Meld. St. 3 (2015–2016)

Statsrekneskapen 2015

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 1 075,7 mrd. kroner i 2015, frå 7 768,7 mrd. kroner til 8 844,4 mrd. kroner. Mykje av endringa kjem av auka verdi i Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 28,7 mrd. kroner i 2015, frå 635,5 mrd. kroner til 664,2 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 047,0 mrd. kroner frå 7 133,2 mrd. kroner til 8 180,2 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.14

31.12.15

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

115 632

100 593

-15 039

61. Spesielle fond og forsikringar

2

6 626 286

7 671 278

1 044 993

62. Verdipapir

3

150 098

150 839

742

63. Utlån og uteståande krav

4

489 095

481 274

-7 821

64. Ordinære fond

5

105 651

151 393

45 743

65. Forskot

6

649

191

-458

66. Kapital i statsbankane

7

659

659

0

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

227 211

232 644

5 433

69. Eigenbehaldning statspapir

9

63 565

67 907

4 342

70.-72. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar

10

-1 207

-2 874

-1 667

77. Overkurs/underkurs statspapirer

11

-8 948

-9 511

-563

Sum eigedelar

7 768 690

8 844 394

1 075 704

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

485 453

482 817

-2 636

81. Kontolån frå ordinære fond

13

115 925

162 143

46 217

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

15 980

16 521

541

84. Deposita og avsetjingar

15

5 745

-7 889

-13 634

87. Overførte unytta løyvingar

16

12 366

10 570

-1 796

Sum gjeld

635 470

664 163

28 693

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

7 133 220

8 180 231

1 047 011

Sum gjeld og eigenkapital

7 768 690

8 844 394

1 075 704

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 15,0 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2015 enn ved utgangen av 2014. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 045 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 1 030,2 mrd. kroner for Statens pensjonsfond utland (SPU) og 12,8 mrd. kroner for Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med om lag 2,0 mrd. kroner i 2015. Av dette var 1,1 mrd. kroner tilført grunnfondskapital og 0,9 mrd. kroner annan auke.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 742 mill. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i aksjar i Kommunalbanken AS med 1,0 mrd. kroner. GIEK Kredittforsikring AS er ført opp med 137 mill. kroner, jf. fullmakt frå Stortinget til å omklassifisere aksjekapital og annan kapital frå kontogruppe 68 til kontogruppe 62. Ein tilbakeføring av kapitalinnskot på Siva SF førte til ein nedgang på 391 mill. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav minka med 7,8 mrd. kroner. Av dette kjem 8,5 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 4,9 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 22,2 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka minka med 149 mill. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka hadde ein netto nedgang på 6,5 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS auka netto med 9,4 mrd. kroner. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) minka med 1,1 mrd. kroner. Utlån til Oslo Lufthavn AS minka med 0,4 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,3 mrd. kroner. Lån til Store Norske Spitsbergen er ført opp med 0,2 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond auka med 45,7 mrd. kroner. Infrastrukturfondet auka med 40,7 mrd. kroner medrekna netto avkastning. Fondet for klima auka med 9,5 mrd. kroner, medan regionale forskingsfond vart avvikla og 6,2 mrd. kroner tilbakeført til statskassa. Energifondet auka med netto 0,9 mrd. kroner. Midlar til tapsavsetjing for lån til Store Norske Spitsbergen er ført opp med 0,2 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 458 mill. kroner som i all hovudsak gjeld forskot i Statens vegvesen.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2015.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 5,4 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med 4,0 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med 1,7 mrd. kroner. Kapitalen i GIEK er omklassifisert til kontogruppe 62 og sett ned med 137 mill. kroner, jf. fullmakt frå Stortinget til å omklassifisere aksjekapital og annan kapital frå kontogruppe 68 til kontogruppe 62. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 78 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljer om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 4,3 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 3,5 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 0,8 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa auka med 1,7 mrd. kroner, frå -1,2 mrd. kroner i 2014 til -2,9 mrd. kroner i 2015, slik at verksemdene har 2,9 mrd. kroner til gode per 31.12.2015.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklåra saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2015 postert 0,3 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

-445 732,00

Husbanken

142 827,27

De nasjonale forskningsetiske komiteene (FEK)

8 708,33

Samla

-294 196,40

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2015 bokført med -9,5 mrd. kroner. Dette er ei endring på -0,6 mrd. kroner frå -8,9 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda minka med 2,6 mrd. kroner. Statskassevekslar auka med 2,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 1,3 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands hadde ein netto nedgang på 5,9 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2015 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5.

Kontogruppe 81 auka med 46,2 mrd. kroner. Infrastrukturfondet auka med 40,7 mrd. kroner medrekna netto avkastning. Fondet for klima auka med 9,5 mrd. kroner, medan regionale forskingsfond vart avvikla og 6,2 mrd. kroner tilbakeført til statskassa. Energifondet auka med netto 0,9 mrd. kroner. Midlar til tapsavsetjing for lån til Store Norske Spitsbergen er ført opp med 0,2 mrd. kroner. Fond under Utanriksdepartementet auka med 1,1 mrd. kroner. Sjå detaljar i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 0,5 mrd. kroner. Midlane utgjer 16,5 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auka i 2015 gjeld særlig Noregs forskingsråd med 255 mill. kroner og universitets og høgskulesektoren med 343 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med 13,6 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 13,5 mrd. kroner slik at staten per 31.12.2015 hadde 10,5 mrd. kroner til gode i SPU, sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 523 mill. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket auka med 360 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet for Enova SF og Gassnova auka med 13 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 2 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2015 til 2016 utgjer til saman 10,6 mrd. kroner, som er 1,8 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2014 til 2015.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2015 auka med 1 047,0 mrd. kroner, frå 7 133,2 mrd. kroner til 8 180,2 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av tabellen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2015

2014

61. Auka verdi Statens pensjonsfond

1 042 953

1 416 088

99. Overskot før lånetransaksjonar

751

-3 844

87. Redusert avsetjing av overførte midlar

1 796

1 881

Andre endringar:

1 511

33 567

61. Auka verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

929

1 167

61. Nettovinst ved innløysing av Statens obligasjonsfond

-

2 333

62. Nettovinst verdipapir

123

8 532

62. GIEK omklassifisering

137

-

63. Anna (tap/ettergiving av lån)

-21

-

63. Auka utlån til helseføretaka

520

1 471

63. Redusert lån TCM

-1 114

-1 092

63. Redusert driftskredittramme, helseføretaka

-6 530

5 550

64. Inneståande fond, ikkje ført 90-post

2 493

1 242

65. Endring i avsetjing av forskot under Veg

-458

904

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

5 570

14 513

68. GIEK omklassifisering til 62 gruppa

-137

-

70-72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

0

-1

80. Statsgjelda, mellomrekning som følgje av feilen i tidspunktet for tilbakeføringa av driftskredittramme, sjå note 10.

-

-1 050

Sum

1 047 011

1 447 692

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2015 renteinntekter på 14,1 mrd. kroner og renteutgifter på 11,3 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 2,8 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2014 til 2015 auka renteutgiftene med 0,1 mrd. kroner, medan renteinntektene gjekk ned med 0,5 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2013

2014

2015

1. Renteinntekter i alt1)

15 041

14 662

14 149

Renter frå statsbankane og statsføretaka

8 370

9 014

9 278

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

85

80

76

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

6 585

5 568

4 795

renter av innskot og andre krav

4 281

2 624

2 007

renter av lån til helseføretaka

430

394

310

renter av lån til aksjeselskap

282

163

110

renter frå folketrygda

2

1

1

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

1 589

2 386

2 367

2. Renteutgifter i alt2)

12 256

11 211

11 322

Av innanlandsk statsgjeld

12 186

11 117

11 249

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

71

93

73

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

2 784

3 451

2 827

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 35,7 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 11 248,7 mill. kroner syner programområdet 24 statlege gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjoner på 11 284,4 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 9,3 mrd. kroner. Av dette er 3,5 mrd. kroner frå Husbanken, 4,0 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,6 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 223 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 23 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 2,0 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 0,2 mrd. kroner renter av driftskreditt statsverksemder og 1,8 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka frå og med 2008 på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 73,4 mill. kroner. Renteutgiftene på 11,2 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 11,1 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 3,2 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 18,6 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 3,3 mrd. kroner på attkjøps- og rentebyteavtaler.

Per 31.12.2015 var statsgjelda 482,8 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 17 S (2014–2015) Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2014 og 2015. Per 31.12.2015 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 180,1 mrd. kroner. Dette er 2,0 mrd. kroner meir enn i 2014. Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2015 netto med 4,5 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 4,8 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet auka med 0,7 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2015 var på 1,2 mrd. kroner, og dette kjem for det meste av utbetalingar under den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning».

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.(tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2014

Utbetalt ved tap i 2015

Garantiansvar per 31.12.2015

Utanriksdepartementet

25 199,8

30 011,3

Arbeids- og sosialdepartementet

243,9

229,4

Helse- og omsorgsdepartementet

2,7

1,1

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

2,4

2,0

Nærings- og fiskeridepartementet

132 064,4

1 182,2

127 571,1

Samferdselsdepartementet

5 890,0

6 570,0

Finansdepartementet

14 732,4

15 682,1

Sum

178 135,6

1 182,2

180 066,9

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida