Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

3 Historia om Norge i Antarktis

Samandrag

Den norske antarktishistoria har bakgrunn i den pionerinnsatsen som nordmenn gjorde under den oppdagar- og kvalfangstverksemda som fann stad frå 1890-åra og i tiåra etterpå. Kvalfangsten kom til å spele ei særs viktig rolle i den norske nasjonaløkonomien – verdiskaping, sysselsetjing og utanrikshandel. Samstundes gjorde uvissa rundt suverenitetstilhøva at eit godt tilhøve til Storbritannia (den leiande antarktisaktøren) var ei prioritert sak i norsk antarktispolitikk. Omsynet til kvalfangstnæringa var såleis hovudgrunnen til dei norske landnåma i sør i mellomkrigstida, Bouvetøya (1928), Peter I Øy (1931) og Dronning Maud Land (1939), som alle fekk status som norske «biland». Antarktistraktaten (1961) skapte nye rammevilkår for norsk antarktispolitikk. Seinare har politikken hatt hovudvekt på forskingsverksemd og vern av det unike miljøet, i tillegg til aktiv medverknad i det internasjonale samarbeidet under Antarktistraktaten.

Figur 3.1 Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen 1911.

Figur 3.1 Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen 1911.

Kjelde: National Library in Australia.

3.1 Historisk bakteppe

3.1.1 Oppdagingsferder og tidleg nærvær

Figur 3.2 Per Savio, som var ein av to samar i antarktisekspedisjonen til Carsten Borchgrevink 1898–1900.

Figur 3.2 Per Savio, som var ein av to samar i antarktisekspedisjonen til Carsten Borchgrevink 1898–1900.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Den norske antarktishistoria er uløyseleg knytt til den oppdagar- og kvalfangstverksemda som fann stad frå 1890-talet og i tiåra etter. Det var dei norske pionerane og deira bragder i Sørishavet og på iskontinentet innanfor som gav den norske polaridentiteten ein sørleg, antarktisk tilleggsdimensjon.

Boks 3.1 Pionertida I: Tidleg norsk verksemd i sør

Norsk verksemd i sør vart innleidd i 1892 med Jason-ekspedisjonen til skipsreiar Lars Christensen, under leiing av kaptein C.A. Larsen. Ein annan nordmann, Carsten Borchgrevink, kom seinare til å leie den britiske Southern Cross-ekspedisjonen, som var den første til å overvintre på det antarktiske fastlandet på Kapp Adare i 1898–1900. Stasjonsbygnaden, som var prefabrikkert på Strømmen Trævarefabrik i Norge, står framleis. Dette er den einaste staden i verda der dei første byggverka som vart reiste på eit kontinent, framleis står. Stasjonen vert halden ved like av New Zealand Antarctic Heritage Trust, mellom anna med finansiell stønad frå norske styresmakter.

Polarhistorikarane er usamde med omsyn til spørsmålet om kven som først sette fot på den antarktiske fastlandet. Den best dokumenterte hendinga er den norske kvalfangstekspedisjonen med fartøyet Antarctic, som segla til Rosshavet i 1894–95. Den 24. januar 1895 greidde åtte mann frå skipet, mellom dei Carsten Borchgrevink forutan kaptein Leonard Kristensen og ekspedisjonsleiaren Henrik Bull, å ta seg i land på Kapp Adare.

Figur 3.3 Carsten Borchgrevink i ferd med kartlegging, antarktisekspedisjonen til Carsten Boschgrevink 1898–1900. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske kontinentet.

Figur 3.3 Carsten Borchgrevink i ferd med kartlegging, antarktisekspedisjonen til Carsten Boschgrevink 1898–1900. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske kontinentet.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Både kvalfangststasjonen og gravplassen i Whalers Bay på Deceptionøya og hyttene til Borchgrevink på Kapp Adare er viktige norske kulturminne i dag. Til saman inngår ni norske kulturminne i Antarktistraktatsystemet si liste over historiske stader og kulturminne (Historic Sites and Monuments) i Antarktis. Sørpolteltet til Amundsen, som siste gongen vart sett då gruppa til Robert F. Scott var på staden ein månad etter Amundsen, finst òg på denne lista. Ytterlegare omtale av internasjonalt anerkjente norske kulturminne er å finne i kapittel 7.3.

Boks 3.2 Pionertida II: Oppdagarferdene

Fremst blant dei norske oppdagarpionerane står Roald Amundsen – mannen som skulle bere Norges namn ut til alle verdshjørne ved erobringa si av Sørpolen. På den første reisa hans sørover hadde han vore styrmann på den belgiske vitskaplege Belgica-ekspedisjonen, som vart innefrosen i isen i Bellingshausen-havet i 1898, og ekspedisjonsmedlemmene vart såleis dei første som overvintra i antarktiske farvatn. Neste gong Amundsen var i Antarktis, var som leiar av Fram-ekspedisjonen 1910–12. Den 14. desember 1911 skapte Amundsen verdshistorie då han i lag med dei fire følgjesmennene sine, Olav Bjaaland, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting, planta det norske flagget på Sørpolen. Ekspedisjonen til Amundsen oppdaga store område som vart namnsette og tekne i eige på vegner av Norges konge. Nokon formell okkupasjon frå norske styresmakter si side fann like vel ikkje stad.

Nordmenn var òg blant dei første som nytta fly i utforskinga av iskontinentet. Den første overflyginga over sjølve Sørpolen vart gjennomført av nordmannen Bernt Balchen den 28.-29. november 1929 på Richard Byrds ekspedisjon. Andre norske flypionerar i Antarktis var Hjalmar Riiser-Larsen, Finn Lützow-Holm og Viggo Widerøe, som fotograferte og kartla Dronning Maud Land frå lufta i åra 1929–37.

Figur 3.4 Kvalfangststasjonen Grytviken, Sør-Georgia, vart etablert i 1904 og var den første norske kvalfangststasjonen i Antarktis. (Frå NARE-ekspedisjonen 1989–90).

Figur 3.4 Kvalfangststasjonen Grytviken, Sør-Georgia, vart etablert i 1904 og var den første norske kvalfangststasjonen i Antarktis. (Frå NARE-ekspedisjonen 1989–90).

Foto: John Snuggerud, Norsk Polarinstitutt.

Figur 3.5 Kval på flenseplanet i Husvik, Sør-Georgia 1956.

Figur 3.5 Kval på flenseplanet i Husvik, Sør-Georgia 1956.

Foto: John Snuggerud, Norsk Polarinstitutt.

Boks 3.3 Pionertida III: Kvalfangsten

Jason-ekspedisjonen i 1892 innleidde ein tidsbolk med langvarig norsk fangstverksemd i Antarktis. I byrjinga trudde ein mest på selfangsten, men det syntest snøgt å vere klart at kval var den mest verdifulle ressursen i havet der sør. Kvalfangst i stor stil vart i dei første åra ei bortimot rein norsk næring. Dei første båtane var etter måten enkle, og rasjonell drift gjorde det naudsynt å ha gode hamner med tilgjenge på ferskvatn der ein kunne flense og foredle kvalen. I 1904 skipa C.A. Larsen den første landbaserte kvalfangststasjonen i Grytviken på Sør-Georgia, etter at han fekk m.a. den utvandra nordmannen Don Pedro Christoffersen og andre framståande folk i Buenos Aires med på å skipe kvalfangstreiarlaget Compañia Argentina de Pesca. Dette vart starten på ein vidfemnande norsk kvalfangst i området, og det vart bygd store produksjonsanlegg på øyar i sør, spesielt Sør-Georgia. På Deceptionøya ved Antarktishalvøya tok den utvandra nordmannen Adolf Andresen, som budde i Chile, i bruk Whalers Bay til kvalfangstføremål i 1906, og i 1912 etablerte det norske selskapet Hektor AS ein stasjon der. I 1914 dreiv 21 fabrikkskip og seks landstasjonar verksemd i Sørishavet, og det var 62 kvalbåtar som nytta seg av tenestene deira. Etter at norske reiarlag introduserte flytande kvalkokeri i byrjinga av 1920-åra, vart Norge den dominerande aktøren på kvalfangstfelta i Sørishavet. Til dømes kan nemnast at i sesongen 1930–31 (då fangstmengda nådde det historisk høgste nivået nokon gong) var 27 av i alt 41 fangstekspedisjonar norske, og attpåtil var dei fleste av mannskapa på ekspedisjonane frå andre land òg nordmenn. Rett nok kom etter kvart andre land med i fangsten, og britiske, japanske, sovjetiske, tyske og nederlandske kvalfangarar kom til å stå for ein stadig større del av fangstane. For Norge sin del vart den antarktiske kvalfangstnæringa trappa ned etter den andre verdskrigen, og tok heilt slutt i 1967. Den internasjonale kvalfangsten førte til overutnytting av kvalbestanden i Sørishavet, og frå 50-talet arbeidde Norge aktivt for å avgrense uttaket av kval. Røynsla frå Sørishavet har medverka til utviklinga av prinsipp om berekraftig forvalting av dei levande ressursane i havet.

3.1.2 Den politiske bakgrunnen for dei norske krava i Antarktis

Dei norske krava i Antarktis i mellomkrigstida handla først og fremst om å takle dei utfordringane som den norske kvalfangstnæringa stod framfor. I desse åra spela denne næringa ei stor rolle den norske nasjonaløkonomien, og medverka til verdiskaping, sysselsetjing og utanrikshandel. Men jamvel om Norge var den dominerande aktøren på kvalfangstfelta i Sørishavet, var det ein høgst sårbar posisjon politisk sett. Det gjorde seg gjeldande ein reell otte for at andre lands politikk skulle valde skade på denne livsviktige næringa, framfor alt trugsmålet om utestenging frå fangstfelta som følgje av at andre land gjorde krav på råderett, på sjølve det antarktiske fastlandet så vel som på øyane i havområda rundt Antarktis.

Denne otten var ikkje grunnlaus. Spesielt Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane New Zealand og Australia hadde ført ein aktiv ekspansjonspolitikk som omfatta både svære suverenitetskrav og krav om lisensavgifter frå norsk kvalfangst, endåtil på ope hav.

Det britiske hegemoniet i Antarktis hadde gjeve seg til kjenne alt i 1904, då C.A. Larsen laut heise det britiske flagget på kvalstasjonen på Sør-Georgia, ei øygruppe som tidlegare mest hadde vore rekna som herrelaust land. Gjennom dei neste åra sette Storbritannia fram krav om suverenitet over Sør-Georgia og fleire øygrupper lenger sør, og frå 1908 over heile Antarktishalvøya frå 20° til 80° vestleg lengd (Falkland Islands Dependencies). I 1923 gjorde britane krav på ein sektorforma del av det antarktiske fastlandet mellom 160° austleg og 150° vestleg lengd (Ross Dependency, som vart lagt under newzealandsk rådvelde). Året etter melde jamvel Frankrike seg på som kravshavar med ein smal sektor mellom 136° og 142° austleg lengd. På den britiske Imperiekonferansen i 1926 vart det vedteke ei fråsegn som «slo fast» at visse område i Antarktis tilhøyrde Storbritannia fordi dei, som det vart hevda, hadde vore oppdaga av britar. Denne «ønskelista» dekte om lag 40 prosent av det antarktiske fastlandet. Jamvel om denne fråsegna ikkje hadde same folkerettslege gjennomslagskraft som ein formell anneksjon, var ho ei viktig programfråsegn om dei politiske ambisjonane til det britiske imperiet i Antarktis. Ved britisk kongeleg kunngjering den 7. februar 1933 vart desse ambisjonane gjorde til røyndom då dei områda som Imperiekonferansen hadde namngjeve, vart annekterte og lagde under Australia (Australian Antarctic Territory – heile sektoren mellom 45° og 160° austleg lengd – bortsett frå det franske kravsområdet). På dette viset kom det britiske samveldet til å krevje råderetten over til saman to tredelar av heile Antarktis (fastland og øyar).1

Figur 3.6 Kart over rutene til Lars Christensen sine ekspedisjonar.

Figur 3.6 Kart over rutene til Lars Christensen sine ekspedisjonar.

Kjelde: Norsk Polarinstitutts bildearkiv.

Det var like fullt den britiske dominansen på havet som vekte mest uro på norsk side. Av omsyn til kvalfangstnæringa var det samstundes eit hovudmål for norsk politikk i Antarktis å skipe til og halde ved like eit mest mogleg knirkefritt tilhøve til Storbritannia og det britiske samveldet elles.

3.1.3 Dei norske landnåma i Antarktis: Peter I Øy (1931) og Dronning Maud Land (1939)

I 1927 fann det stad eit skifte i norsk politikk i høve til Antarktis. Ein slo no inn på ein meir aktiv kurs som skulle føre til at Norge òg skulle verte kravshavar i Antarktis.

Det byrja med at kvalfangstreiaren Lars Christensen i 1926 rusta ut den første av det som skulle verte ei rekkje med oppdagarferder til Antarktis (med fartøya Odd,Norvegia og Torshavn).

Med heimel i fullmakt frå Utanriksdepartementet 31. august 1927 gav Christensen ekspedisjonsleiaren for Norvegia I-ekspedisjonen, kaptein Harald Horntvedt, fullmakt til å annektere nytt land som han måtte finne og gå i land på, og som ikkje allereie var okkupert av noko anna land. Den 1. desember 1927 gjekk ekspedisjonen i land på og annekterte Bouvetøya, på 54° 25’ sørleg breidd og 3° 21’ austleg lengd. Dei nærmare omstenda rundt denne anneksjonen står omtala i ei eiga melding om Bouvetøya.

Peter I Øy

I 1928 rusta Lars Christensen ut den andre Norvegia-ekspedisjonen, som – i likskap med den førre – fekk fullmakt til annektere i Norges namn alt nytt land som ekspedisjonen måtte oppdage. Den 2. februar 1929 gjekk ekspedisjonen i land på Peter I Øy, og gjorde krav på øya for Norge.

Peter I Øy ligg 450 km utanfor vestkysten av Antarktis-fastlandet, på 68° 50’ sørleg breidd og 90° 35’ vestleg lengd. Øya, som er om lag 180 km2 stor, vart oppdaga av den russiske admiralen Fabian Gottlieb von Bellingshausen den 21. januar 1821 og kalla opp etter tsar Peter I av Russland. Pakkisen gjorde det ikkje mogleg for Bellingshausen å kome nærmare enn 25 km frå øya. Dette var det første landområdet som vart oppdaga sør for den sørlege polarsirkelen, og var dermed òg det sørlegaste punktet som var oppdaga på den tida. Men ingen hadde vore i land på øya innan Norvegia-ekspedisjonen, og ingen land – verken Russland eller andre – hadde nokon gong gjort krav på henne.

Øya låg heller ikkje innanfor eller i nærleiken av dei områda som hadde vore nemnde i fråsegna frå den britiske Imperiekonferansen. Då det synte seg å vere på det reine at knappast nokon ville stille seg i vegen for at øya vart lagd under norsk statsvelde, vart landnåmet stadfesta av regjeringa ved kongeleg resolusjon 6. mars 1931. Den statsrettslege stillinga til øya vart avgjord ved ei lovendring 24. mars 1933, då Peter I Øy fikk status som biland. Sjå nærmare opplysningar om dette i kapittel 5.1 og 5.2. Ved kgl.res. 13. juli 1933 fekk det dåverande Handelsdepartementet ansvar for administrasjonen av øya, med same fullmakter som fylkesmann. Det dåverande Justisdepartementet fekk oppgåva som politimeister på øya.

Figur 3.7 Den tredje Norvegia-ekspedisjonen 1929–30. Flyet N-41, som Hjalmar Riiser-Larsen nytta til kartlegging av Dronning Maud Land.

Figur 3.7 Den tredje Norvegia-ekspedisjonen 1929–30. Flyet N-41, som Hjalmar Riiser-Larsen nytta til kartlegging av Dronning Maud Land.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Dronning Maud Land

Dei ulike ekspedisjonane som Lars Christensen rusta ut kvart år i tidsromet 1926–1937, oppdaga og kartla svære område i den delen av det antarktiske fastlandet som vender mot Atlanterhavet.

Figur 3.8 Konsul Lars Christensen – kvalfangstreiar og nasjonsbyggjar. Christensen finansierte alle dei norske vitskaplege ekspedisjonane i denne perioden. Desse gav grunnlag for dei norske krava.

Figur 3.8 Konsul Lars Christensen – kvalfangstreiar og nasjonsbyggjar. Christensen finansierte alle dei norske vitskaplege ekspedisjonane i denne perioden. Desse gav grunnlag for dei norske krava.

Foto: Hvalfangstmuséet, Sandefjord (Vestfoldmuséene).

Med desse banebrytande oppdagingane og kartleggingane hadde norske utferds- og føregangsfolk skaffa landet noko som etter gjengs rettsoppfatning var ein norsk førerett til eit mogleg anneksjonskrav over heile kyststrekkja frå om lag 16° 30’ vestleg lengd til 45° austleg lengd, saman med store delar av landet innafor. Eit hovudomsyn var likevel framleis å syte for at ein ikkje hamna i usemje med Storbritannia. Gjennom aktiv dialog mellom styresmakter så vel som med medverknad av private aktørar, vann ein positiv forståing frå britane for dei norske interessene i Antarktis. Frå 1933 vart det frå britisk offisielt hald fleire gonger gjeve uttrykk for ei velvillig innstilling til eit mogleg norsk krav om suverenitet på det antarktiske fastlandet.

Spørsmålet om ein mogleg norsk anneksjon i området mellom Falkland Islands Dependencies i vest og Australian Antarctic Territory i aust vart første gongen teke opp med britane i eit memorandum den 26. januar 1934. Det vart samstundes varsla at regjeringa kunne tenkje seg å halde ein internasjonal konferanse for å drøfte stoda i Antarktis, men at ein hadde kome til at tosidige norsk-britiske tingingar ville vere det mest praktiske. Mellom anna ønskte Norge å få klarlagt sjøgrensespørsmålet i Antarktis. I ein svarnote den 23. oktober 1934 sa Storbritannia seg samd i dei norske synsmåtane, og oppmoda indirekte Norge til å gå til anneksjon.

Men jamvel om omstenda tyktest tenlege, valde det norske riksstyret i det lengste å føre ein atterhalden politikk i denne saka.

Omslaget kom med ei hending som på dramatisk vis sette saka på dagsordenen. I desember 1938 fekk polarforskaren og leiaren for Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (det seinare Norsk Polarinstitutt), Adolf Hoel, greie på at Tyskland den 17. desember hadde sendt av garde ein ekspedisjon med kurs mot Antarktis. Både ekspedisjonen og føremålet var omgjevne med stor løyndom, men ut frå dei opplysningane som Hoel fekk nyss om, kunne han sjå at det dreia seg om det same området på Antarktis-kontinentet som Norge hadde planar om å annektere. Hoel varskudde med ein gong Utanriksdepartementet, som likeins beinveges innsåg at føremålet med ekspedisjonen etter alt å døme var å krevje land innanfor den norske interessesfæren. For å avverje denne situasjonen gjorde regjeringa snøgt eit vedtak om anneksjon, som fann stad ved kongeleg resolusjon den 14. januar 1939. I dette vedtaket fekk dessutan Justisdepartementet fullmakt til å fastsetje forskrift om politiet sine oppgåver i området.2

Innstillinga frå Utanriksdepartementet til den kongelege resolusjonen var målboren av utanriksminister Koht sjølv, med følgjande ordlyd:

Figur 3.9 Faksimile, utdrag av St.meld. nr. 19 (1939) – ført i pennen av utanriksminister Halvdan Koht.

Figur 3.9 Faksimile, utdrag av St.meld. nr. 19 (1939) – ført i pennen av utanriksminister Halvdan Koht.

«Kongen samtykkjer og skriv under eit framlagt utkast til kongeleg kunngjering om at den parten av fastlandsstranda i Antarktis som tøyer seg ifrå grensa for Falkland Islands Dependencies i vest (grensa for Coats Land) til grensa for Australian Antarctic Dependency i aust (45° austleg lengd) med det landet som ligg innafor denne stranda og det havet som ligg innåt, blir dregen inn under norsk statsvelde».

Det var dette området som seinare skulle få namnet Dronning Maud Land.

I innstillinga frå Utanriksdepartementet til den kongelege resolusjonen vart Norge sin rett til å leggje dette området under seg grunngjeven med den geografiske utforskinga som nordmenn hadde utført og vore åleine om i dette området. Omsynet til den norske kvalfangsten vart nemnt som grunn til at Norge nytta denne retten. Det vart òg uttrykkjeleg nemnt at føremålet med landnåmet ikkje var å stengje andre nasjonar ute, men å avverje at norsk kvalfangst skulle verte utestengd eller skadelidande som følgje av andre statar sine åtgjerder.

Boks 3.4 Dronning Maud Land – spørsmålet om geografisk utstrekning mot sør

Det norske kravet vart sett fram i 1939, og valet av ordlyd var nøye gjennomtenkt i si tid. Utanriksminister Koht definerte det annekterte området som «…fastlandsstranda i Antarktis… med det landet som ligg innafor denne stranda og det havet som ligg innåt…». Med denne formuleringa understreka Norge at vår polarpolitikk bygde på dei same prinsippa i nord og sør, ved å markere at det norske kravet i Antarktis ikkje utgjorde ein sektor. Alt frå tidleg på 1900-talet var avvisinga av det såkalla «sektorprinsippet», som fleire statar la til grunn for krava sine både i nordlege og sørlege polarområde, ein viktig del av norsk polarpolitikk. Formuleringa var likevel ikkje utan vidare meint å skulle innebere nokon stor realitetsskilnad. Det følgjer av St.meld. nr. 19 (1939) om norske statsvelde i Antarktis at føremålet med anneksjonen var å leggje under seg «det landet som til no ligg herrelaust og som ingen andre enn nordmenner har granska og kartlagt». Norske styresmakter har difor ikkje motsett seg at nokon tolkar det norske kravet slik at det går heilt opp til og inkluderer polpunktet.

Innhaldet i anneksjonsvedtaket vart straks notifisert andsynes dei fleste av dei landa som Norge hadde diplomatisk samband med. Dei fleste av desse hadde ingen merknader. Storbritannia – på vegner av det britiske samveldet – svara 1. september 1939 imøtekomande, og gjorde samstundes eit raust framlegg om at grensa for det norske området skulle fastsetjast til 20° vestleg lengd, noko som vart godteke av Norge.3

Fire land tok til motmæle mot den norske anneksjonskunngjeringa: USA, Chile, Sovjetunionen og Tyskland.

Frå tysk side vart det norske kravet vist attende. I august same året utferda Tyskland ei kunngjering om tilskiping av ein «tysk antarktisk sektor» mellom 4° 59’ og 16° 30’ austleg lengd. Det tyske kravområdet, som fekk namnet Neu-Schwabenland, låg såleis heilt og fullt innanfor det området som Norge alt hadde annektert. Det tyske kravet fekk aldri noka internasjonal godkjenning, og etter den andre verdskrigen vart det ikkje teke opp att.

Figur 3.10 Kart over Antarktis, med kravsgrenser.

Figur 3.10 Kart over Antarktis, med kravsgrenser.

Kjelde: Norsk Polarinstitutt.

3.1.4 Frå 14. januar 1939 til 21. juni 1957: Handsaminga av spørsmålet om ein statsrettsleg status for Dronning Maud Land

Det skulle dryge meir enn 18 år frå Dronning Maud Land vart lagt under norsk statsvelde til den statsrettslege statusen til området vart utgreidd og slegen fast i bilandslova4 (sjå eigen bolk om mellom anna lovgjeving). Dette hadde samband med korleis storpolitikken fekk innverknad på norsk antarktispolitikk. Men jamvel om Norge og Storbritannia hadde kome til semje om deira krav og grenser, var det klart at andre land hadde ulikt syn på spørsmåla om statstilhøyrsle i Antarktis. Mellom anna hadde Chile (i 1940) og Argentina (i 1942) gjort krav på store område som dels var i motstrid med kvarandre innbyrdes og dels var i strid med det britiske kravet på Falkland Islands Dependencies, samstundes som både USA og Sovjetunionen hadde varsla at dei ville ha eit ord med i laget når det galdt å løyse spørsmåla om dei politiske og rettslege tilhøva i Antarktis.

Det synte seg snøgt at USA tok mål av seg til å spele ei leiande rolle i denne saka. Amerikanarane gjorde greie for planane sine i ein note av 9. august 1948 til dei sju kravshavarlanda (Norge, Storbritannia, New Zealand, Australia, Frankrike, Argentina og Chile). USA gjorde her framlegg om at desse saman med Sambandsstatane, skulle skipe til eit sams styre over Antarktis. Dette såkalla Condominium-framlegget fekk ei blanda mottaking – Norge og fleire andre land var sterkt imot. I tillegg kom ein kvass protest frå Sovjetunionen (som sjølv ikkje hadde fremja noko suverenitetskrav, men som rekna seg å ha jamlik rett til å ha ei meining om saka). Som følgje av den manglande oppslutnaden vart det amerikanske framlegget stillteiande skrinlagt.

På denne tida hadde norske styresmakter byrja å drøfte kva som måtte gjerast med den nye tilvoksteren til Norge, i første rekkje kva slags åtgjerder som var turvande dersom andre land skulle fremje nye krav i Antarktis. Det tonegjevande synet var at ein burde styrkje det norske kravet gjennom vitskapleg forskingsverksemd, noko som resulterte i Maudheim-ekspedisjonen 1949–52.

I mellomtida hadde ein òg byrja å vurdere spørsmålet om formalisering av den statsrettslege stillinga til det annekterte området. Etter initiativ frå Utanriksdepartementet fremja Justisdepartementet den 28. mai 1948 tilråding om saka. Tilrådinga vart lagd fram for Stortinget som Ot.prp. nr. 70 (1948). Konkret vart det her gjort framlegg om at området offisielt skulle få namnet Dronning Maud Land, og at lova av 27. februar 1930 om Bouvetøya og Peter I Øy skulle gjelde der. Men som følgje av den amerikanske noten av 9. august 1948 vart handsaminga i Stortinget utsett. I 1951 vart saka utsett på nytt, denne gongen fordi utanriks- og konstitusjonsnemnda i Stortinget meinte at saka ikkje burde fremjast av omsyn til den pågåande striden mellom Storbritannia og Argentina om suverenitetstilhøva i Vest-Antarktis.

I dei neste åra vart saka ikkje teken opp til realitetsdrøfting. Då omslaget kom, var det som følgje av førebuingane til Det internasjonale geofysiske året (IGY – International Geophysical Year). IGY varte frå 1. juli 1957 til 31. desember 1958, og i alt tolv land, mellom dei Norge, deltok med ei rekkje ekspedisjonar og forskingsstasjonar inne på sørpolkontinentet. For å lette det vitskaplege samarbeidet, og for å avverje politiske flokar, vart det uformelt oppnådd semje om at ikkje noko som vart gjort i samband med IGY, skulle ha innverknad på spørsmåla om suverenitetstilhøva i Antarktis.

For Norge sin del førte like fullt verksemda fram til starten av IGY til at spørsmålet om statsrettsleg status for Dronning Maud Land enno ein gong kom på tale. Det rådande synet var no at denne saka burde ordnast før IGY tok til. Den 21. juni vart lov om endring i lova av 27. februar 1930 om Bouvetøya og Peter I Øy sanksjonert. Med dette fekk òg Dronning Maud Land, dette digre, isdekte området på innpå 3 millionar km2, lovformeleg status som norsk biland. Sjå meir om dette i kapittel 5.1 og 5.2.

3.2 Framveksten av traktatsystemet

3.2.1 Antarktistraktaten og traktatsystemet

På bakgrunn av det internasjonale vitskaplege samarbeidet under IGY, og for å gjere dette samarbeidet tettare og betre strukturert, vart det i 1957 etablert ein eigen vitskapleg komité for antarktisforsking. Denne komiteen fekk namnet SCAR (opphavleg The Special Committee on Antarctic Research, seinare endra til The Scientific Committee on Antarctic Research). På det første møtet til SCAR i februar 1958 synte det seg at deltakarlanda hadde planar om å halde fram med verksemda i Antarktis, til dels òg i utvida omfang.

Desse hendingane gav støytet til ei utvikling som la grunnlaget for dei tingingane som i sin tur resulterte i Antarktistraktaten, ei eigenarta og nyskapande internasjonal avtale som vart underteikna den 1. desember 1959 og tok til å gjelde den 23. juni 1961. Dei opphavlege traktatpartane omfatta alle dei tolv landa som hadde delteke i IGY-samarbeidet. Forutan dei sju kravshavarlanda galdt dette USA, Sovjetunionen, Japan, Belgia og Sør-Afrika.

Det var USA som våren 1958 tok initiativet til å forhandle fram ei avtale for å sikre at det vitskaplege samarbeidet som hadde kome i gang under IGY, kunne halde fram. Ved Antarktistraktaten vart det etablert eit internasjonalt samarbeidsregime som innebar ein ny tidbolk i historia til denne verdsdelen. Traktaten førte samstundes med seg ei vesentleg endring i dei rettslege rammevilkåra for antarktispolitikken til Norge og andre land, og for verksemda deira elles i Antarktis. Noko forenkla kan ein seie at all verksemd som har funne stad i Antarktis gjennom denne tidbolken, må forståast i lys av Antarktistraktaten og regelverket og retningslinjene i denne traktaten.

3.2.2 Norsk verksemd og politikk i samband med og i høve til Antarktistraktaten

Medan andre land gjennom 1960-åra auka verksemda si i Antarktis, trappa Norge ned. Forskingsbasane til Belgia, Japan og Sovjetunionen i Dronning Maud Land vart haldne oppe, medan den norske basen Norway Station vart overlaten til Sør-Afrika. Seinare utvida sørafrikanarane verksemda si med den nye basen SANAE (South African National Antarctic Expedition), som òg låg innanfor det norske bilandet. Gjennom dei neste 15–16 åra sende Norge ikkje ut eigne vitskaplege ekspedisjonar til Antarktis-fastlandet. Men ved nokre høve fekk mindre grupper eller einskilde norske forskarar ta del i ekspedisjonar frå andre land (til dømes USA), eller dei vart frakta inn i områda med fly frå andre land.

Figur 3.11 Heilårsstasjonen Troll vert offisielt opna av HM Dronning Sonja 12. februar 2015.

Figur 3.11 Heilårsstasjonen Troll vert offisielt opna av HM Dronning Sonja 12. februar 2015.

Boks 3.5 Tidlegare norsk forskingsverksemd

Dei første norske ekspedisjonane til Antarktis dreiv med vitskaplege granskingar i monaleg stort omfang, endå om kommersielle og politiske motiv spela ei stor rolle. Maudheim-ekspedisjonen, som overvintra i 1949–52 på 71° 03’ sørleg breidd og 10° 56’ vestleg lengd, innleidde ein ny tidbolk fordi sjølve polarforskinga no kom meir i framgrunnen. Denne norsk-britisk-svenske ekspedisjonen var på sett og vis eit føregangstiltak, og peikte fram mot det internasjonale forskingssamarbeidet som med tida skulle verte slikt eit viktig særdrag ved utviklinga i Antarktis.

Som ledd i IGY-verksemda hadde Norge i 1956–60 ein vitskapleg Antarktis-ekspedisjon som oppretta forskingsstasjonen Norway Station. Dette var ein overvintringsstasjon som låg på Fimbulisen på 70° 30’ sørleg breidd og 2° 32’ vestleg lengd. Vitskapleg sett var Norway Station særs vellukka. I tillegg fekk stasjonen òg mykje å seie som nasjonal markering, fordi han stadfesta anneksjonen av Dronning Maud Land og gav Norge ein viktig posisjon i tingingane om Antarktistraktaten.

I oktober 1969 slutta regjeringa seg til eit notat frå Industridepartementet, som konkluderte med at Norge burde halde fast ved suverenitetskrava i Antarktis, og at spørsmålet om etablering av ein fast stasjon med ei tidslengd på 1–2 år laut vurderast nærmare når ein hadde vunne ytterlegare røynsler med samarbeidsekspedisjonane med USA (dvs. amerikanske ekspedisjonar som eit fåtal norske forskarar hadde fått vere med i). Denne fråsegna vart helsa velkomen som ei første klargjering av norsk antarktispolitikk etter at landet slutta seg til Antarktistraktaten, jamfør følgjande kommentar i dagspressa: «For første gang har en norsk regjering avgitt noe som må kalles en prinsipperklæring om hva vi ønsker og akter å gjøre på mer langsiktig basis i det eneste fremmede kontinent hvor vi hevder rett til noe territorium».5 Likeins slutta regjeringa i januar 1973 seg til eit notat frå Utanriksdepartementet, der det mellom anna (som tidlegare) vart konkludert med at Norge burde halde fast ved suverenitetskrava i Antarktis, og samstundes støtte utbygginga av forskingssamarbeidet.

Etter dette har det heile tida vore klart at forskingsverksemda laut vere eit sentralt element i den norske antarktispolitikken.

Boks 3.6 Nyare norsk forskingsverksemd

I 1976–77 fann den første av dei offisielle NARE-ekspedisjonane (Norwegian Antarctic Research Expedition) stad, noko som vart starten på eit meir hyppig nærvær frå norsk hald. Frå tidleg på 1990-talet vart ekspedisjonane gjennomførte i tett samarbeid med dei andre nordiske antarktislanda Finland og Sverige.

I 1989–90 vart det bygd ein permanent norsk forskingsstasjon i Jutulsessen i Gjelsvikfjella, 235 km frå kysten på 72° 01’ sørleg breidd og 2° 32’ austleg lengd. Stasjonen fekk namnet Troll og ligg på 1 275 meters høgd. I 2004–05 vart stasjonen utvida og oppgradert til heilårsverksemd. I samband med denne utvidinga vart det òg bygd ei 3 000 meter lang flystripe 7 km frå stasjonen. Flystripa fekk namnet Troll Airfield, og vart opna i samband med at Dronning Sonja opna Troll som heilårsstasjon den 12. februar 2005.

Sidan etableringa av Troll som heilårsbase har det funne stad ein monaleg auke i den norske forskingsverksemda i Antarktis. Mykje av dette har vore gjort i samarbeid med andre land. Det gjeld mellom anna fleire store prosjekt i samband med Det internasjonale polaråret 2007–09.

Opninga av Troll som heilårs forskingsstasjon og moderne forskingsplattform har ført til ei omfattande oppgradering av vår eiga antarktisforsking. Troll-stasjonen gjev rom for forsking og overvaking året rundt, har utstyr for målingar av meteorologiske data og UV-lys og er feltstasjon for glasiologiske, biologiske og fysiske feltprogram. TrollSat les ned satellittdata knytte til ei rekkje miljøparametrar, og NILUs nye observatorium måler kvikksølv, bakkenær ozon, aerosolar, organiske miljøgifter, hydrokarbon og klimagassar.

Troll-stasjonen og flystripa Troll Airfield har gjort det mogleg for Norge å vere ein pådrivar for internasjonalt samarbeid i Dronning Maud Land.

3.2.3 Ein samarbeidsretta politikk

På spørsmål i Stortinget i oktober 1974 om kva som vart gjort for å verne om dei norske interessene i Antarktis, svara utanriksminister Knut Frydenlund ved å vise til det samarbeidet som Norge deltek i under Antarktistraktaten, mellom anna i følgjande ordelag: «Det er helt klart at en fortsettelse av det samarbeid som nå er i gang, er det som best sikrer Norges interesser i disse områder».6 Denne utsegna har i korte drag vorte ståande som uttrykk for vedvarande gjeldande norsk antarktispolitikk. Også seinare offisielle fråsegner om norsk politikk i og andsynes Antarktis har i det store og heile vist til samarbeidet under Antarktistraktaten som eit hovudomsyn i arbeidet for å fremje norske interesser i denne delen av verda.

Samstundes med at forskingsverksemda frå 1970-åra gradvis vart ein høgare prioritert del av norsk antarktispolitikk, kom Norge etter kvart òg til å spele ei meir aktiv rolle i det politiske samarbeidet under Antarktistraktaten. Eit særkjenne ved norsk politikk i dette høvet har vore rolla som brubyggjar mellom dei ulike aktør- og interessegruppene innanfor traktatsamskipnaden. Eit anna særkjenne har vore den sterke norske medverknaden i arbeidet med å utvikle Antarktistraktatsystemet til å omfatte nye saksområde – ikkje minst med omsyn til miljø- og ressursspørsmål. Norge var såleis aktiv i utviklinga av konvensjonen for bevaring av antarktiske selartar (1972) og framforhandlinga av konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR), som tok til å gjelde i 1982.

Spørsmålet om regulering av framtidig utnytting av mineralressursar i Antarktis vart først teke opp frå norsk side på ein særskild «uformell» konferanse mellom dei konsultative traktatpartane i mai 1973. Konferansen, som vart arrangert av Fridtjof Nansen-Stiftelsen på Polhøgda med stønad frå Utanriksdepartementet, førte til at spørsmålet første gongen vart reist formelt på det neste konsultative møtet, som fann stad i Oslo i 1975. Med dette tok Norge leiarskapen i tingingane gjennom 1980-talet om ei mogleg avtale om regulering av framtidig utnytting av mineralressursane (CRAMRA). Då det synte seg at CRAMRA ikkje ville verte ratifisert, vart traktatpartane – etter norsk initiativ og med aktiv norsk medverknad – i staden samde om ein protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten. Denne miljøprotokollen, som vart underteikna den 4. oktober 1991 og tok til å gjelde den 14. januar 1998, peikte ut Antarktis som eit verneområde som skal vere vigd til fred og vitskap.

Fotnotar

1.

Medan ein talar om det britiske «imperiet» i den første mellomkrigstida, nyttar vi her nemninga «samveldet» når det gjeld tida etter 1931, då den såkalla «Westminster Statute» gav dei ulike «dominions» som t.d. Australia, New Zealand og Canada fullt sjølvstende og jamstilling innanfor det nyskipa britiske «Commonwealth».

2.

Det er ikkje fastsett noka forskrift om dette, difor er det Justis- og beredskapsdepartementet som er styresmakt.

3.

I det norske vedtaket av 14. januar hadde denne grensa vore definert noko vagare og lengre aust («…grensa for Coats Land»), fordi den norske oppdagingsprioriteten gjekk berre til om lag 16° 30’ vestleg lengd.

4.

Lov nr. 3 av 27. februar 1930 om Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven), med dei lovendringane som vart gjorde av Stortinget i etterhand.

5.

«Norge i Antarktis», leiarartikkelen i Aftenposten den 25. oktober 1969.

6.

Utdrag av svar frå utanriksminister Knut Frydenlund på spørsmål frå representanten Erik Gjems-Onstad i spørjetimen i Stortinget 9. oktober 1974 – «Hva gjøres for å ivareta Norges interesser på Bouvetøya, Peter I Øy og i Dronning Maud Land?»

Til forsida