Meld. St. 3 (2020–2021)

Statsrekneskapen 2020

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2019

31.12.2020

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

187 727

313 131

125 404

61. Spesielle fond og forsikringar

2

10 373 538

11 268 925

895 388

62. Verdipapir

3

178 963

168 652

-10 311

63. Utlån og uteståande krav

4

506 959

521 852

14 893

64. Ordinære fond

5

129 951

162 150

32 200

65. Forskot

6

1 309

66

-1 243

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

-

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

243 856

245 344

1 487

69. Eigenbehaldning statspapir

9

42 113

74 975

32 862

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-4 042

-10 441

-6 399

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-4 906

-6 641

-1 735

Sum eigedelar

11 656 088

12 738 633

1 082 546

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

510 625

637 963

127 338

81. Kontolån frå ordinære fond

13

141 120

171 037

29 918

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

20 372

22 754

2 382

84. Deposita og avsetjingar

15

3 763

-755

-4 518

87. Overførte unytta løyvingar

16

16 289

25 923

9 633

Sum gjeld

692 170

856 922

164 752

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

10 963 918

11 881 711

917 793

Sum gjeld og eigenkapital

11 656 088

12 738 633

1 082 546

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 1 082,5 mrd. kroner i 2020, frå 11 656,1 mrd. kroner til 12 738,6 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 164,8 mrd. kroner i 2020, frå 692,2 mrd. kroner til 856,9 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 917,8 mrd. kroner, frå 10 963,9 mrd. kroner til 11 881,7 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 125,4 mrd. kroner i 2020. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 895,4 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 23,5 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 820,9 mrd. kroner. For SPU gjeld 9,1 mrd. kroner av auken statens sal av aksjar i Equinor ASA som i samsvar med lova skal tilførast fondet. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Sjå kapittel 3 for nærare omtale.

Kapitalinnskot i Statens obligasjonsfond er bokført med 50 mrd. kroner, i tråd med løyvinga på kap. 1600, post 95. Innskotet er i kapitalrekneskapen oppført til historisk kost. Folketrygdfondet administrerer og fører rekneskapen for fondet.

Bokført verdi for Norfund auka med 1,1 mrd. kroner. Av dette utgjer 1,4 mrd. kroner tilført grunnfondskapital i 2020, medan netto nedgang på 0,3 mrd. kroner dels kjem frå årets resultat i Norfund, og dels frå justeringar i Norfunds resultat for 2019 etter at statsrekneskapen 2019 var stengd for posteringar. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal for Norfund, og tilsvarande tabell 5.8 med notar i Meld. St. 3 (2019–2020).

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med netto 10,3 mrd. kroner i 2020. Dette kjem for ein stor del frå sal av aksjar i Equinor ASA med 9,1 mrd. kroner, som vart overført til SPU i samsvar med lov om Statens pensjonsfond. Ved avviklinga av statens eigarskap i Aker Kværner Holding AS minka kapitalen med 2,9 mrd. kroner. Staten fekk ved avviklinga, i tillegg til eit kontantvederlag, oppgjer i aksjar i porteføljeselskapa Aker Solutions ASA (1,0 mrd. kroner), Akastor ASA (0,2 mrd. kroner), Aker Carbon Capture AS (0,6 mrd. kroner) og Aker Offshore Wind Holding AS (0,3 mrd. kroner). Salet av statens resterande aksjar i Entra ASA innebar ein nedgang i bokført verdi med 150 mill. kroner. Kapitalen i Investinor AS auka med 742 mill. kroner. DNB ASA og Telenor ASA minka med høvesvis 0,3 mrd. kroner og 0,2 mrd. kroner ved tilbakekjøp av aksjar. Kommunalbanken AS auka med 750 mill. kroner. Nysnø klimainvestering AS auka med 650 mill. kroner. Innskot i Den asiatiske investeringsbanken auka med 0,2 mrd. kroner.

Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 14,9 mrd. kroner. Av dette kjem 14,3 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 5,3 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 6,3 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 4,7 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 2,5 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,5 mrd. kroner, medan Investinor AS auka med 2,0 mrd. kroner knytte til overføring av såkornlån og eigenkapital frå Innovasjon Noreg. Utlån frå Eksportkreditt AS (Statleg eksportfinansieringsordning) minka netto med 13,8 mrd. kroner. I dette beløpet inngår ein nedgang på 88 mill. kroner ved omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen, og ein auke på totalt 131 mill. kroner grunna kapitaliserte renter og break cost omgjort til lån i samband med restruktureringar, sjå òg kapittel 2.17 Statlege utlån. Nytta trekkfullmakt for Garantiinstituttet for eksportkreditt auka uteståande med netto 6,6, mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond auka med 32,2 mrd. kroner. Av dette kjem 27,6 mrd. frå auke i garantiordningar under NFD og FIN. Klima- og energifondet auka med netto 2,3 mrd. kroner medan Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 1,0 mrd. kroner. Tilskotsfond landsdekkjande innovasjon auka med 2,2 mrd. kroner, medan Fond for OPS-prosjekt på veg minka med 0,9 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 1,2 mrd. kroner. Oppgjersordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0740, er netto balanseført med ein nedgang på 55,6 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen minka med 1,2 mrd. kroner, hovudsakleg som følgje av regionreforma og oppgjer av mellomvære med fylkeskommunar, sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2020.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 1,5 mrd. kroner i 2020. Kapitalen i SDØE minka med 0,6 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 2,0 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift auka med 23,9 mill. kroner. Kapitalen i NVE-anlegg er avvikla og sett ned med 7,9 mill. kroner, jf. omdanning til ordinært forvaltningsorgan. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 32,9 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 24,3 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 8,5 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med -6,4 mrd. kroner, frå -4,0 mrd. kroner i 2019 til -10,4 mrd. kroner i 2020, slik at verksemdene har 10,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2020.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gitt Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2020 ikkje gjort nokon føringar på konto for forskyving i balansen mot kontogruppe 70/72.

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2020 bokført med -6,6 mrd. kroner. Dette er ei endring på -1,7 mrd. kroner, frå -4,9 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda auka med 127,3 mrd. kroner. Statskassevekslar auka med 3,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 49,3 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 75,0 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2020 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 auka med 29,9 mill. kroner i 2020. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein auke i desse fondsmidlane på 32,2 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 minka med netto 2,3 mrd. kroner. Alminneleg garantiordning under GIEK minka med 2,2 mrd. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet minka med 546 mill. kroner, medan Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad samla auka med 499 mill. kroner.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 2,4 mrd. kroner i 2020. Midlane utgjer 22,8 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2020 gjeld særleg universitet og høgskular som hadde ein netto auke på 1,4 mrd. kroner. Noregs forskingsråd auka med 581 mill. kroner. NIBIO og Veterinærinstituttet hadde ein auke på høvesvis 156 og 68 mill. kroner, medan Forsvarets forskingsinstitutt hadde ein nedgang på 114,3 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med 4,5 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 3,8 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2020 hadde 1,4 mrd. kroner til gode til SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 330 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen gjekk ned med 305 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet (Gassnova) minka med 30 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 22 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2020 til 2021 utgjer til saman 25,9 mrd. kroner, som er 9,6 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2019 til 2020.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2020 auka med 917,8 mrd. kroner, frå 10 963,9 mrd. kroner til 11 881,7 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2019

2020

61. Endra verdi Statens pensjonsfond1)

1 872 360

835 211

99. Overskot før lånetransaksjonar

941

46 901

87. Endring avsetjing overførte midlar

522

-9 633

Andre endringar:

18 481

45 314

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

-4 678

-298

62. Nettovinst verdipapir

8 895

5 277

62. Investinor

350

62. Netto tap, avhending AIM AS

-152

62. Mantena AS

170

63. Auka utlån til helseføretaka

4 892

5 329

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

959

2 518

63. Eksportkreditt AS, valutakurseffekt m.m., jf. note 4

373

43

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

1 247

32 200

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap. 0740

-47

-56

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

1 137

-1 187

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

5 335

1 495

68. Avvikling fast kapital, NVE-anlegg ved omdanning til ordinært forvaltningsorgan

-8

Sum

1 892 304

917 793

1) Endra verdi ført mot eigenkapitalen er samla endring i Statens pensjonsfond på 844 321 mill. kroner minus 9 110 mill. kroner i netto finanstransaksjon som er ført på kap. 2800, post 96 frå sal av aksjar i Equinor ASA.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2020 renteinntekter på 12,6 mrd. kroner og renteutgifter på 10,6 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 2,0 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2019 til 2020 auka renteutgiftene med 0,7 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 1,4 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2018

2019

2020

1. Renteinntekter i alt1)

14 409

14 000

12 584

Renter frå statsbankane og statsføretaka

8 842

9 259

9 413

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

72

86

99

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

5 495

4 654

3 073

renter av innskot og andre krav

4 191

3 384

1 838

renter av lån til helseføretaka

280

283

262

renter av lån til aksjeselskap

46

36

28

renter frå folketrygda

1

0

1

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

977

951

943

2. Renteutgifter i alt2)

10 675

9 888

10 583

Av innanlandsk statsgjeld

10 636

9 796

10 463

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

39

92

120

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

3 734

4 112

2 002

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 10,2 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 10 463 mill. kroner syner programområdet 24 statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjonar på 10 472,7 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2020 på 9,4 mrd. kroner. Av dette er 3,0 mrd. kroner frå Husbanken, 4,6 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,6 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 159 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 16 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 1,8 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 0,7 mrd. kroner renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank og 0,9 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltinga. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 55,7 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 132,2 mill. kroner, og Garantiprovisjon vart 67,9 mill. kroner i 2020.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 120,2 mill. kroner. Renteutgiftene på 10,5 mrd. kroner på kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 9,1 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er 1,3 mrd. kroner i netto utgift som er 2,2 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 809 mill. kroner i inntekter knytte til attkjøps- og rentebyteavtalar. Det er 35 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2020 var statsgjelda 638 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2019−2020) Nasjonalbudsjettet 2020, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2020 er omtalt i Prop. 1 S (2019–2020) Statsbudsjettet 2020, kap.7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2019 og 2020. Per 31.12.2020 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 229,7 mrd. kroner. Dette er 54,8 mrd. kroner høgare enn i 2019.

Under Nærings- og fiskeridepartementet auka ansvaret i 2020 netto med 30,2 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK og garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring (ny i 2020).

Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 11,1 mrd. kroner. Under Finansdepartementet auka samla garantiansvar med netto 10,5 mrd. kroner og det meste gjeld den nye statlege garantiordninga for lån til små og mellomstore bedrifter.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2020 var på 10,7 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under GIEK, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og Innovasjon Noreg, realinvesteringar og driftskreditt og utbetalingar under den statlege garantiordninga for lån til små og mellomstore bedrifter.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2019

Utbetalt ved tap i 2020

Garantiansvar per 31.12.2020

Utanriksdepartementet

33 328,9

44 386,7

Arbeids- og sosialdepartementet

206,2

204,0

Helse- og omsorgsdepartementet

0,2

0,0

Barne- og familiedepartementet

0,2

0,0

Nærings- og fiskeridepartementet

113 916,4

10 719,2

144 122,1

Samferdselsdepartementet

9 903,3

13 007,6

Finansdepartementet

16 523,0

12,3

27 003,6

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

174 878,3

10 731,5

229 724,0

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida