Meld. St. 32 (2014–2015)

Norske interesser og politikk i Antarktis

Til innhaldsliste

7 Klima og miljø

7.1 Miljø – målsetjingar og utfordringar

Gjennom miljøprotokollen har partane peikt ut Antarktis til eit verneområde som skal vere vigd til fred og vitskap. Som polarnasjon både i sør og nord vil Norge vere ein pådrivar for bevaring av miljøet i Antarktis og som eit referanseområde for forsking som er knytt til den viktige stillinga dette området har for globale klima- og miljøendringar.

Figur 7.1 Isfjell utanfor kysten.

Figur 7.1 Isfjell utanfor kysten.

Foto: Bjørn Krafft (Havforskningsinstituttet).

Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen. Antarktis er i dag eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Flora, fauna, økosystem og kulturminne i Antarktis er under stadig større press frå interne og eksterne påverknadsfaktorar som verkar saman i eit komplekst samspel. Det er stadig aukande menneskeleg aktivitet på kontinentet. Nye forskingsstasjonar vert bygde, og forskingsaktiviteten vert større. Samstundes er det fleire turistar som vitjar kontinentet. Det er òg ei aukande interesse for dei store biologiske ressursane i havområda rundt Antarktis. I tillegg kjenner miljøgiftene ingen grenser, sjølv om nivåa av miljøgifter i Antarktis er lågare enn elles i verda. På toppen av dette kjem klimaendringane. Antarktis spelar, saman med Arktis, ei nøkkelrolle i det globale klimasystemet. Berre isen i det vestlege Antarktis inneheld vassmengder nok til å auke havnivået med 4–5 meter. Auka smelting av isdekka i Antarktis og på Grønland vil i praksis vere irreversibel og ha dramatiske og globale verknader. Konsekvensane av klimaendringar i Antarktis er fleirfaldige og vil kunne påverke livsvilkåra for planter og dyr.

Ingen av dei menneskelege aktivitetane i verkeområdet for Antarktistraktaten er førebels omfattande, og kvar einskild av påverknadsfaktorane utgjer neppe aleine noko stort trugsmål mot integriteten til det antarktiske miljøet – kanskje med unntak av klimaendringane, som på lengre sikt kan endre miljøtilhøva monaleg. Samstundes finst det lite kunnskap om dei verknadene av den samla pårøyninga som miljøet er eller vil verte utsett for gjennom klimaendringar og andre påverknadstrendar. Kombinasjonen av klimaendringar og vekst i menneskeleg aktivitet gjev grunn til å overvake utviklinga og vurdere konsekvensar av aktivitet opp mot målsetjinga om vern av miljøet i Antarktis.

Regjeringa vil:

  • At Norge skal vere eit føregangsland på miljøområdet i Antarktis.

  • Arbeide for å sikre at dei unike natur- og kulturmiljøverdiane i Antarktis vert tekne vare på mest mogleg upåverka av lokal aktivitet, og stille strenge miljøkrav til all norsk verksemd i Antarktis.

  • Arbeide for at Norge kan gjere ein viktig innsats for å auke kunnskapen om miljøet som grunnlag for forvaltinga av miljøet i Antarktis.

7.2 Eit enkelt og samstundes veldig komplekst biologisk miljø

Antarktis-kontinentet er artsfattig. Økosystema på land og i ferskvatn representerer nokre av dei enklaste systema i verda og er endepunktet for den globale biodiversitetsgradienten. Men det biologiske mangfaldet i havet er både variert og rikt, og det er registrert meir enn 9 000 artar, alt frå mikrobar til kval.

Figur 7.2 Pingvinar med forskingsskipet Lance i bakgrunnen.

Figur 7.2 Pingvinar med forskingsskipet Lance i bakgrunnen.

Foto: Harvey Goodwin, Norsk Polarinstitutt.

Mange av dyreartane, både i havet og på land, er endemiske. Dei finst ikkje andre stader. Dei har utvikla seg i særeigne og isolerte omgjevnader og har tilpassa seg dei ekstreme tilhøva i sør.

Boks 7.1 Miljøverdiar i Antarktis: Eit kort innblikk i flora og fauna

Antarktis er det kaldaste, mest forblåste og tørraste kontinentet på jorda. Kontinentet har eit areal på om lag 14 millionar km2. Dette vert utvida til det doble om vinteren når havisen strekkjer seg innpå 1 000 km ut frå kysten. 98 prosent av kontinentet er dekt av is og snø og utgjer meir enn 90 prosent av all isen i verda.

Vegetasjonen på det antarktiske kontinentet er i hovudsak samansett av algar, lav og moseartar. To blømande planter er registrerte i dei nordlege delane av Antarktishalvøya.

Sjøfuglane i Antarktis hentar all næringa si i det marine miljøet. Dei lever heile livet sitt på havet og er berre på land i hekketida. I Antarktis er det tre artsgrupper som dominerer blant sjøfuglane: pingvinar, albatrossar og petrellar.

Havområda rundt Antarktis er rike på alge, plankton- og krepsdyrartar. Det er registrert om lag 200 fiskeartar sør for Antarktiskonvergensen. Antarktiskonvergensen er eit «frontsystem» der det kalde overflatevatnet frå sør møter og søkk ned under det varmare vatnet frå Atlanterhavet, Stillehavet og Indiahavet. I næringsnettet er krill ei særleg viktig næringskjelde for predatorar høgare opp i næringskjeda. Det er også mye blekksprut. Antarktisk pelssel, krabbeetarsel, weddellsel, leopardsel, sørleg elefantsel og ross-sel er alle å finne i Antarktis. I sommarsesongen finst det både tannkvalar og bardekvalar i havet rundt Antarktis.

Ein del av dei marine artane oppheld seg i Antarktis året rundt, medan andre artar er å finne der berre om sommaren, når desse havområda er rike på plante- og dyreplankton.

Sjølv om forskingsverksemda i Antarktis er omfattande, er det framleis store manglar i kunnskapsgrunnlaget både når det gjeld kva artar som finst, kvar dei finst og i kor store mengder dei finst. Vi har difor eit ufullstendig bilete når det gjeld status for miljøverdiane i Antarktis. Vi har òg ei utfordring når det gjeld tilgang til all den kunnskapen som ligg føre om status for miljøverdiane i Antarktis. Initiativ som Antarctic Environments Portal (www.environments.aq), ein nettportal og formidlingskanal som skal gje Miljøkomiteen (CEP) lett tilgang til oppdatert forskingsbasert kunnskap om miljøet i Antarktis, er viktige for å skape et betre grunnlag for å vurdere desse tilhøva og sikre gode vitskapelige tilrådingar for avgjerdene i traktatsystemet.

Figur 7.3 Raudnebbternene flyg jorda rundt. Dei hekkar på Svalbard og flyg så sørover og held til i pakkisen i Sørishavet om våren og vinteren (dvs. sørsommaren).

Figur 7.3 Raudnebbternene flyg jorda rundt. Dei hekkar på Svalbard og flyg så sørover og held til i pakkisen i Sørishavet om våren og vinteren (dvs. sørsommaren).

Foto: Tor Ivan Karlsen, Norsk Polarinstitutt.

7.3 Kulturminne

Dei fysiske spora som er att etter ekspedisjonar, fangstaktivitet og forskingsinnsats i Antarktis utgjer i dag ein viktig kunnskaps- og røynslebank om tidlegare verksemd i området. Dei er òg viktige i eit internasjonalt perspektiv. Av dei 90 kulturminna på bevaringslista til ATCM (Antarctic Treaty Consultative Meeting) frå 2014 er det ni objekt som skriv seg frå den norske verksemda på kontinentet.

Figur 7.4 Carsten Borchgrevink sin hytte på Kapp Adare nyttår 1900.

Figur 7.4 Carsten Borchgrevink sin hytte på Kapp Adare nyttår 1900.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Norsk kulturminnepolitikk for Antarktis skal sikre at viktige kulturminne etter norsk verksemd der vert tekne vare på. Ei aktiv norsk deltaking i det internasjonale samarbeidet for å ta vare på kulturminne i Antarktis er ein naturlig del av den norske politikken og rolla i Antarktistraktatsamarbeidet.

Så langt det er mogleg har Riksantikvaren skaffa fram informasjon om tilstanden til dei norske kulturminna i Antarktis. Av logistiske omsyn er det svært vanskeleg å få ei komplett og oppdatert oversikt, ikkje minst når det gjeld kulturminne som er knytte til tidleg sel- og kvalfangstaktivitet. Ettersom dei viktigaste, kjende kulturminna finst i kravområda til andre land, er internasjonalt samarbeid viktig og til dels styrande når det gjeld tiltak. Norske tryggings- og bevaringstiltak vert gjennomførte etter ei nærmare prioritert liste, i tråd med dei politiske føringane som er gjevne i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner.

Det er særlege utfordringar knytte til trygging og istandsetjing av kulturminna i Antarktis. Naturlege nedbrytingsprosessar er éi side ved dette. Ei anna side er auka ferdsel og ein mogleg negativ påverknad som følgje av dette. Kulturminna er ettertrakta turistmål. Kulturminnemiljøet i Whalers Bay på Deceptionøya er til dømes ein av dei to stadene i Antarktis som vert vitja oftast kvart år. I tillegg kjem praktiske utfordringar i samband med tryggings- og restaureringsarbeid. For ein del av kulturminna er det verken mogleg eller ønskeleg å setje i verk bevaringstiltak. Særlege verdfulle kulturminne kan tryggjast ved førebyggjande tiltak.

Figur 7.5 Kvalfangstanlegget i Whalers bay. Deception Island er eit viktig norsk kulturminne.

Figur 7.5 Kvalfangstanlegget i Whalers bay. Deception Island er eit viktig norsk kulturminne.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Det vert bygd ei rekkje nye forskingsstasjonar i Antarktis. Nybygg inneber òg at andre stasjonsbygg og andre typar forskingsinstallasjonar vert tekne ut av bruk. I nokre tilfelle ønskjer traktatparten som eig utrangerte bygg, å verne desse som kulturminne. Dette reiser fleire problemstillingar, og spørsmålet om kulturminneverdi må mellom anna vurderast opp mot føresegner i miljøprotokollen om opprydding etter at ein aktivitet er avslutta. Norge er oppteken av at spørsmål om kulturminneforvalting og vurdering av kulturminnestatus vert sette på dagsordenen i traktatsamarbeidet.

Figur 7.6 Norske kulturminner i Whalers Bay.

Figur 7.6 Norske kulturminner i Whalers Bay.

Foto: Norsk Polarinstitutt.

Vern og bevaring av historiske verdiar/kulturminne i Antarktis er ei uttrykt målsetjing i miljøprotokollen til Antarktistraktaten. I tråd med dette arbeider norske styresmakter aktivt for å verne og ta vare på dei norske kulturminna.

Kulturminna omfattar mellom anna fleire vardar, C.A. Larsen si naudhytte på Pauletøya og dei to hyttene til Borchgrevink på Kapp Adare. I tillegg er restane av kvalfangststasjonen Whalers Bay og gravplassen på Deceptionøya omfatta. På lista finst òg sørpolteltet til Amundsen. Alle desse ni objekta er å finne utanfor dei norske områda i Antarktis. Ein varde i Dronning Maud Land etter ein kartleggingsekspedisjon frå Maudheim-ekspedisjonen 1949–52 kan vere aktuell å føre opp på lista over historiske stader og minnesmerke.

I samband med hundreårsjubileet for sørpolekspedisjonen til Amundsen i 2011 løyvde regjeringa midlar til restaurering av Borchgrevink-hyttene på Kapp Adare. Riksantikvaren samarbeider med New Zealand Antarctic Heritage Trust om gjennomføringa av konserveringsarbeidet.

Det er ikkje lenger mogleg aktivt å ta vare på heile eller delar av Whalers Bay-anlegget. Riksantikvaren dokumenterte restane i 2002 og igjen i 2014, og dei vert no rekna for å vere såpass nedbrotne at dei vert overlatne til vidare naturleg forfall. Norge har løyvt midlar til tilrettelegging av arkivmateriale frå kvalfangstselskapet for historisk forsking, og i samarbeid med UK Antarctic Heritage Trust vert det elles satsa på informasjonstiltak overfor dei tilreisande for å skildre og forklare restane frå kvalfangstperioden.

Når det gjeld dei andre norske kulturminna på bevaringslista til ATCM, hovudsakleg vardane, er det ikkje alltid praktisk mogleg med ettersyn. Men noko som er kjent, er at grava (den første på kontinentet) til biologen Nicolai Hanson, som døydde på Kapp Adare i 1900, er i god stand og vert ettersett når nokon gjestar denne staden. Teltet til Amundsen skal få liggje urørt under isen av omsyn til dei immaterielle verdiane. Restane av steinhytta til C.A. Larsen på Pauletøya, som òg er eit svensk kulturminne ettersom ho er knytt til ekspedisjonen til Otto Nordenskjöld i 1903, er det einaste andre kulturminnet der det kan vurderast tiltak.

Regjeringa vil:

  • Sikre viktige norske kulturminne i Antarktis.

  • Vidareføre norsk deltaking i internasjonalt samarbeid om sikring og bevaring av særleg viktige kulturminne.

7.4 Ytre påverknad – vanskelegare å kontrollere

Ytre påverknader på miljøet frå aktivitetar utanfor Antarktis har truleg meir å seie for miljøutviklinga i Antarktis enn den aktiviteten som finn stad på kontinentet. I denne samanhengen er det først og fremst klimaendringar som er viktige.

7.4.1 Klimaendringar

Saman med Arktis spelar Antarktis ei nøkkelrolle i det globale klimasystemet. Det har lenge vore ei fagleg oppfatning at isen i den indre delen av Antarktis-kontinentet ikkje vart påverka av den globale oppvarminga. Ny forsking viser likevel at heile kontinentet vert varma opp, og at dette ser ut til å ha gått føre seg dei siste 50 åra.

Figur 7.7 Reinsdyr på Sør-Georgia, som vart sette ut av dei norske kvalfangarane frå 1911 og seinare. I 2014 vart bestanden fjerna av miljøomsyn.

Figur 7.7 Reinsdyr på Sør-Georgia, som vart sette ut av dei norske kvalfangarane frå 1911 og seinare. I 2014 vart bestanden fjerna av miljøomsyn.

Foto: Kit M. Kovacs og Christian Lydersen, Norsk Polarinstitutt.

Dei globale klimaendringane vil påverke både det fysiske og biologiske miljøet i Antarktis, og kan endre karakteren til dette kontinentet i stor grad. Dei mest sårbare ferskvassystema finst på den nordre antarktiske halvøya og på dei antarktiske øyane, der ein liten auke i temperaturen kan ha vidfemnande verknader på økosystema.

Havisen i Antarktis er viktig på fleire måtar. Klimaendringar vil kunne påverke krill og såleis òg det marine økosystemet i Antarktis. Ei forventa utvikling mot varmare og ferskare vatn, sterkare vestlege vindar og ei gradvis flytting av frontsystema sørover, vil kunne føre til at artar på alle nivå i næringskjeda trekkjer sørover, alt etter kva tilhøve arten helst vil ha. Ein reknar at eit redusert isdekke vil føre til mindre utbreiing av den antarktiske krillen, og at han vil verte negativt påverka av havforsuring. Det er venta at klimaverknadene for krill kjem til å variere mykje frå stad til stad, men samla sett tyder kunnskapen i dag på ei negativ utvikling med varmare klima på grunn av samanhengen mellom isdekke og krill.

Det er dokumentert nedgang hjå fleire pingvinartar over store delar av Antarktis1. Kombinasjonen av forventa dårlegare istilhøve og endringar i næringskjeda som følgje av klimaendringar vil kunne påverke desse artane2.

Eit varmare hav opnar for at nye artar kan flytte seg inn i desse farvatna, med ukjende konsekvensar for dagens antarktiske marine miljø.

7.4.2 Forureining

Det er lite som tyder på at Antarktis vert påverka av langtransportert forureining i like stor grad som Arktis. Det er registrert miljøgifter i dyr, men det er andre stoff som gjer utslaget her. Det er til dømes funne høge nivå av langtransporterte insekts- og plantevernmiddel (Mirex og HCB) i sjøfuglen sørjo i Dronning Maud Land. Til no er det gjort få studiar av kva verknader desse stoffa har på dyrelivet i Antarktis, og det er viktig å få meir kunnskap om dette. Kartlegging av forureiningssituasjonen i Antarktis er viktig i det atmosfæreforskingsprogrammet som no er skipa på Troll. På luftmålestasjonen ved Troll har NILU mellom anna registrert langtransporterte luftforureiningar frå avskoging (brenning) i Amazonas.

7.4.3 Nedbryting av ozonlaget

Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Utslepp av stoff som klorfluorkarbon (KFK) og halon bryt ned ozonlaget i atmosfæren. Då utviklar det seg område med eit tynt ozonlag. Dei globale utsleppa av stoff som bryt ned ozon, har gått mykje ned sidan midten av 80-talet som eit resultat av forpliktingane i Montreal-protokollen av 1987 om vern av ozonlaget. Ozonlaget viser no teikn til å verte tjukkare, men det tek framleis lang tid før det er restituert. I slutten av september 2006 var ozonholet over Antarktis det største som har vore observert, og WMO og utviklingsfondet til FN trur at ozonlaget over Antarktis neppe vil vere heilt restituert før i 2065.

7.4.4 Forsuring av havet

Menneskeskapte utslepp har auka mengda av CO2 i atmosfæren og i havet. Havforsuring finn stad når CO2 reagerer med havvatn og dannar karbonsyre, slik at pH-graden i vatnet fell.

Havet bind enorme mengder karbon, både i vassmassane, i havbotnen og gjennom fotosyntesen til mellom anna planteplankton. Havet fungerer såleis som eit karbonlager, og har teke opp om lag 30 prosent av dei menneskeskapte CO2-utsleppa.

Havområda rundt Antarktis inneheld meir CO2 enn andre havområde fordi kaldt vatn absorberer meir CO2 enn varmare vatn. Dermed vil konsekvensane av havforsuring først verte synlege i kalde havområde. Det er venta at forsuringa vil gå fortare og få større omfang utover i hundreåret. Surleiksgraden til havet kan mellom anna påverke skaldanningsprosessen for visse marine organismar og få innverknad på organismane si evne til å fungere. Mange av desse organismane er sentrale artar i næringskjeda og utgjer viktig næring for krill, fisk, blekksprut, pingvinar, sel og kval. Det er ei viktig oppgåve for forskinga å forstå mekanismane bak havforsuring og effektane dette har på økosystema.

Til no er det berre få studiar som har teke for seg verknadene av havforsuring på kommersielle artar i Antarktis. Men det er påvist at havforsuring kan ha ein negativ effekt på tidlege stadium av krill.

Effektane av klimaendringar og havforsuring kan dessutan føre til at økosystema får mindre toleranse for andre påverknader.

Regjeringa vil:

  • Bevare kontinentet som referanseområde for forsking på effektane av globale miljø- og klimaendringar og forsking på den rolla Antarktis spelar i det globale klimasystemet.

  • Arbeide for å tilpasse forvaltinga av miljøet i Antarktis til klimaendringane.

7.5 Aukande aktivitet utfordrar miljømåla

7.5.1 Auka omfang av infrastruktur

Omfanget av infrastruktur for forsking har auka kraftig dei siste 50–60 åra, og i dag er det rundt 70 sommar- og heilårsstasjonar i drift på kontinentet. Stasjonane er spreidde over eit stort geografisk område, og mange ligg rundt dei mest biologisk attraktive områda på og ved Antarktishalvøya. Samstundes vert det bygd fleire nye stasjonar i dei meir aude områda på kontinentet, og på den måten vert omfanget av dei urørte områda på kontinentet redusert. Fleire land har meldt inn planar om bygging av nye stasjonar. Nokre av desse landa har ikkje hatt stasjonar tidlegare, men det er òg nokre av dei «store» Antarktis-nasjonane som aukar talet sitt på stasjonar.

7.5.2 Auka ferdselspress

Talet på menneske som vitjar Antarktis, aukar jamt i omfang. Medan det for 20 år sidan berre var rundt 5 000 turistar som vitja Antarktis gjennom ein sommarsesong, kjem det i dag litt under 40 000 turistar kvart år, etter ein liten nedgang i åra rundt 2010. Dei fleste ilandstigingane finn stad i dei områda som har spesielle natur- eller kulturminneverdiar rundt Antarktishalvøya. Det er berre eit fåtal turistar som vitjar andre delar av Antarktis, men her òg har det vorte lettare å få tilgjenge med åra, og dermed ligg òg tilhøva betre til rette for aktivitet og påverknad i område som før var heilt urørde.

Manglande kunnskap, mellom anna om biologiske førekomstar og påverknader på dei mest vitja stadane, gjer det vanskeleg å slå fast korleis ferdselsauken vil påverke natur- og kulturmiljøet, og kor store desse påverknadene eventuelt er.

Med aukande forskings-, fiske- og turistaktivitet aukar òg skipstrafikken i Antarktis. Med dette følgjer det ein større risiko for negative miljøhendingar og akutt miljøskade. Dei siste åra har det vore ei rekkje hendingar av større og mindre alvorsgrad.

Hovuddelen av regelverket for skipsfart er internasjonalt. Dei viktigaste konvensjonane er utarbeidde av IMO, den internasjonale sjøfartsorganisasjonen til FN. Regelverk for skip som seglar i Antarktis, må dermed etablerast og forhandlast gjennom IMO, slik at det vert skipa eit globalt regime som omfattar alle land/flagg.

7.5.3 Hausting og fangst

I havområda rundt Antarktis vert det først og fremst fiska tannfisk og krill, der krill spelar ei nøkkelrolle i økosystema.

Det regulerte fisket under CCAMLR utgjer i dag ikkje noko eigentleg trugsmål mot det biologiske marine systemet i Antarktis, fordi ressursane vert forvalta ut frå eit økosystemprinsipp. Vidare framover vert det viktig at ein òg tek omsyn til effektane av klimaendringar i vurderingane når det skal fastsetjast årlege fangstkvoter for krill. Ein reknar at antarktisk krill vil verte mindre utbreidd på grunn av reduksjon i isdekke, og at krill vil verte negativt påverka av havforsuring. Sjølv om utbreiingsområdet skulle halde seg om lag på same nivået som i dag, kan krillen kome til å opphalde seg på større djup i lengre periodar for å unngå varmare, ferskare overflatevatn. Dette kan føre til mindre opphald på dei grunne sokkelområda, der krillen normalt er tilgjengeleg både for fiskarar og for sel og sjøfugl (medrekna pingvinar) som er avhengige av krill, og som reproduserer seg på land. Den tilgjengelege kunnskapen om effekten av klimaendringar på krillbestandane vert vurdert av CCAMLR under dei årlege vurderingane av krillbestanden.

7.5.4 Introduksjon av framande artar

Introduksjon og spreiing av framande artar er eit aukande problem globalt. Risikoen for at òg framande organismar finn ein veg inn i Antarktis, vert større etter kvart som det vert meir transport og fleire menneske i Antarktis. Det finst dokumenterte introduksjonar av framande artar her, hovudsakleg på land, men det finst òg nokre marine artar. Nokre av artane som har etablert seg, har gjort dette ved å utvide leveområda sine. Desse kan reknast som invaderande og ikkje introduserte artar. Framande artar kan gjere omfattande skade der dei etablerer seg, og kan vere årsak til viktige endringar i økosystemet. Introduserte artar kan òg vere berarar av sjukdom som kan slå ut eit naturleg system som ikkje har bygd opp immunforsvar mot desse sjukdommane.

Regjeringa vil:

  • Arbeide for ei økosystembasert, heilskapleg forvalting av miljøet i havet og på land i traktatområdet, med særskilt fokus på vern av sårbare og verdfulle område.

Fotnotar

1.

Sjå t.d. Trivelpiece et al. 2011 – National Academy of Sciences (USA); Trathan et al. 2011 – Plos One; Jenouvrier et al. 2014 – Nature Climate Change.

2.

Ainley et al. 2010 - Ecological Monographs.

Til forsida