Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

2 Overordna mål

Norsk antarktispolitikk handlar om å ta hand om norske interesser innanfor eit enormt geografisk område og i høve til eit mangfald av aktivitetar. Det dreier seg om interesser som må tryggjast innanfor ramma av eit internasjonalt regelverk og eit dynamisk internasjonalt aktørmiljø.

I denne samanhengen skal særleg følgjande framhevast:

  • Ein attkjenneleg og kunnskapsbasert politikk. Norge skal vere ein tydeleg og attkjenneleg aktør, innanriks så vel som på dei ulike utanrikspolitiske arenaene. Som polarnasjon skal vi føre ein konsistent politikk i Antarktis. Politikken vår skal vere forankra i dei same verdiane, prinsippa og målsetjingane som vi legg til grunn i andre samanhengar.

  • Forsking og kunnskapsinnhenting. Norsk forsking og innhenting av ny kunnskap skal vere ein pilar i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og dei kringliggjande havområda. Norge skal medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polområda. Forsking og overvaking skal byggje opp under norsk posisjon, forvalting og næringsverksemd i området. Dette skal gjennomførast i tråd med dei strenge miljøkrava som er fastsett for området.

  • Eit velfungerande og aktuelt Antarktistraktatsystem og -samarbeid. Eit av hovudmåla i norsk utanrikspolitikk er å medverke til å utvikle og vinne oppslutning om føreseielege og robuste internasjonale køyrereglar. Dette gjeld òg for norsk antarktispolitikk. Dei overordna rettslege og politiske rammevilkåra for Antarktis er definerte gjennom eit eige regionalt avtaleregime. For Norge vil det difor framleis vere ei prioritert oppgåve å medverke til å styrkje Antarktistraktatsystemet, dvs. arbeidet innanfor ramma av sjølve Antarktistraktaten og dei tilhøyrande konsultative møta (ATCM), i tillegg til det andre tilhøyrande avtaleverket, i første rekkje miljøprotokollen og CCAMLR. I denne samanhengen vil Norge, som ein av dei opphavlege partane til Antarktistraktaten, medverke til at fleire av landa som er komne til i dei seinare åra, vert integrerte og får høve til å ta del i samarbeidet på ein konstruktiv måte.

  • Norge som kravshavar. Norsk politikk i Antarktis har vore tufta på å halde fast ved dei norske krava på territorium og å medverke konstruktivt til det internasjonale samarbeidet om ei fredeleg utvikling og utnytting av Antarktis. Dette er ein politikk som vil verte ført vidare.

  • Antarktis som eit verneområde vigd til fred og vitskap. Som part i miljøprotokollen har Norge plikta seg til eit omfattande vern av miljøet i Antarktis og til å ta vare på villmarkskarakteren til området. Gjennom miljøprotokollen har partane peikt ut Antarktis til eit verneområde som skal vere vigd til fred og vitskap. Norge vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og å tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samband med den viktige stillinga som området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Norsk forskings- og overvakingsaktivitet skal framleis vere heilt sentralt i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og dei kringliggjande havområda.

  • Norge som ansvarleg havnasjon. Norsk politikk er tufta på prinsippet om berekraftig forvalting, på grunnlag av vitskapleg rådgjeving. Norge har i denne samanhengen vore ein pådrivar i utviklinga av gode regionale samarbeidsordningar. Norge skal vere eit føregangsland innanfor heilskapleg økosystembasert forvalting, som tryggjar naturmangfaldet og gir grunnlag for ein berekraftig unytting av ressursane. Norge har vore aktiv i å byggje opp forvaltingsregimet i Kommisjonen for forvalting av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR), og vil medverke aktivt til at CCAMLR òg i framtida ligg fremst i utviklinga av truverdige og effektive forvaltingsordningar. Vi stiller dei same krava til forsvarleg forvalting av ressursane i havområda rundt Antarktis som i andre havområde der den norske fiskerinæringa er aktiv.

  • Ansvarleg næringsaktør i sør. Norsk næringsverksemd har lange tradisjonar i Antarktis. Blant dei felta der norske selskap i dag driv verksemd, kan nemnast fiskeri, turisme, romverksemd og skipsfart. Sams for alle desse formene for verksemd er at dei vert drivne innafor ramma av ein politikk der ansvarleg forvalting, berekraftig ressursutnytting og bevaring av naturmiljøet er overordna omsyn og hovudomgrep. Norsk verksemd skal vere i samsvar med rammene og pliktene under Antarktistraktaten. Der det er relevant, er norske næringsaktørar oppmoda til å medverke til kunnskapsgrunnlaget for berekraftig verksemd i eit sårbart miljø.

  • Antarktis som ein del av innanriks- og utanrikspolitikken.Norge sin identitet som polarnasjon talar for at spørsmål om Antarktis – og særleg dei antarktiske kravsområda våre – vert handterte som ein integrert del av norsk politikk generelt. På det innanrikspolitiske planet inneber dette at norsk lovgjeving vert gjort gjeldande for bilanda i Antarktis i den grad dette er føremålstenleg. Dette gjeld likeins i utanrikspolitikken, der dei utanrikspolitiske verdiane og måla som Norge forsvarar i andre internasjonale forum og samanhengar, òg må fremjast i Antarktis.

Til forsida