Meld. St. 44 (2016–2017)

Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

3 Tryggingsrådet

Konfliktane i Syria, Sør-Sudan, Burundi, Libya, Israel og Palestina prega dagsordenen til Tryggingsrådet òg hausten 2016. Tryggingsrådet var prega av eit kjøleg tilhøve mellom Russland og vestlege land. Trass i dette klarte Tryggingsrådet å semjast på viktige område, mellom anna om støtte til fredsprosessen i Colombia, tiltak mot internasjonal terrorisme og val av Guterres som ny generalsekretær.

Midtausten står sentralt på dagsordenen til Tryggingsrådet. Rådet møttest 50 gonger i konsultasjonar om Syria i 2016, det vil i praksis seie kvar veke. I desse møta fokuserte Rådet på den politiske og humanitære situasjonen i landet, og på prosessen i samband med fjerning av kjemiske våpen frå Syria. Tonen var uforsonleg mellom USA og Russland i mange av desse møta, men Rådet fekk vedteke to Syria-resolusjonar mot slutten av 2016. Den eine handla om å gje humanitære aktørar tilgang til naudlidande i Syria, og den andre handla om våpenkvila som kom på plass i nyttårshelga. Noreg var medframleggsstillar for begge resolusjonane.

Vest-Sahara-konflikten vart diskutert 18 gonger i dei lukka konsultasjonane i Rådet. Det vart halde 14 møte der fredsprosessen i Midtausten var temaet. Det var stor grad av semje om fredsprosessen i Tryggingsrådet, og mot slutten av året vedtok Rådet resolusjon 2334, som mellom anna fordømer israelske busetjingar, utan at USA la ned veto.

Menneskerettssituasjonen i Nord-Korea vart også i 2016 sett på dagsordenen både i Tryggingsrådet og i 3. komité. Noreg deltok aktivt i forhandlingane om og var medframleggsstillar til ein ny resolusjon om menneskerettssituasjonen i Nord-Korea, som vart vedteken 15. november 2016. Det var første gongen denne resolusjonen vart vedteken utan votering. Noreg heldt òg innlegg om situasjonen i Nord-Korea i interaktiv dialog med spesialrapportøren for Nord-Korea i 3. komité 27. oktober. Her understreka Noreg at vi er svært urolege over dei omfattande og systematiske menneskerettsovergrepa i landet, og at vi støttar FNs arbeid. Noreg oppmoda òg Nord-Korea til å følgje opp dei internasjonale forpliktingane sine i samarbeid med FN.

Etter at Tryggingsrådet samrøystes hadde vedteke ein FN-operasjon for verifikasjon og overvaking av fredsavtalen i Colombia i januar 2016, såg det ut til at Colombia skulle bli eit av dei viktigaste lyspunkta dette året. Men folkerøystinga i Colombia i oktober endra situasjonen og førte til eit brått stemningsskifte etter at eit fleirtal av folket forkasta fredsavtalen. Etter at ein ny avtale var på plass i november, kunne Tryggingsrådet likevel til slutt vedta eit tilleggsmandat som gjev FN-observatørane konkrete oppgåver i medhald av avtalen.

Den årlege opne debatten i Tryggingsrådet om kvinner, fred og tryggleik vart også i 2016 halden i oktober, denne gongen under russisk leiing. Frå Noreg deltok statssekretær Laila Bokhari. Ho heldt innlegg på vegner av dei fem nordiske landa, og la vekt på norsk og nordisk støtte til arbeidet med kvinner, fred og tryggleik, både heime og ute. Ho viste òg til at sjølv om det står att arbeid, er mykje oppnådd i dei siste åra, og nytta døme frå Colombia og Syria. Ho ønskte velkommen både den nye uformelle ekspertgruppa for kvinner, fred og tryggleik i Tryggingsrådet og nettverket for nasjonale kontaktpunkt for 1325-agendaen. I innlegget sitt viste ho òg til det nordiske meklarnettverket, og til innsatsen for å få fleire kvinner til å gjere teneste i dei fredsbevarande operasjonane til FN. Noreg støttar aktivt opp om arbeidet for å sikre ei best mogleg gjennomføring av resolusjonane om kvinner, fred og tryggleik. Kjønnsperspektivet skal inkluderast på ein tverrgåande måte i freds- og forsoningsarbeidet. Dei nordiske landa vil halde fram med å fremje kvinnene si rolle der det er diskusjonar om fred og tryggleik, og arbeide for kvinners deltaking i fredsmekling, fredsprosessar og fredsoperasjonar.

Det har vore halde fleire opne debattar om kampen mot terrorisme og valdeleg ekstremisme. Debattane har stort sett vore prega av eit verdssamfunn som står samla i kampen mot terror. Operative tiltak som har vore diskuterte, er grenseoverskridande samarbeid om etterforsking og påtale av terrorisme, utveksling av etterretning og ulike operative tiltak i samband med grense- og flypassasjerkontroll. Tiltak for å hindre finansiering av terrorisme, særleg av ISIL, har stått sentralt. Mange statar har òg streka under kor viktig det er å etterleve menneskerettane og dei grunnleggjande rettsstatsprinsippa i kampen mot terrorisme. Noreg har i tillegg streka under kor viktig det er å inkludere det sivile samfunnet, særleg ungdom og kvinner, som er katalysatorar i arbeidet med å førebyggje valdeleg ekstremisme og terrorisme.

Vern av barn i væpna konflikt vart framheva under den malaysiske presidentskapen i Tryggingsrådet i august 2016. Debattar i plenum har vore prega av tydeleg konsensus rundt mandatet til spesialrepresentanten og brei semje om sentrale spørsmål, mellom anna om respekt for folkeretten i væpna konflikt og vern av helse- og utdanningsinstitusjonar i konfliktsituasjonar. Fleire land var opptekne av utfordringar i samband med ikkje-statlege aktørar og rekruttering av barn. Noreg har teke del gjennom nordiske innlegg og som medlem av venegruppa for vern av barn i væpna konflikt. Andre møte om vern, og særleg om ansvaret for å verne (R2P), har òg vore haldne i Generalforsamlinga i 2016. Vernetematikken vert teken vidare i 2017, no med Sverige som president for Tryggingsrådet si arbeidsgruppe om barn i væpna konflikt. Etter at Sverige vart valt inn i Tryggingsrådet til FN i juni 2016, har Noreg halde felles nordiske innlegg i ei rekkje opne debattar i Tryggingsrådet.