Meld. St. 3 (2020–2021)

Statsrekneskapen 2020

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2020.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2019 til 2020 og overført løyving frå 2020 til 2021. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2020. Budsjettutviklinga gjennom 2020 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 56 S (2020–2021) Ny saldering av statsbudsjettet 2020. 2020 har vore eit spesielt år. Koronapandemien har hatt store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. I møte med pandemien har det vore naudsynt for Regjeringa å sette i verk kraftige finanspolitiske verkemiddel, og Stortinget har vedteke mange økonomiske tiltak med store endringar i utgifts- og inntektsløyvingane i statsbudsjettet 2020. Ein kraftig auke i det oljekorrigerte underskotet har òg auka overføringa frå Statens pensjonsfond utland. Saman med lågare netto kontantstraum frå petroleumsverksemda har dette gjeve Statens pensjonsfond eit underskot i 2020, slik at kapitalen i fondet auka mindre enn ein kunne sjå føre seg ved inngangen til året.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31.12.2020, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

1.1 Hovudtal1

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2020 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 1 866,6 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 847,6 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 19,0 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 1 866,6 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2020

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 01–29)

184 128

184 128

184 128

0

0

Investeringar (post 30–49)

76 012

76 012

48 411

27 601

0

Overføringar (post 50–89)

1 399 213

1 292 388

1 292 388

0

106 825

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

1 659 353

1 552 528

1 524 928

27 601

106 825

Lånetransaksjonar (post 90–99)

207 255

198 145

198 145

0

9 110

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 866 608

1 750 673

1 723 073

27 601

115 935

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 01–29)

93 465

93 465

34 390

59 075

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30–49)

26 081

26 081

3 643

22 439

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50–89)

1 586 708

1 169 282

1 116 370

52 912

417 426

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

1 706 254

1 288 828

1 154 402

134 425

417 426

Tilbakebetalingar (post 90–99)

141 342

141 342

132 232

9 110

0

Sum inntekter før statslånemidlar

1 847 596

1 430 170

1 286 634

143 536

417 426

Netto post 01–89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-46 901

263 701

370 525

-106 825

-310 602

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99), utgifter og inntekter

65 913

56 803

65 913

-9 110

9 110

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

19 012

Sum inntekter med lånetransaksjonar

1 866 608

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarer til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2020 vart 370,5 mrd. kroner, som er 46,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 46,9 mrd. kroner.

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen auka i 2020 med 917,8 mrd. kroner, som skriv seg for det meste av auken i Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar òg eigenkapitalen, medan auka avsetjing av overførte midlar reduserer eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2020

2019

Endring

Sum eigedelar

12 738 633

11 656 088

1 082 546

Sum gjeld

856 922

692 170

164 752

Avslutningskonto (eigenkapital)

11 881 711

10 963 918

917 793

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond1)

835 211

Overskot før lånetransaksjonar i balansen

46 901

Auka avsetjing av overførte midlar

-9 633

Anna endring i eigenkapitalen

45 314

1) Endra verdi ført mot eigenkapitalen er samla endring i Statens pensjonsfond på 844,3 mrd. kroner minus 9,1 mrd. kroner i netto finanstransaksjon som er ført på kap. 2800, post 96 frå sal av aksjar i Equinor ASA.

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond i 2020 og samanhengen med overskot, valutakursregulering, realiserte og urealiserte vinstar og tap og inntekt frå nettofinanstransaksjonar, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

For 2020 syner Statens pensjonsfond eit underskot på 86,1 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit underskot på 39,2 mrd. kroner i 2020.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

106,8

106,8

– Overført statsbudsjettet

417,4

417,4

Renter og utbyte

217,3

7,2

224,5

Overskot

-93,3

7,2

-86,1

Kapital per 31.12.2019

10 086,2

268,7

10 355,0

Overskot

-93,3

7,2

-86,1

Valutakursregulering

57,9

57,9

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

847,1

16,3

863,4

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

9,1

9,1

Kapital per 31.12.2020

10 907,1

292,2

11 199,3

Endra verdi, fondskapital

820,9

23,5

844,3

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føre til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke i ein konjunkturnedgang og minke i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setje ned skattane eller auke utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auke etterspurnaden i gode tider og dempe han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk effekt.

For å kome frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggjande utviklinga i budsjettbalansen. Dessutan korrigerer ein for at pensjonspremiar i helseføretaka skil seg frå det normale.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala Finansdepartementet nyttar for Noreg og som vert publiserte i budsjettdokumenta.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2020 er bruken av petroleumsinntekter i 2020 no rekna til 369,3 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 125,7 mrd. kroner meir enn i Saldert budsjett 2020, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 243,6 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 11,7 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg 2020, slik det no er rekna til, og til 3,7 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2020.

Eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 369,3 mrd. kroner er 23,7 mrd. kroner mindre enn det ein rekna i nysaldert budsjett. Dette kjem i hovudsak av lågare utgifter enn det ein rekna med.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2019 og 2020.

Utviklinga frå 2019 og gjennom 2020 frå saldert til nysaldert budsjett og til rekneskapen er prega av dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien. Nedgangen i inntektsløyvingane frå saldert til nysaldert skuldast i stor grad anslaga på skatte- og avgiftsinntektene slik dei vart vurderte ved nysalderinga av budsjettet på slutten av året. Som rekneskapen syner, vart desse inntektene langt høgare enn venta ved nysalderinga og syner at den økonomiske situasjonen på slutten av året var uviss. Den kraftige auken i utgiftene frå 2019 og gjennom 2020 kjem i all hovudsak av dei ulike økonomiske tiltaka som er sette i verk.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2019 til 2020

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond gjekk ned med 315,9 mrd. kroner, frå 276,7 mrd. kroner i 2019 til -39,2 mrd. kroner i 2020. Overskotet i statsbudsjettet før lånetransaksjonar auka med 46,0 mrd. kroner, medan overskotet i Statens pensjonsfond minka med 361,9 mrd. kroner. Nedgangen i overskotet i Statens pensjonsfond kjem av den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda som vart 150,1 mrd. kroner mindre enn i 2019, overføringa til statsbudsjettet som vart 188,9 mrd. kroner høgare og rente- og utbyteinntektene i Statens pensjonsfond som vart 22,9 mrd. kroner mindre enn i 2019.

Det oljekorrigerte underskotet auka med 142,9 mrd. kroner frå 227,6 mrd. kroner i 2019 til 370,5 mrd. kroner i 2020. Tabell 1.4 nedanfor syner at utgiftene utanom petroleum og lånetransaksjonar auka med 173,1 mrd. kroner, eller om lag 12,8 prosent, frå 1 351,8 mrd. kroner i 2019 til 1 524,9 mrd. kroner i 2020. Inntektene auka med 30,2 mrd. kroner eller 2,7 prosent, frå 1 124,2 mrd. kroner i 2019 til 1 154,4 mrd. kroner i 2020. Den kraftige auken i utgiftene skuldast virusutbrotet i mars 2020 og dei store, påfølgjande tilleggsløyvingane som vart vedteke til økonomiske tiltak i møte med pandemien. Auken i inntektene må særleg sjåast i samanhengen med skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg som auka med 23,3 mrd. kroner, overføringa frå Noregs Bank som auka med 4,9 mrd. kroner og vederlag oppdrettskonsesjonar som vart 7,0 mrd. kroner. Renteinntekter og utbyte utan Equinor vart 6,9 mrd. kroner mindre enn i 2019.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2020 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Nysaldert budsjett 2020

Rekneskap 2020

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 407 407

1 446 478

1 260 942

1 288 828

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

283 245

272 951

135 701

134 425

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 124 162

1 173 527

1 125 241

1 154 402

B

Utgifter i alt

1 378 115

1 442 611

1 570 667

1 552 528

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

26 331

28 000

28 000

27 601

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 351 785

1 414 611

1 542 667

1 524 928

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

29 292

3 867

-309 725

-263 701

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

256 915

244 951

107 701

106 825

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-227 623

-241 084

-417 426

-370 525

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

228 564

241 084

417 426

417 426

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

941

0

0

46 901

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

256 915

244 951

107 701

106 825

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

228 564

241 084

417 426

417 426

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

247 454

251 300

236 500

224 510

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

275 804

255 167

-73 225

-86 091

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

276 746

255 167

-73 225

-39 190

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2020 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 217,327 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 7,184 mrd. kroner. For 2019 var renter og utbyte i SPU 238,866 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 8,588 mrd. kroner. I 2020 vart det eit underskot i Statens pensjonsfond på 86,1 mrd. kroner. Av dette var underskotet for SPU 93,3 mrd. kroner, medan SPU i 2019 synte eit overskot på 267,2 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2020 vart 185,5 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 128,1 mrd. kroner høgare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 48,3 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 128,1 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 417,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2020, som er 176,3 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett.

Av 48,3 mrd. kroner i lågare inntekter kjem 56,8 mrd. kroner av lågare anslag på skatte- og avgiftsinntekter og 4,8 mrd. kroner lågare rente og utbyteinntekter. Overføringa frå Noregs Bank vart 5,8 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett, medan vederlag frå oppdrettskonsesjonar som ikkje var budsjettert i saldert budsjett vart 7,0 mrd. kroner. Inntektene under statens forretningsdrift vart 0,1 mrd. kroner høgare, medan ymse inntekter auka med 0,7 mrd. kroner, mellom anna som følgje av tilbakeførte EØS-midlar ved avslutning av EØS-avtalane 2009–2014. Andre inntekter under departementa vart 0,5 mrd. kroner lågare.

Utgiftene vart 128,1 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett. Auken er for det meste forklart med økonomiske tiltak på om lag 131 mrd. kroner løyvd i møte med pandemien. Det kjem fram av tabell 1.5 nedanfor. Tabellen vart presentert i Prop. 56 S (2020–2021) Ny saldering av statsbudsjettet 2020, og er i oppstillinga nedanfor oppdatert etter Stortingets vedtak 19. desember 2020. Andre utgifter netto vart 3,2 mrd. kroner lågare, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.

Tabell 1.5 Økonomiske tiltak som er løyvd i møte med pandemien i 2020 (tal i mrd. kroner)

Løyving 20201)

Tiltak overfor verksemder

67,4

Motverke inntektsbortfall for verksemder m.m.2)

36,0

Kompensasjonsordning for verksemder med stor omsetningssvikt

7,0

Luftfartssektoren, inkl. tapsavsetjing til garantiordning

14,3

Tapsavsetjing, statleg lånegarantiordning via bankane

10,0

Utviding av inntektssikringsordningar for personar

15,8

Andre kompensasjonsordningar3)

11,1

Tiltak for sektorar med samfunnskritiske oppgåver4)

30,1

Andre tiltak

7,0

Sum økonomiske tiltak

131,3

1) Lånetransaksjonar og garantifullmakter m.m. er ikkje medrekna i tabellen.

2) Omfattar m.a. redusert lønsplikt for arbeidsgjevar ved permittering, redusert arbeidsgjevaransvar for omsorgspengar og koronarelatert sjukefråvær, førebelse skatte- og avgiftslette og ordninga med stønad til å ta permitterte tilbake i jobb.

3) Omfattar m.a. kompensasjon for kultur, frivilligheit og idrett, og kompensasjon til riksvegferjene og tog- og kollektivtransporten.

4) Omfattar m.a. løyvingar til helsesektoren, kommunane, politiet og NAV.

Kjelde: Finansdepartementet.

Budsjettutviklinga gjennom 2020 fram til nysalderinga er omtalt nærare i Prop. 56 S (2020–2021) Ny saldering av statsbudsjettet 2020.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2020 er det oljekorrigerte underskotet 370,5 mrd. kroner. Dette er 46,9 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 129,4 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis -1,5 prosent og 4,3 prosent. Det vil alltid vere uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane frå år til år skil seg normalt ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 30 åra. Dei økonomiske tiltaka i møte med pandemien gjev større endringar enn normalt. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2020 gjord opp med eit overskot på 46,9 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 29,2 mrd. kroner, frå 1 125,2 mrd. kroner til 1 154,4 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda minka med 17,7 mrd. kroner, frå 1 542,7 mrd. kroner til 1 524,9 mrd. kroner. Sjå tabell 1.6 og 1.7 for detaljar. Auken i skatte- og avgiftsinntektene er nærare omtalt i kapittel 1.6.

Standardrefusjonar som er førte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen utgjorde om lag 3,1 mrd. kroner3, og er medrekna i desse tala. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som dekkjer utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga er òg medrekna.

Tabell 1.6 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

26 126

+

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

1 128

+

Inntekter frå statens forretningsverksemd utanom renteinntekter

306

+

Andre inntekter

477

=

Auka inntekter utan meirinntekter

28 037

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 125

=

Samla endring, inntekter

29 162

Departementa har rapportert 1,1 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Nokre departement og statlege verksemder har høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter under departementa vart om lag som budsjettert.

Tabell 1.7 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-794

+

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

32

+

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

537

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar, kap. 2530–2790

-3 128

+

Allmenne kulturføremål, kap. 0325

-2 172

+

Regionale helseføretak, kap. 0732

-1 725

+

Veg-, jernbane- og luftfartsføremål, kap. 1310–1315, 1320, 1352–1359

-3 573

+

Vaksiner, kap. 0710

-840

+

Andre utgifter, netto

-6 075

=

Samla endring, utgifter

-17 739

Endringar i utgiftene må sjåast i samanheng med bruken av meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga.

Mindreutgiftene frå nysaldert budsjett må òg sjåast i samanhengen med overført, unytta løyving frå 2020 til 2021 som aukar med 9,7 mrd. kroner samanlikna med overført, unytta løyving frå 2019 til 2020. Sjå vedlegg 2 for detaljert oversyn på dei einskilde budsjettkapitla.

Den store mindreutgiften i 2020 syner at det har vore utfordrande for forvaltninga å gjennomføre og følgje opp alle Stortingets vedtak om utbetalingar og bruk av midlar på ei rekkje budsjettpostar i møte med pandemien. Mindreutgiften under allmenne kulturføremål, regionale helseføretak og veg, jernbane og luftfartsføremål er motsvart av ein auke i overført, unytta løyving på 6,1 mrd. kroner.

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar òg ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein konjunkturoppgang vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein konjunkturnedgang vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endre rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre syne at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styre finanspolitikken må ein dessutan vite om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seie den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan ha si årsak i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettere seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1990 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,2 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,2 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1990 til 2020. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1) underskot frå 1990 til 2020. Budsjett og rekneskap

1) For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet rekna ut frå dagens definisjon. Dei historiske BNP-tala er oppdatert etter SSB sin revisjon i 2019.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Overført, unytta løyving til 2021

Frå 2019 til 2020 vart det for verksemdene og departementa overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 16,3 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2020 til 2021 er på 25,9 mrd. kroner. Det er ein netto auke på 9,7 mrd. kroner.

Det er Kulturdepartementet (+2,3 mrd. kroner), Helse- og omsorgsdepartementet (+2,5 mrd. kroner), Samferdselsdepartementet (+2,2 mrd. kroner), Kunnskapsdepartementet (+0,9 mrd. kroner), Justis- og beredskapsdepartementet (+0,9 mrd. kroner) som har hatt størst auke i overført, unytta løyving. To departement har hatt nedgang i overført unytta løyving; Kommunal- og moderniseringsdepartementet (-0,4 mrd. kroner) og Forsvarsdepartementet (-0,2 mrd. kroner). Tabell 1.2 i vedlegg 1 gjev eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

Det vart overført 27 mill. kroner i unytta løyving på postar med lånetransaksjonar (90-postar) frå 2019 til 2020, medan det ikkje er slik overføring frå 2020 til 2021. Medrekna lånepostar var auken i overført, unytta løyving 9 633 mill. kroner, jf. tabell 1.8.

Tabell 1.8 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2016–2017

13 507

2 937

2017–2018

14 506

999

2018–2019

16 784

2 278

2019–2020

16 262

-522

2020–2021

25 923

9 660

Stortinget gav fullmakt til å overskride driftsløyvinga i 2020 for statlege verksemder omfatta av ny utbetalingsløysing i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Eingongseffekten i 2020 av omlegginga knytte til overtid, reisetid og timeløn vart 95,6 mill. kroner og er teken omsyn til i berekning av unytta løyving overført til 2021, jf. vedlegg 2, tabell 2.3, note 11.

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

For saldert budsjett 2020 vart den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 0,8 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2020 vart han rekna til 12,8 prosent og i nysalderinga til 10,0 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2020 er veksten rekna til 8,6 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.9.

Tabell 1.9 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2011

1,7

2012

1,6

2013

2,5

2014

3,1

2015

2,8

2016

2,6

2017

1,9

2018

0,7

2019

1,7

2020

8,6

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.10 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2019 har brutto finansieringsbehovet minka med 52,2 mrd. kroner, frå 71,2 mrd. kroner i 2019 til 19,0 mrd. kroner i 2020. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 61,0 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane auka med 17,1 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar auka med 46,0 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 2,1 mrd. kroner mindre enn i 2019. Det var ein nedgang i betalt avdrag på statsgjelda på 50,1 mrd. kroner i 2020 samanlikna med 2019. Endringane i gjeldsavdrag er påverka av avdragsprofilen på statsgjelda, førtidige oppgjer og reduksjon i eigenbehaldninga.

Tabell 1.10 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2020 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Nysaldert budsjett 2020

Rekneskap 2020

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

123 152

125 049

184 368

184 150

Tilbakebetalingar

115 117

114 936

126 704

132 232

Overskot i statsbudsjettet

941

0

0

46 901

=

Netto finansieringsbehov

7 094

10 113

57 664

5 017

+

Gjeldsavdrag

64 101

0

8 520

13 995

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

71 195

10 113

66 184

19 012

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda

Sal av aksjar i Equinor ASA m.m.

0

0

9 100

9 110

Utlån, aksjeteikning m.m.

0

0

0

0

=

Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland

0

0

9 100

9 110

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart 0,2 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Innovasjon Noreg, kap. 2421

-2 094

Eigenkapitalinnskot, kap. 0950

2 090

GIEK, utbetaling ifølge trekkfullmakt, kap. 2460

-670

Statens lånekasse for utdanning, kap. 2410

561

Husbanken, kap. 2412

489

Eksportfinansieringsordninga, kap. 2429

-437

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 0614

-144

Andre utlån, netto

-13

Samla endring utlån

-218

Samla mindreutgifter knytte til lånetransaksjonar svarer til 0,1 prosent av løyvinga. Størst endring utgjer mindreutgiftene under Innovasjon Noreg som svarer til 3,6 prosent av løyvinga og meirutgifter til eigenkapitalinnskot.

Tilbakebetalingane vart 5,5 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.12.

Tabell 1.12 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Forvaltning statleg eigarskap, kap. 3950

4 599

Eksportfinansieringsordninga, kap. 5329

3 677

Innovasjon Noreg, kap. 5325

-2 980

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga, kap. 3614

453

Husbanken, kap. 5312

-382

Statens lånekasse for utdanning, kap. 5310

151

Andre tilbakebetalingar, netto

10

Samla endring i tilbakebetalingane

5 527

Netto utlån vart dermed 5,7 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot før lånetransaksjonar på 46,9 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 52,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2020 vart 14,0 mrd. kroner, som er 5,5 mrd. kroner meir enn i nysaldert budsjett, og brutto finansieringsbehov er dermed 47,2 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart i 2020 rekneskapsført 9,1 mrd. kroner i lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda for sal av aksjar i Equinor ASA. Inntekta inngår i nettofinanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda og er overført til Statens pensjonsfond, jf. kap. 2800, post 96.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.10. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det var i 2020 inga store overføringar av kapital til eller frå tilskotsfond. Fullmakt til å ta opp statslån i 2020 og endring i statsgjelda går fram av vedlegg 3, tabell 3.1.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2020 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 1 054,2 mrd. kroner i 2020, ein auke på 23,3 mrd. kroner eller 2,3 prosent frå året før, jf. tabell 1.13.

Tabell 1.13 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg (tal i mrd. kroner)

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Nysaldert budsjett 2020

Rekneskap 2020

Skattar på formue og inntekt

274,0

291,1

287,7

297,1

Arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift

342,8

359,1

337,4

341,3

Tollinntekter

3,5

3,4

3,4

3,6

Meirverdiavgift

305,9

325,6

295,7

306,7

Avgifter på alkohol

14,4

14,5

17,4

17,7

Avgifter på tobakk

6,5

6,7

8,8

9,0

Avgifter på motorvogner

23,9

22,7

20,3

20,6

Andre avgifter

59,9

61,6

57,4

58,2

Sum skattar og avgifter

1 030,9

1 084,8

1 028,0

1 054,2

I statsrekneskapen for 2020 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg 30,6 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett. Anslaget for faktisk betalte skatte- og avgiftsinntekter er redusert gjennom 2020. Ved nysalderinga av 2020-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg 1 028,0 mrd. kroner, som er 56,8 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen 26,1 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Av dette gjeld 11,1 mrd. kroner meirverdiavgift, 9,4 mrd. kroner skatt på formue og inntekt, fordelt med 7,6 mrd. kroner frå upersonlege skatteytarar og 1,8 mrd. kroner frå andre. Arbeidsgjevaravgifta vart 3,9 mrd. kroner høgare, medan andre skatte- og avgiftsinntekter auka med 1,8 mrd. kroner. Uvisse omkring den økonomiske situasjonen på slutten av 2020 og ei rekkje utsetjingar av innbetalingsterminar m.m., som mellom anna førte til sterkt forsinka skatteoppgjer for 2019, medførte at anslaga for skatte- og avgiftsinntektene ved nysalderinga av budsjettet var ekstra usikre.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 1 054,2 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2020 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna finansskatten 297,1 mrd. kroner. Dette var 8,4 prosent høgare enn i 2019. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 341,3 mrd. kroner i 2020, ein nedgang på 0,4 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 0,3 prosent, til 306,7 mrd. kroner i 2020. Frå 2019 til 2020 auka andre særavgifter og tollinntekter med 0,7 prosent, frå 108,3 mrd. kroner til 109,0 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 27,6 mrd. kroner i 2020. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skattar og avgifter på utvinning, aksjeutbyte frå Equinor ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 35,4 mrd. kroner i 2020. Inntektene frå SDØE vart 84,0 mrd. kroner, medan utbyte frå Equinor ASA i 2020 vart 15,0 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 134,4 mrd. kroner i 2020, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 106,8 mrd. kroner. Det er 137,3 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og må sjåast i samanheng med lågare anslag på petroleumsprisane og lettingar for petroleumssektoren vedteken av Storinget i 2020, jf. Prop. 113 L (2019–2020) Midlertidige endringer i petroleumsskatteloven. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 0,9 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.14.

Tabell 1.14 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Auka petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

107

reduserte inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Equinor ASA

1 382

+

reduserte utgifter, statleg petroleumsverksemd

399

=

Netto endring i petroleumsinntekter

-876

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2020 før finanstransaksjonar vart -310,6 mrd. kroner, som er overført frå fondet til statskassa. I tillegg er 9,1 mrd. kroner i netto finanstransaksjonar for sal av aksjar i Equinor ASA overført frå statskassa til fondet. Medrekna finanstransaksjonar er netto avsetjing til fondet -301,5 mrd. kroner. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2020.

3.

3,1 mrd. kroner er rapportert som utgiftsreduksjon etter standard kontoplan.

Til forsida