Meld. St. 3 (2019–2020)

Statsrekneskapen 2019

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 10 355,0 mrd. kroner ved utgangen av 2019, tilsvarande ein auke på 1 872,4 mrd. kroner frå utgangen av 2018. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2018

2019

Endring

SPU

8 243 409

10 086 229

1 842 820

SPN

239 201

268 740

29 539

Statens pensjonsfond

8 482 610

10 354 969

1 872 360

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2019 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 1 842,8 mrd. kroner i 2019. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 256,9 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2019 vart det overført 228,6 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2019 ikkje netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 814,5 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 238,9 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 142,5 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 1 306,4 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 126,7 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2019. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 1 692,1 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2019 er netto avsetjing 28,4 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2018

2019

Januar

-6 000

4 400

Februar

0

1 700

Mars

0

1 700

April

-1 700

1 700

Mai

-1 700

2 000

Juni

1 850

2 000

Juli

1 850

2 000

August

5 300

-3 600

September

5 300

-3 600

Oktober

6 600

-3 600

November

6 600

-3 600

Desember

15 700

16 800

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

33 800

17 900

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

363

7 992

- Netto avsetjing til SPU i år

25 445

28 350

For lite (-) /mykje overført til SPU i år

7 992

-2 458

*) For 2019 vart det til saman overført 17,9 mrd. kroner til fondet. I 2018 vart det overført 7 992 mill. kroner for mykje til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2018. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2019 enda opp med å vere 2 458 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2018 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2019 er bokført til 10 086,2 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 10 083,8 mrd. kroner og mellomrekninga på 2,5 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i stortingsmelding om Statens pensjonsfond 2020.5

Den 27. februar 2020 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2019. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.6 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 10 083,8 mrd. kroner ved utgangen av 2019. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 19,9 prosent for heile 2019 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 26,0 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 7,6 prosent og dei unoterte eigedomsinvesteringane 6,8 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2019 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 126,7 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2019 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 291 mill. kroner i 2019 mot 673 mill. kroner i 2018. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 4 312 mill. kroner i 2019, mot 4 544 mill. kroner i 2018. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2019, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i stortingsmelding om Statens pensjonsfond 2020, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2018

2019

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

250 959

256 915

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-225 514

-228 564

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

25 445

28 350

Avkastning av plasseringane til fondet

4

-266 126

1 814 470

Samla endring SPU

-240 681

1 842 820

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2018

2019

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

38 540

43 011

72

Særskatt på oljeinntekter

71 774

90 490

74

Arealavgift m.m.

1 780

1 505

Sum kap. 5507

112 093

135 006

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 193

5 371

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

1

2

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

114 510

97 376

30

Avskrivingar

23 636

22 674

80

Renter av statens kapital

3 114

2 791

85

Renter på mellomvære

-17

-32

Sum kap. 5440

141 242

122 809

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

14 984

20 057

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

273 513

283 245

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

22 555

26 331

Sum utgifter til petroleumsverksemda

22 555

26 331

Sum netto kontantstraum

250 959

256 915

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

250 959

256 915

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2018 eller 2019. Statoil ASA innførte i 2016 eit toårig utbyteprogram som gav aksjeeigarane valet mellom å få utbyte (heilt eller delvis) i kontantar eller i aksjar. Det vart i avviklingsåret 2018 rekneskapsført 1,8 mrd. kroner i utbyteaksjar på høvesvis inntektskapittel 4811, post 96 og utgiftskapittel 1811, post 96 som speglar verdien av utbyteaksjane, slik at netto finanstransaksjonar er null.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2018

2019

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

225 514

228 564

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2018

2019

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

-517 214

1 486 909

– obligasjonar

14 568

192 820

– unotert eigedom

16 421

16 175

– finansielle derivat

2 819

353

– utlån med sikkerhetsstillelse

4 733

4 529

– innlån med sikkerhetsstillelse

-1 466

-1 926

Skattekostnad1)

-5 050

-6 827

Renteinntekt/kostnad

10

77

Annan inntekt/kostnad

-13

-8

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

-485 192

1 692 103

Vinst/tap valuta

223 611

126 679

Porteføljeresultat

-261 581

1 818 782

Forvaltningskostnad

-4 544

-4 312

Resultat og totalresultat

-266 126

1 814 470

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 12. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (4.1)

173 225

104 429

1 209 256

1 486 909

– obligasjonar (4.2)

67 097

38 143

87 580

192 820

– eigedom (6.1)

5 8651)

10 311

16 175

– finansielle derivat (4.3)

1 146

-57

-735

353

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

4 529

4 529

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

-1 926

-1 926

Renteinntekt/kostnad

77

77

Skattekostnad (9.1)

-6 827

-6 827

Annan inntekt/kostnad

-8

-8

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

74 185

173 225

142 515

1 306 411

-4 232

-1 692 103

Summen av renteinntekter (74,2 mrd. kroner), aksjeutbyte (173,2 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-4,2 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (4,3 mrd. kroner) utgjer 238,866 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2018

2019

Mellomrekning med statskassa1)

0

2 458

Konto i Noregs Bank2)

8 251 401

10 083 771

Sum eigedelar

8 251 401

10 086 229

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

7 992

0

Eigenkapital

8 243 409

10 086 229

Sum gjeld og eigenkapital

8 251 401

10 086 229

1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2019 vart 2 458 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2018 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2019 ei gjeld som statskassa har til fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2020. Tilsvarande tal per 31.12.2018 var eit krav på 7 992 mill. kroner i favør av statskassa som vart avrekna i overføringane i 2019.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2018

2019

Eigedelar

Innskot i bankar

11 561

14 476

Utlån med sikkerhetsstillelse

216 768

222 946

Avgiven kontantsikkerhet

1 806

1 090

Uoppgjorde handlar

13 767

3 169

Aksjar

5 048 647

6 714 195

Utlånte aksjar

437 651

426 623

Obligasjonar

1 996 929

2 316 823

Utlånte obligasjonar

662 920

479 852

Finansielle derivat

3 576

3 335

Unotert eigedom

243 818

264 538

Andre eigedelar

3 448

3 737

Sum eigedelar

8 640 892

10 450 786

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

360 105

338 266

Motteken kontantsikring

5 017

6 754

Uoppgjorde handlar

15 565

13 894

Finansielle derivat

4 222

3 294

Anna gjeld

37

495

Skuldig forvaltningskostnad

4 544

4 312

Sum gjeld

389 491

367 015

Eigenkapital SPU

8 251 401

10 083 771

Sum gjeld og eigenkapital

8 640 892

10 450 786

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 25. februar 2020 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2019.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2019 268,7 mrd. kroner, mot 239,2 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPUs aksjeportefølje ved utgangen av 2019 var 166,6 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 102,2 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2018 var høvesvis 141,1 mrd. kroner og 98,1 mrd. kroner.

I 2019 syner resultatet til SPN eit overskot på 29,5 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 6,0 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 21,0 mrd. kroner, med 19,7 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 0,4 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 0,9 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på 0,1 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 170 mill. kroner, som er 0,07 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2019. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i stortingsmelding om Statens pensjonsfond 2020.8

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2019. Avkastninga av fondet i 2019 var på 12,4 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 4,2 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 18,2 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2019 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2018

2019

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

-8 405

19 657

– obligasjonar og andre renteberande papir

-596

416

– finansielle derivat

210

901

Renteinntekter

2 409

2 706

Utbyte

5 689

5 977

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-114

75

Transaksjonskostnader

-39

-23

Porteføljeresultat

-846

29 709

Forvaltningskostnader

-159

-170

Totalresultat SPN1)

-1 005

29 539

1) Summen av renteinntekter (2 706 mill. kroner), aksjeutbyte (5 977 mill. kroner) og netto andre inntekter (75 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (170 mill. kroner), utgjer 8 588 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2018

2019

Eigedelar

Bankinnskot

5 811

6 590

Krav knytte til attsalsavtalar

2 110

2 267

Stilt kontantsikring

30

30

Uoppgjorde handlar

16

18

Aksjar

128 134

153 471

Utlånte aksjar

12 977

13 023

Obligasjonar og andre renteberande papir

94 105

99 099

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

10 120

9 576

Finansielle derivat

1 686

2 478

Krav

107

89

Sum eigedelar

255 096

286 641

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

5 074

2 814

Motteken kontantsikring

9 936

14 580

Uoppgjorde handlar

0

17

Finansielle derivat

868

470

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

17

20

Sum gjeld

15 895

17 901

Eigenkapital SPN

239 201

268 740

Sum gjeld og eigenkapital

255 096

286 641

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 238,9 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2019 (28 350 mill. kroner) er netto kontantstraum (256 915 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (228 564 mill. kroner).

5.

Finansdepartementet har på bakgrunn av det pågåande virusutbrotet bestemt å utsette framlegget av stortingsmelding om Statens pensjonsfond 2020. Det er førebels ikkje fastsett dato for meldinga.

6.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

8.

Finansdepartementet har på bakgrunn av det pågåande virusutbrotet bestemt å utsette framlegget av stortingsmelding om Statens pensjonsfond 2020. Det er førebels ikkje fastsett dato for meldinga.

Til forsida