Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

5 Styrking av FN, reform og aktørar

Hausten 2014 var det dessverre lite framgang i spørsmålet om reform av Tryggingsrådet. Men det er positivt nytt at det har vore ein viss framgang dei siste åra når det gjeld reform av arbeidsmetodane til Rådet, noko som mellom anna ACT-samarbeidet (Accountability, Coherence, Transparency), der Noreg er aktivt med, har arbeidd for.

Det er framgang i arbeidet med å effektivisere utviklingsaktivitetane i FN, trass i at det framleis er eit stort potensial for betring. Utviklingssystemet i FN har sett i verk ein handlingsplan for gjennomføring av rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN frå 2012. Over 40 land har no valt «Eitt FN»-tilnærminga for FN-arbeidet på landnivå. I drøftingane under den 69. generalforsamlinga om FNs operasjonelle aktivitetar var mykje av merksemda retta mot behovet for å tilpasse utviklingsaktivitetane i FN til den nye utviklingsagendaen som skal vedtakast hausten 2015. Men det faktum at resolusjonen om dei operasjonelle aktivitetane til FN gjekk til avrøysting, er ein indikasjon på at denne diskusjonen vil verte krevjande.

Røynslene frå den ordinære sesjonen av Generalforsamlinga i haust, som for andre året på rad vart avslutta på overtid, aktualiserer spørsmålet om reform av arbeidsmetodane. I fleire år har det vore ei ad hoc-gruppe som har arbeidd med spørsmålet om revitalisering av Generalforsamlinga, men gruppa har ikkje kome nokon veg når det gjeld å føreslå betringar. Reform av arbeidsmetodane vert mykje drøfta i fleire av komiteane, særleg i 5. komité. Men det er eit behov for å gå kritisk gjennom arbeidsmetodane i alle komiteane, både når det gjeld organisering av debattane og resolusjonsforhandlingane, og med tanke på kor mange resolusjonar som vert handsama.

Eit grunnleggjande problem for Generalforsamlinga er at den rigide gruppedynamikken ofte står i vegen for konsensusløysingar. Dessverre ser vi ofte at ytterposisjonane vinn fram i G77/NAM, på kostnad av synspunkta til meir kompromissorienterte land. Russland spelar òg ei aktiv og sjølvhevdande rolle. Dei har vore kritiske til ei rekkje reformframlegg, mellom anna til den partnarskapseininga som det er gjort framlegg om, og tiltak for å gjere Tryggingsrådet meir ope. Saman med den knallharde innsparingslinja som mange vestlege land fører i 5. komité, medverkar dette til polarisering.

Noreg er ein aktiv støttespelar for høgnivåpanelet, som er skipa av FNs generalsekretær for å gå gjennom fredsoperasjonane til FN, det vil seie både dei fredsbevarande operasjonane og dei politiske operasjonane/oppdraga. Det er venta at Panelet vil leggje fram rapporten sin i mai 2015, medan rapporten frå Generalsekretæren om korleis tilrådingane frå Panelet kan følgjast opp, er venta å liggje føre før FNs 70. generalforsamling tek til. Det er ei hovudsak for Noreg at denne gjennomgangen må sjåast i samanheng med dei tilsvarande gjennomgangane av fredsbyggingsarkitekturen til FN og tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik.

2015 vert eit viktig år for FN. Evna blant medlemslanda i FN til å kome fram til konsensusløysingar vil verte testa på nytt. I året som kjem vil Noreg halde fram arbeidet for å fremje våre interesser, samstundes som vi i visse forum òg vil prøve å spele ei rolle som brubyggjar, med håp om at dei 193 medlemslanda i FN kan verte samde om korleis FN kan reformerast på ein slik måte at organisasjonen vert betre rusta til å møte utfordringane i framtida.