane vi deler med Russland.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten sør for 62°N brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen; det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2014 og 2015. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige har stort sett nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Noreg nytta heile loddekvoten sin ved Island, Grønland og Jan Mayen både i sesongen 2015/2016 og 2016/2017. Kvoten vart fiska om vinteren.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalene, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2015 og 2016

Utnyttingsgrad1

2015

2016

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

100 %

99 %

Hyse

85 %

89 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

102 %

99 %

Sei

107 %

94 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

102 %

102 %

Makrell

100 %

102 %

Kolmule

98 %

103 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Fotnotar

1.

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.

Til forsida