Meld. St. 3 (2018–2019)

Statsrekneskapen 2018

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 8 482,6 mrd. kroner ved utgangen av 2018, tilsvarande ein minke på 241,7 mrd. kroner frå utgangen av 2017. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2017

2018

Endring

SPU

8 484 090

8 243 409

-240 681

SPN

240 206

239 201

-1 005

Statens pensjonsfond

8 724 296

8 482 610

-241 686

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2018 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA1), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.2 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto minke i verdiane i SPU på 240,7 mrd. kroner i 2018. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 251,0 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2018 vart det overført 225,5 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2018 ikkje netto finanstransaksjonar3, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var -266,1 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 217,2 mrd. kroner4 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 174,9 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og -881,8 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 223,6 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2018. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit negativt resultat frå forvaltning på 485,2 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2018 er netto avsetjing 25,4 mrd. kroner.5 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2017

2018

Januar

-10 100

-6 000

Februar

-4 800

0

Mars

-4 800

0

April

-5 500

-1 700

Mai

-5 400

-1 700

Juni

-5 400

1 850

Juli

-5 400

1 850

August

-2 500

5 300

September

-2 500

5 300

Oktober

-2 500

6 600

November

-5 950

6 600

Desember

-5 950

15 700

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

-60 800

33 800

– Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

3 110

363

– Netto avsetjing til SPU i år

-63 547

25 445

= For lite (-) /mykje overført til SPU i år

-363

7 992

*) For 2018 vart det til saman overført 33,8 mrd. kroner til fondet. I 2017 vart det overført 363 mill. kroner for mykje til statskassa frå fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2017. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2018 enda opp med å vere 7 992 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2017 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2018 er bokført til 8 243,4 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 8 251,4 mrd. kroner og mellomrekninga på 8,0 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtalt i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019.

Den 27. februar 2019 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2018. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.6 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 8 251,4 mrd. kroner ved utgangen av 2018. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på -6,1 prosent for heile 2018 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på -9,5 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 0,6 prosent og eigedomsinvesteringane 7,5 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2018 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 223,6 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2018 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 673 mill. kroner i 2018 mot 924 mill. kroner i 2017. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 4 544 mill. kroner i 2018, mot 4 728 mill. kroner i 2017. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2018, og kostnadsutviklinga er nærare omtalt i Meld. St. 20 (2018–2019).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 20 (2018–2019).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2017

2018

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

167 847

250 959

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-231 394

-225 514

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

-63 547

25 445

Avkastning av plasseringane til fondet

4

1 037 764

-266 126

Samla endring SPU

974 217

-240 681

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2017

2018

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

23 688

38 540

72

Særskatt på oljeinntekter

41 361

71 774

74

Arealavgift m.m.

939

1 780

Sum kap. 5507

65 988

112 093

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 182

5 193

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

7

1

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

86 620

114 510

30

Avskrivingar

24 648

23 636

80

Renter av statens kapital

3 581

3 114

85

Renter på mellomvære

-13

-17

Sum kap. 5440

114 836

141 242

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

8 398

14 984

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

194 411

273 513

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

26 564

22 555

Sum utgifter til petroleumsverksemda

26 564

22 555

Sum netto kontantstraum

167 847

250 959

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

167 847

250 959

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2017 eller 2018. Statoil ASA innførte i 2016 eit toårig utbyteprogram som gav aksjeeigarane valet mellom å få utbyte (heilt eller delvis) i kontantar eller i aksjar. Staten deltok i programmet ut frå føresetnaden om at eigarandelen skulle haldast konstant på 67 prosent. Dette vart gjort ved at staten teikna seg for sin del aksjar som dei andre aksjonærane hadde valt. Dette innebar at staten sitt kontantutbyte vart redusert i den perioden som utbyteprogrammet heldt fram. Det er i avviklingsåret 2018 rekneskapsført 1,8 mrd. kroner i utbyteaksjar på høvesvis inntektskapittel 4811, post 96 og utgiftskapittel 1811, post 96 som speglar verdien av utbyteaksjane, slik at netto finanstransaksjonar er null. I 2017 utgjorde utbyteaksjane 7,5 mrd. kroner.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2017

2018

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

231 394

225 514

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2017

2018

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

933 501

-517 214

– obligasjonar

81 410

14 568

– unotert eigedom

14 237

16 421

– finansielle derivat

278

2 819

– utlån med sikkerhetsstillelse

3 532

4 733

– innlån med sikkerhetsstillelse

-345

-1 466

Skattekostnad1)

-4 796

-5 050

Renteinntekt/kostnad

-16

10

Annan inntekt/kostnad

-11

-13

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

1 027 790

-485 192

Vinst/tap valuta

14 701

223 611

Porteføljeresultat

1 042 492

-261 581

Forvaltningskostnad

-4 728

-4 544

Resultat og totalresultat

1 037 764

-266 126

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 12. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (4.1)

147 630

190 643

-855 488

-517 214

– obligasjonar (4.2)

69 505

-17 918

-37 020

14 568

– eigedom (6.1)

5 8221)

10 599

16 421

– finansielle derivat (4.3)

541

6

2 181

91

2 819

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

4 733

4 733

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

-1 466

-1 466

Renteinntekt/kostnad

10

10

Skattekostnad (9.1)

-5 050

-5 050

Annan inntekt/kostnad

-13

-13

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

75 878

147 636

174 906

-881 818

-1 796

-485 192

Summen av renteinntekter (75,9 mrd. kroner), aksjeutbyte (147,6 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-1,8 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (4,5 mrd. kroner) utgjer 217,2 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2017

2018

Mellomrekning med statskassa1)

363

0

Konto i Noregs Bank2)

8 483 727

8 251 401

Sum eigedelar

8 484 090

8 251 401

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

7 992

Eigenkapital

8 484 090

8 243 409

Sum gjeld og eigenkapital

8 484 090

8 251 401

1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2018 vart 7 992 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2017 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2018 ei fordring som statskassa har på fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2019. Tilsvarande tal per 31.12.2017 var eit krav på 363 mill. kroner i favør av fondet som vart avrekna i overføringane i 2018.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2017

2018

Eigedelar

Innskot i bankar

11 027

11 561

Utlån med sikkerhetsstillelse

185 046

216 768

Avgiven kontantsikkerhet

1 894

1 806

Uoppgjorde handlar

13 389

13 767

Aksjar

5 250 871

5 048 647

Utlånte aksjar

411 664

437 651

Obligasjonar

2 080 061

1 996 929

Utlånte obligasjonar

591 277

662 920

Finansielle derivat

9 025

3 576

Unotert eigedom

217 160

243 818

Andre eigedelar

3 219

3 448

Sum eigedelar

8 774 633

8 640 892

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

260 136

360 105

Motteken kontantsikring

5 804

5 017

Uoppgjorde handlar

15 905

15 565

Finansielle derivat

3 919

4 222

Anna gjeld

415

37

Skuldig forvaltningskostnad

4 728

4 544

Sum gjeld

290 907

389 491

Eigenkapital SPU

8 483 727

8 251 401

Sum gjeld og eigenkapital

8 774 633

8 640 892

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 28. februar 2019 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2018.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2018 239,2 mrd. kroner, mot 240,2 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPUs aksjeportefølje ved utgangen av 2018 var 141,1 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 98,1 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2017 var høvesvis 155,0 mrd. kroner og 85,2 mrd. kroner.

I 2018 syner resultatet til SPN eit underskot på 1,0 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,4 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 5,7 mrd. kroner. Verdipapirtapa var på 8,8 mrd. kroner, med 8,4 mrd. kroner i tap på eigenkapitalplasseringar, 0,6 mrd. kroner i tap på renteplasseringar og 0,2 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på minus 0,1 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 159 mill. kroner, som er 0,07 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2018. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 20 (2018–2019).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2018. Avkastninga av fondet i 2018 var på -0,4 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 1,7 prosent, medan avkastninga av aksjar var på -1,8 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2018 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2017

2018

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

19 410

-8 405

– obligasjonar og andre renteberande papir

1 540

-596

– finansielle derivat

-232

210

Renteinntekter

2 372

2 409

Utbyte

5 599

5 689

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-549

-114

Transaksjonskostnader

-35

-39

Porteføljeresultat

28 105

-846

Forvaltningskostnader

-166

-159

Totalresultat SPN1)

27 939

-1 005

1) Summen av renteinntekter (2 409 mill. kroner), aksjeutbyte (5 689 mill. kroner) og netto andre inntekter (-114 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (159 mill. kroner), utgjer 7 825 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2017

2018

Eigedelar

Bankinnskot

7 117

5 811

Krav knytte til attsalsavtalar

1 818

2 110

Stilt kontantsikring

6

30

Uoppgjorde handlar

2

16

Aksjar

138 670

128 134

Utlånte aksjar

16 462

12 977

Obligasjonar og andre renteberande papir

82 294

94 105

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

7 624

10 120

Finansielle derivat

2 113

1 686

Krav

78

107

Sum eigedelar

256 184

255 096

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

5 693

5 074

Motteken kontantsikring

9 088

9 936

Uoppgjorde handlar

4

0

Finansielle derivat

1 170

868

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

21

17

Andre forpliktingar og avsetjingar

2

0

Sum gjeld

15 978

15 895

Eigenkapital SPN

240 206

239 201

Sum gjeld og eigenkapital

256 184

255 096

Fotnotar

1.

Statoil ASA endra i 2018 namn til Equinor ASA.

2.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

3.

Sjå omtale av utbyteaksjar i note 2 til tabell 3.3.

4.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 217,2 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

5.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2018 (25 445 mill. kroner) er netto kontantstraum (250 959 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (225 514 mill. kroner).

6.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida