Meld. St. 3 (2015–2016)

Statsrekneskapen 2015

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 7 659,2 mrd. kroner ved utgangen av 2015, ein auke på 1 043,0 mrd. kroner frå utgangen av 2014. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2014

2015

Endring

SPU

6 430 591

7 460 767

1 030 177

SPN

185 664

198 440

12 776

Statens pensjonsfond

6 616 256

7 659 208

1 042 953

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2015 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane til fondet spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 1 030,2 mrd. kroner i 2015. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 218,3 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2015 vart det overført 186,1 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2015 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 998,0 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 185,0 mrd. kroner2 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 150,9 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og -6,1 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 668,1 mrd. kroner som følgje av svekt kronekurs i 2015. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 333,8 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2015 er netto avsetjing 32,2 mrd. kroner.3 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar til SPU (tal i mill. kroner)

Månad

Overføring

Januar

2 500

Februar

2 500

Mars

3 700

April

4 000

Mai

4 000

Juni

4 000

Juli

4 000

August

4 000

September

4 000

Oktober

0

November

6 000

Desember

7 000

Sum kontantoverføringar til SPU 2015*)

45 700

– For lite overført til SPU i 2014

3 054

– Netto avsetjing til SPU i 2015

32 193

= For mykje overført til SPU i 2015

10 453

*) For 2015 vart det til saman overført 45,7 mrd. kroner til fondet. I 2014 vart det overført 3 054 mill. kroner for lite frå statskassa til fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2014. Dei kontante overføringane i 2015 vart 10 453 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2014 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane til fondet året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2015 er bokført til 7 460,8 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 7 471,2 mrd. kroner og mellomrekninga på 10,5 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtalt i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2015.

Den 9. mars 2016 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2015. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.4 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 7 471,2 mrd. kroner ved utgangen av 2015. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 2,7 prosent for heile 2015 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 3,8 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 0,3 prosent og eigedomsinvesteringane 10,0 prosent.

Verdien av den norske krona svekte seg i 2015 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 668,1 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2015 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 578 mill. kroner i 2015 mot 649 mill. kroner i 2014. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 3 933 mill. kroner i 2015, mot 3 202 mill. kroner i 2014. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 10 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2015, og kostnadsutviklinga er nærare omtalt i Meld. St. 23 (2015–2016).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 23 (2015–2016).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2014

2015

Statens pensjonsfond utland

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

311 667

218 256

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-156 164

-186 063

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

155 502

32 193

Avkastning av plasseringane til fondet

4

1 242 691

997 984

Samla endring SPU

1 398 193

1 030 177

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2014

2015

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

64 212

39 477

72

Særskatt på oljeinntekter

105 837

64 196

74

Arealavgift m.m.

1 536

1 551

Sum kap. 5507

171 586

105 223

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

4 516

4 959

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

62

-26

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

121 447

93 855

30

Avskrivingar

21 838

23 726

80

Renter av statens kapital

4 968

4 115

85

Renter på mellomvære

-24

-23

Sum kap. 5440

148 229

121 673

5685

85

Utbyte Statoil ASA

22 646

15 382

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

347 039

247 212

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

35 372

28 955

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

0

0

Sum utgifter til petroleumsverksemda

35 372

28 955

Sum netto kontantstraum

311 667

218 256

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

311 667

218 256

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2014 eller 2015.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2014

2015

5800

50

Overføring frå fondet

156 164

186 063

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

20141)

2015

Resultat før vinst/tap på valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar og andelar

385 943

284 414

– obligasjonar

158 006

36 160

– unotert eigedom

7 160

14 537

– finansielle derivat

-8 208

-1 984

– utlån med sikkerhetsstillelse

2 758

3 266

– innlån med sikkerhetsstillelse

-35

50

Skattekostnad2)

-2 026

-2 628

Renteinntekter/kostnader

39

-18

Andre kostnader

-3

-18

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta3)

543 634

333 779

Vinst/tap valuta

702 259

668 138

Porteføljeresultat

1 245 893

1 001 917

Forvaltningskostnad

-3 202

-3 933

Periodens resultat og totalresultat

1 242 691

997 984

1) Tala for 2014 er noko omarbeidde samanlikna med førre året. Sjå note under resultatrekneskapen i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3) Notespesifikasjonen til SPU er noko endra samanlikna med tidlegare år. I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta i 2015 spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 11. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar (4.1)

107 383

132 240

44 791

284 414

– obligasjonar (4.2)

78 243

21 098

-63 181

36 160

– eigedom (6.1)

1 601

1 931

11 005

14 537

– finansielle derivat (4.3)

-869

21

-2 422

1 286

-1 984

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (11.1)

3 266

3 266

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (11.1)

50

50

Andre renteinntekter og rentekostnader

-18

-18

Skattekostnad (9.1)

-2 628

-2 628

Andre kostnader

-18

-18

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

78 957

109 335

150 916

-6 099

670

333 779

Summen av renteinntekter (79,0 mrd. kroner), aksjeutbyte (109,3 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (0,7 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (3,9 mrd. kroner) utgjer 185,0 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2014

2015

Mellomrekning med statskassa1)

3 054

0

Konto i Noregs Bank2)

6 427 537

7 471 220

Sum eigedelar

6 430 591

7 471 220

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

10 453

Eigenkapital

6 430 591

7 460 767

Sum gjeld og eigenkapital

6 430 591

7 471 220

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2015 vart 10 453 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet og teken omsyn til mellomrekninga mellom fondet og statskassa per 31.12.2014. Denne differansen utgjer per 31.12.2015 eit krav for statskassa mot fondet, og vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2016. Tilsvarande tal per 31.12.2014 var eit krav på 3 054 mill. kroner i fondets favør som vart innløyst med ein auke i overføringa i 2015.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

20141)

2015

Finansielle eigedelar

Innskot i bankar

11 731

2 543

Utlån knytte til attsalsavtalar

45 536

123 385

Avgitt kontantsikkerhet

1 289

2 231

Uoppgjorde handlar

1 376

18 404

Aksjar og andelar

3 790 853

4 287 606

Utlånte aksjar

166 842

312 662

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

2 324 626

2 476 729

Utlånte obligasjonar

25 163

241 518

Unotert eigedom

106 431

180 021

Finansielle derivat

5 777

8 829

Andre eigedelar

3 847

2 265

Sum eigedelar

6 483 471

7 656 193

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytte til attkjøpsavtalar

39 975

149 735

Motteken kontantsikring

543

2 570

Uoppgjorde handlar

4 001

22 438

Finansielle derivat

7 895

5 266

Anna gjeld

318

1 031

Skuldig forvaltningskostnad

3 202

3 933

Sum gjeld

55 934

184 973

Eigenkapital SPU

6 427 537

7 471 220

Sum gjeld og eigenkapital

6 483 471

7 656 193

1) Tala for 2014 er noko omarbeidde samanlikna med førre året. Sjå note under balanseoppstillinga i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 16. mars 2016 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2015.

Eigenkapitalen i SPN var 198,4 mrd. kroner ved utgangen av 2015, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 118,0 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 85,7 mrd. kroner. Andre store poster er bokført verdi av finansielle derivat på 3,0 mrd. kroner og 7,0 mrd. kroner i bankinnskot.5 Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 8,7 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til attkjøpsavtalar.

I 2015 syner resultatet til SPN eit overskot på 12,8 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 3,0 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 4,3 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 5,8 mrd. kroner, med 6,3 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 1,0 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 1,4 mrd. kroner i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var negative med 0,1 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 168 mill. kroner, som er 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2015. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 23 (2015–2016).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2015. Avkastninga av fondet i 2015 var på 7,0 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 2,9 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 9,9 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2015 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2014

2015

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

6 246

6 276

– obligasjonar og andre renteberande papir

4 066

993

– finansielle derivat

169

-1 437

Renteinntekter

2 896

2 954

Aksjeutbyte

5 265

4 337

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-571

-144

Transaksjonskostnader

-37

-35

Porteføljeresultat

18 034

12 944

Forvaltningskostnader

-140

-168

Totalresultat SPN1)

17 894

12 776

1) Summen av renteinntekter (2 954 mill. kroner), aksjeutbyte (4 337 mill. kroner) og netto andre inntekter (-144 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (168 mill. kroner), utgjer 6 979 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

20141)

2015

Eigedelar

Bankinnskot

8 554

6 983

Krav knytte til attsalsavtalar

2 082

-

Stilt kontantsikring

4

10

Uoppgjorde handlar

912

10

Aksjar

95 911

102 196

Utlånte aksjar

11 838

15 851

Obligasjonar og andre renteberande papir

74 444

78 691

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

6 484

7 020

Finansielle derivat

3 258

2 993

Krav

33

57

Sum eigedelar

203 520

213 811

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

6 425

5 055

Motteken kontantsikring

9 663

8 661

Uoppgjorde handlar

362

37

Finansielle derivat

1 366

1 603

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

40

15

Sum gjeld

17 856

15 371

Eigenkapital SPN

185 664

198 440

Sum gjeld og eigenkapital

203 520

213 811

1) Balansetala for 2014 er noko omarbeidde samanlikna med slik dei vart presenterte i statsrekneskapen 2014. Oppstillinga samsvarer med balanseoppstillinga som Folketrygdfondet har presentert i rekneskapen for SPN for 2015.

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 185,0 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

3.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til fondet for 2015 (32 193 mill. kroner) er netto kontantstraum (218 256 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (186 063 mill. kroner).

4.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

5.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2015 omtalar styret verdien av høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen noko annleis enn i tabell 3.6 fordi dei òg har teke omsyn til bankinnskota for dei ulike porteføljeområda. Fleire opplysningar står i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, note 5 Porteføljeområde.

6.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida