Meld. St. 30 (2018–2019)

Samhandling for betre sjøtryggleik

Til innhaldsliste

3 Om maritim næring

Noreg er ein verdsleiande havnasjon. Dei norske havnæringane med maritim næring, marine næringar og olje- og gassindustrien i spissen bidreg vesentleg til sysselsetjing og verdiskaping i norsk økonomi. Maritim kompetanse og teknologi er sentral i utviklinga av eksisterande og nye havnæringar. Den norske maritime klyngja og havnæringane har utsikter til å styrkje stillinga si i viktige marknader internasjonalt, og styresmaktene legg til rette for at dette kan skje. I «Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid», den maritime strategien som regjeringa la fram i 2015, er hovudmålet for næringa berekraftig vekst og verdiskaping.

Den norske maritime næringa er internasjonalt leiande og består av reiarlag, og andre maritime tenesteytarar, verft og utstyrsleverandørar. Skipsfartsnæringa er ein viktig del av den norske maritime næringa og ein prioritert sektor for regjeringa. Tal frå 2018 viser at den maritime næringa totalt sysselsette rundt 85 000 personer og skapte verdiar for til saman 142 milliardar kroner1.

3.1 Dei ulike skipsfartssegmenta

Norsk reiarnæring er samansett av fleire delsegment.

Det norskeigde deep sea-segmentet består mellom anna av kjemikalietankskip, gasstankskip, ro-ro (transport av køyretøy) og tørrlastskip. Verksemda er sterkt internasjonalisert, og viktige marknader er mellom andre USA, Kina, Brasil, India, Australia og Japan.

Norskeigd offshoreflåte driv hovudsakleg i norsk og britisk sektor i Nordsjøen, men verksemda på andre lands soklar er òg av stor verdi for norske offshorereiarlag. Viktige marknader er særleg Brasil og USA.

Nærskipsflåten har verksemd i Noreg og mellom Noreg og hamner i Europa. Flåten er dominert av tørrlastskip, etterfølgt av tankskip. Nærskipsflåten elles, særleg spesialfartøy knytte til nye energimarknader og til havbruksnæringa, er aukande.

I ferje- og hurtigbåtsegmentet er det 203 passasjer- og bilferjer og om lag 100 hurtigbåtsamband langs heile kysten.

Samla norskeigd flåte var i 2018 på om lag 2 800 skip og har vore på dette nivået det siste tiåret. Handelsflåten i NOR har òg vore nokså stabil i den same perioden og hadde 873 skip. Talet på skip i NIS har auka med om lag 100 frå 522 i desember 2014 til 615 i 2018. I 2018 er 34,6 prosent av utanriksflåten registrert i NIS, den høgaste prosentdelen sidan 2008.

Norske skip hadde om lag 125 000 anløp i norske og utanlandske hamner 2017. Av desse var drygt 46 000 i Noreg, 10 302 i Storbritannia og 6 139 i Nederland. Dei viktigaste landa utanom Europa var USA med 4 312, Brasil med 3 085 anløp, Kina med 2 788 anløp og Australia med 2 282 anløp.

Figur 3.1 Verdiskaping i norsk skipsfart

Figur 3.1 Verdiskaping i norsk skipsfart

Kjelde: Menon

3.2 Utvikling framover

Noreg ligg langt framme i utviklinga av klima- og miljøvennleg teknologi i skipsfarten og fokuserer i aukande grad på alternative energikjelder og utsleppsreduksjon, mellom anna batteriteknologi, hybriddrift, hydrogen og brenselceller. Også i utviklinga av automatiserte og førarlause skip kan Noreg dra nytte av ei unik maritim klyngje med sterke innovative forskings- og kompetansemiljø i alt frå satellittkommunikasjon og automatiserte styringssystem til fartøydesign og konstruksjonar.

I 2020 skal det leggjast fram ei ny stortingsmelding om maritim næring. I meldinga vil regjeringa gjere ein heilskapleg gjennomgang av den maritime politikken.

Klima- og miljøvenleg skipsfart

Utviklinga når det gjeld framdriftsmaskineri og drivstoff, særleg nasjonalt, går i retning av meir komplekse hybride maskinsystem, til dømes bruk av LNG i kombinasjon med batteriløysingar. Det er òg venta ein auke i talet på reine batteridrivne skip og ferjer i åra som kjem. Som ein del av utviklinga vil vi sjå større utbreiing av landstraumstilkoplingar for å redusere utslepp ved kai og for å lade batteri. Bruk av hydrogen i skipsfarten er òg under utvikling og har potensial til å gjere større rekkevidde og null- og lågutsleppsfartøy med auka tonnasje aktuelt. Auka bruk av klima- og miljøvennleg teknologi i skipsfarten vil føre til større behov for spesialisert kompetanse på drift av nye typar utstyr i åra framover. Sjøfartsdirektoratet er ein sentral aktør for å vareta og leggje til rette for utvikling av den maritime næringa. At direktoratet legg til rette for utviklinga av ny framdriftsteknologi som hydrogen, metanol og batteri, er avgjerande for at næringa skal lykkast med omstillinga til eit berekraftig samfunn.

I Noreg er det fleire pågåande prosjekt der ein vurderer hydrogen som drivstoff for alt frå mindre fiskefartøy til store cruiseskip. Det er venta at den første hybridferja med hydrogen- og batteridrift kan takast i bruk i 2021. Noreg er òg aktivt med i det internasjonale arbeidet for å utvikle regelverk for nye teknologiar.

Digitalisering av maritim sektor

Ein viktig trend i samfunnet generelt er digitalisering. Delar av skipsfartsnæringa ligg langt framme når det gjeld å utnytte ny teknologi til å skape nye løysingar. Teknologien utviklar seg heile tida, og nye moglegheiter oppstår etter kvart som teknologien modnast og blir teken i bruk i digitale løysingar. Utviklinga av digitale løysingar krev tilgang på kunnskap og kompetanse og evne til å tenkje nytt. Noreg er blant dei leiande statane på området. Det er Noreg som vil få det første autonome skipet av ein viss storleik i kommersiell drift (Yara Birkeland).

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet legg til rette for at det kan gjennomførast ei rekkje testaktivitetar med autonome fartøy i norske farvatn. I samarbeid med maritim industri og forskingsinstitusjonar er det oppretta tre testområde for autonome fartøy i Noreg. I tillegg blei det hausten 2018 opna ein eigen testarena for autonome skip i Horten med infrastruktur for å teste ut teknologi. Sjøfartsdirektoratet er myndigheit for kontroll, godkjenning og sertifisering av skip og arbeider med regelverk for automatisering og autonome skip både nasjonalt og internasjonalt.

Ei vidare satsing på autonome skip kan gi nye moglegheiter både for den maritime næringa og sjøfolka. Autonome skip vil gi behov for høgt utdanna maritimt personale også på land som må beherske både teknologi og godt sjømannskap.

I Prop. 86 L (2018–2019) foreslår regjeringa å endre loslova for å fjerne rettslege hinder for autonom kystseglas og samtidig vareta sjøtryggleiken. Forslaget følgjer opp tilrådinga frå hamne- og farvasslovutvalet (NOU 2018: 4) om å gå gjennom føresegnene om losordninga med sikte på å gjere lova teknologinøytral. Stortinget behandla lovproposisjonen 4. juni 2019.

Regjeringa vil arbeide for å sikre eit teknologinøytralt regelverk som fremjar jobb- og verdiskaping og maritim kompetanse og samtidig varetek sjøtryggleik og miljø.

Kompetanse

Både stadig meir avansert utstyr om bord og digitalisering av skipsfarten medfører eit behov for kontinuerleg vidareutvikling av kompetansen til sjøfolk og av sertifikatgivande maritim utdanning.

Lange skipsfartstradisjonar og utdanningsinstitusjonar med eit høgt fagleg nivå har lagt noko av grunnlaget for Noregs styrke på det maritime området, men òg for at vi har dyktige sjøfolk som dagleg varetek sjøtryggleiken og klima- og miljøomsyna langs kysten vår på ein god måte. Den maritime kompetansepolitikken byggjer vidare på den allereie sterke kompetansen som finst blant norske sjøfolk i dag. Høg maritim kompetanse gjer òg at norske sjøfolk er godt posisjonerte til å ta i bruk ny teknologi og å tilpasse seg utviklinga i skipsfarten.

Regjeringa vil arbeide for eit godt og relevant utdanningssystem som rustar kandidatane for morgondagens skipsfart.

Ei oversikt Nærings- og fiskeridepartementet har fått utarbeidt av SSB viser at talet på norske sjøfolk har heldt seg relativt stabilt dei siste åra. Per 2018 var talet på norske sjøfolk om lag 20 100.

Boks 3.1 MARKOM2020

MARKOM2020 er eit nasjonalt utviklingsprosjekt som har i oppgåve å heve kvaliteten på maritim profesjonsutdanning. MARKOM UH omfattar Høgskulen på Vestlandet, NTNU, Høgskolen i Sørøst-Norge og UiT. MARKOM FS omfattar tolv maritime fagskular.

Dei maritime fagskulane har gjennom prosjektet gått saman om å utvikle faginnhald i studia og heve kompetansen blant lærarpersonalet. Dei fire høgare utdanningsinstitusjonane i MARKOM2020 samarbeider tett for å utvikle og heve kvaliteten på sertifikatgivande maritime bachelorstudium (nautikk og marinteknisk drift). MARKOM2020 har samtidig medverka til å utvikle fire nye maritime mastergradsstudium som no blir tilbodne, eitt ved kvar institusjon. Forsking innan nautiske operasjonar er gjennom MARKOM2020 løfta nasjonalt og har resultert i eit nytt felles doktorgradsprogram som dei fire samarbeidande institusjonane tilbyr i fellesskap. Felles for alle studia er sterkt fokus på sjøtryggleik. Eit høgt kompetansenivå blant maritimt mannskap er ein viktig føresetnad for å unngå havari og hindre miljøskadelege utslepp.

Fotnotar

1.

Maritim verdiskapingsbok 2019

Til forsida