Meld. St. 3 (2019–2020)

Statsrekneskapen 2019

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2019.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2018 til 2019 og overført løyving frå 2019 til 2020. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2019. Budsjettutviklinga gjennom 2019 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 28 S (2019–2020) Ny saldering av statsbudsjettet 2019.

Virusutbrotet i 2020 vil ha store konsekvensar for utgiftene og inntektene i statsbudsjettet 2020 og for overføringa til og frå Statens pensjonsfond. Marknadsverdien på Statens pensjonsfond, målt i norske kroner, vert òg monaleg påverka gjennom krisa. Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2019, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4. Hendingar etter balansedagen fram til meldinga vert lagt fram, vert difor ikkje omtalt i statsrekneskapen 2019.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2019 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 1 822,3 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 751,1 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 71,2 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 1 822,3 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2019

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og over- føring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01–29)

178 493

178 493

178 493

0

0

Investeringar (post 30–49)

73 998

73 998

47 667

26 331

0

Overføringar (post 50–89)

1 382 539

1 125 624

1 125 624

0

256 915

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

1 635 030

1 378 115

1 351 785

26 331

256 915

Lånetransaksjonar (post 90–99)

187 253

187 253

187 253

0

0

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 822 283

1 565 368

1 539 038

26 331

256 915

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01–29)

122 979

122 979

25 603

97 376

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30–49)

26 371

26 371

3 697

22 674

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50–89)

1 486 621

1 258 057

1 094 862

163 195

228 564

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

1 635 971

1 407 407

1 124 162

283 245

228 564

Tilbakebetalingar (post 90–99)

115 117

115 117

115 117

0

0

Sum inntekter før statslånemidlar

1 751 088

1 522 524

1 239 278

283 245

228 564

Netto post 01–89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-941

-29 292

227 623

-256 915

28 350

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99), utgifter og inntekter

72 137

72 137

72 137

0

0

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

71 195

Sum inntekter med lånetransaksjonar

1 822 283

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2019 vart 227,6 mrd. kroner, som er 0,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 0,9 mrd. kroner.

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2019 med 1 892,3 mrd. kroner, som skriv seg for det meste av auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar òg eigenkapitalen, og det same gjer minka avsetjing av overførte midlar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2019

2018

Endring

Sum eigedelar

11 656 088

9 766 982

1 889 105

Sum gjeld

692 170

695 369

-3 199

Avslutningskonto (eigenkapital)

10 963 918

9 071 614

1 892 304

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond

1 872 360

Overskot før lånetransaksjonar i balansen

941

Minka avsetjing av overførte midlar

522

Anna endring i eigenkapitalen

18 481

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2019 og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 275,8 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 276,7 mrd. kroner i 2019.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

256,9

256,9

– Overført statsbudsjettet

228,6

228,6

Renter og utbyte

238,9

8,6

247,5

Overskot

267,2

8,6

275,8

Kapital per 31.12.2018

8 243,4

239,2

8 482,6

Overskot

267,2

8,6

275,8

Valutakursregulering

126,7

126,7

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 448,9

21,0

1 469,9

Kapital per 31.12.2019

10 086,2

268,7

10 355,0

Endra verdi, fondskapital

1 842,8

29,5

1 872,4

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2019 er bruken av petroleumsinntekter i 2019 no rekna til 245,2 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 14,0 mrd. kroner meir enn i Saldert budsjett 2019, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 231,2 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 8,0 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg 2019, slik det no er rekna til, og til 3,0 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2019.

Eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 245,2 mrd. kroner er 10,6 mrd. kroner meir enn det ein rekna i nysaldert budsjett. Auken kjem i hovudsak av lågare anslag på strukturelle skatte- og avgiftsinntekter.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2018 og 2019.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2018 til 2019

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond auka med 19,3 mrd. kroner, frå 257,4 mrd. kroner i 2018 til 276,7 mrd. kroner i 2019. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar minka med 6,1 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond auka med 25,4 mrd. kroner. Auken i overskotet i Statens pensjonsfond kjem av den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda som vart 6,0 mrd. kroner høgare enn i 2018, overføringa til statsbudsjettet som vart 3,1 mrd. kroner høgare og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond som vart 22,5 mrd. kroner høgare enn i 2018. Det oljekorrigerte underskotet auka med 9,1 mrd. kroner frå 2018 til 2019.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føre til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke i ein konjunkturnedgang og minke i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setje ned skattane eller auke utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auke etterspurnaden i gode tider og dempe han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk effekt.

For å kome frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggjande utviklinga i budsjettbalansen. Dessutan korrigerer ein for at pensjonspremier i helseføretaka skil seg frå det normale.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane bygger på meir aggregerte utrekningar enn dei tala Finansdepartementet nyttar for Noreg og som vert publiserte i budsjettdokumenta.

Tabell 1.4 nedanfor syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 56,2 mrd. kroner eller om lag 4,3 prosent, frå 1 295,6 mrd. kroner i 2018 til 1 351,8 mrd. kroner i 2019.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2019 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Nysaldert budsjett 2019

Rekneskap 2019

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 350 591

1 432 228

1 403 177

1 407 407

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

273 513

312 822

281 501

283 245

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 077 078

1 119 406

1 121 676

1 124 162

B

Utgifter i alt

1 318 145

1 378 900

1 377 240

1 378 115

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

22 555

27 000

27 000

26 331

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 295 590

1 351 900

1 350 240

1 351 785

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

32 446

53 328

25 937

29 292

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

250 959

285 822

254 501

256 915

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-218 513

-232 494

-228 564

-227 623

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

225 514

232 494

228 564

228 564

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

7 001

0

0

941

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

250 959

285 822

254 501

256 915

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

225 514

232 494

228 564

228 564

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

224 999

225 700

236 700

247 454

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

250 444

279 028

262 637

275 804

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

257 445

279 028

262 637

276 746

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2019 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 238,866 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 8,588 mrd. kroner. For 2018 var renter og utbyte i SPU 217,174 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,825 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond i 2019 vart 275,8 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 267,2 mrd. kroner, medan det i 2018 var 242,6 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2019 vart 29,1 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 1,7 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 2,3 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 1,7 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 228,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2019, som er 3,9 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett.

Av 2,3 mrd. kroner i høgare inntekter kjem 2,8 mrd. kroner av auka overføring frå Noregs Bank. Inntektene under statens forretningsdrift vart 1,0 mrd. kroner høgare, medan skatte- og avgiftsinntekter vart drygt 1,7 mrd. kroner lågare. Ymse inntekter auka med 0,9 mrd. kroner, mellom anna som følgje av tilbakeførte EØS-midlar ved avslutning av EØS-avtalene 2009–2014. Andre inntekter under departementa vart 0,7 mrd. kroner lågare.

Utgiftene vart knapt 1,7 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Renteutgiftene vart 0,6 mrd. kroner lågare, stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar vart 2,2 mrd. kroner lågare, medan andre utgifter netto vart 1,1 mrd. kroner høgare, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.

Budsjettutviklinga gjennom 2018 fram til nysalderinga er omtalt nærare i Prop. 28 S (2019–2020) Ny saldering av statsbudsjettet 2019.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2019 er det oljekorrigerte underskotet 227,6 mrd. kroner. Dette er 0,9 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 4,9 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis -0,0 prosent og -0,2 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2019 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2019 gjord opp med eit overskot på 0,9 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 2,5 mrd. kroner, frå 1 121,7 mrd. kroner til 1 124,2 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 1,5 mrd. kroner, frå 1 350,2 mrd. kroner til 1 351,8 mrd. kroner. Sjå tabell 1.5 og 1.6 for detaljar.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

535

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

64

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

198

+

Andre inntekter

163

=

Auka inntekter utan meirinntekter

960

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 526

=

Samla endring, inntekter

2 486

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

859

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

174

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-113

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530–2790

1 037

+

Omsorgstenester kap. 0761

-1 324

+

Særskilte transporttiltak, kap. 1330

748

+

Jernbaneføremål, kap. 1352–1359

616

+

Forsvarsbygg, kap. 1710

452

+

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760–1761

-422

+

Redningshelikoptertenesta, kap. 0454

-266

+

Statsbygg, kap. 2445

-265

+

Statens vegvesen, kap. 1320

-212

+

Arbeidsmarknadstiltak, kap. 0634

-198

+

Arbeids- og velferdsetaten, kap. 0604 og 0605

166

+

Politidirektoratet, kap. 0440

159

+

Bygg, offentlege rom, kap. 0322

158

+

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-128

+

Tilskot, Statens pensjonskasse, kap. 0612

-126

+

Kystverket, kap. 1360

124

+

Administrasjon av utanrikstenesta, kap. 0100–0104

118

+

Folkehelseinstituttet, kap. 0745

115

+

Vaksinar, kap. 0710

106

+

Andre utgifter, netto

-234

=

Samla endring, utgifter

1 545

Standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen utgjorde om lag 2,6 mrd. kroner3, og er medrekna i desse tala. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga er òg medrekna.

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1989 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,2 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,3 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1989 til 2019. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1989 til 2019. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB si revisjon i 2019.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Overførte, unytta løyvingar frå 2019 til 2020 vart 0,5 mrd. kroner lågare enn overføringane frå 2018 til 2019.

Departementa har rapportert 1,5 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Nokre departement og statlege verksemder har høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Endringar i utgiftene må sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga. Meir- og mindreutgifter må òg sjåast opp mot nedgangen i overført, unytta løyving til 2020 samanlikna med overført , unytta løyving frå 2018. Til dømes er meirutgiftene under SD, jf. kap. 1320, 1330 og 1352–1359, som følgje av forseinka framdrift, motsvart av ein minke på 1,4 mrd. kroner i overført, unytta løyving. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2015–2016

10 570

-1 796

2016–2017

13 507

2 937

2017–2018

14 506

999

2018–2019

16 784

2 278

2019–2020

16 262

-522

Overført, unytta løyving til 2020

Frå 2018 til 2019 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 16,8 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2019 til 2020 er på 16,3 mrd. kroner. Det er ein netto nedgang på 0,5 mrd. kroner.

Det er Samferdselsdepartementet (-1,5 mrd. kroner), Olje- og energidepartementet (-0,2 mrd. kroner), Utanriksdepartementet (-0,2 mrd. kroner) og Konstitusjonelle institusjonar (-0,2 mrd. kroner) som har hatt størst nedgang i overført, unytta løyving. Størst auke i overført, unytta løyving har Helse- og omsorgsdepartementet (0,9 mrd. kroner), Forsvarsdepartementet (0,8 mrd. kroner) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (0,3 mrd. kroner). Det vart overført 27 mill. kroner i unytta løyving på post med lånetransaksjonar (90-postar) til 2020.

Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2019 er den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 1,4 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2019 vart han rekna til 2,0 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2019 er veksten rekna til 1,7 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2010

0,9

2011

1,7

2012

1,6

2013

2,5

2014

3,1

2015

2,8

2016

2,6

2017

1,9

2018

0,7

2019

1,7

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2018 har brutto finansieringsbehovet auka med 134,3 mrd. kroner, frå -63,1 mrd. kroner i 2018 til 71,2 mrd. kroner i 2019. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 20,3 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 87,7 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar vart 6,1 mrd. kroner lågare slik at netto finansieringsbehovet vart 114,1 mrd. kroner større enn i 2018. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 20,2 mrd. kroner i 2019 samanlikna med 2018. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2019 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Nysaldert budsjett 2019

Rekneskap 2019

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

102 839

112 955

120 053

123 152

Tilbakebetalingar

202 858

112 316

113 028

115 117

Overskot i statsbudsjettet

7 001

0

0

941

=

Netto finansieringsbehov

-107 021

639

7 025

7 094

+

Gjeldsavdrag

43 899

76 515

64 101

64 101

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

-63 122

77 154

71 126

71 195

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

1 754

0

0

0

Utlån, aksjeteikning m.m.

1 754

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland

0

0

0

0

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart 3,1 mrd. kroner høgare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614

1 714

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

81

Husbanken, kap. 2412

2

Eksportfinansieringsordninga, kap. 2429

2 440

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-1 135

Andre utlån, netto

-3

Samla endring utlån

3 099

Samla meirutgifter knytte til lånetransaksjonar svarar til 2,6 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgiftene på lån frå Eksportkredittordninga som svarar til 27,1 prosent av løyvinga, medan meirutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 14,5 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart 2,1 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Eksportfinansieringsordninga, kap. 5329

-1 007

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

82

Husbanken, kap. 5312

809

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614

194

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-1 390

Forvaltning statleg eigarskap, kap. 3950

3 399

Samla endring i tilbakebetalingane

2 088

Netto utlån vart dermed 1,0 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 0,9 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 0,1 mrd. kroner større enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2019 vart 64,1 mrd. kroner som i budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed 0,1 mrd. kroner større enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2018 for utbyteaksjar i Equinor ASA, medan det i 2019 ikkje var slike transaksjonar. Verknaden på nettofinanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda overført til Statens pensjonsfond utland var dermed null.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2019 inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2019 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2019 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 030,9 mrd. kroner i 2019, ein auke på 44,5 mrd. kroner eller 4,5 prosent frå året før, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Nysaldert budsjett 2019

Rekneskap 2019

Skattar på formue og inntekt

254,9

268,1

272,9

274,0

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

327,4

342,5

342,6

342,8

Tollinntekter

3,5

3,3

3,4

3,5

Meirverdiavgift

295,1

310,0

307,5

305,9

Avgifter på alkohol

14,1

14,2

14,3

14,4

Avgifter på tobakk

6,7

6,6

6,5

6,5

Avgifter på motorvogner

23,4

25,9

23,9

23,9

Andre avgifter

61,3

61,5

59,4

59,9

Sum skattar og avgifter

986,4

1 032,1

1 030,4

1 030,9

I statsrekneskapen for 2019 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 1,2 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2019 vart anslaget auka med 2,5 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2019-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 030,4 mrd. kroner, som er 1,7 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 0,5 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 030,9 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2019 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 274,0 mrd. kroner. Dette var 7,5 prosent høgare enn i 2018. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 342,8 mrd. kroner i 2019, ein auke på 4,7 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 3,6 prosent, til 305,9 mrd. kroner i 2019. Frå 2018 til 2019 minka andre særavgifter og tollinntekter med 0,7 prosent, frå 109,0 mrd. kroner til 108,3 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 26,3 mrd. kroner i 2019. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 140,4 mrd. kroner i 2019. Inntektene frå SDØE vart 122,8 mrd. kroner, medan utbyte frå Equinor ASA i 2019 vart 20,1 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 283,2 mrd. kroner i 2019, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 256,9 mrd. kroner. Det er 28,9 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og 2,4 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.13.

Tabell 1.13 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Auka petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

678

+

auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Equinor ASA

1 066

+

reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd

669

=

Netto endring i petroleumsinntekter

2 414

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2019 vart 28,4 mrd. kroner som er overført frå statskassa til fondet. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2019.

3.

2,6 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida