Meld. St. 28 (2016–2017)

Noregs fiskeriavtalar for 2017 og fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – er det til innleiing ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar, i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

4.1 Barentshavet

I Barentshavet finn vi no store mengder vaksen torsk (skrei) sjølv om vi er over toppen og mengda vil minke noko dei neste åra. Også hysebestanden står det godt til med, men rekrutteringa har vore meir normal dei siste åra, og storleiken på bestanden er litt redusert frå det rekordhøge nivået vi har hatt dei siste 6–8 åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt og historisk sett middels nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden har minka kraftig etter 2013, og i 2016 og 2017 vart det ikkje fiska lodde.

Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men er eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore meir varmt Atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nord om Svalbard enn nokon gong. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat, både til lodde og torsk. Torsk og lodde har også i dei siste åra hatt den nordlegaste utbreiinga som er registrert i Havforskingsinstituttet sine målingar gjennom dei siste 40 åra.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn

Noreg og Russland har eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette gir god kunnskap om fiskestammane og økosystemet.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har ei kommersiell rolle. Dette er først og fremst den nordaust-arktiske torsken (verdas største torskebestand), den nordaust-arktiske hysa, den nordaust-arktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg spelar også reker og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Snøkrabbe er ein ny art som no breier seg vestover i Barentshavet, og eit kommersielt fiske på denne bestanden har utvikla seg dei siste åra.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2015

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2015

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2015. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først på 1970-talet. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet på 1960-talet gjorde at fiskeflåten som før fiska sild no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover 1970-talet utvikla det seg eit omfattande loddefiske som nådde ein topp i 1977 med om lag tre millionar tonn fangst.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg på 1980-talet, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som sitt viktigaste fôr, har vakse seg svært stor i seinare år. Det har òg å gjere med at torsken no breier seg langt lengre nord og aust enn før, og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn før. Dette er vist på figur 4.4.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr

Av figuren ser vi at torsken konsumerte heile 9 millionar tonn mat rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av dette. Innsamlinga av mageprøver av torsk er eit felles norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og forvaltning. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltninga av lodde og torsk i samanheng, og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaust-arktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: Maks 25 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 2,9 millionar tonn

Kvote for 2017: 890 000 tonn, av dette 391 011 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 5,5 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Verdas største torskebestand. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs Norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør om Stad. Gyteperioden er mars–april.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk torsk

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 665 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unnatak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng spesielt saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt samarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men har sidan auka til eit svært høgt nivå, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske dei siste åra. Det har også vore svært gunstige tilhøve for torsken i Barentshavet i seinare år; høgare temperaturar har gjort det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet blir då større, og det har også vore generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore jamn og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden dei siste åra vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida.

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES gytebestanden til å vere godt over føre-var-nivået og fiskepresset til å vere nær ein historisk låg verdi. ICES tilrådde ein kvote for 2017 på 805 000 tonn i tråd med gjeldande haustingsregel. ICES påpeika òg at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til trongen for vern av kysttorsk og trongen for redusert bifangst av vanleg uer. Under møtet i den Norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2016 valde partane å endre gjeldande haustingsregel. Den nye regelen har ein høgare haustingsrate når gytebestanden er over eit visst nivå. Kvoten for 2017 vart sett til 890 000 tonn i tråd med denne nye haustingsregelen, som ICES har funne å vere i tråd med føre-var tilnærminga.

Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden og totalbestanden held seg på eit relativt høgt nivå, og fiskepresset på bestanden er venta å halde seg på eit nivå som gir langtidsutbytte over gjennomsnittleg nivå.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk

Fangst i 2015 er prognose.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<940

1000

966

2 134

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<993

993

986

1 866

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<894

894

864

1 383

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<805

894

1 070

2017

Følg den avtalte1 forvaltningsplanen, ta omsyn til vern av kysttorsk og vanleg uer

<890

890

1 Det vart avtalt ein ny forvaltningsplan hausten 2016

Boks 4.2 Nordaust-arktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: Maks 20 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 1,0 millionar tonn

Kvote for 2017: 233 000 tonn, av dette 116 865 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2013–2015): Om lag 1,1 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk hyse

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 137 000 tonn, men fangstane har variert mykje; frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men eit direkte fiske med line langs kysten av Finnmark er også viktig. I tillegg går det også føre seg eit norsk fiske med snurrevad og garn. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaust-arktisk hyse har dei siste åra vore på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og særleg årsklassane 2004–2006 var særs sterke. Dei yngre årsklassane har vore rundt middels nivå, og vi ventar difor at bestanden no vil kome ned på eit meir normalt nivå. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet dei siste åra samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoterådet for 2017 er basert på den vedtekne haustingsregelen, og tilseier at kvoten maksimalt bør vere på 233 000 tonn, jf. tabell 4.2.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse

Tabell 4.2 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 238

200

194

704

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<150

178,5

178

765

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<223

223

195

802

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<244

244

753

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<233

233

Boks 4.3 Nordaust-arktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: Sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: Maks 30 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 630 000 tonn

Kvote for 2017: 150 000 tonn, av dette 134 450 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2016): Om lag 1,1 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk. Bestanden er utbreidd langs Norskekysten frå Stad til Varanger. Gyt på kystbankane frå Nordsjøen til Vesterålen. Gyteperioden er i februar.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei.

Figur 4.12 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk sei.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2015 var på 160 000 tonn, og har variert mellom 90 000 og 260 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg dominerer fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 prosent av dei norske landingane, not har stått for 25 prosent, garn 20 prosent, og line, snurrevad og jukse 15 prosent.

Status og råd

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand, jf. figur 4.13. Årsklassane 2002 og 2007 var gode, og 2005- og 2010-årsklassane over gjennomsnittet for 1960–2014, elles har rekrutteringa i seinare år vore under middels eller svak. Kysttoktet hausten 2016 viste ein oppgang i mengda sei, og det vart målt oppgang i aldersgruppene 3–4 år, noko som gir håp om betre rekruttering til fiskbar bestand i dei næraste åra.

Fiskeri- og kystdepartementet justerte i 2013 utnyttingsgraden i haustingsregelen frå føre-var-nivå til det nivået som vil gje høgast langtidsutbytte. ICES tilrådde, i tråd med denne regelen, ein maksimalkvote for 2017 på 150 000 tonn. Nærings- og Fiskeridepartementet har fastsett kvoten for 2017 til 150 000 tonn, jf. tabell 4.3.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei.

Figur 4.13 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk sei.

Tabell 4.3 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk sei dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<164

140

132

307

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

119

130

333

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<122

122

132

337

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<140

140

391

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk

<150

150

366

Boks 4.4 Nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større enn hannfisken.

Levetid: Sannsynligvis meir enn 30 år

Bestandstorleik (2015): Ukjend

Kvote for 2017: 24 000 tonn, av dette 12 225 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 490 mill. kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4˚C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs Land, og i djupe område av Barentshavet. Gyt langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-arktisk blåkveite

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2015 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 er fisket kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar. I det norske fisket blir rundt 60 prosent fisket av kystflåten og resterande av havgåande fiskefartøy.

Status og råd

Det er stor uvisse knytt til storleiken på denne bestanden, men fiskbar del av bestanden auka frå 1992 til 2012 og har sidan vore stabil. Haustingsraten har vore relativt stabil sidan 1992. Det er ikkje semje om ein alderslesemetode, og det kan difor heller ikkje køyrast aldersfordelte bestandsmodellar eller fastsetjast biologiske referansepunkt. ICES gir difor råd basert på føre-var-basis, som fram til 2015 var å setje kvotar lik gjennomsnittet for dei åra ein har kunna observere ein relativ auke i bestanden. I 2015 vart det køyrt ein lengdebasert modell, og det vart valt ein haustingsrate tilsvarande gjennomsnittet for dei siste ti åra. Dette svarar til eit råd på maksimalt 19 800 tonn for 2016 og 2017, jf. tabell 4.4.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i fangst av nordaust-arktisk blåkveite.

Tabell 4.4 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk blåkveite dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Ingen auke i fangsten

< 15

19

22

-

2014

Same råd som i 2013

< 15

19

23

-

2015

Same råd som i 2014

< 15

19

25

-

2016

Føre-var tilnærming

< 20

22

2017

Føre-var tilnærming

< 20

24

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg.

Levetid: Over 70 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 1,2 millionar tonn

Kvote for 2017: 30 000 tonn, 17 600 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 250 mill. kroner (begge uer-artane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og krill. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard, og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1991–2015 var på om lag 15 000 tonn jf. figur 4.18, men har vore over 100 000 tonn på 1970–1980-talet, og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, føregår med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne hav i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Bestanden har vore på eit stabilt nivå dei seinare åra, jf. figur 4.18. Totalbestanden er no rekna til over 1 million tonn og gytebestanden kring 800 000 tonn. Det er ikkje vedteken nokon forvaltningsplan for snabeluer, men ICES tilrådde, basert på føre-var-tilnærming, at den årlege fangsten i 2015–17 ikkje burde overstige 30 000 tonn, jf. tabell 4.5. Bestandsvurderinga og rådgjevinga vil bli oppdatert i 2017 basert mellom anna på mengdemålinga av vaksen fisk i Norskehavet hausten 2016. Førebels tal frå dette toktet viser ein noko lågare bestand enn på tilsvarande tokt i 2013.

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Figur 4.18 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES område I og II

Tabell 4.5 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES område I og II dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Bruk F0.1

<47

19,51

9

841

2014

Status quo fangst

<24

36.82

19

835

2015

Føre-var tilnærming

<30

303

26

822

2016

Føre-var tilnærming

<30

303

2017

Føre-var tilnærming

<30

303

1 TAC sett av NEAFC for internasjonalt farvatn.

2 Sum av TAC sett av NEAFC for internasjonale farvatn og Noreg for NØS.

3 Noreg og Russland har fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote på 30 000 tonn, men det er ikkje fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1. NEAFC.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.19 Lodde

Figur 4.19 Lodde

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g.

Levetid: 5 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 0,3 mill. tonn

Kvote for 2017: 0

Norsk fangstverdi (2016): 0

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som gyt berre ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyt ved Finnmarkskysten i mars–april, og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2016 var på 700 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.21. I løpet av dei siste 30 åra har loddefisket vorte stoppa i tre periodar kvar på 5 år, fordi bestanden av naturlege årsaker nærast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket starta i 2016 og ein reknar med at fisket tidlegast kan opnast igjen i 2019. Loddekvotane blir delte mellom Noreg og Russland i høvet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men dei seinare åra har det berre vore opna for fiske før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Sidan systematiske målingar av bestanden tok til i 1972 har det vore fire bestandssamanbrot. Samanbrota er knyte til sterke årsklassar av norsk vårgytande sild i Barentshavet som beitar på loddelarvane og fører til rekrutteringssvikt hos lodda. Rekrutteringa til loddebestanden, målt om hausten som 1-gruppe, viste for åra 2014–2016 relativt låge verdiar etter ein periode med høge verdiar. Samanbrotet i bestanden vi no opplever var difor venta. Dessutan har torskebestanden vore stor dei seinaste åra og har beita kraftig på lodda. Det norsk-russiske økosystemtoktet hausten 2016 estimerte den modnande delen av loddebestanden til å vere berre 147 000 tonn, og ifølgje forvaltningsplanen for lodde (5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 tonn ved gyting) gir ikkje dette rom for loddefiske i 2017.

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Figur 4.21 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i barentshavet

Tabell 4.6 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

SSB=gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2013

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<200

200

177

1471

2014

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<65

65

66

873

2015

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

<6

120

115

375

2016

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

147

2017

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.22. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Medan sildebestanden er på nedtur, er det motsette tilfelle for dei to andre. Makrellen har hatt svært god rekruttering, det vil seie sterke årsklassar har kome inn i bestanden i mange av dei seinare åra. Bestanden har ekspandert og dekkjer no i beiteperioden store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard. Kolmula har også, etter ein periode med svak rekruttering, no kome inn i ein betre periode, og denne bestanden er på eit høgt nivå. Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. Så langt har ein ikkje observert teikn til neste sterke sildeårsklasse.

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.22 Norskehavet – straumar og djupn

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Figur 4.23 Økosystemet i Norskehavet

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.24. Sidan sildefisket har vorte kraftig redusert, er det samla fisket etter pelagisk fisk no nede på eit nivå rundt 2–3 millionar tonn, men også det er betydelege kvanta sett i verdssamanheng.

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2015

Figur 4.24 Fisket i Norskehavet frå 1980 til 2015

Norskehavet er prega av varmt Atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Men langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord, og skapar eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er vorte varmare det siste tiåret, og dette påverkar også livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre; eit organisk lag frå 400 til 800 meter djupn. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fisk som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og krill, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringsnettet. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivå som i Barentshavet.

Mellom djupvassfisken og botnfisken som finst på sokkelen og i skråninga langs kysten viser ulike artar ulik utvikling. Snabelueren, som finst både i Barentshavet og i Norskehavet og alt er nemnt i det førre delkapittelet, er i vekst, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt truga». Brosme og lange, som er dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å auke svakt. Også blåkveite, som gyt langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaust-arktiske seien, som har ei vid utbreiing langs norskekysten, er nemnde i det førre kapittelet.

Selen i Norskehavet har også hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (som er områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi bestanden er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang (MAREANO). Det blir stadig gjort nye registreringar av korallrev, korallskog, og område med svamp, sjøfjør og andre sårbare samfunn som kan trenge vern.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.25 Sildestim

Figur 4.25 Sildestim

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g.

Levetid: 25 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 5 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2017: 684 840 tonn, av dette 432 870 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2016): Om lag 1,5 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars, og beitar over store deler av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande sild i perioden 1950–2015 er om lag 714 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytt til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.27. Når bestanden har vore på topp har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman på 1960-talet. Minstemålet på sild er 25 cm, så fisket føregår på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs Norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

Bestanden er inne i ein periode med reduksjon etter å ha vore på eit svært høgt nivå, jf. figur 4.27. Dette skuldast dårleg rekruttering i ei rekkje år. Den bestandsvurderinga som er gjort, syner at gytebestanden no er estimert til kring 5 millionar tonn, som er på føre-var-grensa. Det er førebels ikkje teikn til sterke årsklassar på veg inn i bestanden. Tilrådd totalkvote for 2017 er på 646 075 tonn, jf. tabell 4.7.

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Figur 4.27 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild

Tabell 4.7 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<619

6921

685

5 874

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<418

4361

461

5 571

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<283

2832

329

5 496

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<317

3173

5 264

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<646

6854

5 023

1 Summen av nasjonale kvotar.

2 Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2015, men det ligg føre ei felles forståing mellom Noreg, Island, EU, Færøyane og Russland om ein totalkvote på 283 013 tonn.

3 Det er ikkje inngått nokon kyststatsavtale for 2016, men Noreg har vedteke nasjonal kvote i tråd med tradisjonell del basert på ICES-rådgjevinga om totalkvote.

4 Det vart inngått ein kyststatsavtale for 2017, men i ettertid vedtok Noreg å auke sin del av TAC frå 61% til 67%.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Figur 4.28 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg.

Levetid: 25 år

Bestandsstorleik (2016): Om lag 4,5 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2017: 1 020 996 tonn (Noreg, EU og Færøyane), av dette 229 821 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 2,0 mrd. kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyt sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest av Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Makrellen beitar over store havområde frå Gibraltar til Grønland, i Nordsjøen og i Norskehavet heilt nord til Svalbard om sommaren og hausten.

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.29 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk makrell

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk makrell i perioden 1980–2015 er 717 000 tonn, og uttaket har variert relativt lite samanlikna med mange andre bestandar, jf. figur 4.30. Det knyter seg likevel stor uvisse til om rapportert fangst gir eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare enn desse tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei også ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år har makrellen vandra langt mot nord, og større deler av fangsten har vore teken utanfor Nord-Noreg. Andre viktige aktørar i makrellfisket er EU, Island og Færøyane.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.30. Gytebestanden har auka vesentleg sidan 2002, og er på eit høgt nivå historisk sett. Dette skuldast først og fremst at rekrutteringa har vore god; årsklassane 2002 og 2006 er dei mest talrike som er målt i heile tidsserien. Også årsklassane 2010–2011 er bra, og det ser det ut til at 2014-årsklassen kan vere sterk. ICES sitt råd om fiske i 2017 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 857 185 tonn, jf. tabell 4.8.

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Figur 4.30 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk makrell

Tabell 4.8 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk makrell dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

497-542

9061

9323

4 425

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

927-1 011

1 3921

1 393

5 086

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

831-906

1 2291

1 209

4 887

2016

MSY tilnærming

<7743

1 0571

4 588

2017

MSY tilnærming

<857

1 0212

1 Ikkje oppnådd einigheit om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

2 Totalkvote fastsett av Noreg, EU og Færøyane. Sjå omtale under kapittel 3.3.4.

3 Korrigert september 2016.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Figur 4.31 Kolmule

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g.

Levetid: Opp til 20 år, sjeldan over 10 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 5,0 mill. tonn (gytebestand)

Kvote for 2017: 1 342 330 tonn (Noreg, EU, Færøyane og Island)

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 920 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kolmula et for det meste stort dyreplankton, men store individ et også fiskeyngel. Den oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djup frå 100–600 meter. Kolmula har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorene til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Den gyter vest av Irland på ettervinteren.

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.32 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaust-atlantisk kolmule

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaust-atlantisk kolmule i perioden 1978–2015 er 966 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.33. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmula samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket, og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått tilbake, og Island, EU, Færøyane og Russland tek ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig til 2009, jf. figur 4.33. No er denne trenden snudd, og gytebestanden er attende på same nivået som i 2003. Årsklassane fødde mellom 2004 og 2009 var svært svake samanlikna med dei føregåande ti åra, men frå 2009 vart rekrutteringa betre og er no estimert til å vera over gjennomsnittsnivå. Dette har, saman med lågare fiskepress, ført til auken i bestanden.

ICES sitt råd om fiske i 2017 er å følgje ei MSY-tilnærming, som tilsvara ein fangst på 1 342 330 tonn., jf. tabell 4.9.

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Figur 4.33 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-atlantisk kolmule

Tabell 4.9 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-atlantisk kolmule dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<643

643

614

3 644

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<949

1 200

1 148

3 921

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<840

1 2601

1 391

4 293

2016

MSY-tilnærming

<776

1 1471

5 032

2017

MSY-tilnærming

<1 342

1 342

1 Det er ikkje oppnådd semje om internasjonal kvote. Tala er summen av nasjonale kvotar.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs Norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – med maksdjup på 250–700 meter, som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nordom Dei britiske øyane, jf. figur 4.34. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk og botnfisk, reker og kreps, jf. figur 4.35.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått attende med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore omtrent på same nivå; kring 3–500 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.34 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.35 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2015

Figur 4.36 Fisket i Norsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2015

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.37 Sildestim

Figur 4.37 Sildestim

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 3,8 millionar tonn

Kvote for 2017: 481 608 tonn, av dette 139 666 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2016): Om lag 975 mill. kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyt i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar, og beitar over store deler av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Figur 4.38 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2015 er kring 519 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten 0 på slutten av 1970-talet til toppar på 0,6, 0,8 og 1,2 millionar tonn før og etter, jf. figur 4.39. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar, og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom 0 og 605 000 tonn, i gjennomsnitt 115 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig, jf. figur 4.39. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produksjon, og rekrutteringa har vore dårleg i lang tid. Men fiskepresset er redusert og gytebestanden har sidan midt på 1990-talet vore over føre-var-grensa. ICES gir råd basert på ein forvaltningsplan som EU og Noreg er einige om, og dette medfører eit maksimalt uttak på 426 259 tonn i direktefisket i 2017, jf. tabell 4.10.

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Figur 4.39 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild

Tabell 4.10 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

478

511

2 027

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

Scenarier

470

517

1 947

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<445

445

494

1 803

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<518

518

2 008

2017

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<426

482

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.40 Sei

Figur 4.40 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Sei – Pollachius

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg.

Levetid: 20 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 483 000 tonn

Kvote for 2017: Nordsjøen og Skagerrak: 100 287 tonn, av dette 51 519 tonn til Noreg

Vest av Skottland: 10 404 tonn, av dette 510 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 395 mill. kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småsei et mest dyreplankton og krepsdyr, et større sei mest fisk. Gytinga (februar til mars) føregår langs Eggakanten frå vest av Shetland til Vikingbanken.

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.41 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2015 er kring 170 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og det var langt høgare fram til midten av 1980-talet, jf. figur 4.42. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklåre bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest av Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Gytebestanden har fluktuert utan klåre trendar, og har vore over føre-var grensa sidan 1997. Rekrutteringa i seinare år har vore svært dårleg. Tilrådd kvote for 2017 er basert på maksimalt langtidsutbyte, sidan bestandsvurderinga har endra seg etter ein metoderevisjon i 2016, og forvaltningsplanen vedteken av Noreg og EU må vurderast på nytt før ICES gir råd etter denne. Rådet for 2017 er ein totalfangst på 140 653 tonn; 127 432 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og 13 221 tonn vest av Skottland.

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.42 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.11 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<101

100

80

179

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-15 prosent)

<86

86

75

210

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<80

80

77

228

2016

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<75

73

240

2017

Maksimalt langtidsutbyte

<141

111

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.43 Torsk

Figur 4.43 Torsk

Foto: Norges sjømatråd

Artsnamn: Torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 295 tusen tonn

Kvote for 2017: Nordsjøen og Skagerrak: 44 964 tonn, av dette 6 471 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 114 mill. kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Også for torsken i Nordsjøen reknar vi med at det finst fleire lokale stammar med eigne gytefelt, men det er ingen klåre skiljeliner mellom stammane. Gytinga føregår frå januar til april.

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2015 er kring 180 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.45. Fram til 1980-talet var fangsten på eit nivå rundt 250–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 50 000 tonn, og har lege på dette nivået dei siste 10 åra. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge. I det norske fisket blir litt over halvparten teke med garn, ein firedel med line og ein femdel med trål. Alle land som grensar til Nordsjøen fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

Det er vanskeleg å skilje dei ulike torskestammane i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen, og torsken i dette området blir difor handsama som ein bestand i forvaltningssamanheng. ICES vurderer gytebestanden til å ha auka noko frå det kritisk låge nivået i 2006 til over grensenivået, og han er no akkurat på føre-var/tiltaks-nivået. Tilrådd kvote for 2017 er maksimalt 47 359 tonn, og er basert på MSY-tilnærminga, jf. tabell 4.12.

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.45 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.12 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen (TAC-20 prosent)

<25

27

41

117

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<29

28

46

127

2015

Følg den avtalte forvaltningsplanen

<36

33

50

154

2016

MSY-tilnærming

<49

40

169

2017

MSY-tilnærming

<47

45

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.46 Hyse

Figur 4.46 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg.

Levetid: 15 år

Bestandstorleik (2016): Om lag 107 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2017: Nordsjøen og Skagerrak: 39 461 tonn, av dette 7 325 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 27 mill. kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis og silde-egg står også på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga føregår frå mars til mai.

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.47 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland i perioden 1972–2015 er vel 70 000 tonn, men med ein reduksjon av fangsten gjennom mesteparten av denne perioden, i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.48. Dei siste åra har fangsten lege på rundt eller litt under 50 000 tonn. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir også fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i dårleg stand og ikkje berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, men bortsett frå 2005- og 2009-årsklassen som var middels store, har rekrutteringa dei siste åra vore langt under langtidsgjennomsnittet. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltningsplan for heile området. Basert på langtidsutbytte (MSY-tilnærming), meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 39 461 tonn i 2017, jf. tabell 4.13.

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Figur 4.48 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland

Tabell 4.13 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 48

52

47

262

2014

Følg den avtalte forvaltningsplanen

< 41

45

46

185

2015

Maksimalt langtidsutbytte

< 69

48

42

146

2016

Maksimalt langtidsutbytte

< 75

72

108

2017

Maksimalt langtidsutbytte

< 39

39

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.49 Kviting

Figur 4.49 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg.

Levetid: 12 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 490 000 tonn

Kvote for 2017: 16 003 tonn, av dette 1 600 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 7 mill. kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet, og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 meter djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt både i den sørlege og nordlege Nordsjøen. Gytinga føregår over ein lang periode om våren og sommaren.

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og Den austlege engelske kanalen

Figur 4.50 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og Den austlege engelske kanalen

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1960–2015 er kring 70 000 tonn, men har dei siste åra lege mellom 20 000 og 30 000 tonn, jf. figur 4.51. Kviting blir fanga i blanda fiskeri der målartane enten er torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka i seinare år på grunn av at meir selektive reiskapar har vore tekne i bruk. Storbritannia, Frankrike og Nederland har vore dei viktigaste aktørane, men i seinare år har også den norske fangsten auka noko.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2003, og gytebestanden er no like over føre-var-nivået. Rekrutteringa har vore låg sidan 2003, men var i 2016 over snittet for dei siste åra. Basert på langtidsutbyte (MSY-tilnærming) meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 23 527 tonn i 2017.

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Den austlege engelske kanalen

Tabell 4.14 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Føre-var tilnærming

<26

19

27

265

2014

Føre-var-tilnærming

<21

16

31

238

2015

Følg forvaltningsplanen

<17

15

33

247

2016

Følg forvaltningsplanen

<31

15

267

2017

Maksimalt langtidsutbytte

<24

16

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.52 Raudspette

Figur 4.52 Raudspette

Foto: Ingunn Bakketeig, Havforskingsinstituttet

Artsnamn: Raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg.

Levetid: 20 år

Bestandstorleik (2015): Om lag 900 000 tonn

Kvote for 2017: Nordsjøen og Skagerrak: 147 556 tonn, av dette 9 447 tonn til Noreg

Norsk fangstverdi (2015): Om lag 2,8 mill. kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten. I 2015 var den norske fangsten på 238 tonn.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet, og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meter djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klåre skiljeliner mellom bestandane. Gytinga føregår i januar og februar.

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.53 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2015 er kring 170 000 tonn, og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.54. Raudspette blir mest fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål, i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det føregår eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men også i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidde og fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden har auka dei siste åra til eit rekordhøgt nivå i 2014, jf. figur 4.54. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til nivået for høgt langtidsutbytte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2017 ikkje bør overstige 158 201 tonn, jf. tabell 4.15.

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Tabell 4.15 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2013

Første steg i forvaltningsplan

< 97

97

126

619

2014

Bestanden i andre steg, forvaltninga i første steg av forvaltningsplan

< 111

112

134

775

2015

Følg andre steg i forvaltningsplanen

< 179

138

134

755

2016

Følg andre steg i forvaltningsplanen

< 216

144

945

2017

Maksimalt langtidsutbyte

< 158

148

1 Frå og med 2015 representerer tala for tilrådd TAC fangst, ikkje landingar. Avtalt TAC er landingar.

Til forsida